3692 Sauland Møteinnkalling for Administrasjonsutval Møtedato: 03.12.2012 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 09:00 Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er, tlf. 35 02 80 00, slik at varamedlem kan bli kalla inn. Stad Sauland, 26.11.12 Sven Tore Løkslid ordførar Sakliste Sak nr. Saktittel 021/12 GODKJENNING AV MØTEBOK 022/12 DELEGASJONSSAK Unntatt - ikkje offentleg 023/12 DELEGASJONSSAK 024/12 EVALUERING AV SENIORPOLITISKE VERKEMIDDEL FOR TILSETTE I HJARTDAL KOMMUNE
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Administrasjonsutval 03.12.2012 021/12 IL Saksansvarleg: Ingebjørg Landsverk Arkiv: K2-, K1- Arkivnr.: 12/1778 GODKJENNING AV MØTEBOK RÅDMANNEN TILRÅR Møteboka frå adm.utvalet 08.10.12 blir godkjent slik ho ligg føre.
Unntatt - ikkje offentleg Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Administrasjonsutval 03.12.2012 022/12 IL Saksansvarleg: Ingebjørg Landsverk DELEGASJONSSAK Arkiv: K2-, K1- Arkivnr.: 12/1777 FADM-046/12 05.10.2012: SØKNAD OM PERMISJON Søknad frå Hanne Aspheim Lofthus om permisjon med løn 17.09., 05.11. og 03.12. 2012 og 28.01., 08.04. og 13.05.2013 imøtekomast FADM-047/12 05.10.2012: SØKNAD OM PERMIISJON Søknad frå Silje Våle om permisjon med løn 17.09., 05.11. og 03.12. 2012 og 28.01., 08.04. og 13.05. 2013 imøtekomast ADM-049/12 08.11.2012: PEDAGOGISK LEIAR - SAULAND BARNEHAGE - VIKARIAT Intervjugruppa er samstemd i at vi tilbyr Karete Roksvåg stillinga som pedagogisk leiar i Sauland barnehage. Ho har gjort det klart at ho ikkje kan arbeide i meir enn maks 80% stilling. Hjartdal kommune ynskjar å innfri dette ynskje. Karete Roksvåg er difor tilsette i vikariatet til Karianne Haugan 80% stilling. Ansvar: 213 Funksjon: 2010 Hjemmel: 2020 FADM-050/12 09.11.2012: TILSETTING AV REKTOR - HJARTDAL KULTURSKULE I utlyst stilling i 38 %, fordelt på 20 % kulturskulerektor og 18 % dirigent/musikalsk leiar, tilsetjast søkjar nr 1, Frode Flatland, Nordbygdivegen 97 B, 3840 Seljord.
RÅDMANNEN TILRÅR Delegasjonssakene blir teke til etterretning slik dei ligg føre.
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Administrasjonsutval 03.12.2012 023/12 IL Saksansvarleg: Ingebjørg Landsverk DELEGASJONSSAK Arkiv: K2-, K1- Arkivnr.: 12/1779 FADM-045/12 03.10.2012: OPPRETTING AV 100% FAST STILLING SOM SAMFUNNSUTVIKLAR NÆRING OG BUSETTING 1. Rådmannen oppretter ny 100% fast stilling som samfunnsutviklar næring og busetting frå 01.01.2013. 2. Stillinga blir finansiert over kap 1.4 næring og utvikling som igjen blir tilført midlar frå konsesjonsavgiftsfondet. FADM-048/12 08.10.2012: MIDLERTIDIG OMORGANISERING I HELSE OG OMSORG Hjartdal sjukeheim Mens Einingsleiar Gro Bjørndalen er sjukemeldt er leiinga på sjukeheimen organisert på føljande måte: Fungerande einingsleiar: Inger Grete Funner Fagsjukepleier: Une Mjaugeto Fungerande einingsleiar vil ha ansvar for økonomi, vedtak og personaloppfølging og innleie. Fungerande einingsleiar rapporterer til kommunalsjefen. Inger Grete Funner har 50 % stilling og i hele den er hun fungerende einingsleiar på sjukeheimen. Da dette er en rolle som krever mer tid vil Une Mjaugeto bistå henne i den rollen, men det er Inger Grete som har ansvar alene. F.o.m 01.10.2012 og fram til Gro er tilbake skal Inger Gretes lønns nivå være lik Gros. Une skal ha 50 % lønn på Gros nivå og 50 % fagsjukepleier lønn i samme perioden. Heimetenester Mens Einingsleiar Sissel Brenna er sjukemeldt er leiinga på heimetenestene organisert på føljande måte: Fungerande einingsleiar: Gunn Ragnhild Paulsen
Fungerande fagsjukepleier: Hilde Kaasa Fungerande einingsleiar vil ha ansvar for økonomi, vedtak og personaloppfølging og innleie. Fungerande einingsleiar rapporterer til kommunalsjefen. Gunn Ragnhild Paulsen skal ha samme lønnsnivå i sin stilling som Sissel f.o.m. 01.10.2012 og fram til Sissel er tilbake. Hilde Kaasa er fungerende fagsjukelpleier i tjenesten og skal ha samme lønn som Gunn Ragnhild har hatt i sin rolle som fagsjukepleier i samme periode. Hågån Einingsleiar Roar Tveiten er for tida på pappapermisjon. Dette vil vare til om med 09.11.2012. Mens Roar er på permisjon er leiinga på Hågån organisert på føljande måte: Medisinskfagleg ansvar: Mona Gundersen Økonomi og personalansvar: Kommunalsjef Margit Karlsen-Rinde Kommunalsjefen har overordna ansvar for vedtak i eininga i perioden. RÅDMANNEN TILRÅR Delegasjonssakene blir teke til etterretning slik dei ligg føre.
Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Kommunestyret BHO Administrasjonsutval 03.12.2012 024/12 BHO Saksansvarleg: Bengt Halvard Odden Arkiv: K2-V14, K1- Arkivnr.: 12/1762 EVALUERING AV SENIORPOLITISKE VERKEMIDDEL FOR TILSETTE I HJARTDAL KOMMUNE Dokument i saka: Seniorpolitikk i Hjartdal kommune - evaluering Vedlagde dokument: Dokument nr.1 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Hovudtariffavtala, Seniorpolitikk i Hjartdal kommune Saksgang: Administrasjonsutvalet tilrår Kommunestyret vedtek Bakgrunn for saka: I medhald av HTA kap. 3.2.3 skal kommunen utvikle verkemidlar for å motivere arbeidstakarar til å stå lenger i arbeid. I Hjartdal blei det innført seniorpolitiske verkemiddel 17.09.2008 (kommunestyresak042/08 ). Desse tiltaka skulle fungere som ei prøveordning i tidsrommet 01.10.2008 til og med 31.12.2010. Innan utgangen av prøveperioden skulle ein ha gjennomført ei evaluering av ordninga som skulle danne grunnlag for korleis ein vil arbeide med seniorpolitikk framover. Rådmannen har funne det nødvendig å forlenge ordninga fram til utgangen av 2012 for å få eit betre evalueringsgrunnlag. Vurdering: Hjartdal kommune sin vedtekne seniorpolitikk har vore basera i størst grad på fritid og økonomi. Den har vore nytta av grupper innanfor dei fleste sektorane og truleg hatt ei positiv, personleg effekt på dei som har nytta den. Totalt er det 23 tilsette som har nytta ordninga i løpet av prøveperioden. Kommunen har, som dei fleste andre norske kommunar, lite handfast dokumentasjon på korleis ordninga har fungert for å motivera fleire seniorar til å stå i arbeid lengst mogleg. Basert på attendemelding frå leiarar i kommunen er det kun to som har sagt at ordning gjorde at dei stod lenger i jobben. Elles kan ein tolke mellom anna sjukefråværet i prøveperioden begge vegar. Det er inga spesifikke endringar i sjukefråværet på dei arbeidstakarane som har nytta ordninga i perioden. Er dette på grunn av seniorpolitiske tiltak eller har helsa vore god uansett?
deltek på ei utjamningsordning i KLP. Det betyr at vi uavhengig om ein har få eller mange AFP-pensjonistar så betaler ein det same til pensjonsordninga. For Hjartdal kommune vil det derfor ha svært liten økonomisk verknad om ein beheld arbeidstakarane lenge i arbeid eller ikkje. Ei trend blant nabokommunar og kommunar elles i landet er at ein går vekk frå ordningar knytt til fritid og pengar. Ein legg meir vekt på tiltak som seniorsamtale, tilrettelegging, hjelpemiddel, tilpassing av turnus osb. Dette er tiltak som vil koste kommunen mindre pengar og truleg ha same eller betre effekt enn noverande ordning. Med bakgrunn i kommunens økonomiske situasjon og trendar i arbeidslivet vil det vera riktig å fjerne noverande seniorpolitiske tiltak og utarbeide nye i tråd med rådgjevnad frå seniororganisasjonar, KS, tillitsvalde og andre kommunar. RÅDMANNEN TILRÅR: 1. Hjartdal kommune sin seniorpolitikk, vedteken i KOM sak 042/08, opphevast 2. Rådmannen delegerast mynde til å fastsetje seniorpolitiske tiltak i tråd med lov og avtaleverk innanfor dei til ein kvar tid økonomiske rammer fastsett av kommunestyret.