Mykje stoff frå årsmøtehelga. www.sag.no. Organisasjonsnytt. Regnskap/ Balanse s 6. Årsmøtehelg i Sarpsborg s 7-9



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Skriftlig eksamen. SSS2003 Økonomi og administrasjon. Våren Privatister/ Privatistar. VG2 Salg, service og sikkerhet/ Sal, service og tryggleik

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Norsk Bygdesagforening. Fagsamling for skogbruket i Telemark, 7. juni 2017

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA


Jon Fosse. For seint. Libretto

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Månadsbrev for Rosa september 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Brukarrettleiing. epolitiker

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Rapport medlemsundersøking 2016

Kva er økologisk matproduksjon?

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Plassebakken Barnehage

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

6. trinn. Veke 24 Navn:

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Lønnsundersøkinga for 2014

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

FANTASTISK FORTELJING

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Stressar bonden slik at det går på tryggleiken laus?

ehandel og lokalt næringsliv

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

S.f.faste Joh Familiemesse

Stemnehandboka for NKSF

Invitasjon til kurs og haustsamling oktober 2015

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Brukarrettleiing E-post lesar

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Forsand kommune. INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET Januar 2011

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

MEDLEMSINFO. august 2009

Bitraf Resultatregnskap0per

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Transkript:

Forum for Norske Bygdesager Organisasjonsnytt s 4 Regnskap/ Balanse s 6 Årsmøtehelg i Sarpsborg s 7-9 Historisk grunn i Østfold s 11 Besøk på Svenneby sag og høvleri A/S s 12-13 Intervju av vår nye leiar s 16-17 Medlemsblad for Norsk Bygdesagforening. Årgang 21, Nr. 1 06. mars 2009 ISSN-nr.: 0804-4066 Mykje stoff frå årsmøtehelga

Norsk Bygdesagforening Sagbladet er et medlemsblad for Norsk Bygdesagforening og utkommer med 6 nummer i året. Bladabonnement er kr 500 pr. år. Ved flere abonne-ment til samme adressat betales kr 250 pr. år for første tilleggs-abonnement, og kr 125 pr. år for alle ytterligere abonnement. Opplag 600. Redaksjonen avsluttet: 06. mars 2009. Ansvarlig redaktør: Inger-Marie Svingeset 6763 Hornindal Tlf.: 57 87 66 60 e-post: norbygd@online.no Journalist: Gunnhild Sindre Sør-Markane, 67 83 Stryn Tlf.: 57 87 66 60 e-post: norbygd@online.no Designmal: Forglemmegei, Parkveien 11, 2500 Tynset Tlf.: 62 48 10 02 www.forglem-meg-ei.no Trykk og lay-out: Meskano Media, Parkveien 11, 2500 Tynset Tlf.: 62 48 10 02 e-post: media@tusenben.no Redaksjonen: Jostein Ljones Harald Mo Birkenes Geir Håvard Ingdal Arnold Øverås Andreas Lomsdal Utgivelse 2009 NR.: Materiellfrist Utgivelse Nr. 1. 13. feb. 06. mars Nr. 2. 15. april 30. april Nr. 3. 29. mai 15. juni Nr. 4. 20. aug. 09. sep. Nr. 5. 12. okt. 30. okt. Nr. 6 27. nov. 14. des. Annonsepriser: 1/1 bakside 2750,- 1/1 side: 2530,- 1/2 side: 1650,- 1/4 side: 1100,- 1/8 side: 770,- Prisene er eks mva. Rabatter: Ved minimum 3 innrykk: 10%. Ved minimum 6 innrykk: 20% Forsidebilde: Årsmøtedeltakarar ved det restaurerte vasshjulet på Soli Brug. Foto: Inger-Marie Svingeset Norsk Bygdesagforening ble stiftet i 1987. Foreningen har pr. 01.03.2009 310 medlemmer og 113 bladabonnenter. Ordinært medlemsskap: kr 1750 pr. år. Men for første året er det halv kontingent, dvs. kr 875. SEKRETARIAT Inger-Marie Svingeset, dagleg leiar 6763 Hornindal Tlf. 57 87 66 60 Fax. 57 87 66 62 norbygd@online.no Gunnhild Sindre, organisasjonsmedarbeider 6763 Hornindal Tlf. 57 87 66 60 Fax. 57 87 66 62 norbygd@online.no STYRET Jostein Ljones, leiar 5620 Tørvikbygd, tlf. 90515901 jostein.ljones@tine.no Geir Håvard Ingdal, nestleiar 7316 Lensvik. tlf. 957 46 101 Harald Mo Birkenes, styremedlem 4760 Birkeland, tlf. 37 27 68 64 harald@birkenessag.no Arnold Øverås, styremedlem Øveråsvn, 9360 Bardu tlf: 77 18 45 59 bardutre@online.no Andreas Lomsdal, styremedlem Ringelia 2860 Hov tlf: 957 87 408 a-lomsd@bbnett.no FYLKESKONTAKTER Østfold Johan Skammelsrud, Degernes, tlf. 69 22 77 36 Akershus Roar Sørgård Hurdal, tlf. 909 96 273 Hedmark Ivar Grøndahl, Løten, tlf. 62 59 00 05 Oppland Ole Jonny Kalstad tlf. 909 50 003 og Per Arne Ljostad, Snertingdal tlf. 61 18 14 15 Buskerud Svein Granheim, Gol, tlf. 48 02 32 50 Vestfold Runar Bekkeseth, Holmestrand, tlf. 33 05 16 12 Telemark Asbjørn Roheim, Bø i Telemark, tlf. 35 95 45 79 Agder Harald Mo Birkenes Birkeland, mob. 481 58 950 Rogaland Svein Kjetil Rønnevik, Jørpeland, mob. 971 74 278 Hordaland Jostein Ljones, Tørvikbygd, tlf. 56 55 82 66 Sogn og Fjordane Alf Steinhovden, Eikefjorden, tlf. 57 74 81 86 Møre og Romsdal Herman Hervåg, Sykkylven, tlf. 994 63 539 Sør-Trøndelag Geir Håvar Ingdal, Lensvik, tlf. 72 49 18 32 Nord-Trøndelag Ottar Staberg, Utøy, tlf. 74 15 58 15 Nordland Per Kristian Helgesen, Røkland, tlf. 75 69 39 87 Troms Arild K. Hansen, Harstad, tlf. 77 06 08 60 2 Forum for norske bygdesager

