VOLDA KOMMUNE Utval: Forvaltningsstyret Møtestad: Møterom A, Volda rådhus Dato: 11.06.2013 Tid: 14:00 MØTEPROTOKOLL Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Lars Peder Barstad Leiar FRP Sindre Kvangarsnes Nestleiar FERJELISTA Kristin Kongsvoll Medlem FRP Margrete Henny Bjerkvik Medlem KRF Kardis Hasfjord Medlem V Hild Våge Medlem AP Åshild Vik Medlem SV Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Jan Heltne Medlem H Erling Ulvestad Medlem SP Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Idar Flo Jan Heltne V Dag Sveinung Aarflot Erling Ulvestad SP Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Ingvild Kalvatn Sakshandsamar avd. kart, oppm. og byggesak (sak 67/13) Steinar Drabløs Leiar landbruksavdelinga (sak 67/13)
SAKLISTE Saksnr. PS 64/13 PS 65/13 PS 66/13 Sak Godkjenning av innkalling og sakliste Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte Planid 1996003-02 - Dispensasjon kommunedelplan Hjartåbygda - Aldalen, bustadtomt ved Hjartåbygda skule/grendahus PS 67/13 Pålegg om opphøyring av ulovleg bruk, gbr 14/3 PS 68/13 PS 69/13 Ulvestad skule AS - godkjenning etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular Buss-skur på Lid PS 64/13 Godkjenning av innkalling og sakliste Ingen hadde noko å merke til innkallinga. Lars Barstad las opp brev av 27.05.2013 frå kommuneoverlege Arne Gotteberg vedk. søknad om godkjenning etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular. Vidare viste han til leigeavtale mellom Grendahuset Vesttun og Ulvestad barneskule AS vedk. leige av grendahuset på Ulvestad og F-sak 107/13 Overdraging av Ulvestad skule. Han kom med framlegg om at fylgjande sak skulle setjast på saklista: Ulvestad barneskule AS godkjenning etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular Åshild Vik kom med framlegg om at fylgjande sak skulle setjast på saklista: Buss-skur på Lid Saklista med tillegga frå Lars Barstad og Åshild Vik vart samrøystes vedteken. PS 65/13 Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte Møteprotokollen frå førre møte den 14.05.13 vart samrøystes godkjent.
PS 66/13 Planid 1996003-02 - Dispensasjon kommunedelplan Hjartåbygda - Aldalen, bustadtomt ved Hjartåbygda skule/grendahus Administrasjonen si tilråding: Forvaltningsstyret finn ikkje at frådeling /bygging på det aktuelle området er i konflikt med andre interesser knytt til landbruk-, skog -, natur kultur- og friluftsliv-, og gir med heimel i PBL 19-2 dispensasjon for frådeling/bygging av bustad slik søkt om, på fylgjande vilkår: 1. Løyve til tilkomst over kommunal grunn må sikrast ved vegrett eller avtale om kjøp av areal. 2. Tilkomsten må leggast så langt mot aust at den ikkje legg vesentleg beslag på parkeringsareal ved skule/grendahuset. 3. Tomta må avgrensast til eit areal på ca 2.5 da og avgrensast slik at vestkant på tilkomst vert om lag til kant opparbeidd parkeringsareal, jf. situasjonsplan. 4. Tomtearonderinga og endelege grenser må nærare fastleggast i samband med handsaming av delesak. Det må då ligge føre meir detaljert plan for plassering av tilkomst og bustad / garasjeplassering på tomta. 5. Ved bygging må parsellen tilknytast offentleg vassforsyning og avlaupsleidning for kloakk etter løysing godkjent av kommunen. Tilrådinga frå administrasjonen vart samrøystes vedteken. Forvaltningsstyret finn ikkje at frådeling /bygging på det aktuelle området er i konflikt med andre interesser knytt til landbruk-, skog -, natur kultur- og friluftsliv-, og gir med heimel i PBL 19-2 dispensasjon for frådeling/bygging av bustad slik søkt om, på fylgjande vilkår: 1. Løyve til tilkomst over kommunal grunn må sikrast ved vegrett eller avtale om kjøp av areal. 