VEDTEKTER 1 FOREININGA SITT NAMN OG FORMÅL Namn 1.1 Foreininga sitt namn er: Suløen Båtforening. Formål 1.2 Suløen Båtforening er ei allmennyttig, ikkje kommersiell demokratisk medlemsforeining, som har som mål å skaffe hensiktsmessig hamn og vinteropplag med slippsetting for medlemmane sine båter, opparbeide småbåthamner, opplag- og naustplassar samt drift av foreninga sitt anlegg til beste for medlemmane på ein slik måte at der vert eit miljø der medlemmane kan samlast og trivast. 1.3 Foreningens formål er å fremje det individuelle og samla båtliv sine interesser på vegne av medlemmane og allmenta, ved å: 1) Virke for etableringa av og forestå drifta av fritidsbåthavner 2) Virke for fritidsbåtlivet som rekreasjon og kystkultur 3) Virke for kunnskap om sjøvett, sikkerheit, kystkultur og marint miljøvern 1.4 Ivareta medlemmane og allmenta sine interesser og rettar til bruk av skjærgården, sjøen og havet som rekreasjonsområde og til anna privat fritidsbasert bruk. 1.5 Samarbeide med andre private organisasjonar og offentlege styresmakter til fremje av båtlivet og båtfolket sine interesser Foreningen sitt formål er ikkje-økonomisk og eventuelle overskot på økonomiske aktivitetar kan i den utstrekning det ikkje vert avsett til framtidig oppfylling av foreningen sitt formål, berre disponerast utanfor foreningen til tilsvarende formål i regi av KNBF eller anna båtforening som er tilknytta KNBF og som er registrert i Frivillighetsregisteret. 1.6 Vidare arbeide for andre saker som har naturleg tilknyting til foreninga. 1.7 Leiarane av alle komitear og utval er ansvarlege for å rapportere til styret om sitt arbeid. Dersom det er vesentlege saker som dukkar opp, skal leiaren for styret verte informert om dette utan ugrunna opphald. 2 MEDLEMSKAP Innmelding 2.1 Alle som ønskjer det, kan verte medlemmar i foreninga. Medlemskapet gjeld frå det tidspunkt kontingent er betalt. Medlemstypar 2.2 Foreninga har 3 forskjellege medlemstypar, og medlemmane velgjer sjølv kva kategori dei høyrer til. A- medlem, medlem som har båtplass og deltek i vakthald og dugnad. B- medlem, medlem som har båtplass og ikkje deltek i vakthald og dugnad. C- medlem, medlem som ikkje har båtplass. Ansvar og plikter 2.3.1 Medlemmene er ikkje økonomisk ansvarlege for anna enn innskuddet i foreininga. 2.3.2 Medlemmene må rekne med å ta på seg tillitsverv. 2.3.3 Medlemmene skal rette seg etter dei vedtekter og reglar som til ei kvar tid er gjeldande for foreininga. 2.3.4 Kvart medlem er ansvarlege for sjølv å varsle foreininga sitt styre om forandring av postadresse, telefonnummer og E-postadresser, då dette er foreininga sitt høve til å varsle om møteinnkallingar og til dømes kritiske forhold ang. båt/båtplass. Side 1 av 4
2.3.5 Å ha gyldig ansvarsforsikring for den båten medlemmet har liggande i hamna. 2.3.6 Å betale kontingent, avgifter og innskot til rett tid. 2.3.7 Å melde fra til rette vedkomande (komiteleiar, -medlem eller vakt) om alle uregelmessigheter. 2.3.8 Å verne om foreninga sine interesser og bidra til orden og reinsemd i hamna, på opplagsplassen, og i foreininga sine lokaler. Utmelding 2.4 Utmelding av foreininga skal sendast skriftleg til styret. Regelbrot/konsekvensar 2.5.1 Medlemmar som ikkje følgjer gjeldande vedtekter, regler, eller som på annan måte oppfører seg uakseptabelt, kan verte suspendert eller ekskludert frå foreininga. 2.5.2 I slike høve vil medlemmet miste retten til båtplass i samme tidsrom som utestengelsen. Styret avgjer slike saker. 2.5.3. Eit medlem som vert suspendert, ekskludert eller mister båtplassen sin etter vedtak i styret, kan anke saka inn for første påfølgjande årsmøte, der saka vert avgjort med simpelt fleirtal. Medlemet skal ha båtplassen sin til anka er handsama. 3 KONTINGENT 3.1 Medlemskontingent for kalenderåret skal vere betalt innan forfall. Unntak er innmelding for nye medlemmar. 3.2 Ved manglande innbetaling kjem det til purregebyr. 3.3 Dersom eit medlem ikkje har betalt etter 2. gongs purring, vert medlemmet tilskreve med melding om at medlemskapet i foreininga kan verte oppsagt etter vedtak i styret. 