I samband med krava Fylkesmannen har sett, vil ikkje tiltaket føre til vesentleg auka utslepp til ytre miljø.

Like dokumenter
Løyve til tiltak etter forureiningslova. Kværner Stord AS

Løyve til mottak, mellomlagring, handsaming og gjenvinning av brukt strøsand for Løvaas Maskin AS

Det er sett krav til støvreduserande tiltak og rapportering kvar månad.

Endring av løyve etter forureiningslova for Bjørkhaug Arbeidsfellesskap

Løyve til verksemd etter forureiningslova for Statens vegvesen Region vest for E134 Stordalen

Løyve til verksemd etter forureiningslova. Austevoll Vatn og Avløp SA

Løyve til å ta mot og mellomlagra farleg avfall. for Kjosås Maskin AS i Sandvenhagen

Løyve til mottak, mellomlagring, handsaming og gjenvinning av strøsand for Løvaas Maskin AS

Denne tillatelsen gjelder fra 15. august 2016 til 1. november 2016.

Mellombels løyve til mottak, mellomlagring, handsaming og gjenvinning av brukt strøsand for Løvaas Maskin AS

Tillatelse til mottak og mellomlagring av farlig avfall for Oppland Miljøteknikk AS i Øyer kommune

Løyve til verksemd etter forureiningslova for. Synnøve Finden AS, avd. Hardanger

Tillatelse etter forurensningsloven til utslipp fra forbrenningsanlegg for Maritime Møbler AS

Løyve etter forureiningslova til drift av avfallsanlegg for NOBI Voss AS

Rapport frå inspeksjon ved FLO Vedlikehold, Bergen UVB 6. november 2014 Rapportnummer: I.FMHO

Grunnforureining gbnr 97/2 - Luster - Oversending løyve

Løyve til mellombels utslepp etter forureiningslova til Bane NOR for driving av ny Ulriken tunnel

Løyve etter forureiningslova til Øre Vilt SA i Gjemnes

Løyve til å mudre i hamna på Sandvikvåg og flytte massane til djupare vatn

Tillatelse til mottak og omlasting av metallavfall Norsk Gjenvinning Metall AS - Kvam i Nord-Fron kommune

Løyve til verksemd etter forureiningslova for Kvamskogen vassverk

FYLKESMANNEN I TELEMARK Vedlegg 1

Rapport frå inspeksjon ved Norsk Gjenvinning Industri AS avd. Knarrevik 25. august 2015 Rapportnummer: I.FMHO

Tillatelse til mottak og mellomlagring av farlig avfall for Brdr. Grønnerud AS i Gjøvik kommune

FYLKESMANNEN I TELEMARK, miljøvernavdelinga. Løyve til verksemd etter forureiningslova for Renovest IKS, Litveit slammottak

Tilleggsvilkår til løyvet for mottak av betong og asfaltmassar ved Kjosås Maskin AS sitt anlegg i Tolomarka, Kvam herad

Rapport frå inspeksjon 18. oktober 2012

Tidsbegrenset tillatelse til virksomhet etter forurensningsloven for Metallco Stene AS til mottak og midlertidig mellomlagring av shredderavfall

Endring av løyve til utslepp i samband med skumtesting av helikopterdekk -

Utsleppsløyve etter forureiningslova til Statens vegvesen Region vest for utfylling i Liavatnet

Endeleg rapport frå inspeksjon 18. oktober 2012

Løyve til drift av avfallsanlegg etter forureiningslova. Etne Containerservice

Tillatelse til virksomhet etter forurensningsloven. for. Risavika Gas Centre DA

Rapport frå inspeksjon 24. oktober 2012

1. Informasjon om verksemda. 2. Bakgrunnen for inspeksjonen. 3. Oppfølging etter inspeksjonen

Løyve til verksemd etter forureiningslova. Hardanger Energi AS

Tillatelse til virksomhet etter forurensningsloven. Bossnett AS

Rapport frå inspeksjon ved Norsk Gjenvinning Knarrevik - Mottak farleg avfall

Tillatelse til virksomhet etter forurensningsloven for. Glava - Askim

Tillatelse etter forurensingsloven til mottak og mellomlagring av farlig avfall for J.O. Moen Miljø AS i Rauma kommune

Tillatelse etter forurensningsloven til å drive tankrensing som medfører farlig avfall for Redforce AS

Fylkesmannen i Hordaland fann 2 avvik innan følgjande tema under inspeksjonen: Drift og lagring Internkontroll

Brevet er sendt per e-post til: og

Midlertidig tillatelse til virksomhet etter forurensningsloven for Norbetong AS i Holmestrand

Tillatelse til virksomhet etter forurensningsloven for Stena recycling sitt askesorteringsanlegg på Solgård avfallsplass

Endring av mellombels utsleppsløyve for arbeidet med Ulriken tunnel

Løyve til mottak, sortering og mellomlagring av ordinært avfall samt EE-avfall for Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS i Ulstein kommune

Tillatelse etter forurensningsloven til behandling av farlig avfall for. Ålesund kommune ved Bingsa næring

Tillatelse til virksomhet etter forurensningsloven. for. GipsRecycling Norge AS

Tillatelse til virksomhet etter forurensningsloven for. Franzefoss Gjenvinning AS avd. Hareid

Rapport frå inspeksjon ved RGS Nordic AS - Mongstad

Rapport frå inspeksjon ved Baca Plastindustri AS 8. november 2016 Rapportnummer: I.FMHO

Rapport frå inspeksjon ved Jackon AS avd. Bergen 4. november 2016 Rapportnummer: I.FMHO

FYLKESMANNEN I ROGALAND

Rapport frå tilsyn 17. juni 2016 ved Marine Harvest Norway AS sitt settefiskanlegg på lokaliteten Kvinge S i Masfjorden kommune

Rapport frå inspeksjon 18. april Resultat frå inspeksjonen. Gunnebo Anja Industrier AS 5282 Lonevåg. Rapportnummer: I.