Frå redaktørkrakken Nytt år og nye utfordringar! Etter eit veldig positivt årsmøte i Sarpsborg er det greitt å kome tilbake på kontoret og planlegge 2009 ut frå dei arbeidsplanane som styret og årsmøtet har laga. Som organisasjon er vi for tida på ei positiv bølgje sjølv om det blir ropt krise rundt oss på alle kantar. Vi har fått klar melding frå årsmøtet om at Sagbladet skal produserast på same måte som dei siste åra. Medlemmar og abonnentar vil få 3 eksemplar no på vårparten og 3 eksemplar haustparten, alle på 24 sider og med fargetrykk. Vi gledar oss over positive tilbakemeldingar om at bladet er aktuelt og godt, men vi saknar fleire innspel frå medlemmane. Ingen av dei sagbruka som eg har besøkt har vore like og det er fasinerande å sjå alle dei Petter Smart - løysingane som finns. Kva med å ta eit bilde av noko som er genialt på ditt bruk og sende det til oss? Vi set pris på ris og ros frå våre lesarar både om blad og organisasjonen elles og vil med dette utfordre lesarane til å kome med lesarinnlegg som bør bli ei diskusjonsspalte der medlemmane kan ta opp små og store saker og diskutere. Positivt er det og at vi no har fått meir arbeidskapasitet på plass her på kontoret gjennom tilsettinga av Gunnhild Sindre. Ho var med på deler av den hektiske bladproduksjonen før jul og vil frå Sagblad nr. 2 2009 stå for ein større del av skrivinga i bladet. Sagbladet har for fyrste gong fått på plass ein ordentleg journalist :) Denne gongen vil bladet naturleg nok innehalde mykje stoff frå fagdagen og årsmøtet i Sarpsborg. Eg vil be dykk sjå gjennom arbeidsplan og kursplan som begge er trykte i bladet og deretter planlegge din aktivitet i foreininga. Skal du delta på kurs, seminar eller studietur? Aktiviteten i foreininga er auka og vi håpar alle medlemmane ser seg nytte i aktivitetane våre. Ved fleire høve under årsmøtehelga vart nettsida vår kommentert og kritisert. Konstruktiv og rettmessig kritikk, vil eg påstå. Vi i styret og administrasjon har vore klar over at dette ikkje har vore godt nok, men no er det betring i vente. Betre redigeringsverkty er på plass og ein gjennomgang av lay-out og innhald vil bli gjennomgått i tida framover. Dette vil skje gradvis og vi tek dette arbeidet innimellom alt anna. Vi kjem og til å legge ut på nettsidene meir av det stoffet som blir produsert til sagbladet, slik at det kan kome meir til nytte. Kanskje du har sett endring allereie? Nytt i denne utgåva er at vi har starta ein vitsestafett. Her må de følgje med og sjå om de blir utfordra. Ein god latter forlenger livet! Inger-Marie Kjære lesarar! Hei alle sagvenner landet rundt. Eg må fyrst få takke for tilliten som nyvalt leiar av foreninga, eg gler meg til å ta fatt på oppgåvene som ligg framføre oss. Årsmøte i lag og organisasjonar er ofte viktige veiskille, årsmøte i Sarpsborg vart også eit slikt veiskille. Kursen vidare skal stakast ut og forrige år skal gjerast opp, nye val skal gjerast. I år vart det også skifte av leiar. Eg vil nytta anledninga til å takke Johan for innsatsen som han har lagt ned for foreninga gjennom 3 år som leiar og 6 år i styret. Som nytt styremedlem vart Andreas Lomsdal valt, velkommen skal du vera. Eg er svært glad for at årsmøtet var aktive i prosessen med strategiog arbeidsplan for foreininga. Det kom mange gode forslag til aktivitetar som vart tatt med i arbeidsplanen. Det er gjennom slike prosessar at me klarer å utvikla aktiviteten vår på ein måte som medlemmene har nytte av. Om me klarer å gjennomføre alt som står på arbeidsplanen i inneverande år gjenstår å sjå. Men eg veit at damene i Hornindal er i full gang med arbeidet allereie. Mange aktivitetar og kurs for dette året er allereie planlagt. Produksjonen av Sagbladet går som ein leik med Inger Marie som redaktør og nytilsett org.medarbeidar/journalist på plass, velkommen til Gunnhild Sindre. Oppgradering og fornying av våre nettsider er under planlegging, dette blir spennande. I mars skal Inger-Marie og Geir Håvard til Sverige for å presentere foreininga til våre nordiske søsterorganisasjonar, på årsmøte til Småsägarna i Sverige. Håpet er at me kan få til eit godt samarbeid om felles utfordringar for næringa vår i Norden. Oppgåvene står i kø for foreininga. Det tyder på at me i dag har ein oppegåande og aktuell organisasjon som næringa har bruk for. Utfordringa blir å utvikle oss vidare i tråd med mål og planar som årsmøtet har lagt for foreininga, det har eg stor tru på at styret i lag med Inger Marie og Gunnhild skal klare. Helsing Jostein 3

Organisasjonsnytt Nytt styre i Norsk Bygdesagforening Som de ser på side 2 er det endringar i styresamansetninga etter årsmøtet i Sarpsborg. Ny leiar i Norsk Bygdesagforening er Jostein Ljones frå Tørvikbygd i Hordaland. Han har vore fylkeskontakt i Hordaland i ei årrekkje og styremedlem i 2 år, og er dermed godt kjend med bygdesagforeininga sitt arbeid. Vi ønskjer Jostein lukke til som leiar for vår flotte organisasjon, og viser til intervju med han lenger bak i bladet. Johan Skammelsrud hadde sagt frå seg attval etter 6 år i styret, derav 3 av dei som leiar. I den nye leiaren sin tale under festmiddagen etter årsmøtet fekk Johan ros for sin innsats og den utviklinga organisasjonen vår har vore gjennom dei åra han har vore styremedlem og leiar. Nytt styremedlem er Andreas Lomsdal frå Lomsdal i Søndre Land Kommune. Vi ønskjer Andreas velkomen til styret og gledar oss til å bli betre kjent med han. Kurs: Vi har stor aktivitet på kursfronten og viser her til kursplanen. Det er fleire kurs under planlegging og kursplanen på vil verte oppdatert etter kvart som kursopplegga er klare. Håpar mange melder seg på kursa våre og at medlemmane gir beskjed enten til administrasjonen eller fylkeskontakten i sitt fylke om sine behov for kurs. Rådgjevingstenesta vår Som annonsert i dei siste utgåvene av sagbladet har vi no på plass ei rådgjevingsteneste for våre medlemmar. Dette tilbodet er unikt, og vi håpar alle som treng råd og vink i samband med utbygging, ombygging, investeringar osv. tek kontakt med oss. Leif Grøndahl vil reise rundt om i landet på besøk til dei som ønskjer nokon å diskutere tekniske løysingar med. Vi veit at det ikkje er lett å ta alle beslutningane i små bedrifter åleine, difor er det viktig for foreininga å vere ein støttespelar for våre medlemmar i slike prosessar. Rådgjevingstenesta er ikkje kostbar. Ta kontakt med administrasjonen eller med Leif Grøndahl direkte for å gjere avtale. Telefonnr. til administrasjon 57 87 66 60 og til Leif 952 27 691. Årsmøte i Sarpsborg Styret konkluderer med nok eit vellukka årsmøte. Gode diskusjonar, gode foredragshaldarar, tid til sosial aktivitet, god mat og spennande bedriftsbesøk. Gledeleg var det også at det i år var fleire deltakarar enn det har vore dei siste åra. Les meir frå årsmøtet lenger bak i bladet. Møte og messer: Norsk Bygdesagforening kjem til å bli representert på ulike arrangement og møter framover våren. 18. og 19. mars - Trefylket arrangerer seminar på Hamar. Tema for seminaret er Omdømme og Innovasjon for treindustrien. Her er mange spennande foredrag og seminaret blir avslutta med Workshop. Invitasjonen blir sendt til medlemmane våre som er registrert med E-post adresse. 21. og 22. mars Nordisk sagmøte i Stockholm Vi skal her møte våre søsterorganisasjoner frå Danmark, Sverige og Finland. Vi håpar på framtidig samarbeid med desse organisasjonane, der vi kan gripe fatt i felles utfordringar. 31. mars og 1. april - Konferansen Skog for vern Stiftinga Geitbåtmuseet i samarbeid med Riksantikvaren arrangerer eit seminar der tema er å drøfte korleis vi skal sikre godt nok tilpassa material til restaurering av freda og verneverdige bygningar. 17. mai - 22. mai - Ligna-messa i Hannover Vi har gjennom ei av våre medlemsbedrifter fått tak i 2 billettar til messa. Dette er verdens største tekniske messe innanfor vår bransje. Vi har ikkje delteke på denne messa tidlegare. Meir informasjon om Ligna messa finn du på www.ligna.de. Dersom du vil ha informasjon på norsk, kan du gå til http://norwegen.ahk.de/no/ og klikke på messer. Dersom du har lyst til å delta på denne messa er det to reiseselskap som organiserer tur. Det er Expertreiser og Messereiser. Du finn informasjon og prisar på nettsidene deira www. expertreiser.no og www.messereiser.no. Telefonnr. til Expertreiser er 23 19 44 00 og til Messereiser 32 21 71 90. Med desse to selskapa kan ein kjøpe komplette reisepakker med reise, overnatting og messebillettar. Vi veit at organisasjonen Norske Trelastbedrifters Landsforbund og Treindustrien skal reise med Expertreiser. Følg elles med på for andre aktuelle arrangement. Medlemmar i Nordland, Troms og Finnmark Alle våre medlemmar i desse 3 fylka har fått utsendt brev ang. kursbehov. Håpar mange er flinke med å sende svar inn slik at vi får ein peikepinn på kva typar kurs vi skal organisere. Sogn og Fjordane: Det har lenge vore vanskeleg med leveranse av hun og flis i dette fylket. Svært få fyringsanlegg er etablert, men no ser det ut til å løsne. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Fylkeskommunen, Bondelaget og Skogeigarlaget har sett inn ressursar for å få fortgang i arbeidet og Norsk Bygdesagforening har no invitert desse til eit informasjonsmøte der ein forventar at medlemmane skal få tilbod om leveranse for sine biprodukt. 4 Forum for norske bygdesager

