ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2015

Like dokumenter
ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2016

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2009

Pilegrimen går ikkje gjennom verda for å oppleve noko nytt. Men for sjølv å bli ny. (Augustin ) 430)

Årsrapport for 2017 Å GJERA VERDA TIL EIN BETRE STAD!

3. Statistikk ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2005

ÅRSRAPPORT for PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK 2018 Å GJERA VEST- TELEMARK TIL EIN VARMARE STAD Å BU!

ÅRSRAPPORT FOR OPPSUMMERING OG UTFORDRING 2. ARBEIDSOMRÅDE 3. STATISTIKK 4. AKTIVITET I 5.TANKAR FRÅ Å VANDRE MED HÅP 2011

Har alt det ein driv med innan diakonien i Tokke, Vinje, Nissedal, Fyresdal og Kviteseid noko for seg: Evidens er vel fagordet?

RAPPORT FRÅ Å VANDRE MED HÅP 2015.

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

Velkomen som konfirmant!

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle.

Velkomen til soknerådskurs

Velkomen som konfirmant

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

Rammer: Finne et egnet sted enten i gruppa eller i kretsen til gudstjenestested. Det bør ikke være mer enn 100 mennesker pr Scouts own.

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2006

HOVUDUTSKRIFT. År 2014, den 30. september, hadde Fusa sokneråd møte i Strandebarm kyrkjelydshus i Strandebarm.

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

DEN NORSKE KYRKJA Agder og Telemark biskop

Vigsling av evangelist

Vigsling til andre tenester

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Songar til julefesten 2014

Jesus taler om sin død

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme

Møteprotokoll for møte i

Visitasforedrag Hjelmeland, Fister og Årdal, 4. februar 2018

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Referat. DEN NORSKE KYRKJA Fitjar sokn. Utval: Fitjar sokneråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.

Diakoniplan Ulstein sokn

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN!

Månadsbrev for Blå, april 2016

Brødsbrytelsen - Nattverden

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 7. november 2017

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Til deg som bur i fosterheim år

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Kommunikasjonsplattform. for Den norske kyrkja. DEN NORSKE KYRKJA Kyrkjerådet

SAKSUTGREIING. Sak: Felles sokneråd for Leveld, Torpo og Ål sokn. Sokneråda i Ål kallar inn til kyrkjelydsmøte etter gudstenesta:

Ulsteinvik Bibelen

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Herdla kyrkjelyd Sommar 2017 sommar 2021 Diakoniplan

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Visitasforedrag ved bispevisitas i Samnanger november og 3. desember 2017

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse)

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Velkomen som konfirmant i kyrkja!

Visitasforedrag ved bispevisitas i Stord og Nysæter og 20. nov 2016

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

MEH2011booklet.indd

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2013

Månadsbrev for Rosa september 2014

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Visitasforedrag ved bispevisitas i Sogndal og Leikanger og 29. april 2018

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNESKOLE klasse KONSEPT SKOLEGUDSTJENESTE JUL. 3. Tenning av adventslysene elever - mens vi synger: Tenn lys!

STRATEGI FOR FRIVILLIGHET

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Plan for undervisning

Johan Dalsegg født død

OK, seier Hilde og låser.

Lucia. Svart senker natten seg. I stall og stue. Solen har gått sin vei, Skyggene truer. Inn i vårt mørke hus. Stiger med tente lys,

Kvardagsmesse. Kapellet, Domus Theologica. Samling Inngangssalme. Alle står.

2016 Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av

Info til barn og unge

Velkomen til Røde Kors!

Elevundersøkinga 2016

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Eit friminutt frå sorga

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 1. desember 2015

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Månedsbrev for April

Motiver til gravferd. Prøvebok Begravelsesbyrå Nilsen

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Transkript:

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2015 INNHALD 1. OPPSUMMERING OG UTFORDRING 2. ARBEIDSOMRÅDE 3. STATISTIKK 4. AKTIVITET 5. RAPPORT FRÅ VANDRING MOT FRIDOMEN 2015 1.OPPSUMMERING OG UTFORDRING Ein av dei tinga eg lærte på Det Norske Diakonhjem, er å sjå historia om den miskunnsame samaritan på fleire måtar. Ein ting er å få folk til stelle sår og få folk til herberge, men det handlar også om å gjere vegen mellom Jeriko og Jerusalem trygg; Ta tak i trugsmålet frå røvarane. Kjempe for å hindre overgrep, slik at folk kan gå trygt. Førebygge, nemne det useieleg, ta tak i det ein ikkje vil vite noko om, som vald og overgrep mot ungar. Det å viktig å snakke sant om det som øydelegg menneske av mishandling, overgrep og vald. Me må arbeide for å fjerne valden, overgrepa og fattigdomen. Det held ikkje berre å drive sårstell og god pleie, orsaka til uretten må bort. Jesus fann seg ikkje i urett. Me må påverke dei med makt til ta rette avgjerder for fattige og undertrykte, og på den måten gjera vegene tryggare. Difor har dette året blitt prega av ulike grad av førebyggande arbeid. Tre veker gjekk utstillinga Hvis klær kunne fortelle,- om vald i nære relasjonar, rundt i Vest-Telemark. Utstillinga blei glitrande forklara av Øivind Aschjem. Vidare dei ulike pilegrimsvandringane og seinhaustes eit kurs i førebygging av sjølvmord.(vivat - kurs). Så er det viktig at kyrkje og diakoni har ein plass i det offentleg rom, sjølv om ho ikkje lenger har mykje reell makt. Ein viktig oppgåve for kyrkja og diakoni er å utfordre og skape uro for politikarar og samfunn. Samstundes som det er viktig å skape gode samarbeidsrelasjonar. Så takk til Vest-Telemark Rådet, til kommunane i Vest-Telemark og alle andre som vil samarbeide i kyrkje og samfunn.

Kven er min neste? Nestekjærleik skaper ofte strid og ordskifte. I desse dagar handlar det om flyktningane som kjem til landet. Dei kom til Jesus og ville sette han fast. Kven er min neste?, spurte dei skriftelærde. Jesus gjekk ikkje inn i den stor diskusjon om verdige og uverdige for vår kjærleik. Han fortalte heller den store historia om nestekjærleik. Ein mann for frå Jeriko til Jerusalem, og fall i hendene på røvarar. Det starta med at den miskunnsame samaritan bøygde seg ned, og tykte hjarteleg synd i den nedslåtte. I Matteus 25 utfordrar Jesus oss til seks diakonale handlingar: Det rettferdige spør: Når såg me deg, i fengsel, utan klede, svolten, tørst, framand eller sjuk. Det du har gjort mot ein av desse mine minste, det har du gjort mot meg, svarar Jesus. No har det blitt 25 år som Prostidiakon i Vest-Telemark. Eit grisgrendt strøk der ein kjem borti litt av kvart. Fem små kommunar med få folk og stort areal. Ein får øvd seg i diakoniens kjerneområde: Nærleikskompetanse og får mykje mengdetrening i krisearbeid. Mengdetrening er viktig for å forstå variasjonen i menneskeliv., og ikkje minst avgjerande når det gjeld å opparbeide tillit og styrke relasjonsarbeidet. Tenker at eg er ute å går diakonalgang. Ein måte å gå på der ein førebudd på det meste, og gje den ekstra tida som trengs for å bygge relasjonar. Så er grasrotarbeidet, i sorg og kriser, den direkte kontakten er framleis det viktigaste i prostidiakontenesta. Sist år er det gjennomført nesten 450 samtaler. Heldig er eg som framleis får drive på som diakon i Vest-Telemark. Her er nokre gode røynsler etter åra som Prostidiakon: 1.Ein klok måte å jobbe diakonalt på i store geografiske område med lite folk. Vest- Telemark- modellen i diakoni, er lite bidrag til norsk diakonihistorie. Modellen bygger på eit utvida samarbeid over kommune og soknegrenser. Ein samarbeider om ei leiande diakonstilling. Ei stilling spesielt retta inn på å bygge diakonalt samarbeid innan i regionen. Difor er satsinga di siste åra gått meir mot regionale institusjonar og tiltak som har verdi for heile Vest-Telemark, og kanskje helst slik ting som ingen andre ville hatt høve til å gjere. Diakoniarbeid over fleire sokn og kommunar gjer det lett å få til fellesopplegg. Så som Verdiseminar, pilegrimsvandringar, diakonarbeid ved DPS i Seljord og fengselsdiakonien i Fyresdal