Løyve til mellombels utslepp etter forureiningslova til Bybanen Utbygging for bygging av traséen mellom Lagunen og Flesland

Rapport frå inspeksjon ved Tor Henning Paulsen AS

Fylkesmannen i Hordaland fann 2 avvik innan følgjande tema under inspeksjonen: Internkontroll vilkår i løyvet til drift av sorteringsanlegget

Løyve til drift av avfallsanlegg for Kjosås Maskin AS i Sandvenhagen

Tillatelse til deponering av asbest for Norsk Gjenvinning AS

Fylkesmannen i Hordaland fant 2 avvik under inspeksjonen innan følgjande tema:

Denne tillatelsen endrer og erstatter tillatelse gitt av Fylkesmannen

Tillatelse til virksomhet etter forurensningsloven. Statens vegvesen Region Midt

Rapport frå inspeksjon ved Brakedal Settefisk AS 25. august 2015 Rapportnummer: I.FMHO

Løyve til verksemd etter forureiningslova for Seljord kommune - Seljord vassbehandlingsanlegg

Løyve til mottak, mellomlagring og handsaming av betong og asfalt for GBS Entreprenør AS

Løyve til mottak, mellomlagring og handsaming av betong og asfalt i Tolomarka

Endring av løyve til drift av avfallsanlegg for Kjosås Maskin AS, Sandvenhagen

Tillatelse til virksomhet etter forurensningsloven. for. VESTFOLD METALL Rousalis

Tillatelse til virksomhet etter forurensningsloven. for Trondheim havn IKS

Løyve til utfylling av steinmassar i sjø i Grunnavågen i Stord, Erko Settefisk AS

Løyve etter forureiningslova til mottak og mellomlagring av farleg avfall for Retura Søre Sunnmøre AS i Ørsta kommune

Tillatelse til virksomhet etter forurensningsloven. for utfylling i sjø fra land

Dato for inspeksjonen: 08. januar 2015 Rapportnummer: I.FMHO (farleg avfall) og I.FMHO (sorteringsanlegg)

Tillatelse til behandling av oljeholdig vann fra skip og verkstedsvirksomhet

FYLKESMANNEN I TELEMARK, miljøvernavdelingen

Statens Vegvesen Region Midt. Dolmsundet. Fylkeshuset, 6404 Molde. Hitra kommune, Sør-Trøndelag

Tillatelse til virksomhet etter forurensningsloven for Johnson controls autobatteri AS til mottak og mellomlagring av kasserte

Tillatelse til virksomhet etter forurensningsloven. for Aqua Gen AS

Tillatelse til mudring i Sætervågen fiskerihavn

Fylkesmannen i Hordaland fann 3 avvik under tilsynet innan følgjande tema: utslepp frå vatn og grunn internkontroll avfallshandtering

Avvika og merknadene er nærare omtala frå side 3 og utover i rapporten.

Vår dato: Vår ref: /675 Dykkar dato: Dykkar ref: Zeben Putnam LINDUM AS Lerpeveien DRAMMEN Saksbehandlar, innvalste

Rapporten er sendt til: og

Rapport frå tilsyn ved NorBetong AS avd. Fana 22. september 2016

FYLKESMANNEN I TELEMARK, miljøvernavdelingen. Tidsbegrenset tillatelse til virksomhet etter forurensningsloven for Jan

Fylkesmannen i Hordaland fant 3 avvik og 1 merknad under inspeksjonen innan følgjande tema:

Utsleppsløyve etter forureiningslova til Statens vegvesen Region vest for tunnel ved Joberget i Granvin på Rv 13

Rapport frå tilsyn ved Ølen Betong AS avd. Fana 2. november 2016

Vilkår for tillatelse til utfylling i sjø etter forurensningsloven for Veidekke Entreprenør AS

Oversender endret tillatelse til kompostering av oljeholdig masse

Rapport frå inspeksjon 18. april Resultat frå inspeksjonen. Theodor Olsens Eftf. Sølvvareverksted AS Postboks Bergen

FYLKESMANNEN I TELEMARK Miljøvernavdelingen. Tillatelse til virksomhet etter forurensningsloven for Rolf Grohs AS

Rapport frå inspeksjon 6. mai Resultat frå inspeksjonen. Fusa mekaniske industri AS 5640 EIKELANDSOSEN. Rapportnummer: I.

Tillatelse til behandling av oljeholdig vann fra skip og verkstedsvirksomhet.

Rapport etter inspeksjon ved Stendafjellet avfallsdeponi

Heimdal Bolig AS - midlertidig tillatelse til mellomlagring av forurensede masser etter forurensningsloven

Transkript:

Sakshandsamar, innvalstelefon Mari Katrine Berg, 5557 2326 Vår dato 30.09.2016 Dykkar dato 23.03.2016 Vår referanse 2015/14369 472 Dykkar referanse Rune Ringstad Esso Norge AS, Skålevik tankanlegg Skålevikveien 107 5892 BERGEN Løyve etter forureiningslova til lagring av oljehaldig avfall for Esso Norge AS Fylkesmannen i Hordaland gir Esso Norge AS løyve etter forureiningslova til lagring av inntil 2000 m 3 oljehaldig avfall frå skip som leverer eller hentar produkt til Esso Norge AS, Skålevik tankanlegg. Verksemda må sende inn forslag på finansiell sikring for avfallet innan 31. desember 2016. Vi viser til søknad av 23. mars 2016 om løyve til lagring av oljehaldig avfall frå skip som legg til kai ved Skålevik tankanlegg. Fylkesmannen gir løyve til mottak og mellomlagring av oljehaldig avfall frå skip på visse vilkår. Løyvet er gitt med heimel i forureiningslova 11, jf. 16 og 29. Fylkesmannen har ved avgjerda vurdert forureininga frå tiltaket opp mot fordelane og ulempene som tiltaket elles vil føre til. Ved fastsetjing av vilkåra har vi lagt til grunn kva som er mogleg å oppnå ved bruk av beste tilgjengelege teknikkar. Dei utsleppa som vi reknar med har størst verknad på miljøet, har vi regulert gjennom særlege vilkår i løyvet. Utslepp som ikkje er uttrykkeleg regulert på denne måten, er omfatta av løyvet i den grad opplysningar om slike utslepp vart framlagt under sakshandsaminga eller på annan måte må reknast å ha vore kjent då vedtaket vart gjort. Dette gjeld likevel ikkje utslepp av prioriterte stoff oppført i vedlegg 1 til løyvet. Vi vil understreke at all forureining frå verksemda isolert sett er uønskt. Sjølv om utsleppa er innanfor dei fastsette utsleppsgrensene, pliktar verksemda å redusere utsleppa så langt dette er mogleg utan urimelege kostnadar. Det same gjeld utslepp av komponentar det ikkje er sett grenser for gjennom særskilde vilkår. Dette løyvet kan seinare endrast i medhald av forureiningslova 18. Endringar skal vere basert på skriftleg sakshandsaming og ei forsvarleg utgreiing av saka. Ein eventuell endringssøknad må derfor liggje føre i god tid før verksemda ønskjer endringa gjennomført. At vi har gitt løyve til forureininga, fritar ikkje erstatningsansvar for skade, ulemper eller tap som forureininga har ført til, jf. forureiningslova 56. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Miljøvern- og klimaavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: fmhopostmottak@fylkesmannen.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland

