Norsk. 2014/2015 www.sognefjord.no



Like dokumenter
Norsk. 2014/2015

HER KOMMER EIN TEKST ETTER KVART SOM SKAL STÅ HER

2015/2016

Opplev fjordane og norsk natur på sitt beste. Spesialpris overnatting. Organisering av transport

2016/2017

Lei et feriehus.... der du trodde det var umulig!

2013/2014. Jotunheimen Jostedalsbreen. Luster Sogndal Balestrand Høyanger Vik Leikanger. Norsk

Kviknes Hotel i Balestrand - Unike opplevingar ved Sognefjorden

FJORDEN GJENNOM EN NASJONALROMANTIKERS ØYNE

2007/2008 Norsk. Jotunheimen Jostedalsbreen. Balestrand - Vik - Leikanger - Sogndal - Luster

Luster hundeklubb sine trimpostar 2010

BÅTRUTER PÅ SOGNEFJORDEN FRÅ 2010

Juvet Landskapshotell

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Sommartur til Sverige,

Nasjonalpark FESTIVALEN. i Skjåk PROGRAM

Vestnorske fjordlandskap UNESCO-status Lokalsamfunnsutvikling. Kommuneplankonferansen 2008 Arne Sandnes

2019/2020

15-30 personar i enkle og doble rom Vi har pr. dato ikkje reservert rom for gruppa dykkar.

2018/2019

NSK s vårtur 2010 Nordvestlandet. 28. til 30.mai 2010

Program 2009 Smak Sakte festivalen i Aurland

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

2017/2018

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

EXPLORE. Actionfylte opplevelser. Det fine Vestlandet. 5 plasser å besøke denne sommeren NORWAY

Aurland - Flåm - Lærdal

Jotunheimen. Otta - Bismo. Bismo - Otta

RV52 - den viktigaste vegen mellom Aust og Vest for reiselivet i Sogn og Fjordane og Sunnmøre.

Om Fjord Tours AS. To av de mest kjente merkevarene i norsk reiseliv. Fjord Tours skreddersyr gruppeturer for grupper over 10 personer.

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

STØLSUTLEIGE I GLOPPEN

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Dublin juli 2018

Om Fjord Tours AS. To av de mest kjente merkevarene i norsk reiseliv. Fjord Tours skreddersyr gruppeturer for grupper over 10 personer.

Dette er Skarvheimen. Naturopplevelser for livet.

Fra tare til tind. m/ HEMO Travels Vårskitur 2012

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Hytte på høgfjellet så nær at du får tid til å nyte naturen og dei nære ting så ofte du vil.

KONGEVEGEN VANDRING OG SYKKEL 2, 3 & 5 DAGERS PAKKER

NATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE

Opplev toppen av Fjord Norge!

Aurland - Flåm - Lærdal

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Områderegulering Undredal. Planprogram

Utflukter på cruise til vestlandsfjordene 2016

FRILUFTSLIVETS VEKE 2013

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

camping hytter butikk kafé

Aurland - Flåm - Lærdal Årdal 2011 Sognefjorden Nærøyfjorden verdsarvområde

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER

Til deg som bur i fosterheim år

Sykling på Geilo like populært den gang som nå

Velkomen til ÅRDAL. 2015/2016 Der Sognefjorden går på land Inngangsporten til Jotunheimen. greater

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 223 M55 Arkivsaksnr.: 13/829

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Aurland - Flåm - Lærdal Årdal 2011 Sognefjorden Nærøyfjorden verdsarvområde

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Eksamen RLV2003 Etablering og drift. Programområde: Vg2 Reiseliv. Nynorsk/Bokmål

VAKKER TRENING I NORDFJORD

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

NORGE I JUNI / JULI 2010

Velkommen til ÅRDAL Der Sognefjorden går på land Inngangsporten til Jotunheimen. greater REISEMÅL ÅRDAL FRÅ SOGNEFJORDEN TIL JOTUNHEIMEN

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Fylkeskommunenes landssamarbeid. Eksamen RLV2003 Etablering og drift. Programområde: Reiseliv. Nynorsk/Bokmål

Møteinnkalling. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen. Utvalg: Møtested: E-post Dato: Tidspunkt:

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

6.-7. juli Indre Sogn

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Aurland - Flåm - Lærdal Årdal 2010 Sognefjorden Nærøyfjorden verdsarvområde

Rapport resultat spørjeundersøking

Aurland - Flåm - Lærdal Årdal Sognefjord

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

EINHAUGEN Ein bit av Halsa kan bli din!

Bli med TIL TOPPS. Norges sprekeste integreringsarrangement juni 2016

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Aktiviteter på Island

Med sykkel på tog langs Rallarvegen

Tomannsbustad på Hotelltoppen. i Førde med 4 soverom, 2 stover og 2 bad m.m.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Pilegrimsvandring 2014 Lillehammer Trondheim. Odd Inge Vistad NINA - Avdeling for naturbruk

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Transkript:

