gavlen 2015-35. årgang Sunnmøre Museum Sunnmøre Museumslag



Like dokumenter
Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Til deg som bur i fosterheim år

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Kom skal vi klippe sauen

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Møteprotokoll for møte i

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

mmm...med SMAK på timeplanen

Brannsår, rus eller friheit?

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Kva er økologisk matproduksjon?

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Årsmøte i Stokkenes Golfpark BA,

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

La meg få ein sjanse til...

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Med god informasjon i bagasjen

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

6. trinn. Veke 24 Navn:

Brukarrettleiing. epolitiker

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Finansiering av søknaden

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Referat frå årsmøte i Jotunfjell Fjordane EHK, Vågå Hotell 13.februar 2010.

FANTASTISK FORTELJING

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.

LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015)

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009


P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Transkript:

gavlen 2015-35. årgang Sunnmøre Museum Sunnmøre Museumslag

Gavlen 2015 ISSN 033-2668 35. årgang. Utgjevar: Sunnmøre Museum og Sunnmøre Museumslag Bankkonto 3900.33.13933 Borgundgavlen, 6015 Ålesund Redaksjon: Per Sæther Konservator Stiftinga Sunnmøre Museum Prent: NordvestTrykk AS INNHALD Innkalling til årsmøte i Sunnmøre Museumslag...................2 Sakliste til årsmøtet i Sunnmøre Museumslag....................3 Årsmelding Sunnmøre Museumslag..........4 Helsing frå direktøren......................5 Biskopen frå Borgund......................6 Farge på tilværelsen........................8 Gards-smie frå Årsæter i Ørsta.............10 Åkre bedehus, Haramsøy eit viktig kulturminne.....................12 Klausendammen.........................14 Frå skreppehandel til supermarknad..........19 Årsrapport 2014 Stiftinga Sunnmøre Museum...............26 Hva skjer på museet......................30 Innkalling til årsmøte i Sunnmøre Museumslag Vi kallar inn medlemar i Sunnmøre Museumslag til årsmøte 2015 Søndag 19. april klokka 13.00 på Kringkastingsmuseet på Vigra Vi startar årsmøtet med omvisning på Kringkastingsmuseet v. Turid Røsvik Servering Årsmøte Vi ønskjer alle vel møtt Styret Forside og bakside: «Villa Borgundgavlen», teikna av arkitekt Rudolf Emanuel Jacobsen (1879 1937). (Utlånt av Merete Klausen) Foto omslag: Anderson/SEDAK Foto: Sunnmøre Museum og artikkelforfattarane der ikkje anna er nemnt. 2

Sunnmøre Museumslag Årsmøte 2015 på Kringkastingsmuseet på Vigra Sakliste: Sak 1 Konstituering Godkjenning av innkalling Godkjenning av sakliste Val av ordstyrar Val av skrivar Val av 2 personar til å skrive under møteboka Sak 2 Årsmelding 2014 Sak 3 Rekneskap 2014 Sak 4 Arbeidsplan 2015 Sak 5 Val Sunnmøre Museumslag arbeidsplan 2015 Styret skal i 2015 ha ansvar for: Søndagsforedraga på Sunnmøre Museum Syte for frivillege hjelparar ved dei store arrangementa ved museet i 2015 og ta del i andre aktivitetar gjennom året Arbeidet med medlemsbladet Gavlen 2016 Tel. (+47) 70 16 48 70 3

ÅRSMELDING 2014 SUNNMØRE MUSEUMSLAG Årsmøtet 2014 vart halde på Sunnmøre Museum, Borgundgavlen 27. april. Møtet var kalla inn etter retningslinene, gjennom medlemsbladet Gavlen. Før sjølve årsmøtet orienterte Siw Solvang om Middelalderfestivalen som skulle haldast på museet til sommaren, og det var samling i det eldste bustadhuset på Museet, Skodjestova, der konservator Per Sæther fortalde om bu- og levevilkår i 1814. Konstituering av årsmøtet Innkalling og sakliste vart godkjend, og Sidsel Waage Aurdal vart vald til ordstyrer. Einy Waage og Ranveig Siem vart valde til å skrive under møteboka. Etter konstitueringa vart årsmøtesakene behandla etter saklista. Årsmelding og rekneskap for 2013 vart samrøystes vedtekne. Arbeidsplan for 2014 vart vedteken utan merknadar. Vala var og samrøystes etter innstillinga frå valnemnda. Arbeidsåret 2014 Styret har i meldingsåret hatt slik samansetning: Leiar Anne Lise Hessen Følsvik Nestleiar Sidsel Waage Aurdal Kasserar Rolf Klock (1 år) Styremedlemar Harald Kjølås Arve Berg Guri Bjørlo Bjørn Nedreskodje (vald av stiftinga Sunnmøre Museum) Varamedlemar 1. Rolf Ivar Ytrebø 2 Ragnhild Aurdal Fet 3 Sissel Blomvik Revisor: Ivar Gaupseth Per Sæther har møtt frå administrasjonen i Sunnmøre Museum. Valnemnd vald på årsmøtet 2014: Gunnvor Krogsæter (leiar) Jonny Finnes Jan Erstad Det har vore halde 5 styremøter, og behandla 24 saker i meldingsåret. Aktiviterar Søndagsforedrag: Våren 2014: Januar: 4 «Revejegerane på Jan Mayen» v. Ole M Ellefsen Februar: Samarbeid med Borgund kyrkje. «Borgundprest og Eidsvollsmann» v. Jarle Sulebust Mars: «Slekta di rundt 1814» v. Gunnar Morsund Hausten 2014: September: Knut Maaseide om bankskøytene generellt og om bygginga av kopien av ei bankskøyte som no skjer på Prestebrygga. Oktober: Fellesarrangement med Aalesund Museum på Fiskerimuseet. Det var presentasjon av det nye fembinds-- verket om Fiskeri- og kysthistoria ved Leiv Grønnevet og Arnljot Løseth November: Den nye Sunnmørssoga «Gull av Gråstein» ved forfatter Eldar Høidal REPRESENTASJON Arve Berg, Harald Kjølås og Anne Lise Hessen Følsvik møtte på årsmøte i Stiftinga Sunmøre Museum. Anne Lise Hessen Følsvik deltok på årsmøte i Forbundet for norske Museumsvenner FNM 2014. Møtet vart halde i Oslo på Teknisk Museum. GAVLEN Medlemsbladet Gavlen vert som før sendt ut før påske. Dette for at alle medlemane skal få direkte innkalling til årsmøtet gjennom bladet. Krav om medlemskontingent blir også vedlagt Gavlen. GÅVE TIL SUNNMØRE MUSEUM I 2014 vart det gitt ein sum på kr. 20 000 som gåve til museet. Saman med same summen frå 2013 vart dette overført til museet, og gåva vart brukt til å utbetre naturstien fram til sætra. FASTE ARRANGEMENT GJENNOM ÅRET Museumslaget har også dette året deltatt og hjelpt til på dei faste opne arrangementa på Museet; Middelalderfestivalen og førjulssøndagen i desember. Middelalderfestivalen i månadsskiftet mai/juni var ny av året, og vart svært vellykka, med mange besøkande og god pressedekking. Førjulssøndagen var og godt besøkt, trass i at veret ikkje var av det beste. E-POSTADRESSER Vi manglar framleis e-postadresser til nokon av medlemane våre. Dersom du ikkje får tilsendt Nytt