I tillegg til dei krava som følgjer av løyvet, pliktar verksemda å overhalde forureiningslova, produktkontrollova og forskrifter som er heimla i desse lovene. Nokre av forskriftene er nemnt i løyvet. For informasjon om andre reglar som kan vere aktuelle for verksemda, viser vi til Miljødirektoratet sine heimesider, www.miljødirektoratet.no og www.regelhjelp.no. Brot på utsleppsløyvet er straffbart etter forureiningslova 78 og 79. Også brot på krav som følgjer direkte av forureiningslova, produktkontrollova og forskrifter er straffbare. Bakgrunn og søknad Esso Norge AS har tankanlegg i Skålevik der det vert lagra bensin, parafin, diesel, fyringsoljer samt råstoff til asfalt. De søkjer om lagring av inntil 2000 m 3 slopp- og vaskevatn frå skipa som legg til ved tankanlegget. Avfallet skal lagrast på tank før vidare transport til godkjent mottak. Etter tidlegare regelverk hadde tankanlegg for drivstoff og olje plikt til å ta imot oljeholdig avfall frå tankskip eller andre skip på over 400 brutto registertonn. Anlegga vart regulert, etablert og drive etter den no oppheva Forskrift om etablering av mottaksordningar for avfall frå skip. Etter 1. juli 2004 er plikta til etablering og drift av mottaksordningar regulert i forureiningsforskrifta kapittel 20 om levering og mottak av lasterester frå skip. Forskrifta sett krav om at alle hamner skal ha tilpassa mottaksordning på land for levering av avfall som har oppstått når skipa har vore i drift. Mottaksordninga skal vere tilstrekkeleg til å dekke eit normalt behov for levering i hamna, utan at skipa vert unødig forseinka, jf. 20-5. Forskrifta sett ei øvre grense på samtidig lagring av 100 tonn farleg avfall frå skip. Samstundes er det, i samsvar med endringar i avfallsforskrifta kapittel 11 om farleg avfall, venta at denne grensa vert redusert til 50 tonn for å ivareta kravet i industriutsleppsdirektivet. Skip som legg til kai ved Skålevik terminal er av ein sånn storleik at mengda oljeholdig avfall frå dei gjer det formålstenleg med større mengder samtidig lagra avfall enn det kapittel 20 tillèt utan løyve frå forureiningsmynde. Fylkesmannen finn at vi kan fatte vedtak utan offentleg høyring av søknaden. Mottaket er etablert og har vært drive etter tidlegare reglar i lengre tid, og vedtak om lagring av inntil 2000 m 3 oljeholdig avfall er vurdert til å vere av mindre miljømessig betyding, jf. forureiningsforskrifta 36-7 b Unntak frå førehandsvarsling. Fylkesmannen sine vurderingar Fylkesmannen meiner å ha tilstrekkeleg informasjon for å kunne fatte vedtak i saka. Når vi avgjer om eit løyve skal gis, og ved fastsetting av vilkår, skal vi leggje vekt på dei forureiningsmessige ulempene ved tiltaket vurdert opp mot andre fordeler og ulemper tiltaket fører til, jf. forureiningslova 11. Vurderingstemaet vert supplert av krava i vassforskrifta 4 til 6 og kravet i naturmangfaldlova 7 om at prinsippa i 8 til 12 skal leggast til grunn som retningslinjer ved skjønnsutøving etter forureiningslova. I samband med krava Fylkesmannen har sett, vil ikkje tiltaket føre til vesentleg auka utslepp til ytre miljø. 2

Forhold til plan I arealdelen i kommuneplanern er området sett av til busetnad og anlegg - blanda. Verksemda er etablert i eit allereie eksisterande industriområde, og tiltaket vil ikkje føre til endring i type aktivitet. Vi vurderer derfor at verksemda ikkje er i strid med gjeldande plan, jf. forureiningslova 11 fjerde ledd. Støykrav I løyvet er det sett støygrenser som er standard krav for industriverksemder, jf. pkt. 9 i løyvet. Det er sett krav om at levering av oljehaldig avfall vekk frå tankanlegget må skje frå måndag til fredag mellom kl. 07.00 og 16.00 i ordinær arbeidstid, og elles at mottak av oljehaldig avfall frå skip må skje innanfor gjeldande regelverk. Det er ikkje naudsynt å regulere støy frå denne enkeltverksemda utover standardkrava, da verksemda ligg i eit allereie etablert industriområde. Dersom det vert naudsynt vil Fylkesmannen pålegge støymåling eller sette strengare krav. Vurdering etter vassforskrifta Næraste vassførekomst er Byfjorden. Informasjon om tilstanden i fjorden har vi funne i Vann-Nett, ein database som framleis er i utvikling. I Vann-Nett 22. august 2016 er Byfjorden vurdert til å ha moderat økologisk tilstand, og til ikkje å oppnå kjemisk god tilstand innan 2021. Tilstanden er basert på delvis klassifiserbare data. Miljømålet i vassforskrifta er at alle vassførekomstar skal ha mist god økologisk tilstand innan 2021. Ein skal ikkje tillate aktivitetar som gir dårligare miljøtilstand enn det som vassforskrifta kallar god økologisk tilstand. Tanklagringa skal skje i samsvar med krava i forureiningsforskrifta kapittel 18 om lagring av farleg avfall på tank, og det skal mellom anna vere eit oppsamlingsarrangement som minst kan oppbevare tankens volum. Løyvet omfattar ikkje utslepp til vatn utover utslepp av eventuelt overflatevatn frå oppsamlingsarrangement rundt tanken. Vi har sett krav til at oljeinnhaldet frå overflatevatnet ikkje skal overstige 5 mg/l. Dette er eit strengt krav, men analyseresultat frå verksemda over fleire år viser at dette er mogleg å få til med god drift av noverande oljeutskillar. Vurdering etter naturmangfaldlova Vi har gjort søk i Artskart og Naturbase 22. august 2016. Det er ikkje registrert naturverdiar på området til Skålevik tankanlegg som verksenda kjem i konflikt med. Kravet til kunnskapsgrunnlaget etter 8 i naturmangfaldlova 8 vurderer vi som oppfylt da saka i hovudsak er basert på eksisterande og tilgjengeleg kunnskap. Vi har derfor vurdert det at det ikkje er nødvendig å gjere vurderingar etter dei andre miljøprinsippa i naturmangfaldlova 9 til 12. Konklusjon Vi har vurdert dei forureiningsmessige ulempene opp mot dei samfunnsmessige fordelane. Dersom aktiviteten blir drifta med gode rutinar og i samsvar med utsleppsløyvet, vil miljøforholda bli tilfredstillande tatt vare på. Fylkesmannen gir difor løyve etter forureiningslova. I tillegg til dette løyvet kan verksemda handtere avfall innanfor forureiningsforskrifta kapittel 20 om levering og mottak av avfall og lasterestar frå skip. 3