Norsk 2014/2015 www.sognefjord.no

Korleis kome til Sognefjord? Bil Frå Oslo E 16 til Fagernes over Filefjell og til Lærdal, ( 350 km ) eller riksveg 52 over Hemsedalsfjellet til Gol og Lærdal ( 330 km ), eller via Lillehammer til Lom og over Sognefjellet riksveg 55 til Luster. (450 km ) Frå Bergen E 16 via Voss og til Gudvangen / Nærøyfjorden (162km) Lærdal, (235 km), eller via Voss over Vikafjell riksveg 13 til Vik og Høyanger (240 km) eller E 39 til Lavik og Balestrand (255 km) Frå Trondheim via Otta, Lom og over Sognefjellet til Luster (420 km) eller via Otta til Stryn, Skei og Sogndal (550 km) Frå Kristiansand riksveg 9 via Haukelifjell til Odda og Voss (540 km) Kart og vegbeskrivelse: www.vegvesen.no og www.maps.google.no Fly Fleire daglege direkte ruter frå Bergen (30 min) og Oslo (45 min). Rutetider: www.wideroe.no Ekspressbåt Daglege avgangar frå Bergen sentrum til Sogndal sentrum. Båten er også innom Vik, Balestrand, Larvik, Høyanger og Leikanger. Rutetider: www.norled.no Sommarrute Bergen-Flåm, daglege avgangar. Ekspressbuss Fleire daglege avgangar frå Bergen, Oslo, Lillehammer, Ålesund og Trondheim. Buss frå Oslo og Trondheim også via Otta/Sognefjellet om sommaren. Rutetider: www.ruteinfo.net, www.nettbuss.no og www.nor-way.no. Ekspressbåten til Sogn Tog Fleire gonger dagleg korresponderer tog frå/til Bergen og Oslo med den bratte og spennande Flåmsbana. Korrespondanse med buss eller båt til Sogndal, Leikanger, Balestrand mm. Rutetider: www.nsb.no eller www.visitflam.com Inn til Norge Fly: www.norwegian.no, www.wideroe.no og www.sas.no Ferje: www.colorline.com, www.dfds.no, www.fjordline.com og www.stenaline.no

Sognefjord Fjæ Velkommen til Sognefjord! Innhald Fjorden 6 Kulturminne 10 Fossar 11 Breen 12 Fjell 16 Fjellturforslag 21 Arrangement 22 Attraksjonar 24 Aktivitetar 28 Fiske 36 Klima / årstider 38 Overnatting 42 Servering 46 Praktisk informasjon 63 Kontaktinformasjon 67

Sognefjord - store nasjonale attraksjonar Den lengste fjorden, Sognefjorden, ligg midt i Fjord Norge og strekkjer seg heilt inn til foten av nasjonalparkane Jotunheimen og Jostedalsbreen. I dette området er naturen både dramatisk og gjestmild, og innbyr til spennande og forfriskande aktivitetar for heile familien. Lærdal BÆREKRAFTIG REISEMÅL Lærdal Jostedalsbreen / Nigardsbreen Tre nasjonalparkar: Jotunheimen, Jostedalsbreen og Breheimen Nasjonalpark Sognefjorden Norges lengste og djupaste fjord

LENGST STØRST HØGST ELDST På UNESCO si verdsarvliste: Nærøyfjorden & Urnes Stavkyrkje Tre nasjonale turistvegar i Sognefjord: Aurlandsfjellet, Gaularfjellet & Sognefjellet Urnes Stavkyrkje Flåmsbana

Molden, Luster Kommune Sognefjorden - og dei vakre fjordarmane Sognefjorden ligg midt i Fjord Norge, og er med sine 204 km Norges lengste og djupaste fjord. På det meste er fjorden over 1300 m djup og fjella langs fjorden går opp i over 1700 m.

Særprega fjordarmar Sognefjorden har fleire spesielle fjordarmar som strekkjer seg inn mellom stupbratte fjell og endar i små, idylliske bygder. Den mest kjende av desse fjordane er den smale Nærøyfjorden, som no er oppført på UNESCO si verdsarvliste. Du kan vere med på ulike båtturar og oppleve fjordane heile året. Andre freistande fjordaktivitetar er kajakkpadling, fjordrafting, fisketurar, robåtturar, bading og mykje meir. Sogn Fjordmuseum på Kaupanger fortel historia om livet ved fjorden, og på Sognefjord Akvarium i Balestrand lærer du om livet i fjorden. Prest i Aurland Vestnorsk fjordlandskap Verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap med delområde Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, vart innskrive på UNESCO si Verdsarvliste over kultur- og naturarv av eineståande og universelle verdi i 2005. Verdsarvverdiane I Nærøyfjordområdet er kort samanfatta: fjordlandskap med aktive geologiske prosessar, eit rikt dyre- og planteliv, og eit vakkert naturlandskap frå fjord til fjell med brear, skog, fossar og frittrennande elvar og eit kulturlandskap som gir naturlandskapet perspektiv. Nærøyfjorden - smal og dramatisk Den verdskjende Nærøyfjorden er den smalaste, villaste og mest dramatiske fjordarmen i verda. Fjella reiser seg bratt og høgt opp frå vatnet og skapar ei trolsk stemning. Blir du med ferja på Nærøyfjorden, frå Kaupanger til Gudvangen, får du oppleve noko av det mest spesielle landskapet Norge kan by på. Lusterfjorden - inn mot Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen Landskapet kring Lusterfjorden er svært malerisk, og mange store kunstnarar har lete seg inspirere av den spesielt vakre naturen her i enden av Sognefjorden. Lusterfjorden strekkjer seg heilt inn til foten av Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen, og frå Skjolden i aust til Solund i vest, er Sognefjorden heile 204 km lang. Fjærlandsfjorden - inn mot Jostedalsbreen Den smale og vakre Fjærlandsfjorden er omkransa av bratte, skogkledde lier og strekkjer seg heilt inn mot den majestetiske Jostedalsbreen. Fjordvatnet her har ofte ein nydeleg, lysegrøn farge pga. breelvane som renn ut i fjorden. Finnafjorden - veglaus og eksotisk Finnafjorden er den minste av fjordarmane, men kanskje også den mest spesielle. Nesten utilgjengeleg ligg fjorden der med berre eit smalt sund før den vidar seg ut innover mot Finnabotn. Her stuper fjella rett i fjorden.