på museet, er du kanskje ein av dei, eller kanskje du har skifta e-postadresse det siste året? Vi blir svært glade om du tar kontakt dersom noko av dette gjeld deg, du kontakter oss på museum@sunnmore.museum.no Då vil du få orientering om det som hender på museet over e-post. MEDLEMAR Ved årsskiftet var det 273 medlemar i Sunnmøre Museumslag som har betalt kontingent. Medlemstalet har gått litt ned også dette året, men det er likevel slik at vi har fått nye medlemar dette året. Dei som har meldt seg inn denne hausten har ikkje fått krav om kontingent enno, men vil få kravet no saman med Gavlen. Dei har med dette ikke blitt registrert enno. Museumslaget bør stadig ha verving av nye medlemar som ei prioritert sak. Mange av medlemane våre er støttemedlemar, og vi er svært glade for dei, men vi treng fleire aktive i Museumslaget. Så vi utfordrar medlemane om å ta del i aktivitetane på museet, og ser fram til å møte deg der. TAKK Styret i Sunnmøre Museumslag vil takke alle frivillege som er medhjelparar på dei ymse arrangementa på Sunnmøre Museum. Vi takkar og museumsdirektøren og andre i administrasjonen som er med på styremøta til Museumslaget. Vi rettar ei stor takk til alle tilsette ved Museet, dei er alltid hjelpsame og imøtekomande og dei er med på å gjere Sunnmøre Museum til ein stad der folk trivst og gjerne kjem att på besøk. HELSING STYRET I SUNNMØRE MUSEUMSLAG Anne Lise Hessen Følsvik Sidsel Waage Aurdal Guri Bjørlo Harald Kjølås Arve Berg Bjørn Nedreskodje Sissel Blomvik (vara) Ragnhild Aurdal Fet (vara) Helsing frå direktøren Å ikkje sjå skogen for berre tre, er eit godt brukande ordtak. Ei naudsynt påminning kan ordtaket også vere. Ikkje minst for museumsfolk, som til dagleg vankar i område prega av fortid. I så måte har jubileumsåret 2014 vore nyttig for oss i Stiftinga Sunnmøre Museum. Det har nemleg gitt oss høve til å sjå våre nære omgivnader med litt andre blikk enn dei daglege. Framfor 200-årsfeiringa for Grunnloven vart vi oppmoda til å ta på oss nasjonsbyggings-brillene. Det å rette søkelys på kva som gjorde dette vidstrakte landet vårt om til ein, samanhengande nasjon, var utfordringa vi fekk. I Stiftinga Sunnmøre Museum valde vi å rette merksemda mot to, geografiske område: Flåværleia, farleia frå Stad og nord mot Breisundet, og mellomalderbyen Borgund. Bakgrunnen for desse vala var enkle nok: Skulle nasjonen byggast, måtte kysten henge saman. Eit sinnrikt system av vardar, stakar, fortøyingsringar, og etter kvart, fyrlykter og moloar, gjorde ferdsel mogleg, heile døgnet og heile året. Dermed måtte Flåværleia med. Ved utgangen av året har flittige medarbeidarar registrert, fotografert og delvis også filma, meir enn 200 kulturminne langs denne viktige kystleia. Resultatet er tilgjengeleg på nettstaden Kystreise.no. Dessutan har fleire hundre skuleelevar tatt del i undervisningsopplegg i dette område, for å lære meir om korleis dei levde, dei som budde og livnærte seg langs Flåværleia for nokre generasjonar sidan. Også i Borgundgavlen har altså satsinga vore vinkla mot nasjonsbygging. Her har vi valt å gå heilt tilbake til førhistorisk tid, for å understreke at det faktisk eksisterte eit knutepunkt for handel og samferdsle på Sunnmøre allereie da. Dei fysiske spora etter mellomalderbyen Borgund har fram til no først og fremst vore resultat av utgravingar i kaupangområdet aust og søraust for kyrkja. Likevel er vi blitt stadig meir overtydd om at byen Borgund må ha strekt seg over heile det arealet som museet i dag omfattar; altså heilt nord til Nørvasundet. Nye utgravingar er komne i gang. For første gong vert slike også gjort under vatn i botnen av Katevågen. Funn frå desse utgravingane vil bli presentert i den nye utstillinga som blir opna i Middelaldermuseet seinare i år. Eit nytt, godt isolert, tilbygg vil også kome på plass. Dermed kan vi ta i mot besøkande til dette museet heile året igjennom. Og forteljinga om Borgund: «Byen før byen» vil kunne haldast levande på ein heilt annan måte enn i dag. Å legge til rette for samband langs kysten mellom sør og nord, mest mogleg uavhengig av vind og ver og årstider, var altså ein viktig føresetnad for at landet Noreg skulle bli ein nasjon. Gjennom satsingane våre i jubileumsåret 2014, har Stiftinga Sunnmøre Museum vore med på å auke kunnskapen om denne føresetnaden. Å utvikle denne kunnskapen vidare, blir ei sentral oppgåve for museet i åra som kjem. Helsing Ivar Gunnar Braaten 5

Biskopen frå Borgund Av Jarle Sulebust Bispestolen på Kirkjubø Erlendur hadde vore biskop i 31 år på Færøyane då han starta bygginga av Magnuskatedralen i år 1300. Øybuarane var ikkje like glade for prosjektet. Pliktarbeid og tunge skattar måtte til for å finansiera og reise kyrkjebygget. Til slutt gjorde dei opprør mot Erlendur. Ein tradisjon seier at dei tok livet av han nær Kirkjubø og bispegarden. Sanninga er at han flykta attende til Bergen, byen han ein gong kom frå. Der døydde han i 1308, men han vart gravlagd på Kirkjubø. Sira Lodin av Borgund Bispestolen på Færøyane stod såleis tom. Ny biskop måtte peikast ut, men så viste deg seg at det ikkje var så liketil. For kven skulle peike ut den nye biskopen? Biskop Arne meinte det var han, biskopen i Bergen. For slik hadde det alltid vore, i alle høve dei siste 50 åra. Men i Nidaros sat erkebisp Jørund og ville ha eit ord med i laget. Han tok pennen fatt og skreiv eit brev til biskop Arne. Jørund ville berre seie frå at han på neste bispemøte ville vigsle sokneprest Lodin av Borgund til ny biskop på Færøyane. Biskop Arne handla raskt. Då brevet som erkebiskop Jørund skreiv 6. februar 1309 hamna på skrivepulte til Arne, beslutta han straks å vende seg til den katolske kyrkja sin øvste leiar, paven. Alt i Clemens V mars 1309 er erkebiskopen i Uppsala, Nicolaus eller Nils Kettilsson, dregen inn i saka. Han var i Bergen og biskop Arne las opp for han den appellen han hadde sendt til pave Clemens den femte. Han ber òg paven om forståing for at han på grunn av lang veg og dårleg vær ikkje kan dra på bispemøtet i Nidaros. Jørund held på sitt. Lodin eller Ludvig av Borgund skal vere biskop på Færøyane. Så døyr erkebiskop Jørund. Domkapitlet i Nidaros sender brev til Bergen om at erkebispen hadde avslutta sitt jordiske liv 11. april. Eiliv, ny erkebisp i Nidaros Domkapitlet i Nidaros pålegg då biskop Kjetil av Stavanger nærast å tvinge to andre biskopar til å vere med og innvie «Lodowicum» som er «rectoris ecclesie beati Petri de Borgund» til biskop på Færøyane. Den nye erkebispen, Eiliv, må til Rom for å velsignast av paven. Med seg har han eit brev om saka. Skipet hans dreg frå Nidaros i september 1309, men motvind gjer at han ikkje kjem seg vidare frå Bergen før vinterstormane er over. Kva så med Lodin, soknepresten i Peterskyrkja på Borgund? Sommaren 1309 er han med Håkon V Magnusson på kongen si ferd til Danmark og Sverige. I juli det året oppheld Lodin seg på Øckerø rett utanfor Gøtaelva sin munning. Her les biskop Arne opp den appellen han har skrive til Clemens V. Biskopane Kjetil av Stavanger, Helge av Oslo og Ingjald av Hamar er der òg. Lodin bad da Kjetil og Ingjald om å vigsle han til biskop. Truleg går det ikkje som Lodin ønskjer. Han seglar nordover til Tønsberg, og no kjem erkebisp Eiliv attende frå Rom. Han held fast på at sira Lodin frå Borgund er ny bisp på Færøyane. Eiliv gjev Lodin rett til inntektene av jordegodset til kyrkja på Færøyane slik at han får dekt reiseutgiftene sine. Beinbrot og skral helse Andre juledag året etter (1310) er Lodin i Bergen, og striden er ikkje over. Mykje gjævt folk, inkludert Lodin, er samla i Munkeliv kloster der Arne på ny les opp brevet han har sett opp. Lodin vart då spurt kvifor han ikkje hadde reist til kurien i Rom for å forsvare si sak. Han unnskyldte seg og sa at han hadde vore for skrøpeleg. Vinteren 1308 hadde brote beinet og han hadde så store smerter at dei måtte bere han om bord då han for frå Borgund til Nidaros. Det bles motstandarane hans av og sa det ikkje var 6

