Forskrift om bustøtte



Like dokumenter
Bustønad Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

Vedtak om å krevje tilbake feil utbetalt bustøtte

Bustønad. Ei stønadsordning for pensjonistar og barnefamiliar

Vi vurderer å kreve tilbake bostøtte

Bustøtte for desember 2016 søknaden din er innvilga

Vedtak om å kreve tilbake feil utbetalt bostøtte

Vedtak om å kreve tilbake feil utbetalt bostøtte

Forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap)

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

En støtteordning for deg med høye boutgifter og lav inntekt

Finansiering av heisprosjekt. Husbankens finansieringsordningar v/ Sigbjørn Spurkeland, rådgjevar i Husbanken

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Skattekommune. Fødselsdato/ D-nr, Telefon Privat Arbeid. Sambuar. Einsleg forsørgjar. Namnet på barnet Fødselsdato Namnet på barnet Fødselsdato.

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

SØKNAD OM UTANRETTSLEG GJELDSORDNING

Oppgradering av eksisterende boligmasse. Husbankens økonomiske verkemidlar v/ Sigbjørn Spurkeland, Husbanken vest

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Betalingsreduksjon i foreldrebetaling BARNEHAGANE I SVEIO

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Sjekkliste. Lønnsslipp Kontoutskrift Husleigekontrakt Registrert på nav.no Samværsavtale

Terminer: Månedlig Søknadsfrist: Den 14. i hver måned Utbetaling: Ca. den 10. i måneden etter

FINANSFORVALTNINGA I 2011

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Månedsstatistikk for bostøtte. Juli 2016

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

MØTEBOK Tysnes kommune

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

St.prp. nr. 11. Ei styrkt bustøtte ( ) Kap. 580

FOR nr 1497: Forskrift om statstilskott etter AFP-tilskottsloven kapittel 4

Renter og avdrag. Innhald. Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3. Serie- eller annuitetslån 3. Avdragsfri periode og nedbetalingsperiode 4

Veileder i regelverk for bostøtte

Forbrukerrådets husleiekontrakt

Høyringsnotat forslag til endringar i forskrift om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettar 2017

Lovvedtak 28. ( ) (Første gangs behandling av lovvedtak) Innst. 106 L ( ), jf. Prop. 11 L ( )

SKATTEINNTEKTER 12/ K-

Forskrift om tilskot til avløysing

Reglement for godtgjersle for kommunale ombod i Aukra kommune

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Lov om endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover

Bostøtte. v/anne Berit Kvaal

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Lov om endringar i folketrygdlova mv.

Hva blir skatten for inntektsåret 2011?

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

SØKNAD OM KOMMUNAL BUSTAD

INNHOLD. LOV nr 21: Lov om film og videogram.

Retningsliner for tilskot til kulturbygg i Sogn og Fjordane. 1. Vilkår for tilskotsordninga fastsett av Kulturdepartementet:

Kunngjering av 21. desember 2007 om satsane for trekkpliktige naturalytingar i 2008 er teke inn som vedlegg.

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Søknad om bustadtilskot

HORDALANDD. Utarbeidd av

Tillegg 1 til Kodeoversikt for lønns- og trekkoppgåver. Tillegg til 9. utgåve Gjeld frå og med inntektsåret 2006 og inntil ny oversikt er fastsett

Retningslinjer for. Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland

AUSTRHEIM KOMMUNE KOMMUNALE BETALINGSSATSAR, AVGIFTER OG GEBYR REGULATIV FOR Satsane gjeld frå

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

Verja skal bruke skjemaet når det skal søkjast om godtgjering og dekning av nødvendige utgifter knytte til utøvinga av verjeoppdraget.

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL KULTURARBEID I GOL KOMMUNE.

Bostøtte for desember 2016 søknaden din er innvilget

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Transkript:

Forskrift om bustøtte DATO: FOR-2012-11-29-1283 DEPARTEMENT: KRD (Kommunal- og regionaldepartementet) PUBLISERT: I 2012 hefte 14 s 2412 IKRAFTTREDELSE: 2013-01-01 ENDRER: FOR-2009-06-19-699 GJELDER FOR: Norge HJEMMEL: LOV-2012-08-24-64- 6, LOV-2012-08-24-64- 7, LOV-2012-08-24-64- 8, LOV-2012-08-24-64- 10, LOV-2012-08-24-64- 14 KUNNGJORT: 2012-12-20 kl. 14.50 RETTET: JOURNALNR: 2012-1106 KORTTITTEL: Forskrift om bustøtte INNHOLD Forskrift om bustøtte 1. Utrekning av bustøtte 2. Utrekning av godkjente buutgifter 3. Øvre grense for buutgifter 4. Utgangspunktet for fastsetting av eigendelen 5. Opplysningar om inntekta og formuen til husstanden 6. Formue som blir lagt til inntekt 7. Omrekning av inntekt etter talet på personar i husstanden 8. Inntektsperiode 9. Søknaden 10. Opplysningar om husstanden og bustaden 11. Opplysingsplikt om endringar 12. Utlevering av opplysningar 13. Utbetaling 14. Rett til å krevje for mykje utbetalt bustøtte tilbake 15. Rett til motrekning 16. Ikraftsetjing 17. Overgangsordningar Forskrift om bustøtte Heimel: Fastsett av Kommunal- og regionaldepartementet 29. november 2012 med heimel i lov 24. august 2012 nr. 64 om bustøtte (bustøttelova) 6, 7, 8, 10 og 14. 1. Utrekning av bustøtte Utbetalt bustøtte er 70 prosent av differansen mellom godkjente buutgifter etter 2 og 3 og ein eigendel etter 4, 5, 6, 7 og 8. For dei som bur i utleigebustader som kommunen disponerer til

