VA normer og abonnementsvilkår Ein gjennomgang
Innhald Skal snakke litt om bakgrunnen for bruk av VA norm. Deretter sjå på ein konkret døme frå ÅLAV kommunane utarbeidd no i 2008 Abonnementvilkår formål og utforming.
Definisjonar VA norm Gjeld for anlegg kommunen byggjer ut i eigen regi Gjeld og for anlegg bygd ut i privat regi for deretter å bli overteke av kommunen Abonnementvilkår(sanitærvilkår leveringsvilkår mv) Gjeld for anlegg som blir bygd ut i privat regi og skal forbli i privat eige, men som er fysisk kopla saman med kommunalt anlegg
Grunnlag for VA norm VA norm VA norma representerer eit sett med preaksepterte løysingar for korleis VA anlegg skal utformast. Andre løysingar er og moglege men desse må i så fall godkjennast av kommunen/va ansvarleg Grunnlaget for denne kravspesifikasjonen også for anlegg bygd ut av private, er det framtidige eigarrådveldet over anlegga. Dette gir kommunen heimel til å setje krav til anlegga utan at dette er nedfelt i lov og forskrift.
Utforming av VA norma Fleire moglegheitar Eigendefinerte krav for korleis anlegga skal utformast. Fleire større bykommunar har gjerne tjukke permar med materiale for å få med spesifikke detaljar om dei ulike anleggsdelane. Svært krevjande å vedlikehalde. Alternativt Norsk Vann har utarbeidd ein mal for VA norma. I denne er det gjort bruk av VA miljøblada i stor utstrekning. Fordelen med dette systemet er at revisjonen av norma blir langt mindre omfangsrik og enklare å gjennomføre. VA norma for ÅLAV kommunane byggjer på dette prinsippet. Den ferdige norma blir og lagt ut på nettet.
Felles VA norm Kvifor felles VA norm for fleire kommunar Fagleg utviklande/lærerikt å utvikle/fastsetje kravspesifikasjonar i fellesskap med andre kommunar Ein fordel av entreprenørar/utbyggarar møter dei same krava i fleire kommunar Vil kunne gje ein fagleg betre VA norm ved at fleire kommunar har vore med å kvalitetssikra krava.
Felles VA norm for ÅLAV kommunane Har blitt utarbeidd hausten 2008 Både ingeniørar og driftspersonell deltok på fellesmøta for dei 4 kommunane Dei aller fleste krava er like for alle 4 kommunane, men på nokre punkt er det skilnader Har vore eit mål å gjere norma mest mogleg kort og presis Norma blir lagt ut på internett om kort tid og vil elles kunne tilsendast andre kommunar gratis etter nærare avtale.
Kapittelinndeling 1. Heimelsdokumenter (aktuelle lover og forskrifter) 2. Funksjonskrav- overordna funksjonskrav 3. Prosjektdokumentasjon 4. Grøfter og ledningsutførelser 5. Transportsystem vannforsyning 6. Transportsystem spillvann 7. Transportsystem - overvann
Døme frå kap 3 3.7 Grøftetverrsnitt Mal Norsk vann Skal vise geometrisk utforming av grøften, ledningenes innbyrdes plassering, krav til ledningsfundamentering, sidefylling, beskyttelseslag og tilbakefyllingsmasser. Lokale bestemmelser Avstand til kablar skal synast. Det skal vere minimum 1 m frå yttarste røyrvegg til kabelgrøft. Det blir elles synt til standardteikning i vedlegg A3. Bruk av mindre avstand skal godkjennast særskilt av VA ansvarleg i kommunen. I slike tilfelle skal det opprettast eigen avtale mellom utbyggar og kommune der eventuelle meirkostnader for drift og vedlikehald blir tillagt kabeleigar.
Døme frå kap 4 4.1 Fleksible rør - Krav til grøfteutførelse Bestemmelsar frå Norsk vann mal VA/Miljø-bladnr. 5, Grøfteutførelse fleksible rør og NS 3420 gjelder for grøfter med fleksible rør, dvs. rør av PVC-U, PE, PP, GRP og tynnveggede stålrør. Lokale bestemmelser Fundament og omfyllingsmasse skal vere i fraksjonen 8-16 mm. Massane skal vere sjølvkomprimerande.