Kurs/Arbeidsplan 2009 Kursplan våren 2009 Norsk Bygdesagforening kjem også denne våren til å ha eit breidt kurstilbod til medlemmane. Er du intressert i kurs, eller har forslag til tema for kurs, send oss ein e-post på norbygd@online.no eller ring oss på 57 87 66 60. Type kurs: Tid Kursstad Kursleiar Drift av sagbruk 6.-7. Mars Løten Bygdesag Leif Grøndahl Datakurs Del 1 12. Mars Sarpsborg Dag Spydevold Datakurs Del 2 13. Mars Sarpsborg Dag Spydevold Datakurs Del 3 19. Mars Sarpsborg Dag Spydevold Datakurs Del 4 25. Mars Sarpsborg Dag Spydevold Tørkekurs 27.- 28. Mars Løten Leif Grøndahl Sorteringskurs 17.-18. April Rennebu Leif Grøndahl Høvelkurs 11.- 12. Mai Billingstad, Tom Opåsen/ Falkenberg Bjørn Rødsten Arbeidsplan 2009 Årsmøtet vedtok følgjande arbeidsplan for året. 1. Min. 10 kurs Status pr. mars: Vi har no datofesta 5 ulike kurs utover våren. Medlemmane viser stor interesse for kurs, og vi vil prioritere dette arbeidsområdet høgt. Sjå for øvrig kursplan og følg med på. Vi kjem tilbake med ny kursplan i neste medlemsblad. 2. 6 stk. medlemsblad a 24 sider (som før) 3. Bransjenormer på ukanta kledning, ujustert kledning og kjernevedprodukt Arbeidet er i gang i samarbeid med Treteknisk Institutt. For øvrig sit Jakob Trøan, Materialbanken, Håvard Moen, Leif Grøndahl, Løten Bygdesag og Inger-Marie Svingeset, Norsk Bygdesagforeing i arbeidsgruppa. Medlemmane vil få normene ut til høyring før vi godkjenner dei. Status: Vi skal ha møte 2 i arbeidsgruppa i mars og arbeidet skal avsluttast før sommaren. 4. Studietur i Norge Etter at vi arrangerte to vellukka studieturar i 2008 er det stor stemning for at vi også i 2009 må prøve å få til ein studietur. Dette blir nok ein innanlandstur, men årsmøtet bad om at det blir planlagt ein studietur til Østerrike/Sveits i løpet av 2010. 5. Delta på Dyrsku n Vi skal prøve å få tak i ein god utstillingsplass på denne messa, evt. i samarbeid med andre relaterte organisasjonar. 6. Årsmøte i 2010 Det kom fram forslag om Trondheim eller Bergen. Styret fekk fullmakt til å bestemme den endelege årsmøtestaden. 7.Betre utnytting og marknadsføring av web sida Status: Kontinuerleg prosess, men arbeidet har starta. 8. Utvikle nye kurs for våre medlemmar Årsmøtet kom med forslag om at datakurs og kurs innanfor bedriftsutvikling bør bli eit tilbod til medlemmane. Status pr. mars: Vi arrangerer vårt fyrste datakurs i mars i Østfold! 9. Knytte til oss/utdanne fleire kurshaldarar 10. Organisasjonsutvikling Bygge nettverk og alliansar, bli ein meir aktiv organisasjon. 11. Prosjekt og prosjektfinansiering Arbeide vidare med nye prosjekt som tener medlemmane sine behov. Største behovet pr. dato synes å verte dokumentasjon og merking av varer. Bransjenormene som er under utarbeiding er eit døme på dette. 12. Delta på Villmarksmessa på Lillestrøm. Vi er gjennom ein av våre medlemmar invitert til å delta på denne messa i lag med Riksantikvaren. Messa vert arrangert 16.- 19 mars. 13. Delta på Ligna-messa i Hannover i veke 21 5

Regnskap og balanse Resultatregnskap 31.12 31.12 Noter 2008 2007 1 Salgsinntekt 1 810 299 1 074 958 2 Annen driftsinntekt Sum driftsinntekter 1 810 299 1 074 958 4 Varekostnad 0 0 5 Lønnskostn., styrehonorar, møtegodtgj. 461 480 395 446 6 Avskrivning 0 0 8 Annen driftskostnad 963 239 458 944 Sum driftskostnader 1 424 719 854 390 9 Driftsresultat 385 580 220 568 14 Renteinntekt 0 0 15 Annen finansinntekt 21 782 1 876 20 Rentekostnad -2 973-534 21 Annen finanskostnad 22 Resultat før skattekostnad 404 389 221 910 23 Skattekostnad 28 Årsresultat 404 389 221 910 Balanse 31.12 31.12 Noter 2008 2007 EIENDELER Varer 15 000 15 000 1 Kundefordringer 60 507 37 145 2 Opptjente inntekter 524 353 154 000 3 Forskotsbetalte kostnader 4 Akt. kostn. trelastkalkulator 5 Andre finansielle omløpsmidler Bankinnskudd, kontanter og lignende 287 697 177 269 Sum omløpsmidler 887 557 383 414 SUM EIENDELER 887 557 383 414 EGENKAPITAL OG GJELD Egenkapital 1 Egenkapital 49 893 49 893 2 Annen egenkapital 670 918 266 530 Sum egenkapital 720 811 316 423 Gjeld 2 Utsatt skatt 4 Øvrig langsiktig gjeld Sum langsiktig gjeld 3 Kassekreditt 4 Leverandørgjeld 41 614 1 277 6 Skyldige offentlige avgifter 32 894 25 935 7 Prosjekt: Tradisjonsbasert Trevirke 0-8 Annen kortsiktig gjeld 92 238 39 779 Sum kortsiktig gjeld 166 746 66 991 Sum gjeld 166 746 66 991 SUM EGENKAPITAL OG GJELD 887 557 383 414 6 Forum for norske bygdesager

