Vekeplan 8. trinn Veke 1-2 LÆRINGSMÅL DENNE PERIODEN: Fag: Norsk/ Samfunnsfag føremål. Læra om samansett tekst: Reportasje, forskjellige typar, kjenneteikn og Læra om intervju: Forskjellige typar, sjangertrekk og føremål. Planleggja og gjennomføra intervju. Planleggja og laga ein reportasje på ipaden i grupper. Tema: Læra fakta om kva utfordringar eit valt land har med omsyn til miljø/klima. Engelsk Fortelja nokre fakta om ein by i eit engelsktalande land. Uttrykka deg munnleg med ein del presisjon, flyt og samanheng. Beskriva og tolka grafiske representasjoner av tal og andre data. Matematikk Kunna konstruera vinklar på 60 og 90 og halvera desse. Kunna konstruera ulike vinklar med utgangspunkt i 60 og/eller 90. Kunna konstruera ulike trekantar ut frå ein gitt hjelpefigur. Kunna teikna hjelpefigur, konstruera og skrive forklaring til ein konstruksjon. KRLE Forklara kva det vil seia å vera muslim. Beskriva dei ulike hovudretningane i islam (sunni og sjia-islam). Naturfag Beskriva universet og ulike teoriar for korleis det har utvikla seg. Undersøkja eit emne frå utforskinga av verdsromet. Kunna fortelja om viktige periodar og hendingar i astronomi- og romfartshistoria fram til månelandingane. Spansk Kunna namn på familiemedlemmer på spansk. Kunna telja frå 1-100 på spansk. Tysk Kunna uttrykja klokka Kunna talane frå 21-100 Kunna snakka om kvardagslige aktivitetar på tysk Fransk Læra vekedagane. Læra klokka. Læra litt om den franske skulen. Eng fordj Kombinera bilete og stikkord i høvet til å produsera hjelpemiddel til presentasjon. Munnleg presentera fakta og eigne tankar om personleg hending eller historisk person. Arbeidslivsfag Definera og følgja etiske retningslinjer knytta til arbeidsoppdrag. Følgja gjeldande reglar for helse, miljø og sikkerheit. Dokumentera og presentera eige arbeid ved hjelp av digitalt verktøy. K & H Laga smykke i tinn. Laga bag med logo. Kroppsøving Gym: Bruka minimum 5 av 7 turneliment i eigen komponert serie. Sym: Effektiv crawl og rygg (8C, 8D og 8E har symjing veke 1). Fotball Delta i øvingar i forsvarspel som utfordrar både fysiske og koordinative ferdigheitar. Gjera sitt beste, samhandla med og oppmuntre medelevar.
Aktivitet og helse Produksjon av varer og ten. Møta i 8B sitt klasserom veke 1. Samtale kring fysisk aktivitet. Sykla til Jærhagen veke 2. Lære skøyteteknikk (førebu utstyr). Planleggja, produsera, marknadsføra og tilby ei vare til ei definert målgruppe. Setja opp eit enkelt budsjett og ein enkel rekneskap for arbeidet. Koding Gjera reie for korleis datamaskiner og program fungerer, inkludert eit utval utbreidde programmeringsspråk og deira bruksområde. Gjera om problem til konkrete delproblem, vurdera kva for delproblem som lar seg løysa digitalt og utforma løysingar for desse. Me startar med tekstbasert programmering. Informasjon Ferdigstilla dreiebok og gjera filmopptak. PRØVAR, INNLEVERINGAR OG FRAMFØRINGAR Norsk og samfunnsfag Munnleg/digital reportasje Engelsk fordjupning Munnleg presentasjon av historisk hending eller person Innlevering fredag v.2 Munnleg evaluering av prosjekt v.3 Munnleg presentasjon i v.1 eller v.2 Naturfag Munnleg presentasjon Veke 1 og veke 2 (nokre få i veke 3). INFORMASJON Godt nytt år! Me håpar at alle har hatt ei fin jul og er klar for siste halvår på 8. trinn. 1. termin går fram til 20. januar, og elevane vil få med seg heim karakterutskrift fredag 27. januar. Før dette skal alle elevane ha ein fagsamtale med læraren i kvart fag. Denne kan vera munnleg eller skriftleg. Dersom lærarane gjer skriftleg tilbakemelding, finn de denne i Visma. Dersom dei har ho munnleg, skal dei notera ned datoen for samtalen i Visma. No er det berre føresette som har tilgang til VISMA. Elevane skal få tilgang ganske snart. Me har fått tilbakemelding om at alle ikkje kjem inn i Visma. For å koma inn der må de gå inn på heimesida vår. Der trykkjer de på VISMA FLYT SKOLE. Då kjem de til innloggingssida. Her må de velja ID-porten, deretter loggar de dykk inn med bankid eller minid. Dersom du arbeider ved ein av skulane i Time, loggar du deg inn med FEIDE. Dersom du har prøvd dette og framleis ikkje kjem inn, sender du ein mail til gry.berntsenime.kommune.no, så hjelper ho deg.
