God Jul & Godt Nytt År!



Like dokumenter
Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

MEDLEMSINFO. august 2009

«Ny Giv» med gjetarhund

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Info om Norway Cup 2015

Pulje- og kampoppsett SpareBank1 SR-Bank cup 2010

REPRESENTANTSKAPET PÅ VIKEDAL BYGDAHUS KLOKKA bygdahus.no

Info om Norway Cup 2015

Jubileumsprøve med stil Rasenprøva 20 år!

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

ÅRSMELDING, FOTBALLGRUPPA 2018 KVITESEID IDRETTSLAG

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Til deg som bur i fosterheim år

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSRAPPORT HELLELAND IDRETTSLAG 2017

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

10 mest brukte navn ; jenter/kvinner. * betyr at flere skrivemåter er slått sammen

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

«Ikkje dytt» har ikkje vore aktive i 2014, og leverar ikkje årsmelding i 2014.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Årsmøte i Stokke idrettslag Ski 23. februar 2015 kl 19.30

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Barn hjelper Barn ein miniputt kan gjere stor skilnad. Ei oppsummering av tiltak som miniputtane har vore med på i

6. trinn. Veke 24 Navn:

VEKEPLAN: TRENING - KAMP

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Årsmelding for sykkelgruppa i IL Harding 2013


Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Velkommen til IL Skrim

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Dommarpåmelding Test HD i 4. divisjon. Testkrav: 35 sec x 40 sec x 20 stk. Test AD i 2. divisjon. Testkrav: 30 sec x 40 sec x 20 stk.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Månedsbrev april 2015

Årsberetning Fotballavdelingen årsmøte 2015 ÅRSBERETING 2014 FOTBALLAVDELING HEGRA IL

Norheimsund Fotballklubb

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Premiering 25-skudd kl. ASP. 15m Pengepremier 15-skudd Klasse 1. 15m Pengepremier 15 skudd kl. 2. Vindafjord skytterlag. Sandeidminiatyren 2010

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ÅRSMELDING. IL JOTUN Ski for perioden 1. januar 2015 til 31. desember 2015 PÅ VEG MOT HUNDRE!

ÅRSMELDING. IL JOTUN Ski PÅ VEG MOT HUNDRE!

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Vintercup 2014 Finale

Årsmelding IL JOTUN FOTBALL

FairPlay-pris ca. 430 medlemmar. ca stk involvert styre - komitear nemnder trenarar -

Drifta i år har gitt ei omsetning på vel 91000,- og der av eit overskot på ca ,-. Viser elles til rekneskapen og gjennomgangen av den.

Kom skal vi klippe sauen

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

(Ny uendra utgave med nye sidetall, )


Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Premiering 25-skudd kl. ASP. 15m Pengepremier 15 skudd kl m Pengepremier 15 skudd kl. 2. Vindafjord skytterlag. Samlagsstemnet Miniatyr 2011

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar februar 2015

Nyheter fra serierunde divisjonsspill 28. desember 2011

INFORMASJON FOR OPPMENN

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

Oppmannsperm. Skal innehalde alle relevante opplysningar for sesongen Rollebeskrivelse Arbeidsfordeling Alle skjema

[REFERAT STYREMØTE ROGNE IL] 7. oktober 2013

INVITASJON til Etne Cup 2007

Presentasjon Møteplassen Arve Hatløy Dimna IL. Into

Før kampen: Førde IL (lørdag 29. mai 2010) -

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Månadsbrev for Rosa september 2014

15m 25-skudd kl m 25-skudd kl m 25-skudd kl. 3. Vindafjord skytterlag. Samlagsstemnet Miniatyr Leon - Resultatprogram

ÅRSBERETNING FOR STOKKE IL SKIGRUPPE

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

ÅRSBERETNING FOR STOKKE IL SKIGRUPPE 2013

Info om Norway Cup 2016

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Velkommen til. Årsmøte Førde Brukshundklubb

NYTT MJØLNER. Velkommen til Mjølner. Åpent møte

HANDLINGSPLAN FAIR PLAY FOTBALLSESONGEN 2014

Søknadsinfo:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

privat eller prosjektkunde. Våre ekspeditørar har lang erfaring i bransjen. Me har òg svært dyktige handverkarar som kan hjelpe deg.

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Gutar 16. Informasjonshefte. Dags- og kampprogram, reiseruter til dei ulike banene

Transkript:

1 1966 Nr. 3 2008 Vinter 16. Årgang Skirenn på Fjellstøl: Ida Sofie Staknes (nr. 2:), Tobias Helgesen (nr. 8). Wenke Marvik og Sigve Tveit. God Jul & Godt Nytt År! www.vindafjord-il.no