Finansiell sikring Etter er endring i avfallsforskrifta kapittel 11 om farleg avfall skal alle anlegg for mottak og mellomlagring av farleg avfall ha finansiell sikring. Sikringa skal dekke kostnadar knytt til handtering av avfallet dersom verksemda vert lagt ned, har betalingsproblem eller går konkurs. Esso Norge AS må utarbeide eit forslag for finansiell sikring for Skålevik tankanlegg. Forslaget skal mellom anna inkludere: Fastsetting av kostnadane, jf. avsnitt om sikringa Dokumentasjon på kontakt med ein norsk bank Dokumentasjon på at de har tatt stilling til kva type sikring som vert stilt Vurdering av om maksimal lagringsmengd i løyvet må endrast Frist for innsending av forslag til finansiell sikring er 31. desember 2016. Utan godkjend sikring er det ikkje mogleg å ta imot farleg avfall ved anlegget utover rammene i forureiningsforskrifta kapittel 20 etter 1. januar 2018. Fristar Tabellen nedanfor gir oversikt over fristar for gjennomføring av tiltak vi har stilt krav om i løyvet: Tiltak Frist Tilvising til vilkår Sende årsrapport til Fylkesmannen for førre år 1. mars kvart år 12.3 Forslag til finansiell sikring 31. desember 2016 2.7 Finansiell sikring godkjent av Fylkesmannen 1. januar 2018 - Risikoklasse Verksemda er plassert i risikoklasse 3. Risikoklassen viser forureiningspotensialet for verksemda og kor ofte Fylkesmannen skal føre tilsyn med verksemda. Han viser også forventa ressursbruk ved tilsyn, og storleiken på gebyret verksemda skal betale ved kontroll, jf. forureiningsforskrifta 39-6. Gebyr Fylkesmannen tek sakshandsamingsgebyr for arbeid med utsleppsløyve. Reglane om gebyrinnkrevjing er gitt i forureiningsforskrifta kapittel 39. Vi har plassert verksemda under gebyrsats 3, jf. forureiningsforskrifta 39-4. Verksemda skal betale 56 000 kroner i gebyr for løyvet. Gebyrsatsen er vald basert på Fylkesmannens ressursbruk ved handsaming av søknaden. Miljødirektoratet sender faktura. Rett til å klage Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket, til Miljødirektoratet. Klagen skal sendast til Fylkesmannen innan tre veker frå de har fått dette brevet. Ei eventuell klage fører ikkje automatisk til at gjennomføringa av vedtaket blir utsett. Fylkesmannen eller Miljødirektoratet kan etter oppmoding eller av eige tiltak, avgjere at 4

vedtaket ikkje skal gjennomførast før klagefristen er ute eller klagen er avgjort. Denne avgjerda kan ikkje klagast på. De kan også klage på vedtaket om gebyrsats, jf. forureiningsforskrifta 41-5. Ei eventuell klage skal vere grunngitt. Send klagen til Fylkesmannen i Hordaland innan tre veker. Med visse avgrensingar har partane rett til å sjå dokumenta i saka. Nærare opplysningar om dette kan de få ved førespurnad til Fylkesmannen. Andre opplysningar om sakshandsamingsreglar og andre reglar av verknad for saka vil Fylkesmannen også kunne gje på førespurnad. Med helsing Kjell Kvingedal miljøvernsjef Mari Katrine Berg overingeniør Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Vedlegg 1. Løyve etter forureiningslova til drift av avfallsanlegg for Esso Norge AS, Skålevik tankanlegg 2. Om typar finansiell sikring 3. Modell for rekning av finansiell sikring 4. Mal for etablering av kontopant 5. Mal for etablering av påkravsgaranti 5

Løyve etter forureiningslova til drift av avfallsanlegg for Esso Norge AS, Skålevik tankanlegg Fylkesmannen gir Esso Norge AS løyve med heimel i forureiningslova 11, jf. 16 og 29, forureiningsforskrifta 18-9 og avfallsforskrifta 11-6. Løyvet er gitt på grunnlag av opplysningar i søknad av 22. mars 2016 og opplysningar som kom fram under behandlinga av søknaden. Løyvet gjeld frå dagens dato. Dersom verksemda ønskjer endringar utover det som vart opplyst i søknaden eller under saksbehandlinga og som kan ha miljømessig verknad, må verksemda på førehand avklare dette skriftleg med Fylkesmannen. Dersom heile eller vesentlege delar av løyvet ikkje er teke i bruk innan fire år, skal verksemda sende ei utgreiing om omfanget til verksemda. Fylkesmannen vil då vurdere eventuelle endringar i løyvet. Verksemdsdata Verksemd Esso Norge AS, Skålevik tankanlegg Besøksadresse Skålevikveien 107, 5178 Loddefjord Postadresse Essoveien 100, pb. 2001 Postterminalen, 3103 Tønsberg Kommune og fylke Bergen kommune, Hordaland Org.nummer (verksemd) 973 102 834 Gards- og bruksnummer 144/1 NACE-kode og bransje 52.100 Lagring/ Konsern plassert i 46.710 Engroshandel med drivstoff og brensel Kategori for verksemda 1 - Referansane til Fylkesmannen Løyvenummer Anleggsnummer Saksnummer Risikoklasse 2 2016.0731.T 1201.0190.01 2015/14369 3 Løyve gitt: 30.09.2016 Endringsnummer: - Sist endra: - Kjell Kvingedal miljøvernsjef Mari Katrine Berg overingeniør Løyvet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift 1 Forureiningsforskrifta kapittel 36 om behandling av løyve etter forureiningslova 2 Forureiningsforskrifta kapittel 39 om gebyr til statskassen for Fylkesmannen sitt arbeid med løyve og kontrollar etter forureiningslova Side 1 av 14

Innhaldsliste 1 Rammevilkår 3 1.1 Avfallstypar, aktivitetar, lagringsmengd og lagringstid 3 1.2 Avfallsaktivitetar direkte regulert av anna forureiningsregelverk 3 1.3 Driftstid 3 1.4 Utforming av anlegget 3 2 Generelle vilkår 4 2.1 Utsleppsavgrensingar 4 2.2 Plikt til å halde grenseverdiar 4 2.3 Plikt til å redusere forureining så langt som mogleg 4 2.4 Plikt til førebyggjande vedlikehald 4 2.5 Tiltaksplikt ved auka forureiningsfare 4 2.6 Internkontroll 5 2.7 Finansiell sikring 5 2.8 Krav til kompetanse 5 2.9 Plikt til førebyggjande vedlikehald 5 3 Krav til handtering og lagring av avfall 5 3.1 Mottak og journalføring 6 3.2 Mottakskontroll 6 3.2.1 Informasjon til kundar 6 3.3 Lagring av avfall 6 3.3.1 Deklarering 6 4 Omsyn til nærmiljø 6 5 Utslepp til vatn 6 5.1 Overflatevatn 7 6 Utslepp til luft 7 7 Grunnforureining og forureina sediment 7 8 Kjemikal 7 9 Støy 8 10 Avfall frå drifta av anlegget 8 11 Tiltak for førebygging og beredskap mot akutt forureining 9 11.1 Miljørisikoanalyse 9 11.2 Førebyggjande tiltak 9 11.3 Etablering av beredskap 9 11.4 Varsling om akutt forureining 9 12 Utsleppskontroll og rapportering til Fylkesmannen 9 12.1 Utsleppskontroll og måleprogram 9 12.2 Kvalitetssikring av målingane 10 12.3 Rapportering til Fylkesmannen 10 13 Utskifting av utstyr 10 14 Eigarskifte 10 15 Nedlegging 11 16 Tilsyn 11 VEDLEGG 1 - Liste over prioriterte miljøgifter, jf. punkt 2.1. i løyvet 12 VEDLEGG 2 - Definisjonar 14 2

