BRANNTEKNISK VURDERING Prosjektnamn: Lambertseter Gård Dato: 08.11.12 Prosjektnummer: Oppdragsgjevar: Oslo kommune Sign.: Tiltakshavar: Oslo kommune Jorolv Rivedal Bakgrunn: HR Prosjekt AS er engasjert for å gjennomføre ein brannteknisk vurdering av Lambertseter gård. Dette notatet er ei brannteknisk vurdering av bygningen, og er basert på teikningar og befaring. a er basert på preaksepterte løysingar i TEK10, og vert gjennomført som ein kvalitativ vurdering. Underlag: Teikningar frå Rinnan Tveten datert 03.11.56 Teknisk forskrift (TEK10) og VTEK10 Befaring i bygget Samandrag: Sikkerheitsnivået i TEK vert fylgd dersom forhold påpeikt i denne rapporten vert fylgd. For å betre persontryggleiken frå 2. etasje i bygget må rømningsforholda utbetrast eller at bruken av etasjen endrast. Det må utarbeidast branntekniske teikningar og evakueringsplan av bygget. Vedlegg: Generell orientering Lambertseter gård er eit tidlegare våningshus som i dag vert brukt som forsamlingslokale. Lokala blir i all hovudsak leigd ut til lag og foreningar, samt til lukka private selskap. Brannvesenet har den 03.09.12 vedteke at bygningen er eit særskilt brannobjekt, jf brann- og eksplosjonsvernloven 13. Lambertseter gård er ein tømra bygning i to etasjar oppført i 1825, der kvart plan er på229m2. Det er i tillegg delvis utgraven kjellar og kaldtloft. Loftet er på ca 110m2. På grunn av at kjellar berre inneheld tilleggsdel (lager m.v.) og har himling mindre enn 1,5m over gjennomsnittleg terrengnivå rundt bygningen vert ikkje dette planet rekna som måleverdig plan, jf 6-1 Når det gjeld loftet så inneheld dette også berre tilleggsdel (lager m.v.), men sidan arealet utgjer meir enn 1/3 av underliggande etasjes bruksareal skal det reknast som måleverdig plan. Bygningen vert difor vurdert som ein tre etasjes bygning. Spesifikk brannenergi vert samla sett vurdert å ligge mellom 50-400 MJ/m2. Ved brannteknisk vurdering av eksisterande bygg skal ein legge til grunn at sikkerheitsnivået for eldre bygningar skal oppgraderast til same nivå som for nye bygningar så langt dette kan gjennomførast innanfor ein praktisk og økonomisk forsvarleg ramme, jf forskrift om brannførebyggande tiltak og tilsyn 2-1. side 1 av 6
11-2 OG 11-3 RISIKO- OG BRANNKLASSE Risikoklassar blir lagt til grunn for å bestemme nødvendige tiltak for å sikre rømming ved brann. Ut frå den konsekvens ein brann kan medføre for skade på liv, helse, samfunnsmessige interesser og miljø, blir byggverk plassert i brannklassar. Forsamlingslokaler skal plasserast i risikoklasse 5. Loft som vert nytta som lager kan plasserast i risikoklasse 2. Bygning med forsamlingslokale i tre etasjar i risikoklasse 5 skal plasserast i brannklasse 3. 11-4 BÆREEVNE OG STABILITET Byggverk skal bevare stabiliteten sin og bæreevne i minimum den tid som er nødvendig for å rømme og redde personar i og på byggverket. Bygningar i brannklasse skal ha hovud- og sekundærbæresystem med brannmotstand R90 (A90). Det kan ikkje dokumenterast nokon spesifikk brannmotstand for konstruksjonane. Normalt har tømra bygg betre brannmotstand enn tilsvarande bygg i reisverk. Bjelkelag fylt med leire har som regel også relativt god brannmotstand. I dette tilfellet tilfredstiller uansett ikkje konstruksjonane krava sidan R90-krav er ubrennbare konstruksjonar. Det er det at loftet vert rekna som måleverdig plan slik at det vert ein tre-etasjes bygning som gjer at kravet her vert såpass strengt etter dagens reglar. 