MØTEBOK SAMNANGER SOKNERÅD /KYRKJESTYRE Torsdag 2. juni 2016 Desse møtte: Frå soknerådet: Varamedlem u. stemmerett: Kommunal representant: Skrivar: Forfall: Leiar Hilde Aarvik, nestleiar Anlaug Røen Hauge, Anne- Kjersti Steinsvoll, Inger Odland, Jostein Loe, Alfred Bruvik og sokneprest David Vogel Åshild Aa. Haga, Ingen Kyrkjeverje Britt Haukanes Ingen Møtestad/tid: Haga kyrkje kl.19.00 21.30 Me las ikkje noko nytt kapittel frå handboka til dette møtet. Rådet vart oppmoda om å lesa «menighetsrådets oppgaver», 9 i kyrkjelova s. 169 og repetera kap. 5 s.77-80 om soknerådet sitt planarbeid. Sakliste Sak 30/16 KS Sak 31/16 KS Sak 32/16 SR Sak 33/16 SR Sak 34/16 SR Sak 35/16 KS GODKJENNING AV INNKALLING OG MØTEBOK MELDINGAR OG RÅDET SITT KVARTER AGENDA 1 KURS HANDLINGSPLAN (utsett sak 27 frå førre møte) Plan for undervisning, smågrupper, godleiksfestival og foreldrekurs FRIVILLEGSENTRAL I KYRKJA KYRKJELYDSPLANLEGGING VEDLIKEHALD ÅDLAND KYRKJE (Lagt fram på møtet)
Sak 30/16 KS GODKJENNING AV INNKALLING OG MØTEBOK Det har kome til ei sak som gjeld vedlikehald på kyrkja på Ådland, som vert gjeve sak nr. 35 Vedlegg: Møtebok for 28. april Vedtak: Innkalling til møtet 2.juni og møtebok for 28. april vart godkjende. Sak 35 om vedlikehald, skal leggjast til saklista. Sak 31/16 KS MELDINGAR OG RÅDET SITT KVARTER Presten sine meldingar Bibel-maraton i Fusa i høve bibelselskapet sitt 200-årsjubileum neste helg. Heile nytestamentet vert lese på eit døger av ulike lag, organisasjonar og grupper. Det vert lese på 13 språk i den internasjonale timen, og t.d. fleire politiske parti har sin time. Det heile vert avslutta med ein stor bibelfest laurdagen. 17.mai i kyrkja på Haga hadde bra oppslutnad med over 40 deltakarar, sjølv om det var kl. 10 og første gongen i denne kyrkja. Det var ei fin oppleving og start på dagen. Når det gjeld arrangementet ved minnesteinen, melder 17.mai.kommiteen i Nordbygda til kyrkjeverja at deltakinga var lågare enn vanleg. Dette treng ikkje berre knytast opp mot gudstenesta, då 17.mai-arrangementet på Gjerde ikkje var ferdig då arrangementet ved kyrkja starta. Presten har hatt møte med Rune Espelid som er leiar i misjonsforsamlinga. Det var greitt å verta kjende, og presten kjem til å ta del på arrangement i bedehuset, samstundes som det også er ein del bedehusfolk som tek del i kyrkja. Han minnar om at det er viktig å jobba saman me har same tru og det er eit vitnesbyrd i bygda at me kan gjera ting saman. Utval for kyrkjeliv har hatt møte, med to nye medlemer: Inge Aasgard og Fred Morten Ervik. Dei diskuterte ma. kunngjeringar og forbøn i gudstenesta. Utvalet ynskjer å få inn lokale forbønsemne som skulane, barnehagane og Samnangerheimen, og at arrangement som skal vera i veka som kjem kan takast med i bøna. Arrangement som er opne for alle, skal framleis koma i «invitasjonen» i slutten på gudstenesta. Dei ynskjer også å ha «minning av døde» inn i forbøna på Ådland ein gong i månaden. Då vert dei som er gravlagde sidan sist månad, lese opp. Det vert tent lys og bede for dei pårørande. Kyrkjeverja sine meldingar Handlingsliste Vedlegg 31 a Handlingsliste (Same som utsend) Postjournal Vedlegg 31 B. Postjournal (Vert lagt fram på møtet) Kyrkjelydshelg. Wallemtunet er bestilt til 2. helga i februar. (10.-12. febr.) Vedlikehaldsutvalet har hatt synfaring på begge kyrkjene. Kjem attende til saker her frå i budsjett-samanheng. Ein del mindre vedlikehald vert sett i verk i sommar. Meldingar og spørsmål frå rådet Soknerådsleiaren har snakka med den nye flyktninge-konsulenten, Finn Ove Frøynes. Kyrkja vil gjerne vera til hjelp, om det er trong for noko. (Det same har kyrkjeverja formidla til han tidlegare.) Dei første 3-4 flyktningane kjem i juni, og resten i august. Anne Kjersti Steinsvoll er med i diakoniutvalet, og dei har alt lufta saka der. Dei vil koma attende til saka på møtet i august, då det uansett ikkje er så lett å få organisert så mykje i ferietida. Det kan vera aktuelt med fadderordning og praktisk hjelp.