Kjøp dagsturar på turistkontora! Opplev: Nærøyfjorden (Kaupanger - Gudvangen) og Flåmsbana Fjærlandsfjorden, Norsk Bremuseum og Bøyabreen Jostedalsbreen: Breheimsenteret, Nigardsbreen Sognebåten Flåm Bergen opplev Bergen på dagstur Urnes Stavkyrkje Balestrand/Leikanger - Flåm Norge i et Nøtteskall og Sognefjorden i et nøtteskall Buss Aurlandsfjellet Snøvegen, Bjørnehiet, Stegastein Cruise på Lustrafjorden Sogndal - Bergen t/r Øyhopping i ytre Sogn Gaularfjellet - Fossestien RIB-båt tur på Sognefjorden Strendene (Vik - Ornevik) Vi sel også billettar til andre ferjer, båtar og aktivitetar i området For dei fleste rutetabellar og online booking mm, sjå www.ruteinfo.net, www.fjord1.no, www.norled.no og www.nettbuss.no For charterbåtturar og andre båtturar sjå www.sognefjord.no WIDERØE SIDE 9 FLY TIL SOGNDAL Vi fl yr deg fra Bergen og Oslo direkte til Sogndal. fra499,- Bestill på wideroe.no

9 hårnålssvingane Gaularfjellet Nasjonale turistvegar i Sognefjord Aurlandsfjellet - Nasjonal turistveg Ein ser snø langs vegen mesteparten av sommarmånadene, og vegen er difor mest kjend som «snøvegen». Her finn du attraksjonar som Bjørnehiet og Stegastein, og ruta er kjend for sitt spektulære landskap. Frå Aurland til utsiktspunktet, Stegastein, er vegen open heile året. Gaularfjellet Rv 13 Langs denne ruta frå Dragsvik (Balestrand) til Moskog (Førde) kan ein sjå mange vakre, små fossar og elvar, turen kan med hell kombinerast med ein tur langs fossestien. Vegen er særskilt kjent for dei 9 hårnålssvingane ein køyrer gjennom på Balestrandssida av fjellet. På toppen er det flott utsikt. Fossestien, Gaularfjellet Sognefjellet Norges første nasjonale Den nasjonale turistvegen over Sognefjellet, Fv 55, mellom Luster og Lom, er den høgste og kanskje mest imponerande fjellovergangen i Nord Europa (høgste punkt 1430 moh). Her kjem ein tett inn på den majestetiske naturen i Jotunheimen Nasjonalpark. Sognefjellet

Andre flotte fjellovergangar Tindevegen Vakker fjellovergang mellom Øvre Årdal og Turtagrø, med flott utsikt til mektig natur og flotte fjelltoppar i Jotunheimen. Ein kort spasertur frå trasèen ligg eit fantastisk panorama (Berdalsfjellet) med Hurrungane og Store Skagastølstind i aust og Sognefjorden og Skjolden i vest. Tindevegen er ein bomveg for MC, bilar, bilar med campingvogn og bubilar. Vikafjellet (Stølsheimen) Vikafjellsvegen, Rv 13 mellom Vik og Vinje/Voss, går gjennom flotte fjellområde, og er eit godt utgangspunkt for fotturar eller skiturar både på Vikafjellet og i Stølsheimen. Karakteristisk for Stølsheimen er alle dei gamle stølane. Fleire av fjellvegane er opne heile året, men enkelte er vinterstengde. For informasjon om vegar og køyreforhold sjå www.vegvesen.no eller ring tel. 175 (frå utlandet ring (+47) 815 48 991). For informasjon om bussrutene over fjella, ring 177 eller (+47) 57 65 95 12 eller sjå www.ruteinfo.net og www.nettbuss.no Vikafjellet Tindevegen

Nigardsbreen

Jostedalsbreen Nasjonalpark - og dei vakre brearmane Med sine 500 km 2, er Jostedalsbreen den største isbreen på det europeiske fastlandet. Denne gigantiske ismassen dekkjer både fjelltoppar og djupe dalar i nasjonalparken, og strekkjer mektige armar av blåis ned i frodige dalar nær fjordane våre. Mange vert forundra når dei finn ut kor lett tilgjengeleg fleire av desse brearmane er, og at det kan vere nesten like varmt ved isen som ved fjorden. I Jostedalen, Fjærland og fleire andre stader kan du bli med erfarne og lokalkjende breførarar på brevandring. På Nigardsbreen i Jostedalen er det mellom anna daglege familieturar heile sommaren. Besøk nasjonalparksentra Norsk Bremuseum og Breheimsenteret for å lære meir om Jostedalsbreen Nasjonalpark. Norsk Bremuseum, Fjærland Nasjonalparkkommune I 2008 blei Luster Kommune med sine tre nasjonalparkar (Jotunheimen, Jostedalsbreen og Breheimen) utpeika som nasjonalparkkommune. Statusen som nasjonalparkkommune er eit kvalitetsstempel for kommunar med villmarksnatur, og kommunar som får bruke denne tittelen har store naturområde med uvurderleg verdi. Breheimsenteret, Jostedal.

