ROS-ANALYSE. DETALJREGULERING AV SKJENSTAD AVFALLSMOTTAK, MALVIK KOMMUNE. Trondheim, 05.12.2011 1 OMRÅDET OG TILTAKET Bakgrunnen for planen er krav fastsett av Malvik kommune i sak 1/08 i planutvalget i samband med søknad om dispensasjon for vidare drift av Skjenstad avfallsmottak. Det vart gitt løyve om drift fram til 01.07.09 mellom anna med vilkår om utarbeiding av reguleringsplan for tiltaket. Solem Arkitektur AS er engasjert til å utarbeide en reguleringsplan over det området av avfallsmottaket der det vil skje vidare drift (sorteringsanlegg og gjenbruksstasjon). 2 ROS-VURDERING 2.1 Sjekkliste og risikovurdering Gjennom sjekklista nedanfor kjem ein fram til kva punkt der det er behov for å gjennomføre ei risikovurdering (punkta som er markert med Ja i lista). Risiko er resultatet av kor truleg det er at hendinga skjer (S-nivå) og konsekvensen av den uønska hendinga(k-nivå) HENDING/SITUASJON Aktuelt S- NIVÅ K- NIVÅ RISIKO Kommentarar/tiltak Natur- og miljøforhold Ras/skred/flom/grunnforhold. Er området utsett for, eller kan planen/ tiltaket medføre risiko for: 1. Masseras/-skred Ja S2 K4 Raud I følgje NVE si kvikkleirekartlegging ligg det ei kvikkleiresone ca 250 meter nordaust for planområdet (aust for Sagelva) og ei anna kvikkleiresone ca 600 meter sør for planområdet. 2. Snø-/isras 3. Flaumras Ja S2 K3 Gul Sagelva har ca 20 km² nedbørsfelt og renn med eit fall på ca 1:10 i området ved avfallsplassen. 4. Flodbølge Området ligger ca 85 m.o.h 5. Undersjøisk ras deponi 6. Tidevassflaum/stormflo 7. Radongass Ukjent Forholdet er ikkje undersøkt. I samsvar med 13-5 i Forskrift om tekniske krav til byggverk skal bygningar prosjekterast og byggast med radonførebyggande tiltak når det ikkje er dokumentert at forholda er vurdert akseptable. Vær, vindeksponering. Er området: 8. Vindutsett Sterk storm ca 2-3 ganger pr år. 9. Nedbørutsett Årsnedbør ca 850 mm, med en liten overvekt på nedbør i perioden september- oktober i forhold til resten av året.3 Natur- og kulturområde. Medfører planen/tiltaket fare for skade på eller konsekvensar for: 10. Grøntstruktur/sårbar flora Ja S2 K3 Gul Tiltaket medfører omdisponering av skogsareal. Det er registrert raudlisteart (muslingsopp) nedanfor Malvikvegen.
11. Sårbar fauna, vasslevande organismar Ja S2 K4 Raud Sagelva er einaste kjente lokalitet av elvemusling i Malvik. Det er låg rekruttering. Det går sjøaure i elva. Utslepp av nitrat, fosfat m.m. frå landbruksaktivitet, frå massedeponiet og erosjon av leirhaldig grunn påverkar elva. 12. Sårbar fauna land S2 K3 Gul Kantskogen langs Sagelva har gode kvalitetar for fugl og andre artar (vurdert som regional verdi i rapport frå viltkartlegging i kommunen) 13. Verneområde 14. Vassdragsområde Ja S2 K2 Grøn Bekk med avrenning til Sagelva går i nordre del av planområdet. 15. Automatisk freda kulturminne 16. Kulturminne/-miljø nyare tid Menneskeskapte forhold Strategiske områder og funksjonar. Kan planen/tiltaket få konsekvensar for: 17. Veg Ja S3 K2 Gul Det vert føreslege å bygge fortau langs deler av fylkesvegen og kommunalveg. 18. Hamn, kaianlegg 19. Sjøkablar 20. Sjukehus/-heim, kyrkje S1 K2 Grøn Fortau langs fylkesvegen følgjer eigedomsgrensa forbi Malvik kyrkje. 21. Brann/politi/sivilforsvar Branntekniske løysinger må vurderast i samband med melding om byggetiltak. Tryggleiken ved brann er teke vare på gjennom dagens brannordning i Malvik kommune. 22. Kraftforsyningsanlegg Ja S1 K3 Grøn Det går ei 22kV linje innan planområdet. 23. Vassforsyning naboskap 24. Vassforsyning industrivatn 25. Anna kommunal ledningssystem Ja S2 K3 Gul Det går kommunalt ledningssystem langs nordsida av fylkesvegen. Tilrettelegging av fortau vil kunne føre til auka fylling over ledningssystemet. 26. Forsvarsområde 27. Tilfluktsrom 28. Område for idrett/leik 29. Friluftsområde 30. Vassområde for friluftsliv Forureiningskjelde. Vert planområde utsett for: 31. Fare for akutt forureining Ligg i eit landbruksområde. 32. Permanent forureining Ja S2 K2 Grøn Avrenning i frå avslutta deponi i området. Dette vil i liten grad påverke planområdet. 33. Støv og støy; industri 34. Støv og støy; trafikk 35. Støy; andre kilde 2
