UNGDOMMENS FYLKESTING 2012

Like dokumenter
Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Møteinnkalling Utval: Ungdommens fylkesting Møtestad: Quality Hotel Alexandra, Molde Dato: Tid: 14:30

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

For dei som reiser kollektivt er det mogleg å ta buss til Surnadal. Sjekk 177.no for reiserute.

Vetle og Jenny har alt meldt forfall og koordinator har tatt kontakt med vara.

Møteprotokoll. Møtestad: Vårsøg hotell, Surnadal Dato: Tid: 17:00. Medlemer som møtte: Åse Kristin Ask Bakke

Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Reglement Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutvalg i Vest-Agder Vedtatt i Fylkestingets møte

Sak 1 Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Innkalling og sakspapir er dermed sendt ut innanfor dei fastsette fristane.

Sak 1 Konstituering. Godkjenning av innkalling. Godkjenning av sakliste

Møteprotokoll. Møtestad: Hotel Union, Geiranger Dato: og Tid: Faste medlemer som møtte:

Program: Fredag 27. januar Kl Møtestart Kl Overrekking av prisen for Årets Ungdomskommune til Smøla ungdomsråd/smøla kommune

Reise: Møtes på rutebilstasjonen på Sjøholt måndag kl Alle må kome seg til Sjøholt på eige hand, og så køyrer vi i privatbilar derifrå.

Forfall skal meldast til koordinator, Anne Berit Svenkerud Halle, mob Til dette møtet er både faste- og varamedlemmar innkalla.

Sakspapira blir etter dette sendt direkte til dei påmeldte utsendingane etter påmeldingsfristen er ute, 14. mars.

Kjære representant til Ungdommens fylkesting 2015!

Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli innkalla, - jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova.

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Lovfesting av medverknadsordning for ungdom - høyringssvar

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

VEDTEKTER FOR VESTLAND ARBEIDARPARTI

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

Møteprotokoll. Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Hotel Union, Geiranger Dato: Tid: 12:00

Møteinnkalling. Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Rica Seilet i Molde Dato: Tid: Kl.12.00

Funksjon Nestleiar. Sævik. Stilling. Rådgivar/koordinator

Rødts landsmøte. Konstituering. Fordi fellesskap fungerer

VEDTEKTER FOR TELEMARK KULTURNETTVERK

Simpelt (enkelt) fleirtal: det framlegget som får flest røyster vinn. Dette kan vere under 50 % om det er meir enn to framlegg.

Møteprotokoll. Møtestad: Finnøya Havstuer, Sandøy Dato: Tid: 20:00 Protokoll nr: 2/2017. Faste medlemer som møtte:

Møteinnkalling til oppstarts s eminar

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP)

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:00

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

Ungdomspanelet vil med dette ønskje deg hjarteleg velkomen til Ungdommens fylkesting (UFT) i Ålesund frå november 2011 på Rica Parken Hotel.

B I L E T K U N S T N A R A N E I M Ø R E OG R O M S D A L org.nr

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Vedtekter for fylkesting for ungdom i Sogn og Fjordane

Vedtekter for Vestland SV

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

VEDTEKTER. Luster Arbeidarparti Luster Arbeidarparti

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Nye kommunar i Møre og Romsdal

MØTEPROTOKOLL Arkivsak:14/126-2 Løpenummer: 14/1416 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 12:00 14.

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 29 MØTEINNKALLING Utval: Ungdomsrådet Møtedato: Møtetid: 17:00 - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta u

MØTEPROTOKOLL. Erik Vangsnes leia møtet tom sak 021/13. Vegar Berget leia møte frå sak 022/13.

Vedtekter. Ungdommens Fylkesting Buskerud

Kjære representant til Ungdommens fylkesting 2011

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak: 12/165 Løpenummer: 12/ Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

MØTEPROTOKOLL. SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: Sogndal kommune. Utval:

Landsmøte 2016 Sak 9.4 forslag til vedtektsendring som følge av navne-endring

Følgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer Agnes H. Bernes

Rådet for funksjonshemma

Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli innkalla, - jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova.

MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Janne Katrin Hansen Sævik Daniel Haavardsen-Bråttvik

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

Endringar i delegasjonsreglementet for Hordaland fylkeskommune

REGLEMENT FOR Utval for Levekår

SOGNDAL KOMMUNE REGLEMENT FOR KONTROLLUTVALET UTKAST

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Peter Bjørneset MEDL Ungdomsklubben Maiken Gjøsdal NESTL Volda vgs.

Fortid & notid for framtid

Ungdomspanelet vil med dette ønskje deg hjarteleg velkomen til Ungdommens fylkesting (UFT) i Ålesund frå november 2011 på Rica Parken Hotel.

NVBF REGION SOGN OG FJORDANE 38. ORDINÆRE TING 2014 TINGSAKER. STED: Idrettens hus Concordbygget. TID: Onsdag 22. april 2014 kl.

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:30-00:00

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Fylkesårsmøte februar 2009 Ole Bull Akademiet, Voss. Sakshefte 1

Møteprotokoll. Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Fylkeshuset i Molde Dato: Faste medlemer som møtte:

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING. Råd for funksjonshemma. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato:

Utval: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Fylkesutvalssalen 3. etg., Fylkeshuset Dato: Tidspunkt: 09:50-12:50

Møteinnkalling for Ungdomsråd

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ELDRERÅDET Møtestad: Skodje rådhus Møtedato: Tid: 14:00

Vedtekter for Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet

VEDTEKTER FOR HARDANGERAKADEMIET FOR FRED, UTVIKLING OG MILJØ

SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten Sogndal

8 Det politiske systemet i Noreg

FELLES REGLEMENT FOR DEI POLITISKE ORGANA (K-sak 28/16)

Namn Funksjon Representerer. Følgjande medlemmer hadde meldt forfall: Namn Funksjon Representerer. Namn Møtte for Representerer

FOR VEDTEKTER. Vik SPAREBANK. Kap. 1. Føretaksnamn. Forretningskontor. Formål Formål. 1-1 Namn. Kontorkommune.

Samansetjing av «Fellesnemnd» for overgangsperioden fram mot

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Peter Bjørneset Hanna Nautvik Nesset. Nesleiar. Medlem

Transkript:

UNGDOMMENS FYLKESTING 2012 Molde 9. 11. november Quality Hotel Alexandra Velkomstbrev med praktisk informasjon Program Sakspapir Møteprotokoll frå Ungdommens fylkesting 2011 Kontaktinformasjon: Leiar av Ungdomspanelet: Janne-Katrin Hansen Sævik Mobil: 41 56 51 51 E-post: jannekatrinsaevik@hotmail.com Seksjonsleiar adm. seksjon: Ingunn Bekken Sjåholm Mobil: 90 74 69 23 E-post: ingunn.bekken.sjaholm@mrfylke.no www.ungweb.no Facebook: Ungdompanelet i Møre og Romsdal! Twittter: #uftmr

Møteinnkalling Utval: Ungdommens fylkesting Møtestad: Quality Hotel Alexandra Molde Dato: 9. 11. 11.2012 Tid: 14:00 Forfall skal meldast til konsulent Kari Rundmo, mobil 415 69 967/ kari.rundmo@mrfylke.no, og til kontaktperson i kommunen du kjem frå. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling frå kontaktpersonen i din kommune. Kjære representant til Ungdommens fylkesting 2012! Ungdomspanelet vil med dette ønskje deg hjarteleg velkomen til Ungdommens fylkesting (UFT) i Molde frå 9. 11. november 2012 på Quality Alexandra. Ungdommens fylkesting (UFT) er ungdommane sitt øvste politiske organ i fylket og her diskuterar ein viktige saker som gjeld ungdom i fylket. Vedtak fatta av UFT er rådgivande for fylkestingspolitikarane i Møre og Romsdal fylkeskommune. Laurdag kveld blir det ein festmiddag for alle deltakarane på UFT. Alle må difor ha med seg eit pent antrekk. For alle representantar under 18 år skal foreldre/føresette ha sett sakspapira og sette seg inn i reglementet før du kjem til UFT. Før du kjem til Molde 9. november rår vi deg til å: Lese gjennom sakspapira du får tilsendt. Sakspapira ligg også på ungweb.no. Der kan du legge inn kommentarar, spørsmål eller utfyllande informasjon i kommentarfeltet. Diskutere sakene med ungdomsrådet ditt, venner, klassen, elevrådet eller andre rundt deg. Førebu deg til open runde og finn to positive og to negative erfaringar frå ungdomsrådsarbeidet i din kommune det siste året. Kvar kommune får to til tre minutt til å presentere dette for UFT. HUGS! Meld ifrå til Kari Rundmo, e-post ungdomspanelet@mrfylke.no om du må ha spesiell diett (diabetes, cøliaki, vegetarianar) eller har allergiar eller andre ting som arrangør bør vite om.