2.Breitt samarbeidd, gjerne litt på tvers Handlar mykje om relasjonar og lite byråkrati. Og folk som er viljuge til å gå litt ekstra. Går du, så er ikkje alt håplaust. Da har du håp. Pilegrimsarbeidet er eit håps prosjekt som flettar saman mange gode ting. Folkehelse, eksistensielle spørsmål, sorg, soning,, lengt og samanheng. Kultur og historie. Etter kvart har det vorte mange gode røynsler med pilegrimsvandringar frå Vest-Telemark til Røldal. Å vandre med håp i samarbeid med DPS- Seljord og dei kommunale psykiatritenestene. Vandring for forandring - i samarbeid med RVTS- Sør og LEVE. Vandring mot fridom i samarbeid med Arendal Fengsel avdeling Kleivgrend og nytt i år Vandring for ny meistring med Familiekontoret i Kviteseid. 3. Relasjonar til folk, institusjonar og samfunn Samhandling er komplisert. Det offentleg har sin krav og rapporteringar. Må stole på at samarbeidspartane leverer fagleg gode tenester. Så kan folk som likar kvarandre kan samarbeide om alt. Trass i livssyn og grenser. Å bygge gode relasjonar handlar mykje om ha tid til einskild menneske. Somme gonger vert dette borte i snakk om grupper og organisering av friviljuge. Samtaler og oppføljing er det som vert ståande. Her representerer kyrkja ein kjemperessurs. Men ein må ha kloke og gode fagfolk. Til alt overmål er tenestene gratis. 4.Den gode grasrota og diakonfaget Det fins ein friviljug ressurs blant folk. Men oppføljinga av dei er det kritisk punktet. Diakonar har eit fag. Om ein ikkje veit heilt kva det ligg i omgrepet diakoni, er ofte grunnutdanninga kjent. Det skaper tryggleik både for dei friviljuge og det offentlege helse og sosialtenesta. Diakonien må eit spesielt ha syn for dei som ingen andre ser eller støttar. Faguttrykket er dei marginalisera. Dette kan bygge truverd, men igjen er det snakk om å gjere kloke fagleg val. Kyrkja har noko spesielt i møte med den resultatlause omsorg, trua på menneskeverdet og nåden. Kyrkjemøtet i 2007 definera diakoni slik: Evangeliet i handling. Både evangeliet og handlinga trengs i framtidas Vest-Telemark kyrkje. 2. ARBEIDSOMRÅDE OPPRETTING OG OPPFYLGING AV DIAKONIORGANA I KYRKJELYDANE I TOKKE, VINJE, NISSEDAL, KVITESEID OG FYRESDAL Det er diakoniutval i Kviteseid, Nissedal/, Grunge og Fyresdal. Utvala har ansvar for blomehelsingar, helgemesse og diakonidagar. Så er ønskje at dei lagar ein Diakoniplan til godkjenning hjå soknerådet. Sidan det var soknerådsval i haust, vert det oppnemnd nye utval etter kvart.