2. Tilkomsten må leggast så langt mot aust at den ikkje legg vesentleg beslag på parkeringsareal ved skule/grendahuset. 3. Tomta må avgrensast til eit areal på ca 2.5 da og avgrensast slik at vestkant på tilkomst vert om lag til kant opparbeidd parkeringsareal, jf. situasjonsplan. 4. Tomtearonderinga og endelege grenser må nærare fastleggast i samband med handsaming av delesak. Det må då ligge føre meir detaljert plan for plassering av tilkomst og bustad / garasjeplassering på tomta. 5. Ved bygging må parsellen tilknytast offentleg vassforsyning og avlaupsleidning for kloakk etter løysing godkjent av kommunen. PS 67/13 Pålegg om opphøyring av ulovleg bruk, gbr 14/3 Administrasjonen si tilråding:
1. Med heimel i pbl 32-3 vert det gitt pålegg om å avslutte ulovleg bruk av bygning på gbr 14/3. Det vert gjeve frist til 15.11.2013 til å etterkome pålegg. 2. Med heimel i pbl 32-5 vert det satt ein løypande tvangsmulkt på kr 200 per dag. Tvangsmulkta løyper frå nemnte frist ved manglande oppfølging av pålegg og så lenge pålegget ikkje etterkome. Vi gjer merksam på at de sjølve har ansvaret for straks å gi beskjed til kommunen når pålegget er etterkome. Kommunen vil straks da foreta kontroll. Idar Flo kom med fylgjande tilleggsframlegg til fyrste setning i pkt. 1: og bruk av areal i LNF-område til næring i strid med plan. Kristin Kongsvoll forlet møtet og var ikkje til stades under røystinga. Det var såleis 8 røysteføre til stades under røystinga. Tilrådinga frå administrasjonen med tillegget frå Idar Flo vart samrøystes vedteken. 1. Med heimel i pbl 32-3 vert det gitt pålegg om å avslutte ulovleg bruk av bygning på gbr 14/3 og bruk av areal i LNF-område til næring i strid med plan. Det vert gjeve frist til 15.11.2013 til å etterkome pålegg. 2. Med heimel i pbl 32-5 vert det satt ein løypande tvangsmulkt på kr 200 per dag. Tvangsmulkta løyper frå nemnte frist ved manglande oppfølging av pålegg og så lenge pålegget ikkje etterkome. Vi gjer merksam på at de sjølve har ansvaret for straks å gi beskjed til kommunen når pålegget er etterkome. Kommunen vil straks da foreta kontroll. Kristin Kongsvoll tok sete. PS 68/13 Ulvestad skule AS - godkjenning etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular Saka vart handsama utan saksutgreiing frå administrasjonen. Leiar Lars Barstad las opp brev av 27.05.2013 frå kommuneoverlege Arne Gotteberg vedk. søknad om godkjenning etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular. Vidare viste han til leigeavtale mellom Grendahuset Vesttun og Ulvestad barneskule AS vedk. leige av grendahuset på Ulvestad og F-sak 107/13 Overdraging av Ulvestad skule. Leiaren kom med fylgjande framlegg til vedtak:
Skulebygget til Ulvestad barneskule AS vert godkjent etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular. Framlegget frå leiaren vart samrøystes vedteke. Tilråding i Forvaltningsstyret - 11.06.2013 til kommunestyret: Skulebygget til Ulvestad barneskule AS vert godkjent etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular. PS 69/13 Buss-skur på Lid Saka vart handsama utan saksutgreiing frå administrasjonen. Åshild Vik kom med fylgjande framlegg til vedtak: Forvaltningsstyret bed administrasjonen sjå på tilhøva med buss-skur på Lid, plassering og behov for antal. Framlegget frå Åshild Vik vart samrøystes vedteke. Forvaltningsstyret bed administrasjonen sjå på tilhøva med buss-skur på Lid, plassering og behov for antal. Møtet slutt kl. 14:50 Rett utskrift, Volda kommune, servicekontoret 12. juni 2013 Unni Strand sekr.