Hugs å melde frå til kontaktpersonen i din kommune og Kari Rundmo mobil 415 69 967/ ungdomspanelet@mrfylke.no om du ikkje kan kome likevel. Ønskjer du å stille til val til Ungdomspanelet (UP)? Alle som stiller til val i år, må levere inn eit søknadsskjema på førehand. Vi ser helst at utfylte skjema sendast til koordinator før UFT, men du kan også levere det når du kjem til UFT. Skjemaet ligg på ungweb.no samen med påmeldingsskjemaet og i tillegg vedlagt møteinnkallinga. Det vil bli gitt meir informasjon om val til nytt ungdomspanel under UFT. Reise til og frå Molde Kontaktpersonen i din kommune skal hjelpe deg med å planlegge reisa til og frå Molde om du treng hjelp til det. Vi rår deg til å bruke TIMEkspressen og at du nytter ungdomskortet om du har det. Nokon frå ungdomspanelet vil møte deg på busshaldeplassen i Molde. Reise, overnatting og måltid for ungdomsrepresentantane vert dekt av Møre og Romsdal fylkeskommune. Du betalar sjølv for reisa og får tilbakebetalt reiseutgiftene etter UFT. Fylkeskommunen dekker berre utgiftene som samsvarar med reisestrekninga. Hugs derfor å ta vare på reisekvitteringar. På UFT vil reiserekningsskjema bli gjennomgått. Merk at fylkeskommunen ikkje dekkjer kjøp av ungdomskortet. Under Ungdommens fylkesting gjeld følgjande: Bruk av alkohol eller andre rusmiddel er strengt forbode, og fører til at føresette og kontaktpersonen i din kommune blir varsla. Ein vil så bli heimsendt for eiga rekning og må betale for hotell og kost sjølv. Kom presis. Følg med på programmet og den informasjonen som blir gitt. Dersom ein kjem meir enn 10 minutt for seint til tingsamlingane i møtesalen, får ein ikkje vere med på samlinga. Innan kl. 24.00 skal alle vere på romma sine. Etter midnatt skal det vere stille. Det vil alltid vere vaksenpersonar til stades på hotellet. Desse vil bli tydeleg presenterte under møte. I tillegg vil alle namneskilta innehalde informasjon om namn og telefonnummer til vaksne. Dersom nokon må forlate hotellet/området skal ein vaksen eller nokon i ungdomspanelet godkjenne fråveret. Det er verken tid eller lov til å forlate hotellet under samlinga. I tillegg til det sosiale programmet stiller Ungdomspanelet med nokre brettspel, men dersom nokon har eit favorittspel kan dei godt ta med det! Spelar du gitar eller eit anna instrument du kan ta under armen er du hjarteleg velkommen til å ta det med og spele litt på kvelden. Alle skal bu i fleirsengsrom, og vert plasserte av oss saman med personar av same kjønn.

Korleis får du ordet under Ungdommens fylkesting Når du skal snakke under Ungdommens fylkesting må du bruke ein talarstol med mikrofon slik at vi er sikre på at alle får med seg det du seier. Det kan verke litt skummelt i byrjinga, men ein blir fort vant med det. Under møtet må ein gje teikn til møteleiarane når ein ønskjer å ta ordet. Rekk opp skiltet ditt med ditt delegatnummer slik at møteleiar kan sjå og registrere det. Når du får eit lite nikk frå møteleiar kan du ta ned skiltet og gjere deg klar til innlegget. Open runde Fredag skal det vere open runde på Ungdommens fylkesting. Open runde vil seie at alle ungdomsråda skal komme opp og fortelje om to positive og to negative erfaringar frå ungdomsrådsarbeidet i sin kommune. Vi ønskjer at begge representantane blir med opp og presenterer seg. Det skal ikkje vere noko langt foredrag, men berre eit kort innlegg på 2-3 minutt. Alle skal opp og det er mest ei øving for å stå på talarstolen. Spør ein politikar! Ungdomspanelet utfordrar nokre ungdomspolitikarar frå fylket til å stille opp i eit panel og vi let UFT deltakarane få stille dei spørsmål. Vi rår alle til å tenkje ut spørsmål saman med sitt lokale ungdomsråd. Til slutt Vi gler oss til å møte deg i Molde, og er sikre på at vi kjem til å få det kjempekjekt! Hugs pent antrekk laurdag kveld! Alt av informasjon om årets Ungdommens fylkesting kan du finne på ungweb.no. Har du spørsmål, ta kontakt med Ingunn Bekken Sjåholm på e-post ingunn.bekken.sjaholm@mrfylke.no eller ring mobil 907 46 923. Med helsing Janne - Katrin Hansen Sævik Ingunn Bekken Sjåholm Leiar i Ungdomspanelet Seksjonsleiar administrativ seksjon Mobil 415 65 151 Mobil 907 46 923 ungdomspanelet@mrfylke.no ingunn.bekken.sjaholm@mrfylke.no

Program: Fredag 9. november Kl. 14.00 Registrering Kl. 14.30 Opning av UFT Velkomen til byen ved ordførar i Molde, Torgeir Dahl Opning av UFT ved fylkesordførar Jon Aasen Kl. 15.00 Kvifor engasjere seg? Stortingsrepresentant Jenny Klinge Kl. 17.00 Pause Kl. 17.30 Møte- og taleteknikk v/elev- og lærlingeombud Monica Molvær Kl. 18.30 Kva er Ungdomspanelet (UP) og Ungdommens fylkesting (UFT)? Kl. 19.00 Konstituering og val av redaksjonskomite Kl. 20.00 Middag Kl. 21.00 Open runde Kl. 24.00 Stille Laurdag 10. november Kl. 07.15 Vekking Kl. 08.00 Frukost Kl. 09.00 Møtestart ved leiar i UP Janne-Katrin Hansen Sævik Kl. 13.00 Lunsj Kl. 14.00 Aksjon i regi av Redningsselskapet Kl. 15.15 Møtestart Kl. 16.45 Pause Kl. 17.00 Spør en politiker Kl. 18.30 Vi pyntar oss Kl. 20.00 Festmiddag Kl. 21.30 Sosialt med dans Kl. 24.00 Stille

Søndag 11. november Kl. 07.30 Vekking Kl. 08.00 Frukost Kl. 09.00 Møtestart Kl. 11.00 Utsjekk av hotellet Kl. 11.15 Møtestart Kl. 14.00 Lunsj Avreise Vel hjem!