3.4 Medlemmane kan ved betaling av kontingent sjølv velgje medlemskategori iht 2.2. 4 Medlemmane sine rettar Kvart medlem har rett til: 4.1 Tildeling av ein hamneplass for eigen båt i foreningen si hamn når betingelsane for det ligg føre i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande hamnereglar. 4.2 Tildeling av ein opplagsplass for eigen båt om vinteren og eventuelt slippsetting i sommerhalvåret når betingelsane for dette ligg føre i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande reglar for hamn/opplag. 4.3 Eit medlem kan overdra sitt medlemskap til ektefelle, registrert sambuar eller barn, det same gjeld ved medlemmet sin bortgang. Vedkomande tek over medlemmet sine rettar. 5 FOREININGA SI ORGANISERING OG DRIFT 5.1 Årsmøtet er foreininga si øverste myndigheit. 5.2 Styret leiar foreininga iht. vedtektene mellom årsmøta. 5.3 Andre komitéar og utvalg kan velgjast eller utnemnast av årsmøtet eller styret, og utfører oppgåver iht. instruksar eller dei rammene som vert gitt av oppdragsgivar. 5.4 Leiarane av alle komitear og utvalg er ansvarlege for å rapportere til styret om sitt arbeid. Dersom det er vesentlege saker som dukkar opp, skal leiaren for styret verte informert om dette utan ugrunna opphald. 6 ÅRSMØTE Generelt 6.1 Årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av februar. 6.2 Alle medlemmar har møte, tale- og stemmerett på årsmøtet ved personleg frammøte Innkalling 6.3 Styret innkaller til møtet med minst 21 dager varsel. Side 2 av 4
6.4 Innkallingsprosedyre: a) Innkalling vert sendt på E-post til medlemmar som har opplyst slik adresse. b) Medlemmar uten E-postadresse får tekstmelding på mobiltelefon dersom mobiltelefonnummer er opplyst. c) Medlemmar utan E-postadresse eller mobiltelefon får skriftleg innkalling. d) Det vert lagt inn på foreininga si heimeside informasjon om årsmøte, stad, dato, klokkeslett og varsel om frist for å sende inn forslag til årsmøtet. 6.5 Saksliste vert offentleggjort seinast 2 dagar før møtet, og vert sendt på E-post til medlemmer som har opplyst slik adresse. Innmelding av saker til årsmøtet 6.6 Medlemmane har rett til å kome med forslag til forandring i vedtektene, eller ta opp saker som sorterer under foreininga. 6.7 Slike forslag må vere komen til styret seinast 2 veker før årsmøtet eller den frist som styret set for slike forslag men berre dersom slik frist er nærmare årsmøtet. Vedtak og gyldigheit 6.8 Årsmøtet har vedtaksrett når minst 20% av medlemmane er til stades. Vert frammøtet for lite, skal det fastsettast ekstraordinært årsmøte, som har vedtaksrett, utan omsyn til antall frammøtte medlemmar. 6.9 Årsmøtet sine vedtak vert gjort med simpelt fleirtal. 6.10 Ved stemmelikheit avgjer leiaren, eller ved leiaren sitt fråver, nestleiaren si stemme saka. 6.11 Forandringar i vedtektene må ha 2/3 fleirtal av dei frammøtte. 6.12 Gjennomføring av møtet Registrering av frammøte. Godkjenning av innkalling Valg av møteleiar. Valg av referent. Valg av 2 personar til underskriving av årsmøteprotokoll. Valg av tellekorps. Årsmelding. Revidert regnskap. Saker fremja av styret eller einskildmedlemmar. Fastsette kontingenten sin storleik. Valg. Alle valg skal gjerast skriftleg dersom det er forslag på fleire personar enn dei som skal velgast. Ved stemmelikheit skal det avgjerast ved loddtrekning. 6.13 Valg av styre (Skal vere 5 faste medlemmar og 2 vararepresentantar) - Leiar, for 1 år. - Andre styremedlemmar skal velgast for 2 år av gongen, dvs 2 medlemmar kvart år. Kven som skal skiftast ut første gongen skal avgjerast ved loddtrekning - 2 varamenn til styret for 1 år. - Valg av hamnekomité (Skal vere 5 faste medlemmar, her medrekna 1 styremedlem) Medlemmane av hamnekomitéen vert valgt for 2 år av gongen, dvs 2 medlemmar kvart år. Kven som skal skiftast ut første gongen skal avgjerast ved loddtrekning. Styret vel sjølv sin representant på første styremøte etter årsmøtet. - Valg av valgkomité: (Skal vere 3 personar) Leiar vert valgt for 1 år. 1 medlem vert valgt for 1 år og 1 medlem for 2 år - Valg av evt. andre komitéar/nemder etter innstilling frå styret/årsmøtet. - Valg av revisor for 1 år. Side 3 av 4