11-6 TILTAK MOT BRANNSPREIING MELLOM BYGGVERK Byggverk skal ha minst 8 m avstand til anna byggverk, med mindre byggverket er utført slik at spreiing av brann blir hindra av brannvegg med tilfredstillande brannmotstand. Det er meir enn 8m til andre bygg. 11-7 BRANNSEKSJONAR Bygningar skal delast opp i brannseksjonar slik at brann innan ein seksjon ikkje gir urimeleg store økonomiske eller materielle tap. Ein brann skal, med pårekneleg sløkkeinnsats, kunne begrensast til den brannseksjonen der brannen starta. Det er ikkje krav om seksjonering av bygningen. side 2 av 6
11-8 BRANNCELLER Bygningar skal delast på hensiktsmessig måte i brannceller. Brannceller skal ha slik form og innreiing at rømming og slokking av brann kan skje på ein rask og effektiv måte. Brannceller skal vere slik utført at dei forhindrar spreiing av brann og branngassar til andre delar av brannseksjonen i den tid som er nødvendig for rømming og redning. Branncellekonstruksjon skal ha brannmotstand minst EI 60 [B 60] i brannklasse 2. Fylgjande rom skal vera eigne brannceller: - Trapperom (TR2) - Forsamlingslokale - Rømningsveg - Tekniske rom som betener fleire brannceller f.eks ventilasjonsrom, - Tekniske installasjonssjakter Slik bygningen framstår i dag er den ei stor branncelle med open forbindelse over alle plan. I flg. NBI 321.030 er det aktuelt å dele forsamlingslokaler inn i eigne brannceller når rom eller grupper av rom er over 120m2 eller er berekna for meir enn 150 personar. Persontalet i dette tilfellet kjem ikkje så høgt som 150 personar. Av denne grunn er det ikkje krav om oppdelinga av lokala i eigne brannceller. 11-9 MATERIALAR OG PRODUKT SINE EIGENSKAPAR VED BRANN Det skal veljast materialar og overflater som ikkje gir uakseptable bidrag til brannutviklinga. Det skal leggast vekt på tid til overtenning, varmeavgjeving, røykproduksjon og utvikling av giftige gassar. Overflater og kledninger Brannklasse 3 Overflater i brannceller som ikke er rømningsvei Overflater på vegger og i himling/tak i branncelle inntil 200 m 2 D-s2,d0 [In 2] Overflater på vegger og i himling/tak i branncelle over 200 m 2 B-s1,d0 [In 1] Overflater i sjakter og hulrom B-s1,d0 [In 1] Overflater i brannceller som er rømningsvei Overflater på vegger og i himling/tak B-s1,d0 [In 1] Overflater på golv D fl -s1 [G] Utvendige overflater Overflater på ytterkledning B-s3,d0 [Ut 1] Kledninger Kledning i branncelle inntil 200 m 2 som ikke er rømningsvei K 2 10 D-s2,d0 [K2] Kledning i branncelle over 200 m 2 som ikke er rømningsvei K 2 10 B-s1,d0 [K1] Kledning i branncelle som er rømningsvei K 2 10 A2-s1,d0 [K1-A] Kledning i sjakter og hulrom K 2 10 A2-s1,d0 [K1-A] side 3 av 6
Taktekking må tilfredsstille klasse BROOF(t2) [Ta]. For denne vurderinga har ein ikkje innhenta detaljopplysningar om byggematerialane som er blitt brukt, men det er nok relativt store avvik. Alle kledningar innvendig skulle m.a. vore gips eller anna kledning med tilsvarande brannmotstand. 