Saksnr Innhold UFT-1/12 Konstituering UFT-2/12 Val av redaksjonskomitear UFT-3/12 Årsrapportar : Ungdomspanelet og Elev- og lærlingombodet UFT-4/12 Revidering av regional energi- og klimaplan UFT-5/12 Aktiv ungdom UFT-6/12 Ungdommens kulturmønstring (UKM) og Ungdommens referansegruppe (URG) UFT-7/12 Tryggleik til sjøs UFT-8/12 Økonomiplan 2013-2016 med budsjett for 2013 UFT-9/12 Handlingsprogram for Ungdomspanelet UFT-10/12 Årets ungdomskommune 2012 UFT-11/12 Val av Ungdomspanel 2012

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 26.09.2012 55718/2012 Anne Berit Svenkerud Halle Saksnr Utval Møtedato UFT-1/12 Ungdommens fylkesting 09.11.2012 Konstituering Bakgrunn Før Ungdommens fylkesting formelt kan starte å diskutere politiske saker, må vi konstituere møtet. Dette vil si at UFT må godkjenne innkallinga, sakslista og dagsorden. I tillegg må UFT velje møteleiarar som skal leie møtet på ein objektiv og rettferdig måte. Under konstitueringa må også UFT vedta kven som skal føre protokollen og vere teljekorps. Forretningsorden er eit viktig møtedokument som seier korleis møtet skal gjennomførast. a) Godkjenning av innkallinga Første invitasjon til Ungdommens fylkesting vart sendt ut til alle ungdomsråd/kommunar per brev 23. april. 28. august vart det sendt ut saksliste, praktisk informasjon og informasjon om påmelding. 22. oktober vart alle sakspapira gjort tilgjengelege på ungweb.no og sendt per post til påmeldte representantar. Vedtektene (reglane for Ungdommens fylkesting) slår fast at: 2.11: Ungdommens fylkesting har ordinært møte ein gong i året og møtet bør arrangerast i oktober/november. Vedtektene til UFT seier også at innkallinga skal sendast ut to månader før UFT skal arrangerast. Forslag til vedtak: UFT godkjenner innkallinga til Ungdommens fylkesting 2012. b) Val av møteleiarar For å kunne gjennomføre eit godt møte er vi avhengige av gode møteleiarar. Dei skal sjå til at sakene blir rett behandla etter vedteker og forretningsorden. Møteleiarane skal passe på at alle sider av saka kjem fram i debatten, at alle blir høyrde og at alle som ønskjer å uttale seg får dette. I tillegg skal dei prøve å følgje vedtatt dagsorden. Ungdomspanelet legg fram forslag til møteleiarar under UFT-2012. Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting vel elev- og lærlingombod Monica Molvær og fylkestingspolitikar Hege Gagnat som møteleiarar.

Side 2 c) Val av protokollførar Protokollførar har ansvaret for protokollen til Ungdommens fylkesting. Protokollførar skal registrere alle endringsforslag og føre alle delegater og alle vedtak korrekt inn i protokollen. Etter møtet ferdigstiller protokollførar protokollen og sender den til protokollunderskrivarane for gjennomlesing og godkjenning. Etter dette blir protokollen tilgjengelig på UNGweb.no. Eit referat gjengir møte i større eller mindre grad, heilt opp til dei som har møte. Ein protokoll gjengir berre kven som var på møte, det som vart bestemt og dei som vart vald. Ungdomspanelet foreslår seksjonsleiar Ingunn Bekken Sjåholm som protokollførar. Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting vel seksjonsleiar Ingunn Bekken Sjåholm som protokollførar. d) Val av to delgatar som skal skrive under møteprotokollen Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting vel (namn) til å underskrive møteprotokollen e) Val av valnemnd Det skal setjast ned ei valnemnd på UFT sett saman av avtroppande medlem(er) av Ungdomspanelet, representantar frå UFT som ikkje stiller til val, og ein person frå administrasjonen eller ein av dei politisk valde utsendingane frå fylkeskommune. UFT skal ha minst halvparten av medlemene. Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting vel Kari Rundmo til å sitte i valnemnda f) Godkjenning av forretningsorden Forretningsorden er reglementet (spelereglane) for eit møte. Ved å vedta forretningsorden for Ungdommens fylkesting vil ein prøve å unngå diskusjonar om gjennomføring, votering og val under møtet. I tillegg er forretningsorden eit godt dokument for ordstyrarane å halde seg til når dei skal styre møtet. I tillegg må forretningsorden vere i samsvar med gjeldane vedtekter. Vedtektene for UFT/UP har eit punkt som regulerer møtet: 2.16: Ungdomspanelet sine medlemer har tale- og forslagsrett, men ikkje stemmerett i Ungdommens fylkesting og kan dermed ikkje vere kommunerepresentant på Ungdommens fylkesting. Med unntak av leiaren i Ungdomspanelet som har både stemme-, tale- og forslagsrett. Medlemer av Ungdomspanelet kan heller ikkje vere kommunerepresentant. Det er derfor viktig med utfyllande reglar for møtet for å avklare kven som skal tale når, korleis votere og gjennomføre møtet på ein god måte.

Side 3 Gjennom godkjenning av forretningsorden er alle delegatane med på å vedta spelereglane for møtet. Alle kan komme med endringsforslag under denne saken. Når ein vedtar endeleg forretningsorden med eventuelle endringar er det dette som gjeld for resten av møtet. Likevel er det viktig å understreke at Ungdommens fylkesting kan endre på forretningsorden (spelereglane) under møtet, men då må ein ha 2/3 fleirtal. Etter at forretningsorden er endra, er det med andre ord vanskeligare å endre på den. Det står ikkje noko i vedtektene til UFT at det må vere 2/3-fleirtal for å endre forretningsorden. Ungdomspanelet foreslår likevel at UFT vedtar eit slikt kvalifisert fleirtal for å sikre trygge og stabile møtereglar. Forslag til forretningsorden vil bli nøye gjennomgått under møtet og alle moglege spørsmål vil bli svart på. Ungdomspanelet foreslår følgjande forretningsorden: Forretningsorden UFT 2012: 1. Representantane frå kommunane har tale, forslag og stemmerett. Leiaren i Ungdomspanelet har også tale, forslag og stemmerett. 2. Ungdomspanelet, koordinator for Ungdomspanelet og ordstyrarane har tale og forslagsrett. 3. Representantane kan gje andre tale- og forslagsrett i enkeltsaker. 4. Det blir valt to ordstyrarar som leiar møtet. 5. Med unntak av ordstyrarar må alle som får ordet bruke talarstolen. 6. Taletida på innlegg skal ikkje vere lengre enn fire -4- minuttar. Kvar representant kan få ordet inntil to -2- gonger i same sak, da med maksimalt fire -4- og to -2- minutt. Representantar som ber om replikk på eit innlegg må gjere det før innlegget er avslutta. Ein replikk varer maksimalt førtifem - 45- sekund. Svarreplikk varer maksimalt tretti -30- sekund. Møteleiar kan foreslå å sette strek og avgrense taletida. 7. Etter strek er satt, kan ikkje forslag trekkjast eller nytt forslag framsettast. 8. Alle forslag som relaterer seg til saker skal leverast skriftleg. 9. Protokolltilførsler kan forlangast av delegata og Ungdomspanelet. Protokolltilførsler må gjerast kjent innan saka er avslutta og må leverast skriftleg innan møtet er slutt. 10.Voteringar(stemmegiving) skjer ordinært ved at ein viser delegatskiltet sitt. Ved personval skal det gjennomførast skrifteleg votering om det er meir enn ein som stiller til val. 11.2/3 fleirtal kan vedta å endre eller fråvike forretningsorden under møte. 12.Ved val av medlemer til UP, kan ein kandidat maksimalt bli fremma tre 3- gonger. Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting vedtar forretningsorden med eventuelle endringar. g)godkjenning av saksliste Ungdomspanelet foreslår følgjande saksliste til Ungdommens fylkesting 2012: UFT-1/12 Konstituering a) Godkjenning av innkalling b) Val av møteleiarar c) Val av protokollførarar

Side 4 d) Val av protokollunderskrivarar e) Val av valnemnd f) Godkjenning av forretningsordenen g) Godkjenning av saksliste h) Val av teljekorps UFT-2/12 UFT-3/12 UFT-4/12 UFT-5/12 UFT-6/12 Val av redaksjonskomitear Rapportar: a) Ungdomspanelet sin årsrapport b) Elev- og lærlingombodet sin årsrapport Revidering av Regional energi- og klimaplan, gruppeoppgåve Aktiv ungdom EUs ungdomsprogram for ikkje-formell læring Ungdommens kulturmønstring (UKM) og Ungdommens referansegruppe (URG) Tryggleik til sjøs ved Redningsselskapet Økonomiplan Handlingsprogram for Ungdomspanelet UFT-7/12 UFT-8/12 UFT-9/12 UFT-10/12 Årets ungdomskommune 2012 UFT-11/12 Val av ungdomspanel Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting godkjenner sakslista. h)val av teljekorps Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting vel observatørane frå Nord-Trøndelag fylkeskommune og tre representantar frå UP til teljekorps. Janne-Katrin Hansen Sævik Leiar Ungdomspanelet

