Program Sauda Høgre

Like dokumenter
EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Politisk program for Jølster KrF

framtida. På lag med Tysvær Venstre

ETNE VENSTRE

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Program for Masfjorden Venstre

Kommunedelplan for oppvekst

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Ål Venstre. Ål Venstre

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Til veljarane i Tysnes

Sogndal Arbeidarparti. Valprogram

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Hemsedal KRF Program

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Program for. Årdal Venstre

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Program for. Sykkylven Venstre

folk først Britt Giske Andersen andrekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Olbjørn Kvernberg tredjekandidat for Pål Farstad førstekandidat for

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

Partiprogram Fusa Høgre

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

Frivilligpolitisk plattform

Program for. Seljord Venstre

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Pedagogisk plattform

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Regionreform status. Trond Nerdal fylkesrådmann. Fellesmøte 28. september

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Kommunevalprogram

Valle Høgre

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Frivilligpolitisk plattform

Program OSTERØY HØGRE

Kommunereforma - eit val mellom to alternativ

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Program for Austevoll Venstre

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Bjerkreim Venstre PARTIPROGRAM For eit grønare. Bjerkreim.

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Kommunedelplan for oppvekst

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1

? Foto: Simen Soltvedt?

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Plan for rettleiing av nyutdanna pedagogar i barnehage

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Eit trygt og godt lokalsamfunn

Satsingar for 2015 for barnhage og opplæring -

Valprogram Sel SV

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit?

INTERNASJONAL STRATEGI

HANDLINGSPLAN FYRSTE HALVÅR 2013 OMSTILLINGSPROGRAMMET I LÆRDAL OG ÅRDAL

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Programmet til Jølster Arbeidarparti byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om FRIDOM LIKEVERD SOLIDARITET

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Program NAUSTDAL HØGRE

kommunevalprogram for nesset venstre i perioden Venstre setter deg og dine behov i sentrum. Sammen bygger vi Nesset.

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

Innovasjonsmetoden vår

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Korleis kan kommunane rundt Setesdalsheiane rigge seg best på næringsutvikling Heiplankonferansen Setesdalsheiane 5-6. juni 2019

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Vågsøy Arbeidarparti Program

[Skriv her] Program Hjartdal SP HEILE HJARTDAL. sp.no/hjartdal. sp.no/hjartdal

NAV-kontora i Sogn og Fjordane. - vegen vidare

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Ekskursjon til Stryn kommune besøk på to oppvekstsenter

Tilrettelegging av nærings- og byggjeareal er avgjerdande for å oppnå vekst.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

Trygg og framtidsretta

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Utkast til program Meland Høgre 2015

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

Transkript:

Program 2015-2019 Sauda Høgre SAUDA

Kjære saudabuar! Foto: Melings Om ikkje lenge er det kommuneval igjen. Då håpar eg du nyttar høvet til å vera med og bestemma kven som skal styra Sauda dei kommande fire åra. Naturleg nok håpar eg mest på at du legg Høgre si liste i valurna 14. september. Me er klare til å gjera ein skikkeleg innsats til beste for Sauda! Høgre bygger sin politikk på ideen om å gi enkeltmennesket fridom og mulegheiter, samstundes som me alle har eit ansvar for fellesskapet. Me er opptatt av å finna nye løysingar der dei gamle løysingane ikkje verkar lenger, og ta vare på og vidareutvikla det som fungerer. «Forandra for å bevara» er eit kjent omgrep i Høgres politikk. Høgre ønsker å vera eit ansvarleg parti. Me vil vita konsekvensane av vedtaka me er med på å fatta. Me vil kunna stå for vala våre neste dag, neste veke og neste år. God styring handlar mykje om å ha tilstrekkeleg kunnskap før vedtak blir fatta. Det er Høgre-politikk! Dei fleste av oss opplever Sauda som ein trygg og god stad å leva. Sauda Høgre vil arbeida hardt for at det skal vera slik i åra framover òg. Saudabuen sa klart i frå om at dei opplevde tryggleiken som svekka dersom legevakta blei flytta til Ølen. Dette var ein av grunnane til at Sauda Høgre tidleg valde å gå inn for å behalda legevakta i Sauda. Me er òg opptatt av at Sauda skal ha god politibrann- og ambulanseberedskap. Kommunen si viktigaste oppgåve er å gi innbyggarane sine gode tenester. Ein føresetnad for å få til det, er at ein har ein god og ordna økonomi. Til liks med mange andre i kommune-noreg, slit Sauda i dag med å få endane til å møtast; dette trass i gode inntekter frå krafta som blir produsert i kommunen. Me i Høgre er tydelege på at det må ei kursendring til i kommuneøkonomien dersom me skal klara å gi innbyggarane i Sauda dei tenestene dei fortener i åra framover. I Sauda Høgre sitt valprogram for dei neste fire åra finn du ingen løfter om store og kostbare prosjekt. Me ønsker å prioritera å ta vare på det me alt har, og vil avgrensa investeringane dei næraste åra til i hovudsak å gjelda vedlikehald og nødvendig opprusting. Utanom dette vil me og vera positive til å bruka pengar på investeringar med god avkastning, som til dømes satsing på vassboren varme i sentrum og sentrumsnære område. I den kommande fireårsperioden vil det skje store endringar med kommune-noreg. Me i Høgre er glade for at Sauda kommune greier ut ulike alternativ med grannekommunane. Me har så langt ikkje tatt noko standpunkt i spørsmålet om eventuelle kommunesamanslåingar. Med meg på Høgre-laget har eg elleve engasjerte personar med høge ambisjonar om å bidra til å gjera Sauda til ein endå betre stad å bu og leva. Me er klare, dersom veljarane vil! Det er ei tid for alt. No er det tid for eit politisk skifte. Godt val! Knut Atle Seim ordførarkandidat Sauda Høgre