Dei mest kjende brearmane Nigardsbreen, Jostedal Dette er ein av dei lettast tilgjengelege brearmane. Etter ein kort båttur over brevatnet kan du komme tett inn til blåisen på eiga hand, eller bli med breførarar opp på isen. Barn over 6 år kan delta. Breheimsenteret, Jostedalen Flatbreen / Supphellebreen, Fjærland Flatbreen ligg meir enn 1000 moh. Oppe ved brefronten og Flatbrehytta er utsikta til fjorden fantastisk. Det tek 2-3 timar å gå opp. Du kan køyre bil til Supphellebreen. Bergsetbreen, Jostedal Den majestetiske Bergsetbreen ligg berre ein times lett gange frå bilvegen, og er truleg ein av dei aller vakraste brearmane. Austerdalsbreen, Veitastrond The finest ice-scenery in Europe, sa den engelske fjellmannen W.C. Slingsby om Austerdalsbreen og dei imponerande brefalla Odin, Tor og Loke. Hit kjem du etter ein lett fottur frå Tungestølen. Bøyabreen, Fjærland Bøyabreen ser du på nært hald frå riksvegen. Tek du turen bort til Brævasshytta, kan du kjøpe deg mat og nyte utsikten til breen frå dei store panoramavindauga i restauranten. Med førar til breane Blir du med breførarar på tur, kjem du også til fleire andre vakre brearmar, både i Jotunheimen og Jostedalen (som t.d. Austdalsbreen og Tunsbergsdalsbreen). For guida breturar og andre aktivitetar, sjå side 28. Isbreen er alltid i rørsle, og blokker med is kan falle av fronten. Ein må difor aldri gå på breen utan førar, eller gå forbi sperringane som er sette opp rundt brearmane. Nigardsbreen

Transport til breen JostedalsBrebussen Daglege avgangar Sogndal - Nigardsbreen (Jostedal) Samband frå Balestrand, Leikanger, Vik, Flåm, Lærdal, Årdal mm. Passar for dei som vil på brevandring, kajakkpadling, juving, rafting eller berre sjå breen og Breheimsenteret Brebåten, Jostedal Sesong: Dagleg ca 10. juni 1. sept (ca kl 10 18) Går fram og tilbake heile dagen i sommarsesongen mellom parkeringsplassen ved Nigardsbrevatnet og Nigardsbreen. Brebussen, Fjærland Daglege avgangar frå ferjekaien i Fjærland via Norsk Bremuseum til Bøyabreen og Supphellebreen med korrespondansar frå Sogndal, Flåm og Balestrand m.fl. i sommarsesongen Passar for dei som vil sjå breen og besøke Norsk Bremuseum mm Rundturbillettar (inkl. båttur, buss og bremuseum) til sals på turistkontora Sesong: juni, juli og august. Annonse 1/4 Nettbuss

Turtagrø, Hurrungane / Jotunheimen Mefjellet rasteplass, Nasjonal turistveg Sognefjellet Jotunheimen Nasjonalpark - og andre vakre fjellområde Det er mange flotte turar å velje mellom i kvar einaste bygd ved fjorden. Du kan vandre på kulturstiar, spasere langs fjorden og historiske vegar eller gå fjellturar som gjev deg unik utsikt til fjordar, fjell og brear. Fleire stader kan du også vere med på spennande guida spaserturar, fotturar, brevandring og klatreturar. Stort nettverk av stiar og fjellhytter Den Norske Turistforening (DNT) har mange merka ruter og trivelege hytter i fjella rundt fjorden, og Luster er den kommunen i Norge som har flest DNT-hytter. Standarden varierer frå flotte turisthytter med matservering, til enkle sjølvbetjeningshytter. Du kan gå fotturar frå hytte til hytte eller bruke hyttene som utgangspunkt for dagsturar i fjellet. www. turistforeningen.no 16 Utstyr og informasjon Førebu deg på alle typar vêrtilhøve når du legg ut på langtur, og ta med kart, kompass / GPS, regnklede osv. Topografiske turkart får du kjøpt hjå bokhandlarar og turistkontora i området. På turistkontora får du også lokal informasjon om flotte fotturar du ikkje bør gå glipp av!

Aurlandsdalen Den vidgjetne og sagomsuste Aurlandsdalen er ein av dei gamle ferdselsvegane mellom aust- og vestlandet. Vakker og vill - rik på dyre- og planteliv, kulturminne, historie, variert geologi og godt aurefiske. Du kan gå i fleire dagar med overnatting i turisthyttene i dalen eller gå kortare turar i kombinasjon med buss eller eigen bil. Breheimen Nasjonalpark Breheimen er fjellområdet mellom dei to nasjonalparkane Jotunheimen og Jostedalsbreen. Fotturen gjennom Mørkridsdalen vert rekna for ein av dei vakraste fotturane i Norge, og den Norske Turistforeningen kåra denne ruta til den mest florarike turen. Det finst mange stølar og store fiskevatn i området, som vert nytta mykje av både lokalbefolkninga og tilreisande. Jostedalsbreen Nasjonalpark - den største isbreen Nesten halvparten av Jostedalsbreen Nasjonalpark er dekka av den største isbreen på det europeiske fastlandet - Jostedalsbreen. Saurdalen, Balestrand Jotunheimen Nasjonalpark- dei høgste fjella i Norge Heile Jotunheimen nasjonalpark er prega av høge fjell og brear, og her finn du dei høgste fjella i Norge. Dei tre høgste toppane er Galdhøpiggen (2469 moh), Glittertind (ca. 2465 moh) og Store Skagastølstind (2405 moh). Køyrer du den nasjonale turistvegen over Sognefjellet mellom kommunane Lom i aust og Luster i vest, får du sjå Store Skagastølstind (Storen) og mange andre imponerande toppar på nært hald. Det går buss over Sognefjellet frå Otta til Sogndal to gonger dagleg i sommarsesongen, med korrespondanse frå Oslo og Trondheim. Vinter i Turtagrø / Jotunheimen