REVISJON 22032010 Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal Vedteke av fylkestinget i møte 22.03.2010. T-sak 11/10 (U-sak 32/10). 1 Heimelsgrunnlag og formål 1.1 Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet er oppretta etter vedtak av fylkestinget i Møre og Romsdal i sak T- 78/02 1.2 Gjennom Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet skal ungdom i Møre og Romsdal ha reel medverknad, kunne påverke politiske saker i fylket og auke ungdomens samfunnsengasjement. Vidare skal Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet stimulere til politiske engasjement samt få opplæring og erfaring i demokratiske prosessar. 1.3 Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet skal vere eit høyrings- og rådgjevande organ for Møre og Romsdal fylkeskommune og alle dei politiske organa. 1.4 Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet kan sjølve ta opp saker dei ønskjer fremma med administrasjonen og/eller politiske organ i fylkeskommunen. 2 Ungdommens fylkesting 2.1 Ungdommens fylkesting skal vere partipolitisk nøytralt. Representantane representerer kommunen sin og ikkje eit politisk parti. 2.2 Ungdommens fylkesting sine møte er opne for alle som er interessert. 2.3 Ungdommens fylkesting skal ha ein årsmøtefunksjon ovanfor Ungdomspanelet, der Ungdomspanelet rapporterer til Ungdommens fylkesting om sitt arbeid. Ungdommens fylkesting lagar eit handlingsprogram for kva saker Ungdomspanelet skal arbeide med det kommande året. Det er Ungdommens fylkesting som vel representantar til Ungdomspanelet. 2.4 Handlingsprogrammet er det øvste politiske dokumentet. Oppstår det konflikt mellom handlingsprogrammet og andre vedtak gjort i Ungdommens fylkesting eller Ungdomspanelet, gjelder handlingsprogrammet som Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet sin politikk. Samansetting 2.5 Kvar kommune i Møre og Romsdal blir inviterte til å sende 2 frivillige og engasjerte representantar til Ungdommens fylkesting og oppnemne 2 personlige vararepresentantar til desse. I tillegg deltek leiar eller nestleiar i Ungdomspanelet med tale, forslag- og stemmerett. Dersom leiar eller nestleiar ikkje har høve til å Postadresse: Fylkeshuset, 6404 Molde Besøksadresse: Julsundveien 9 Telefon 71 25 80 00 Telefaks: 71 25 87 21 e-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no

møte vel Ungdomspanelet eit anna medlem frå Ungdomspanelet til å delta på like vilkår. 2.6 Representantane skal veljast frå ungdomsråd eller ungdommens kommunestyre. I kommunar som ikkje har ungdomsråd eller ungdommens kommunestyre bør kommunen sende 2 frivillige frå kommunen sine elevråd eller ungdomsorganisasjonar. 2.7 Ungdommens fylkesting skal bestå av ungdom mellom 13 og 23 år med tilknyting til fylket i den aktuelle valperioden. 2.8 Ungdommens fylkesting skal så lang som råd ha kjønnsbalanse slik likestillingslova krev, og det bør også rekrutterast ungdom med minoritetsbakgrunn. Kommunane blir oppfordra til å sende ein gut og ei jente. 2.9 For å sikre kontinuiteten bør representantane med vararepresentantar veljast for ein periode på to år, med utskifting slik at ein av representantane blir valt kvart år. 2.10 Ungdomspanelet kan invitere relevante organisasjonar/personar i samsvar med sakslista til Ungdommens fylkesting. Møte 2.11 Ungdommens fylkesting har ordinært møte ein gong i året og møte bør arrangerast i oktober/november. 2.12 Dersom Ungdomspanelet finn det nødvendig kan dei innkalle til ekstraordinært Ungdommens fylkesting. 2.13 Ungdomspanelet kallar inn til Ungdommens fylkesting 2 månadar før Ungdommens fylkesting skal arrangerast. Ungdomspanelet innstiller i saker til Ungdommens fylkesting. 2.14 Ungdomsråd og alle mellom 13 og 23 år i fylke kan melde inn saker til Ungdommens fylkesting. Saker skal meldast inn til Ungdomspanelet seinast 5 veker før Ungdommens fylkesting. Ungdomspanelet bør m.a. bruke media for å nå ut til ungdomane i fylket. 2.15 Sakspapira skal sendast ut til representantane seinast 3 veker før Ungdommens fylkesting skal arrangerast. 2.16 Ungdomspanelet sine medlemer har tale- og forslagsrett, men ikkje stemmerett i Ungdommens fylkesting og kan dermed ikkje vere kommunerepresentant på Ungdommens fylkesting. Med unntak av leiaren i Ungdomspanelet som har både stemme-, tale- og forslagsrett. Medlemer av Ungdomspanelet kan heller ikkje vere kommunerepresentant. 2.17 Ungdom som deltek på Ungdommens fylkesting skal få naudsynt opplæring. 2.18 Ungdommens fylkesting kan godkjenne tale- og forslagsrett til andre inviterte i enkeltsaker etter anbefaling frå Ungdomspanelet. 2.19 På Ungdommens fylkesting skal det alltid vere politisk og administrativ representasjon frå Møre og Romsdal fylkeskommune. 2

2.20 Ungdomspanelet innstiller til møteleiar som så godkjennast av Ungdommens fylkesting. Det kan vere ein eller fleire personar som politisk valde utsendingar, representantar frå administrasjonen eller ein annan som Ungdomspanelet føreslår. 2.21 Vedtak blir gjort med simpelt fleirtal. Ved stemmelikskap gjer leiaren av Ungdomspanelet si røyst utslaget. Ungdommens fylkesting er vedtaksført når meir enn halvparten av medlemane er tilstades. 2.22 Det skal setjast ned ei eiga valnemnd på Ungdommens fylkesting samansatt av avtroppande medlem(er) av Ungdomspanelet, representantar frå Ungdommens fylkesting som ikkje stiller til val og ein person frå administrasjonen eller ein av dei politisk valde utsendingane frå fylkeskommunen. Ungdommens fylkesting skal ha minst halvparten av medlemene. 2.23 Deltaking i møter i Ungdommens fylkesting/ungdomspanelet eller fylkeskommunale utval er å sjå som tillitsverv/politisk arbeid etter forskrift til Opplæringslova 3-47 og vil ikkje bli ført som fråvær frå undervisning. 3 Ungdomspanelet 3.1 Ungdomspanelet er Ungdommens fylkesting sitt operative organ og skal følgje opp vedtak gjort i Ungdommens fylkesting. I tillegg skal Ungdomspanelet vere eit bindeledd mellom ungdom og Møre og Romsdal fylkeskommune. 3.2 Ungdomspanelet skal drive aktiv lobbyverksemd overfor politiske styresmakter. 3.3 Ungdomspanelet skal fordele Ungdomsmidlane. 3.4 Ungdomspanelet skal arrangere Ungdommens fylkesting og fremje Ungdomspanelet og Ungdommens fylkesting i media. Samarbeid mellom Ungdommens fylkesting, Ungdomspanelet og lokale ungdomsråd 3.5 Ungdomspanelet skal ha jamleg og god kontakt med lokale ungdomsråd/ungdommens kommunestyre. Ungdomspanelet skal halde ungdomsråda oppdatert om aktuelle ungdomssaker i fylket og hjelpe ungdomsråd i vanskelige saker, ved oppstart og i eventuelle nedturar. Samansetting 3.6 Ungdommens fylkesting vel 9 medlemer til Ungdomspanelet. Medlemene av Ungdomspanelet skal veljast frå representantane på Ungdommens fylkesting og det sitjande Ungdomspanelet (faste medlemer og vara). Alle dei tre regionane bør vere representert. Det bør vere ei balansert samansetjing frå by og land, og kjønnsbalansen skal vere i høve til likestillingslova. Ungdomspanelet skal vere partipolitisk nøytralt. 3.7 Ungdomspanelet skal bestå av ungdom mellom 15 og 23 år som har tilknyting til fylket i den aktuelle valperioden. Representantane blir valde for to år, men halvparten vert skifta ut kvart år. Det blir i tillegg valt ei varamannsliste på 5 personar. Ved fråfall frå ein fast medlem av Ungdomspanelet blir fyrst vara nummer 1 spurt om å stille, om ikkje vedkommande kan stille blir nummer 2 spurt osv. 3

