Rundskriv 2013/1 17 Til omsetningsledd Kontaktperson: Hilde Nordlid, tlf. 24131073 Vår dato: 03.01.2014 Vår referanse: 13/1 Rundskriv erstatter: rundskriv 38/12 Rettleiing - årsoppgåver frå omsetningsledd for frukt og grønt Alle som er godkjend av Statens landbruksforvaltning som omsetningsledd får dette brevet. De må sende inn årsoppgåve med opplysningar om leverandørane dykkar og dei varene av norsk frukt, bær og grønnsaker de har kjøpt. Årsoppgåva sendes til Statens landbruksforvaltning på e-post: arsoppgave@slf.dep.no Frist for innsending er 15. februar. Det er særs viktig at fristen for innsending blir halden for at produsentane skal få det tilskotet dei har krav på. Dette brevet gir informasjon om 1. kvifor de skal rapportere 2. kva de skal rapportere 3. korleis de skal rapportere 1 Distrikts- og kvalitetstilskot til frukt og grøntproduksjon og til matpotetproduksjon i Nord-Noreg Alle frukt- og grøntprodusentar som leverer varer til omsetningsledd som er godkjende av Statens landbruksforvaltning, kan søke om distrikts- og kvalitetstilskot for varene. Det same gjeld dei som dyrkar matpotet i Nord-Noreg. Produsentføretaka søker om tilskotet på søknadsskjema om produksjonstilskot innan 20. januar. Dette rundskrivet omtalar korleis de skal sende inn årsoppgåver over varekjøp slik at leverandørane dykkar kan få tilskotet. Sidan vi kontrollerer at tala frå produsenten og omsetningsledda stemmer overens, er det viktig at de sender inn korrekte tal og organisasjonsnummer på produsentane. Postadresse: Postboks 8140 Dep. NO-0033 Oslo, Norway Besøksadresse: Stortingsgt. 2 8 Telefon: +47 24 13 10 00 Telefaks: +47 24 13 10 05 E-post: postmottak@slf.dep.no Internett: www.slf.dep.no Org.nr: NO 981 544 315 MVA Bankkonto: 7694 05 02280
Statens landbruksforvaltning Side: 2 av 5 For eple og pærer til press kan produsenten og omsetningsleddet vere same føretak. Det betyr at dersom de presser eiga frukt, må de oppgje det same kvantumet i søknaden om produksjonstilskot som i årsoppgåva. 2 Kva skal de rapportere? 2.1 Varetyper Det er produksjonane i tabellen under som gir rett på tilskot. Det er berre mottak av desse produkta de skal rapportere. Produksjonskode Produksjon Eining 001 Eple kg 002 Pærer kg 003 Plommer kg 004 Moreller kg 005 Kirsebær kg 006 Eple og pære til press kg 011 Jordbær kg 012 Bringebær kg 013 Solbær kg 014 Rips kg 016 Hageblåbær kg 021 Stikkelsbær kg 031 Tomat kg 032 Slangeagurk kg 033 Salat (òg frilandssalat) stk 060 Potet produsert i Nord-Noreg kg 2.2 Faktorar for omrekning til rett mengde Omsetningsleddet har ansvar for at den oppgjevne mengda er rett og i samsvar med den eininga som satsen er gjeven i (kg eller stk). Slangeagurk skal reknast om til kg: Slangeagurk: 1 stk = 0,360 kg Slangeagurk: 1 kasse = 10,000 kg Slangeagurk: 24 stk/kasse, omrekning: 10 kg/24 stk = 0,417 kg Slangeagurk: 28 stk/kasse, omrekning: 10 kg/28 stk = 0,357 kg Bær skal vere i kg: Kvantum skal gjevast i kg og ikkje i korger. Salat skal vere i stk: Alle leveransar skal vere i stk og kvanta levert til salatfabrikk reknast om til stk. Salat pakka i pakningar à 100-200 g = 1 stk (til dømes bladsalat som ruccola) Produktblandingar For ulike produktslag som skal rapporterast på ulike kodar og som inngår i ei produktblanding, må omsetningsledda rekne om frå blandingane til kvar produktkode.