11-12 TILTAK FOR Å PÅVIRKE RØMMINGS- OG REDNINGSTIDER Byggverk skal utformast og utførast for rask og sikker rømming. Den tida som er tilgjengeleg for rømming, skal vere større enn den tida som er nødvendig for rømming frå byggverket. Byggverk i risikoklasse 5 skal ha heildekkande brannalarmanlegg. Byggverk i risikoklasse 5 skal også ha evakueringsplan. Branntekniske installasjonar som har betydning for rømningsog sløkkeinnsats skal vere tydeleg merka. Bygningen er nylig utstyrt med heildekkande brannalarmanlegg. Anlegget har ikkje direkte varsling til brannvesenet. Det er krav om at brannalarmanlegg må ha alarmoverføring til nødalarmeringssentral, vaktselskap eller til stad i byggverk med personell som har ansvar for å iverksetja aksjon. Sidan bygningen er ubemanna på m.a. nattestid legg ein til grunn at det er krav om alarmoverføring for dette anlegget. 11-13 UTGANG FRÅ BRANNCELLE Frå branncelle skal det være minst ein utgang til sikker stad eller til rømmingsveg som har to alternative rømmingsretningar som fører vidare til ulike rømmingsveier eller sikre stader. Utgangane skal vera hensiktsmessig fordelt i lokalet. For dimensjonering leggast det til grunn fri breidde i rømningsveg på 1cm pr person. Maksimal lengde på fluktveg er 30m. 1. etasje er i all hovudsak uproblematisk i forhold til rømming sidan det er mulighet for å rømme direkte ut til terreng via fleire dører. Sidan det er utgang direkte til sikker stad er det nok med ein rømningsveg, f.eks hovudinngang. Utgangen har dobbel dør. For å sikre at sidefeltet til døra enkelt kan opnast må det utstyrast med innretning for eitt- greps opning. Frå 2. etasje av bygget er det rømningsmulighet via to interntrapper. Interntrapp kan godkjennast som ein rømningsveg når det i tillegg er tilrettelagt for rømming til sikker stad eller rømningsveg (lukka trapperom). Dette er ikkje i tilfelle i bygningen i dag. Dei to interntrappene ligg så tett, og dør mellom dei har ingen brannklasse, slik at dei i praksis ikkje er uavhengige av kvarandre. Det er stor sjanse for at dør mellom trappene i ein normal brukssituasjon står i open stilling. Sjansen er difor stor for at begge trappene i ein brannsituasjon svært raskt vert fylt med røyk, og dermed er ubrukelege som rømningsveg. Dette forholdet trugar persontryggleiken til dei som oppheld seg i 2. etasje av bygget. 2. etasje av bygget bør ikkje nyttast til forsamlingslokale før forholdet er utbetra. side 4 av 6
11-14 RØMNINGSVEG Rømningsveg skal på oversiktleg og lettfatteleg måte føre til sikker stad. Rømningsveg skal ha tilstrekkeleg høgde og breidde og vera utført som eigen branncelle. Minstekravet til fri breidde i rømningsveg i risikoklasse 5 er 1,2m. I risikoklasse 2 og 3 kan fri breidde på rømningsveg vera 90 cm. Hovudtrapp opp har fri breidde på 1,12m. Avviket på 8cm er så lite at det bør kunne aksepterast. Dette også sidan persontalet er relativt lågt. Sekundærtrappa er smalare, og truleg ikkje meir enn 0,9m i fri breidde. 11-16 TILRETTELEGGING FOR MANUELL SLØKKING Det er krav om brannslangar for bygg i risikoklasse 3 og 5 med plassering og antal som dekker bygningane, og som kan nyttast for effektiv sløkkeinnsats i startfasen til brannen. Bygget ser ut til å vera godt dekka med sløkkeutstyr. Bygningen er godt dekka både med brannslange og sløkkeapparat. 