FORKYNNING OG UNDERVISNING OM DIAKONI. Dette skjer gjennom gudstenester ( 28 ),diakoniundervisning for alle konfirmantane, kursverksemd, soknerådsmøte og diakonispalta i Vest Telemark Blad OPPLÆRING OG UTDANNING AV FRIVILJUGE MEDARBEIDARAR. Så godt som råd vert det prøvd å følgje opp dei friviljuge. Om ikkje anna er målet at dei ein eller annan gong gjennom året, får ei rose. Diakonisamlinga for Vest-Telemark er eit årleg samlingspunkt. SAMARBEID MED SOKNERÅD OG KYRKJELEGE TILSETTE Samarbeidet skjer på mange felt. Mellom anna gjennom møte med sokneråd og diakoniutval. Frå 2015 vart prostiet utvida, men mine arbeidsoppgåver i Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal står fast. ARBEID MED Å STYRKE FELLESSKAP OG OPPRETTEOMSORGSGRUPPER. Sist år har eg hatt ei sorggruppe eller rettare Gå vidare - gruppe i Åmot og på Dalen ( I alt 85 deltakarar). Ei ny starta i Kviteseid no i haust. Elles er det tilbod om Livssynsgruppe på Distrikts Psykiatrisk Senter i Seljord (12 gonger med 31 deltakarar). På Kvitsund er det Guys -Group på Kvitsund også ei Gutegruppe på Høydalsmo skule. ARBEID MELLOM DEI INNSETTE I SKOGSLEIREN I FYRESDAL I Statsbudsjettet for 2016 vedtok ein å legge ned Skogsleiren i Kleivgrend. Ei avgjerd som er vanskeleg å forstå når ein ser dei gode tinga som skjer med innsette i leiren. Det er månadlege visitorbesøk. Kvar gong er det mellom 10-15 innsette som drikk kaffi og et kake med oss (Statistikken seier 168 ).Tre visitorar deler på denne tenesta. ( Ragnhild, Else og Siv) I samband med påska var det nattverdmesse med ni deltakarar. For tredje året vart det arrangert ei pilegrimsvandring for innsette kalla Vandring mot fridom. Fem innsette deltok. Elles hadde sosialklassa ved Kvitsund Gymnas ein dags ekskursjon til leiren, og åtte innsette var på juleselskap heime hjå meg på Dalen. Elles er juleavslutninga i skogsleirlavoen er ei høgdepunkt gjennom året. GJE HJELP TIL MENNESKE I AKUTTE, VANSKELEG LIVSSITUASJONAR. Jamt over annan - tredje kvar veke kjem det nye kontaktar. Elles er det utrykkingar i samband med arbeid i krisegruppene. Også i år vart delt oppmuntringspakkar til jol med god sponsing frå COOP på Dalen. STOFF TIL KYRKJELYDSBLAD, AVISER OG RADIO. Kyrkjelydsblada i prostiet får jamlege stoff. Diakonispalta i Vest Telemark Blad er ein fin måte å få ut diakonale drypp på. (45). I Telemark Tidende i Telemarksavisa har eg ei spalte kalla Påfyll. ( 25) I samband med Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp får me disponere tre avissider i VTB. Prostidiakonen har heimeside og Facebookside,( No 834 som likar det.)

HA KONTAKT MED OFFENTLEG SOSIALTENESTE OG HUMANITÆRE ORGAN. Prostidiakonen er med i dei kommunale krisetema i Nissedal, Vinje, Tokke og Kviteseid og Fyresdal. Kontakten med Vest-Telemark Rådet, skular, sosialkontor, Øvre Telemark Familiekontor, barnevern og arbeidsmarknadsbedriftene er god. Samarbeidet med psykisk helse i dei seks vest-telemark kommunane (samt KVITO og DPS ) om Å vandre med håp, vart gjennomført for åttande gong. Frå 1985 har Vest-Telemark hatt Prostidiakon. Prostidiakonen i Vest-Telemark er eit samarbeid mellom sokneråd og kyrkjelege fellesråd i Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal. Pengane til stillinga kjem dels frå dei samarbeidande partane, kyrkjedepartement og Agder og Telemark bispedømeråd. Diakonatet har eit valt styre. Styreleiar er Oscar.J. Garnes, Vinje. Tokke kyrkjelege Fellesråd fører rekneskapen. Dalen er kontorstad for prostidiakonen. 3. STATISTIKK FOR SAMTALER/ HUSBESØK I DEI EINSKILDE FELLESRÅDSOMRÅDA SAMT DPS I SELJORD OG SKOGSLEIREN I FYRESDAL Tala gjeld om lag 175 ulike saker. Dei fleste samtalene går over to til tre gonger. Målet mitt å gje folk tilbod innan ei veke. I år er det vel 50 færre samtaler enn i fjor. Dette skuldast i stor grad at til utstillinga Hvis klær kunne fortelle og fire pilegrimsvandringar vart prioritert. 4. AKTIVITET