1 Rammevilkår Løyvet gjeld forureining frå mottak og lagring av oljeholdig avfall frå skip som leverer eller henter produkt til Esso Norge AS, Skålevik tankanlegg, i samsvar med krava i forureiningsforskrifta kapittel 20 om levering og mottak av avfall og lasterester frå skip. Ved auke av behandla eller lagra mengde avfall ut over rammene i løyvet skal verksemda søke om endring av løyvet, sjølv om utsleppa ligg innanfor dei fastsette grensene. 1.1 Avfallstypar, aktivitetar, lagringsmengd og lagringstid Liste over avfallsfraksjonar og aktivitetar som er omfatta av løyvet går fram av tabell 1. Tabell 1: Avfallstypar omfatta av løyvet med tilhøyrande aktivitetar, lagringsmengde og lagringstide Type avfall Aktivitet Maksimal lagringsmengde Maksimal lagringstid Oljeholdig avfall med følgande EAL-kodar - *05 01 06 - *13 04 03 - *16 07 08 Mottak og lagring på tank 2000 m 3 6 månader Vedlegg 2 viser ei liste over definisjonar brukt i løyvet. 1.2 Avfallsaktivitetar direkte regulert av anna forureiningsregelverk I tillegg til dette løyvet kan verksemda handtere avfall innanfor følgjande forureiningsregelverk: Forureiningsforskrifta kapittel 20 om levering og mottak av avfall og lasterestar frå skip 1.3 Driftstid Transport av avfall vekk frå anlegget må skje frå måndag til fredag mellom kl. 07.00 og 16.00, i ordinær opningstid. Transport av avfall vekk frå anlegget er ikkje tillate laurdagar, sundagar eller offentlege heilag- eller høgtidsdagar. 1.4 Utforming av anlegget Handtering av avfall skal skje på område som er utilgjengeleg for uvedkommande. Verksemda skal best mogleg skjerme bustader, nærområde og offentleg veg for skjemmande innsyn. Nærare krav til utforming er spesifisert under punkt 3. 3

2 Generelle vilkår 2.1 Utsleppsavgrensingar Dei utsleppskomponentane frå verksemda som er forventa å ha størst miljømessig verknad, er uttrykkeleg regulert gjennom spesifikke vilkår i dette løyvet. Utslepp som ikkje er uttrykkeleg regulert på denne måten, er omfatta av løyvet så langt opplysningar om slike utslepp vart framlagt i samband med saksbehandlinga eller må reknast for å ha vore kjent på annan måte då vedtaket vart gjort. Dette gjeld likevel ikkje utslepp av prioriterte miljøgifter oppført i vedlegg 1. Utslepp av slike komponentar er berre omfatta av løyvet dersom dette går fram uttrykkeleg av vilkåra i løyvet eller dei er så små at dei må reknast for å vere utan miljømessig verknad. 2.2 Plikt til å halde grenseverdiar Alle grenseverdiar skal haldast innanfor dei fastsette midlingstidene. Variasjonar i utsleppa innanfor dei fastsette midlingstidene skal ikkje avvike frå det som følgjer av normal drift i ein slik grad at dei kan føre til auka skade eller ulempe for miljøet. 2.3 Plikt til å redusere forureining så langt som mogleg All forureining frå verksemda, under dette utslepp til luft, vatn, støy og avfall, er isolert sett uønskt. Sjølv om utsleppa blir haldne innanfor fastsette utsleppsgrenser, pliktar verksemda å redusere sine utslepp, under dette støy, så langt dette er mogleg utan urimelege kostnadar. Plikta omfattar også utslepp av komponentar som det ikkje er sett uttrykkeleg grenser for gjennom vilkår i løyvet. 2.4 Plikt til førebyggjande vedlikehald For å halde dei ordinære utsleppa på eit lågast mogleg nivå og for å unngå utilsikta utslepp skal verksemda sørgje for førebyggjande vedlikehald av utstyr som kan ha utsleppsmessig verknad. System og rutinar for vedlikehald av slikt utstyr skal vere dokumentert. (Jf. internkontrollforskrifta 5 punkt 7 3 ) 2.5 Tiltaksplikt ved auka forureiningsfare Dersom det som følgje av unormale driftstilhøve eller av andre grunnar oppstår fare for auka forureining, pliktar verksemda å setje i verk tiltak som er nødvendige for å eliminere eller redusere den auka forureiningsfaren, under dette om nødvendig, å redusere eller innstille drifta. Verksemda skal så snart som mogleg informere Fylkesmannen om unormale tilhøve som har eller kan få forureiningsmessige følgjer. Akutt forureining skal varslast i samsvar med punkt 11.4. 3 Systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid i verksemder (Internkontrollforskrifta) 4

2.6 Internkontroll Verksemda pliktar å etablere internkontroll for verksemda si i samsvar med gjeldande forskrift 4. Internkontrollen skal mellom anna sikre og dokumentere at verksemda held krav i dette løyvet, forureiningslova, produktkontrollova og relevante forskrifter til desse lovene. Verksemda pliktar å halde internkontrollen oppdatert. Verksemda skal alltid ha oversikt over alt som kan føre til forureining, og skal kunne gjere greie for risikoen for forureining. Plikt til å gjennomføre risikoanalyse med omsyn til akutt forureining følgjer av punkt 11.1. 2.7 Finansiell sikring Verksemda skal stille finansiell sikring for å sikre at motteke farleg avfall blir handtert forsvarleg og handsama vidare dersom verksemda legg ned verksemda si eller på annan måte ikkje er i stand til sjølv å handsame avfallet, jf. avfallsforskrifta kapittel 11 vedlegg 4 punkt 4. Sikringa skal omfatte alt farleg avfall som til ei kvar tid er lagra hos verksemda. Verksemda skal sende dokumentasjon på finansiell sikring til Fylkesmannen for godkjenning innan 31. desember 2016. 2.8 Krav til kompetanse Verksemda plikter å sjå til at anlegg og installasjonar blir drive av personar med nødvendig opplæring og kompetanse. Dette skal dokumenterast. Verksemda skal ha tilstrekkeleg kompetanse til å vurdere miljørisiko ved verksemda. Alle som handterer farleg avfall i verksemda skal ha dokumentert opplæring i slik handtering. 2.9 Plikt til førebyggjande vedlikehald For å halde dei ordinære utsleppa på eit lågast mogleg nivå og for å unngå utilsikta utslepp, skal verksemda sørgje for førebyggjande vedlikehald av utstyr som kan verke inn på utsleppa. System/rutinar for vedlikehald av slikt utstyr skal vere dokumentert, jf. internkontrollforskrifta 5 punkt 7 5. 3 Krav til handtering og lagring av avfall For mottak og mellomlagring av oljeholdig avfall frå skip gjeld krava i avfallsforskrifta kapittel 11 om farleg avfall, krava i vedlegg 4 til same kapittel, forureiningsforskrifta kapittel 18 om lagring av farleg avfall på tank, og kapittel 20 om levering om mottak av avfall og lasterester frå skip. 4 Systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid i verksemder (Internkontrollforskrifta) 5 Systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid i verksemder (Internkontrollforskrifta) 5

