Plassebakken Post Januar 2012 Nordigard
Godt nyttår. Juletida vel over og vi skriv 2012. Men først, et tilbakeblikk på kva vi gjorde på Nordigard i desember. Turar i Desember Vinteren lot vente lenge på seg i 2011, men til slutt kom det nok snø til å kunne ake og gå litt på ski. Vi var på to fellesturar i ein akebakke rett ved der Reidunn (kontordame) bor. Vi hadde med oss akebrett og fikk prøvd disse litt. Med i sekken var også pølser og brød første gongen, og hamburgar den andre gongen vi var der. Dessverre var det litt kaldt den første turen vi hadde dit, så vi måtte forte oss tilbake då borna blei kalde. Vi var mykje meir heldig den andre turen, då mildværet vi hadde i desember hadde kome. Vi rakk også innom fjøset, som er like ved akebakken, og fikk stelt dyra på denne turen. Juletradisjoner Vi har prøvd å fylle desember med ein del juletradisjonar. Litt gaver, litt baking, litt julesangar, litt fest, litt kos og litt formidling av julebodskap. Rammeplanen seier om dette at barnehagen skal gjere slik at barna får kjennskap til kristne høgtider og tradisjonar. På tampen av november bakte vi pepperkaker. Vi laga store hjerter som barna fikk dekorere med konditorfarga melis. Desse pakka vi inn og hang opp i vindauget på Nordigard. Dette fungerte som julekalenderen vår. Det passa verkelig bra med 24 barn på avdelinga no i advent. Kvar dag vi hadde frukt, trakk vi kven det var sin tur å få sitt pepperkakehjarte med heim. Vi rakk ein tur i Skodje Kyrkje i desember. Utigard og Nordigard var på bornegudsteneste. God hjelp fekk vi av nokre av foreldra til køyring til og frå kyrkja tusen takk! Gudstenesta var spannande, når det var song Vi hadde øvd på Et barn er født i Betlehem ein del på forhand, så barna kjente igjen den. Barna vart litt mindre interesserte når presten starta å preike, dessverre. Vi har jobba hardt for å lage julegåver frå barna i sesember. Vi har mala og pynta små juletrer. Vi har dekorert glas og baka peppernøttar som vi hadde oppi. Ein god juletradisjon er å sende kort til kvarandre. På Nordigard har vi laga kort til kvarandre vi mala litt først på et kort og pynta seinare med glitter. Alle laga kort til kvarandre. Sidan det var ein del glitter som dryssa av korta hadde vi korta i konvolutt så ikkje postmannen skulle få
glitter i bilen sin. Vi satt frimerke på konvoluttane og sendte i posten, og korta har forhåpentlegvis kome fram til alle. Vi ser at ikkje alle er like ivrige på estetiske bordaktivitetar som andre er. I tillegg til treet, kortet og glaset som alle har laga er det nokre få som også har laga garndusk og nokre som har laga juleperlerier. Julemessa var ein fin kveld. Etter at dei frå Utigard hadde gått Luciatog og sunge nokre songar, stilte vi frå Nordigard oss opp og song nokre songar vi og, med Sigurd på gitar. Barna hadde øvd på Musevisa, På låven sitter nissen og Et barn er født i Betlehem. I tillegg ville barna synge Rock n Roll Fiskeboll. Vi hadde dessverre ikkje laga ting til utsalet, vi har i staden prioritert julegåvene. Det er ganske omfattende å få alle barna til å lage julegåver og anna pynt. Dei er mange, og treng varierande grad av veiledning. Målet er at dei skal kunne lage mest mulig sjølv, då blir det finast Same veka var det nissefest. Mange fine smånissar kom på barnehagen denne dagen. Vi samla oss i gymsalen, Utigard, Nordigard og Sørigard. Der song vi julesonger saman, med akkompagnement av Sigurd på gitar. Til lunsj hadde vi julegraut. Etter grauten var spist, fekk vi besøk av nissen, som hadde med pakkar. Populært som alltid! Det var ikkje lett å sjå kven av dei som jobbar her som var nissen (trur han sjølv i alle fall), med mumlande tale og skjegg og lue så tett saman at ein nesten ikkje såg auga hans. Utigard-borna hadde nokre teoriar på kven det kunne vere. Siste veka før jul tok vi det med ro og koste oss. Vi hadde julebord saman med Sørigard. Barna kledde seg fint, vi gikk ned i gymsalen og dansa og gikk rundt treet. Vi klarte neeesten to sanger før de to rekkene vi gikk i rundt treet gikk i oppløysning, men nokre av barna
