Kurskatalog 2012 HAUST Velkomen til kurs i 2012 Innhaldsliste: side Grunnkurs redning Elv 2 Administrativ leiing 3 Psykisk Førstehjelp (regionkurs) 3 Voice broadcast 4 Vannredning B (regionkurs) 4 Operativ leiing Barmark B (regionkurs) 5 Instruktør trinn II 5 KURSKATALOGEN ER MED ATTERHALD OM ENDRINGAR Hugs alltid å melde frå om spesielle forhold som allergi.
KURSTILBOD 2012 Påmelding Korpsleiinga i korpset ditt skal godkjenne påmeldinga. Du sjølv eller korps-leiinga melder deg på kurset i Ressurssystemet (eller e-post der dette er oppgitt) 1. Logg på http://ressurs.redcross.no med ditt medlemsnummer. 2. Velg Røde Kors Kurs i venstre kolonne. 3. Velg Sogn og Fjordane på nedtrekksmenyen under Søk kurs i fylke. 4. Klikk på Søk. 5. Tilgjengelege kurs i distriktet kjem opp øvst. 6. Klikk på ønska kurs. 7. Klikk Meld på kurs nedst til venstre. Om problem med pålogging send e-post til ressurssystemet@redcross.no med medlemsnummer, e-post og kort kva som er problemet. Det blir opna for påmelding tidlegast 6 veker før kursstart. Hugs at påmeldinga er bindande. Dette med omsyn til planlegging, bestilte lokaler, overnatting og varer. Ved fråver, meld frå snarast. Manglande oppmøte utan gyldig fråver kan resultere i fakturering. Manglande utfylt påmelding vil bli returnert. For spørsmål, ta kontakt med kursansvarlege på dei respektive kursa (sjå kursinformasjon), eller med tilretteleggar Henning A. Hellebust på Røde Kors Sogn og Fjordane distriktskontor, på telefon 5772 3137. Andre spørsmål angåande påmelding rettast Lis Munkvold, lismun@redcross.no 1. Grunnkurs redning Elv Sogndal, 31. august 2. september Margrethe Skåden, tlf. 481 20 586 Teknisk arrangør: Sogndal Røde Kors Hjelpekorps Instruktørar: Nasjonalt ressurssenter vannredning, Sjoa Påmelding: Ressurssystemet: C-kurs elv. Påmeldingsfrist: 7. august Kurset skal gje deltakarane ei innføring i kva som krevjast av kunnskap, ferdigheiter og haldningar for å kunne utføre søk ved aksjonar i og ved elv. Mest erfaringslæring i/ved elv og noko klasseromsundervisning. 2 Godkjent hjelpekorpsar med id-kort. Gode symjerferdigheiter i crawlteknikk. Pakkliste: Blir sendt før kurset. Fre-Søn.- full pensjon i 4-manns hytte u/sengety kr. 1 300,- Dagpakke (lunsj+middag) kr. 650,- Kursavgift kr. 750,-
KURSTILBOD 2012 HAUST 2. Administrativ leiing Skei, storkurshelga 29. - 30. september Kursleiar: Henning A. Hellebust 900 58 669 henning.hellebust@redcross.no Påmeldingsfrist: 5. september Gje innføring, oversikt og tryggleik i administrative oppgåver og hjelpemiddel. Tema: Innføring i Ressurssystemet og Korsveien, bestill id-kort og organiser hjelpekorpsprøven, forsikring for frivillige, set opp avtale om fri ved aksjonar, økonomi og budsjett; bli kjent med refusjonsskjema for aksjonar, søk om transportstøtte og andre støtteordningar, forvaltning av hus og hytter, kva tyder eigentleg teieplikt, kva er krava til uniformering, hjelpekorpsstrategien 2008-2018, kjennskap til regelverk og instruksar. Kurset alle leiarar i Hjelpekorpset vil ha nytte av, men spesielt administrativ leiar. Har du ikkje funne nytte i Ressursystemet til no, vil du garantert bruke det etter dette kurset. Har du ikkje klart å finne vetig informasjon på Korsveien før, vil du ha full kontroll neste gong du prøver. Deltakarane skal ha brukartilgong på Ressurssystemet og Korsveien før kursstart. Ta med eigen PC. Spørsmål? Ta kontakt med kursleiar. Full pensjon kr. 1 100,- Kursavgift kr. 200,- 3. Psykisk Førstehjelp (regionkurs) Skei hotell, storkurshelga 28. - 30. september Anita K. Vik 902 20 299 anit-vi@online.no Påmeldingsfrist: 5. september Førebu deltakarane på korleis ein kan møte menneske som er utsett for traumer. Kurset tek føre seg menneskevettreglar i krisesituasjonar, definisjon på psykisk førstehjelp og grupper som er utsette for traumer. Dessutan fasar i krisesituasjonen, stressreaksjonar hos innsatspersonell og sorg hjå barn. I det direkte tiltaksarbeidet tek kurset for seg prinsipp for samtalar og prosessorienterte gruppesamtaler. Deltakar må vere 20 år. Full pensjon: kr. 2 200,- 3
