MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 5 / desember 2011 Primstaven ynskjer alle lesarane GOD JUL Julekorger knipla av Marit Bastesen, dagleg leiar Husflidstova
ANNA FAMMESTAD På Kulturminnedagen i Hillesvågen i september fekk me triveleg besøk av Anna Fammestad og Margrethe Myking. Anna på 91 år er framleis aktiv i veven. Ho hadde denne dagen med seg to store smetteåkle som ho hadde kopiert frå gamle filler. Det eine åkle kom frå Hodneli i Lindås kommune. Dette åkle fortalde ho skulle vere ei gåve til kyrkja på Myking. Som de kan sjå på bildet er det ei flott gåve kyrkja får. Anna er ein stor tradisjonsbærar av åklemønstra i Nordhordland. Takk Anna, for det store og viktige arbeidet du legg ned for å ivareta åklemønstra våre. Helsing Rannveig og Aud Marit Nytt frå Husflidstova Det vart halde ekstraordinært årsmøte i PL Husflidstova 7. november i Husflidens Hus i Hillesvåg. Bakgrunnen for møtet, var dei nye reglane for frivillig revisjon for små selskap, dvs med ei samla driftsinntekt på under 5 millionar kroner. Revisjon kostar oss mellom 20 og 25000 kroner i året. Etter ei heilhetsvurdering fann styret det forsvarleg å velgje vekk revisjon og trong årsmøtet si fullmakt til å kunna gjennomføre valget. Forslaget frå styret vart einstemmig vedteke på det ekstraordninære årsmøtet. Stova nyttar i dag ekstern autorisert rekneskapsførar. Arild NORDATLANTISK VILLSAU- OG ULLKONFERANSE 29.MARS 1.APRIL 2012 Karin Flatøy Svarstad, kunsthandverkar og kulturformidlar, skal ha hovudansvar for tilrettelegging og organisering av den nordatlantiske villsau- og ullkonferansen, som 2012 skal avviklast i Norge. Ho har vald å leggje konferansen til Nordhordland og inviterer Nordhordland Husflidslag til samarbeid. Ho ønskjer blant anna at medlemmer i husflidslaget skal ha utstilling av produkt knytta til villsau og ull og ha demonstrasjon av t.d spinning, strikking, skinnfellsying, toving eller andre ting. Ho inviterer og husflidslaget til å bidra med 2-3 produkt som kan vere med i ei vandreutstilling. Det kan vere innanfor vev, skinnsaum eller strikking og laga av villsaugarn/ ull. Denne utstillinga skal vidare til Shetland. Dei som kan tenkje seg å delta må ta kontakt med Aud Marit Halland,tlf 94857312. Du kan lese meir om Karin F Svarstad på www.karinflatoysvarstad.com 2
Strikke- og heklekurs I haust var me fire damer som var så heldige å gå på strikke og heklekurs Hillesvågen hjå Ingrid Hopland. Det var ein svært dyktig, tolmodig og godt førebudd lærar som inspirerte og underviste oss i diverse strikke- og hekleteknikkar. Bl.anna lærte me å hekla doble gryteklutar og blomar. Me strikka luer med kast,regnbogesokkar, flotte vottar,og me fekk hjelp med uferdige arbeid. Eit slikt kurs kan anbefalast. Helsing Kirsti og Aud Marit Bilder frå dreiekurset hjå Mathias Sætre Handarbeidstreff i Hillesvågen Siste handarbeidstreffet i år vart avvikla i Hillesvågen måndag 7.november. Margunn