Kirkjubø med restane av Magnuskatedralen mykje som hemma han då han var med kongen til Danmark året før. Då både rei og segla han. Mot eit forlik Etter kvart vart både erkebisp Eiliv og bisp Arne lei av striden. I mai 1312 var dei båe i Vienne i sørvest- Frankrike på paveleg konsil. Lodin var ikkje der. Kanskje han var heime på Borgund. Dei to bispane vart samde om å nytte erkebiskop Nicolas av Uppsala som dommar i saka. Dei lova å godta hans avgjer eller bøte 400 florentinske gullfloriner. Nicolas skulle altså avgjere om det var biskopen i Bergen eller erkebispen i Nidaros som skulle utnemne biskopen på Færøyane. Partane skulle møtast 30 dagar seinare i Brugge der Nicolas skulle avsei dommen. Frimerke av Magnuskatedralen Dommen Erkebiskop Nicolas gav erkebisp Eiliv medhald og Lodin vart akseptert av alle som rett biskop av Færøyane. No kunne han endeleg pakke alle sine eignelutar heime på Borgund, finne seg eit skip som skulle til Færøyane og setje kursen for Kirkjubø og prestegarden der. Frå no av var det messer i Olavskyrkja der, og ikkje i Peterskyrkja på Borgund. Kanskje han heldt fram med bygginga av Magnuskatedralen, men så upopulært som dette prosjekt var, var det kanskje ikkje noko han ivra for. Katedralen vart heller aldrig ferdig. No vart ikkje bispegjerninga til Lodin så langvarig. Etter det dei islandske annalane veit å fortelje drukna han i eit skipsforlis i 1316. «tyndiz skip Lodins biskops af Færeyium ok hann med sialfr.» Soga til borgundpresten Lodin var over. Jarle Sulebust er konservator ved Stiftinga Sunnmøre Museum Litteratur og kjelder: Ingvild Øye: Kontakten mellom Bergen og Færøyene i middelalderen i arkeologisk og historisk lys. G.V.C. Young: From the Vikings to the Reformation. A Chronicle of the Faroe Islands up to 1538. Wikipedia Kirkjubø bispedømme Diplomatarium Norvegicum (DN): bind 3, nr 76, 77, 78 og 79; bind 6, nr 71; bind 7, nr 54, 59, 60 og 63; bind 8, nr 27, 29, 31 og 32 Gustav Storm: Islandske Annaler indtil 1578, side 151 7

Farge på tilværelsen Av Tone Anda Først av alt: jeg har så lyst til å ruske litt i to påstander når det gjelder fargebruk før i tida! Påstand 1: Sunnmøre var en mørk og fargelaus landsdel. Folk gikk stort sett svartkledde, med senka blikk og folda hender. Vel, det kan nok stemme, men bare delvis - for om livssynet var mørkt, kunne fargebruken være frisk nok: under det svarte skjørtet hadde kvinnene understakker, og her var det ikke spart på fargene! Understakkene på bildet er fra ulike steder på Sunnmøre. De er vevd av «kjøpegarn», anilinfarga garn i skarpe farger som kom i handelen i 1870-åra. Påstand 2: Den gangen de farget ulla med fargeemner fra planter som var samla i naturen, ble fargene milde og duse, som dem vi nå for tida kaller «naturfarger». Feil. Bare se garnet på bildet! Det er farga med laven korkje (Ochrolechia tartarea), som du finner på gråsteinsberg eller store steiner langs kysten. Rimelig heftig farge, spør du meg! Korkje Og slik ser den ut korkjen. I seg sjøl er den nokså unnselig og gråkvit, sjøl om den kan lyse opp i landskapet. Fra Syvde heter det at «Kviteblikk eller blikkmose...-ein gråkvit lavart som ofte dekte heile overflata av større steinar. Slike blikksteinar vart ofte 8

brukte som stadmerke i utmarka i fjellet. Dei kunne ofte ha eigne namn, såleis Gråkyra i Tennesskardet, Kviteblikket i Småkuslettene.» Korkje heter forresten nesten det samme på færøyisk: korki. Navnet skjemmer ingen, og antagelig har den fått navnet sitt fra keltisk. På gælisk og gammelirsk brukes nemlig ordet corcar for fargen purpur, i følge Klaus Høiland ved Botanisk Museum i Oslo. Purpur Fra de tidligste tider har den røde fargen vært ettertrakta. Den kostbare, blårøde purpurfargen var fargen for de mektige: for keisere, paver og kardinaler. Bibelen forteller hvordan Moses får instruks fra Gud om innredninga av tabernaklet (israelittenes telthelligdom) og om presteklærne: «-gull, sølv og kobber og blå og purpurrød og karmosinrød ull og fint lingarn og gjetehår og rødfargede værskinn.» I antikken var det fønikerne øst i Middelhavet som produserte det kostbare purpurfargestoffet. De utvant fargen fra en liten strandsnegl - purpursneglen. Handelen med rødfarge var grunnlaget for denne mektige sjøfarts- og handelsstaten. Til å framstille 1,4kg reint fargeemne gikk det med 12 000 snegler. Ikke rart fargen ble dyr! Fønikerne ble faktisk kalt phoiniki - det «purpurrøde folket» på grunn av denne viktige handelsvaren. Men purpursneglen lever også i kaldere farvann: Presten i Borgund på Sunnmøre, Hans Strøm (1726 97), var en respektert naturvitenskapsmann. Det er få i Norge som har undersøkt og klassifisert så mange planter og dyr som han. Strøm sin anatomiske undersøkelse av purpursneglen ble regnet som et mønsterarbeid for si tid. Her skriver han også om utvinning av purpurfargen. Eksportvare På gammelnorsk kalte de korkje for litmosi, altså fargemose (lit eller let betyr farge). Og denne fa- Håkon 5. Magnusson, hogd i kleber i Stavanger Domkirke. (Wikipedia) Forside og illustrasjoner fra Hans Strøm si avhandling om purpursneglen. 9

