STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF DATO: 10.2.2016 SAKSHANDSAMAR: Trond Søreide SAKA GJELD: Hovudaktivitetar/leveransar frå prosjekta og programma i 2016 STYRESAK: 19/16 O STYREMØTE: 24.2.2016 FORSLAG TIL VEDTAK Styret tek saka til orientering.
Oppsummering Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, gjennomfører til ei kvar tid fleire store og krevjande prosjekt. Svært mykje av utviklingsarbeidet i sjukehuset blir organisert som prosjekt. Stor prosjektaktivitet har synleggjort behov for sterkare koordinering, fokus på heilskaplege leveransar og ivaretaking av kontinuitet i langvarige prosjekt. Leiinga innførte difor programstyring hausten 2013 for å styrke styringa av prosjekta som går på tvers av klinikkar/avdelingar i sjukehuset. Det er lagt opp til ei stegvis utvikling og innføring av programstyringa. Programstyringa er gitt namnet Strategisk prosjekt - og programstyring, det vil seie at utvalde program og prosjekt blir følgde særskilt opp av føretaksleiinga. I eit program blir relaterte prosjekt samla under felles overordna mål, og dei blir leia på ein koordinert måte for å nå nytteeffektar og styring som ikkje hadde vore mogeleg om prosjekta blei styrte enkeltvis. Styret blir i denne saka orientert om programma og prosjekta som leiinga følgjer særskilt opp, måla som er sett for dei, og kva fo hovudaktiviteter og leveransar prosjekta har i 2016. Fakta 1. Program BUS Overordna mål for program BUS (Barne- og ungdomssjukehuset) er at barn, unge, fødande og deira familier skal oppleve eit heilskapleg, tilpassa og samanhengande spesialisthelsetenestetilbod, frå før fødselen, gjennom sped og småbarnsalder, i ungdomsåra og fram til ung vaksenalder. Programstyreleiar for BUS er administrerande direktør Eivind Hansen. Programmet består av fleire prosjekt som gjennom leveransane sine skal bidra til at det overordna målet blir nådd og at nytteeffektane kan hentast ut. Pr. februar 2016 ligg følgjande prosjekt i program BUS: o Byggeprosjekt BUS1 o Organisasjonsprosjekt BUS1 o Energisenteret for Barn og unge o Byggeprosjekt Marie Joys hus o Forprosjekt BUS 2 o Prosjekt Ungdomsmedisin Det blir og planlagt å gjennomføre eit nytt prosjekt i programmet ila 2016: Prosjekt barnekirurgisk sengepost. Prosjektet skal gje innstilling om ei eventuell flytting av barnekirurgisk sengepost frå sentralblokka til Marie Joys hus, der og Barneklinikken vil vere lokalisert frå 2016 og fram til innflytting i Barne- og ungdomssjukehuset i 2022/2023. 2
I 2016 vil og organisasjonen bli førebudd på eit nytt prosjekt som startar opp i 2017. Prosjektet skal avklare organisatoriske spørsmål knytt til andre byggetrinn og samanhengane/heilsakapen for einingane i første og andre byggtrinn i det nye Barne- og ungdomssjukehuset. Dei andre prosjekta i program BUS har følgjande leveransar i 2016: 3
2. Prosjekt Mottaksklinikken Prosjekt Mottaksklinikken består av to delprosjekt: Funksjons- og organisasjonsutviklingsprosjektet og byggeprosjektet. Prosjekta skal etablere Mottaksklinikken der det overordna målet er å sikre rask og presis diagnostikk og nødvendig akuttbehandling. Pasientane skal diagnostiserast av personale med rett kompetanse med tilgang til eigna diagnostisk utstyr. Leiar for styringsgruppa er personal- og organisasjonsdirektør Trond Søreide. Prosjekt Mottaksklinikken har følgjande hovudleveransar i 2016: 4