Vatshelle hadde oppskrift,stoff og utstyr slik at me fekk læra å laga julehjarte. Det var ca.25 personar som tok fatt på denne oppgåva. Det vart laga mange vakre hjarter denne kvelden i ulike fargar. Margunn hadde også med litt ekstra stoff for dei som ville laga fleire hjarter heime. Flott gjort av Margunn å koma frå Bergen for å læra oss hjarteteknikk. Takk for at du kom og gjorde kvelden triveleg og lærerik for oss. Helsing styret for laget. 3
HUSFLIDSMESSA 2011 Årets husflidsmesse fann stad i tidlegare Lindås gymnas sine lokaler på Juvikstølen. Over 40 utstillarar var rekord. Messa vart halden for 36. gong, så dette er ein tradisjon. Utstillarane synte som vanleg er, stor bredde innan handarbeid. Her er eit lite utval frå messa 2011. Å knipla er ikkje vanskeleg, men eit nitidig arbeid, seier Marit Bastesen, der ho sitt med kniplingearbeidet sitt på messa. Konsentrasjon og nøyaktighet må til. Nokre bringedukar har ein kniplingekant øverst. Jarl Hansen stilte på si 8. messe. Her er nokre av treprodukta han har med seg i år. Gunn og vivian Husa strikker fargerikt, og syner her eit stort utval av det dei produserer i alpakka og silke. Frå Austrheim kjem Eldbjørg Kaland med fargerike glasprodukt. Ho har med seg smykker, fat, skåler og englar. Ho fortel at det tar tid å få produkta ferdig. Først må ho smelte glaset over natta, så sette det saman i former og la det stå eit nytt døgn før det har stivna ferdig. 4 Erling Tjore stiller på si 1. messa og har med seg trearbeid. Han dreiar i tre. Kulepennar av tre og snurrebassar er smekre produkt frå Erling. Reidskap til å lage krumkaker lagar han og. Kona Borgny Tjore har med seg strikke og hekleprodukt
På messa kan barna vera i aktivitet, og her sit Marte og Maja og lagar småting. Svein Harald Bjørke er ansvarleg. Han seier at målgruppa er barn, og barn i alle aldre har funne sin plass ved bordet i dag. Reidun Landro frå Mundal syr barneklær, mjuke, fargerike plagg i bomull og ull. Stoffet kjøper ho på nett. Utvalet er betre no, seier ho, og fleire norske nettbutikker er starta opp. Før var det vanskeleg å skaffe økologisk bomull, men på messa syner ho ulike plagg nettopp i økologisk bomull, så det er enklare i dag. Anna Fammestad og Arthur Kleiveland frå Avisa Nordhordland i prat foran eit av Anna sine åkle. Med motorsag vert dyra til. Det seier Cecilie Brandt som gjer utskjæringa sjøl, men treng to sterke karar og ein traktor for å få treemnet til gards. Med grovt eller fint blad på saga vert detaljar til. Eigentleg imponerande å få dyra til med rette proposjonar når verktøyet er så stort som ei motorsag er. Ferdige dyr som skal stå ute i hagen vert sett inn med olje. Farmors festkaker er vår gjesteutstillar. Mai Brit Haslam har starta utsal på Alverflaten, og på messa står Bente Hvidsten og sel alle julens festkaker. 5 To blide damer ønsker velkommen til messa. Kring 225 betalande var innom dørene denne laurdagen.