belaktige rødfargen som litmosen ga, har folk brukt på klærne sine her hos oss i mange hundre år, heilt siden middelalderen. Litmosen ble ikke bare sanka inn til hjemmefarging av ull, den var også en eksportartikkel. Når de skulle framstille farge av korkje, knuste de laven, fuktet den med urin og la den til gjæring på et lunt sted noen uker. Til slutt ble den eltet til kaker, som så gikk til eksport eller til hjemmebruk. I ei forordning om toll på forskjellige varer som ble utført fra Norge, er litmose nevnt. Dokumentet er datert 30.juli 1316, av selveste kongen, Håkon 5. Magnusson. Og eksporten gikk fra store deler av Vestlandet og Sørlandet, særlig til Skottland. Farging med korkje Det fins nedskrevet tradisjon om farging med korkje fra mange bygder på Sunnmøre, men på 1800-tallet avtok bruken av korkje. Den fine rødfargen var ikke særlig lysekte, og etter hvert som mer holdbare rødfarger kom i handelen, ble korkjen utkonkurrert. Randi Muldal, god kollega på Sunnmøre Museum, er en av dem som behersker kunsten å farge med korkje. Har du lyst til å prøve, følg denne linken til filmen «Purpur med korkje» : http://youtu.be/xyogbc0lt64 Kaupstad og korkje På museet arbeider vi nå med ei stor, ny utstilling om Sunnmøre i middelalderen, den gangen Borgund var et senter for aktivitet og handel på Sunnmøre. Vi vet mye om denne byen etterhvert, som vi gleder oss til å fortelle. Og gjennom nye utgravninger på land og i sjøen finner vi stadig ut mer. Vi vet foreløpig ikke om korkje var en av eksportartiklene fra Borgund sammen med tørrfisk, huder og skinn. Men kanskje var det slik, at røde fargeemner fra Borgund farga striper og ruter i de skotske kiltene - hvem vet? Tone Anda er en av bloggerne i Stiftinga Sunnmøre Museum. Mer om urter, blomster, mat og historie finner du på bloggen hennes Urtedrops fra Sunnmøre Museum (urtedrops.blogspot.no). Tone Anda er utstillingsansvarlig i Stiftinga Sunnmøre Museum Gards-smie frå Årsæter i Ørsta Av Per Sæther Gardssmia som har stått på garden Årsæter i Ørsta så lenge nokon kan minnast, var eit hus for ulike slag arbeid. Huset var innreidd som smie, med esse og stor blåsebelg og ambolt, festa i ein stor stabbe. Her var og kylne korntørke. Årsætersmia vart nytta til reparasjons- og vølingsarbeid. Dei fleste gardane hadde ein smiplass for det mest vanlege vølingsarbeidet. Gardssmiene var som regel bygd i stein, og sto vanlegvis i utkanten av tunet på grunn av brannfare. Smia vart gitt til Sunnmøre Museum frå Sigvald J. Aarsæter i 1949. den som formidla denne gåva var Teikna av K. Straume 10

Foto: Mirjam Vikestrand, Sunnmøre Museum målaren Karl Straume, som var museets kontaktperson i Ørsta. Han dokumenterte huset med nokre enkle skisser. Årsætersmia vart reist på museet året etter. Steinen som smia var bygd opp av, vart truleg ikkje flytta.steinen som vart nytta i Borgundgavlen ser ut til å vere henta frå dei nærmaste omgjevnadene. Mangelen på kunnskap om tradisjonell tørrmuring, gjorde nok sitt til at det ikkje vart nokon god bygning. Ein gjennomgang av bygningen i 1977 fortel: «Heile murverket må takast att av di det ikkje er fundamentert telefritt. Det må gravast til telefri djupn og murast oppatt betre på nytt fundament.» I 2007 vart smia tatt ned. Smia skulle flyttast til ny og betre tomt oppe på bakken i utkanten av «Ørstatunet». Året etter vart gjenreisingsarbeidet igangsett med kurs i tørrsteinsmuring for dei tilsette i Stiftinga Sunnmøre Museum. Kurset vart leia av Espen Marthinsen frå Norsk Handverksutvikling. Museet sine handverkarer og konservator Per Sæther førte arbeidet sakte men sikkert vidare slik at smia no står ferdig oppmura. Takkonstruksjonen var dårleg og blei også skifta. Dør og vindu var ikkje bevart frå den gamle smia, så her vart det laga nytt, etter dokumentasjon av andre gardssmier på Sunnmøre. Muren som vart bygd er ein dobbel kistemur med ein utvendig og innvendig mur, bunde saman med stein på tvers frå innermur til yttermur. Holromet vart fylt opp med grus. Huset står no på frostfritt fundament. Per Sæther er konservator/samlingsansvarleg ved Stiftinga Sunnmøre Museum Teikna av K. Straume Teikna av K. Straume 11

Åkre bedehus, Haramsøy eit viktig kulturminne Av Aud Farstad Bedehuset på Åkre. Foto: Per Sæther - Sunnmøre Museum Åkre bedehus stod ferdig i 1889 i kjølvatnet av dei store religiøse vekkingane på 1880-talet. Vekkingar som var enormt viktige og har saman med andre lavkyrkjeleg religiøsitet sett sitt preg på trusliv, kultur- og næringsliv på Sunnmøre fram til i dag. Eg vil hevde at eit folkemuseum på Sunnmøre utan eit bedehus, ikkje gjev eit godt nok bilde av kultur- og samfunnsliv på Sunnmøre dei siste 150-åra. Bedehuset på Åkre var i sporadisk bruk til for om lag fem år sidan då ein fekk så store pålegg om utbetring av det elektriske anlegget at det ikkje var økonomisk mogeleg å gjennomføre. Det er no det eldste bedehuset på Sunnmøre som er såpass uendra. Slik sett har det høg kulturhistorisk verdi. Bedehuset har òg intakt interiør med talarstol, galleri, vedomn, benkar og bord. Her er òg svært mykje servise merka med «Åkre bedehus», bibel og postill frå då huset var nytt, søndagsskulemateriale, ei stjerne brukt i heilage tre kongars-spel (eit spel som har historie attende til mellomalderen, og som det er gammal tradisjon for på øyane), kopparkaffikjel og mykje anna utstyr. Her er òg to orgel frå Vestre orgelfabrikk. Eitt av dei svært gammalt truleg frå fabrikken var ny på 1880-talet. Saman med både benkar og bord laga på møbelfabrikken på Haram, representerer desse gjenstandane òg viktig industrihistorie for Haramsøy og for Haram kommune. Bygningshistorie: På møte 13.10 1888 vart det bestemt at «huset skulle være 22 alen langt, 16 alen bredt, 7 alen høit (13,80 m lang, 10,04 m breidt og 4,40 m høgt). Huset skal opføres af tømmer (kløvet) 9 a 10 Rundovn. Foto: Aud Farstad 12

