SØKJE ARBEID I VESTNES KOMMUNE Informasjon og brukarrettleiing Generell informasjon; Vestnes kommune nyttar Visma Enterprice Rekruttering for handtering av søkarar til ledige stillingar. Systemet kjenner att tilsette og søkarar som allereie er registrert, slik at informasjonen søkaren har lagt inn kan nyttast fleire gonger. Det er viktig at du tek deg tid til å fylle ut CV med alle opplysningane dine. Desse kjem fram på søkjarlista og er ein del av vurderinga av søkarane. Når du har oppretta deg som brukar, vil du seinare kunne logge deg inn og finne att opplysningane dine. Viktig - Kommunalt tilsette, (også vikarar) skal ikkje opprette ny brukar når dei skal logge seg inn for å søkje på ei stilling, men nytte alternativet glemt brukernavn og passord. Kort forklart; - Logg inn med brukarnamn og passord, vel meg selv og oppdater informasjon om deg sjølv. - Gå vidare til kompetanse og legg inn opplysningane dine. - Gå til ledige stillingar. - Vel stillinga du vil søkje på. - Trykk søk på stilling og følg instruksane du får vidare.
REGISTRERING AV EIGA KOMPETANSE PÅ MEG SELV Tilsette som har tilgang til Visma gjennom fakturaprogrammet eller andre Vismaprogram, kan logge seg inn på vanleg måte for å registrere kompetansen sin. Tilsette i Vestnes kommune som ikkje har dette kan logge seg inn her; https://vestnes.komikt.no/vestnes_recruitment/opening;jsessionid=a7625792b6ec94 7024F717ADC3A5E75B?0 Alle faste tilsette har fått ei eiga kommunal e-postadresse (førenamn.etternamn@vestnes.kommune.no). Det er denne adressa som må nyttast for å få tilsendt brukarnamn og passord. Om du ikkje veit kva e-postadressa di er eller ikkje får tilgang til den, må du ta kontakt med leiaren din eller ROR-IKT. For å unngå dobbelregistrering av tilsette er det er viktig at ein ikkje opprettar seg som ny brukar om ein allereie er registrert i systemet. For å få tilsendt brukarnamn og passord, trykkjer du på glemt brukarnavn/passord ; På sida som kjem opp skriv du inn di kommunale e-postadresse og trykkjer send. Etter kort tid kjem det ein e-post med ei lenke der du må inn og verifisere e- postadressa di før du får tilsendt brukarnamn og passord. Når du opnar lenka får du dette bilete, trykk verifiser og vent på neste e-post. Når du får tilsendt brukarnamn og passord, loggar du deg inn og må endre passordet ved første innlogging. Når du har brukarnamn og passord tilgjengeleg vil du kunne logge deg på heimafrå for å leggje inn alle opplysningane dine.
Nye brukarar Er du ny brukar går du inn på registrer søker Følg instruksane som kjem opp på skjermen. Etter innlogging Når du har logga deg inn, går du først til fanekortet personalia. Her kan du redigere sivilstand, adresse og telefonnummer. Du kan også laste opp eit bilete av deg sjølv. Om du ligg inne med kommunal e-postadresse skal du ikkje endre denne då det kan endre på tilgangane dine i andre system. Trykk lagre før du går vidare til neste fanekort, kompetanse.
Under kompetanse skal du legge inn karriereinformasjon, relevant utdanning, erfaring, autorisasjonar, sertifikat, kurs, verv, uformell kompetanse og referansar. Du kan ikkje leggje til vedlegg. For å leggje til informasjon trykkjer du på plussteiknet Vær nøyaktig når du legg inn opplysningane dine, hugs å lagre for kvar kompetanselinje du skriv inn. Om du har lagt inn og lagra feil opplysningar, kan du velje å slette eller redigere kompetanselinja. Trykk på linja du vil endre eller slette. Lagre endringane eller vel slett. Merk at alle felta merka med * må fyllast ut før du får love til å lagre linja.
Søkje på stilling Gå attende til hjem. Her kan du velje stillinga du er interessert i og vil lese meir om. Vel stillinga du vil søkje på, trykk søk på stilling. Følg instruksane vidare. Merk at alle punkt merka med stjerne * må fyllast ut og eventuelle spørsmål må svarast på før du får levert søknaden. Du kan ikkje leggje med vedlegg. Kopiar av vitnemål og attestar sendast inn ved førespurnad eller takast med til eventuelt intervju. Det er viktig at du tek deg tid til å fylle ut CV med alle opplysningane dine. Desse kjem fram på søkjarlista og er ein del av vurderinga av søkarane. Når du har oppretta deg som brukar, vil du seinare kunne logge deg inn og finne att opplysningane dine.