Årsmøtehelg Vi sette fokus på marknadsføring og muligheter i marknaden for bygdesagene under fagdagen i Sarpsborg. Første foredrag på fagdagen sto Aasmund Bunkholt frå Trefokus for. Han hadde fått det krevjande tittelen Kreativitet i forhold til marknadsføring av bygdesagenes produkt. Han fokuserte på samarbeid innan vår verdikjede både vertikalt og horisontalt, som svært viktig for både enkeltbedriftene i Norsk Bygdesagforening og for organisasjonen. Som døme på samarbeidspartnarar som er aktuelle for oss drog han fram desse frå dei ulike nivå i verdikjeda: Næringsorganisasjonar Skogeigarorganisasjonane Norske Arkitekters Landsforbund Rådgivende Ingeniørers Forening Byggenæringens Landsforening Leverandørutvikling Hovedstadsutvikling Myndigheter: Fylkeskommune Fylkesmannen Landbruksdepartementet Industri og næring: Treindustri Skogbruk Byggenæring Forskning og Utvikling: Finansiering Innovasjon Norge Forskningsrådet Enova FoU-miljø Norges Teknisk-Naturvitenskaplige Universitet Sintef-Byggforsk Treteknisk Institutt UMB Universitetet for Miljø- og Biovitenskap Arkitektur og Designhøyskolen i Oslo. TreForsk Kva spørsmål må vi stille oss når vi skal ut i marknaden: Kva type marknadsføring skal vi satse på? Kvar er marknaden vår? Definisjon på kvar du ønskjer å ha dine kundar. Kva produkt ønskjer eg å selje? Definer dine produkt. Kven er kundane mine? Kva er budskapet i mitt produkt? Kvalitet? Moderne? Miljøvennleg? Kva type kommunikasjonskanalar skal eg bruke? Nettside, annonsering, Korleis er distribusjonen? Når eg kundane? Hente eller bringe? Aasmund hadde mange fine eksempel på gode pilotprosjekt, der tre vart brukt på ein spennande, kreativ og innovativ måte. Ekempel Aasmund Bunkholt sette fokus på marknadsmulighetene for bygdesagene som Viken Senter, Prekestolen Turisthytte osv. Mykje av desse produkta vert produsert på bygdesager. Gode nettsider er avgjerande Dagens kundar kjøper mykje av sine varer på nettet, og morgondagens kundar vil garantert bruke nettet enda meir til kjøp av alle typar varer. Riktige nettsider er difor veldig viktig å få på plass. Fleire av våre medlemsbedrifter har i dag gode nettsider, men Norsk Bygdesagforening sine sider fekk negativ kritikk av Aasmund Bunkholt. Framsida må vere blikkfang, sjå profesjonell ut og gi lesaren inspirasjon og nysgjerrigheit til å bruke sida og til å ville besøkje den på nytt. Ein må difor gjere sida meir aktuell. Bilde og produkt må vektleggast. Utvikling av Norsk Bygdesagforening 1. Identitet gjere vegval i forhold til korleis du vil framstå for kunden/ medlemmane - og gjennomføre det. 2. Kunnskapsspredning: Stå for kvalitet, kunnskap og informasjon 3. Dokumentasjon: Det vil bli stilt enda større krav til dokumentasjon på våre produkt i tida framover. Viktig at vi som organisasjon er på banen både i forhold til CE-merking, og EPD merking som alle dei større utbyggarane vil stille krav om i løpet av eit par, år kan Bunkholt fortelje. 4. Alliansar: Viktig at vi knyter til oss samarbeidspartnarar som har betydning for vår utvikling av organisasjonen. Som eksempel bør ein vere aktiv i forhold til byggeprosjekt. Dette året er det Kulturminneår, og mange prosjekt innanfor restaurering vil kome i gang. Kva med å marknadsføre seg overfor Riksantikvaren? 5. Innovasjon: Tenk nytt, tenk produktutvikling og gjer det kjent for alle! 6. Miljø: Alle vil stille krav til miljøprodukt på sikt. Her har vi eit godt salgsargument, men det må dokumenterast og marknadsførast. 7

Årsmøtehelg Vanskelege tider - nye muligheter Treskallen Ola Øyen, Silvinova, som han sjølv presenterte seg som, kom på fagdagen og gav oss eit innblikk i kva han meinar er bygdesagenes utfordringar og moglegheiter i tida framover. For ordens skuld nemner vi òg at den rette tittelen er Forstkandidat - M.Sc. Forestry. Ola starta med å referere dette utsagnet De som ikke har skjønt at det er finanskrise nå vil aldri skjønne det (Atle Lillebakken, Consis Credit). Finanskrisa har skapt problem for mange i bransjen, sjølv om bygdesagene ikkje er dei hardast råka. Etter dei prognosene Ola la fram vil krisa ta skikkelig tak i 4. kvartal 2009, og krisa vil ta tid. Nokon analytikarar meinar den vil ta eitt år og andre meinar den vil ta 3 år. Ola spådde følgjande utvikling av marknaden. ROT markedet held seg relativt godt Hyttemarknaden dreiar mot leiligheter og moderne hytter Kledningssegmentet vert innteke av prebeisa, varmebehandla og meir bestandige løysingar (Royal garanterer 25 år). Kvalitet nødvendig med meir krevjande kundar Konsept og leveringstid blir meir vektlagt At Norge er eit høgkostland med omsyn på lønningar gir industrialisering Korleis bruke krisa til utvikling? Pass på økonomien (kostnader og fordringar) Vedlikehalde og rydde Reise og lære Utvikle produkt (Prosjekt IN) Finne partnarar og nye marknader Organisasjonsutvikling Kompetanseheving (på kva?) Gjer heimesida til Norsk Bygdesag Forening meir kundefokusert For å betre sin marknadsposisjon bør organisasjonen fokusere på: -Nærleik, nisje og kortreiste material -Profilering av eit fellesskap -Køyr på CO2 kva betyr det for oss treskallar Førebu oss på: Samarbeid for å betre leveringskapasitet Alliansar for industrielt byggeri og offentlige anskaffelsar Kvalitetskrav og dokumentasjon Sterk pris- og kjedekonkurranse på kledningar og justert trelast Produkt - muligheiter og utfordringar Landbruksbygg og industriell tenking. Stolpefjøs og massivtretak er eksempel på dette. Kledningar og behandling -Kjerneved furu, fjellgran, osp Golv og innvendige panelar og tørking. Standard og kvalitetsdokumentasjon Ola Øyen avslutta med at det er mange gode utviklingsprosjekt som får god støtte frå Innovasjon Norge for tida. Det er i dag ein pott på 50 millioner kroner i Treprogrammet som skal ut til dei beste prosjekta. Har du gode prosjekt, gjerne samarbeidsprosjekt, så send ein søknad så snart som råd. Her er det muligheter! Bustadsutvikling 1990-2010 frå Prognosesenteret. 8 Forum for norske bygdesager

Årsmøtehelg i bilder 9

Annonser Lei av dårlig tørking? Maskiner Verktøy Rekvisita Service Fra trelast - - - Vi kan trelasttørking! IM Kondensasjonstørker Kondensasjonstørker Vacumtørker Vi har både nytt og brukt tørkerutstyr Fuktighetsmålere - flere modeller INMARK AS Boks 17, 3163 Borgheim Tlf: 333 82000-900 82004 e-post: e-post@inmark.no Se vår hjemmeside: www.inmark.no Vi har det du trenger! via bearbeiding - - - til ferdige produkter 917 26 975 10 Forum for norske bygdesager