Kongevegen over Filefjell I 1793 stod Kongevegen over Filefjell ferdig; den første køyrevegen mellom aust og vest. Vegen er eit kulturminne med stor nasjonal verdi, og går i frå Lærdalsøyri og austover til Vang i Valdres og er om lag 80 km lang. Her er det mulig med både korte og lange turar, og delar av vegen vil bli tilrettelagt for sykling. Langs heile dalen frå Filefjell ned til Lærdal finns det fleire historiske strekningar tilrettelagt for vandring. Den mest kjente er Vindhellavegen i nærleika av Borgund Stavkyrkje. Stølsheimen Stølsheimen landskapsvernområde er karakterisert av mange stølar i eit kupert fjellandskap som grensar ned mot eit dramatisk fjordlandskap. Innanfor verneområdet ligg den veglause og eksotiske Finnafjorden i Vik kommune. Utladalen Utladalen er dramatisk og vill, og rundt dalen ligg det høgastliggjande fjellpartiet i Noreg, med mange toppar på over 2000 meter. Her finn du Vettisfossen, som med sitt 275 meter høge, frie vassfall, er Nord-Europas høgaste. Utladalen er ein av europas djupaste dalføre, og bergtek mange besøkande med sin ville og frodige natur. Det er også mange andre flotte fjellområde rundt fjorden. Kontakt turistkontora for meir informasjon. For guida fotturar, klatring og andre aktivitetar sjå side 28. 18

Fossar ved Sognefjorden Dei mest kjende fossane Vettisfossen Med eit fritt fall på 275 meter er Vettisfossen det høgste verna fossefallet i Norge. Denne fossen, som har vore freda sidan 1924, kan du nå til fots i vakre Utladalen i Øvre Årdal. Feigumfossen, Luster Den 218 meter høge Feigumfossen ligg idyllisk til på sørsida av Lusterfjorden. Du kan gå den korte turen opp til fossen, eller nyte synet frå den nasjonale turistvegen langs nordsida av fjorden. Vettisfossen Kvinnafossen, Hella Kvinnafossen har 120 meter fall, og ligg rett ved riksvegen mellom Leikanger og Hella. Under snøsmeltinga, eller når det har regna mykje, driv vatnet over bilvegen. Drivandefossen, Mørkridsdalen / Luster Drivandefossen finn du i vakre og frodige Mørkridsdalen i Skjolden, innerst i Sognefjorden. Stien til Åsetevatnet og DNT-hytta på Fast går forbi like ved fossen. Her får dei fleste seg ein svalande dusj i drevet av fossen (derav namnet). Fotturen opp til fossen tek 15-20 minutt. Feigumfossen Kjosfossen Kjosfossen ligg ved Flåmsbana. Mesteparten av året er det fotostopp nokre minuttar her med toget. Hit kjem du berre med tog. Kjosfossen har eit fritt fall på 93 meter. 19 Kvinnafossen

Flotte fjellturforslag Total Fjelltur Start gangtid (t/r) Vanskegrad Særpreg Bergsetbreen Krundalen/ 2-3 t Lett Breutsikt, ein av Norges Jostedalen vakraste familieturar Vettisfossen Vetti Gard 1 t Lett Norges høgaste uregulerte foss Bjørgahaug Grauthaug 1 t Lett Flott fjordutsikt Fuglesteg Fortun 3 t Lett / middels Flott steinhus og utsikt til Skjolden og fjorden Molden Mollandsmarki/ 3 t Middels Unik utsikt til Sognefjorden Hafslo Prest (Aurland) Bjørgo 3 t Middels/tung Panoramautsikt over Aurlandsfjorden Saurdalen Balestrand Saurdalen 3-4 t Lett / middels Godt utgangspunkt for fleire turalternativ Storehaugen Sogndal 3-4 t Middels Flott utsikt til Sogndal Lufthamn Haukåsen og fjorden Vindhellavegen Borgund Stavkirke/ 3-4 t Lett/middels Gamal rideveg og kongeveg Husum (rundtur) Fossestien Balestrand 3-4 t Middels Langs vegen kan du sjå Gaularfjellet 14 fossar og sju fjellvatn