3.1 Mottak og journalføring Verksemda skal føre dagleg journal over mottatt avfall, med EAL-nummer og mengder. Mengder og leveringsstader for avfall ut frå anlegget skal journalførast. Journalane skal vere lett tilgjengeleg ved kontroll og skal oppbevarast i minst 3 år. På bakgrunn av journalen skal verksemda sikre at det er balanse mellom avfallsmengder inn, på lager og ut av anlegget. 3.2 Mottakskontroll Verksemda skal ha rutinar for mottakskontroll for å sikre at avfallet som kjem inn til anlegget ikkje er i strid med løyvet. Rutinane skal også hindre innblanding av ulovleg avfall og at ulovleg avfall som kjem inn på anlegget blir sortert ut og levert til anlegg med løyve til å ta imot slikt avfall. Ulovleg avfall som kjem inn skal registrerast som avvik. Mottakskontrollen skal også omfatte et aktivt system og rutinar som hindrar at slike forhold gjentar seg. 3.2.1 Informasjon til kundar Verksemda skal informere alle kundar om kva for avfallstypar og fraksjonar som er tillate levert til anlegget. 3.3 Lagring av avfall Avfallet skal lagrast på tank i samsvar med krava i avfallsforskrifta kapittel 11 vedlegg 4 pkt. 1 og forureiningsforskrifta kapittel 18. Motteke avfall skal ikkje lagrast lenger enn 6 månader. 3.3.1 Deklarering Verksemda ha etablert eit system som sikrar at motteke farleg avfall er deklarert slik at den vidare handteringa kan skje på ein forsvarleg måte, jf. avfallsforskrifta 11-12 og 11-13. All deklarering skal skje via www.avfallsdeklarering.no. 4 Omsyn til nærmiljø Avfallet skal behandlast, handterast og lagrast slik at det ikkje er skjemmande eller fører til fare for lukt, støv, avrenning, samling av fugl, flygeavfall eller anna forureining eller andre ulemper for omgjevnadane. Om nødvendig må tiltak setjast i verk. Nærare krav er omtalt under punkt 3. 5 Utslepp til vatn Utslepp til vatn frå avfallshandteringa er ikkje tillate. 6

5.1 Overflatevatn For overflatevatn frå oppsamlingsarrangement rundt tanken gjeld følgjande utsleppsgrenser: Komponent Kjelde Grense Olje Overflatevatn 5 mg/l Overvatn skal reinsast tilfredsstillande i sandfang og oljeutskillar eller tilsvarande reinseeining slik at fastsett utsleppsgrense blir halden og slik at det ikkje fører til skade eller ulempe for miljøet. Reinseeininga skal vere dimensjonert for dei faktiske vassmengdene som blir tilført. 6 Utslepp til luft Verksemda skal ikkje ha utslepp til luft. 7 Grunnforureining og forureina sediment Verksemda skal vere innretta slik at det ikkje skjer utslepp til grunnen som kan føre til nemneverdige skader eller ulemper for miljøet. Verksemda pliktar å halde kontinuerleg oversikt over eventuell eksisterande forureina grunn på verksemdsområdet og forureina sediment utanfor. Det same gjeld faren for spreiing, og om det er trong for granskingar og tiltak. Dersom det er nødvendig å setje i verk granskingar eller andre tiltak, skal Fylkesmannen varslast om dette. Graving, mudring eller andre tiltak som kan påverke forureina grunn eller forureina sediment, må ha løyve etter forureiningslova, ev. godkjenning frå kommunen 6 eller Fylkesmannen 7. 8 Kjemikal Med kjemikal meiner vi her kjemiske stoff og stoffblandingar som blir brukt i verksemda, både som råstoff i prosess og som hjelpekjemikal, til dømes groehindrande middel, vaskemiddel, hydraulikkvæsker og middel for å hindre brann. For kjemikal som blir brukt på ein slik måte at det kan føre til fare for forureining, skal verksemda dokumentere at ho har gjort ei vurdering av helse- og miljøeigenskapar til kjemikala på bakgrunn av testing eller annan relevant dokumentasjon, jf. også punkt 2.6 om internkontroll. Verksemda pliktar å etablere eit dokumentert system for substitusjon av kjemikal. Verksemda skal gjere ei kontinuerleg vurdering av faren for skadelege effektar på helse og miljø valda av dei kjemikala som blir brukt, og av om alternativ finst. Skadelege effektar knytt til produksjon, bruk og endeleg disponering av produktet, skal vurderast. Der betre alternativ finst, pliktar verksemda å bruke desse så langt dette kan skje utan urimeleg kostnad eller ulempe. 8 6 Forureiningsforskrifta kapittel 2 om opprydding i forureina grunn ved byggje- og gravearbeid 7 Forureiningsforskrifta kapittel 22 om mudring og dumping i sjø og vassdrag 8 Produktkontrollova 3a 7

