PLAN FOR INNHALD OG KVALITET I BARNEHAGANE LUSTER KOMMUNE 2011 2017

Like dokumenter
Informasjonshefte Tuv barnehage

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Barnehageplan for Vinje kommune

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

"Barnehagen skal ved å ta utgangspunkt i borna sine interesser legge til rette for læring i både formelle og uformelle situasjonar

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

BARNEHAGANE vbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq. KVINNHERAD KOMMUNE wertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

10/60-14/N-211//AMS

Saksgang. Møtedato Saksnr. Kultur- og oppvekstutvalet /05. Sakshandsamar: Arkiv: K2-A10 Arkivsaknr Runa Nybakk Objekt 04/33

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Du må tru det for å sjå det

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

Undervegs KVALITETSPLAN FOR SFO BØ KOMMUNE

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

SYSTEM FOR KVALITET I SULABARNEHAGEN

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Vågsøy kommune

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

«TO FRAM» -Leiarskap i barnehagen gjennom ny rammeplan

Rapport etter tilsyn Dåfjorden barnehage/fitjar

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

Strategi for kompetanseutvikling i barnehagen. Sandøy kommune

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Nissedal kommune Kommunal plan for tilsyn med barnehagane i Nissedal kommune etter Barnehagelova

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

Fritid på skulen. Kvalitetsplan for Skulefritidsordninga (SFO) i Sveio kommune Foto: Ida Vollum

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Barnehagen sitt samfunnsmandat

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Å fremje felles interesser til beste for barnet

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Vedtekter for kommunale barnehagar

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

Barnehage til beste for barn

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

Velkomen til Mork barnehage

TILSYNSRAPPORT. Kommunen som barnehagemyndigheit. Selje kommune

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Sandeid skule SFO Årsplan

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Barnehagebruksplan

RAMMEPLAN FOR. FORDJUPINGSEINING I ORGANISASJON OG LEIING (10 vekttal) FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Transkript:

PLAN FOR INNHALD OG KVALITET I BARNEHAGANE LUSTER KOMMUNE 2011 2017

Innhald 1. Innleiing... 3 2. Overordna styringsmål for barnehagane i Luster kommune... 4 3. Pedagogisk grunnsyn/mål... 7 4. Samarbeid... 9 5. Barnehagetilbodet i Luster kommune 2011 2017... 11 2

1. Innleiing Plan for barnehagane i Luster skal vere styringsreiskapen for utvikling av barnehagetilbodet i kommunen. Dette gjeld både for kommunen som barnehageeigar og som godkjennings- og tilsynsstyresmakt. Planen gjev retningsliner for både innhald og kvalitet i barnehagane. Bakgrunnen for denne planen er Stortingsmelding 41: Kvalitet i barnehagen. Denne stortingsmeldinga fokuserer på at barnehagen skal vere ein stad å lære, vere likeverdig og prega av inkluderande fellesskap. Regjeringa har sett opp tre hovudmål for arbeidet med kvalitet i barnehagen: Sikre likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar Styrke barnehagen som læringsarena Alle barn skal få delta i eit inkluderande fellesskap I Stortingsmeldinga kan ein lese om barnehagesektoren sin framvekst og status i høve kvalitet og innhald i tilbodet. Meldinga stakar ut ein vidare kurs for barnehagepolitikken og kva som er viktig for kvalitet i barnehagen. Regjeringa slår fast kva ansvar barnehagen har for læring, omsorg, sosial utjamning og førebyggande arbeid og kva posisjon barnehagen skal ha i utdanningssystemet. Fagplan for barnehagane i Luster kommune skal sikre lik kvalitet på innhaldet i barnehage tilbodet. Felles visjon for alle barnehagane: Med barna byggjer vi framtida skal sikre at alle er på veg mot eit felles mål. Fagplanen vert årleg justert etter behov. Eventuelle endringar skal vurderast og drøftast i barnehagane før endringane vert vedtekne av styrargruppa. Ansvar for å følgje dette opp ligg til Oppvekst v/ fagkonsulent barnehage. 3