36. Forureina grunn Landbruksområde, i hovudsak skogsmark 37. Forureining i sjø/vassdrag 38. Høgspentlinje (stråling) Ja S2 K3 Gul Det går ei 22kV linje innan planområdet. 39. Risikofylt industri mm 40. Avfallsbehandling Ja - - - Planområdet omfattar avfallsmottak og trafikale forhold knytt til adkomst. 41. Oljekatastrofeområde Fører planen/tiltaket til: 42. Fare for akutt forureining Ja S3 K2 Gul Flygeavfall i samband med levering av avfall. 43. Støv frå eigen trafikk Planlagt utbygging vil ikkje føra til trafikk av eit omfang som gir vesentleg støvforhold 44. Støy frå eigen trafikk Vidare etablering av avfallsmottaket vil ikkje endre vesentleg på etablert trafikk, estimert til 850 ÅDT (NVDB). Det er ikkje utarbeida støyrapport for busetnaden langs adkomstvegen. Trafikkmengda er størst om våren i opningstida til gjenbruksstasjonen. 45. Støy og støv frå andre kjelder 46. Forureining til sjø/vassdrag (overflatevatn) 47. Forureining av djuptvatn og sjøbotn Ja S2 K3 Gul Avfall skal ikkje lenger deponerast i grunnen. Det kan skje avrenning av oljebaserte produkt. Det er etablert oljeutskiljarar innan noverande anlegg for å ta høgde for dette. 48. Fare for uhell ved bruk av kjemikaliar, eksplosivar Transport. Er det risiko for: I tidlegare deponi vil det skje nedbryting av organisk materiale. 49. Ulykke med farleg gods 50. Vær/føre avgrensar tilgangen til området Trafikktryggleik. Er det fare for: 51. Ulykke i av-/påkøyring Ja S3 K3 Raud 52. Ulykke med gåande/syklande 53. Andre ulykkespunkt Andre forhold: Det er ca 25 tomter med avkøyring til adkomstvegen til avfallsmottaket frå Malvikvegen. Forbordvegen.(ÅDT ca 1300, fartsgrense 50 km/t) og til kommunal veg 91 (fartsgrense 50 km/t og estimert ÅDT 850) (Statens vegvesen nasjonal vegdatabank). Ja S3 K3 Raud Det er ikkje fortau langs Forbordvegen. 54. Er tiltaket i seg sjølv eit sabotasje-/terrormål? 55. Er det potensielle sabotasje-/terrormål i nærleiken? 56. Regulerte vassmagasin, 57. Naturlege terrengform. 58. Gruver, sjakt, steintipp 3
Spesielle forhold ved utbygging/gjennomføring 59. Tilrigging, anlegg Ja S2 K3 Gul I samband med tiltak innan avfallsmottaket vil i riggområdet vera avgrensa til eiga tomt. Tilrettelegging i samband med tiltak langs fylkesveg/kommunal veg vil påverke trafikkavviklinga. 60. Trafikk S2 K3 Gul Etablering av fortau vil påverke trafikkavviklinga. Oppsummert får vi då denne tabellen: Hending i raude felt: Tiltak er naudsynleg Hending i gule felt: Tiltak må vurderast ut frå kostnad i forhold til nytte Hending i grøne felt: Rimelege tiltak kan gjennomførast SANNSYNLEGHEIT KONSEKVENS K1 Liten K2 Middels K3 Stor K4 Svært stor S4 Svært stor S3 Stor 17, 42 51, 52 S2 Middels 14, 32 3, 10, 12, 25, 38, 1, 11 46, 59, 60 S1 Liten 20 22 2.2 Tiltaksvurdering Med bakgrunn i analysen følgjer ei oppsummering av kva tiltak som bør utførast: Hending Omtale/tiltak 1. Ras/skred/andre naturforhold 11. Sårbar fauna, vasslevande organismar 51. Trafikkulykke i av-/påkøyring 52. Trafikkulykke gåande/syklande Geotekniske forhold og avbøtande tiltak må avklarast gjennom ei geoteknisk vurdering. Krav om geoteknisk prosjektering må fastsetjast i planbestemmelsane. Ulike