Historisk grunn i Østfold Norsk Bygdesagforening nytta høvet til å ta turen innom Soli Brug i samband med årsmøtehelga i februar. Dette er historisk grunn for sagbruksverksemda i Østfold. Tekst: Gunnhild Sindre Foto: Inger-Marie Svingeset Soli Brug var i sine glansdagar det største sagbruket i Nord-Europa. Bruket ligg ved Ågårdselva i Greåker, eit par mil frå Moss. Her vart det skore tømmer så tidleg som på 1600- talet. Bruket hadde si storheitstid på siste halvdel av 1800-talet. Då var det heile 600 mann i arbeid her, fortel Eva Dørje-Berg, som viste Norsk Bygdesagforening sine medlemmar rundt på bruket. Steinmurar etter ei av dei mange oppgangssagene ved bruket. Rundt 1860 var det heile 22 oppgangssager her Soli Brug er no privateigd. Det var familien Dørje-Berg som i 1975 overtok bruket, og dei har sidan restaurert dei gjenverande bygningane. Bruket har vorte eit populært galleri for måleri, grafikk, keramikk og anna kunst og kunsthandverk. Kaffipause i den gamle smia ved bruket Bygningane rommar i dag verkstad for keramikaren Eva Dørje-Berg, atelier for målaren Ole Dørje og bustad for dei to familiane deira. Det restaurerte vasshjulet ved Soli Brug. Hjulet måler heile 8 meter i diameter Familien Dørje-Berg overtok bygningane i 1975. Her Eva Dørje-Berg, som tok imot Norsk Bygdesagforening og fortalde om historia til bruket To gongar i året vert det halde utstillingar i fem av bygningane ved bruket. Fleire kunstnarar deltek. I den gamle smiebygningen er det servering, og her fekk Norsk Bygdesagforening sine medlemmer kringle og god, gammaldags kokekaffi under omvisninga. I perioden 1860-1880 var bruket på sitt største. Då dreiv Sollifossen heile 22 oppgangssager. I dag kan ein sjå eit restaurert vasshjul ved bruket. Hjulet er heile åtte meter i diameter, og er eit imponerande syn ved elvebreidda. Steinmurar etter fleire av dei mange oppgangssagene står også framleis. Sagbruksdrifta vart nedlagd i 1925. Stridsbergs Norge A/S, Stensrudvn. 3, 2335 Stange Trenger du nytt sagblad - Vi har sagblad i de fleste størrelser på lager! Trenger du sliping av sagblad. Vi sliper alle typer! Kontakt oss: Tlf.: 62 58 53 33 Fax: 62 57 30 17 e-mail: stridbergs.norge@c2i.net 11

Svenneby Sag og Høvleri A/S Etter årsmøtet på Quality Hotel & Resort sette vi oss i bussen for å besøkje Svenneby Sag og Høvleri. Tekst og foto: Inger Marie- Svingeset Her blir vi strålande mottatt av Turid, Ole og Thorvald. Ein engasjert familie der alle 3 står bak drifta. Dei held til på ein gard i Spydeberg som Ole har arva frå sin familie. Bedrifta held til i ein restaurert låve som opprinnelig var bygd i 1880 av oldefar til Ole. Turid Fluge Svenneby heldt eit svært engasjerande foredrag om dei mange prestisjeoppdraga til Svenneby Sag og Høvleri AS. Svenneby Sag og Høvleri AS er ei familieverksemd, og Thorvald Svenneby er yngste generasjon. Her merkjer han ut feil til optimeringskappanlegget. Spesialproduksjon av lauv Det var mjølkeproduksjon som var hovudproduktet frå garden fram til 1981. Då vart både dyr og mjølkekvote seld og kapitalen frå desse vart plassert i nytt sagbruk, kante, dobbelkante og barkemaskin. Investeringane vart alt den gong gjort med tanke på foredling av lauvtretømmer. dei seg fort for å satse berre på spesialproduksjon av lauv. Utfordringa var at det ikkje fantes verken kompetanse, erfaringer eller dokumentasjon på lauv her i landet. Dei måtte difor prøve og feile for å kunne opparbeide seg kompetanse. Kongehytta 1991 vart eit vendepunkt for Svenneby. Dei var svært heldige og fekk leveranse av Kongehytta på Magerø og sidan den gongen har telefonen ringt, kan Ole Svenneby fortelje. Dei starta med andre ord på toppen, og der har dei holdt seg. Dei har spesialisert seg på fleksiblilitet og kundetilpasning der 80% av omsetninga går gjennom arkitektar. I bedrifta i dag er det 9 personar tilsett og dei har ei omsetning på 23-24 millionar kroner årleg. Sjølv om saga er i bruk enno, har dei måtte kjøpe inn meir og meir ferdig nedtørka trelast. Dei hadde ein idealistisk tankegang i starten om å kun bruk norsk råstoff, men denne målsetjinga måtte dei gi opp, så ein del utanlandsk trevirke blir importert for å få stort nok kvantum til dagens produksjon. Sjølv skjærer dei rundt 1000 m 3 årleg på saga si. Det er hovudsakleg amerikansk eik som vert importert. Optimal utnytting Ole understrekar kor avgjerande det har vore at produkta deira er spesielle og han har ikkje skore Vidare vart fjøset gjort om til høvleri. På den tid var det eit tøft marked og Svenneby hadde svært hard konkurranse med dei store bedriftene. Med desse rammevilkåra bestemte Interesserte tilhøyrarar frå bygdesagforeninga 12 Forum for norske bygdesager

2 x4 på 5 år. Vi får ein flott demonstrasjon av optimeringskappanlegget av typen Grecon Dimter 20, der det for tida blir produsert knivskaft til Brusletto i norsk bjørk. Kappanlegget kappar ut alle feil som ikkje er akseptert og på denne måten får vi ei optimal utnytting av råstoffet, forklarar Ole Svenneby. Mange av desse emna ville tidlegare gått rett i flishoggaren fortel han. Desse kappanlegga ligg i prisklasse frå 200.000 kr. og oppover kan selgarane frå Falkenberg fortelje. Lauv er eit krevjande råstoff å arbeide med og det er mykje arbeid med foredlinga. Kledninger, paneler og golvbord er dei vanlegaste produkta. Nesten alt råstoffet går gjennom både grovdimensjonering, fleirbladsag for å rettskjære og deretter tjukkelseshøvel for å ta vekk kuven som blir på materialen etter kort tids lagring. Miste kunden for alltid Alle leveransar frå Svenneby Sag og Høvleri A/S blir laga etter bestilling. Kvalitet er heilt avgjerande for å halde til i dette marknadssegmentet meinar Ole. Om du leverer feil eller for dårleg kvalitet ein gong vil du miste kunden for alltid. Kundegruppa vår er svært krevjande, men og betalingsdyktige, smiler han. Vi er med frå stokken blir plukka i skogen til vi leverer ferdig overflatebehandla panel ut gjennom dørene. Dette er eit godt salgsargument fortel Ole. Olav Skaret, Svein Granheim og Svein Kjetil Rønnevik (med ryggen til) på besøk i sliperommet Dette emnet skal bli knivskaft til Brusletto. Det norske råstoffet kjøper vi frå Viken Skogeierforening, og til skjæring og tørking av osp for eksempel samarbeider vi med Haugestad i Vestfold. Suksessfaktorane Etter ein god informasjonsrunde om produksjon, maskiner og produkter av Ole Svenneby fekk vi ei ei innføring i det profesjonelle marknadsføringsarbeidet som er gjennomført hos Svenneby Sag og Høvleri A/S v/turid Fluge Svenneby. Vi fekk god innsikt i korleis dei hadde jobba og mitt inntrykk er at pågangsmot, tru på seg sjølv, og det å vere trufast mot sin forretningside er dei suksessfaktorane som har gjort denne bedrifta levedyktig. Store profilerings og visningsprosjekt som til dømes Lodge Alpin (hytta til Ole Kr. Furuseth), Kongehytta på Magerø, Viken Skogeierforening sitt nye administrasjonsbygg har gjort lauvtre og Svenneby kjent. Det kunden er fornøgd med Svenneby jobbar mykje opp mot arkitektar, dette betyr at dei må vise kva produkta er gode for, kva eigenskapar dei har, korleis dei bør brukast og korleis dei skal overflatebehandlast. På denne måten må dei også stå for opplæring/ kommunikasjon med dei ulike handverkarane som skal jobbe på dei ulike prosjekta. Gjennom sitt arbeid opp mot arkitektane har dei og fått mykje internasjonal omtale. Det er viktig å vere på lag med dei mest anerkjente arkitektane understrekar Turid. Som døme nemner ho Stein Halvorsen A/S Sivilarkitekter MNAL. Stein Halvorsen A/S har basert verksemda si i stor grad på deltaking og premiering i arkitektkonkurransar. I de 13 åra kontoret har eksistert er en rekke av konkurranseforslaga realisert eller i ferd med å bli realisert. Stein Halvorsen A/S har spesialisert seg på oppdragsgjvarar innan store offentlige og private virksomheter. Med samarbeid med denne type arkitektar får ein stor publisitet. I første omgang fordi arkitektkonkurransar får stor publisitet samstundes som bygga har betydning for mange og dei blir veldig synlege på grunn av sin storleik. Samarbeid med denne type bedrifter er gull verdt for vår bedrift kan Turid stadfeste. Turid avsluttar sin seanse med å stille spørsmålet om kva er kvalitet? Svaret ho meinar er rett er Det kunden til ein kvar tid er fornøgd med. Vi takkar for familien Svenneby ville ta imot oss og det var ein imponert gjeng som reiste frå Spydeberg ut på ettermiddagen i eit forrykende snøvær! 13