VINJE Eit møte med Trusopplæringsutvalet i Grunge/ Medansvarleg for utstillinga Hvis klær kunne fortelle på Vinjehuset samt ein fagdag for barnehage/ lærarar om Vald i nære relasjonar /Fire stabsmøte og ein stabstur til København/ Fire konfirmanttimar i Rauland og seks i Vinje / delteke på Samtalemesse i Rauland/ medansvarleg for Diakoniens Dag i Vinje og Arabygdi / ansvarleg for Verdiseminaret på Vinjehuset i november med tema: Folkekyrkje i Vest- Telemark? med støtte frå Vinje kommune/ preika på Snøformingsfestivalmessa i Åmot/ to soknebod/ forretta tre gravferder / delteke på konfirmantleir for Rauland og Vinje i Grunge kyrkje / leia Helgemessegudstenesta i Nesland og ei gudsteneste i Grunge kyrkje / leia ei Gå - Vidare gruppe (seks samlingar/ delteke på Lysmessa på Åmot skule/ delt juletankar på skuleavslutning på Edland / KVITESEID Organisert to skuletimar om Vald i nære relasjonar på Kviteseid skule / delteke i VIP prosjekt på Kvitsund/ delteke på Diakonidag i Kviteseid kyrkje /delteke på Pilegrimsvandring med konfirmantane/andakt på to føremiddagstreff på Misjonshuset/ forretta ei gravferd i Brunkeberg delteke på pilegrimsdag med vandring frå Seljord til Brunkeberg/ tre krisegruppemøte/ i lag med miljøarbeidar på Kvitsund Gymnas leia Guys Group (3 gonger/ 30 deltakarar)/ delteke på sommarfest for Lundenjordet på Misjonshuset /organisert ein besøksdag for elevar frå Sosialklassa på Kvitsund i Skogsleiren i Fyresdal / delteke på Familiemesse i Vrådal kyrkje/ lest juleevangeliet på Krodokk/ i samarbeid med Diakoniutvalet halde kurs i besøkstenste på Misjonshuset/ diverse besøk på Akuttmottaka for flyktningar i Vrådal og Morgedal / starta ei Gå - vidare gruppe for Kviteseid/ FYRESDAL Ti samlingar i skogsleiren/ eit Diakoniutvalsmøte/ delteke på innsetting av sokneprest Øyvind Mæland delteke på Diakonidag i Moland kyrkje/ delteke under Fasteaksjonen i Fyresdal/ på stand under Folkehelsefestivalen i Fyresdal i mai/ delteke på omvisning for flyktningar i Moland kyrkje /delt juletankar for Fyresdal Bygdekvinnelag/ organisert utstillinga Hvis klær kunne fortelle på Gimle skule

NISSEDAL Organisert utstillinga Hvis klær kunne fortelle og ein temakveld om Vald i nære relasjonar/ delteke på Diakonidag i Treungen kyrkje/ delteke på Bli - Vaksen dag for 10 klasse dag to konfirmanttimar/ deltek på eitt krisegruppemøte/ delteke på ei krisemarkering på Tveit skule/ kåsert på Medarbeidarfest på Bedehuset i Treungen/ TOKKE medansvarleg for utstilinga Hvis klær kunne fortelle på Kulturhuset på Dalen /Fire stabsmøte og ein stabstur med Tokke- staben / ansvarleg for Diakonidag Dag på Kulturhuset / eitt krisegruppemøte/ tala på 17. mai i Skafså/ medansvarleg for ein salmekveld på Kulturhuset/ ansvarleg for Kirkens Nødhjelp - aksjonen i Eidsborg/Mo/Skafså/ leia ein velkomstsamling for flyktningar i samarbeid med Dalen + /ansvarleg for ein flyktning i språkpraksis/leia ei pilegrimsvandring med konfirmantane på Skafsåheiia/ undervist om Sorg for konfirmantane /starta ei Gutegruppe på Høydalsmo skule/ leia fem gravferder og 6 gudstenester/ to andaktar på Tokke Helsesenter/ ansvarleg for fagseminar om Åndeleg helse under bispevisitasen / leia Adventskonsert i Lårdal/ Spist julemiddag med Psykisk Helse/ delte juletankar på juleavslutning på kommunehuset på Dalen/ Organisere ei Gå-vidaregruppe. (fire samlingar med 16 deltakarar) TAL OG ARRANGEMENT FELLES FOR TOKKE, VINJE, NISSEDAL, FYRESDAL OG KVITESEID. Saman med Vest-Telemark Rådet og kommunane ansvarleg for Hvis klær kunne fortelle sin rundgang til kommunane i januar. Tre styremøte i Diakonatet pluss årsmøtet/ansvarleg for Diakonisamlinga for Vest-Telemark og jubileum (30 år) for Prostidiakonstillinga i Nesland kyrkje med tema : Pilegrim Elles gjekk utdelinga av Diakoniprisen for 2015 til Kjell Lindheim frå Kviteseid for sitt arbeid som korleiar i over 40år.Leia ein felles konfirmantdag for Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal på Kulturhuset på Dalen/ distriktskontakt for Kirkens Nødhjelp/ ansvarleg for Diakonispalta og Fasteaksjonsidene i Vest-Telemark Blad / delteke på ein dag om Truopplæringsarbeidet i Vest- Telemark/ undervist om Sorg på felles konfirmantleir for Tokke, Kviteseid, Seljord, Hjartdal, Heddal, Notodden og Sauherad. Prosjektansvarleg for pilegrimsvandringa frå Grungedal til Røldal med namnet Å vandre med håp/ undervist prestane i Øvre Telemark om pilegrimsvandringar / saman med kollega Ivar Solbu vandra frå Brunkeberg til Dyrsku`n i Seljord som ei solidaritetshandling med flyktningar og samstundes samla inn pengar til Kirkens Nødhjelp/