Sak 32/16 SR AGENDA 1 KURS HANDLINGSPLAN (utsett sak 27 frå førre møte) Plan for undervisning, smågrupper, godleiksfestival og foreldrekurs 6 stk frå soknerådet har teke del i «Agenda 1» -kurs. Dei har laga ein handlingsplan, med nokre ting dei ynskjer å få gjort. (Sjå vedl) Planen vart lagt fram for soknerådet til evt. vedtak.i sak 27. den 28. april, men saka vart utsett. Kyrkjeverja har endra framlegget til vedtak ut frå det som vart sagt på møtet den 28. I etterkant har ein del av Agenda1-gruppa samlast og drøfta handlingsplanen. Dei gjer framlegg om å gjera vedtak om at Agenda1-gruppa skal arbeida vidare med sakene. Når det gjeld foreldrekurset, har Gullborg Aasgaard alt starta opp eit prøveprosjekt i Eikedalen. Ho vart kjend med opplegget på eit kurs i regi av Alpha-Norge. Det er eit opplegg for foreldre til born opp til 11 år. (Finst også eit eige kurs for foreldre til eldre born.) Kursa følgjer «Alfa-malen» med undervisning på skjerm, mat og prat etterpå. Kursa er anbefalt av BUF-etat. Det er ikkje eit «kristent kurs» men eit kurs til hjelp for foreldre som omhandlar barnepsykologi, oppseding osb. Gullborg er tent på den oppgåva, men treng folk med seg. Soknerådsleiaren legg fram eit utkast til brev til Gullborg om saka. (Vedl.) Vurderingar Når det gjeld Disippelskap og Misjonal tenking, kan det vera gudstenester, temakveldar og lovsongskveldar med fokus på dette temaet. Soknepresten og Einar Ekerhovd vil undervisa, i tillegg kan det inviterast gjestar inn. Når det gjeld smågrupper er det få slike i kyrkjelyden vår no. Mange kjenner trong til å vera med i ei slik. Målet er å få opne grupper med låge tersklar der ein kan invitera både konfirmantforeldre og kompisforeldre til å vera med. Men det kan også vera trong for grupper for «vidarekomne» kyrkjemedlemer. Det kan vera ulike type grupper bibelgrupper, studiegrupper, eller meir «sosiale» grupper. Korleis organisera og korleis kan ein nå fram til «folk flest» med invitasjon? Foreldrekursa er eit tilbod som vil vera nyttig for mange foreldre, og eit godt diakonalt arbeid i kyrkjelyden. Det vil også kunne vera med å byggja ned tersklar til kyrkja. Kurset har godt skussmål dette er nyttig for alle med born! Det kan vera greitt å få med seg foreldre i aldersgruppa 30-40 år som leiarar til kurset. Reint generelt: Startar ein opp tiltak som krev fleire frivillige, må me prøva å engasjera andre enn dei som alt har oppgåver. Me har problem med å få folk dei tenestene me alt har. Vedlegg: Vedl 32 A Handlingsplan Agenda 1 okt 2016 Vedl 32 B Foreldrekurs brev Framlegg til vedtak: Agenda1-gruppa skal arbeida med ein plan for undervisning om disippelskap og misjonal tenking. Planen skal gjelda for neste haust, og leggjast fram på soknerådsmøtet. 1.september. Hovudansvar: Soknepresten Soknerådet ynskjer at det skal oppmuntrast til, og leggjast til rette for, smågrupper/ husfellesskap i kyrkjelyden. Agenda 1-gruppa jobbar vidare med saka. Soknerådet skal arbeida fram mot godleiksaksjon våren 2017. Planlegginga skal vera ferdig i oktober 2016. Hovudansvar:. Samnanger kyrkjelyd skal arrangera foreldrekurs over 5 kveldar etter eit opplegg frå Alpha- Norge. Dei vil velsigna Gullborg Aasgaard sitt initiativ til å leia kurset, og vil be henne knyta til seg folk til praktisk hjelp til arrangementa. Ho må gjerne samarbeida med helsestasjonen om kursa. Oppstart: Hausten 2016. Kurset skal evaluerast grundig i etterkant, og rapport skal gjevast soknerådet, gjerne med personleg oppmøte på eit soknerådsmøte.
