RETNINGSLINER FOR GÅVEUTDELINGAR FRÅ SPAREBANKSTIFTINGA HARDANGER. 4 Kva kan ein søkje om gåver til prioriteringar

Like dokumenter
RETNINGSLINER FOR GÅVEUTDELINGAR FRÅ SPAREBANKSTIFTINGA HARDANGER. 4 Kva kan ein søkje om gåver til prioriteringar

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

Kulturavdelinga RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KULTURMIDLAR I HERØY KOMMUNE. 1 Desse kan søkje om tilskot:

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE I N S T R U K S FOR FORVALTNING AV TILSKOT TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK I KOMMUNANE

FOR VEDTEKTER. Vik SPAREBANK. Kap. 1. Føretaksnamn. Forretningskontor. Formål Formål. 1-1 Namn. Kontorkommune.

TILSKOTSORDNINGAR, PRISAR OG STIPEND

Austevoll kommune. Retningsliner for samordna opptak i barnehagar i. Gjeldande frå Vedteke i tenesteutvalet i sak 008/15.

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Foto: Naustvågen barnehage

LÆRDAL KOMMUNE. Retningslinjer for tildeling av kommunale bustadtomter i Lærdal kommune

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Ove Fekene, Kristin S. Torson, Janne Brøndbo, frå Bygdearkivet: Syver Hjelmen, Berit Marie Sørhøy og Kristofer Eitrheim

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

Retningslinje for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

VEDTEKTER for Aurland Sparebank

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Foto: Naustvågen barnehage

Retningsliner for tilskot til kulturbygg i Sogn og Fjordane. 1. Vilkår for tilskotsordninga fastsett av Kulturdepartementet:

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Sparebankens eigardelskapital er på kr fordelt på eigenkapitalbevis pålydande kr 104 fullt innbetalt.

VEDTEKTER. 30. mars ;.. ` '~ ` , ~~ : ~ ~ ~ 7. M. - f~- '~~. ~f N- ' ~~~.r r - ~ '' ~ _~ j ~~ ~~~~~.~.. - ~~ r 7A / ht~ ` ~~ +-

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Referat frå møte i Hardanger kulturråd Møterom hjå Hardangerrådet i Kinsarvik Mandag 12. juni 2017 kl 09:00 14:00.

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Retningsliner for tilskot til lag og organisasjonar i Åmli kommune

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

Ordinær Generalforsamling Måndag 27.mai Sak 9 og 10 Strategi

Kvam herad. Arkiv: 123 Objekt:

Etablering og drift av kraftselskap

Elevpermisjonar. Retningsliner for søknad om permisjon frå grunnskuleopplæringa

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNAL BUSTAD I STORD KOMMUNE

3 FORVALTNING AV FONDET 3.1 Forvalting Omstillingsstyret er fondsstyre i søknader om midlar frå næringsfondet.

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

Retningsliner. Kap. 310 post 75. Tilskot til privateigde kyrkjebygg. Kulturdepartementet 4. april Retningsliner for forvalting av tilskot

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

REGLAR FOR KOMMUNALE TILSKOT TIL NÆRINGSLIVET I ÅSERAL.

Aurland Sparebank vart skipa 18. mai Vik Sparebank vart skipa 06. juni 1846.

Fylkeskommunen får tildelt midlar til kommunale næringsfond frå Kap 551, post 60 i dei årlege statsbudsjetta.

20 JAN2012 DET KONGELEGE KOMMUNAL- OG REGIONALDEPARTEMENT. i henhold til adresseliste (28

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /06 SILA

Skjønnsmidlar til fornyings- og utviklingsprosjekt i kommunane

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

VEDTEKTER NÆRINGSFOND VÅGÅ KOMMUNE

Grunngjevingsplikta til forvaltninga

Vedtekter for Mardølafondet

Radøy kommune Saksframlegg

FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL) FOR

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Orienteringar: Solbakkenprosjektet Arbeidet så langt m.o.t. PLO prosjektet Samhandlingsreforma og kva som ligg så langt i den økonomiske pakken

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Vår ref. Saksh.: Kari Vambheim Arkivkode Arkivsak Dato: 12/3270 Telefon: K1-223, K2-C00 12/

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

Kvinnherad kommune - Rutinar

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Driftsstønad til regionale barne- og ungdomsorganisasjonar. Fordeling