Statens landbruksforvaltning Side: 3 av 5 Omsetningsledda må informere føretaka om utrekninga av gjennomsnittsvekter per produktkode per blanding, slik at dei kan bruke korrekte opplysningar i søknaden om produksjonstilskot. 2.3 All omsetning i riktig kvalitet må rapporterast Det er berre produkt av klasse 1 eller betre sortering som skal vere med i det rapporterte kvantumet, med unntak av eple og pære til pressing. For dei sistnemnde gjeld ikkje kravet om klasse 1. Poteter skal vere matpotet, det vil seie rå og uskrella poteter som blir omsett til forbrukar. Kvart føretak må i sum ha levert over eit minstekvantum for å ha rett på tilskot. Omsetning frå alle omsetningsledd vert summert per føretak, difor må også småkvantum rapporterast. 2.4 Dokumentasjon De treng ikkje legge ved dokumentasjon på tala i årsoppgåva. Årsoppgåva treng heller ikkje vere stadfesta av revisor, med mindre vi ber dykk spesifikt om det. Føretak som presser eiga frukt, må ha produksjonslogg og salgsdokumentasjon for safta. Dette må de legge fram dersom vi ber om det. 3 Slik rapporterer de Det er to måtar å rapportere på: 1. Bruk skjermaet som er laget i excel-ark, og som de finn på www.slf.dep.no. eller 2. Lag ei årsoppgåve i reint tekst-format. Dette er beskrevet nedanfor. 3.1 Innhald i årsoppgåva Årsoppgåvene må ha eit bestemt format for at dei skal kunne bli lest maskinelt. De må lage årsoppgåva i eit tekst-program, for eksempel Windows notisblokk eller notepad. Årsoppgåva består derfor av fleire linjer med siffer. Det skal vere ei linje per produksjonskode for kvar produsent. Kvar linje skal ha 41 siffer:
Statens landbruksforvaltning Side: 4 av 5 Ledd i talrekka Posisjon i talrekke Antall siffer Mottaksår (01:04) 4 0+Organisasjonsnummer omsetningsledd (05:14) 10 0+Organisasjonsnummer produsentføretak (15:24) 10 Produksjonskode (se tabell 1) (25:27) 3 Mengde i kg/stk for salatar (28:35) 8 Avdelingsnummer (36:41) 6 Døme på årsoppgåve: 20130912094572092605021900200004892000000 20130912094572092605021900300005400000000 20130912094572093100171001100011500000000 Dei to fyrste linjene i dømet viser at same produsent har levert to forskjellige produkt: 4892 kg av 002 (pærer) og 5400 kg av 003 (plommer). Den tredje linja viser ein annan produsent som har levert 11500 kg av 011 (jordbær). Kvart ledd i talrekka blir forklart her: Mottaksår Det året som produsenten har levert varer til dykk. Det vil seie året før fristen for innrapporteringa. Organisasjonsnummer til omsetningsledd Organisasjonsnummeret dykkar skal ha 9 siffer med ein 0 framfor seg. Organisasjonsnummeret må vere det same som er oppført på SLF si liste over godkjente omsetningsledd og i Einingsregisteret i Brønnøysund. Er det feil i organisasjonsnummeret må dette meldast til SLF med ein gong. Liste over godkjente omsetningsledd finn de på SLF si nettside. Under produksjon og marked vel du frukt og grønt og tilskudd. Organisasjonsnummer til produsentføretaket Organisasjonsnummeret er henta frå Einingsregisteret i Brønnøysund og skal ha 9 siffer med ein 0 føre seg. Det er viktig at omsetningsledda brukar rett organisasjonsnummer på produsenten sitt føretak i årsoppgåvefila. Ver særleg merksam ved eigarskifte. Søknaden om produksjonstilskot frå produsentføretaket vert avvist om organisasjonsnummeret i årsoppgåva ikkje samsvarer med nummeret i søknaden. Produksjonskode Kvar vekst/produksjon har ein unik produksjonskode som du finn i kapittel 2.1. Det skal vere 3 siffer i produksjonskoden, til dømes har tomat koden 031. Mengde Her skal de føre opp kg/stk som produsentføretaket har levert til dykk frå 1. januar til 31.
Statens landbruksforvaltning Side: 5 av 5 desember i året før fristen 15. februar. Legg merke til at det gjeld året de kjøpte varene, og ikkje året varen blei produsert. Varen kan altså ha blitt lagra hjå produsenten frå året før. Hugs omrekningsfaktorane! Desse finn du i kapittel 2.2. Mengdefeltet skal ha 8 siffer og fyllast ut med innleiande nullar der det trengs. Avdelingsnummer Dette feltet skal nyttast av omsetningsledd som har fleire avdelingar, for å kunne skilje mellom dei ulike avdelingane. Dersom omsetningsledd berre har ei avdeling, skal feltet fyllast med nullar. 3.2 Filnamn og format Filnamnet skal vere mottaksår + 0 + dykkar organisasjonsnummer +.txt. Filnamnet kan då sjå slik ut: 20130912094572.txt Fila skal lagrast som rein tekstfil, f.eks..txt i Windows Notisblokk eller anna program. 3.3 Innsending Send tekstfila eller excel-arket som vedlegg til e-post til arsoppgave@slf.dep.no Merk emnefeltet i e-posten med: Årsoppgåvefil grønt, mottaksår og namnet på føretaket dykkar (omsetningsleddet). Hugs å ta med i e-posten talet på leverandørar (produsentar) og totalmengd i kg/stk av frukt/bær/grønsaker som skal vere med i årsoppgåvefila. Dette vert brukt som eit kontrollgrunnlag for innhaldet i fila. Innsendingsfrist er 15. februar. 4 Relevante forskrifter og meir informasjon Dette rundskrivet omhandlar delar av forskrift av 2002-07-01 nr 778: Forskrift om tilskudd til fruktlager og godkjenning av omsetningsledd. Du finn forskrifta på lovdata.no. Meir informasjon og distrikts- og kvalitetstilskot, godkjenning av omsetningsledd og andre ordningar som Statens landbruksforvaltning forvaltar, finn du på www.slf.dep.no. Med helsing for Statens landbruksforvaltning Hilde Haug Simonhjell seksjonssjef Hilde Dahler Nordlid seniorrådgiver Dokumentet er elektronisk godkjent og trenger derfor ingen signatur.