HEIMEARBEID VEKE 1 Norsk og samfunnsfag 1. Faglærar gjev beskjed om kor langt de skal ha kome i gruppearbeidet. Engelsk 1. Dei neste to vekene skal me jobba med gruppearbeidet "The trip". Saman med gruppa di skal du laga ein tur til ein by i eit engelskspråkleg land og framføra dette munnleg i veke 3. Du vil få vurdering med karakter. Leksa di dei to neste vekene er å gjera din del av gruppearbeidet heime slik a du er klar og førebudd til framføring i veke 3. Matematikk Alle: Finn to tekstoppgåver du hadde feil på på prøven før jul. Retta dei og lever på showbie innan fredag 06.01 ALLE MÅ HA MED PASSAR OG LINJAL TIL TIMANE! Blå: Rekna desse oppgåvene og lever på showbie innan fredag: 4.101, 4.107, 4.108, 4.109, 4-110. Grøn: Rekna desse oppgåvene og lever på showbie innan fredag: 4.203, 4.207, 4.208, 4.209, 4.211. Raud: Rekna desse oppgåvene og lever på showbie innan fredag: 4.302, 4.305, 4.306. Samfunnsfag 1. Arbeid vidare med gruppearbeid norsk/samfunn. Innlevering fredag 13.01. 2. Arbeid vidare med gruppearbeid norsk/samfunn. Innlevering fredag 13.01. KRLE 1. Bruk BISON-lesestrategi på sidene 71-83. Sjå filmen: https://www.nrk.no/skole/?page=search&q=islam&mediaid=14809 Naturfag 1. Førebu deg til den munnlege presentasjonen du skal ha med ein medelev i veke 1 eller 2. Hugs at manus til presentasjonen skal leverast til naturfagslæraren din før du har framføringa. Spansk 1. Les side 22 minst tre gonger. Skiv ned og lær deg nye ord. Øv på glosetest til fredag i veke 2, https://quizlet.com/178255562/amigosuno-cap-5-flash-cards/?new Tysk 1. Lær tallane frå 21-100. 2. Lær tallane frå 21-100. Gjer oppgåve "Vor dem Lesen" på s.82. Bruk klokkeslettane frå teksten. Fransk 1. Gjera ferdig presentasjon om historisk hending eller person. Eng fordj 1. Førebu deg til munnleg presentasjon til fredagen dersom du har avtale med lærar om å ha presentasjon då. Bryne ungdomsskule
HEIMEARBEID VEKE 2 Norsk og 1. Ferdigstilling og innlevering av reportasjen fredag v.2. samfunnsfag Engelsk 1. Jobb med din del av gruppearbeidet "The trip" heime. Hugs at du skal vera klar til framføring i veke 3. Du får vurdering med karakter. Alle: All lekse skal leverast på showbie. HA MED PASSAR OG LINJAL TIL TIMANE! Matematikk Blå: Konstruer ein vinkel på 60 og 90. Gjer oppgåvene 4.111, 4.112. Grøn: Konstruer ein vinkel på 30, 45, 60 og 90. Gjer oppgåvene 4.212, 4.213. Raud: Konstruer ein vinkel på 22,5 30, 60, 67.5 og 90. Gjer oppgåve 4.308. Samfunnsfag 1. Sjå norsk. KRLE 1. Skriv nøkkelord frå s. 72-76 i Horisontar. 2. Svar på spm. 1-6 s. 79 Naturfag 1. Førebu deg til den munnlege presentasjonen du skal ha med ein medelev i veke 1 eller 2. Hugs at manus til presentasjonen skal leverast til naturfagslæraren før du har framføringa. Spansk 1. Gjer oppg. A, B og C s. 24,25 i ejercicio. Øv på gloser i lenka under, test på torsdag i veke 3 https://quizlet.com/178255941/amigos-uno-cap-5-uke-2-flashcards/?new Tysk 1. Repeter om korleis ein uttrykjar klokka på tysk (s.102). Skriv minst 3 setningar der du brukar de ulike klokkeslettane. 2. Repeter om korleis en uttrykjer klokka på tysk (s.102). Skriv minst 3 setningar der du brukar de ulike klokkeslettane.gå inn på lenkja og jobb med lytteoppgåva: http://www.schubertverlag.de/aufgaben/uebungen_a1/a1_kap1_hoeren2.htm Fransk 1. Repetera s. 76 og klokka, Les og set om s. 77. Gjer oppg. 18 og 19 s. 85. Eng fordj 1. Førebu deg til å ha munnleg presentasjon av den historiske hendinga eller personen til torsdag v.2. Bryne ungdomsskule