Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2011/781-1 Astri Måkestad Saksgang Saksnr Utval Møtedato Komite for oppvekst, kultur, idrett Kommunestyret Retningslinjer for måltid i kommunale barnehagar Innstilling frå rådmannen: styre vedtek retningslinjer for måltid / frukt i kommunale barnehagar slik det går fram av saksutgreiinga. Saksutgreiing: Bakgrunn Dei kommunale barnehagane har ulike rutinar med måltid, både når det gjeld omfang og betaling. Det er såleis grunnlag for å sjå om det er ordningar som kan vera sams for alle kommunale barnehagar. Mjølk er i dag inkludert i månadleg foreldrebetaling. I fylgje merknader til Lov om barnehager 4: Foreldrerådet skal bli forelagt saker som er viktige for foreldrenes forhold til barnehagen ikke minst foreldrebetalingen. Saka vart sendt til foreldreråda i dei kommunale barnehagane 09.05.2011. Frist for å uttala seg i saka vart sett til 30.05.2011. Det er kome inn svar frå Uskedalen barnehage, Valen barnehage og Husnes barnehagesenter. Gjeldande ordningar med måltid: Som det går fram av tabellen under, har kommunale barnehagar valt ulike ordningar. Måltid i barnehagen vert årleg drøfta og avgjort i samråd med foreldra. Barnehagane gjer sine prioriteringar, og til dømes kan turar / uteliv verta sett på som viktigare pedagogisk aktivitet i lag med barna enn laging av faste daglege måltid. Somme barnehagar er godt tilrettelagt for tillaging og servering av måltid, medan andre har lite eigna kjøkken. Barnehagane fastset sats for måltid i samråd med foreldre. Det er ulik praksis for innkrevjing av betaling for måltid. I nokre barnehagar har foreldra ansvar for innkrevjing / rekneskap, medan andre stader gjer barnehagetilsette dette arbeidet. side 1
I tabellen er det oversikt over dei barnehagane som har meldt inn om måltid / drikke. Barnehagar - kommunale Dagleg/ lunsj 2 g. i veka 1 g. i veka Anna Frukt Foreldrebet. måltid pr.mnd Bringedalsbygda Smørjemat x 150 Hatlestrand Smørjemat 30 Hauge Smørjemat x 200 Varm mat 1g.veka Husnes bhg.s Smørjemat x 80 el.varm mat Omvikdalen Turmat 35 annakv.veke Sunde Smørjemat x 100 Valen Smørjemat 70 Ølve Smørjemat x 130 Betaling for måltid i barnehagen Lov om barnehager 15 Merknader til forskrift om foreldrebetaling i barnehagar: 1 Maksimalgrense for foreldrebetalinga: ( ) Bestemmelsen fastsetter at betaling for kost kan komme i tillegg. Dette medfører at barnehageeier som har en foreldrebetaling lik maksimalprisen, i tillegg kan kreve betaling for måltider servert i barnehagen. Eventuell kostpenger skal i så fall dekke barnehagens faktiske utgifter til måltidene (selvkost). Dersom barnehagen har ansatt en kjøkkenassistent, kan utgiftene til lønn til denne assistenten tas med i beregningen av barnehagens faktiske utgifter til måltidene. ( ) Betaling for mat skal ikke være på et slikt nivå at barnehageeier tjener på dette. ( ) SSB: Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar januar 2010: 91 % av barnehagane tek ekstra betaling for mat i barnehagen. Snitt betaling: i overkant av kr.190 pr. mnd. for fulltidsopphald. Ikkje kommunale barnehagar har ulike ordningar med mattilbod, frå daglege måltid til ikkje faste måltid. Alle barnehagane tek månadlege kostpengar: Rosendal FUS barnehage: kr. 250 Espira Halsnøy Kloster barnehage: kr. 200 Handeland Friluftsbarnehage: kr. 260 (tur og kostpengar) Dønhaug Gardsbarnehage: kr. 300 Andre kommunar i vårt distrikt (månadleg betaling): Etne kommune kr. 290 for mjølk, frukt og smørjemat Stord kommune Det er høve til å ta ekstra for matservering Odda kommune kr. 60 /mjølk kr.60 /kost kr.40 /frukt (nokre barnehagar) Kostpengar gjeld eit måltid i veka. Kvam herad Matpengar vert fastsett i den einskilde barnehage Vindafjord kommune kr. 9 pr.måltid side 2