Annonser Vi omtanner med stellite og HM alle typer sirkelsagblader, samt strekker bladene til den hastighet som spindelen på din sag har. Selger nye sagblader av de fleste typer. Spesiellt er våre innsveisede stellite-tenner svært gode. Vi har gunstig fraktordning og gode kunder og referanser overhele Norge. Det har rent mye vann i havet etter stiftelsesmøtet for Norsk Bygdesag Forening i 1987. Jeg var tilstede på dette møtet som støttemedlem og fordi jeg hadde svært god kontakt med en masse eiere av gårdssager rundt i hele landet. I en periode, hadde jeg en mengde både nye og gamle sageiere på kurs her på Kongsberg Sagblad A/S i Veggli, men også litt rundt i landet. Veldig hyggelig tid! Veldig hyggelige folk! Etter en serie på 6 artikler som jeg skrev i NBF-nytt om retting og strekking av sirkelsagblader, ble dette etter forespørsel fra redaktøren, om lov, samlet til et hefte. Dette var vel i 1995-96. Dette kan vel kjøpes hos NBF enda. Etter at HM og spesielt Stelitten kom som tannspisser, har det blitt nærmest en revolusjon for sirkelsagbladet. Ingen tidkrevende vigging, ingen filing, bare sliping en gang i blant, med standtid på eggen ca. 5 ganger lengre. Dette har gjort at levetiden på bladene har blitt mangedoblet. Vi har tannet om samme bladet opptil 10 ganger. Vi har derfor sluttet å lage stammene til bladene selv. Ikke lønnsomt. De kjøpes fra en meget god leverandør i Sverige. Som annonsen over viser, står vi fortsatt til tjeneste med omtanning og service og salg av nye blader, med vår kvalitet. Vi har 32 års erfaring i bransjen. Vi ønsker derfor alle våre kunder over hele landet et godt nytt forretningsår. ( I disse ulvetider.) Ring oss, for avtale om forsendelsesmåte, servicebehov og pris. Vennlig hilsen Odd Bekkeseth RING OSS PÅ TELEFON 32 74 62 12 MOB. 454 41 771 FOR EN PRAT! 14 Forum for norske bygdesager

Annonser Prøv oss når det gjelder Fuktmålere Rundkuttere, profilkuttere Rillestål, rundkutterstål Laserlys Strammeverktøy Binol smøre/renseolje Titac plaststifter, stiftemaskiner Barkriverstål Huggerkniver og barkriverstål Tømmerkritt Stempel, fargeruller m.m Kjedekappsager Dessuten nye og brukte maskiner for sagbruk og høvleri. Hegdal Næringspark, 3261 Larvik Tlf. 33 16 56 50 Fax 33 16 56 60 e-post info@fonhus.no www.fonhus.no Gode og effektive sagmaskiner Sirkelsager Utrustning for sirkelsager Kantverk Slipemaskiner Saglinjer Kapsager KARA har produsert smasagbruk siden 1918 Kallion Konepaja Oy www.karasaw.com KJØSNES MASKIN Arn Olav Kjøsnes 7580 SELBU, Tlf. 915 97357 www.k-maskin.no SAGTEKNIKK Ing. Carl H. Svensen 3425 REISTAD, Tlf. 952 37460 www.sagteknikk.no Vi leverer tømmersagblader og verktøy av beste kvalitet Rillestål Not og fjær Høvleverktøy Kutterstål Borer Vendeskjær Båndsagblad service, sliping og reparasjon LIEDS Verktøy AS Postboks 8040 6022 Ålesund Telefon: 70 17 28 00 Fax: 70 17 28 01 E-post: post@lieds.no 15