Døme frå kap 5 5.1 Valg av ledningsmateriale VA/Miljø-blad nr. 30, Valg av rørmateriell, skal være veiledende for valg. Egnede dimensjoner, pris, hensyntil lagerholdog reparasjonsrutinermå også vurderes. Kontakt kommunens VA-ansvarligfor merinformasjon. Lokale bestemmelser Aurland kommune: Heilsveiste plastleidningar av materialkvalitet PE 100 skal nyttast i heile kommunen For kommunane Lærdal og Årdal gjeld følgjande: Duktilt støypejern kan nyttast i sentrum Elles i kommunen skal det nyttast leidningar med materialkvalitet PE - 100 Vik kommune Både duktilt støypejern, PVC og PE er aktuelle materialkvalitetar. Endeleg val skal avklarast med kommunen.
Døme frå kap 5 Lokale bestemmelser VA miljøblad nr 1 skal danne utgangspunktet for utforming av ventilarrangement. Det skal nyttast ventilar frå Hawle eller av tilsvarande kvalitet. Både ventil T og ventil kryss blir tillete brukt. Mellomringar skal monterast på alle leidningar inn og ut av kummen. Kummane skal tilretteleggjastfor pluggkøyring. Brannhydrantar skal monterast på kum ved strategiske viktige punkt. Dette gjeld m.a. ved skule, eldresenter, industribygg, sjukehus og elles der kommunen finn det føremålstenleg. Kummar skal ha diameter på minimum 1.6 meter og vere i samsvar med malteikning A7
Døme frå kap 6 Følgjande strategi skal liggje til grunn ved val av leidningsmateriell. For Lærdal, Vik og Årdal gjeld følgjande: PVC-U lite trafikk, maks djupne 5 meter og diameter 315 mm PE for anlegg under vatn, område ved høg grunnvasstand og kryssingar i varerøyr For Aurland gjeld følgjande: PP lite trafikk, maks djupne 5 meter og maksimal diameter 315 mm PE for anlegg under vatn, område ved høg grunnvasstand og kryssingar i varerøyr I område med mykje trafikk, djupne meir enn 5 meter eller diameter større enn 315 mm skal materialval avklarast med VA ansvarleg i kommunen
Døme frå kap 6 Nedstigingskumskal normalt brukast i knekkpunkt og større forgreiningspunkt. Diameter på kummen skal vere minst 1400 mm. Ved bruk av minikummar skal diameteren vere minimum 400 mm. Alle nedstigingskummer djupare enn 1,5 meter skal ha stige. Kumstiganeskal vere av aluminium eller tilsvarande korrosjonsbestandig materiale. Kummer djupare enn 4 meter skal ha mellomdekke.
Abonnementsvilkår November 2008 har KS gitt ut følgjande: 1. Standard Abonnementvilkår administrative vilkår 2. Tekniske bestemmelser Erstattar Normal reglement for sanitæranlegg
Abonnementsvilkår (2) Formål: Å fastsetje leveringsreglar og vilkår på VA sektoren som kommunen stiller for tilknyting og bruk av desse tenestene. Grunnlaget er eigarskapet til det offentlege vass-og avløpsnettet. Å stille krav til aktørane slik at dei private anlegga som blir tilknytt kommunen sitt nett blir utført på ein tilfredsstillande måte med omsyn til funksjonstryggleik, og anlegg-og utstyrskvalitet.
Abonnementsvilkår (3) Viktige moment i desse dokumenta er: Avklaring av grensesnitt mellom kommunalt og privat leidningsanlegg Rettar og pliktar for både kommune og abonnent Gir m.a. kommunen heimel til å krev tiltak på privat anlegg som ikkje held mål Reglar for bygging nær offentleg vass- og avløpsanlegg m.a. avstand frå garasje
Abonnementsvilkår (4) Vegen vidare : Dei administrative bestemmelsane kan fritt lastast ned frå heimesida til Kommunenes sentralforbund(ks). Dette betyr at endringar kan gjerast, slik at dei passar inn for alle kommunar. Eg vil sterkt tilrå at alle kommunane vedtek dei nye Abonnementsvilkåra frå KS enten dette skjer direkte eller med nødvendige justeringar av dei administrative bestemmelsane.