11-17 TILRETTELEGGING FOR REDNINGS- OG SLØKKEMANNSKAP Alle byggverk skal plasserast og utformast slik at rednings- og sløkkemannskap, med nødvendig utstyr, har brukbar tilgjengelegheit til og i byggverket for rednings- og sløkkearbeid. Holrom og sjakter må vera tilgjengelige for inspeksjon Det må vera brannkum innanfor 25-50m frå inngangen til hovudangrepsveg for brannvesenet. Sløkkevasskapasiteten må vera minst 50l/s, fordelt på minst to uttak. Opne vasskjelder må ha kapasitet for minst 1 times tapping. Bygningen er tilgjengeleg frå alle fasadar. Bygningen ligg tett opptil eit skuleområde, og i denne rapporten legg ein til grunn at det er brannvassuttak frå kommunalt nett i området. Ein vil også tilføye at når det er manglar ved branncelleindeling og rømningsvegar så kan det gå ut over brannvesenet sine muligheiter til å utføre effektiv sløkking og redning. Rømningsvegar vil som regel vera brannvesenet sin angrepsveg ved sløkking og redning. ANDRE FORHOLD Avfallsdunkar i plast er plassert ca 2m frå yttervegg. Avfallsdunkar har vist så å vera ein ynda plass for eldpåsetjing. I flg temarettleiar TV 001 frå Norsk brannvernforening blir det anbefalt at denne typen dunkar plasserast minst 6m frå bygningen. Dei bør også vera låste/fastmonterte slik at dei ikkje kan trillast bort til veggen. side 5 av 6
Piper og eldstadar er ikkje spesielt kontrollert i denne samanheng. Det vart observert at plate under omn i 2. etasje stikk for kort ut på golvet. Plate skal stikke minst 30cm ut framom omnen. TEK angir minstekrava til brannsikring. Ein ser ikkje vekk i frå at dersom eigaren hadde gjennomført ein risikoanalyse av bygget ville ein koma fram til at ein ynskjer ytterlegare sikring. Alderen på bygget tilseier at det utgjer uerstattelege verdiar. Den beste måten å sikre eit bygg på er normalt å utstyre bygget med automatiske sløkkeanlegg (sprinkler). FORSLAG TIL TILTAK Det mest bekymringsverdige som er avdekka i denne rapporten gjeld rømningsforholda frå 2. etasje av bygget. For bygget er det også eit vesentleg avvik i kravet til bærekonstruksjonar. Å eventuelt skulle oppgradere bygningen til dagens krav vil vera eit så omfattande tiltak at om det var mulig å få til, uansett ville bli definert som så kostbart at kravet om oppgradering til dagen forskrift ikkje ville vera aktuell, jf forskrift om brannforebyggande tiltak og tilsyn 2-1. Slik HR prosjekt ser det vil det primære i dette tilfelle vera og ivareta persontryggleiken i bygget Ein ser fylgjande mogelege løysingar for å utbetre forholda: - Utbetre rømningsforholda ved å installere ei utvendig trapp, for eksempel i gavlfasaden mot skuleområdet. Trappa må sikrast mot eventuell strålevarme frå glas i 1. etasje ved at det enten må vera 5m til glas eller at glas får branncellebegrensande funksjon. - Lage eit lukka trapperom av f.eks hovudtrapp (eigen branncelle) i tillegg til interntrapp - Endre bruken av 2. etasje. Val av risikoklasse skal skje ut i frå tabell 1 i 11-2. Eit av kriteria for val av risikoklasse er om brukarane av bygningen kjenner rømningsvegane (er kjende i bygget) og om dei er i stand til å bringe seg sjølv i sikkerheit. Dersom svaret på dette er ja, kan bruken av etasjen definerast som risikoklasse 3. I risikoklasse 3 kan glas som er tilrettelagt for sikker rømming f.eks med utfellbar stige nyttast som rømningsveg. Ei slik vurdering betingar at etasjen er avlåst når det pågår selskap i 1. etasje, og at 2. etasje berre vert nytta til faste arrangement (f.eks lag og organisasjonar). KONKLUSJON Lambertseter gård vil vera i samsvar med sikkerheitsnivået i TEK 10 når forhold påpeikt i denne rapporten vert fylgd. For å betre persontryggleiken i bygget må rømningsforholda i 2. etasje utbetrast eller at bruken endrast. Inntil forholdet er endra bør ikkje 2. etasje nyttast til forsamlingslokale. Det må utarbeidast branntekniske teikningar og evakueringsplan for bygget. side 6 av 6