Frå inventaret. Foto: Aud Farstad Frå inventaret. Foto: Aud Farstad tommer top, 4 fag vinduer på hver side, 3 i vestre ende. I den ene ende skal det være et mindre værelse og gang.» som det står i møteprotokollen. Rasmus Åkre gav tomt til bedehuset og muren vart sett opp på dugnad. Petter Fjørtoft vart tilsett som byggeleiar og tømmeret vart henta frå Ole Lønset i Bolsøy prestegjeld. Ein del bordmateriale vart kjøpt inn frå trelasthandlar Tronæs (?) i Steinkjær. Taket var dekt med spon. Ved sidan av Petter Fjørtoft vart Kristoffer Ytrestrand, Laurits Haram, Knut Haram og Knut Nakken tilsette for kr 2,- per dag på eigen kost, for å sette opp huset. Bedehuset stod altså ferdig i 1889 og vart vigsla av prost Moe den 12. september det året. 1200 menneske møtte og «alle fekk plass i huset». I den detaljerte rekneskapen går det fram at huset til saman kosta kr. 2845,46 Huset vart malt kvitt med gule lister og taket innsett med oker og bruntran. I oktober 1899 reiv ein storm ned bedehuset og Petter Fjørtoft vart på nytt tilsett for å leie oppattbygginga. Bredda skulle bli redusert med 3 alen og lengda med inntil 2 alen. Oppmålinga gjort av Sunnmøre Museum sine tilsette 31.10.2013 viste desse måla: Lengde gammal del: 13 m. Tilbygg 2,7 m. Bredde 8,4 m. Høgde langvegg 4,10 m. Ved oppattbygginga vart taket dekt med skifer frå Finnmark. I 1948 vart det vedteke å pusse opp bedehuset med doble glas, kledning av alle tak med eternitt, veggen i småsalen og gangen med hard huntonit, veggen i storsalen med porøs huntonit og heile huset oppmåla. Ein skulle òg støype ein kum for å samle vatn, og elles kjøpe inn 15 benkar a 1.20 m og 16 benkar a 1.80 m. Desse er framleis i huset. I 1966 vart det bygd tilbygg mot vest med toalett og kjøken. Denne siste ombygginga er ikkje så godt dokumentert i møteprotokollen, men her kan det vere realistisk von om med at det finst folk som kan hugse kva som elles vart gjort. For eit knapt tiår sidan vart taket lagt på nytt. Bygning og materiale, er i jamt god stand. Immateriell historie Huset var, ved sidan av skulen, eit svært viktig forsamlingshus på Åkre og Haram. Her har vore tallause basarar, møter, skule, turnforeining og annan aktivitet. Sidan det har vore i bruk heilt fram til for få år sidan, er det mange som hugsar det i bruk. Ein må rekne med at det finst mange foto og andre minner frå bedehuset mellom folk som har vakse opp og budd på Haramsøy. Dette er eit stort pluss for kulturminnet og tel sterkt med når ein vel å take vare på dette bedehuset. Frå salen. Foto: Aud Farstad Aud Farstad er historikar 13

Klausendammen Av Ivar Gunnar Braaten Stål mot is. Ein slepande, knitrande lyd. Snøstille sundagsettermiddag i januar. Midt på kalde vinteren. Hadde fått bandyskøyter til jul. Ser meg sjølv der: Den stolte tiåringen som tråkker gjennom djupsnøen forbi Borgund kyrkje med ei skøyte i kvar hand. Opp bakken langs kyrkjegarden. Passerer dei siste husa i Borgundgavlen. Så ein smal sti gjennom skogen. Og der, der kjem den til syne alle små skøyteløparar sitt lokale eldorado: Sjølvaste Klausendammen! Islagt. Blank. Funklande i sola som ein nyslipen diamant. Klar til å bli inntatt av huiande ungar med ambisiøse mål om å bli ein ny Maier eller Mo: Men da måtte rundetidene ned. Så vi sprinta. Vi veksla. Vi snubla. Og vi sveitta. Heile ettermiddagen stod vi på. Til mørkret tvang oss av med skøytene og heimover igjen: Langs skumle kyrkjegardsstigar og forbi mørklagte, tjøresmurde museumshus med kolsvarte vindauge som stirra stilt på oss der vi luska oss, eller snarare, hasta, heim. Heim, før mørkret tok oss. Heim til kakao, brødskiver, tørre strømper og ei lun, trygg seng. Dammen i dag Ein vinterdag i februar 2015: Knapt femti år er gått. Langs den same vegen som den gang. Eit høgt gjerde er sett opp kring Klausendammen. Framleis kan den kanskje kallast ein dam. Men berre så vidt. Lite vatn. Steinar og røter stikk opp av isen. Kvister og greiner strittar til værs, der oppløpssida ein gang var. Skøyteløp her? Knapt til å tru. Likevel: Den solide steinmuren står like støtt som på 60-talet. Eit synleg symbol framleis, frå ei tid som for lengst har passert. Fjernt frå leikande ungar på isen, gjennom få og flyktige vinterveker. Men bitar av eventyret ber den framleis med seg. For ein slik mur vart ikkje bygd tilfeldig. Dette var nemleg staden der store planar skulle realiserast. Det vart vi ungane fortalt. Verkeleg store planar. Ein advokat og forretningsmann ved namn Klausen ville sette seg opp ein diger villa, nærast eit eventyrslott, her i skogen sør i Borgundgavlen. Av ein eller annan grunn begynte han med dammen. Dammen skulle bli eit stort og staseleg symjebasseng. Med eit slikt basseng, kunne vi berre tenkje oss kva for eit praktbygg som her var planlagt! Om fantasien løp av garde med oss ungane på 60- talet, skulle det vise seg at dei verkelege planane overgjekk fantasien. Og det med god margin. Det fekk vi bekrefta femti år seinare. For dammen var berre byrjinga! «Villa Borgundgavlen» Det var Merete Klausen som kom med nye spor i saka. Ho har teke vare på teikningane som farfaren, Trygve Klausen, fekk laga for «Villa Borgundgavlen». Klausendammen, ein vinterleg februardag i 2015. 14

Frå planteikningane til «Villa Borgundgavlen», av arkitekt Rudolf Emanuel Jacobsen: Foto: Anderson/SEDAK 15

Ny- Ålesund, ca. 1920. (Foto. Aalesunds Museums arkiv) «Villa Borgundgavlen» skulle ligge nett i det området der Klausendammen ligg. Både fasadeteikningar og planteikningar fekk museet låne. I detalj syner dei korleis dette storbygget skulle sjå ut, med datering «1. august 1918». «Villa Borgundgavlen» vart teikna av Kristianiaarkitekten Rudolf Emanuel Jacobsen (1879-1937). Jacobsen teikna fleire monumentale bygningar. Mest kjent er vel hovudpostkontoret i Dronningens gate i Oslo. I tillegg bidrog Jacobsen med fleire bygningar som vart sett opp til jubileumsutstillinga i hovudstaden i 1914. Andre prosjekt i same by, som ombygginga av Savoy hotell i 1916, og fleire villaer i nasjonalromantisk stil, stod han også bak. I 1918 var det altså ein diger einebustad i Borgundgavlen som var oppdraget. Dette var også Trygve Klausen. (Foto utlånt av Merete Klausen.) eit prosjekt der det var tydeleg at arkitekten ønskte å legge vekt på det nasjonalromantiske uttrykket. Den nasjonalromantiske stilen låg i tida. Denne stilretninga meinte nok også byggherren var passande i Borgundgavlen. Nærleiken til den gamle kyrkjestaden Borgund, kan ha virka inn på dette. Nokre år tidligare var det dessutan kome i gang utgravingar for å finne spor etter kjøpstaden Borgundkaupangen. Så sterke historiske tradisjonar fanst allereie i området. Og desse synte ei eintydig lenke tilbake til den gamle, sjølvstendige nasjonen. Som andre i sin generasjon var nok Trygve Klausen påverka av dei sterke, nasjonale straumdraga i kjølvatnet av unionsoppløysninga i 1905. Kanskje var også slike kjensler styrande for det arkitektoniske uttrykket som Klausen valte? Trygve Klausen Kven var så denne advokaten som tenkte så storstilt og som ønskte å realisere sine planar midt i eit område som på den tida framleis var rekna som landsbygda? Trygve Klausen vart fødd i Ålesund i 1876. Faren, Olaf Klausen, var overlærar ved folkeskulen i byen. Trygve Klausen ble cand. jur. i 1901. I 1905 opna han sakførarforretning i Ålesund, saman med Kr. Fr. Brøgger. To år seinare vart Klausen gift med Esther Brøgger, som var systera til kompanjongen. Etter kvart vart Trygve Klausen involvert i ei rekkje selskap i heimbyen. Han var (i 1920) direktør for Ålesunds Kreditbank og administrerande direktør for Vestenfjeldske Skibshypotekforening. Dessutan var han formann i styret for Ålesunds Fiskeriselskap, A/S Ishavet, Siglufjords Sildesalteri og Anlæg & co., 16