I samarbeid mellom RVTS- Sør og LEVE arrangert Vandring for forandring frå Ulevå til Røldal. SAKER OG TING OG UTANOM VEST-TELEMARK Nytt av året er eit samarbeid med Øvre Telemark Familiekontor om ei pilegrimsvandring for deltakarar på Sinnemeistringskurs/ møtte på konsultasjon i Vest-Telemark Rådet om nedlegging av Skogsleiren i Fyresdal/ Elles arrangert VIVAT- kurs ( eit kurs for førebygging av sjølvmord) for Vest-Telemark i samarbeid med VT Rådet / delteke på fagdag- i regi av Agder og Telemark bispedømme om Integrering av flyktningar (Skien)/ delteke på julebord for Psykisk helse i Seljord/ Mentor for Trusopplæringa i Flekkefjord og Sirdal / 2. varamedlem til sentralstyret i Det Norske Diakonforbund / leiar i Agder og Telemark Stift av Det Norske Diakonforbund7 Delteke på Landstyremøte for DNDF i Sandnes/ delteke på tre Fagdagar for diakonane i Agder/Telemark/ inspirasjonssamling for KN- kontaktar på Sundvollen/ delteke på samling for trusopplæringsmentorar på MF / saman med diakon Ivar Solbu undervist Masterstudentane i diakoni på Diakonhjemmet/ kåsert om pilegrimsvandringar for Domkirkens menighet og Laget for Psykiatriske Sykepleiararar i Kristiansand/ undervist om kriser for Tuddal Raude Kross og for Krisegruppa i Drangedal/ undervist på seminardag for kontorfaglig personale i Helse Blefjell/ publisera ein artikkel i Luthersk Kirketidende (7/15) om pilegrimsvandring og psykisk helse. To undervisningsdagar for AOF Telemark på vidareutdanning innan psykisk helse og rus/ halde føredrag på Novemberkonferansen for Kirkelig ressurssenter mot vold og overgrep/ kåsert i Telemark Fosterhjemsforening / halde føredrag for leiarmøte i Telemark Bondelag og årsmøtet for Telemark Sau og Geit/delteke på felles fagdag for Øvre Telemark prosti i under Truosopplæringkonferansen på Lillestrøm/ deltek på Work - shop om Vandring for Forandring under den 8. Nasjonal Konferansen om Sjølvmord i Kristiansand/ / med i ressursgruppe i Agder og Telemark bispedømme for å førebu Reformasjonsjubileet 2017 leia seminar på Inspirasjonsdagar for bispedømmet i Vrådal / delteke i arbeidet med Det Norske Diakonforbunds Jubileumskrift (1915-2015) Takk til alle gode samarbeidspartar. I kyrkje og kommunar. Alle gode medarbeidarar i, sokneråd og diakoniutval, tilsette, innsette, friviljuge på mange nivå. Takk til styre og ikkje minst styreleiar i Diakonatet Oscar J. Garnes. Takk også til kyrkjeverja i Tokke som legg ting så praktisk godt til rette for diakonjobben min i Vest-Telemark. Eilev Erikstein Dalen 31.12.15