2 Styre og grupper - V.I.L 2008 Namn 2008 2009 Hovedstyret Formann Lars Olav Larsen 1 år Valg Nestformann Lars B. Skipevåg 1 år Valg Kasserar Reimund Reime 1 år Valg Sekretær Turid K. Rønnevik 1 år Valg Styremedlem Linda Andersen 2 år 1 år Fotballstyret Sportsleg leiar Erik Kaldheim 2 år 1 år Materialforvaltar Kåre Hustvedt 1 år Valg Kasserar Reimund Reime 1 år Valg Sekretær Sigve Tveit 2 år 1 år Styremedlem Tore Solberg 1 år Valg Trim og friidrett Formann Unni Helgevold 1 år Valg Osmund Birkeland 1 år Valg Kasserar Berit Ørnes 2 år 1 år Styremedlem Anne Liv Imsland 2 år 1 år Skigruppa Leif Roald Bjelland 1 år Valg Sekretær Marianne Vestbø 1 år Valg Kasserar Roger Løkken 2 år 1 år Styremedlem Lars G. Granberg 2 år 1 år Styremedlem Kjell T. Helgeland 2 år 1 år Namn 2008 2009 Finansgruppa Koordinator Lars B. Skipevåg 1 år Valg Styremedlem Lillian Vormestrand 1 år Valg Styremedlem Annbjørg Falkeid 1 år Valg Styremedlem Jane Elin Owe 1 år Valg Styremedlem Ole Magnus Helgevold 2 år 1 år Bussgruppa Rune Vestbø 1 år Valg Svein Bjarte Holten 1 år Valg Bladstyret Sveinung Bjelland 1 år Valg Revisorar Magne Økland 2 år 1 år Kristine Høyland 2 år 1 år Volleyball Leiar Jon Erik Matre 2 år 1 år Nestleiar Anja V. Skjold 1 år Valg Styremedlem Andreas Andreassen 1 år Valg Styremedlem Kjetil Espeland 2 år 1 år Styremedlem Per A. Jakobsen 2 år 1 år Styremedlem Kari Mo 2 år 1 år Romjulsmarsjen 2. juledag VIL arrangerer også i år romjulsmarsjen i Sandeid og Vikedalsdalen. I Sandeid er det start fra gymsalen og turen går til Berget via Kyrkja. I dalen startar marsjen ved ungdomshuset og går oppover dalen. Rutevalet her plar variera frå år til år. Det vert servert gløgg, pepparkaker og mandariner i løypene. Nissen kjem kanskje og. Medaljer til ungane blir delte ut når ein kjem i mål. Påmelding og start er mellom kl. 12.00-12.30. Etter ei helg med mykje god mat, så gjer det godt å komma seg opp av godstolen og lea seg litt... VIL ynskjer alle ei god jul og ei fin nyttårshelg! Utgiver: Vindafjord Idrettslag Trykk: A1 Grafisk Ide, tlf. 53 76 60 80

3 Leiaren har ordet D u h a r n å f å t t j u l e n u m m e r e t a v idrettslagsbladet. Tida går fort, og eit nytt idrettslagsår er snart over. Det har vore eit aktivt år i gruppene, og me har også prosjekt i gang for ytterlegare å styrka idrettslaget som organisasjon og som ein plass å finna seg godt til rette i. Medlemsmassen er nå oppe i om lag 500, og VIL er dermed ein av dei aller største medlems- organisasjonane i kommunen.. Berre IL Skjoldar er større. For øyeblikket har fotballen ein litt rolig periode, sjølv om treningar pågår, enten i form av fotballskule eller som organisert trening. Det er viktig å halda hjula i gang heile tida. Laget er med og støttar opp om fotballskulen til Frank. Denne foregår over fire helgar nå i haust, og samlar ungdom på tvers av lag og alder i lokalområdet. Flott og viktig tiltak. Ellers er me i gang med evalueringa av samarbeidet med Ølen IL om 11 er fotball. Inntrykket er vel at samarbeidet har fungert ganske bra. Det oppstår likevel litt diskusjonar når planlegging med antal lag og årsklassar skal diskuterast nå på haustparten. Her er trenarane for dei enkelte lag viktige. Desse saman med fotballgruppene i dei to laga må prøva å få til eit så godt opplegg som mogleg for alle parter. Og det er viktig å lytta til alle i denne fasen. Eg trur det er bra grunnlag for å halda fram samarbeidet også i 2009. Volleyball-gruppa har faste treningar, og har aktivitetar på mange plan. Nå første helga i desember, var det turnering i idrettshallen i Ølen. Volleyball er ein viktig del av idrettslaget. Sporten appellerer til forskjellige aldersgrupper, og kan utøvast både sommar og vinter, ute som inne. Derfor er det Formann i VIL, Lars Olav Larsen. viktig at me skal klara å etablera bane-anlegg i Sandeid, i tillegg til det alt etablerte anlegget i Vikedal. Me har arbeidd i over eitt år med å få oppstart på bane-anlegget i Sandeid. Det er å håpa at vi kan få eit klarsignal for oppstart snart, slik at ei evt. bygging kan starta på vårparten. Samarbeidet med kommunen har vore godt i denne prosessen. Forsinkelsen skuldast i hovedsak innsigelsar på planane frå ulike hold. Skigruppa har hatt trening og samlingar gjennom heile hausten, og er nå i gang med konkurranse-sesongen. Det har vore to svært vellukka samlingar i samarbeid med Suldal IL. Desse samlingane har vore i Ølmedal, og nesten 30 deltakarar har vore med på desse. Ellers så har me ein løpar på kretslaget, Jarle Åsheim. Han har vore med på fleire samlingar i regi av kretsen, og det er forventa at han skal få stor