Arbeidsstokken i Ny- Ålesund, ca. 1920. Innringa: Trygve Klausen. (Foto utlånt av Merete Klausen) Ålesunds Meieri og Søndmøre Gjensidige Assuranse- Selskap for Ishavsfartøier. Klausen var dessutan medlem av styra for Hjørungavågs Mekaniske Verksted, A/S Gustav Andersen, og Ålesunds Avis. Som om ikkje dette var nok, var han også skipsreiar, og eigde både fiskedampskip og ishavsskute. Det var likevel ei satsing som etter kvart kom til å ta meir tid enn alt det andre. Det var å få til rekningsvarande utvinning av kol på Svalbard. Klausen omtala i 1920 satsinga slik: «Min største interesse er for tiden Kings Bay. Vi har der fra begynnelsen under vanskelige forhold grunnlagt en bedrift som har en vinterstyrke av ca. 200 mann og en sommerstyrke av ca. 350 mann. Vi håber i år å kunne føre til Norge 30 000 tons førsteklasses kull. Jeg er dessuten sterkt interessert i nye anlegg på Island» («Studenterboken», 1920.) Ny- Ålesund Under Første Verdskrigen, da tyske ubåtar stengte for naudsynt tilgang til kol til dei sunnmørske ishavsskutene og fiskedamparane, vart drivstoffmangelen prekær. Det fekk også reiaren Trygve Klausen oppleve på kroppen. For å sikre vidare drift av denne flåten, som utgjorde ryggmargen i det sunnmørske næringslivet, måtte nye utvegar finnast. Og det hasta! Trygve Klausen tok til å sjå nordover, mot øygruppa som den gongen bar namnet Spitsbergen, og som ikkje minst dei sunnmørske selfangarane allereie var fortrulege med. Saman med Mikael Knudsen og Peter S. Brandal fekk Klausen sikra seg kolfeltet i Kings Bay i 1916. Her sette dei i gang med gruvedrift. Gruvedrifta i Kings Bay danna grunnlaget for et heilt nytt samfunn der på 79 grader nord. I det som etter kvart fekk namnet Ny- Ålesund, vart det bygd opp kring 50 hus, med utskipingshamn, jernbane, og sysselsetjing for opp mot 350 mann. Klausen og dei andre i Kings Bay Kul Compani A/S sytte for at banda mellom Spitsbergen og Sunnmøre vart tette: Gruveselskapet etablerte sitt hovudkontor i Ålesund, og den lokale forretningsbanken, Ålesunds Kreditbank, vart den viktigaste långjevar til selskapet. Dessutan vart fleire sunnmørs-skuter årvisst sysselsett med frakt av kol frå gruvene i Kings Bay, etter avslutta ishavssesong. Nedgangstider På det tidspunktet da Trygve Klausen skreiv om seg sjølv i «Studenterboken», var det i ferd med å danne seg eit svært så trugande skylag på den økonomiske himmelen. Etter gode tider under krigen, kom nedgangen. Den var kraftig. Og den kom brått: Prisane 17

Dammen, sett frå vest. Med restane av vekslingssida i venstre biletkant. på fangst- og fiskeriprodukt fall som eit blylodd. Samstundes auka driftsutgiftene kraftig. I 1922 slo krisa inn over dei lokale bankane med full tyngd. Ålesunds Kreditbank var den første som måtte innstille. Eit par månadar seinare skjedde det same med Ålesunds Handelsbank. Den tredje forretningsbanken i byen, Ålesunds Landmannsbank, heldt det gåande til sommaren 1923. Da måtte også den settast under offentleg administrasjon. Bankkrisa var eit faktum. Og det var ei krise som råka det omskiftelige, fiskeri- og fangstbaserte, næringslivet i Ålesund med full tyngd. Det var eit næringsliv som også kol-felta på 79 grader nord, var vevd tett inn i. Når no hovudbankforbindelsen gjekk over ende, vart det difor i praksis uråd å halde fram som før. I boka «Ishavsfangst» frå 1951 har Odd Vollan gitt følgjande skildring av tilhøva for Kings Bay Kul Compani: «Selskapet ble ( )revet med under det krakk som gjorde at de fleste av rederne måtte gå fra båtene sine, samtidig med at bankene kom under offentlig administrasjon»(s. 23.) Truleg vart også planane for «Villa Borgund-gavlen» lagt i skuffen på denne tida, medan kriser og kaos truga næringsgrunnlaget til mang ein driftig sunnmøring.. Eventyrslottet vart iallfall aldri bygd. Og Trygve Klausen døydde allereie i 1924, av sjukdom. Men Klausendammen, den finst altså framleis. Difor: Ei oppmoding til slutt: Ta ein tur til den tilgrodde Klausendammen vest for kyrkjegarden i Borgund. Ta ein pust i bakken ved muren rundt dammen. Ein mur som står som eit talande symbol på virketrong og framtidsoptimisme, støypt på ruinane av det verdsdramaet som utspant seg for hundre år sidan. Ein kvil ved dette minnet om eventyrslottet som aldri vart bygd, kan spore til mang slags refleksjonar: Om krig og blokade. Om fiskedampskip og mangel på kol. Om sunnmørske satsingar langt, langt mot nord. Og, ikkje minst: Undring over at synlege spor etter alt dette framleis finst her i Borgundgavlen, av alle stadar. Ivar Braaten er direktør og historikar ved Stiftinga Sunnmøre Museum 18

Frå skreppehandel til supermarknad Av Harald Kjølås Heilt fram til pengehushaldet slo gjennom utover på 1800-talet, var skikken at kvar gard stort sett skulle vere sjølvforsynt. Varebyte eller kjøp og sal spelte berre ei marginal rolle, men so skjer det store hamskiftet. Liberale idear frå England og kontinentet slo innover også våre kystar, og kom til å prege både den nye grunnlova og samfunnsøkonomien. Gjennombrotet for pengehushaldet også på bygdene var eit vilkår for den moderne landhandelen. Men den bufaste landhandlaren vart samtidig den fremste misjonæren for pengehushaldet på bygdene. Dei gamle verdimåla, dalar og ort, var ikkje gode nok, og i 1875 vart det innført nye myntar og mynteiningar: Krone og øre. Dalaren vart til krone og ort vart til øre. Skreppehandlarar og jektefart Forløparen til dei bufaste handelsmennene var kramkarane og skreppehandlarane som reiste gardimellom og bar på ei stor, svær skinn- eller lerretsskreppe på ryggen. Inn på 1900-talet kom dei gjerne med sykkel og med ein diger koffert på bagasjebrettet som dei kunne brette ut i alle retningar, og der det var alle slags varer som bondefamiliane oppdaga dei hadde bruk for, og som familien ikkje kunne lage sjølv. Bytehandel, varebyte, kunne nok vere vanleg i starten, men meir og meir tok kontantane over. Sunnmøringane dreiv ikkje mykje med skreppehandel. Det var gjerne unge menn frå Hallingdal, Numedal og Voss som kom hit, og dei var velkomne. Langborda vart rydda og varene vart breidde utover. Dette var før avisene si tid, og kramkarane kunne fortelje om det som skjedde i bygdene dei hadde passert. Før skreppehandlarane kom, langs kysten og jamvel inne i fjordane var det jektene som var bindeleddet mellom bygdene og dei handlande i byane, og det var i all hovudsak snakk om berre to byar, Trondheim (eller Trandem som dei sa) og Bergen. Litt varebyte skjedde saktens også i byen Slik såg butikken til O.A. Kjølaas på Stranda ut i 1930-åra. Bak disken står dottera hans, Aasta, som vart gift med Olaf Dimmen frå Hareid og det var dette ekteparet som tok over drifta av butikken i 1939. O.A. Kjølaas døydde i 1949. 19