Skule og barnehage Høgre sitt mål er at Noreg skal ha verdas beste skule. Alle barn skal få høve til å utvikla evnene sine. For å få til dette, vil Høgre satsa på læraren! Regjeringa si satsing på eit utdanningsløft er eit rett steg å gå. Sauda Høgre meiner vidare at læraren si arbeidstidsordning i hovudsak må bestå som i dag. Eit trygt og fagleg godt tilbod i barnehagen er grunnleggande for barna sitt utdanningsløp. Spesielt viktig er arbeidet med tidleg innsats i høve til samspels- og lærevanskar. Det er gledeleg at Sauda innan kort tid igjen vil ha full barnehagedekning, slik at alle barn kan få tilbod om barnehageplass. Vidareføring av satsinga på realfag og teknologi gjennom program som «First Lego League», «Ungt entreprenørskap» og «Unge forskere». Gode ordningar for etter- og vidareutdanning for leiarar, pedagogar, fagarbeidarar og assistentar i skule, skulefritidsordning og barnehage. Tettare tverrfagleg samarbeid med andre einingar for å få til eit best muleg tilbod til den einskilde elev. Fokus på skuleleiing, klasseleiing, struktur, disiplin, orden og god folkeskikk og vidareføring av satsinga på MOT og verdiane MOT står for.»» At skulefritidsordninga (SFO) skal vera ein god og trygg stad å vera som styrkar elevane si sosiale utvikling og uformelle læring og bidrar til fysisk aktivitet og gode matvanar. To hovudopptak i barnehagane og rullerande opptak når den nye barnehagen står ferdig. Sterkt fokus på trygge barnehage- og skulevegar og bygging av fleire gang- og sykkelvegar. Gode overgangar mellom barnehage/barneskular/ungdomsskule og vidaregåande skule. Ein skulestruktur der ressursane i størst mulig grad blir nytta til å styrka innhaldet i skulen. Å gi elevar med særskilte behov alternative opplæringsarenaer. At elevar og foreldre på alle trinn skal få tydelige tilbakemeldingar i høve til elevens faglege og sosiale utvikling.

Kultur, idrett og friluftsliv Gjennom sin formidable innsats bidrar alle frivillige lag og organisasjonar sterkt til å gjera Sauda til ein attraktiv stad å bu og vera. Høgre meiner Sauda kommune skal vera ein aktiv samarbeidspartnar og støttespelar for dei frivillige. Helse og omsorg Eit godt helsetilbod er grunnleggande for at ein skal kjenna seg trygg i eit lokalsamfunn. Sauda Høgre vil arbeida for eit godt og breitt helsetilbod for alle aldersgrupper. Engasjerte og motiverte tilsette er vår viktigaste ressurs for å lukkast i dette arbeidet. Å vidareutvikla ei lokal legevaktordning i tråd med nasjonale krav. Å ta i bruk ny teknologi for å gi eit betre omsorgstilbod og større tryggleik til fleire. Framleis å tilby variert og næringsrik mat tillaga lokalt til alle i kommunale omsorgsbustader og institusjonar. Styrking av skulehelsetenesta og barne-og familieteamet med særleg fokus på dei unge si psykiske helse. Gode arbeidsforhold for kommunalt tilsette og opning for forsøk med alternative turnusordningar der dei tilsette ønsker det. Etablering av ei kommunal tilskotsordning for anlegg for idrett og kultur. Ei heilskapleg utvikling av Arena Sauda (Saudahallen-Stadionområdet). Tilrettelegging for varierte friluftsopplevingar året rundt. Vidareføring av ein god kulturskule med eit breitt tilbod. At Sauda kommune skal vera ein aktiv støttespelar i prosessen med å utvikla ein god og berekraftig driftsmodell for Sauda Folkets Hus AS. Ei god barnevernsteneste.

