Drift av beitelag - organisert beitebruk Søknad i Altinn Beitelagsleiar skal sende inn søknaden på vegne av heile beitelaget. Det er derfor viktig at beitelagsleiaren har denne retten i Altinn. Om beitelagsleiaren er ny, må den tidlegare leiaren gje retten til den nye leiaren. Dette vert gjort i Altinn. I Om skjema (oppe til høgre i søknadsskjemaet) står informasjon om korleis ein går fram for dette. Søknadsfrist 15. nov
Dette er fyrste side i OBBskjemaet. Informasjon om leiar er automatisk fylt inn. Søknaden vert handsama i den kommunen der leiar har sin adresse. 1) Fyll inn telefonnummer og e- postadresse 2) Trykk Neste>> for å gå videre til neste side
På denne siden må beitelagsleiar leggje til alle føretak som høyrer til beitelaget. 1) Trykk Legg til 2) Skriv inn orgnr, navn på føretak og legg til kommune og beiteområde. 3) Ev deaktiver eit medlem dersom dei ikkje er aktive i år. 4) Ein kan og fjerne dersom det er lagt inn feil. Det må vere minst to aktive medlemmar for at søknaden skal godkjennast. Ein kan trykkje på spørsmålsteikn for å få meir informasjon undervegs. 5) Trykk Neste>> for å gå vidare til neste side Organisasjonsnummer Har beitelaget medlemmar som ikkje har organisasjonsnummer? Ta kontakt med fylkesmannen for registrering av desse.
På denne siden skal du berre krysse «Ja» viss det er gjort endringar i beitelagsområdet. (større eller mindre beiteområde m.m.?) Dette er berre til informasjon til kommunen slik at dei kan følgje opp at dette vert endra i beitelagskartet hjå Skog og landskap.
På denne siden skal beitelaget føre opp tilsynet i dagsverk per veke 1) Fyll ut tal tilsynsdagar per veke 2) Sett inn dato for beiteslepp og dato for hovudsanking 3) Trykk Neste>> for å gå vidare til neste side
På denne siden legg du inn informasjon om sleppte og sanka dyr per medlem. (Manglar du eitt medlem kan dette rettast ved å gå attende til arket «Medlemmar») 1) Fyll inn tal sleppte og sanka for kvart føretak 2) Tal dyr med ekstra tilsyn gjeld berre i fylke der det er aktuelt med tilskot til dette, ikkje Hordaland. NB: Du får automatiske advarsler: - om tal sleppte lam er større enn 2,5 ganger sleppte sauer - om tal sanka er veldig lågt i høve til tal sleppte. Dette er for å hindre inntastingsfeil. Om tala er rette, kan du ignorere advarslane og sende inn søknaden likevel. 3) Trykk Neste>> for å gå vidare til neste side
På denne siden kan beitelaget skrive ein kommentar til søknaden. I Hordaland ber vi om en rapport frå beitelaget som inneheldt info om årets beitesesong: - Opplegg for tilsyn og sanking - Tap og førebyggjing - Ymse tiltak i laget - Rovdyrobservasjonar? Skriv direkte her ELLER legg inn rapport frå laget som vedlegg Skriv rapporten direkte her eller legg den inn som vedlegg i Oversikt skjema og vedlegg (fanen øverst til venstre). Sjå forklaring på neste side! 1) Skriv inn eventuell kommentar 2) Trykk Neste>> for å gå vidare til neste side
Her er vi inne på siden for å laste opp vedlegg. Last opp vedlegget ved å trykkje «Browse» og finn fila på din datamaskin. Trykk på Hovudskjema (fanen øverst) for å komme attende til søknadsskjemaet.
På siden Samandrag får du sjå alle opplysningane i skjemaet, sjå over! Er noko feil? -trykk direkte i menyen til venstre for å gå til sida der endringar skal gjerast - evt trykk «Forrige» for å bla bakover 1) Sjekk at opplysningane er korrekte 2) Trykk på Kontroller skjema (nede til høgre)
Boksen viser at skjemaet er kontrollert og utan feil. Søknaden er no klar for innsending. 1) Trykk lukk dersom det ikkje er feil i skjemaet 2) Dersom det er feil, vil det stå i boksen. Trykk på dei raude tekstene for å gå direkte til sida med feil. 1) Rett feilen og trykk på Kontroller skjema på nytt 3) Trykk på Vidare til innsending (nede til høgre)
Søknaden er klar for innsending. 1) Trykk på Send inn
Denne sida er ei kvittering på at søknaden er sendt inn. Her kan du skrive ut søknaden.
Mitt landbruksføretak I Altinn er det ei eiga side som heiter Mitt landbruksføretak. Denne finn du på framsida i Altinn. Her kan føretaket sjå grunnopplysningar, kontonummer som tilskuddet vil bli utbetalt til, samt status på søknaden. 1) Er grunnopplysningane feil (generell informasjon), må dette rettast i Einingsregisteret 2) Er kontonummer feil, trykkjer du på Endre kontonummer og fyller inn nye opplysninger der. Endring av kontonummer kan gjerast seinast 3 uker før utbetaling. 3) Status på søknader syner: 1) Om søknaden er mottatt 2) Om søknaden er under handsaming 3) Utførte vedtak på søknaden. Kva vedtak som er gjort (godkjent, avslag, avslått) er ikkje synleg, ettersom informasjon om dette vert gjeve i tilskotsbrev, ev avslagsbrev.