Dette nyare bildet av det forretningsbygget O.A. Kjølaas fekk bygd og tok i bruk i 1903 vart seinare ombygd, men inngangen var den same. I dag står butikklokala tomme. Christianssund (seinare Kristiansund), men det var på veg til og frå Trondheim. Dit reiste dei gjerne tidleg i februar (ved kyndelsmesse 2. februar) og dei kunne bruke opp til sju veker på ei slik ferd. Etter våronna ut i mai gjekk jektene til Bergen. Til desse ferdene brukte dei råjekter, svært mange av dei bygde i Bjørkedalen, men også av bjørkedalingar som reiste rundt på bygdene og lærte frå seg kunsten. Både i Viken i Fjørå og i Kjølåsvika på Stranda bygde dei såleis jekter. Jekteskipparane var viktige personar i lokalsamfunna. Dei var kystkunnige, skreiv leidabøker som fortalde om hamner, fjell, skjær og holmar. Dei tok også imot bestilling på varer bygdefolket ville ha kjøpt i byen, og dei hadde med seg varer frå bøndene som skulle seljast i byen. I Geiranger til dømes, kom skjåkværane over fjellet og hadde med seg både huder og tjøre og andre bondevarer som dei ville ha selt i Trondheim, mens dei bestilte salt, kjolety og kanskje både litt sukker og tobakk i retur. Slik var det i dei fleste bygdene. Det var ikkje rein bytehandel åleine, men ei gradvis innføring av meir og meir pengehushald. Kjøt, talg, smør, huder og skinn, bein, bork og never, oske og tjøre hadde dei gjerne med til byen, og heim att hadde dei med 20 kvern- og slipesteinar, smijarn og gryter, korn, erter, salt og tobakk. Dette kunne så bli eit gryande grunnlag for ein handelsmann i heimbygda. I midten av 1800-talet dabba jektefarten av. Veksten i næringslivet, rutegåande dampskip langs kysten gjorde at jektefarten vart utkonkurrert av den bufaste bygdehandelsmannen. Etter den nye handelslova av 1842 vart handelen fri både i byane og på landet og futen kunne gi handelsbrev til kvar myndig mann eller kvinne. Handel rundt kyrkjene Trass i dette frisleppet var det ikkje stor vekst i handelsverksemda rundt om å sunnmørsbygdene. Dels vart tidene dårlegare i 1870-åra, og dei fleste bygder mangla økonomiske vilkår for ein livleg handel. Betre samferdsel, rutegåande dampskip både inn og ut av fjordane og langs kysten, kombinert med at ein større del av innbyggarane på bygdene livnærte seg av andre yrke enn det å vere gardbrukar, gjorde at marknaden for handel voks. Lokalisering vart viktig. I fjordbygdene sto det gjerne tett med kyrkjebuder og naust nær kyrkja, og etter preika var det vanleg at det vart drive handel frå slike buder. Norma og den religiøse plikta dei

På Stranda som på andre strandstader innover Storfjorden sto det tett i tett med kyrkjebuder og naust rundt kyrkja. Budene eigde bøndene, og dei brukte dei til å byte klede når dei skulle til kyrkje, og det brukte dei også som lager både til varer dei handla med, og til høy for hesten. Denne samlinga av trebygningar tett i tett utgjorde ein stor brannfare, og på Stranda vart det forbod mot å bruke eld i dette området etter klokka 18.00. kjende om å gå til kyrkje kvar sundag, gjorde at mange folk frå heile bygda var samla i preiketida, og grunnlaget var lagt for ein livleg handel. I 1879 tok det fyr i to kyrkjebuder som sto nær kyrkja på Stranda. Det hadde vore livleg handel i ei av budene preikesundagen, dagen før, og om natta tok det til å brenne. Endeveggen mot sjøen på kyrkja vart heilt svartsvidd. Det resulterte i at stiftsdireksjonen fastsette at det i ein sirkel med 60 meters radius rundt kyrkja skulle vere forbod mot å tende lys etter klokka 18.00. Det gjorde at Stranda fekk stengingstid i sentrum frå det klokkeslettet, og budene si tid som samlingsstad for ungdomen var dermed over. Det å lokalisere handelen nærast mogeleg der gods og passasjerar frå rutebåten kom i land, og samtidig nærast mogeleg kyrkja, var viktig. Det å kombinere kyrkjeferd og handel vart framleis viktig i mange år enno i mange bygder. Kaier fanst ikkje, slik at føring av både gods og passasjerar mellom ein landgangsvôr og rutebåten måtte skje med føringsbåt. I mange av sunnmørsbygdene var dei handlande sterkt frampå når det galdt å få bygd kai så nær landhandelen som mogeleg. Dei handlande ivra også for å kombinere jobben som ekspeditør for rutebåten med jobben som handelsmann. På Stranda var det såleis landhandlarane i firmaet P.K. Langeloe & Ringstad som i mange år dreiv både dampskipsekspedisjonen og var einerådande på butikkhandel i bygda. I Sykkylven var det handelsmann Severin Aure som vart dampskipsekspeditør. Denne yrkeskombinasjonen gjekk nok att i dei fleste bygder fram til det skjedde ei sterkare spesialisering på 1900-talet. Vegar gav vekst I 1882 starta dei å bygge veg over Geirangerfjellet til Skjåk. Alt i 1868 opna Georg Martinus K. Merok landhandel i Geiranger i det som vart heitande Lånabuda. Eit handelslag var også i drift nokre år, men etter av vegbygginga starta steig optimismen og tre nye handelsforretningar vart etablerte i Geiranger og ei på Hellesylt. I 1886 var det seks landhandlarar i Geiranger. Tjue år tidlegare hadde herradsstyret i Sunnylven konkludert med at det ikkje var nokon vits i å opne ein landhandel på ein så avsides og nesten folketom plass som Geiranger. Dei mange forretningane som vart starta i anleggstida, 8-10 forretningar, var likevel eit døme på overoptimisme og overetablering, og mange måtte gi seg etter at anleggstida var over. Det blir sagt at dei første landhandlarane gjekk med lykelen til butikken i lomma mens han arbeidde på åkeren. Kom der ein kunde og skulle handle, vart butikken opna, nesten uansett kva tid på døgnet og om det var kvardag eller sundag. Til butikken som Nils Stokke, i daglegtalen kalla Stokke-Nils, etablerte i eit naust i Stokkevika i Oaldsbygda, var der ikkje ein gong ein lykel, berre 21