4 framgang denne vinteren. Neste vinter kan det bli fleire frå kretslaget frå VIL. Dei vaksne løparane våre har vore ute i fleire konkurransar. Det heile starta på Beitostølen midt i november. Der oppnådde både Thomas og Bjørnar bra plasseringar i svært godt selskap. Thomas var også med i Natrudstilrennet ved Lillehammer to helgar etterpå, og oppnådde der ein flott 5. plass. Bl.a. slo han då norgestoppen Geir Ludvig Åsen Owren. Den 7. desember sto Bul sprinten på programmet, og der vart det igjen fine plasseringar, Bjørnar som nr. 24, og Thomas som nr 37. Det er svært mange med i norsk langrenn, og i Bul sprinten var over 100 påmeldt i seniorklassen, der både Thomas og Bjørnar går. Under 2 min. bak vinnaren Anders Aukland let seg absolutt høyra. Den årlege julemarsjen 2. juledag skal arrangerast i år også. Dette er blitt eit stabilt og positivt tiltak, og folk i bygdane våre støttar opp om denne. Og så får me berre håpa at det blir skikkelig julestemning den dagen. I starten av november inviterte me tillitsvalgte og økonomiske støttespelarar til ein bedre middag på samfunnshuset. Me hadde også invitert sportssjefen i langrenn i Norges Skiforbund, Åge Skinstad, til å halda foredrag. Han snakka om suksesskriterier og den lange og tålmodige vegen mot toppen. Det var eit flott og engasjerande tiltak, og me har fått positive tilbakemeldingar i etterkant. Kanskje kan me gjera noko liknande også ein annan gong. Til slutt vil eg på vegne av heile styret i VIL ynskja alle ei god jul, og lykke til i 2009. Det er alltid noko å sjå fram til Lars O. Idrettslagsbasaren 2008 Vindafjord idrettslag sin årlege basar blei arrangert på samfunnshuset i Sandeid 7. november. Det var ein flink gjeng som sto på og fekk eit flott arrangement. Forhand sal av lodd var flott, heile 34.000 kroner Knall bra! Det var godt oppmøte av, som alle såg ut til å kose seg med mange kjekke aktivitetar/ konkurransar. I kafeen var det mange gode kaker og lappar å få kjøpt. Me vil takka for alle gevinstane som blei gitt av privatpersonar/bedrifter i Haugesund, Etne og Vindafjord. Overskotet vart kr. 42.000,- noko som skal komme godt med i idrettslaget sitt arbeid. I tillegg til komiteen vil eg takka alle som bidrog med kake baking etc. Smågutane/ jentene frå Vikedal/Sandeid som hjelpte til under aktivitetane. Dei heldige vinnarane var: Reisegåvekort: Åge Bakkedal Sandeid Hotell Opphald på Ullensvang: Hanne Øvregård Imsland i-pod: Fam. Marit Guldhav - Vikedal Igjen - tusen takk til komiteen som sto så på slik at me fekk et vellukka arrangement. Annbjørg Falkeid

5 Herretrimmen Denne gjengen samlast kvar mandag klokka 19.45 i gymsalen i Sandeid. Det er heilt sikkert plass til fleire. Dei kjører eit opplegg med sirkeltrening og andre aktiviteter. Bak frå venstre: Terje Ørnes, Olav Oddvar Hårajuvet, Nils Vestbø, Tor Gunnar Skår, Ingvar Gjærde og Olav Lillehammer. Framme frå venstre: Kåre Hustvedt, Sverre Hårde, Knut Furseth og Tor Helge Selvaag. «de' e' kjekt å vara me' i idrettslaje!»

6 NY SJANSE TIL MEDLEMMER I VINDAFJORD IDRETTSLAG OVERTREKKSDRESSER De som ikke har fått kjøpt overtrekksdress, og de som må fornya seg etter at den gamle dressen har blitt for liten, kan nå få kjøpt Vindafjord Idrettslag sin overtrekksdress. Dressene, i merket Umbro, vil fortsatt være i rødt, svart og kvitt, med overvekt av dei to første fargene. Vind- og vannavstøtende Micro-stoff. Voksne medlemmer (19 år og eldre) vil få dressene til vår innkjøpspris, kr. 600 (utsalgspris kr. 900). Barn/ unge (opp til 19 år) vil få kjøpt dress til rabattert og subsidiert pris, kr. 300 (utsalgspris kr. 700). Dressene finnes i størrelsene 116 128 140 152 164 XS S M L XL XXL. Dressene vil ha påtrykt logo til to av våre sponsorar og Vindafjord Idrettslag. Dersom du ønsker enten fornavn eller etternavn trykt på ryggen av dressen, kan du få det for kr. 50 i tillegg. For spørsmål, og evt. bestilling, ta kontakt med Reimund på tlf. 957 23 626. Frist for bestilling er 16. januar 2009. Reimund sender deretter inn felles bestilling/ trykking for alle. NB!! Dette er eneste anledning til å bestille overtrekksdress før sommeren 2009!