RAPPORT FRÅ VANDRING MOT FRIDOM 2015 Pilegrimen går ikkje gjennom verda for å oppleve noko nytt. Men for sjølv å bli ny. (Augustin 354-430) Å GÅ SEG SJØLV I MØTE Vandring mot fridom, vart gjennomført for tredje gong, tysdag 1.til onsdag 2. september 2015. Vandringa er eit samarbeid mellom Skogsleiren og Prostidiakonen. Før i tida kunne folk bli dømt til å gå pilegrim. Tanken var at ein skulle få tid til å tenke nye og betre tankar, og kanskje eit nytt møte med seg sjølv. Å søkje forsoning med seg sjølv, verda og Gud ligg i botn på alle pilegrimsvandringar. Fem innsette vert gjeve tilbod om å vera med. Dei vert tekne ut i god tid, og må førebu vandringa ( Ordne sko, sovepose ). I to dagar går fem innsette og ein fengselstilsett over Haukeli fjell mot krusifikset i Røldal. I Røldal er det ingen som spør kven som er innsett, tilsett eller diakon. Men berre dette eine; Velkomen kjære pilegrim. Undervegs vart me oppmode om å plukke med oss to steinar. Ein for alt vondt og trasig. For plagsame tankar. Den vart att i Røldal. Den andre for alt me har å vera takksam for. Den tok me oss heim, til peishylla. Takksemd gjev god varme til vinteren. TYSDAG 1. SEPTEMBER 2015 Alle turarar er bra, så lenge det er godt ver, vil mange hevde. Årets utgåve av på Vandring mot fridom hadde stor t sett berre blåst og regn. Kanskje der var det som sveisa oss saman, og gav vandringa noko heilt ekstra. I 13-tida kom fem innsette og betjent Harald Hervik til Haukeliseter. I 14 tida kom Odin Adelsten Bomann, partisekretær i Telemark Arbeidarparti og ordførar i Fyresdal Erik Skjervagen og ordførarkandidat frå Vinje Børre Rønningen. Dei var invitera får å få eit lite innblikk i korleis pilegrimsvandringa vår er.

Kjentmann for alle var Tjøstov Kvålen. Som vanleg måtte med ordne logistikken mht til bilar. Men rundt 14-30 byrja me å gå. Ved Nupshadlene var det smaksprøvar på ost og pølse. Ei ekstra utfordring i år var snøen langs Ulevåvatnet. Men somme klatra lett over den største snøfonna. Kring 16.30 tok me fatt på bakken opp mot Dyrskar, medan politikarane fann seg ein bil og køyrde heim. Flott å at dei ville vera med! Bia ikkje lenge i Dyrskar før me fann varmen hjå Borgny på Midtlæger. Slik vert vart måtte me langt ned i Austmannali før me kunne slå opp lavoen. Det er ein fryd å vera saman med så mange gode praktikarar som i ein fei fekk opp lavoen. God mat vart det også i regn og rokk. Ein vandringstanke fyrste dag KUNSTEN Å GÅ Odd Nordstoga syng om det, og har laga nok ein hit. Det handlar om menneskets fyrste rørsler. Den det heile starta med. Det som seinare skapte utvikling og fellesskap; kunsten å gå Å gå gjev von. Går ein, vil ein leve. Går ein, er det for livet. Om det ikkje var ei framtid, ein veg for oss, ville me aldri bry oss om å gå. Overalt i verda går ein. Mange ber tungt. Kvinner og barn går i timar for å hente vatn mange stader. Då er det godt å koma fram, og få sett av seg børa. Eg tenker meg pilegrimsvandringar slik. Ein går mot ein mål, for å legge av seg. Så veit ein at det er lettarar å legge av seg ting i eit fellesskap. Difor går ein saman med andre. Kanskje sorg også er ei slags pilegrimsvandring? Dei gamle pilegrimar hadde minst to grunnar for legge ut på vandring. For å gjera bot eller å bli frisk. I dag er det kanskje ein tredje grunn viktigast ; Det eksistensielle. Ei pilegrimsvandring handlar om å gå mot noko som ein ser som heilagt. Er ein ivrig Real Madrid fan, vil det vera stor å koma til Santiago de Bernabeu.. Ein Liverpool tilhengjar vil vel heller til Anfield Road. Er ein glad i Elvis, vil ein tur til Graceland vera stort, og somme går mot krossen i Røldal. Eg er ute å prøvar kunsten å gå.det her er mitt initiativ. Det er eg som er serven, serven i mitt liv. syng den gode vinbygg Odd Nordstoga. Kanskje det er det som er å vera pilegrim? Andre dag