MEDARBEIDARKURS Hordaland Husflidslag hadde medarbeidarkurs i Bergen 5. og 6. november. Aud Marit Halland og Svein Harald Bjørke var utsendingar frå laget vårt. I tillegg var Grethe Spurkeland med som medlem av fylkesstyret. Elin Gilde Garvin som er barne- og ungdomskonsulent i Norges Husflidslag hadde ansvar for programmet saman med den nye husflidskonsulenten vår, Hege Th Nilsen. Me lærte mange aktivitetar som eignar seg for born. Der var slyngstokkar, reiparbane for hoppetau, stofftrykk, sykkelslangar som me sydde til penal, portemonne og mobiletui. Me lærte mange ulike teknikkar på snorlaging. Kumihimo var ein teknikk som me vart svært fasinert av. Denne brukte me til å laga reflekssnor. På husflidsmessa vår hadde me denne teknikken som barneaktivitet. Gjenbruk var eit ord som gjekk att, og det vart bretta og limt papir til gåveposar o.l. Ein utveksla erfaringar som lokallaga hadde med aktivitetar for born, og underteikna fortalte frå opplegget vårt med den Kulturelle Skulesekken. Ei sosial, triveleg og lærerik helg Svein Harald og Aud Marit ÅRSMØTET 2012 vert avvikla måndag 13. februar 2012 i Hillesvågen. Saker må vere styret v/aud Marit Halland i hende seinast 6 veker før møtet. E-POST Me minner om at dei som har e-post og ikkje har mottatt meldingar frå oss, melder frå til Ingrid Eidsnes, e-postadr: ingrid@eidsnes.org Første handarbeidstreffet 2012 Vert avvikla måndag 9. jan. i Hillesvågen kl 18.00. Medlemmer og andre interesserte er velkomne. 6
KURS VÅREN 2012 Kurs Kursleiar Timar Start Stad Pris Dokkekurs Gyda S Olsen 20 Dale 92223169 16 feb Grendahus kr 920 Vevkurs/Flatvev Aud Marit Halland 12 Dale 56373278 48 jan Grendahus kr 2 360 Pilfletting Lise Dyrhovden 14 10 og 11 56367257 Helg feb Hillesvåg kr 830 Kurs i bandvev Grete Vetås 8 4 og 11 90672804 Helg feb Øygarden kr 560 Plantefarging for Magnhild Rønhovd 21 8 og 9 juni vidarekomne 56367001/94780147 Helg 31 aug og 1 sep Hillesvåg kr 1 365 Kvinnebunad Mona Stordal 23 Nordhordlandsbunad 41680766 32 jan Hillesvåg kr 1 640 Herrebunad Airin Espelid 10 Nordhordlandsbunad 55240860 44 jan Hillesvåg kr 2 180 Strikkekurs Ingrid Hopland 7 Heklekurs 95887296 16 mars Hillesvåg kr 920 Brodering av kvitsaum Astrid Rydland 11 til skjortekantar 55180960/98033383 16 jan Hillesvåg kr 920 Bilde i merinoull Ingvild Skår 10 13 og 14 95296782 Helg mars Hillesvåg kr 650 Spinning med Vigdis Valde 11 21 og 22 jan håndtein (rokk) 97740380 Helg Helg Hillesvåg kr 695 Tauverk Kaspar Hansen 7 56178108 15 mars Flatøy kr 875 Tægerbinding Ingeborg Fiskeseth 02.jun 56350747/97778037 44 22.aug Seim kr 2 180 Materialutgifter kjem i tillegg til kursavgifta. Medlemmar i Nordhordland Husflidslag får 10% rabatt på kursavgifta. 7 Påmelding til kursleiar. Bindande påmelding. Påmelding seinast 10 dagar før kursstart.
Invitasjon til julemøte i Hillesvågen Nordhordland Husflidslag inviterer medlemar og andre interesserte til ei sosial samling før jul i Husflidshuset i Hillesvågen. Me samlast måndag 5.desember kl 18.00 til julegraut m/mandel (premie), kaffi/te og enkel julebakst. Svein Harald Bjørke instuerer oss i å lage snorer og juleband Sang og musikk. Utlodding. Pris pr. pers. kr 100.- Alle er hjarteleg velkomne For styret Aud Marit Halland POST TIL PRIMSTAVEN Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver gild å ta kontakt med oss: Øyvor H. Larsen, Bruvegen 44, 5914 Isdalstø Tlf. 56 35 15 51 /99 53 24 42; e-post: oyvorhl@c2i.net Anne Grete Breisnes, Kvalvågen, 5943 Austrheim Tlf. 56167032 / 97511208, e-post: agbrei@online.no Utgjevar: Nordhordland Husflidslag, Returadr.: Anne Grete Breisnes, 5943 Austrheim 8