7 Allidretten Allidretten i Vikedal for 3-4 kl. Bak er trenarane Anton Holten og Rune Torsteinbø. Svein Ove Imsland og Vebjørn Skipevåg Lene Vormestrand og Rune Frøland Framme: Sondre Tveit, Vegard Torsteinbø og Sindre Ræsta. «Nytt» på Fjellstøl I heile tre veker i haust har det vore arbeid i deler av lysløypetraseen. Me har fått renska vekk busk og kratt, og Vikedal Mur og Anlegg har planert heile 1 km løypa, slik at me nå kan bruka den med svært lite snø. Og alt nå før midten av desember har løypa vore i bruk i et par veker i forbindelse med treningane til skigruppa. Så nå håpar me på at neste etappe kan takast innan alt for lang tid Kanskje kan me ta til med det øvrige arbeidet ein gong til våren. Me får sjå økonomien an litt. Det at me får koma tidleg i gang på eigen snø, medfører at løparane slepp å reisa lange turar til snøen, enten det er til Sauda eller til Korlevoll. Og så er det motiverande at ein kan koma seg til snøen i heimlege trakter. Første rennet er alt planlagt, og skal gå den 14. desember. Allidretten i Vikedal 1. og 2. kl. Bak er trenerane Elisabeth Skeie og Marianne Seglem Holte. Framme frå v: Håvard Skipevåg, Stine Reimers, Liv Elene Ananiasen, Ingrid Skogen, Reidar Austerheim, Tomine Dalberg,Mathias Staknes og Lars Christian Imsland. Målet vidare er også å få løypa i bruk heile året. Det betyr at me bør få grusa opp løypa, og tilpassa den til sykling og springing. Då kan me verkeleg snakka om eit heilårsanlegg... og Fjellstøl blir eit attraktivt utgangspunkt for trening og aktivitet endå meir enn før.

8 Fjelltoppkarusellen Olalia. Bak: Tore Andre Helgevold, Jan Vestbø Framme: Jonas Vestbø, Karoline Kro, Eli Vestbø, Mira Helgevold, Marte Helgevold, Ola Vestbø, Lars kristian Imsland og Svein Ove Imsland Fire flotte turar har me i Trim- og friidrettsgruppa arrangert i år. Hjort og Lysenuten i vår, og Olalia og Bjønnstigen nå i haust. Turveret har vore heilt nydligt, sol og fint på alle turane Takk til alle som har gått turane ilag med oss!

9 Terrengløp på fjellstøl 2008 27. september vart det arrangert Vindafjordmesterskap i terrengløp på fjellstøl. 16 utøvarar deltok. I Vikedal står det ein benk på veg til Hestanipen. Du kan gå opp vegen på andre sida av skiltet «Vikedal». Dette er ein fin liten tur for heile familien. God tur!

10 P.B. 133, 5588 ØLEN - TELEFON 53 76 60 00 Salg av sand, grus, pukk. Befraktning, verksted, bunkers Støtt våre annonsør - dei støttar oss! 5576 Øvre Vats Tlf: 52 76 70 70 - Fax: 52 76 70 71 email: post@knapphus-kjokkensenter.no www.knapphus-kjokkensenter.no I Ølen Senter 53 76 85 50 Bøker - papir - leker - hobby

11 Tlf. 53 76 80 52 - Fax 53 76 84 58 5580 ØLEN - www.urmakerarnestad.no 5585 SANDEID - Tlf. 52 76 12 95 Kjell Stensland MALING - TAPETSERING GOLVBELEGG 5585 SANDEID Tlf. 52 76 13 86 Mobil 909 41 045 Me ønskjer alle idrettsutøvarar lukke til! Telefon: 53 77 11 00 Fax: 53 77 11 20 Internett: www. grannar.no

12 Etne senter - tlf. 53 75 60 44 Telefon 52 76 60 00 www.helgevold.com 5574 SKJOLD - 52 76 22 18 MIDT I SENTRUM HAUGESUND TLF. 52 70 62 60 BAKERI OG KONDITORI TLF. 52 76 21 75 - SKJOLD ag Godkjent Entreprenørfirma - 5583 Vi A&B ANDREASSEN Tlf.: 52 76 0 Dato 52 76 0 Maskin as 52 76 0 fra kl. til 922 22 Godkjent Entreprenørfirma - 5583 Vikedal 950 58 fra kl. til Fax: 52 76 0 Dato TELEFON: 52 76 01 80 fra kl. 922 22 118 / 950 58 745 Oppdragsgivar til fra kl. til fra kl. til fra kl. til fra kl. til Mandag A&B ANDREASS Maskin as