Vandring, Aurland, Total Fjelltur Start gangtid (t/r) Vanskegrad Særpreg Kongevegstrekning Filefjell / Maristova 4-5 t Middels/lett Kongeveg, passar for barn og unge, fjellterreng, utsikt Jotunheimen. Austerdalsbreen Tungestølen/ 4,5 t Middels The finest ice scenery in Veitastrond Europe, (W.C. Slingsby) Viasethovden Garden Lunde i 4-6 t Middels Flott fjordutsikt i Feios (Vik) Nuken Sogndal 5-6 t Middels Populær tur med utsikt sentrum til stølar og bygder Aurlandsdalen Østerbø 6 t Middels Svært populær tur som gjerne blir kalla Norges «Grand Canyon» Flatbreen Supphelledalen/ 5 t Tung Flott bre- og fjordutsikt Fjærland Raudmelen Balestrand - Sentrum 6 t Tung Panoramautsikt over Sognefjorden (0-978 m.o.h.) Fannaråken Turtagrø / 6 t Tung Topp i Jotunheimen, Jotunheimen alpint landskap, flott utsikt Tjuatoten Dragsvik 6-7 t Middels/ tung Utsyn til '7 kongerike', gammal steinkross på topplatået. Kjøp kart og turskildringar på turistkontora. For hytte-til-hytte turar, pakketips m.m. sjå www.turistforeningen.no og ut.no

Arrangement 2014 Februar 20. - 24. Dette er dei arrangementa me hadde oversyn over då Sognefjordguiden gjekk i trykken. Sjå www.sognefjord.no for oppdaterte lister, eller kontakt turistkontora, så får du vite meir om kva som skjer i området. Sogndal Fjellsportfestivalen www.fjellsportfestivalen.no April 26. Leikanger Kjeringi Open Frå fjell til fjord - i 4 etappar www.kjeringi-open.no Mai 1. 3. - 4. 8. - 11. 9. - 11. 23. - 25. 29. 31. - 2. Juni Balestrand Fjærland Turtagrø Balestrand Årdal Lærdal Skjolden Esefjorden Rundt. Landeveisløp. Opningshelg. Den norske bokbyen High Camp Balejazz jazz festival Under Storen - friluftsfestival Storehaugen Opp - motbakkeløp Kulturdagane på Skjolden www.esefjorden-rundt.net www.bokbyen.no www.highcamp.no www.balejazz.no www.sognefjord.no www.storehaugenopp.com www.skjolden.info.no/kulturdagane Juni 1. 5. - 8. 7. - 9. 14. 21. 21. 21. 20. - 22. 27. - 29. 27. - 29. Gudvangen Årdal Vik Gaupne Marifjøra/Luster Fjærland Årdal Lærdal Sogndal Lærdal Kongevegmarsjen Fjord til Fjell Sommermarknad Gamalostfestival Lustramarknaden Molden Opp. Motbakkeløp med både konkurranse- og trimklasse Boknatti Fjøsblues Avdal Gard Lærdalsmarknaden Lerum Cup Jordeplerock www.aurland.kommune.no www.greateraardal.no www.gamalostfestivalen.no www.moldenopp.no www.bokbyen.no www.utladalen.no www.laerdalsmarknaden.no www.lerumcup.no www.jordeplerock.no Juli 4. - 5. 4. - 6. 6. Primo juli Primo juli Medio juli Jotunheimen Aurland Feios, Vik i Sogn Jotunheimen Luster/Sogndal Jostedalen/Luster Jotunheimen Rundt sykkelløp Aurlandsmarknaden Vidasete opp Sognefjellrittet Sognefjordrittet Norsk Brefestival www.jotunheimenrundt.com www.aurland.kommune.no www.feios.no www.jotunheimenrundt.com www.jotunheimenrundt.com www.brefestivalen.no

nt 2014 15. - 20. 25. - 27. Gudvangen Undredal Viking marknad FJORDLANDSKAPSFESTIVAL www.njardar-vikinglag.no www.visitundredal.no 27. 27. Aurland Gudvangen Aurlandsmarsjen Rimstigen Opp www.aurland.kommune.no www.aurland-il.no/aurland August Primo august 7. - 9. 9. 16. 17. 22. - 24. Fresvik, Vik i Sogn Årdal Turtagrø Aurland Sognefjellet/Luster Sogndal Mensen Ernst Minneløp MålRock festival Buff Fanaråken Opp Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon Sognefjellsmarsjen Fjell og Fjordmoro www.mensenernst.com www.malrock.no www.aurland.kommune.no www.fanaraaken.com www.fjellogfjordmoro.no September Primo september Primo september medio september 20. - 21. 27. - 29. Turtagrø/Luster Balestrand Jostedalen Fjærland Lærdal Fjellfilmfestival Holmadagen Blåe tonar under brèen Sesongavslutning, Den norske bokbyen 2013 Lærdalsmarknaden www.fjellfilmfestivalen.no www./sites.google.com/site/holmadagen/ http://www.blaatonar.no www.bokbyen.no www.laerdalsmarknaden.no Oktober 6. 27. - 27. 25. - 26. Årdal Aurland Lærdal Tur til Tusen - Motbakkeløp Heirsnosi Nynorske Litteraturdagar Smak av Sogn www.motbakke.com www.nynorskelitteraturdagar.no www.laerdalsmarknaden.no Fullstendig og oppdatert arrangementliste på www.sognefjord.no