sosiale føremål, er bustøtta 80 prosent av differansen. 2. Utrekning av godkjente buutgifter Ved utrekning av godkjente buutgifter inngår: a) Husleige for leigde bustader b) Felleskostnader og utgifter til renter, avdrag og gebyr på lån til finansiering av bustaden for bustader i burettslag, eigarseksjonssameige, aksjeleilegheiter og obligasjonsleilegheiter c) For andre bustader er godkjente buutgifter 1. driftsutgifter med kr 12 000 per år 2. utgifter til renter, avdrag og gebyr på lån til finansiering av bustaden 3. utgifter til kommunale avgifter som er fastsett på grunnlag av innhenta opplysningar om gjennomsnittet frå kvar kommune 4. eigedomsskatt 5. festeavgift. d) For alders-, uføre- og etterlattepensjonistar som ikkje betalar for oppvarming gjennom husleige eller fellesutgifter, inngår i tillegg utgifter til oppvarming med kr 6 000 per år. 3. Øvre grense for buutgifter Årlege buutgifter som ligg innanfor følgjande øvre grenser (buutgiftstak) går inn i utrekninga: a) kr 61 000 i ein husstand med ein person b) kr 65 500 i ein husstand med to personar c) kr 70 000 i ein husstand med tre personar d) kr 74 500 i ein husstand med fire personar e) kr 79 000 i ein husstand med fem personar eller fleire. I nokre kommunar er den øvre grensa for årlege buutgifter høgare enn i resten av landet. Grensa er: a) kr 22 000 høgare i Oslo b) kr 15 000 høgare i Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger og Bærum c) kr 10 000 høgare i Kristiansand, Skedsmo, Frogn, Lørenskog, Oppegård, Asker, Nesodden, Sola og Sandnes. Har husstanden særskilt høge buutgifter fordi nokon i husstanden er funksjonshemma og har behov for ein spesialtilpassa bustad, kan den øvre grensa for buutgiftene aukast med kr 3 000 per år. 4. Utgangspunktet for fastsetting av eigendelen Eigendelen som blir trekt i frå buutgiftene, jf. 1, blir bestemt av den omrekna inntekta, jf. 7. Minste eigendel er kr 17 800 per år for alle. For husstandar med ei omrekna inntekt over kr 90 000 blir 17 prosent av den omrekna inntekta som overstig kr 90 000 lagt til eigendelen. Eit progressivt ledd blir lagt til eigendelen for omrekna inntekter over kr 156 000. Det er 0,3 prosent av ei omrekna inntekt på kr 156 001. Satsen aukar deretter med 0,3 prosentpoeng for kvar kr 1 000 den omrekna inntekta aukar.