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

FELLES RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV SIVILE SAKER I TINGRETTANE. Nynorsk

KOMMISJONSDIREKTIV 95/17/EF. av 19. juni 1995

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Søking til skuleåret

Retningsliner for tilskot til samlivstiltak 2009 (Q-7/09)

Svar på partsbrev - Handlingsplan- Forvaltningsrevisjonen av NDLA 1

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Tilsynsutvalet i Hordaland. Møteprotokoll

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

Kontrollutvalet i Hå INNKALLAST TIL MØTE 12. februar 2008 kl på Rådhuset, Varhaug

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE

Ål kommune Retningsliner for tilskot til kulturarbeid Vedteke i Formannskapet , sak 18/11 Administrativ revidering etter oppstart SUKO,

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE

Generalforsamling i Voss Veksel- og Landmandsbank ASA

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Vedtekter for Sognefrukt BA

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Kartlegging av verksemder som søkjer driftstilskot frå Hordaland fylkeskomme

Revisjon av kommunedelplan for Idrett, friluftsliv og nærmiljø Framlegg til planprogram

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Formannskapet. Tilleggsinnkalling

Vedtekter kommunale barnehagar

Planprogram. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Balestrand «Saman er vi sterke og får til det vi vil»

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Søkjarhefte for LivOGLyst-prosjekt

VEDTEKT av februar 2007

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune

SAKSDOKUMENT. Retningsliner for tildeling av kommunale utleigebustadar

Transkript:

RETNINGSLINER FOR GÅVEUTDELINGAR FRÅ SPAREBANKSTIFTINGA HARDANGER Innhald: 1 Grunnlag for gåveutdeling 2 Geografisk avgrensing 3 Kven kan søkje 4 Kva kan ein søkje om gåver til prioriteringar 5 Søknadsprosedyre, vurdering og tildeling 6 Gåvetildeling etter initiativ frå styret 7 Utbetaling av tildelte gåver 8 Attendemelding frå gåvemottakar 9 Rapportering av tildelingar 10 Kulturstipendordning for ungdom 1. Grunnlag for gåveutdeling Gåveutdeling til ålmennyttige føremål hadde lange tradisjonar i Sparebanken Hardanger. Denne tradisjonen skal stiftinga føra vidare innafor dei rammer som lovverket til ei kvar tid set. Lovgrunnlag og regelverk for gåver til ålmennyttige føremål: 1

Lov om finansieringsverksemd (FVL) 2d-8,3.ledd: «En sparebankstiftelse kan etter reglene i 2b-27 benytte årets overskudd til gaver til almennyttige formål, særlig for å fremme utviklingen i områder hvor den kapital som er tilført stiftelsen da den ble opprettet er frembragt, eller til avsetning til et gavefond med samme formål.» Sparebankstiftinga Hardanger sine vedtekter 1-2 har m.a. denne ordlyd: «Stiftinga sitt føremål skal vidare vera å gje bidrag til ålmennyttige føremål. Ved deira disposisjonar skal stiftinga først og fremst ta omsyn til det distrikt som har bygd opp kapitalen til tidlegare Sparebanken Hardanger.» Sparebankstiftinga Hardanger sine vedtekter 2-3 har denne ordlyd i pkt.9 for generalforsamlinga sine oppgåver: «Vedta etter forslag frå styret, bruk av året sitt overskot, herunder kor stor del av året sitt overskot som skal brukast til gåveformål.» Sparebankstiftinga Hardanger sine vedtekter 2-6: Disponeringa av stiftinga sine midlar: «Stiftinga kan dele ut gåver til ålmennyttige føremål i samsvar med stiftinga sitt føremål, jf. 1-2. Stiftinga skal i forvaltninga søkje å sikre stabilitet i stiftinga si tildelingsevne. Det er eit overordna målsetjing at stiftinga skal ivareta realverdien av grunnkapitalen.» 2 Geografiske avgrensingar Etter vedtektene skal stiftinga ta rimeleg omsyn til kor midlane opphavleg er opparbeidd. Lag og organisasjonar og andre aktørar heimehøyrande i og med hovudverksemda si i ein eller fleire av kommunane Ullensvang, Ulvik, Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda eller Voss kan søkja om midlar til prosjekt. 3 Kven kan søkja Lag, foreining, stifting eller frivillig organisasjon 2