2. Overordna styringsmål for barnehagane i Luster kommune Barnehagelova, St.mld 41: Kvalitet i barnehagen og Rammeplan for barnehage er overordna styringsdokument for barnehagedrift i Luster kommune. Lov om barnehagar Gjennom barnehagelova har Stortinget fastsett overordna føresegner om føremålet og innhaldet i barnehagen. I føremålsparagrafen heiter det at barnehagen, i samarbeid med heimen, skal ta vare på barna sine grunnleggjande behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Både foreldre og barn har rett til medverknad på barnehagen si verksemd. Rett til barnehageplass var innført 01.01.2010. Lova seier dette om rett til barnehageplass: Barn som fyller ett år senest innen utgangen av august det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage fra august ( 12a). Rammeplan for barnehagar Kunnskapsdepartementet fastsette i 2006 med heimel i 2 i lova, forskrift om rammeplan for innhaldet og oppgåvene til barnehagen. Rammeplanen gjev retningsliner for verdigrunnlaget, innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. Alle barnehagar skal byggje verksemda si på verdigrunnlaget og innhaldet i barnehagelova og på internasjonale konvensjonar som Noreg har slutta seg til. Målet med rammeplanen er å gje styraren, dei pedagogiske leiarane og personalet elles ei forpliktande ramme for å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til barnehagen. Rammeplanen gjev også informasjon til foreldra, eigarane og tilsynsstyresmakta. Rammeplanen rettar seg difor mot: Barnehagepersonalet, som får ein reiskap for å planleggje, dokumentere og vurdere Foreldra/dei føresette, som får innsikt i barnehageverksemda og høve til medverknad og medbestemming etter barnehagelova 4 Barnehageeigarane, som kan fastsetje retningslinjer for lokal tilpassing av rammeplanen 2, og som har ansvaret for at den enkelte barnehagen har dei nødvendige rammevilkåra Kommunen, som skal føre tilsyn med at alle barnehagane i kommunen driv ei tilfredsstillande pedagogisk verksemd i samsvar med lova og forskriftene 16. Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver skildrar barnehagens samfunnsmandat. Samarbeidet med barnas heim skal ligga til grunn for verksemda. Barnehagens innhald skal bygge på eit heilskapleg læringssyn der omsorg og leik, læring og danning står sentralt. I tillegg er sosial og spåkleg kompetanse og sju fagområde viktige delar av barnehagens læringsmiljø. 4

St.mld 41: Kvalitet i barnehagen Sentrale område som skildrar kvalitet i barnehagen er framheva i St-mld 41 : Personalet Innhaldet i barnehagen Inkluderande barnehagetilbod for alle barn Samarbeid mellom barnehage og heim Samarbeid mellom barnehage og skule Tverrfagleg samarbeid for å sikte oppføljing av barn med særskilt behov Styrking av barnehagen som sektor Dei overordna måla er å bidra til god kvalitetsutvikling i barnehagane ut frå definisjonane i Barnehagelova og rammeplanen. Mål for kvalitet i barnehagesektoren som overlappar kvarande og må sjåast i samanheng: Sikre likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar Når rammeoverføringane vert innført i 2011 er det viktig at verkemidla sikrar likeverdige tilbod av god kvalitet og bidreg til utvikling av sektoren. Styrking av barnehagen som læringsarena Barn i barnehagen skal få ein felles plattform og ein god start på den livslange læringa. Alle barn skal få utfolde seg og vera godt førebudde når dei byrjar på skulen. Alle barn må få delta aktivt i eit inkluderande fellesskap Det er viktig å gi god og tidleg støtte til barn som treng ekstra omsorg og tilrettelagt tilbod. Godt tverrfagleg samarbeid Overordna mål fastsett av kommunestyret 16.12.2010: Tek utgangspunkt i Barnehagelova som seier: "Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. (Endring i lov gjeldande fom 01.08.2010) Ha full barnehagedekning med høg kvalitet på tilbodet. Frå august 2009 vart det lovpålagt rett til barnehageplass. Ha tilstrekkeleg med plassar slik at ein kan ta inn nye born i løpet av året. Gje eit variert og brukartilpassa tilbod, som - så langt råd er - er tilpassa barn og foreldre sine behov. Leggje til rette for at barna også får aktivitetar utanfor barnehagen sine lokale og område, dvs gjer seg nytte av nærmiljøet og naturen. Styrke det pedagogiske tilbodet i barnehagane med faglege satsingsområde og kompetanseheving. Syte for at barnehagepersonalet er i stand til å gje omsorg og opplæring i samsvar med sentralt gjevne føringar og målsetjingar. 5

Vedtekter for barnehagane i Luster kommune 01.01.2009 Etter barnehagelova 7 skal alle barnehagar, uansett eigarform, ha vedtekter med opplysningar som er viktige for foreldre/foresatte sitt forhold til barnehagen. Med utgangpunkt i lovverket er det utarbeida vedtekter for barnehagane og felles overordna mål som er vedtekne av kommunestyret som leiande organ for Luster kommune. Andre lover og forskrifter som barnehagen må følgje: Opplæringslova 5.7 Forvaltningslov Kommunelov Forskrift om miljøretta helsevern Forskrift om saksbehandling ved barnehageopptak Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar Forskrift om sikkerhet ved lekeplassutstyr Arbeidsmiljølova Personopplysningslova 6