3. Program for administrasjon og leiarstøtte Program for administrasjon og leiarstøtte skal bidra til at føretaket brukar minst mogeleg ressursar innanfor det administrative området jamfør det pasientnære arbeidet. Programstyreleiar er økonomi- og finansdirektør Kristin Pundsnes. Programmet har fleire prosjekt: o Elektroniske personalmapper o Gevinstrealisering Personalportalen o Merida risikohandtering o Styringsinformasjon verktøy og prosess o Grensesnitt HBE/Innkjøpsforetak o LIBRA lokal organisering HBE Dei viktigaste leveransane frå prosjekta i programmet i 2016 er: 5
4. Program poliklinikk Program for poliklinikk skal bidra til at sjukehuset sine tilbod av dag- og poliklinisk behandling sikrar befolkninga gode brukarerfaringar, korte ventetider og tilgang til fagleg gode og trygge helsetenester innanfor fastsette fristar. Programmet skal leggje til rette for ei aktiv pasientrolle, god samhandling med kommunehelsetenesta, effektiv bruk av ressursane som sjukehuset har, og eit godt arbeids- og fagmiljø. Programmet er samansett av dei lokale innføringsprosjekta i Alle møter i tillegg til prosjekt Ny poliklinikk og dagbehandling. Programstyreleiar er fagdirektør Alf Henrik Andreassen. Følgjande hovudleveransar kjem frå desse prosjekta i 2016: 6
5. Etikk og kommunikasjonsprogrammet Etikk og kommunikasjonsprogrammet har som overordna mål å sørgje for at pasientar og pårørande alltid blir møtt med respekt, tryggheit og kvalitet. Dei same verdiane skal prege samhandlinga mellom dei tilsette i føretaket. Det er mange prosjekt i programmet som skal sikre dette: o Klinisk etikk o Klinisk kommunikasjon o Visuell utforming av pasientareal o Likeverdige helsetjenester Programstyreleiar er fagdirektør Alf Henrik Andreassen. Det er høg aktivitet i programmet og dette kan ein sjå igjen i kva for leveransar som er planlagt i 2016: 7
6. IKT-program som sjukehusleiinga følgjer opp Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har oppretta eit programstyre for IKT. Programstyreleiar er direktør for medisinsk avdeling Lars Birger Nesje. Programstyret er lokal styringsgruppe for dei store, lokale innføringsprosjekta i den regionale IKT-porteføljen. For tida gjeld dette Elektronisk Kurve- og legemiddelhandsaming (KULE), Digitalt mediearkiv (DMA) og ny versjon av den elektroniske pasientjournalen (DIPS Arena). Programstyret for IKT skal: o Sikre at innføringsprosjekta leverer på tid, kost og kvalitet o Sikre prosjektressursar til prosjekta o Sikre forankring og at linja gjer dei nødvendige endringane som må til for å oppnå nytteeffektane frå prosjekta Dei tre innføringsprosjekta er under re-planlegging for tida. Leveransane i 2016 er pr. februar dirfor ikkje heilt avklart. Oversikta under viser kva som er avklart pr. no: 8
Kommentarer Det er høg prosjektaktivitet i sjukehuset. Mange av prosjekta har leveransar i 2016 som vil krevje vesentleg innsats for å skape dei ønska endringane, og dette gjeld mange av dei same einingane. I tillegg skal sjukehuset i løpet av året inn i eit omfattande arbeid for å peike ut strategisk retning dei neste fire åra, og kva konsekvensar dette har for arealutviklinga. Det utfordrar organisasjonen å gje alle initiativa, prosjekta og programma tilstrekkelig merksemd i form av både ressursar og nødvendig endringsarbeid. Programorganiseringa gjer oss betre i stand til å koordinere innsatsen. Konklusjon Prosjektaktiviteten er betydeleg i 2016, og det er utfordrande å gje alle initiativa, prosjekta og programma tilstrekkelig merksemd i form av både ressursar og endringsleiing. Føretaksleiinga har innført strategisk prosjekt- og programstyring for å ivareta behovet for sterkare koordinering, fokus på heilskaplege leveransar og ivaretaking av kontinuitet i langvarige prosjekt. 9