13 Skoleelever/studenter Ungdomskunder i Haugesund Sparebank! Noen av fordelene du oppnår er: refundert en del av kostnaden ved førerkort billetter til fotballkamper/idrettsarrangement billetter til konserter/kulturarrangement du blir oppdatert om alt dette på SMS Eget motiv på kortet? Nå kan du selv velge motiv på bankkortet ditt! Ønsker du et bilde av hunden, kjæresten, deg selv, familien din, etc, kan du få det på kortet ditt. Du kan bytte motiv så ofte du vil. Mer info finner du på våre internettsider. www.haugesund-sparebank.no Vårt nye kundeprogram gjør det enkelt, og spennende å være ungdomskunde i Haugesund Sparebank. Dersom du allerede er kunde, er det viktig at du oppgir din e-post og mobilnummer slik at vi kan nå deg. Sjekk ut programmet på: www.haugesund-sparebank.no Kontakt oss Du kan kontakte oss på telefon 52 70 50 00 eller via e-post til post@haugesund-sparebank. På vår hjemmeside holder vi deg orientert om våre priser og hva som er aktuelt i banken til en hver tid: www.haugesund-sparebank.no Haugesund Sentrum Amanda Storsenter Gard Senter Bømlo Skjold - Sandeid Vikedal - Ølen

14 Keeperskule i Ølen Av Ivar Tokheim I slutten av oktober inviterte Ølen til keeperskule på den nye og flotte kunstgrasbanen sin. Bjørge Fedje, som nå har ansvaret for keeperutviklinga i Sogndal, sto for opplegget. Han er frå Sogndal og har spelt i tippeligaen for klubben. Etter at han la opp som aktiv har han vore engasjert som trenar i mellom anna Lillestrøm og Vålerenga før han vende tilbake til saftbygda. Rundt 35 målvakter i alderen 10 til 18 år melde seg på, av dei 6 stk frå Vindafjord IL. For å instruera og aktivisera ei så stor gruppe hadde Ølen fått inn mange hjelpeinstruktørar. Den mest profilerte var nok FKH-keeper Lars Øvernes. Lars var som alltid positiv og engasjert og fortjener skryt for sin behandling av unge talenter. Keeper på Vikedal G12 Milosz Waskiewics (med mørk jakke) har mottatt belønning for innsatsen sin av Bjørge Fedje. Værgudane viste seg ikkje frå si beste side, men det la ingen dempar på innsatsen til dei unge målmennene. Etter siste økta på lørdag var det samling og som ei avslutning fekk alle utdelt premiar av forskjellig slag. Det var populært, og så får me heller tåla at det sto Sogndal IL på drikkeflaskene og capsane. Gutane våre som var med hadde bare positive tilbakemeldingar etter samlinga. Viktig at det av og til blir sett fullt fokus på deira funksjon på banen. Til slutt må me takka Bjørge Fedje og ikkje minst Ølen IL for invitasjonen. Dette vil me heilt sikkert vera med på fleire gonger. Vindafjordmålmenn saman med Lars Øvernes, frå venstre: Ole Andreas Apeland, Thomas Leite, Ola Øverland, Lars Øvernes, Anders Mattingsdal og Henrik Vestbø Tokheim.

15 Bak frå venstre: Frank Abelseth, Håkon Stople, Øyvind Øverland, Simon Abelseth, Petter Nordskog, Vegard Øverland, Martin Lærdal, Rune Torsteinbø, Rasmus Lærdal og Alfred Berge. Framme frå venstre: Bjørnar Svantesvoll, Hans Rørtveit, Olav B. Bjelland, Sverre Ramsfjell, Toralf Stople, Henrik V. Tokheim, Anders Matre, Anders L. Moland, Morten Kaldheim og Asbjørn Lærdal. Zporty fotballskule Av Ivar Tokheim Denne hausten har dei som synes at fotballsesongen er for kort hatt muligheten til å forlenga den. Rundt 20 ivrige spelarar har deltatt på Zporty sin fotballskule i Sandeid på fredag og lørdag over 4 helger. Frank Abelseth har vore hovedansvarleg, men han har kvar helg leigd inn andre krefter for å bistå seg. Både Kjell Sture Jensen frå Vardakademiet, Alfred Berge og Harry Skulerud har vore gode og engasjerte instruktørar. I tillegg har Karl Otto Endresen hatt ansvaret for keeperane, Lærerikt har det også vore å sjå og høyra Martin Vestbø og Kristoffer Haraldseid. 17-årige Martin frå Sandeid har allerede fleire år bak seg i FK Haugesund, medan 14-åringen Kristoffer nyleg valgte FKH etter at også Vålerenga viste stor interesse for talentet frå Vats. Dei fortalte dei ivrige deltakarane kva som må til for å bli bedre fotballspelarar og ta steget vidare. Treningsmengde og terping på små detaljer var stikkord i den samanhengen. Nå kan gjengen ta seg ein velfortjent juleferie, men for dei fleste blir det ikkje så langt ut på nyåret før det er full aktivitet igjen. Med treningsbanen i Sandeid og ny, flott kunstgrasbane i Ølen innbyr jo fasilitetene til at fotball blir ein heilårsidrett.