Framlegg til vedtak frå Agenda1-gruppa: Soknerådet gir Agenda1-gruppa fullmakt til å jobba vidare med handlingsplanen. Vedtak Agenda1-gruppa skal arbeida med ein plan for undervisning om disippelskap og misjonal tenking. Planen skal gjelda for neste haust, og leggjast fram på soknerådsmøtet. 1.september. Hovudansvar: Soknepresten Soknerådet ynskjer at det skal oppmuntrast til, og leggjast til rette for, smågrupper/ husfellesskap i kyrkjelyden. Agenda 1-gruppa jobbar vidare med saka. Soknerådet skal arbeida fram mot godleiksaksjon våren 2017. Planlegginga skal vera godt i gang i oktober 2016. Agenda1-gruppa finn nokon til å ta hovudansvar for aksjonen. Samnanger kyrkjelyd skal arrangera foreldrekurs over 5 kveldar etter eit opplegg frå Alpha- Norge. Dei vil velsigna Gullborg Aasgaard sitt initiativ til å leia kurset, og vil be henne knyta til seg folk til praktisk hjelp til arrangementa. Ho må gjerne samarbeida med helsestasjonen om kursa. Oppstart: Hausten 2016. Kurset skal evaluerast grundig i etterkant, og rapport skal gjevast soknerådet, gjerne med personleg oppmøte på eit soknerådsmøte. Vedtaket var samrøystes Sak 33/16 SR FRIVILLIGSENTRAL I KYRKJA PÅ HAGA Fakta Det har lenge vore snakk om å starta opp frivillig-sentral i kommunen. Ein lyser først etter folk som kan tilby tenester og så kan ein gå ut og invitera dei som har bruk for hjelp til noko, til å melda seg. Eva Hellevang har vore på kurs i å driva frivillig-sentral, og kan godt tenkja seg å ta på seg å vera den som organiserer sentralen. Ho tilbyr seg å sitja ein ettermiddag i veka i kyrkja, slik at folk kan treffa henne der fast. Ho ynskjer å gjera dette utan løn. Kostnader: Det me treng av utstyr, er ein eigen telefon for sentralen. Me har ekstra telefonar, men må ha abonnement. Det må også lysast i avisa på førehand. Det går an å søkja kommunen om penge-støtte. Vurderingar Dette er ein lavterskel-tilbod for godleik! Det må gjerne gjerast i samarbeid med kommunen, Lions, Røde kors m. fl. Det vert truleg ikkje noko større ekstra reinhald for dette tiltaket, så den einaste kostnaden er telefonutgifter og lysingar. Om det skal stå ei kaffikanne og litt kjeks framme når folk kjem, kan det gå nokre kroner her og. Det som kan vera problematisk, er at det vert lagt band på huset endå ein dag i veka, men om opningstida vert t.d. frå 15.00 til 18.00, kan møte og arrangement ta til etter dette. Det går også an å køyra arrangement i andre rom i huset. Vedtak Soknerådsleiaren tek kontakt med Eva Hellevang om å starta opp frivillig-sentral i kyrkja på Haga. Ho vert oppmoda om å ta kontakt med kommunen og frivillige organisasjonar for samarbeid. Soknerådet kan dekka utgifter til telefonabonnement og lysingar, men oppmodar frivillig-leiaren å søkja om støtte frå kommunen til tiltaket. Vedtaket var samrøystes og som framlegget.