Attraksjonar Det fantastiske Sognefjordlandskapet, med buldrande fossefall, blå brear, frodige dalar, tronge fjordarmar, massive fjellrekkjer og idylliske bygder har lokka til seg oppdagarar, fjellklatrarar og kunstnarar i meir enn 150 år. Her finn du spennande kultur med nasjonale kulturskattar. Levande bygder byr på ekte kulturopplevingar, unike opplevingssenter, museum, kunstgalleri, stavkyrkjer og historiske stader. Urnes Stavkyrkje er den eldste stavkyrkja i Norge, og står på UNESCO si verdsarvliste. Produkt: Nasjonalparksenter Breheimsenteret Stad: Jostedal Tel: (+47) 57 68 32 50 www.jostedal.com Sesong: 1. mai - 30. sept Produkt: Bremuseum Norsk Bremuseum Stad: Fjærland Tel: (+47) 57 69 32 88 www.bre.museum.no Sesong: april - okt (nov - mars på førespurnad) Breheimsenteret er eit informasjonssenter for to nasjonalparkar, Jostedalsbreen og Breheimen. Senteret brann ned sommaren 2012, men skal byggast opp att og vere klart til sommaren 2013. I 2012 vil mellombelse løysingar vere på plass, slik at booking til aktivitetar, lunsjrestaurant, turistinformasjon og andre tenester vil vere tilgjengelege. Gå ikkje glipp av panoramafilmen frå breen og opplevingsutstillinga om klimaendringar. Eksperimenter med 1000 år gamal is frå Jostedalsbreen. Reis gjennom tida og opplev jorda frå fødsel til klima-scenario for 2040 og 2100. Alt saman i flott arkitektur av den verdskjende arkitekten Sverre Fehn. Produkt: Stavkyrkje Urnes Stavkyrkje Stad: Urnes Fortidsminneforeninga Tel: (+47) 57 67 88 40 www.stavechurch.com Sesong: mai - sept Produkt: Stavkyrkje Kaupanger Stavkyrkje Stad: Kaupanger Fortidsminneforeninga Tel: (+47) 57 67 88 40 www.stavechurch.com Sesong: juni - aug Den eldste stavkyrkja i landet (1130) og den einaste av stavkyrkjene på Unesco si liste over dei fremste kulturskattane i verda. Kyrkja har ornamentikk frå 1060-talet og er særdeles rikt dekorert. Ligg vakkert til på sørsida av Lustrafjorden. Besøkssenter ved stavkyrkje med utstilling og butikk. Den største stavkyrkja i Sogn (ca 1150). Ho har vore i kontinuerleg bruk som soknekyrkje i over 850 år. Mellomalderkonstruksjonen er bevart og kyrkjerommet blir bore av 22 stavar, det største tal stavar som er funne i ei stavkyrkje. Det meste av interiøret er frå 1600-talet. Besøkssenter i Knaken Cafe.

Produkt: Stavkyrkje Hopperstad Stavkyrkje Stad: Vik i Sogn Fortidsminneforeninga Tel: (+47) 57 67 88 40 www.stavechurch.com Sesong: medio mai medio sept Produkt: Museum De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum Stad: Kaupanger Tel: (+47) 57 67 82 06 www.dhs.museum.no Sesong: mai - sept Frå første halvdel av 1130-talet og ei av dei eldste stavkyrkjene våre. Ein populær turistattraksjon med sin karakteristiske utsjånad med tak over tak i fleire etasjar. Den rikt utskorne vestportalen er rekna blant dei eldste romanske portalane i landet. Alterbaldakinen frå 1300-talet er eineståande i sitt slag i Noreg. Dette er eit av dei eldste og største folkemusea i landet. Her er stort friluftsmuseum, med gardsdrift, og omfattande utstillingar. Sogn Fjordmuseum er avdelinga for fjordkultur. Dette museet har gratis inngang og er ope i juni, juli og august. Her er m.a. ei eineståande samling av båtar frå Sogn. Produkt: Akvarium Sognefjord Akvarium Stad: Balestrand Tel: (+47) 57 69 13 03 www.kringsja.no/akvarium.html Sesong: mai - sept Produkt: Bruktbøker Den norske bokbyen Stad: Fjærland Tel: (+47) 57 69 22 10 www.bokbyen.no Sesong: mai - sept Fjordsenter med informasjon om Sognefjorden, ligg i sentrum av Balestrand. Her kan ein studere over 100 ulike artar frå fjorden og sjå modellar og utstillingar. Film til lokale folketonar. Fiskeaktivitetar og bruk av robåt og kano. Galleri. Bryggerestaurant. Den norske bokbyen i Fjærland har fleire hundre tusen bruktbøker til sals. Gamle fjøs og naust er tekne i bruk til bokutsal, og gjev ei spesiell ramme rundt bøkene. Nokre av bokutsala er kombinert med kafe, husflidsutsal, turistinformasjon og kunstgalleri. Produkt: Ciderkjellar Ciderhuset Stad: Balestrand Tel: (+47) 90 83 56 73 www.ciderhuset.no Sesong: Sommarrestaurant. Ope på bestilling resten av året. Produkt: Gardsbesøk Anestølen Stad: Anestølen, Sogndal Tel: (+47) 95 96 56 16 Sesong: 20. juni - 20. aug tirsdag og torsdag Ciderhuset har ciderkjellar og destilleri der vi lagar eplecider, dessertvin og fruktbrennevin; hage med 100 fruktsortar. Prøvesmaking og omvising, gregoriansk song under kvelvet, kulturhistorisk vandring for grupper på bestilling. Sommarrestaurant med rustik a la carte meny av lokale råvarer. Sal av heimelaga syltetøy, nedlagt frukt og Balholm friskpressa. Støl i Sogndalsdalen. Vertskapet demonstrerer ysting, og du får smaksprøvar av fersk geitost. Vi serverer ekte norsk stølsmat, og sel brun geitost, samt lokallaga souvenirar. Området rundt stølen er flott turterreng for familieturar. Produkt: Galleri Galleri Walaker 300 Walaker Hotel Stad: Solvorn Tel: (+47) 57 68 20 80 www.walaker.com Sesong: april - sept FOR MØRKT? Produkt: Statue Fridtjov den Frøkne Stad: Vangsnes www.sognefjord.no Bygningen, slik han står i dag, vart bygd i 1883 med materialar frå tømmerkyrkja i Solvorn, bygd ca 1600. I den bevaringsverdige fjøsbygningen vert det arrangert utstillingar av lokale og nasjonale kunstnarar. Første utstilling opnar 3.mai. Liten, idyllisk park med fantastisk utsikt over Sognefjorden. Her står den om lag 26 m høge Fridtjovstatuen som i 1913 blei sett opp av Keiser Wilhelm II.