Stoff åleine, i stoffblandingar og/eller i produkt, skal ikkje framstillas og seljast, eller bli brukt utan at dei er i samsvar med krava i REACH-regelverket 9 og andre regelverk som gjeld for kjemikal. 9 Støy Verksemda sitt bidrag til utandørs støy ved bustader, sjukehus, pleieinstitusjonar, fritidsbustader, utdanningsinstitusjonar og barnehagar som ligg rundt verksemda skal ikkje bryte følgjande grenser, målt eller rekna ut som frittfeltsverdi ved mest støyutsette fasade: Kvardagar Laurdagar Sun- og heilagdagar Kveld (kl. 19 23), kvardagar Natt (kl. 23 07), alle døgn Natt (kl. 23 07), alle døgn 55 Lden 50 Lden 45 Lden 50 Levening 45 Lnight 60 LAFmax Lden er A-vega ekvivalent støynivå for dag/kveld/natt med 10 db/5 db tillegg på natt/kveld. Levening er A-vega ekvivalent støynivå for kveldsperioden 19 23. Lnight er A-vega ekvivalent støynivå for nattperioden 23 07. LAFmax er A-vega maksimalnivå for dei 5 10 mest støyande hendingane innanfor perioden, målt/rekna ut med tidskonstant Fast på 125 ms. Verksemda skal halde alle støygrenser innanfor alle driftsdøgn. Støygrensene gjeld all støy frå verksemda si ordinære verksemd, inkludert intern transport på verksemdsområdet og lossing/lasting av råvarer og produkt. Støy frå bygg- og anleggsverksemd og frå ordinær persontransport av verksemda sine tilsette er likevel ikkje omfatta av grensene. 10 Avfall frå drifta av anlegget Verksemda pliktar så langt det er mogleg utan urimelege kostnadar eller ulemper å unngå at det blir danna avfall som følgje av verksemda. Særleg skal verksemda prøve å avgrense innhaldet av skadelege stoff i avfallet mest mogleg. Verksemda pliktar å sørgje for at all handtering av avfall, under dette farleg avfall, skjer i samsvar med gjeldande reglar for dette fastsett i eller i medhald av forureiningslova, under dette avfallsforskrifta 10. Avfall som oppstår i verksemda, skal verksemda prøve å bruke på nytt i produksjonen sin eller i andre sin produksjon, eller for brennbart avfall prøve å utnytte det til energiproduksjon internt/eksternt. Slik utnytting må likevel skje i samsvar med gjeldande reglar fastsett i eller i medhald av forureiningslova og krav fastsett i dette løyvet. 9 Forskrift om registrering, vurdering, godkjenning og avgrensing av kjemikal (REACH) 10 Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall 8

11 Tiltak for førebygging og beredskap mot akutt forureining 11.1 Miljørisikoanalyse Verksemda skal gjennomføre ein miljørisikoanalyse av verksemda si. Verksemda skal vurdere resultata med tanke på akseptabel miljørisiko. Potensielle kjelder til forureining av vatn, grunn og luft skal kartleggjast. Miljørisikoanalysen skal dokumenterast og skal omfatte alle tilhøve ved verksemda som kan føre til forureining med fare for helse- og/eller miljøskadar inne på område til verksemda eller utanfor. Ved modifikasjonar og endra produksjonstilhøve skal miljørisikoanalysen oppdaterast. Verksemda skal ha oversikt over miljøressursar som kan bli råka av forureining og dei helseog miljømessige konsekvensane slik forureining kan føre til. All behandling og handtering, inkludert lagring, av avfall, avfallsaktivitetar og typar skal vere basert på risikovurdering. 11.2 Førebyggjande tiltak På basis av miljørisikoanalysen skal verksemda setje i verk risikoreduserande tiltak. Både sannsynsreduserande og konsekvensreduserande tiltak skal vurderast. Verksemda skal ha ein oppdatert oversikt over dei førebyggjande tiltaka. 11.3 Etablering av beredskap Verksemda skal, på bakgrunn av miljørisikoanalysen og dei risikoreduserande tiltaka som er sette i verk, om nødvendig, etablere og vedlikehalde ein beredskap mot akutt forureining. Beredskapen skal vere tilpassa den miljørisikoen som verksemda til ei kvar tid representerer. Verksemda skal øve på beredskapen mot akutt forureining minimum ein gong per år. 11.4 Varsling om akutt forureining Akutt forureining eller fare for akutt forureining skal varslast i samsvar med gjeldande forskrift 11. Verksemda skal også så snart som mogleg varsle Fylkesmannen gjennom fmhopostmottak@fylkesmannen.no i slike tilfelle. 12 Utsleppskontroll og rapportering til Fylkesmannen 12.1 Utsleppskontroll og måleprogram Verksemda skal ha oversikt over samtlege utslepp frå anlegget og skal gjennomføre målingar/vurderingar av utslepp til luft, vatn og støy til omgjevnadane. Verksemda skal ha eit måleprogram som inngår i verksemda sin dokumenterte internkontroll. 11 Forskrift om varsling av akutt forureining eller fare for akutt forureining 9

Når verksemda utarbeider måleprogrammet, skal de: velje prøvetakingsfrekvensar som gjev representative prøver vurdere usikkerheitsbidraga ved dei ulike trinna i målingane (prøvetaking analyse utrekning) og velje løysingar som reduserer den totale usikkerheita til eit akseptabelt nivå 12.2 Kvalitetssikring av målingane Verksemda er ansvarleg for at metodar og utføringar er forsvarleg kvalitetssikra mellom anna ved å: utføre målingane etter Norsk Standard. Dersom det ikkje finst, kan internasjonal eller utanlandsk standard brukast. Fylkesmannen kan vidare godta at annan metode brukast dersom særlege omsyn tilseier det bruke akkrediterte laboratorium/tenester når prøvetaking og analyse blir utført av eksterne. Tenesteyter skal vere akkreditert for den aktuelle tenesta 12.3 Rapportering til Fylkesmannen Verksemda skal innan 1. mars kvart år rapportere frå førre år til Fylkesmannen. Fylkesmannen kan be om at standard rapporteringsskjema blir brukt. Rapporten skal minst innehalde følgjande opplysningar: Oppsummering av avfallsmengder og -typar inn og ut av anlegget, og kvar avfallet er levert vidare Lagerstatus ved starten (1. januar) og slutten av året (31. desember) Omfang av innslag av ulovlege fraksjonar i avfallet, handtering av dette, og utgreiing av førebyggjande tiltak og informasjonstiltak Eventuelle avvik innan ytre miljø og gjennomførte tiltak Utgreiing av status for utslepp og påverknad av nærmiljø vurdert opp mot krava i løyvet Oppsummering av status for internkontrollen, inkludert ei vurdering om verksemda har heldt krava i løyvet og om verksemda fører til miljøulemper som bør utbetrast 13 Utskifting av utstyr Dersom verksemda skal gjere utskifting av utstyr i verksemda som gjer det teknisk mogleg å motverke forureining på ein vesentleg betre måte enn då løyvet vart gjeve, skal Fylkesmannen på førehand få melding om dette. Ved all utskifting av utstyr skal verksemda nytte dei beste tilgjengelege teknikkane for å motverke forureining. 14 Eigarskifte Viss verksemda blir overdratt til ny eigar, skal verksemda sende melding til Fylkesmannen så snart som mogleg og seinast ein månad etter eigarskiftet. 10