Stranda sentrum, Sløgstad, rundt 1910. Til venstre kjem Storelva ned, til høgre for elva låg Jakteveitå der dei drog opp jektene og la dei i opplag. Det kvite huset nedst mot sjøen var det huset O.A. Kjølaas bygde og tok i bruk i 1903. Rundt huset låg det tett i tett med kyrkjebuder. Nokre av desse vart i si tid flytta ut til Sunnmøre Museum og står der den dag i dag. ein krok. Kundane frå gardane langs fjorden og i Oaldsbygda kunne gå inn og hente seg varer som dei så skreiv opp i ei bok og betalte når dei trefte på Nils. Ysta gjorde dei på dei fleste fjord- og fjellgardane, og landhandlarane kjøpte for vidaresal, men dei var plaga med at osten tok si tid frå bøndene til landhandlarane og dermed tørka han opp og sprakk. Stokke-Nils vende seg til ein hermetikkfabrikk i Stavanger og kjøpte 700 hermetikkboksar som han brukte til å hermetisere osten. Første forsøket vart ein fiasko, men han reiste rundt og instruerte bøndene og dei fekk det til. Dermed kunne Stokke-Nils sende ost til kjøparar både på Austlandet, Sørlandet og i Nordland. Dette vart starten på den landhandelen han seinare etablerte på Hellesylt. Seljar i Lofoten Ein av dei som kom til å spele ei heilt sentral rolle i etableringa av ein eigen organisasjon for landhandlarane på Sunnmøre, Ole Andreas Kjølaas, på Stranda, starta straks etter at han vart konfirmert i 1881 som dreng hos handelsmennene Hans J. Ringstad, Lars Langelo og Per Kristian Langlo. Saman dreiv dei firmaet P.K. Langelo & Ringstad. I eit par år var han der for å lære. Så reiste han på lofotfiske. Turen frå Ålesund til Svolvær tok heile 12 døgn, og det var 800 passasjerar om bord på kystbåten. Han fekk jobb som rorskar, men han såg raskt den store etterspurnaden etter matvarer blant fiskarane, og han skreiv heim til faren på Stranda og ba han 22 sende dei matvarene han kunne få tak i. I tre år dreiv han som rorskar med handel som biinntekt i Lofoten. På vårparten i 1886 kom kjøpmann Per Kr. Langlo til O.A. Kjølaas og spurde om han ville stå for salet av sommarsmøret deira dette året. Det viste seg å vere 105 dunkar kvar på 18 kilo, i alt 1890 kilo, og prisen skulle vere på kr. 1,60 pr. kilo. Han fekk kreditt, elles hadde han ikkje hatt råd til å kjøpe dette partiet til over 3.000 kroner. Han reiste til Bergen med heile partiet, men dit hadde det kome eit stort parti med billeg smør frå Australia. Dermed måtte O.A. Kjølaas snu seg, og han valde å sende det meste av partiet, minus dei fem dunkane han hadde fått selt i Bergen, til Lofoten. Etter jul reiste han sjølv etter, og salet gjekk godt. Han fekk to kroner kiloet, men greidde ikkje å få selt alt i Lofoten. Då reiste han innover til Rombaksbotnen, der svenske rallarar dreiv og bygde Ofotbanen, og der vart han av med resten av smøret. Året etter hadde han kjøpt inn eit stort telt og ein båt, og med seg hadde han broren Knut og syskenbarnet Nils Overå frå Liabygda. Teltet slo dei opp midt på torget i Svolvær, og dreiv eigen butikk med sal av smør, ost, pølser, spekekjøt og andre produkt frå Stranda. Det vart ein suksess, og han hadde kapital nok til å opne eigen butikk på Stranda. I 1889 løyste han handelsbrev. Han var 23 år gamal, men ulukka var at han vart kalla inn til militærteneste like etter at butikken var opna. Han fekk broren til å passe butikken, men innkjøpa valde han å overlate til den røynde Ålesunds-kjøp-

Det var i høg grad assortert landhandel dei dreiv. mannen O. Sjøsæther. Det var lurt. Så lenge gardskvernene gjekk var dei stort sett sjølvforsynte med mjøl. Ein og anna kveitemjølssekken måtte butikkane likevel kunne tilby. Men stor var skrekken hos O.A. Kjølås sin bror, Knut, då den eine mjøllasten etter den andre kom frå Bergen. Sjøsæther hadde følgt godt med. Det vart ein veldig auke i mjølprisane utover sommaren, og då O.A. Kjølaas kom heim frå eksisen, sto han fram som reine grossisten i mjølhandel. 10 sekkar selde han til kjøpmann Møll i Geiranger, og også andre kjøpmenn melde seg på som kjøparar. O.A. Kjølaas hadde skaffa seg eit økonomisk fundament til å kunne bygge seg sitt eige handelshus like ved sjøen og midt i sentrum på Stranda. Det sto ferdig i 1903. Då telefonen kom vart det ei stor lette for kjøpmennene som før hadde vore avhengig av telegram og brev for å bestille varer. No kunne dei bruke telefonen. Kjøpmennene på Stranda fekk telefon seinare enn bygdene på nordsida av Storfjorden. Første telefonstasjonen i Stranda låg på Ringset i Liabygda. Når det kom ein telefon til ein kjøpmann på Stranda, måtte ein person ro over fjorden for å gi beskjed til vedkomande det var telefon til, så måtte han eller ho ro eller bli rodd over fjorden att for å snakke i telefonen. Det vart såleis ein god del av eit dagsverk å snakke i telefonen i dei dagar, og så mange samtalane vart det ikkje før telefonlina vart strekt over fjorden. Knallhard konkurranse Konkurransen mellom handelsmennene var knallhard. I 1906 vart Østre Søndmør Landhandlerforening skipa på eit møte på Scheldrups hotell i Ålesund. Formålet skulle vere å betre dei økonomiske kåra til landhandlarane, og å fremje samhaldet innan standen. Ikkje minst det siste var viktig. Ein av dei som var med på stiftingsmøtet og som vart med i styret, kjøpmann Lars Vaksvik frå Vaksvik, fortel i 50-års skriftet til Sunnmøre Kjøpmannslag om ein urimeleg konkurranse som kunne resultere i at ein selde billegare til utanbygdsbuande enn til sine eigne faste kundar. Kjøpmenn måtte akseptere at kunden bestemte prisen, for ellers ville konkurrenten få salet. Meir ordna forhold var formålet med foreininga, og spørsmålet om å utvide foreininga til å gjelde heile Sunnmøre vart teke opp som ei av dei første sakene. Foreininga hadde fem styremedlemer: Th. Ytterdal, O.A. Kjølaas, O.A. Eidsvik, A.D. Stavset og Lars Vaksvik. O.A. Kjølaas var formann. Styret sende eit sirkulære til alle landhandlarar på Søre og Nordre Sunnmøre med spørsmål om dei ville bli med i det som dei gjorde framlegg om skulle heite Søndmør Handelsforening. Starta i Geiranger På det konstituerande møtet den 23. august 1908 på Hotel Geiranger møtte 25 landhandlarar frå dei fleste bygdene på Sunnmøre. O.A. Kjølaas vart vald til den første formannen, og i lovene for foreininga var det to paragrafar: Namnet på foreininga skulle vere Søndmør Handelsforening og formålet skulle vere «at bringe Handelsvirksomheden i et sundere Spor, samt ved Samarbeide at varetage fælles Interesser til Fordel for saavel Handelsstanden som Kunderne.» I paragraf 2 sto det at alle priviligerte fastbuande handelsmenn i Sunnmøre fogderi kunne bli medlemar om dei forskotsvis betalte fire kroner i årleg kontingent. På årsmøtet året etter vart det vedteke å melde foreininga inn i landsforeininga Norges Kjøbmandsforbund som også vart stifta i 1908. Som lokale representantar til landsforeininga valde dei O.A. Kjølaas og O.A. Eidsvik. Ei av dei første sakene foreininga tok opp var å forhandle med Søndmøre Dampskibsselskap om nedsett frakt for mjøl og kornvarer på strekninga mellom Bergen og Trondheim, fjordane inkludert. Det var også ei viktig sak å få nedkjempa direktesalet av margarin frå fabrikk. Det å få kontroll over handelen som 23