3.8 På Ungdommens fylkesting blir det kvart år valt leiar og nestleiar for Ungdomspanelet. I ekstraordinære høve kan Ungdomspanelet konstituere ny leiar og nestleiar frå faste medlemer av Ungdomspanelet. 3.9 Ungdomspanelet fordelar mellom sine medlemer ansvar for intern koordinering av si saksbehandling opp mot fylkeskommunen sine ulike avdelingar og politiske utval. Møte 3.10 Ungdomspanelet bør ha sine møte samstundes med det ordinære fylkestinget, i tillegg til andre møte. Ungdomspanelet fastset sjølv møteplan. 3.11 Leiar for Ungdomspanelet eller 1/3 av ungdomspanelet kan ved behov innkalle til ekstraordinære møte. 3.12 Vedtak blir gjort med simpelt fleirtal i Ungdomspanelet. Ved stemmelikskap gjer møtestyraren si røyst utslaget. Det må vere minst fem medlemer til stades for at Ungdomspanelet kan fatte vedtak. 3.13 Deltaking i møte i Ungdomspanelet eller fylkeskommunale utval er å sjå som tillitsverv/politisk arbeid etter forskrift til Opplæringslova 3-47 og vil ikkje bli ført som fråvær frå undervisning. 4 Økonomi og administrasjon 4.1 Møre og Romsdal fylkeskommune sørgjer for sekretær for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet. 4.2 Det skal setjast av tilstrekkeleg med økonomiske midlar i økonomiplanen til Ungdommens fylkesting, Ungdomspanelet og Ungdomsmidlane. 4.3 Reise- og møteutgifter blir dekka av Møre og Romsdal fylkeskommune dersom ikkje anna er særskilt bestemt. 5 Godtgjersle 5.1 Medlemene i Ungdomspanelet får dekt reise- og diettgodtgjersle etter statens regulativ og retningslinjer. Tapt arbeidsforteneste dekkjast, ved stadfesting frå arbeidsgjevar. 5.2 Medlemene i Ungdomspanelet får møtegodtgjersle i samsvar med det til eikvar tid gjeldande fylkeskommunalt godtgjerslereglement. 5.3 Medlemene i Ungdomspanelet får halv møtegodtgjersle når dei møter i hovudutvala. 6 Rusmiddel 6.1 Alle møte og tilstellingar i Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet skal vere rusfrie under heile arrangementet. 4

7 Endring av vedtekter 7.1 Fylkestinget i Møre og Romsdal har mynde til å endre vedtektene for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet. Vedtektene kan likevel berre endrast etter framlegg av Ungdommens fylkesting. Ungdomspanelet kan komme med forslag om vedtektsendringar. 5

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 26.09.2012 55759/2012 Anne Berit Svenkerud Halle Saksnr Utval Møtedato UFT-2/12 Ungdommens fylkesting 09.11.2012 Val av redaksjonskomitear Bakgrunn I større saker der det kjem inn mange endringar og/eller tilleggsforslag til vedtak er det ofte lurt å sette ned ein redaksjonskomité. Ein redaksjonskomité skal hjelpe Ungdommens fylkesting med å samle alle innkomne forslag til eit heilskapleg forslag som vil bli presentert for UFT, og som UFT deretter kan stemme over. Ungdomspanelet foreslår å opprette to redaksjonskomitear under årets UFT på grunn av gruppeoppgåva som vil krevje ein del etterarbeid med klargjering av høyringsuttalen. Det blir ein redaksjonskomité med ansvar for gruppeoppgåva og ein for andre saker. Asgeir Stavik Hustad, Solveig Buvik Sønderland og Mari Paulsen Dalsbø som medlemmer i den vanlege redaksjonskomiteen. Marcus Svenning og Torgeir Vestre i redaksjonskomiteen med fokus på gruppeoppgåva. Forslag til vedtak: Asgeir Stavik Hustad, Solveig Buvik Sønderland og Mari Paulsen Dalsbø frå UP blir valt inn som medlemer i den vanlege redaksjonskomiteen. Marcus Svenning og Torgeir Vestre frå UP blir valt til redaksjonskomiteen med fokus på gruppeoppgåva. I tillegg må dei to redaksjonskomiteane få med seg to delegatar kvar frå UFT. Janne-Katrin Hansen Sævik Leiar i Ungdomspanelet

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 26.09.2012 55766/2012 Anne Berit Svenkerud Halle Saksnr Utval Møtedato UFT-3/12 Ungdommens fylkesting 09.11.2012 Årsrapportar: Ungdomspanelet og elev- og lærlingombodet a) Ungdomspanelet sin årsrapport Vedtektene til UFT slår fast at: 2.3: Ungdommens fylkesting skal ha ein årsmøtefunksjon overfor Ungdomspanelet, der Ungdomspanelet rapporterer til Ungdommens fylkesting om sitt arbeid. Ungdommens fylkesting lagar ein handlingsplan for kva saker Ungdomspanelet bør arbeide med det kommande året. Det er Ungdommens fylkesting som vel representantar til Ungdomspanelet. Ungdomspanelet vil her rapportere frå sin periode 2012. Det blir høve å stille spørsmål til Ungdomspanelet om arbeidet den siste perioden under møte. Rapporten blir delt ut ved registrering fredag 9. november. b) Elev- og lærlingombodet sin årsrapport Det står ikkje noko i vedtektene om at elev- og lærlingombodet skal rapportere til UFT. Ungdomspanelet ønskjer likevel at dette blir gjort som ein orientering til UFT. Det blir høve til å stille utdjupande spørsmål til ombodet under møte. Rapporten blir delt ut ved registrering fredag 9. november. Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting tek rapportane til vitande. Janne-Katrin Hansen Sævik Leiar Ungdomspanelet

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 04.10.2012 57745/2012 Guri Bugge Saksnr Utval Møtedato UFT-4/12 Ungdommens fylkesting 09.11.2012 Revidering av regional energi- og klimaplan Bakgrunn Klimaet er stadig i endring, men dei store endringane som skjer no kan bli katastrofale for både menneska og naturen vi er ein del av. Om utviklinga held fram på same sett som i dag, vil de bli vaksne i eit fylke der større delar av kysten står under vatn, der det oftare er stormar og uver, der det regnar meir og snør mindre, der det oftare går ras, og der rasa går på nye stader. Fleire dyreartar vil døy ut, og vi vil få inn nye som vi kanskje ikkje set like stor pris på (t.d. meir flått og andre parasittar). Det er brei semje om at menneska kan påverke klimaendringane. For å sikre born og unge gode levekår i framtida har Noreg saman med dei aller fleste andre land i verda forplikta seg til å redusere CO2- utsleppa våre drastisk innan få år. Vi i Møre og Romsdal må gjere vår del av dette arbeidet. Alle store omleggingar krev at ein har ein plan, at ein følgjer den opp, og at planen vert tilpassa etter kvart som samfunnet endrar seg. Den første klimaplanen for Møre og Romsdal fylke vart vedteken i 2009, og i år skal vi byrje arbeidet med å revidere den. Klimaplanen vår skal innehalde informasjon om fylket vårt, ei vurdering av kvar vi kan redusere klimagassutslepp, og ei liste med forslag til tiltak. Klimaplanen er ein av fleire fylkeskommunale planar som alle i fylket skal ta omsyn til når dei planlegg å gjere endringar. Dei fylkeskommunale planane legg føringar for kommunal planlegging, til dømes kvar ein kan plassere kjøpesenter, og kva for vatn som må haldast reint. Men det er og mykje fylkeskommunen har direkte ansvar for, som dei vidaregåande skulane, tannhelseklinikkane og kollektivtransporten. Når det gjeld det private næringslivet kan vi leggje til rette for ei meir klima- og miljøvennleg utvikling gjennom ulike typar prosjekt og tilskotsordningar. Vurdering Arbeidet mot klimaendringane blir gjort for å sikre framtida dykkar. Det er difor viktig at de som er unge i dag hjelper til med å finne kva for veg vi skal gå. Nokre klimatiltak er utelukkande positive; dei skapar arbeidsplassar, gir betre levevilkår for folk og dyr, og kan til og med vere lønsame. Døme på slike tiltak er utvikling av ny teknologi for bilar og båtar, oppgradering av eksisterande vasskraft, eller energieffektivisering. Andre tiltak er det større strid om; skal vi byggje vindmøller sjølv om dei drep havørn og lagar støy for dei som bur i området? Skal vi tvinge folk til å sette att bilen heime ved å gjere det vanskeleg og dyrt å parkere i byen?