Sak 34/16 SR KYRKJELYDSPLANLEGGING Soknerådet har i sak 26, 32 og 33 arbeid med tema som har med kyrkjelydsplanlegging å gjera. Det er likevel ynskeleg å få litt betre tid til å tenkja heilskap, mål og visjonar for arbeidet. Til utgangspunkt for samtale legg me ved både oversikta over kyrkjelydsarbeidet som det førre soknerådet laga, og to tidlegare «Strategiplanar». Visjon: «Saman med nåden til alle». Treng me eit nytt «slagord»? Kva er hovudmåla våre? Handboka oppmodar oss om å vera konkrete, og laga kortsiktige mål, slik at me kan nå måla og sidan setja oss nye! Vedlegg: 34 A Kyrkjelydsplan 2015 34 B Saman med nåden Det er også viktig at det praktiske fungerer. Me tekk opp att mangel-lista frå sist møte, og prøver å fordela oppgåver og koma med framlegg til frivillige å spørja om å vera med og gjera små og store tenester i kyrkjelyden. Vedlegg: 34C Manglar tenester 2016 Frå møtet -vurderingar og samtale Visjon «Saman med nåden til alle», er den visjonen kyrkjelyden har hatt sidan 2006. Det er ynskjeleg å skifta denne ut. Det går an å nytta trusopplæringa sin visjon for heile kyrkjelyden: - Saman med venner - Saman med Jesus - Saman for andre Det kom ingen andre framlegg på møtet. Kva ynskjer me at kyrkja skal vera i Samnanger? Ein god stad å koma Lett å koma til kjenna seg velkomne Openheit låg terskel Oppleva glede og fellesskap Kjenna fred Ha omsorg i kvardagen bry oss om kvarandre WWJD Tenkja «kva ville Jesus ha gjort?» Vera til stades i lokalsamfunnet Gå ut dela trua / det me har fått med andre Om gudstenestene: Nokon har ei oppfatning av at dei i kyrkja er «ein klikk», - det har til og med vore sagt «sekt» om kyrkja på Haga. Alle kjenner kvarandre så godt, og det som går føre seg kan kjennast framand for dei som ikkje er der til vanleg? Det er lett å kjenna seg «utanfor» når alle andre er så «innanfor»... Me må vera merksam på å ta kontakt, helsa på alle og prata med dei som ynskjer det. Men me skal heller ikkje vera påtrengande mot dei som kanskje ynskjer å vera i fred. Dette er vanskeleg! Me treng ha antennene på, og vera merksame på andre. Kyrkja på Ådland er meir som «før i tida», og kanskje enklare å vera anonym i? Samstundes får me mange attendemeldingar frå folk på at det er kjekt å vera på gudsteneste i kyrkja på Haga og me har hatt positive opplevingar med kyrkjekaffi på Ådland.
Sak 35/16 KS VEDLIKEHALD ÅDLAND KYRKJE (Lagt fram på møtet) Kyrkjestyret har tidlegare sagt at me skal reparera taket på kyrkja på Ådland og på bårehuset først, og så koma attende til kva me skal bruka resten av vedlikehaldsmidlane på. No har kyrkjeverja vore i kontakt med eit firma som skal til Voss for å gjera ein jobb på kyrkja der. Dei nyttar klatretau og andre metodar under arbeidet, og har knytt til seg ulike fagfolk. Kyrkjeverja har bede om pris på: 1. Skifta ut mønepannene med mønebeslag i metall. Inkl. festa lynavleiar på nytt. 2. Reingjera hovudtaket for mose. Det gjeld stort sett nordsida av kyrkja. 3. Reingjera tak på sideskip, kor og sakristi for mose. (Nordsida av kyrkja) 4. Reingjera veggar på tårnet og nord-vegg over sidetak for soppvekst. Sjekka om det treng målast. 5. Sjekka taket på tårnet - beslag ol om det er ok eller snart treng å skiftast. Sidan me ikkje har nytt møte før til hausten, vert det naudsynt å ta stilling i sommar, til kva me skal prioritera. Vedtak Kyrkjestyret delegerer til arbeidsutvalet å ta stilling til kva som skal gjerast av vedlikehald på kyrkjene i sommar, i tillegg til det som alt er bestemt i tidlegare vedtak.