Inntektsgrensa i tredje ledd er kr 193 000 for husstandar som har eit medlem som har varig uførepensjon eller yrkesskadepensjon, jf. lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd kapitla 12 og 13, og som i tillegg er ung ufør, jf. 3-21 i loven. 5. Opplysningar om inntekta og formuen til husstanden Inntekta og formuen til alle i husstanden blir lagt til grunn ved fastsetting av den omrekna inntekta som er grunnlaget for utrekninga av eigendelen, jf. 4. Inntekta som blir nytta er det høgste beløpet av personinntekt (grunnlaget for trygdeavgift til folketrygda) og allmenn inntekt (arbeids-, kapital- og næringsinntekter, med dei frådrag som følgjer av skattereglane) med tillegg av eit beløp som svarar til minstefrådraget i skattelikninga. Skattefrie leigeinntekter skal reknast som inntekt. Barn under 18 år kan ha ei inntekt på kr 30 000 per år utan at ho blir teke med i grunnlaget for bustøtte. All inntekt og formue i eller frå utlandet, som ikkje går fram av likninga, blir rekna med brutto beløp i norske kroner. 6. Formue som blir lagt til inntekt Til inntekta blir det lagt 16 prosent av netto formuen til husstanden, med fråtrekk for eit fribeløp. Fribeløpet er kr 250 000 for husstandar i leigde bustadar. For andre husstandar er fribeløpet likningsverdien av eigen bustad inntil kr 500 000. 7. Omrekning av inntekt etter talet på personar i husstanden Det blir fastset ei omrekna inntekt som blir nytta ved utrekninga av eigendel, jf. 4. Inntekta til husstanden, medrekna tillegg for formue, blir dividert med ei vekt etter kor stor husstanden er. Vekta til husstanden kjem fram ved å summere dei einskilde vektene til personane i husstanden. Første person i husstanden har vekta 1,0 og kvar einskild av dei andre personane har ei vekt på 0,1. 8. Inntektsperiode Inntektsopplysningar frå sist tilgjengelege skattelikning blir nytta i utrekninga, jf. 5. Eit overslag over omrekna inntekt i det kalenderåret, der perioden det er søkt om bustøtte for inngår, skal likevel nyttast dersom overslaget for den omrekna inntekta er meir enn kr 50 000 over den øvre grensa for å få bustøtte. Retten til bustøtte fell då bort. Dersom forventa inntekt for den perioden det blir søkt om bustøtte for ligg 10 prosent under det som følgjer av den siste likninga, kan eit overslag for omrekna inntekt i perioden bli lagt til grunn for utrekninga av bustøtte. 9. Søknaden Ein søknad om bustøtte skal setjast fram på søknadsskjema og innan fristen Husbanken har fastsett. Ufullstendige søknader blir rekna som om dei ikkje er komne innan søknadsfristen. Blir søknaden retta innan éin månad etter søknadsfristen, blir han likevel rekna som komen innan fristen. 10. Opplysningar om husstanden og bustaden Den første i kvar månad er utgangspunktet for alle opplysningar om husstanden og bustaden ved utrekninga av bustøtte for denne månaden.

Både dei som faktisk bur i bustaden og dei som er registrerte i folkeregisteret som busette på adressa, blir rekna med i husstanden. Det kan i særlege høve gjevast fritak frå kravet om registrering som busett i bustaden. 11. Opplysingsplikt om endringar Søkjaren skal gje opplysningar til kommunen om endra forhold som søkjaren forstår eller bør forstå har verknad for utrekning og utbetaling av bustøtte. 12. Utlevering av opplysningar Teieplikta etter forvaltningslova hindrar ikkje Husbanken og kommunane i å gje ut opplysningar frå bustøtteregisteret og bustøttesøknadene til a) NAV, likningskontor og andre kommunale instansar som i sakshandsaminga si treng opplysningar om dei som får bustøtte og kor mykje bustøtte dei får b) revisjon eller anna form for kontroll av verksemda til Husbanken og kommunane. 13. Utbetaling Bustøtte blir utbetalt på etterskot rundt den tiande i kvar månad. Minste utbetaling er kr 300 per månad. Husbanken betaler bustøtte direkte til søkjaren. Utbetalinga skal skje direkte til kommunen dersom søkjaren og kommunen har inngått avtale om det, jf. lov om bustøtte 9. 14. Rett til å krevje for mykje utbetalt bustøtte tilbake Dersom etterkontroll syner at husstanden har hatt ei omrekna inntekt i kalenderåret, som er kr 100 000 over den øvre inntektsgrensa som gjev rett til bustøtte, kan støtta for heile året krevjast tilbake utan omsyn til skuld. Krav under kr 10 000 skal likevel ikkje betalast tilbake. 15. Rett til motrekning Bustøtte kan bli nytta til motrekning av eit krav som Husbanken har på tilbakebetaling av feil utbetalt bustøtte. 16. Ikraftsetjing Forskrifta blir sett i kraft 1. januar 2013. Frå same tidspunkt blir forskrift 19. juni 2009 nr. 699 om bustøtte oppheva. 17. Overgangsordningar Krava til bustad i bustøttelova 5 bokstav b og c gjeld ikkje for mottakarar som fekk bustøtte for same bustad i juni 2009. Mottakarar som fekk bustøtte i juni 2009 skal ikkje få mindre utbetalt etter omlegginga som følgje av endra reglar for bustøtte eller som følgje av auka trygder og pensjonar i 2008. 13 om minste utbetaling skal likevel gjelde. For andre enn unge uføre, jf. 4 siste ledd, blir overgangsordninga trappa ned med 20 prosentpoeng kvart år over fem år. Overgangsordningane gjeld mellom anna ikkje dersom bustøttemottakaren flyttar, husstanden endrar

seg eller som følgje av anna inntektsauke enn endringar i trygder eller pensjonar eller nedgang i buutgifter. Dokumentet er hentet fra Norsk Lovtidend og er ikke ajourført med eventuelle endringer.