Side 2 Skal vi plante framande treslag som sitkagran, som bind mykje CO2, men som samstundes er ein fare for dei lokale artane? Fylkesrådmannen vil be Ungdommens fylkesting om å gå gjennom dagens klimaplan og gjennom gruppearbeid diskutere seg fram til moglege tiltak og satsingsområde i den nye planen. Kva skal vi behalde frå den gamle planen og kva blir viktig å få med i den nye? Alle kommunane i fylket har no utarbeidd klimaplanar. Representantane bør sette seg inn i og ha med seg klimaplanen til sin kommune, slik at dei sikrar at heimkommunen sine interesser blir ivaretekne på ein god måte. Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting har følgjande forslag til satsingsområde og tiltak i den reviderte Regional Delplan Klima og energi: Nils-Gunnar Solli administrasjonssjef

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 04.10.2012 57746/2012 Ingunn Bekken Sjåholm Saksnr Utval Møtedato UFT-5/12 Ungdommens fylkesting 09.11.2012 Aktiv Ungdom Kva er Aktiv Ungdom? Aktiv Ungdom er EUs ungdomsprogram for ikkje-formell læring. Målgruppa er ungdom mellom 13 og 30 år og dei som jobbar med ungdom. Aktiv Ungdom fordeler 16 millionar kvart år til ungdomsprosjekter i Norge og i Europa. Formålet til Aktiv Ungdom er: å styrke ungdoms aktive medborgarskap, deltaking og samfunnsengasjement å styrke ungdommen si internasjonale forståing, toleranse og solidaritet å styrke ungdomsarbeidet i Europa og bidra til auka europeisk samarbeid på ungdomsfeltet Følgjande prosjekt kan få støtte av programmet: Gruppeutveksling: Internasjonal utveksling mellom ungdomsgrupper. For ungdom 13-25 år. Ungdomsinitiativ: Ungdomsgrupper setter i gang eigne prosjekt lokalt eller internasjonalt. For ungdom 15-30 år. Demokratiprosjekt: Prosjekt om ungdomsmedverking. For ungdom 13-30 år. Europeisk volontørteneste: Ungdom 18-30 år som jobbar frivillig i ikkjekommersielle prosjekt i Europa. Tilskot til ungdomsarbeidarar: Opplæringsaktivitetar for dei som jobbar med ungdom. Ungdomspolitiske møte: Seminar om europeisk ungdomspolitikk. For ungdom 15-30 år. Sjekk gjerne heimesida til Aktiv Ungdom for å lese meir om kva mulegheiter dette programmet gir oss som er ungdommar: http://www.aktivungdom.eu/ Ungdomspanelets samarbeid med Aktiv Ungdom Møre og Romsdal fylkeskommune har saman med Hordaland og Sogn og Fjordane fått støtte til prosjektet EU og Norsk ungdom. Målet for prosjektet var å auke norsk ungdom si medverking i EU-spørsmål. I samband med dette prosjektet drog fem medlemer i Ungdomspanelet på studietur til Brüssel i september. I Brüssel hadde Vest-Norges Brüsselkontor lagt opp eit mangfaldig program, med foredrag om m.a. kva betydning EU har for Noreg og norsk ungdom, og kva mulegheiter som finst for norske ungdommar i EUs program for ungdom og utdanning. Vi vitja også Europaparlamentet, og møtte ulike representantar for

Side 2 Noregs engasjement i Brüssel. I tillegg var vi med på rollespel for å bli kjent med korleis EU parlamentet fungerer. Del to av prosjektet var eit felles ungdomspolitisk møte for dei 15 ungdommane som reiste, der også fylkespolitikarar frå dei tre fylka deltok. Arrangementet fann stad 18. oktober. Her vart det diskutert korleis ein kan auke graden av ungdomsmedverknad i internasjonale saker, og sørgje for at norsk ungdom får god informasjon i saker som omhandlar EU, og flytte fokus frå ja/nei--debatten til korleis forholde seg til EU--systemet slik det er i dag. Ungdomspanelet jobbar no med å planlegge eit nytt prosjekt i samarbeid med Aktiv Ungdom. Prosjektet skal vere eit samferdselsprosjekt, i samarbeid med fleire andre fylke. Prosjektet skal handle om å sikre at ungdom og mjuke trafikantar blir teke med i planarbeidet til Statens Vegvesen før avgjerd om vegprosjekt blir tatt, og korleis involvere barn og unge i samferdselsplanlegging. Vi tek sikte på å søke om midlar til prosjektet innan 1. februar. Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting tek saka til vitande, og støttar det vidare arbeidet med nytt prosjekt i regi av Aktiv Ungdom i 2013. Janne-Katrin Hansen Sævik Leiar Ungdomspanelet

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 04.10.2012 57747/2012 Ingunn Bekken Sjåholm Saksnr Utval Møtedato UFT-6/12 Ungdommens fylkesting 09.11.2012 Ungdommens kulturmønstring (UKM) og Ungdommens referansegruppe (URG) Leiaren i Ungdommens Referansegruppe Møre og Romsdal (URGMR), Oskar Fjørtoft Sandanger, kjem til UFT for å orientere om kva Ungdommens Kulturmønstring (UKM) og Ungdommens Referansegruppe (URG) er og korleis dei arbeider. Kva er UKM? Ungdommens Kulturmønstring er Noregs største kulturarrangement, med 25.000 årlege deltakarar. Her i fylket deltok i fjor 1804 ungdommar. Møre og Romsdal fylkeskommune har det overordna ansvaret for UKM i Møre og Romsdal, som blir gjennomført av Møre og Romsdal Musikkråd. UKM har vore gjennomført på landsplan sidan 1987, og Møre og Romsdal har vore med sidan starten. Møre og Romsdal er eit av dei største UKM-fylka med tanke på mengda deltakarar både totalt og i forhold til befolkningstal. UKM skal vere Norges viktigaste visningsarena for unge talent. Hovudmålsettinga er at på UKM skal alle ha det gøy! Meir informasjon om UKM i Møre og Romsdal kan de finne på UKM Møre og Romsdal si nettside: http://ukm.no/moreogromsdal/ Kva er URG? Ungdommens Referansegruppe (URG) er ei gruppe ungdommar som har fått i oppgåve å gjere UKM enda betre. Opphavleg var URG berre eit prosjekt på nasjonalt nivå, men no er det eit ønskje om å også få til regionale referansegrupper. URGs eigen definisjon av seg sjølv er som følgjer: URG er til for å rekruttere, evaluere, videreutvikle og kvalitetssikre. Vi skal være et informasjonsledd mellom deltakere og UKM Norge, og skape kontakt mellom oss og deltakerne, samt vise at vi har gjennomslagskraft, så de bruker oss som et talerør. I 2012 vil URG sette eit ekstra fokus på sjangerbreidde for å få fleire deltakarar i sjangrar som ikkje har vore så godt representert før. Alle kan delta på UKM, med kva som helst! Du kan til dømes delta med eigne dikt og noveller, stand-up, sjølvspikka knivar og mykje meir. Kvifor skal Ungdomspanelet vere URGMR? Møre og Romsdal fylkeskommune har som eitt av to fylke i landet inngått ein forpliktande samarbeidsavtale mellom UKM Norge. I denne avtalen forpliktar dei to