Sogn fjordmuseum Produkt: Museum Sogn Fjordmuseum Kaupanger Tel. (+47) 57678206 www.dhs.museum.no Sesong: Juni, juli og august, 09.00-17.00 Produkt: Borgund Stavkyrkje og besøkssenter Fortidsminneforeningen Stad: Borgund Tel (+47) 57668109 www.stavechurch.com Sogn Fjordmuseum er ei avdeling av De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. Ei eineståande samling av båtar frå Sogn, maritime gjenstandar, båtbyggjarverkstad med film om båtbygging, kafé og suvenirar. Til fjordmuseet høyrer også ei skjenkestove frå tidleg på 1800-talet. Borgund stavkyrkje er bygd kring år 1180. Kyrkja er svært godt bevart, og den mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene. Besøkssenter med utstilling om stavkyrkjene, kafe og suvenirbutikk Borgund stavkyrkje ligg på Historisk Rute - midt mellom Vindhellavegen og Sverrrestigen TRENGE BILDE I 300 DPI Produkt: «Trappene» i Høyanger Stad: Høyanger Tel: 99 23 15 00 www.sognefjord.no Sesong: heile året TRENGE BILDE I 300 DPI Produkt: Museum Høyanger Industristadmuseum Sesong: 1.juni-31.august og på bestilling Tel.+47 99219353 http://industristadmuseet. wordpress.com Trappene følgjer kabelbanen som ble bygget ifm.utbyggning av Høyanger kraftverk. Det er to trappeganger: 1. mot Siplo ca. 600 m lang, høydeforskjell på 311 meter,1286 trappetrinn (bratt). 2. i Dalen 2500 trappetrinn,lavare trinn og meir familievennleg. Fantastisk utsikt over Høyanger og Høyangsfjorden, mulegheit å ta fjellvegen ned. Høyanger Industristadmuseet viser gjennom den meir enn 99- årige industri- og arbeidarhistoria i Høyanger.Her kan du oppleve korleis den isolerte jordbruksbygda i Høyangsfjorden vart til den velregulerte og vakre Høyanger.Du kan gjere deg kjent med fagforeiningskamp, krigsåra, butilhøve og arbeidaren i arbeid og fritid. Produkt: Nasjonal Turistveg Sognefjellet Stad: Sognefjellet 99 23 15 00 www.sognefjord.no Produkt: Nasjonal Turistveg Gauarfjellet Stad: Dragsvik/Førde 99 23 15 00 www.sognefjord.no Den nasjonale turistvegen over Sognefjellet mellom Luster og Lom er den høgste og kanskje mest imponerande fjellovergangen i Nord Europa (høgste punkt 1430 moh). Her kjem ein tett inn på den majestetiske naturen i Jotunheimen Nasjonalpark. Sognefjellsvegen strekkjer seg altså frå Sognefjorden i vest til Gudbrandsdalen i aust, og mange kallar dette den verkelege porten til Jotunheimen. (Rv 13)Langs denne ruta frå Dragsvik (Balestrand) til Moskog (Førde) kan ein sjå mange vakre, små fossar og elvar. Vegen er særskilt kjent for dei 9 hårnålssvingane ein køyrer gjennom på Balestrandssida av fjellet. TRENGE BILDE I 300 DPI 26 Produkt: Nasjonal Turistveg Aurlandsfjellet Stad: Aurland/Lærdal www.sognefjord.no Produkt: Verdas lengste tunnel Lærdalstunnelen Tel: 99 23 15 00 Stad: Lærdal/Aurland www.sognefjord.no Fjellvegen mellom Aurland og Lærdal - Aurlandsfjellet - FV 243 er open for biltrafikk frå ca. 1/6 til 15/10. Frå Aurland til utsiktspunktet, Stegastein, er vegen open heile året. Vegen har fått tilnamnet "Snøvegen" p.g.a. at ein ser snø langs vegen mesteparten av sommarmånadene. Avstand Aurland-Lærdal er 48 km. Høgste punktet på vegen ligg 1306 m.o.h. med flotte utsiktspunkt. LÆRDALSTUNNELEN - Verdas lengste vegtunnel er 24,5 km lang mellom Aurland og Lærdal.Tunnelen opna i november 2000. Spesiell belysning i fjellhallane kvar 6. km. Innebygd romlefelt i midtlina. Tryggingsutstyr og overvaking av tunnelen.