Retningslinjer for mat og måltid i barnehagen Sosial-og helsedirektoratet har gitt ut retningslinjer for mat og måltid i barnehagen. Frå retningslinjene: Mat og drikke i barnehagen utgjer ein betydeleg del av barnas totale kosthald. Dette gjeld anten om den er medbrakt eller servert. Heim og familie har det grunnleggjande ansvaret for barns kosthald, men fordi så mange måltid vert innteke i barnehagen, har barnehagen stor innflyting på barnas matvanar, kosthald og helse. Arbeidet med mat og måltid i barnehagen bør skje i nær forståing og samarbeid med heimane. http://www.helsedirektoratet.no/ernaering/barnehage/retningslinjer Barnehagar som serverer mat i barnehagen, må melda dette inn til Mattilsynet. Barnehagane skal retta seg etter same reglar som kantinedrift, men det vert likevel teke omsyn til omfang. Barnehagane må ta ei risikovurdering, som er ein del av internkontrollrutinane. Faktorar som ein må ta omsyn til, er m.a. reine/skitne soner, kjøletilhøve, høve til handvask og mathandsaming. Uttale frå Miljøretta helsevern / kommuneoverlege Oddvar Larsen Miljøretta helsevern meiner at etablering av faste tilrettelagte måltid vil vera med å fremja gode kostvanar og helse. Der det blir etablert tilrettelagte måltid, syner ein til Helsedirektoratet sine retningslinjer som vist til i saksutgreiinga med omsyn til samansetning av måltid, tilstrekkelig tid og rundt måltida og spesielt dei hygieniske tilhøva, sjå: http://www.helsedirektoratet.no/ernaering/barnehage/god_hygiene_gir_friske_barn_162174 I risikovurdering og internkontrollrutinar må ein sikra at ein har eigne tiltak ved utbrot av smittsame sjukdomar. Vurdering Mat / måltid i barnehagen Barnehagen er ein pedagogisk og helsefremjande institusjon. Barnehagens arbeid med helse, måltid, kosthald og hygiene er nedfelt i barnehagelova, rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver og forskrift for miljøretta helsevern i barnehagar og skular. Dei siste åra har kosthald og matservering i barnehagane er jamleg drøfta. Verdien av smørjemåltid som pedagogisk aktivitet har vore framheva av somme. Andre har sett fokus på at barn treng fysisk aktivitet / turliv og at tilrettelegging av måltid ikkje må ta tid frå dette. Spørsmål ein kan stilla: skal det vera opp til barnehagane å vurdera kva som er rett å satsa på, eller skal det vera sams ordningar i kommunale barnehagar? sine barnehagar er ulike, både når det gjeld fysiske tilhøve og pedagogiske prioriteringar. Fysiske tilhøve: nokre barnehagar har kjøkken som er eigna for førebuing av daglege måltid. Andre har kjøkken som ikkje er tilrettelagt for matlaging, korkje når det gjeld storleik eller sentrale krav. Sentrale krav er m.a. at det er god nok kjølekapasitet, reinhaldsrutinar (reine og skitne soner) og høve til handvask. Andre omsyn ein må vurdera når avgjersle om måltid / matservering i barnehagen skal avgjerast Avstand til butikk. Somme barnehagar ligg langt frå butikk, og tilsette kan ikkje gjera innkjøpa som ein del av pedagogisk arbeid i lag med barna. Kven skal laga maten? Det er ei kjensgjerning at matlaging tek tid. Ingen kommunale barnehagar har tilsett kjøkkenassistent. Somme avdelingar har aldersgrupper der det er naturleg å ta barna med i side 3