Side 2 partane seg til å gjensidig å utvikle UKM, og det er fastlagt at dette utviklingsarbeidet skal skje i tett dialog med ungdom. Ungdomspanelet er eit demokratisk valt organ som representerer ungdom frå heile fylket. Skal ein opprette fleire slike organ i Møre og Romsdal, vil kostnadane bli mangedobla i forhold til om ein nyttar det ein allereie har. Ungdomspanelet har omkring 8 møte i året, og ønsket frå fylkeskommunen er at UP òg skal behandle URG-saker på desse møta. Kva vil dette innebere? Døme på kva rolla som URGMR vil innebere for Ungdomspanelet kan vere: Deltaking på kommunemønstringar Deltaking som vertsskap på fylkesmønstringa URGs leiar representerer Møre og Romsdal i den nasjonale URG Marknadsføring Ansvar for utviklinga av sosiale tiltak på mønstringane Informere politikarar om UKM Foreslå verksteder og kurs under mønstringane Foreslå meny under mønstringane m.m. Kva meiner Ungdomspanelet? Ungdomspanelet meiner at rolla som URGMR er relevant i forhold til det oppdraget Ungdomspanelet har. Vi meiner at UP har dei føresetnadane som trengs for å utvikle UKM til å bli enda betre, og bidra til at ungdom sine synspunkt blir teke med når dei vaksne planlegg UKM. Ungdomspanelet deltek gjennom året på mange store arrangement som er gode arenaer for å marknadsføre Ungdommens Kulturmønstring. UP har allereie god kontakt med fylkespolitikarane, fylkeskommunens administrasjon og ungdommane som deltek på UKM. Dette er viktige føresetnader for å fylle rolla som URGMR på ein god måte. På den andre sida vil arbeidet med URG krevje ekstra arbeid for UP, til dømes deltaking på alle kommunemønstringane. Vi trur likevel at vi gjennom dette arbeidet vil få nærare kontakt med ungdomsråda i ansvarskommunane våre. Ungdomspanelet hadde saka til drøfting på sitt møte i august (UP- sak28/12). Dagens UP er positive til å ta på seg rolla som URGMR. Forslag til vedtak Ungdommens fylkesting vedtek at UP tek på seg rolla som URGMR i ein prøveperiode på tre år. I denne perioden skal ein forsøke ulike modellar for organisering, med både ekstern leiar og der leiaren er medlem i UP. Etter prøveperioden skal ordninga evaluerast, og UFT skal få ei orientering om korleis URGMR har fungert, og vurdere ev. forlenging av samarbeidet mellom UP og URG. Janne-Katrin Hansen Sævik Leiar Ungdomspanelet

Side 3

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 26.09.2012 55623/2012 Anne Berit Svenkerud Halle Saksnr Utval Møtedato UFT-7/12 Ungdommens fylkesting 09.11.2012 Tryggleik til sjøs Bakgrunn Under Ungdommens fylkesting 2011 vart det fremma ei sak frå ein av delegatane frå Haram om å sette temaet tryggleik til sjøs på dagsorden og då spesielt påbod om redningsvest for alle som ferdast i båt. Årsaka til at saka vart løfta fram var at det hadde vore mange stygge ulykker til sjøs med tragisk utfall. UP avgjorde at denne saka ville dei jobbe med i året som kom og sette så saka opp på sakslista under UFT 2012. For å informere meir om tryggleik til sjøs har UP teke kontakt med Redningsselskapet som kjem til UFT for å gje ei orientering og for å seie meir om kva som er gjort i denne saka. Utdrag frå Redningselskapet si nettside: Redningsselskapet ble stiftet 9.juli 1891 med et klart formål: Å redde liv og berge verdier på sjøen. Redningsselskapet er organisert som en frivillig humanitær forening, eid av medlemmene og styrt gjennom lokalforeninger, distriktsårsmøter og representantskapsmøte som utpeker et sentralstyre. Den daglige driften av Redningsselskapet ledes av generalsekretæren som har avdelingsledere under seg. Redningsselskapet er en humanitær, frivillig medlemsforening. Vårt formål er delt i fire: Redde liv, berge verdier, verne kystmiljøet og drive opplysnings- og ulykkesforebyggende arbeid for å bedre sikkerheten for den som ferdes på sjøen. Redningsselskapet UNG er organisasjonen s satsing på barn og ungdom i det forebyggende arbeidet. Med en rekke ulike aktiviteter og tilbud når vi årlig ut til flere tusen barn og ungdom. I Møre og Romsdal har ein lokallag av UNG følgjande stader: Redningsselskapet Ung - Averøy Redningsselskapet Ung - Halsa Redningsselskapet Ung - Hareid

Side 2 Redningsselskapet Ung Hessa Redningsselskapet Ung - Herøy Redningsselskapet Ung Sandøy Elias lokallag - Smøla Elias lokallag - Åsestranda Les meir om Redningsselskapet på deira nettsider: http://www.redningsselskapet.no/ Vurdering I dag er det slik at det er eit påbod om at ein må ha redningsvest om bord i båt. Redningsselskapet gjeng inn for at ein og må ha på seg redningsvest. Ei undersøking gjennomført av Perduco på vegne av KLP viser at redningsselskapet har folket i ryggen. Ni av ti ønskjer påbod om redningsvest. I april 2012 vart Rapport om sikkerhet ved bruk av fritidsbåt overlevert frå Sjøfartsdirektør Olav Akselsen til Fiskeriministeren og Handels og næringsministeren. Denne rapporten vart så sendt ut på ei høyring. Gjennom rapporten ber ein om at det blir påbod om bruk av redningsvest i opne båtar, ein lågare promillegrense og eit felles fartsregime for hele kysten. Fristen for kome med ein uttale var den 13. juli 2012. Etter dette er det regjeringa som avgjer saka. Påbodet om at det må vere nok vestar til alle om bord i båten er ikkje tilstrekkeleg. Det er lite hjelp i vestane om dei framleis ligg i båten når ein har gått på eit skjær, ligg i vatnet og held på å drukne. Møre og Romsdal er eit sjøfylke, og dei fleste ungdommane vil ein eller annan gong vere ute i båt. Det er derfor viktig at vi tek tak i dette livreddande arbeidet. Ungdomspanelet meiner at det skal bli påbydd å bruke redningsvestar i alle fritidsbåtar. Redningsselskapet vil orientere UFT om sitt arbeid og seier noko om kvifor dei meiner at en må innskjerpe kravet knytt til tryggleik ved bruk av fritidsbåt. Forslag til vedtak: UFT vedtek at Ungdomspanelet skal jobbe for at bruk av redningsvest skal bli påbydd i alle fritidsbåtar, samt kano og kajakk. Janne-Katrin Hansen Sævik Leiar Ungdomspanelet

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 26.09.2012 55778/2012 Anne Berit Svenkerud Halle Saksnr Utval Møtedato UFT-8/12 Ungdommens fylkesting 09.11.2012 Økonomiplan 2013-2016 med budsjett for 2013 Bakgrunn Kvar haust legg administrasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune fram ein økonomiplan, i november skal økonomiplanen for 2013-2016 med budsjett for 2013 leggast fram. I år vil økonomiplanen blir presentert i ein pressekonferanse 5. november. Den skal vidare behandlast i hovudutvala 12. november, i fylkesutvalt 26.november og i fylkestinget 10. desember. Planen vil bli lagt fram for UFT og det er så opp til tingsamlinga om UFT ønskjer å ta saka til vitande eller om UFT har kommentarar. Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting tek Økonomiplanen for 2013-2016 med budsjett for 2013 til vitande. Janne-Katrin Hansen Sævik Leiar Ungdomspanelet