3. Pedagogisk grunnsyn/mål Felles mål for barnehagane i Luster kommune er at alle barn som har gått i barnehage skal få mest mogeleg like verdiar og haldningar med seg vidare i livet. Særleg viktig er sosial kompetanse, meistring og godt sjølvbilete. Kva er ein god barnehage? Forsking viser at den viktigaste faktoren er å fremje barns utvikling. I tillegg er det viktig med tett samarbeid mellom personalet og foreldre. Andre faktorar er: Samspelet mellom vaksne og barn byggjer på at vaksne er lyttande, omsorgsfulle og tilgjengelege Godt utdanna personale som er engasjerte i sitt arbeid med barn Rammer som er sikre, hygieniske og tilgjengelege for foreldre Gruppe størrelsar som gjer det mogeleg for dei vaksne å samhandle med barna på ein god måte Personalutvikling som sikrar kontinuitet, stabilitet og forbetring. Ein utviklingsorientert læreplan Steg for steg I perioden juni 2010 juni 2013 skal alle barnehagane ha ei felles satsing på det pedagogiske opplegget Steg for Steg. Satsinga vart starta med felles kursdag for alle barnehagetilsette på planleggingsdagen 18. juni 2010 og vil vera hovudtema for innhaldet i barnehagekvardagen dei komande 3 åra. Steg for steg er eit pedagogisk verktøy som er med på å utvikla barn i barnehagen sin sosiale kompetanse. Steg for steg har tre hovedfokus: empati, problemløysing og meistring av sinne Empati evne til å kjenne igjen eigne og andre sine kjennsler. Sjå ting frå andre sin synsvinkel. Setta seg inn i andre sin situasjon. Visa medkjennsle og ta omsyn til andre sine kjennsler og behov. Impulskontroll stoppe opp, tenke seg om, bestemma kva problemet er, vurdera ulike løysningar, velja den beste løysinga Meistring av sinne læra teknikk på å handtera impulse, aggressive reaksjonar, for å greie å halde seg roleg i ein provoserande situasjon. Det er lov å bli sint. Viktig kva ein gjer med sinnet. Treng ikkje vera negativt. Rutinar for å meistre sinne kan hjelpe alle til å gjenkjenne, forstå og meistre sinne. Mål: Auka barns sosiale kompetanse gjennom positiv sosial atferdstrening. Styrka barns sjølvbilete og gjera dei i stand til å omgå andre på positiv måte. 7

Samanfatte Steg for Steg arbeidet i forhold til dei 7 fagområda og leik/læring 8

4. Samarbeid Barnehagen skal samarbeide med dei ulike instansane for å sikre god og heilskapleg oppføljing av det enkelte barnet. Barnehagane samarbeider med nærliggande skule, barnevern, helsestasjon og BUP for å ivareta barna best mogeleg. Barnehagane samarbeider tett med PPT som har gode samarbeidsrutinar i det sakkyndige arbeidet og i oppfølgingsarbeidet. HSP-team (helse, sosial, psykisk helse) blir gjennomført to gonger pr år. Innarbeidde rutinar vil bli evaluerte med jamne mellomrom for å få til eit best mogeleg tilbod. Barnehagen sine ulike samarbeidspartar kan vere: Mellom barnehagar Foreldre Overgang bhg-skule PPT Barnevern Helsestasjonen BUFA Andre instansar Foreldresamarbeid Barnehagen er plikta å ha eit godt samarbeid med foreldre/føresette. For å sikre dette samarbeidet skal barnehagen ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval. Foreldre skal ha høve til å medverke til innhaldet i barnehagekvardagen. For å synleggjere dette samarbeidet har foreldregruppene til kvar enkelt barnehage svart på to spørsmål om innhaldet i barnehagen. Nokre av punkta vel me å synleggjere i fagplanen vår: 1. Kva vil du at tida i barnehagen skal gi ditt barn? Sosial kompetanse Godt sjølvbilete og bli sjølvstendig Respekt for andre Gode opplevingar Mykje leik og moro 2. Kva meinar du er viktige verdiar og god kvalitet i barnehagen? Ha godt fagleg kvalifisert personale Barn som opplever tryggleik, omsorg, leik og læring Læra å ta vare på seg sjølv, andre og naturen Læra grenser og sosiale relasjonar God kommunikasjon mellom heim og barnehage 9