15 Nedlegging Om eit anlegg blir nedlagt eller ei verksemd stansar for ein lengre periode, skal eigaren eller brukaren gjere det som til ei kvar tid er nødvendig for å motverke fare for forureining. Dersom anlegget eller verksemda kan føre til forureining etter nedlegginga eller driftsstansen, skal verksemda i rimelig tid på førehand gje melding til Fylkesmannen. Fylkesmannen kan fastsetje nærare kva for tiltak som er nødvendig for å motverke forureining. Fylkesmannen kan påleggje eigaren eller brukaren å stille garanti for dekning av framtidige utgifter og mogleg erstatningsansvar. Ved nedlegging eller stans skal verksemda sørgje for at råvarer, hjelpestoff, halvfabrikat eller ferdig vare, produksjonsutstyr og avfall blir teke hand om på forsvarleg måte, under dette at farleg avfall blir handtert i samsvar med gjeldande forskrift 12. Dei tiltaka som blir sette i verk ved slike høve, skal verksemda rapportere til Fylkesmannen innan 3 månader etter nedlegging eller stans. Rapporten skal også innehalde dokumentasjon av disponeringa av kjemikalrestar og ubrukte kjemikal og namn på eventuell(e) kjøpar(ar). Ved nedlegging av ei verksemd skal den ansvarlege sørgje for at driftsstaden blir sett i miljømessig tilfredsstillande stand igjen. Dersom verksemda ønskjer å starte drifta på nytt, skal verksemda gje melding til Fylkesmannen i god tid før start er planlagt. 16 Tilsyn Verksemda pliktar å la representantar for forureiningsstyresmakta eller dei som har mynde, føre tilsyn med anlegget til ei kvar tid. 12 Avfallsforskrifta kapittel 11 om farleg avfall 11

VEDLEGG 1 - Liste over prioriterte miljøgifter, jf. punkt 2.1. i løyvet Utslepp av desse komponentane er berre omfatta av løyvet dersom dette går fram uttrykkeleg av vilkåra i løyvet eller dei er så små at utsleppet av desse ikkje har noko å seie for miljøet. Metall og metallsambindingar: Arsen og arsensambindingar Bly og blysambindingar Kadmium og kadmiumsambindingar Krom og kromsambindingar Kvikksølv og kvikksølvsambindingar Forkortingar As og As-sambindingar Pb og Pb-sambindingar Cd og Cd-sambindingar Cr og Cr-sambindingar Hg og Hg-sambindingar Organiske sambindingar: Bromerte flammehemmarar: Penta-bromdifenyleter (difenyleter, pentabromderivat) Okta-bromdifenyleter (defenyleter, oktabromderivat) Deka-bromdifenyleter (bis(pentabromfenyl)eter) Heksabromcyclododekan Tetrabrombisfenol A (2.2`,6,6`-tetrabromo- 4,4`isopropyliden difenol) Vanlege forkortingar Penta-BDE Okta-BDE, octa-bde Deka-BDE, deca-bde HBCDD TBBPA Klorerte organiske sambindingar 1,2-Dikloretan EDC Klorerte dioksin og furaner Dioksin, PCDD/PCDF Heksaklorbenzen HCB Kortkjeda klorparafinar C10 - C13 (kloralkaner C10 - C13) SCCP Mellomkjeda klorparafinar C14 - C17 (kloralkaner C14 - C17) MCCP Klorerte alkylbenzener KAB Pentaklorfenol PCF, PCP Polyklorerte bifenyler PCB Triklorbenzen TCB Tetrakloreten PER Trikloreten TRI Triklosan (2,4,4'-Triklor-2'-hydroksydifenyleter) Tris(2-kloretyl)fosfat TCEP Enkelte tensid: Ditalg-dimetylammoniumklorid Dimetyldioktadekylammoniumklorid Di(hydrogenert talg)dimetylammoniumklorid Alkylfenolar og alkylfenoletoksylater: Nonylfenol og nonylfenoletoksilater Oktylfenol og oktylfenoletoksilater Dodecylfenol m. isomerer 2,4,6 tri-tert-butylfenol DTDMAC DSDMAC DHTMAC NF, NP, NFE, NPE OF, OP, OFE, OPE 12

Polyfluorerte organiske sambindingar (PFCs) Perfluoroktansulfonat (PFOS) og sambindingar som inneheld PFOS Langkjeda perfluorerte karboksylsyrer Perfluoroktansyre C9-PFCA C14-PFCA Tinnorganiske sambindingar: Tributyltinn Trifenyltinn Polysykliske aromatiske hydrokarbon Dietylheksylftalat (bis(2-etylheksyl)ftalat) Bisfenol A Siloksan Dekametylsyklopentasiloksan Oktametylsyklotetrasiloksan PFOS, PFOS-relaterte sambindingar PFOA PFNA, PFDA, PFUnDA, PFDoDA, PFTrDA, PFTeDA TBT TFT, TPT PAH DEHP BPA D5 D4 13

VEDLEGG 2 - Definisjonar I utgangspunktet gjeld alle definisjonar slik dei er nedfelt i det norske regelverket. I tillegg til regelverket er også definisjonar nedfelt i Norsk Standard lagt til grunn. I dei tilfelle kvar det i dette løyvet er brukt nemning eller uttrykk som ikkje er meir dekt av anna norsk regelverk/standardar gjeld følgjande definisjonar: A. Handtering: fellesnemning for mottak og gjenvinning under dette førebuing til og lagring i påvente av gjenvinning eller sluttbehandling B. Behandling: prosessar, under dette sortering, som endrar eigenskapane til avfallet med formål å redusere volum, fare, gjere det lettare å handtere eller enklare å gjenvinne. C. Tett dekke: fast ugjennomtrengeleg og tilstrekkeleg slitesterkt dekke med oppsamlingsmoglegheit for alle dei material/avfallstypar som skal handterast på eller i same område som det tette dekket (vatn, væske, faste stoff og liknande). Tett dekke er normalt betong i dag D. Fast dekke: dekke som har ei hard overflate, til dømes asfalt. Ikkje grus og liknande E. Køyresterkt dekke: dekke som har ei hard overflate, til dømes grus F. Våtorganisk avfall: matavfall og avfall frå næringsmiddelindustri, som avfall frå produksjon av kjøt, fisk, meieriprodukt, øl og mineralvatn, frukt og grønt, og bakervarer G. Omlasting: All overføring/fysisk flytting av sortert avfall frå ei oppbevaringseining til meir tenleg oppbevaringseining, ofte frå ei mindre eining til ei større. Omlasting av avfall endrar ikkje samansetninga til avfallet eller eigenskapar H. Lagring: All oppbevaring av avfall før vidare handtering eller vidaretransport til anna godkjent mottak I. Usortert avfall: Avfall der innhaldet til alt eller delar av avfallet er ukjent og der avfallet ikkje har gjennomgått ei avsluttande behandling J. Sortert avfall: Avfall der innhaldet til alle fraksjonane er kjent. Sortert avfall blir også kjenneteikna ved at samansetninga er utprega homogen, det vil seie er samansett av like material/materialtypar 14