Næringsutvikling Sauda treng fleire arbeidsplassar, særleg i privat sektor. Dette er ei av dei viktigaste brikkene som må falla på plass dersom me skal kunna nå målet om folketalsauke. Sauda har ein stor jobb føre seg for å gjera kommunen meir attraktiv for etablering av nye arbeidsplassar. Dette viktige arbeidet er ikkje noko kommunen kan klara på eiga hand, men noko kommune, næringsliv, lag og organisasjonar og alle saudabuar må bidra til! Kontinuerleg innsats for å gjera Sauda meir attraktiv som bu- og arbeidsstad. Samferdsle Geografisk sett ligg Sauda slik til at me er svært avhengige av gode samferdsleårer inn til og ut av kommunen. Tunell mellom Sauda og Etne vil gi oss som bur her tilgang på ein større buog arbeidsmarknad og dermed gjera Sauda meir attraktiv å bu i, den vil gi potensielle hyttebyggarar kortare veg til Sauda og den vil gjera vegen til nye kundar kortare for næringslivet i Sauda. Realisering av tunell Etne-Sauda og omlegging av RV13 via Sandsfjord bru gjennom Sauda til E134 i Etne gjennom tunellen. Betre kollektivsamband Sauda Stavanger. Opprusting av vegane ut til utfartsområda i dalføra rundt Sauda. At heile lokalsamfunnet drar i same retning for å gjera Sauda til ein meir attraktiv stad for ny-etablerarar, initiert av Sauda Vekst og i samarbeid med omstillingsstyret, Sauda Bedriftskapital og andre aktuelle samarbeidspartnarar. Å vidareutvikla reiseliv som næring. Flytting av fleire statlege arbeidsplasser til Sauda. Vidareutvikling av Sauda som næringsvennleg kommune. Konstruktive samarbeid mellom offentlege instansar og interesserte utbyggarar av hytte- og bustadfelt. At landbruket får høve til å ta i bruk dei ressursane dei har til rådvelde, slik at verksemda kan drivast effektivt og bærekraftig. At dyrka og dyrkbar mark blir sikra for framtidig matproduksjon gjennom eit strengt jordvern. Ei heilskapleg arealforvaltning.

Forvaltning Sauda kommune forvaltar eit årleg budsjett på nær ein halv milliard kroner. Dette er midlar som skal nyttast til beste for heile Sauda både på kort og lang sikt. I løpet av den neste fireårsperioden skal lokalsamfunnet ta stilling til om me skal slå oss saman med ein eller fleire av våre nabokommunar. Sauda Høgre ser positivt på at ein no er i gang med å greia ut fordeler og ulemper med ei kommunesamanslåing, men har så langt ikkje tatt noko standpunkt i spørsmålet om me skal gå inn for ei samanslåing eller ikkje. Ei forsvarleg forvalting av kommuneøkonomien og reduksjon av kommunens lån. Sauda Høgre sine kandidatar ved kommunevalet 2015 1. Knut Atle Seim (kumulert) 2. Katrine Skorpe 3. Sjur Hatlen 4. Karina Fiveland Systematisk arbeid med vedlikehald av kommunale bygg og vegar. Satsing på fjernvarme til framtidig oppvarming av kommunale bygg. 5. Dagfinn Birkeland 6. Rune Bratås 7. Håvard Lunde 8. Bjarte Lygre 9. Solfrid Seim Nilsen 10. Ellen Tangeraas 11. Gunnar Trettenes 12. Elin Øverland

Nettside: www.sauda.hoyre.no https://www.facebook.com/saudahoyre Sauda Høgre v/ leiar Knut Atle Seim Rødsmoen 62 4200 Sauda knutatleseim@haugnett.no Tlf. 908 73 918