Brukarundersøking Det vert gjennomført brukarundersøking i barnehagane kvart andre år. Resultat frå denne undersøkinga vert grunnlag for vurdering og det vidare arbeid i den enkelte barnehage. Dette er ein del av foreldresamarbeidet og foreldre/foresatte sin mogelegheit til medverknad. Jfr Barnehagelova Kap 2. 10

5. Barnehagetilbodet i Luster kommune 2011 2017 Tenesteområdet barnehage er organisert i 10 resultateiningar, der kvar barnehage er ei eiga eining. For Veitastrond barnehage ligg ansvaret i 2010/11 til vedkomande som har rektoransvaret ved Veitastrond skule. Personale Barnehagelova seier: barnehagane skal ha ein dagleg leiar som har utdanning som førskulelærar eller anna høgskuleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse. Og vidare pedagogiske ledere må ha utdanning som førskolelærer. Når det gjeld bemanninga elles seier lova berre at den må vere tilstrekkeleg til å drive en tilfredsstillende pedagogisk virksomhet. Ho seier ikkje noko om bestemt krav til tal vaksne pr barn. Luster kommune ligg på ein standar med ein vaksen pr seks barn over tre år og ein vaksen pr tre barn under tre år. Personalet i barnehagen må ha ei aktiv rolle når det gjeld barns læringsprosessar. Dei skal dele av sin kunnskap og vise engasjement. Personalets faglege og personlege kompetanse er barnehagens viktigaste ressurs og grunnlag for at barnehagen skal vera ein god arena for omsorg, leik, læring og sosial utjamning. Alle har ansvar for å møte barn med omsorg og respekt og bidra til at læringsmiljøet gjev utfordringar som er tilpassa det enkelte barnets alder og funksjonsnivå. (St.mld 41.) Fagleg kompetanseheving Kompetanseheving - Leiarutdanning Som ein del av prosjektet Sats på skulen snu Sogn er det lagt opp til ei regional kvalitetsutvikling av barnehagane i Sogn frå 2011. Med utgangspunkt i St.mld. 41 Kvalitet i barnehagen og med økonomisk støtte frå KS, Utdanningsforbundet, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og dei aktuelle kommunane, blir det i november starta leiarutdanning for styrarar og pedagogiske leiarar i barnehagane i Sogn. Luster kommune deltek med åtte styrarar på denne vidareutdanninga som er lagt opp med åtte samlingar i perioden 2011 2013. Pedleiarnettverk Nettverksarbeid for pedagogiske leiarar i alle barnehagane vert vidareført med to samlingar (haust og vår). Tema for samlingane vidare vert fokus på satsinga Steg for steg. Målet med nettverksarbeidet er auka kvalitet på det faglege innhaldet i barnehagekvardagen, utveksle erfaringar og løyse ulike problemstillingar på tvers av barnehagane. 11

Regionalt barnehagenettverk Luster er ein av kommunane i Indre Sogn som er med i regionaltnettverk for barnehagane. Det vert årleg tildelt midlar frå Fylkesmannen for kompetanseheving for alle barnehagetilsette. For 2010 vart det tildelt kr 150 000,- fordelt på dei 8 kommunane i Indre Sogn. Desse midlane vert nytta til kompetanseheving i form av kurs på planleggingsdagar, barnehagekonferanse og leiarkonferanse. Tema på desse samlingane omhandlar aktuelle satsingsområde ut frå felles statlege og kommunale føringar. Lokale styringsdokument Årsplanar, som inneheld månadsplanar og temaplanar Årsplan skal skilde innhaldet i barnehagetilbodet i den enkelte barnehage, og vedtakast i samarbeidsutvalet (SU) til barnehagen. Kompetanseplan Barn i sorg og krise Plan for overgangar (barnehage/skule) Handlingsplan mot mobbing IKT plan Lokale planar Tenesteplan Pedagogisk utv arbeid/felles satsingsområde Kvalitetssystem LKK Entreprenørskapsplan Barnehageinntak Frist for å søke barnehageplass ved hovedinntak er sett til 01.02. Inntak skjer elektronisk via dataprogrammet IST barnehage. Inntaket vert føreteke med utgangspunkt i inntakskriteriar som er nedfelt i Vedtekter for barnehagane i Luster kommune 01.01.2011. Søknad om barnehageplass kan skje kontinuerleg gjennom barnehageåret så lenge den enkelte barnehage har kapasitet til å imøtekome søknadane. I kapasitet ligg areal og bemanning. Fagplanen er utarbeida av styrargruppa for alle tilsette i alle barnehagane i Luster kommune. Godkjent i styrargruppa 07.04.2011 12