7 STYRET 7.1 Samansetting Foreininga sitt styre skal vere 5 faste medlemmar og 2 vararepresentantar. De faste medlemmane skal vere: Leiar, nestleiar, sekretær, kasserar og 1 styremedlem. 7.2 Oppgåver og fullmakter Styret konstituerer seg sjølv. Styret leiar foreininga iht. vedtektene mellom årsmøta. Det skal ivareta laget sin økonomi og andre interesser, samankalle til møter, legge frem årsmelding og revidert regnskap på årsmøtet. Fungerande leiar saman med eit anna styremedlem kan etter styrevedtak underteikne kontrakter på foreininga sine vegne. 7.3 Styremøter Styret vert kalla saman av leiaren når han, eller andre medlemmer i styret finn det nødvendig. Varamedlemmene bør kallast inn til styremøta for å vere oppdatert på foreininga sitt arbeid. -Første varamedlem har stemmerett dersom eit av styret sine faste medlemmar ikkje er til stades. -Andre varamedlem har stemmerett dersom to eller fleire av styret sine faste medlemmar ikkje er til stades. Representantar frå foreininga sine komitéer og utval kan innkallast til alle styremøter. Dei har då talerett på lik linje med styremedlemmane, men ikkje stemmerett. Det skal førast protokoll frå kvart styremøte, og protokollane skal vere tilgjengelege for årsmøtet. Styret har vedtaksrett når minst 3 av styret sine medlemmar er til stades. Ein av desse skal vere den valgte leiar eller nestleiar. Ved stemmelikheit avgjer leiaraen, eller ved leiaren sitt fråver nestleiaren si stemme saka. 8 HAMNEKOMITÉ Samansetting 8.1 Hamnekomitéen skal vere 5 faste medlemmar. Hamnekomitèen skal sjølv velgje: - Hamnesjef. - Sekretær. - Kasserar. Sekretær og kasserar kan vere ein og same person, men ikkje samtidig vere hamnesjef. Oppgåver 8.2 Hamnekomitéen konstituerer seg sjølv innan ei veke etter årsmøtet. Og gjev melding til styret. 8.3 Hamnekomitéen syter for den daglege drifta av bryggeanlegga og havneområdet. Hamnekomitéen rapporterar til styret og arbeider etter styret sine tilvisingar. 9 EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE Innkalling 9.1 Styret skal, om det finn det nødvendig, eller når minst ¼ av medlemmene krev det, innkalle til ekstraordinært årsmøte. Innkallinga skal gjerast kjent med minst 14 dager varsel. Innkallingsprosedyre iht 6.3 og 6.4 Saksliste skal leggast ved innkallinga. Vedtak og gyldigheit 9.2 Det kan berre gjerast vedtak i saker som står på sakslista. Ingen andre saker kan verte handsama på ekstraordinært årsmøte. Ekstraordinært årsmøte har vedtaksrett utan omsyn til antall frammøtte medlemmar. Side 4 av 4
10 FORTOLKNING AV VEDTEKTENE Fortolkning av vedtektene skal avgjerast på årsmøtet, evt. ekstraordinært årsmøte, med simpelt fleirtal. Det same gjeld vedtak i forhold det ikkje er reglar for. 11 ENDRINGAR AV VEDTEKTENE Endringar av vedtektene kan berre vedtakast på eit årsmøte eller ekstraordinært årsmøte. Forandringar i vedtektene må ha 2/3 fleirtal av dei frammøtte. 12 OPPLØYSING AV FOREININGA Foreningen kan oppløysast etter forslag frå styret eller 1/5 av medlemmane. Forslaget må vere innsendt innan 1. januar og skal leggast fram som sak på årsmøtet. Oppløysing av båtforeininga kan berre vedtakast på eit årsmøte eller ekstraordinært årsmøte med ¾ fleirtal, der minst 50% av A- og B-medlemane er til stades. Dersom det vert gjort vedtak om oppløysing, skal styret sitt forslag til korleis dette skal utførast opp til behandling direkte, og avgjerast ved simpelt fleirtal. Vert oppløysing vedteke med minst ¾ fleirtal, skal det innkallast til ekstraordinært årsmøte innan 3 - tre mnd. For at oppløysing kan skje må vedtaket verte vedteke på nytt med ¾ fleirtal. Dersom foreningen vert oppløyst, skal foreningen sine overskotsmidlar tilfalle "Norsk Selskap til Skibbrudnes Redning". Samanslutning med anna forening vert ikkje godkjendt som oppløysing, og skal behandlast som vedtektsendring. (underpunkt fjerna) Medlemmar som er hindra frå å møte, kan før møtet gje skriftleg stemme til styret. 13 NÅR TEK DESSE REGLANE TIL Å GJELDE Vedtektene med endringar gjeld frå 25.02.2014 Side 5 av 4