Den nye leiaren - Dårlegare tider kan brukast til bygging av kompetansen. Difor vert dette hovudoppgåva vår framover. No har vi mogelegheitene, og dette er med og set næringa vår på kartet, seier nyvald leiar i bygdesagforeninga, Jostein Ljones. Tekst: Gunnhild Sindre Foto: Torleiv Ljones Den nyvalde styreleiaren er heimehøyrande i Hardanger, nærare bestemt i Tørvikbygd, der han driv mjølkeproduksjon med rundt 20 årskyr, eggproduksjon med 6000 høns, har gardssag og høgg litt i eigen skog. Kombinasjonsdrifta trivst han med: - Eg har alltid drive slik, og veit ikkje om noko anna. Eg synest det er ein god kombinasjon. Så lenge eg ikkje investerer meir enn eg gjer no, kan sagbruket lett utfylle resten av gardsdrifta når det gjeld arbeid. Eg har få tilsette, berre éin fast, og sagbruksdrifta utfyller godt arbeidsflyten på garden slik at det alltid er nok å gjere, seier han Forening som trengst Gardssaga er vesentleg basert på innkjøpt virke, der mesteparten av produksjonen vert levert gjennom Hordatre. Mykje av produksjonen går inn mot hytte- og restaureringsmarknaden. Dessutan leverer han emballasje til eit stort firma i Bergen. Organisasjonsarbeid har Ljones lenge vore engasjert i. Mellom anna skal han snart takke for seg etter 10 år som styremedlem i Tine Vest, og han har vore styremedlem i Norsk Bygdesagforening siste to åra. - Og no har du blitt styreleiar. Kva er årsaka til at du sa ja til dette vervet? - Eg ser det som ein spennande og utfordrande jobb å utvikle bygdesagforeninga med dei mogelegheitene vi har. Dette er ei forening som trengst i bransjen. Vi har mange oppgåver som kan gjerast felles, som HMS-arbeid og kompetanseutvikling. Det er også viktig å lage Vår nye styreleiar, Jostein Ljones er aktiv sagbrukar, mjølke- og eggprodusent frå Tørvikbygd i Hardanger eit miljø mellom sagbruka, så dei veit at det finst både eit fagmiljø og eit sosialt miljø dei kan vere ein del av. Det er ofte einskildpersonar som driv disse bruka, og då er det bra å kunne ha eit større miljø ein kan knyte seg til. Krav til dokumentasjon - Kva er dei største utfordringane i bransjen komande år? - Eg trur det er litt delte utfordingar, alt etter kva slags verksemd du driv. For småsagbruka er dei største utfordringane dette med dokumentasjon for å kome inn i større prosjekt. Det vert stilt kvalitetskrav, krav om miljødokumentasjon, HMS alt skal dokumenterast før du kjem inn og vert aktuell som leverandør. Det er her det er uhyre viktig at vi som forening kan gå inn og gjere felles arbeid. Gjere det lettare for kvar enkelt å kunne oppfylle desse krava, seier Ljones. I tillegg ser han sjølvsagt den generelle konjunkturnedgangen som ei utfordring for næringa. - Betalingsviljen for det vi tradisjonelt har drive med, hytte- og bustadmarknaden, er mindre. Men eg har likevel stor tru på at bransjen skal klare seg. Særleg småsagbruk, som har høve til å omstille seg fortare enn den store industrien. Ljones er ikkje av dei som tek lett på den økonomiske nedgangen og meiner det verste er over. - No skal eg ikkje gjere meg til nokon spåmann, men eg trur nok vi berre har sett byrjinga på denne finanskrisa så langt. Spørsmålet blir kor lenge ho vil vare, seier han, og legg til: - Ein skal også hugse at for nokre er det betre tider no. Dei som har pengar og arbeid i dag, har betre forhold enn for eitt år tilbake. Renta er lågare, prisane er fallande, og 16 Forum for norske bygdesager

det er ikkje det same presset på å få tak i handverkarar. Evne til omstilling - Media har fokusert mykje på finanskrisa. Er du redd for at det skal breie seg ein pessimisme i bransjen, ei frykt for framtida? - Eg er redd det kan spreie seg, ja. Og dette vil igjen gjenspegle seg i korleis ein satsar framover, kanskje legge band på satsingsviljen til folk. Ljones legg til at ei viss bekymring kan vere berettiga. - Så langt har ein gjerne drege med seg prosjekt som var i gang før finanskrisa inntraff, men til våren og hausten vil nok konkurransen verte tøffare, og det vil bli starta færre nye prosjekt. Men eg har som sagt ikkje tru på at det er dei mindre sagbruka som vert verst stilt, seier Ljones. - Evna til omstilling er større hos dei små bruka. Det er jo det som er vår fordel. Vi er ikkje avhengige av så store seriar og så store volum for å overleve. Vi er gode nok Den nye leiaren i Norsk Bygdesagforening er svært nøgd med at bygdesagene dei siste åra har hatt ei svært positiv utvikling. - Bransjen har gått bra, heilt til denne bråstoppen kom på ein del område. Det viser at vi har vorte tekne seriøst. og det gledar meg at vi får ein anerkjennelse for at småsagbruk er noko å ta med i store samanhengen. At vi har bygd kompetanse til å kunne konkurrere i marknaden. - Dei små sagbruka kunne lett blitt ståande i veggrøfta med lua i handa medan dei store susa forbi i marknaden? - Ja, og det er mange som har prøvd å setje oss i utkanten, prøvd å overtyde marknaden om at vi ikkje gjer god nok jobb. Men i og med at vi greier å halde oss inne marknaden, så viser det at nettopp at vi er gode nok. Og det er gledeleg. Landbruksbygg I media har det vore fokusert sterkt på at tre er på veg tilbake når det gjeld interiør. - Vil dette merkast positivt for bygdesagene? - Det er sjølvsagt positivt at tre kjem tilbake og vil verte brukt meir. Men eg trur det tek ei stund før furu kjem tilbake som det vanlege kjøkentreslaget. I hyttene har det alltid vore brukt tre, så der vert det inga stor endring. Korleis dette vil slå ut på lang sikt, har eg difor inga klar meining, seier Ljones. Han har derimot større forventning til ein annan del av byggebransjen: - All trebruk er positiv, men for småsagbruka kan det ha vesentleg meir interesse å setje fokus på landbruksbygg. Arbeidet for å finne fram til rimelegare byggjemåtar for landbruksbygg kan nok bety meir for småsagbruka enn om folk byrjar å bruke furu i kjøkenet igjen. Stål og betong har vore heilt dominerande lenge, så om vi klarar å få til noko på denne fronten, kan det bli ein spennande marknad. Eg er i det heile ikkje i tvil om at det vert spennande år framover, seier den nyvalde styreleiaren. 17

Verdiskapning i nord Hvem skulle tro at krokete bjørk fra Nord-Norge kan forvandles til edeltre? Helge Stangnes skriver i diktsamlinga Frø i vind at bjørka e et velsigna tre, det har fleire enn eg fått sanne, ja, mer egna gagneve det finn du knapt kor du bor i landet Tekst: Trygve Brenna, Lofoten og Vesterålen Bygesaglag Foto: Trond Johansen og Agnar Kalseth Vel, nå er Målselvbjørka utrolig bein og fin, og egner seg bra til sagtømmer. I Troms, nærmere bestemt Gratangen har man i en tid arbeidet med å utvikle produkter av varmebehandelt bjørk. Under besøk hos NordNorsk Tre fikk vi høre og se mye interessant om og av dette unike produktet. Agnar Kalseth mec parkettstav av varmebehandlet gran Siden vikingetida Varmebehandling av tre er ikke av ny dato. Vi vet at man gjennom årtier, så langt tilbake som i vikingetida, svidde påler og stokker Konferansebord av varmebehandlet tre. (Stilig, ikke sant?) Design: Agnar Kalseth over bålet. Dette var for å hindre opptak av fukt og på den måten begrense råte. I min barndom husker jeg at bestefar drev og svidde gjerdestaur over bålet, hvorfor skjønner jeg nå. Montasje av varmebehandlet bjørk Daglig leder og produktutvikler Agnar Kalseth fortalte at de samarbeider med Finland som i dag er ledende på teknologi om varmebehandling av tre. I Norge har man ikke utstyr for denne prosessen, slik at det får NordNorsk Tre utført i Finland. Ulempen er at produktet blir påført fraktomkostninger og toll (!!!). 180 grader Til gjengjeld ser det ut som at nordnorsk bjørk får en helt annen og mer gylden fargetone enn samme produktet av finsk bjørk. Metoden er i all enkelthet en varmebehandling med temperatur på 180 grader. Det tilsettes damp for å unngå selvantennelse. Treet får en gyldenbrun tone, som kommer av sukkerstoffer og lignin i treet. Cellene i treet lukkes, og dermed minsker evnen til å ta opp fuktighet. Derav hindres sopp og råtedannelse. Produktet egner seg derfor godt til bruk i våtrom, båtinnredninger og gulv. Parkettgulv på Bardu Rådhus Slitesterk Bjørk er i seg selv hard, og varmebehandlingen bidrar ytterligere til at den er slitesterk. Varmebehandlingen bidrar også til at spenninger i treet fjernes. Det gjør metoden meget egnet til parkettproduksjon. Vil man vite mer om dette og se andre bilder av produkter, kan man besøke nettstedet www.nordnorsk-tre.no Et besøk på nettstedet www.skogentreprodukter.no forteller om en bedrift som produserer innredninger og møbler av blant annet varmebehandelt bjørk. Så gjenstår det å ønske det å ønske Sagbladlesere velkommen til å se! 18 Forum for norske bygdesager