Lag, foreining, stifting eller frivillig organisasjon må vera registrert i Einingsregisteret i Brønnøysund og ha eige organisasjonsnummer. Det vil og vera ein føremon at søkjar er registrert i Frivillighetsregisteret same stad. Det vil ikkje verta gjeve støtte til søknader frå: Lukka medlemsorganisasjonar. Landsdekkande/internasjonale organisasjonar. Politiske parti eller religiøse organisasjonar. Offentleg sektor Ved søknader som omfattar offentleg sektor(stat, fylke eller kommune) kan stiftinga støtta nyskapande tiltak og vil vektlegga: Søknader som er innanfor prioriterte føremål. Søknader der det elles er lite truleg at prosjektet vil bli realisert utan gåva frå Sparebankstiftinga Hardanger. At gåva også utløyser vesentlege offentlege midlar til prosjektet. At prosjektet er av ålmenn nytte. Kommersielle aktørar Ved søknadar frå kommersielle aktørar vil stiftinga vektlegga: At søknaden er innanfor prioriterte føremål. At gåva også utløyser vesentleg eigeninnsats og bruk av eigne midlar. At prosjektet som det vert søkt om midlar til, medfører at gåva går til «sluttbrukar» og ikkje er ei gåve til den kommersielle aktøren si drift, dvs. at prosjektet gåva vert gjeven til, skal vera av ålmenn nytte. 4 Kva kan ein søkje om gåver til - prioriteringar Investeringar, tiltak og prosjekt med varig verdi som kjem mange i lokalsamfunnet til nytte. Prosjekt som bidreg til å skape engasjement og inspirerer til dugnadsvilje. Prosjekt som bidreg til å realisera idear og utløyser gode krefter lokalt. Tiltak som er eigna til å auka trivselen og gjera lokalsamfunnet meir attraktivt å bu i. 3

Det ein søkjer støtte til, skal vera konkrete tiltak og med klårt uttrykt mål. Gjennomføringsplanen skal ha definert startdato og ferdigstillingsdato. Det vil ikkje verta gjeve støtte til søknader om: Reine driftstilskot.(løn, husleige og andre driftskostnader) Typiske sponsormidlar Stiftinga bidreg gjerne i samarbeid med andre gjevarorganisasjonar. Det er eit mål for Sparebankstiftinga Hardanger å yta bidrag til eit breitt spekter av ålmennyttige føremål. Likevel kan styret i stiftinga for det enkelte år peika ut bestemte føremål som skal danna grunnlaget for gåveutdelinga. I så fall vert desse prioriterte føremåla kunngjort i god tid før søknadsfristen. Stiftinga vil og vidareføre den kulturstipendordninga for ungdom som tidlegare var driven av Sparebanken Hardanger. Reglane for denne ordninga er innteke nedanfor i 10 5 Søknadsprosedyre, vurdering og tildeling Stiftinga vil normalt gjennomføre 2 gåvetildelingar i året. Om våren med søknadsfrist 31.mars og om hausten med søknadsfrist 30.september. I god tid før fristen, vil Sparebankstiftinga Hardanger kunngjera at stiftinga har midlar som det kan søkjast om, og om det ligg føre prioriterte føremål. Gåvesøknader som vert sende inn utanom disse tidene eller som kjem inn utan å ha nytta det elektroniske søknadsskjemaet vil ikkje verta handsama. Generalforsamlinga i stiftinga fastset kvart år storleiken på den samla gåvesummen. Søknadsprosedyre Gåvesøkjar søkjer direkte på nettstaden til stiftinga via elektronisk søknadsskjema. Alle obligatoriske felt i søknadsskjemaet må vera fylte ut for at søknaden skal verta handsama. Det vil verta gjeve 4