KURSTILBOD 2012 HAUST 4. Voice broadcast Skei hotell, Storkurshelga 28. - 30. september Etter endt opplæring skal kursdeltakarane være i stand til å forvalte grunnlaget for god varsling i Røde Kors. Dette er igjen eit viktig grunnlag for god beredskap. Kvar lokalforening skal evne å oppdatere sine varslingslister på VB. Kurset tar for seg oppbygginga og bruken av VOICE BROADCAST, dataprogrammet som forenklar varslinga i Røde Kors. Deltakarane får lære å legge medlemene inn i telefonboka, fordele dei i grupper, legge inn lydfiler, lage meldingsprofilar og kunne varsle med SMS og talemeldingar med VB. Målgruppe: Primært leiinga i alle spesialavdelingane og lokal-foreiningane i heile distriktet. Førebuingar: Eigen PC, oppdaterte namnelister med telefonnummer på alle varslingslister i foreiningane (hjelpekorps, omsorg, lokalforeiningsstyret). Full pensjon kr. 2 200,- Kursansvarleg og kurshaldar: Jonny Sollid, 932 31 234 j.sollid@frisurf.no Påmeldingsfrist: 5. september 5. Vannredning B (regionkurs) Vågsøy, 11. - 14. oktober (torsdag kveld til sundag) Gjere deltakaren nødvendige kunnskapar, haldningar og ferdigheiter til å utføre leiaroppgåver ved vannredningsinnsats. Leiing og fem-punkts ordre, vannberedskap, vannredningsleiar sine oppgåver, redningsteknisk VHF, pyro, brann og redning, IAMSAR III, utstyr, flomålssøk, navigasjon, nattorientering, søketekniske forhold, øving med ulike søk, nedrigging og utstyrssjekk. Godkjent hjelpekorpsar med id-kort, barmark C og vatn C, vere symjedyktig. Pakkliste: blir sendt til kursdeltakarane. Fre-Søn.- kr. 2 000,- + sengety Kåre Morten Strand 906 08 761 drolden@hotmail.com Påmelding: Ressurssystemet Påmeldingsfrist: 20. september 4
KURSTILBOD 2012 HAUST 6. Operativ leiing Barmark B (regionkurs) Svelgen/Bremanger i slutten av oktober Leo Cirotzki 950 30 381 leo.cirotzki@elkem.no Påmelding: Ressurssystemet Påmeldingsfrist: 1. oktober Mål Kurset skal gje deltakarane naudsynte kunnskapar, ferdigheiter og haldningar for å leie frivillige mannskap i ulike oppdrag. Etter ferdig opplæring skal deltakarane kunne utøve leiarskap på lagsnivå innan ettersøking og skadestadsarbeid. Leiarskapet skal sikre tryggleiken til mannskapa og utføre oppdrag innanfor avtalte rammer. Tema Dette er eit lagleiarkurs. Leiarskapsteori, mottak av melding og framføring av ordre, formell og uformell debrief, praktisk leiing i felt, eigenevaluering. Krav Kurset er obligatorisk for operative leiaroppgåver i eit Hjelpekorps. Minimumskrav er godkjent førstehjelpskurs med gyldig id-kort, godkjente ferdigheitslister tilsvarande barmark C. Dokumentasjon må følgje påmelding. Kurset er eit feltkurs med lange økter i skog og mark. Det er difor ein føresetnad at deltakarane kan gå langt, bere tungt og er rett/tilstrekkeleg utstyrt. Fre-Søn.- kr. 700,- 7. Instruktør trinn II Førde Camping, 5.-7. oktober og 26.-28. oktober Are Fagerli 913 69 244 arefag@online.no Påmeldingsfrist: 19. september Føremål: Kurset gjev kompetanse til å lære opp nye hjelpekorpsarar, og skal til dømes gje deltakar eit pedagogisk grunnlag for å halde 30-timerskurset i førstehjelp. Innsikt i pedagogiske omgrep og læringsteoriar. Planlegge og gjennomføre undervisning og legge til rette for gode læringssituasjonar. Deltakarane skal i løpet av kurset halde 3 framføringar. Den første er ei oppvarmingsframføring på 30 minutt som deltakaren sjølv bestemmer tema for. Den treng altså ikkje ha noko med Røde Kors å gjere. På tidlegare kurs har det vore undervist i alt frå brigde til bilrestaurering. Framføring nr 2 og 3 er Røde Korsemne og desse vert trekt i løpet av første kurshelg og skal framførast siste kurshelg. Godkjent hjelpekorpsar med id-kort. Fre-Søn. full pensjon, Hytte (4-6 pers.) kr. 2 100,- + sengety Dagpakke (lunsj+middag) kr. 1 080,- Kursavgift kr. 00,- 5
Sogn og Fjo rdane Sogn og Fjordane Røde Kors 6800 FØRDE Faktura adresse: Tlf: 05003 E-post: dk.sognogfjordane@redcross.no Bank: 3700 20 27616 Langebruvegen 28 Postboks 6585 Faks: 57 72 31 31 www.rodekors.no/sfj Org.nr: NO 864 139 442 7439 Trondheim