16 Me er i gang... Nå er skisesongen i full gang. Løparane har vore ute i konkurransar alt fleire gonger. Det heile starta på Beitostølen andre helga i november, og deretter har det gått nesten slag i slag. Og det er mykje på gang utover vinteren. På Beito fekk Thomas 21. plass i 15 km skøyting. Dette var ein bra prestasjon, sjølv om Thomas kanskje kunne tenkt seg endå høgare opp på lista. Men det er tøft og godt selskap som er med i gamet, så det står absolutt respekt av prestasjonen. På søndag var det klassisk, og der var storparten av den norske eliten med, dessutan også fire løparar frå det sveitsiske landslaget. Eldar Rønning vann løpet nokså suverent. Våre løparar gjorde seg absolutt bemerka, i det Bjørnar gjekk inn til 33. plass og Thomas til ca. 50. plass. Og husk det var nesten 100 med totalt, og eliten stilte opp. Så her er absolutt noko å byggja på. Og så vart både Thomas og Bjørnar godt viste i NRK TV; kommentert med navn, lag og plassering. Det er jo litt kjekt då. Og nå sist helg, 7. desember, var både Thomas og Bjørnar med i Bulsprinten på Gåla skiarena i Gudbrandsdalen. Fine prestasjonar av begge, der Bjørnar fekk 24. plass og Thomas 37. plass. Under to minutt bak vinnar Anders Aukland let seg absolutt høyra! På Hovden gjekk åpningsrennet av stabelen med mange vindafjordingar med, både små og store. Mange fine prestasjonar her også, sjølv om det endå er mykje å læra for ein del av våre løparar. Men det er tydelig å sjå at haust-treninga blant dei yngste absolutt gjev resultater, og det kjem til å gå endå betre framover skal me sjå. Me gler oss til fortsettelsen, både for dei store og dei små. Neste store utfordring lokalt er Jularennet på Korlevoll 2. juledag. Det er for både store og små. Og så er det Norges Cup på Lygna for dei store siste helga før jul. Det er for senior og junior, og både Gerhard, Thomas og Bjørnar stiller. Tvi, tvi. Og faktisk hadde fleire heimefrå teke turen opp til Beitostølen denne helga. Det var litt av ei idrettshelg, med både langrenns-og skiskyttaråpning samtidig. Og flott og kaldt vinterver gjorde sitt til at dette blei flotte skidagar. To helgar etter gjekk Natrudstilrennet ved Sjusjøen. Her var Thomas med av våre, og han fekk ein flott 5. plass i godt selskap. Bl.a. slo han landslagsaktuelle Geir Ludvig Åsen Ouren. Nesten heilt på sparket kom det 40 deltakarar på årets første skirenn på Fjellstøl den 14. desember.

17 Fjellstøl: Startnummer 1 er Anna Slåke, Startnr. 2 Kristin Mosdal og Lars Olav Larsen.

18 Old boys 2008...og litt lokal fotballhistorie... Av: Ivar Tokheim Dei gamle Vindafjord-gutane har også i år skippa eldretrimmen og heller brynt seg på fotballbanen mot haugalandets andre aldrande fotballstorheter. Det var med blanda følelsar eg som oppmann registrerte kampoppsettet for sesongen. Med heile 12 lag, noko som ville bety 22 kampar, tenkte eg at dette såg ut til å vera i overkant ambisiøst og med stor risiko for å tæra på kroppens fettreservar. Heldigvis trekte to lag seg og me enda opp med 10 lag og 18 kampar. Plenty nok for ein gjeng med strekkspøkelset hengande over seg sjøl med kvilepuls. Etter kvart som kampane kom i gang viste det seg at me klarte oss bra. Heller ikkje i år alltid like enkelt å skaffe folk, men har til kvar kamp hatt minst 7 spelarar klar opptil fleire minuttar før kampstart. Av dei 18 kampane har me både vunne og tapt 8, mens 2 har enda uavgjort. Dette førte til at me tok ein finfin 4. plass etter Nord, Vard og Kopervik. På plussida noterer me også seier i begge lokaloppgjera mot Skjoldar. Totalt sett kan me lena oss godt tilbake i godstolen i jula, klappa oss fornøgd på den litt for store magen, stryka oss over den blanke issen og vera stolte over innsatsen. Av spelarane i år er det kun keeper Nils Ove Kvamen som har vore med på alle kampane. Kåre Hustvedt, som spelte alle kampane i fjor, måtte fortvila melda forfall til ein kamp i år. Trur ikkje Kåre sov godt den natta! Totalt har Per Kro har framleis god ballkontroll. Som 18-åring blei han cupmester i 1973 og seriemester året etter. Knut Furseth var ei viktig brikke på storlaget frå syttitalet og er framleis ein god spelar. Tor Helge Selvåg fekk slutten av denne perioden med seg og er sunnhordlands-cupmester frå 1975. Han har også vore mykje med i år.