rapportar vedrørande fauna i Sagelva foreslår tiltak som avgrensar tilgang på nitrat og fosfat, mellom anna ta vare på kantskog langs vassdraget og gjerding for å halde beitedyr borte frå elva. Forbordvegen og sideveg må ha eintydig trafikkløysing på plankartet. Det må synast ei løysing med samanhangande fortau / gang- og sykkelveg i langs fylkesvegen/kommunal veg. 3. Flaumras. Det skjer ein del utvasking av marin leire ved mykje nedbør. Dette påverkar stabiliteten i vassdraget. I samband med geoteknisk vurdering må forholdet avklarast og det må vurderast avbøtande tiltak. Saman med søknad om etablering av sikringstiltak skal følgje ei vurdering som syner konsekvensane av desse tiltaka for fauna og flora i og langs elva. 10. Grøntstruktur/ Det bør etablerast kantvegetasjon inntil avfallsmottaket. Kantskogen sårbar flora mot vassdrag bør takast vare på/fornyast. 12. Sårbar fauna land Det bør etablerast kantvegetasjon inntil avfallsmottaket. Kantskogen mot vassdrag bør takast vare på/fornyast. Medan avfall vart lagt i deponi var det tidvis stort innslag av fugl (kråker, måse m.m.). Med overdekking av deponi er talet på uønska fuglar og dyr minimalisert. 4
17. Veg Forbordvegen og den kommunale vegen vert påverka når det vert etablert fortau. 25. Kommunalt ledningssystem 38. Høgspentlinje (stråling) 42. Fare for akutt forureining 46. Forureining til vassdrag 59/ 60. Spesielle forhold i samband med anlegg. Det går kommunalt ledningssystem langs nordsida av fylkesvegen. Tilrettelegging av fortau vil kunne føra til auka fylling over ledningssystemet. Det må utarbeidast eigen vatn- og avlaupsplan i samband med byggetiltak. Overvatn må løysast lokalt. Med bakgrunn i at avfallsmottaket er etablert, vil det i framtida ikkje verte vesentleg auka avrenningsintensitet i forhold til dagens avrenning innan planområdet. I ei sone 6 meter frå ytterpunkt fase bør det ikkje etablerast bygningar utan samtykke frå energiselskap. Plankartet skal syne omsynssone 6 meter frå ytterpunkt fase. Eksisterande forureining er i mellom anna knytt opp til avrenning frå avfall som tidlegare er lagt i deponi. Avfall vert ikkje lenger lagt i deponi. Vidareetablering av sorteringsanlegg og gjenbruksstasjon vil kunne føre til forureining i form av flygeavfall (papir, plast). Aktuelle tiltak er utviding av sorteringshallar og etablere fanggjerde for å samle opp flygeavfallet. Eksisterande forureining til vassdrag er i mellom anna knytt opp til avrenning frå avfall som er lagt i deponi. Vidare etablering av sorteringsanlegg og gjenbruksstasjon vil kunne føre til forureining i form av avrenning av oljebaserte produkt. Det er etablert oljeutskiljarar innan noverande anlegg for å ta høgde for dette. Før byggestart må ansvarleg utførande utarbeida rutinar for handtering av uønska hendingar. Det er aktuelt med krav om utarbeiding av plan som skal følgje søknad om igangsetting. 14. Med i planområdet er bekk som har avrenning til Sagelva. Det må Vassdragsområde etablerast vegetasjonssone inn til bekken. Bekkelaupet er påverka av tiltak i samband med avslutning av deponidelen vest for planområdet. Vidare etablering av sorteringsanlegg og gjenbruksstasjon vil ikkje endre bekkelaupet/vassdraget. 20. Kyrkje Fortau langs fylkesvegen følgjer eigedomsgrensa forbi Malvik kyrkje og vil ikkje direkte påverke kyrkjebygningen eller gravplassane. 22. Kraftforsyningsanlegg vil ikkje verte påverka av vidare etablering av Plankartet skal syne omsynssone 6 meter frå ytterpunkt fase. Anlegget avfallsmottaket. 32. Permanent forureining som påverkar planområdet Avrenning i frå tidlegare deponi vil i liten grad påverke sorteringsanlegget og gjenbruksstasjon. 5