Å BLI DØR Ved Dyrskar, finst ein gamal vegtunell frå som ein går gjennom. (Sjølv om det står 1886 på veggen utafor, fortel Wikipedia at tunellen er frå om lag 1900.) Tunellen er ikkje lenger heilt i stand. På venstre side har det opna seg eit hol, lys kjem inn i mørke og leier oss trygt gjennom. Så vert den vesle tunellen eit bilete på håp og forvandling. Lys og håp kjem på nye måtar og frå nye vinklar. Som eit menneske på sida av ein eller ein nye tanke til hjelp på svarte dagar. Det er ikkje så langt i frå at eg ser kvitkledd gartnar i tunellen, men Han er i alle fall i mine medmenneske. I Matteus evangeliet seier Jesus: Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg. Når såg me deg, i fengsel, utan klede, svolten, tørst, framand eller sjuk, spør dei gode folk. Visste ikkje om det gode dei hadde gjort. Ei dame sa ho hadde møtt veggen, ein skikkeleg hard sementvegg. No trengte ho nokon å snakke med. På trammen etter samtala spurte eg om ho no såg noka dør i veggen. Då såg ho på meg og sa: I dag vart du døra mi. Langs diakonvegen opnast dører av mange slag. Somme av dei er vidopne, andre har trutna rundt karmen, må handsamast forsiktig. Ein og anna har mista nykjelen, og må ha hjelp til leite etter han. Eg starta med mange tunge tankar, men dei var mest borte når eg kom fram til Røldal, sa ei. Trur det heiter nåde. Så er det eg kanskje mest tenker på under pilegrimsvandringa; dei små og nære ting. Litt mat i magen, greie sko og gode folk å gå med. Ditt sinn monne flyve så vide omkring, det er som du glemmer de nære ting, det er som du aldri en time har fred, du lengter bestandig ett annet sted. Gå inn i din stue, hvor liten den er, så rommer den noe ditt hjerte har kjær. På ropet i skogen skal ingen få svar, finn veien tilbake til det du har. Du syns dine dager er usle og grå. Hva er det du søker, hva venter du på? Når aldri du unner deg rast eller ro, kan ingen ting vokse og intet gro. Den lykken du søker bak blående fjell, kan hende du alltid har eiet den selv. Du skal ikke jage i hvileløs ring,

men lær deg å elske de nære ting." (Arne Paasche Aasen) Onsdag 2.septeember 2015 Onsdag morgon i ni-tida var lavoen riven, og vandringa kunne ta til. Fyrst nokre kilometer tilbake, før det gjekk for nedover Austmannali. Små glytt av sol vart det og nedgjennom lia. God rast ved Bruhølen. Stille vandring herfrå i eit par kilometer. Utfordringa var tenke på korleis ein ville ha livet etter soninga?. Klokka 13.15 var me framme ved målet, og vart godt tekne imot av Margit Gjørv. Godt å høyre klokkeringinga frå Røldal. God kjøtkakemiddag på Haukeliseter. Telemarksavisa hadde sendt med oss nokre jakker med eit stor Telemarkshjarte. Godt at me har ein pilegrimsveg å gå her hjå oss. Men heretter lever turen i kvar einskilds hjarte. Vi er på sporet etter en ny og bedre virkelighet som skal finnens ikke så langt herfra Den ligger forhåpentlig i nærheten av det hjertet forstår (Kate Næss) Ved målet UNDER KRUSIFIKSET Så vert og 2015 vandringa historie. Kva slags historie ein sit att med etter vandringa, veit berre dei som gjekk. Somme ser gnagsåra og minnest påkjenninga. Andre har lagra vandringa som depotmedisin mot haustdepresjonar. Nokon let dårlege tankar bli att i Røldal. Inne i den eldgamle kyrkje veit eg ikkje om nokon betre song å synge enn Delig er jorden. I si tid ein protestsong mot krig og naud. Det kan han framleis vera. Men også ein song i takksemd fordi me har kome fram. Deilig er jorden, prektig er Guds himmel, skjønn er sjelenes pilgrimsgang. Gjennom de fagre riker på jorden går vi til paradis med sang. Tider skal komme,

tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang; aldri forstummer tonen fra himlen i sjelens glade pilgrimssang! Englene sang den først for markens hyrder; skjønt fra sjel til sjel det lød: Fred over jorden! Menneske fryd deg. Oss er en evig frelser født! Eg ber jamt med meg ein stein til Røldal. Ein stein med alt vanskeleg. Noko trivielt eller stor og tung sorg. Men i alle fall det som der og då plagar meg. Veit ikkje noko betre en å få lagt av seg ein tung ryggsekk på slutten av ein fjelldag. Men eg dreg aldri tomhendt frå pilegrimstaden. Finn meg ein ny stein. Kanskje ein slik som ein gong vart lagt att for å bli kvitt byrder og bører? Berre det at no er stein blitt ein stein som skal minne meg om alt eg har å vera takksam for. Fordi takksemd er det viktigaste av alt.