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 26.09.2012 55790/2012 Anne Berit Svenkerud Halle Saksnr Utval Møtedato UFT-9/12 Ungdommens fylkesting 09.11.2012 Handlingsprogram for Ungdomspanelet Bakgrunn Ungdommens fylkesting skal handsame og vedta kva Ungdomspanelet skal arbeide med, fokusere på og jobbe mot den neste perioden. For å gjere det mest mogleg oversiktleg vert dette samla i eit dokument; handlingsprogrammet. UFT står fritt til å bestemme kva saker Ungdomspanelet skal jobbe med i perioden 2012/2013. UFT kan vedta mange ulike saker, eller vedta at Ungdomspanelet skal jobbe med berre nokre få. Færre saker i handlingsprogrammet vil gje ekstra fokus og tid til sakene, medan fleire saker vil føre til mindre tid, men breiare fokus. I fjor vedtok UFT følgjande handlingsprogram: Handlingsprogram for ungdomspanelet 2011/2012 Planarbeid Det er viktig at alt arbeid i Ungdomspanelet blir knytt opp mot regional planstrategi og andre delplanar, og at vi blir tatt med som ein høyringsinstans i dei sakene som angår ungdommen i Møre og Romsdal. Samferdsel Ungdomspanelet skal arbeide med å prøve å få innført eit nasjonalt ungdomskort som kan brukast på tvers av fylkesgrensene. Denne saka skal også fremmast gjennom arbeidet med Nasjonalt ungdomspanel og Ungdommens nasjonalforsamling. Fortsette arbeidet med «Trygt heim for ein 50-lapp»-prosjektet. Sørge for å få ei ny reklamekampanje. Ungdomspanelet skal jobbe for at skoleskyssen i fylket skal bli tilpassa elevane sine behov ved ordinær skolestart og slutt. Ungdomspanelet skal også jobbe for at lærlingar i fylket skal få rabatt på kollektivtransport på lik linje med studentar i opplæring. Vi ønskjer også at det skal bli jobba for å innføre barnebillett opp til 18 år.

Side 2 Ungdomsdemokrati Ungdomspanelet skal fortsette arbeidet med å få innført eit reelt medverknadsorgan på nasjonalt nivå. Med dette meiner vi Ungdommens nasjonalforsamling og Nasjonalt ungdomspanel. Ungdomspanelet skal fortsette arbeidet med å sørgje for supre og godt fungerande ungdomsråd i alle kommunar i fylket. Utdanning Ungdomspanelet skal jobbe for å gjennomføre holdningsskapande arbeid i vidaregåande skole, f.eks MOT. Ungdomspanelet skal jobbe for å få ned fråfallet i vidaregåande opplæring. Oppfølging av UFT11 vedtak Ungdomspanelet må følgje opp alle vedtak frå Ungdommens fylkesting 2011. Andre saker Ungdomspanelet skal jobbe for at Møre og Romsdal blir eit Fairtrade-fylke. Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting vedtar handlingsprogram for Ungdomspanelet 2012-2013 Janne-Katrin Hansen Sævik Leiar Ungdomspanelet

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 26.09.2012 55798/2012 Anne Berit Svenkerud Halle Saksnr Utval Møtedato UFT-10/12 Ungdommens fylkesting 09.11.2012 Årets ungdomskommune 2012 Bakgrunn Kvart år kårar Ungdommens fylkesting årets ungdomskommune i Møre og Romsdal. 23. april og 28. august vart det sendt ut informasjon til alle kommunar om korleis nominere kommunar til denne kåringa. I tillegg har det vore vevsaker på UNGweb.no. Retningslinjer årets ungdomskommune i Møre og Romsdal 1. Prisen «Årets ungdomskommune i Møre og Romsdal» delast ut årleg av Ungdomspanelet i Møre og Romsdal. 2. Prisen skal gå til kommunar som har utmerka seg ved å: a. Legge til rette for medverknad for ungdom b. Skape gode møtestadar for ungdom c. Bidra til eitt allsidig fritidstilbod for ungdom, eller d. På anna vis har gjort ein særskilt innsats for ungdom i kommunen 3. Prisen delast ut innan april året etter kåringa er gjort og gjeld inneverande år. 4. Kommunar kan nominerast av alle som har tilknyting til Møre og Romsdal fylke. 5. Nomineringa skal sendast i skriftleg form til Ungdomspanelet innan den annonserte fristen. 6. Nomineringsbrevet må innehalde grunngjeving for nomineringa. 7. Ungdomspanelet pliktar å gjere prisen kjent for alle kommunane i fylket, samt annonsere prisen godt. 8. Ungdomspanelet sett kvart år frist for nominering, og planlegg informasjonsstrategi for prisen. 9. Ungdomspanelet står fritt til å velje blant innkomne nominasjonar før dei leggast fram for Ungdommens fylkesting. 10.Medlemer i Ungdomspanelet kan ikkje nominere kommunar til prisen. Heller ikkje presentere nominasjonar for Ungdommens fylkesting. 11.Mottakar av prisen er offentleg når avgjerda er tatt, men møtet er lukka under handsaminga. 12.Prisen består av eit diplom og 3000 NOK som Ungdomspanelet nyttar fritt til det/dei føremål Ungdomspanelet vedtek. 13.Ungdomspanelet atterhald seg retten til å ikkje dele ut prisen. Retningslinene vart revidert av ungdomspanelet i Møre og Romsdal i møte 21.04.09

Side 2 Administrasjonen har ved utsending av innkallinga til UFT enno ikkje motteke nokon nominasjon til Årets ungdomskommune. Vi utsett fristen til 1. november, og håper at fleire nominasjonar kjem inn til ungdomspanelet@mrfylke.no Kvar kommune som er nominert får høve til å presentere seg for UFT under sakshandsaminga. Forslag til vedtak: Ungdommens fylkesting utpeikar [namn] til årets ungdomskommune 2012. Janne-Katrin Hansen Sævik Leiar Ungdomspanelet

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 26.09.2012 55827/2012 Anne Berit Svenkerud Halle Saksnr Utval Møtedato UFT-11/12 Ungdommens fylkesting 09.11.2012 Val av Ungdomspanel 2012 Bakgrunn Ungdomspanelet er Ungdommens fylkestings arbeidsutval. Dei har om lag 9 møte i året og skal representere ungdom i Møre og Romsdal på fylkesnivå og ha kontakt med lokale ungdomsråd. Ungdomspanelet skal vere eit aktivt bindeledd mellom ungdom og Møre og Romsdal fylkeskommune og partnarskap, samt drive lobbyverksemd overfor politiske styresmakter, og sette i verk Ungdommens fylkesting sine intensjonar. Eit år i ungdomspanelet er svært spennande, gjev unike muligheiter til å bli kjent med andre ungdommar, det politiske systemet i fylket, samt dra på forskjellige kurs og seminar. Men det er og tidkrevjande og ein må ha tid til både skule og/eller arbeid og ta del i arbeidet i UP. Vedtektene seier: Samansetting 3.6: Ungdommens fylkesting vel 9 medlemer til Ungdomspanelet. Medlemene av Ungdomspanelet skal veljast frå representantane på Ungdommens fylkesting og det sitjande Ungdomspanelet (faste medlemer og vara). Alle dei tre regionane bør vere representert. Det bør vere ei balansert samansetjing frå by og land, og kjønnsbalansen skal vere i høve til likestillingslova. Ungdomspanelet skal vere partipolitisk nøytralt. 3.7: Ungdomspanelet skal bestå av ungdom mellom 15 og 23 år som har tilknyting til fylket i den aktuelle valperioden. Representantane blir valde for to år, men halvparten vert skifta ut kvart år. Det blir i tillegg valt ei varamannsliste på 5 personar. Ved fråfall frå ein fast medlem av Ungdomspanelet blir fyrst vara nummer 1 spurt om å stille, om ikkje vedkommande kan stille blir nummer 2 spurt osv. 3.8: På Ungdommens fylkesting blir det kvart år valt leiar og nestleiar for Ungdomspanelet. I ekstraordinære høve kan Ungdomspanelet konstituere ny leiar og nestleiar frå faste medlemer av Ungdomspanelet. Alle kandidatar som stiller til val må på førehand sende inn eit skjema med kort informasjon om seg sjølv og kvifor ein ønskjer å stille til val. Skjemaet må anten sendast inn i førekant av UFT eller leverast i løpet av fredag den 9.11 under UFT.