Fylkeslaget i Rogaland er særdeles aktive og arbeider godt som organisasjon. Med denne bakgrunn fekk leiaren av laget Svein Kjetil Rønnevik litt tid under årsmøtet for å orientere om arbeidet. Kanskje dette kan vere idear andre fylkeslag kan dra nytte av for å sleppe å finne opp alt på nytt? Det blir arrangert årsmøte kvart år der aktuelle saker blir tatt opp og arbeidsplan lagt. Dei diskuterer kva type kurs som er mest aktuelle og andre arrangement og prosjekt dei skal jobbe med. Kurs I løpet av 2008 vart det arrangert 2 ulike kurs i Roganland. Det eine var eit utvida Sorteringskurs. Dvs. at dei hadde eit noko lenger Sorteringskurs over 4 dagar og avslutta med eksamen som vart arrangert av Trelastkontrollen. Alle deltakarane bestod eksamen med glans! Bygdesagene i Rogaland - eit førebilete Det andre kurset i 2008 var eit høvelkurs. Deltakinga på kursa i Rogaland er god og det er i 2009 ønskje om å arrangere både HMS kurs og Datakurs i regi av bygdesagforeninga. Skogdagar på sagtomta Bygdesagforeninga i Rogaland har arrangert skogdagar på sagtoma. Utstyrsleverandørar på vedmaskiner, sagbruk, traktorar, motorsager og liknande vert invitert til å delta. Felles reise til årsmøtet i Norsk Bygdesagforening Gjennom fylkeslaget organiserte dei tur til årsmøtet i sentralforeninga. Dei la då opp til spennande bedriftsbesøk undervegs. Prosjekt-arbeid 1. Oppstart av massivtreproduksjon? Starta utredning på om massivtreproduksjon er noko å satse på i Rogaland. Knytt til seg samarbeidspartnerar for å jobbe med spørsmålet, blant anna fylkesmannen i Rogaland, Vestskog og Treteknisk. Har søkt midlar til forprosjekt hos Innovasjon Norge og fått ein slump pengar til å arbeide med. 2. Produsert eigen brosjyre der alle medlemmane er presentert med bedriftsnamn, kontaktopplysningar, produkt og bilete av produkt. 3. Nettverkssamtaler med arkitektar. Bygdesagforeninga i Rogaland i samarbeid med Stavanger Byggmesterlaug, Fylkesmannen i Rogaland og Byantikvaren i Stavanger arrangerte eit nettverksseminar der arkitektane i Rogaland var invitert. I løpet av seminaret fekk bygdesagforeninga presentere seg og fortelje kva dei jobba med, samtidig som det var sett av tid til kvar enkelt bygdesag til å presentere sine produkt gjennom gjennom korte møter med kvar enkelt arkitekt. 19

Sag-skratten Sagbladet har etter oppfordring frå medlemar fått eit eige hjørne for humor og gode historier. Førstemann ut med glimt i auget er Lars Kåre Almeland frå Voss. Han utfordrar Elling Torfinn Tveit frå Odeltre A/S til neste utgåve av Sagbladet, og helsar samstundes til alle som deltok på studieturen i Telemark. Berit og Kjetil kunne ikkje få born, så dei bestemte seg for å skaffa seg ein donor for å få til ei familieforøking. Dagen som donoren skulle kome på besøk, kyssa Kjetil si kona når han skulle dra på arbeid og sa, ja, ja, kjære, no dreg eg på arbeid, mannen kjem sikkert snart. gjerna ha gjort kjapt, men eg er sikker på at du ikkje hadde vore like fornøygd med resultatet då. - Tenk, eg kjenner godt til da, mumlar Berit. Fotografen drog opp nokre eksemplar av barnebilete som han har tekje tidlegare og viste resultatet til Berit. - Eg synest at eg var spesielt heldig med desse tvillingane sa fotografen, ettersom det var mora som var den vanskelege der. - Var ho vanskeleg, spurde Berit. - Det kan du vere heilt sikker på, eg måtte ta ho med uti Parken for å kunna avslutta skikkeleg. Folk stimla til for å sjå på.. - Sjå på? sa Berit og gapte av forundring! - Og det tok 3 timar totalt, mora ropte å skreik heile tida, eg klarte nesten ikkje å konsentrera meg, så når det begynte å myrkna om ettermiddagen måtte eg øka tempoet, men det var ikkje før ekornet var begynt å gnaga på utstyret at eg måtte avslutte og rydde opp og dra. - Berit lente seg fram og sa, begynte verkjeleg ekornet å gnaga på... utstyret?? - Dette er heilt sant min frue. - Ja, viss du er klar, så skal eg gjera stativet klart, sa fotografen - Stativet???? sa Berit og gapte.. - Å ja, kjære frue, eg er nøydd til å bruke stativ, to put my Canon on, it s much too big to be held in the hand very long! Då besvimte Berit!! Ein halvtime seinare... Ein barnefotograf er tilfeldigvis i nabostrøket hennas på jakt etter oppdrag, han ringjer på i håp om å få napp. - God dag frue, sa han eg har komme for å... - Å, du treng ikkje forklara, sa Berit flau, eg har venta på deg, - Verkjeleg!!?? sa fotografen, det er kjekt det, visste du at born er min spesialitet? - Ja, det var akkurat da me i ekteskapet var ute etter, versågod kom inn og finn deg ein plass å sitja. Etter ei stund sa ho litt sjenert: Kor skal me begynne? - La meg ordne alt. Eg starta vanlegvis i badekaret, deretter på sofaen og til slutt i senga. Av og til er fak-tisk stovegolvet det besta, der er det mogeleg å tøya og strekkja seg litt. - Badekaret, stovegolvet, tenkte Berit, ikkje noko rart at me ikkje har fått det til. - Ja, kjære frue, eg kan ikkje lova fullkomme resultat for kvar gong, men viss me brukar forskjellige stillingar, og eg skyt frå forskjellige synsvinklar då torer eg å garantera at du vert fornøygd med resultatet. - Oh, det er ikkje noko småtteri dette, sa Berit stønnande! - Kjære frue, i min jobb må ein gje seg god tid i arbeidet, eg kunna Kontakt oss når det gjelder Deler til JAJOD, Jonsereds, Lindquist og Standars Hjo maskiner. Brukte JAJOD maskiner. Verkstedtjenester og rekvisita. Medlemstilbod Særtrykk: Strekking og Retting av Sirkelsagblad kr. 100,- Særtrykk: Tørking av trelast kr. 100,- Sorteringsreglar for båtbord og hudplank kr. 50,- Dimensjonstabellar kr. 100,- Trelastkalkulator (elektronisk utg.) kr. 700,- HMS perm. for medlemmar kr. 2.000,- HMS-perm for ikkje-medlemmar kr. 2.500,- Prisane er eks. mva. Ring til Norsk Bygdesagforening, 57 87 66 60 eller send E-post til norbygd@online.no for bestilling. Prisene gjelder NBF`s medlemmer og abonnenter. Porto kommer i tillegg. Teroteknisk Service AS Telefon 62 57 46 00 Telefaks 62 58 25 59 Sagtomta, 2337 Tangen 2607 Vingrom Tlf. 61 26 74 85/ 61 26 22 00 Fax 61 26 23 58 arne-even@owren.no Kjører egne sliperuter www.teroteknisk.no 20 Forum for norske bygdesager