19 25 spelarar vore innom laget i år. Av andre trufaste slitarar føler eg behov for å nevne to spelarar. Knut Furseth og Toralf Stople har vore aktive i Vindafjord IL heilt sidan klubben vart skipa i 1966. Dei er ennå i godt slag både fysisk og ikkje minst fotballmessig og klarer seg framleis utmerket på banen, 36 år etter at dei spelte saman på Norges beste fotballag, Vindafjord IL!!! Vindafjord IL, Norges beste fotballag! Eg hadde egentlig tenkt å avslutte her men for at lesarane ikkje skal tru at eg allerede har meir enn snust på juleakevitten, ser eg at ein slik påstand blir for dryg utan ei begrunning. Fotballinteresserte som har levd ei stund snakkar ofte om Vindafjordlaget frå 1974 som vant 4. divisjon og spelte kampar om opprykk til 3. divisjon (det som i dag er 2. div.) mot Djerv 1919 og Brodd. Det var forresten Knut og Toralf som scora alle dei tre måla til Vindafjord i dei kampane. Knut laga målet i kampen i Vikedal mot Djerv som vart sett av ca. 800 tilskuarar. Mot Brodd laga dei kvar sitt mål. Det som mange kanskje ikkje huskar skjedde to år før, i 1972. Vindafjord høyrte til i Sunnhordland fotballkrets som omfatta alle laga i Hardanger, Kvinnherad, Stord, Bømlo og indre delen av Haugalandet. Stord og Odda var på den tida godt etablert på tredje øverste nivå i norsk fotball. I den årlege sunnhordlandscupen mellom laga i kretsen denne hausten slo Vindafjord Stord 2-1 i kvartfinalen. Ein god prestasjon i seg sjølv då Stord hadde eit veldig bra lag på gang. Det gjorde dei heile landet merksame på då dei slo seg vidare i NM den hausten. I fjerde runde møtte dei Viking. Anført av kaptein Egil Austbø slo Stord Viking 1-0 og avanserte til kvartfinalen der dei tapte knepent mot Mjøndalen. Egil Austbø nådde ikkje Ullevål den sesongen, men fire år seinare løfta han kongepokalen som kaptein på Brann sitt vinnarlag i 1976. Då den siste serierunden var spelt hausten 1972 sto Viking på toppen av tabellen som seriemester. Dette var det første gullet i rekka på 4 mesterskap på rad for det legendariske Viking-laget som likevel ikkje var gode nok til å slå Stord. Og Stord? Ja, dei fekk jo bank av Vindafjord. Derfor påstanden Vindafjord Norges beste fotballag!! Kan jo faktisk dra det eit hakk vidare. I europacupen den hausten slo Viking det tyske storlaget FC Køln. Køln hadde spelarar på det tyske landslaget som vant europamesterskapet nokre månader i forveien og som to år seinare blei verdensmester i fotball med å slå Johan Cruyff og Nederland i finalen. Eg bare nevner det! Tilbake til sunnhordlandscupen. Etter seieren mot Stord i kvartfinalen slo Vindafjord Solid 1-0 i semifinalen, men tapte finalen mot Fonna på nøytral bane i Etne med 2-1. Det virka som om cupeventyret hadde gitt meirsmak for året etter var Vindafjord igjen i finalen. Finalen blei spelt i Vikedal, men det var likevel motstandar Solid som var storfavoritt. Det brydde Knut og Toralf seg lite om og med 400 tilskuarar på Vikedal stadion banka dei inn fire mål i det som til slutt blei seier 5-1 etter ekstraomgangar. Det sto faktisk 1-1 heilt til ut i andre ekstraomgang. Etter cupmesterskapet i 1973 kom jo den allerede nevnte seriesuksessen i 1974. I 1975 gjekk laget igjen til topps i sunnhordlandscupen etter ein jevn finale mot Uskedal. Som me ser er perioden 1972 1975 den mest suksessrike i Vindafjord-fotballen. Den same perioden er også i Stavanger omtala som gullalderen til Viking.

