Rådmannen - personal og organisasjon Bakgrunn for kompetansekartlegging KOMPETANSEKARTLEGGING Rettleiar Det vart i tariffoppgjeret 2008 semje mellom partane å gjennomføre ei kompetansekartlegging av alle tilsette. Kompetansekartlegging er viktig for å bli bevisst kva for ressursar organisasjonen innehar, og for kompetansestyring i tråd med verksemda sine kompetansekrav. Kompetansekartlegging vil og vere eit grunnlag for lokale lønsforhandlingar, jfr. HTA kap.3: Lønnssystemet byggjer på at det skal vera ein naturleg samanheng mellom den enkelte arbeidstakar sitt utdanningsnivå, real- og formalkompetanse, kompetanseutvikling og lønnsutvikling. Tilsette skal sjølv registrera sin kompetanse. Leiarane vil og få tilgang til tilsette sin kompetanse. Når du har lagt inn kompetansen din vert den lagra der, og vil automatisk komme opp ved søknad på ledige stillingar i kommunen. Du er sjølv ansvarleg for ajourhold av din kompetanse. Tilsette med tilgangar i HRM skal gå inn på HRM og velje min side for å registrere kompetanse. NB! Brukarnamn og passord første gong du registrerar deg: 1. Dette gjeld tilsette med privat e-post adresse og tilsette med kommunal e-post adresse som ikkje har tilgangar i HRM Du skal gå inn på Luster kommune si heimeside og klikke på fana øvst i bildet FOR TILSETTE Når du klikar på fana vil du få opp lenkje til kompetansekartlegging. Når du klikkar på den vil du vidare kome inn i bildet i Visma. Her loggar du inn på Glemt brukarnavn /passord. Du legg så inn e- postadressa du ønskjer å få nytt passord og brukarnamn tilsend til. Gå tilbake til din e-post og følg rettleiinga her. Då vil du få opp bildet som vist under.
Du skal trykke på send-knappen. Systemet vil då generere eit nytt passord som du får tilsendt i ein ny e-post. Denne inneheld nytt passord og brukarnamn. Når du loggar inn ( bruk loggen i den første e-posten du fekk og logg inn på same adresse (https://rekruttering.sfj.no/luster/enterprise.1) Skriv inn brukarnamn og passord og fortset med pil til høgre. NB! Tilsette med kommunal e-post adresse skal her bruke, 26+dei 6 bokstavane du får oppgitt i e-posten Tilsette med privat skal bruke namnet sitt Passord kan du endra sjølv når som helst når du er pålogga. Endre passord og e-postadresse Sjå forklaring i bilete
Eigen kompetanse Kompetanse ligg som eige menypunkt under Meg selv, deretter går du til kompetanse. Innan dei ulike kompetanseområda er det i dei fleste felta lagt inn førehandsdefinerte val. Prøv å nytte desse vala so langt råd er. Legg gjerne inn meir utfyllande informasjon i feltet Beskrivelse. Registrera kompetanse Registrering av kompetanse skal ein gjera direkte i bildet ved å velja Legg til eller Rediger. Du vil då få tilgang til registreringsfelt. Du kan lagre data og gå inn og redigere eller legge til.
Ordinære kompetanseliner For å registrera ny kompetanse, klikkar du på Legg til på linja for den aktuelle kompetansegruppa. Om du vil endra allereie registrert linje, klikkar du på linja. Legg inn informasjon i dei ulike felta. Felt som er merka med * (stjerne) er obligatoriske. Du kan ikkje lagra ei linje utan verdi i desse felta. Om det er feil eller manglar ved registrering når du prøver å lagre, vil du få melding nederst i registreringsbildet om kva du må endra. Merk at dersom du registrerar ein pågåande kompetanse, set du huke i feltet Dags dato. Du treng då ikkje å legge inn verdi i feltet Til. Kompetansegruppa Undervisningsfag : Det er spesielt viktig at undervisningspersonell legg inn kva undervisningsfag dei har og kor mange studiepoeng kvart fag utgjer. Yrkesrelevante kurs Her skal ein registrera kurs av ein viss varigheit og som er relevant for den stillinga ein har. 1. Yrkesrelevante kurs som har ein varigheit på 4 dagar eller meir, unnatak av førstehjelpskurs. 2. Kurs som gir studiepoeng skal ein registrere under utdanning. Andre kvalifikasjoner Under andre kvalifikasjonar kan brukaren skrive inn fritekst på inntil 3 spørsmål/emne som er angitt. Karriereinformasjon:
Øvst i bildet kjem det fram feltet for Karriereinformasjon, det er til stor fordel om du legge inn data her, som fortel om din noverande status og arbeidsoppgåver, eksamsår for hovudutdanning, CV-tittel. Etter utført registrering oppmodar vi alle til å skrive ut sin eigen CV ved å klikke Utskriftsvenleg øvst til høgre i bildet. Pårørande I Menylinja øvst finn du og ein link der du kan registrere pårørande. Tips: Det kan vere nyttig å ha relevant dokumentasjon tilgjengeleg når du registrerer kompetansen. Ansvarleg for gjennomføring av kartlegginga er og kontaktpersonar: Margunn Hillestad - tlf. 57 68 55 97 Gunvor Kjos-Wenjum - tlf. 57 68 55 75 Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom arbeidstakar- og arbeidsgivarsida i alle landets kommunar og oppmodar difor alle tillitsvalte og leiarar til å engasjere seg og motivere tilsette til å gjennomføre denne kartlegginga. LUKKE TIL