attendemelding ved mottak av søknaden dersom det er formelle feil/manglar slik at dette kan rettast. Det er høve til å leggja ved eigne dokument i pdf eller jpg format i søknadssystemet. Det er ønskeleg at kommunikasjonen mellom søkjar og stiftinga skal vera via e-post. Det er derfor viktig at søkjar gjev rett e-postadresse. Når søknadsfristen er ute, vil søknadene verta gjennomgått administrativt og manglar eller uklar informasjon vil bli freista retta i samarbeid med søkjar. Det vil deretter verta gjennomgang av søknadene i styret som avgjer søknadene med gåvetildeling eller vedtek avslag på søknad. Avslag på søknader vil ikkje bli grunngjeve. Alle søkjarar får tilsendt skriftleg melding om vedtaket. Informasjon om kven som er tildelt gåver, vil bli lagt ut på stiftinga si heimeside. 6 Gåvetildeling etter initiativ frå styret Styret kan i særskilte høve på eige initiativ tildela gåver utan at det føreligg søknad. Informasjon om slik tildeling vil verta lagt ut på heimesida til stiftinga. 7 Utbetaling av tildelte gåver Styret vil ved handsaming av kvar enkelt gåvetildeling ta stilling til om heile gåvebeløpet skal betalast ut straks, eller om ein skal dela utbetalinga etter dokumentert framdrift i tiltaket/prosjektet. Storleiken på gåvetildelinga og kompleksiteten i tiltaket/prosjektet vil telja med i denne vurderinga. 8 Attendemelding frå gåvemottakar Kvar søkjar som får gåvemidlar pliktar å sende attendemelding til stiftinga på det tidspunkt som styret set i tildelingsbrevet, 5

seinast på det tidspunkt prosjektet er gjennomført eller var planlagt gjennomført. Storleiken på gåvetildelinga og kompleksiteten i tiltaket/prosjektet vil her telja med på kva form og innhald attendemeldinga skal ha. 9 Rapportering av tildelingar Stiftinga ønskjer å gje god informasjon til ålmenta om korleis gåvemidlane vert nytta. Informasjon om kvar enkelt tildeling og informasjon om gåvemottakaren og tiltaket stiftinga har støtta, vil derfor verta lagt ut på heimesida til stiftinga. Det er ønskeleg med gode attendemeldingar, gjerne med bilete frå aktivitetane stiftinga har støtta, slik at dette også kan verta eit utstillingsvindauga både for søkjaren og for stiftinga. 10 Kulturstipendordning for ungdom. Føremål Vera eit bidrag til ungdom som tek utdanning innan kultur/idrett eller på annan måte ynskjer å vidareutvikla seg i aktivitetar knytt til kultur/idrett. Målgruppe Utøvar innan kultur og idrett som er busette, oppvaksne, eller ha markert seg særleg i regionane i Hardanger og/eller Voss. Vilkår Det er utøvaren sjølv som må søkja om stipend. Det kan stillast krav om fullfinansiering av eit tiltak før midlar vert utdelt. Mottakar må forplikta seg til å senda stiftinga ein rapport om korleis stipendet er nytta seinast 1 år etter at stipendet er motteke. Storleik Inntil 8 stipend a kr. 25.000,00 eller inntil 2 stipend a kr. 50.000,00 og inntil 4 stipend a kr. 25.000,00. Søknadsfrist 31.mars Søknadsfristen for kulturstipend skal gjerast kjend i lokalpressa. Søknadsfristen skal vera 1 månad etter utlysing. 6

Søknaden Gåvesøkjar søkjer direkte på nettstaden til stiftinga. Det er høve til å leggja ved eigne dokument i pdf eller jpg format i søknadssystemet. Det er ønskeleg at kommunikasjonen mellom søkjar og stiftinga skal vera via e-post. Det er derfor viktig at søkjar gjev rett e-postadresse. Søknaden må innehalde ein kort presentasjon av søkjaren, ei grunngjeving for kvifor ein søkjer stipend og planar for eventuell framtidig utdanning. Dersom ein søkjer stipend med bakgrunn i konkrete tiltak/prosjekt, må søknaden også innehalde budsjett, finansieringsplan og framdriftsplan. Det må opplysast om søkjaren får midlar frå andre. Søknaden vert handsama fortruleg. Jury Juryen vert sett saman av: 2 representantar med fagkunnskap innan aktuelle kulturområde. 1 representant frå styret i Sparebankstiftinga Hardanger. 1 representant frå administrasjonen i Sparebankstiftinga Hardanger. Dersom juryen manglar fagkunnskap for vurdering av enkelte søkjarar, kan det hentast inn uttale frå folk med kunnskap om søkjaren sitt fagområde. Juryen lagar ei innstilling til styret i Sparebankstiftinga Hardanger som gjer vedtak om tildeling av stipend. Utdeling Stipendet skal delast ut på eit passande arrangement i løpet av mai månad. Disse retningslinene er vedtekne i styremøte i Sparebankstiftinga Hardanger den 13.12.2012. 7

8