20 Eg har nevnt høge tilskuartall for kampar i Vikedal på denne tida. Det var ei formidabel interesse og me som var unge gutar hadde heltar og forbilder blant gjengen på laget. Då Haugesunds avis eit av desse åra med hjelp av lesarane skulle kåra årets spelar i distriktet mobiliserte Kjell Ove Leite i klassen min. Det var klare ordrar til alle på skulen om å klippe ut stemmeseddelen i avisa kvar dag og ta med på skulen. Kjell Ove var så klar i talen at ingen våga noko anna og me sat i friminutta og skreiv Toralf Stople med den finaste løkkeskrifta på absolutt alle kupongane. Dette blei lagt merke til og omtala i avisa, men me klarte dessverre ikkje å få Toralf heilt til topps. Eit anna diskusjonstema i klassen vår var kven som var best av Vindafjord-spelarane og Egil Austbø. Tore Asheim var i slekt med Austbø og benytta naturleg nok ofte anledningen til å fortella oss andre dette og diskusjonen gjekk friskt i klasserommet. Til slutt vil eg fortelja litt om sesongen 1982 for å illustrera kva for status og respekt spelarane frå syttitallet hadde. Eg var sjølv blitt 18 år og A-lagspelar. Knut hadde gitt seg, men Toralf holdt fortsatt koken. Toralf blei skada tidleg i sesongen men me var likevel med i opprykkskampen heile veien. Då det nærma seg slutten av sesongen skulle me spela ein viktig kamp mot Fonna. Fonna er i dag ein del av Odda fotball. Av ein eller annen grunn var kampen lagt til grusbanen i Tyssedal og dommaren var frå Odda. Banen i Tyssedal ligg på ein plass oppi fjellsida som nok med rette kunne ha vore med i NRK-programmet der ingen skulle tru at nokon kunne bu, i alle fall ikkje spela fotball. Toralf var skadefri igjen men starta som innbyttar, noko som blei lagt merke til, og sett stor pris på i Fonna-leiren. Då det var 12 minutt igjen av kampen låg me under 1-0 og Fonna virka til å ha kontroll. Då sette trenar Øyvind Sande innpå meg og Toralf. Eg merka med ein gong at noko skjedde med Fonna i det øyeblikket me to entra banen. Det var neppe jyplingen meg dei frykta. Det var åleine synet av Toralf som gjorde at me utligna og overtok føringa av kampen, i alle fall på det mentale planet. Fonnaforsvaret hadde kun auge for Toralf og det gjorde det enkelt for oss andre. Snart var det utligning også i målprotokollen ved Ole Johan Vierdal og den korrupte dommaren klarte i tillegg på ein utruleg måte å annulera mål frå meg og Torleif Heggebø. Men rett før slutt måtte sjølv dommaren kapitulera då Toralf tok saken i egne hender og sprang i fra alle og scora seiersmålet. Neste bortekamp skjedde omtrent det same. Skånevik låg før oss på tabellen og me måtte slå dei for å halde liv i opprykksmuligheten vår. Igjen låg me under 1-0, men så blei Toralf bytta inn og skånevikspelarane begynte å skjelva i buksene. Toralf blei omringa og det skapte plass for Øystein Øverland til å utligne. Rett før slutt scora Toralf 2-1 seiersmålet til tross for at han hadde ein hale av motstandarar etter seg. Desse to kampane la grunnlaget for det som til slutt enda med seier dei seks siste kampane og opprykk til fjerde nivå. Innspurten blei også lagt merke til i Haugesunds avis og me blei kåra til månadens lag i oktober. Det har altså vore oppturar for Vindafjordfotballen også etter syttitalet. Likevel er eg den første til å innrømma at det såkalla 74-laget var best, sjølv om det alltid er vanskeleg å samanlikne lag frå forskjellige periodar.

21

22 Ella S. Tveit med startnummer 12 i farta...

23

24 Nytt frå skitreningane hausten 2008 Me starta opp med fellestreningar på rulleski i starten av september. Nytt denne gongen er at treningane er lagt til sykkel og gangvegen frå Ølen mot Sandeid. Utøverane har lært mykje om teknikk og er blitt mykje flinkare til å gå dobbeldans, enkeldans og padling. I år har me til nå vore på snø på Fjellstøl heile 9 gonger, me skriv i dag 15. desember. Den nye lysløypa er flittig brukt. Me har og hatt kondisjonstrening kvar torsdag. Desse treningsdagane vil me halda fram med i 2009 og nye deltakarar er hjarteleg velkomne til å vera med. I haust har me hatt to treningssamlingar i Imsland. Skiløperar frå Suldal og Vindafjord har hatt fellessamlingar i lag. Her var det mykje lått og løye og sjølvsagt mykje god trening. Fyrste helga i desember var det opningsrenn på Hovden. Det var med 12 deltakarar frå Vindafjord som alle gjorde ein framifrå innsats. Alle utøverane låg på hytter og storkoste seg i snøen. Som trenerar er me imponerte over desse friskusane som møter opp på skitrening kvar gong - enten det er regn eller vind. Ta med deg ein venn og møt opp på trening du og. Skirenn på Fjellstøl: Det manglar ingenting på teknikk og innsats blant dei yngste deltakarane. Emma Berge i fint driv...

25 Treningsglede på Frisk! Trening gir meining! Bli med du og... Ring nå: Telefon 53 76 79 00 E-post: post@frisktreningssenter.no www.frisktreningssenter.no

26 Allidrett I år arrangerer VIL allidrett i Sandeid og Vikedal. Allidretten held på fram til påske. I Sandeid er det delt inn i 2 grupper, i gymsalen på onsdagane 1-2 kl. klokka.17.00-18.00, 3-4 kl. klokka.18.00-19.00 Maren Haugen og Liv Karen Lærdal har ansvaret for desse to gruppene. Det er full aktivitet på denne gruppa, der det er fra 12-20 ungar kvar gong. I Vikedal er det og delt inn i 2 grupper 1-2 kl.klokka 17.00-18-00 på mandagane, 3-4 kl.klokka 18.00-19.00 på onsdagane. Mandagane er det Elisabeth skeie og Marianne Seglem Holte som har ansvaret. Onsdagane, Anton Holten og Rune Torsteinbø. Bra oppmøte også her! I år har me laga til ei vaktordning, der me alltid har vaksne som passar på i gangane. Har tidligare hatt problem med hærverk, og at andre ungar lurer seg inn. Sdan det er bra oppmøte, blir det ca 1 gang kvar pr. utøvar Tusen takk til alle foreldre som stiller opp! Trim.-og friidrettsgruppa 1-2 kl. i Sandeid Bak fra venstre: Tore Toresen, Håkon Bakkedal, Ådne Kambe,Stefan Oftedal,Ida Horde,Helene Ørnes og Frida Søndenå. Framme fra venstre: Maren Haugen, Jone Rørtveit,Jonas Veim, Leif Arne Matre, Elias Jansen, Erlend Matre og Liv Karen Lærdal