arbeidet. Andre har småbarnsgrupper der dei tilsette må ta førebuing og opprydding. Dette tek tid frå arbeidet i lag med barna. Tilsetja kjøkkenassistent? Dersom barnehagen tilset kjøkkenassistent, kan utgiftene til løn til takast med i utrekning av barnehagens faktiske utgifter til måltida. Truleg vil dette verta ei svært dyr ordning for småbarnsfamiliar. Pedagogiske prioriteringar. I årsplanarbeid vurderer barnehagar mål og tiltak for arbeidet med barna. Naturlege drøftingar vil vera: vil tilrettelegging av måltid i barnehagen vera i tillegg til eller vera ein del satsingsområda? Medbrakt mat eller smørjemåltid? Barnefamiliar vurderer ulikt kva barnehagane skal bruka tida på og kva som er viktig. Årleg drøfting mellom foreldre og tilsette er naturleg når barnehagane skal avgjera om det skal vera faste måltid i barnehagen. Betaling for mat / frukt i barnehagen Innkrevjing av betaling for mat / frukt er i dag utanom det kommunale faktureringssystemet. Ansvar og kontrollrutinar vert for vage, og det er såleis inga god ordning. Utan at det har vore drøfta sentralt, ser det ut til at barnehagane har lagt seg på nokolunde same pris for likt tilbod. Drikke i barnehagen Gjeldande ordning er at mjølk er inkludert i foreldrebetalinga. Dersom barn treng laktosefri mjølk, kjøper barnehagen inn dette. Andre spesialordningar er det foreldra som syter for. Utgifter til drikke i dei kommunale barnehagane er gjennomsnittleg kr.500 årleg pr.barn med heildagsplass. Dette er store utgifter for barnehagane som opplever at pålagde oppgåver innskrenkar høvet til å nytta pengar på inventar, utstyr og kompetanseheving. Innkrevjing av betaling Innkrevjing for måltid er i dag utanom det kommunale faktureringssystemet. Ansvar er stort og kontrollrutinar er for vagt, og det er såleis inga god ordning. Betaling for mat og drikke bør derfor fakturerast i lag med betaling for barnehageplass. Leiar har ansvar for å halda tildelte budsjettrammer. Uttale foreldreråd / samarbeidsutval Uttalane er eintydige i at det er positivt at det skal vera lik betaling for likt tilbod, og at betaling skal fakturerast i lag med foreldrebetalinga. FAU ved Uskedalen barnehage og FAU / tilsette ved Valen barnehage påpeikar at ikkje alle barnehagar har kjøkken som er tilrettelagt for dagleg matlaging. Det er derfor viktig at barnehagane sjølve kan avgjera omfang av måltid. Det er ulike innspel i høve til pris. Det er faktiske utgifter som skal dekkast, og at dette ikkje skal vera auke på maksimalpris for barnehageplass. FAU / tilsette ved Valen barnehage stiller spørsmål om framlegg til satsar er sett for lågt. Det vert stilt spørsmål om kva som skjer dersom barnehagen overskrid budsjettet eller står att med overskot på aktuell budsjettpost. Dei påpeikar at det vil gå ut over bemanninga på den einskilde avdelinga dersom ein aukar omfanget av fast tilrettelagte måltid. FAU ved Husnes barnehagesenter påpeikar at det må vera alternativ drikke for dei barna som er allergiske mot mjølk. Om det vert vedteke betaling for drikke, er det naturleg at årleg innsparing kan nyttast til inventar, utstyr og kompetanseheving i barnehagane. side 4
Konklusjon og tilråding Måltid/frukt - drikke i kommunale barnehagar 1. Barnehagar som har faste tilrettelagte måltid, må retta seg etter retningslinjer frå Mattilsynet og Sosial- og helsedirektoratet. 2. Barnehagen serverer mjølk og vatn til måltida. Barn som er allergiske mot mjølk, får anna høveleg drikke. 3. Barnehagane avgjer i samråd med foreldre om det skal vera tilrettelagte måltid og/eller frukt i barnehagen. Dette gjeld også omfang. Satsar for betaling for mat og drikke i barnehagen Det skal vera lik betaling for likt tilbod i kommunale barnehagar. Satsar for måltid vert fastsett av kommunestyret. Alle prisar gjeld for heildagsplass. Redusert barnehagetilbod tilseier prosentvis redusert betaling. Betaling for mat og drikke skal fakturerast i lag med betaling for barnehageplass. Satsar pr.01.08.2011 1. Mjølk kr. 50 pr. mnd. 2. Måltid dagleg kr. 275 pr. mnd. 3. Frukt dagleg kr. 40 pr. mnd. Uttale frå Eldrerådet: Ikkje aktuelt Uttale frå Rådet for dei funksjonshemma: Ikkje aktuelt. Økonomisk konsekvens: Årleg innsparing ved at foreldre betalar for mjølk, jf. budsjett 2011: kr.205 000 Miljømessig konsekvens: Ikkje aktuelt Vedlegg: side 5