fortsatte å gå ei stund rundt treet. Etterpå gikk vi opp igjen og såg litt på julefilm på Nordigard. Til lunsj åt vi potet, surkål, kålrotstappe, medisterkake, julepølser med brun saus til. Det passa seg slik at Robin hadde bursdag i romjula, så vi feira han denne dagen. Han hadde eigentleg veldig lyst på graut til lunsj, men vi løyste det med å ha riskrem til bursdagsfrukta. Det falt i smak, det. Mille og Noah hadde også bursdag i desember. Dei feira vi som seg hør og bør med noko ekstra til fruktmåltidet. Musikk på Nordigard Nokre av dykk har etterlyst litt songtekstar på songane vi syng på Nordigard. Tenkte vi kunne legge ved nokre av dei på denne Plassebakkposten. Som de har lest, har vi øvd på nokre julesongar denne månaden. Desse er meir allment kjent enn ein del av dei songane vi har på samlingane våre. Musikk er ein fin måte å få inn språktrening på. Ein øver munnmotorikk og ordforråd på ein fin og sosial måte, alle kan delta og synge med. Vi er heldige på Nordigard som har nokon som kan spele gitar, Sigurd har spilt gitar halve livet og spelar ein del på fritida også. Navnesang (melodi: Napoleons hær) Og Sigurd med sin hær over kjøkkenbenken dro Og Maria datt i vasken, og Torill datt i do Og Monica datt i renna og slo ut alle tenna, Og Barbara sitter på loftet og spiller Rock n Roll (Bare bytt ut navnene ) Mæ sa en liten grønn frosk M-Æ sa en liten grønn frosk en dag. M-Æ sa en liten grønn frosk. M-Æ sa en liten grønn frosk en dag og blonka med øya å sa: M-Æ, M-Æ, M-Æ, M-Æ, M-Æ, M-Æ, M-Æ Bukkende bruse Lille Bukken Bruse, trippet over trollebru Nå tar jeg deg sa trollet, og var så grum i hu. Nei og nei, ta ikke meg, jeg er tynn og liten, jeg. Den som kommer etter, Mye mere metter. Så gå da, sa trollet. Mellomste bukken Bruse, vandret over trollebru Nå tar jeg deg, sa trollet og var så grom i hu
Nei og nei, ta ikke meg, jeg er tynn og liten, jeg. Den som kommer etter, mye mere metter Så gå da, sa trollet Store bukken Bruse, trampet over trollebru Nå tar jeg deg sa trollet og var så grom i hu. Bare kom, jeg stanger deg, jeg er ikke redd for deg! Bang og bang, det skramla, og store trollet ramla. Lille Petter edderkopp Lille Petter edderkopp han klatra på min hatt. Så begynte det å regne og Petter ned han datt. Så kom sola og skinte på min hatt. Da ble det liv i edderkopp som klatra på min hatt. Framover Kjem vi til å jobbe ein del med borna si teikneutvikling. Vi har som mål å prøve å gi borna input på korleis ein teikne eit menneske. Temaet blir derfor kroppen vår. Kva er kroppen delt inn i, grovt sett; hovud, kropp, bein og armar, til dømes. Vi er inne i ein periode på barnehagen som heter Kreative sjeler. Vi kjem i denne samanheng til å prøve å lage spel saman med borna. Dei likar å spele memory, så vi tenkte dei kunne teikne korta sjølv. Vi må prøve å inspirere til å bruke sterke fargar og tydelege former så korta blir lett å halde frå kvarandre. Vi kan også trene på turtaking når vi spelar spel med borna. Vi ser at ein del av borna treng trening på dette på avdelinga vår. Eit anna prosjekt vi kjem til å bruke under dette prosjektet, blir å lage morsdagskort. Dette er sjølvsagt litt hysj-hysj, men vi skal her også prøve å la borna uttrykke seg kreativt i prosessen med å lage desse. Vi kjem og til å halde fram med turar. Det vert litt endringar på vekerytma vår, då vi prøver å ha fellesturar. Grunnen til dette er til dømes, at nokon gonger, pga sjukdom og liknande, blir gruppedelinga vanskeleg å gjennomføre. Difor prøver vi frå no av med turar felles på tysdag og torsdag (med varmmat). På måndag er det møtedag på huset, men vi tar ein tur innom biblioteket med nokre born for å bytte ut bøkene våre på Nordigards-biblioteket. Onsdagar prøver vi på inneaktivitetar, til dømes estetiske aktiviteter. På fredag kjem vi til å dele gruppa litt, med gymsal, formingsaktivitet eller Steg For Steg opplegget, et program for styrking av sosial kompetanse. Skjematisk vert dette slik: Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Bibliotek/baking Tur Inneaktivitet Tur m/varmmat Inneaktivitet Helsing oss på Norigard, ved Sigurd L. Tonna, Pedagogisk leiar