Kvinnherad kommune MØTEPROTOKOLL Utval Formannskapet Møtedato 20.08.2015 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 17:00 - Følgjande medlemmer møtte: Namn Funksjon Repr Synnøve Solbakken Ordførar AP Arve Opsanger Medlem AP Kjell Yri Medlem V Knut Prestnes Medlem U Leif Sverre Enes Medlem H Gunn Mari Moberg Medlem H Peder Sjo Slettebø Medlem H Marit Elisebet Totland Medlem KRF Følgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Repr Elisabeth Eide Tharaldsen V ORDF FRP Følgjande varamedlemar møtte: Namn Vara for Repr Kari Fausk Blokhus Elisabeth Eide Tharaldsen FRP Følgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Trond Sætereng Rådmann Gunn Tove Petterteig Kommunalsjef Anne Sofie B Kjeka Kommunalsjef Geir Mogren Økonomisjef Bente Høyland Møtesekretær MERKNADER: Orienteringar: Ordførar orienterte om møter og hendingar sidan sist. Permisjonar: Kvinnherad kommune side 1
Inhabile: Evt. endring på saksrekkefølgje: Tilleggssaker: Spørsmål frå: Gunn Mari Moberg(H): Er det mogeleg å endre på antal stader for førehandsrøysting? Valgeneral Geir Mogren og ordførar Synnøve Solbakken gjorde greie for kva som er vedteke i denne saka og kva som vert gjort for at flest mogeleg skal få røysta. Ønskjer informasjon om fengsel i Kvinnherad. Rådmann og ordførar orienterte. Peder S Slettebø (H): Snøggbåtruta Ranavik/Sunde dårlegare tilbod? Ordførar tar saka vidare og undersøkjer. Arve Opsanger (Ap). Status Folgefonnsenteret. Kvinnherad kommune side 2
SAKLISTE Saksnr Innhald PS 2015/66 Framlegg til kommunedelplan for skulebruk 2015-2028 PS 2015/67 Høyring - Finansiering av private barnehagar PS 2015/68 Prosjekt "Utviklingsrpogram for Husnes som regionsenter PS 2015/69 Tilbakekjøp av 240/132 og 133, Harald Skarveland PS 2015/70 Sal av gnr 81 bnr 20 og 35 til Interesselaget for galeas Gurine PS 2015/71 Søknad om tilskot til TV-aksjonen 2015 - Regnskogsfondet PS 2015/72 Kommunal lånegaranti - Kvinnherad kyrkjelege fellesråd PS 2015/73 Tolking av Kommunestyrevedtak om nytt anbodsgrunnlag for middagsproduksjon PS 2015/74 Invitasjon til å teikne aksjar i Hordalandsdiagonalen AS PS 2015/75 Ledige stillinga august 2015 PS 2015/76 Legevaktsamarbeid med Tysnes kommune PS 2015/77 Kommunal lånegaranti - Uskedalen idrettslag PS 2015/78 Uttale til privat skule på Halsnøy. Kvinnherad kommune side 3
PS 2015/66 Framlegg til kommunedelplan for skulebruk 2015-2028 Rådmannen si innstilling vart vedteken. Røysting: Pkt. 1 samrøystes Pkt. 2 5 røysta for innstillinga, 4 mot(h+frp) 1. Kvinnherad formannskap vedtek i samsvar med Plan- og bygningslova 5-2 og 11-14 å leggja planforslag til kommunedelplan for skulebruk 2016 2028 ut til høyring og offentleg ettersyn med seks veker frist for uttale. 2. Kvinnherad kommune ser pedagogikkalternativet som sitt føretrekte planalternativ. PS 2015/67 Høyring - Finansiering av private barnehagar Formannskapet tek den administrative uttalen til orientering. PS 2015/68 Prosjekt "Utviklingsrpogram for Husnes som regionsenter 1. For å vidareutvikle regionsenteret Husnes må innsatsen konsentrerast om å leggje til rette for ny vekst i området. 2. Formannskapet vedtek difor å etablera eit 1-årig forprosjekt for å greia ut ei vidareutvikling av Husnes som regionsenter. 3. I tråd med vedlagte prosjektskisse skal prosjektet greia ut strategiar med handlingsplanar. 4. Rådmannen legg innan august 2016 fram sluttrapport frå prosjektarbeidet, med forslag til vidare arbeid. 5. Då dette er eit viktig næringsutviklingsprosjekt blir styret for næringsfondet oppmoda om å løyve kr 90.000 til prosjektet. 6. For å få prosjektet fullfinansiert blir det søkt om midlar frå fylkeskommunen, fylkesmannen og Samarbeidsrådet for Sunnhordland, slik prosjektskissa legg opp til. 7. Inntil finansieringa er på plass og prosjektleiar engasjert, blir rådmannen pålagd å arbeida vidare med prosjektet. Fokus må då spesielt rettast mot planlegging av bustadområder. PS 2015/69 Tilbakekjøp av 240/132 og 133, Harald Skarveland Kvinnherad kommune side 4
1. Harald Skarveland får løyve til å overdra gnr. 240 bnr. 132 og 133 til Bjørn Inge Eik Gjerde. 2. Frist for overdraginga vert sett til 31.12.2015. Ny byggefrist vert sett til 31.12.2016. 3. Dersom fristane ikkje vert haldne vert vedtak i formannskapet av 09.04.2015 gjort gjeldande. Rådmannen får då fullmakt til å gjennomføra tilbakekjøpet. PS 2015/70 Sal av gnr 81 bnr 20 og 35 til Interesselaget for galeas Gurine Nytt framsett forslag om nytt punkt 1 frå H: Kvinnherad kommune fester på 50 år gnr.81 bnr. 20 og 35. Røysting: Nytt framsett punkt 1 frå Høgre fekk 3 røyster og fall. Rådmannen si innstilling punkt 1 fekk 6 røyster og vart vedteke. Rådmannen si innstilling punkt 2 og 3 vart samrøystes vedteke. 1. Kvinnherad kommune festar på 30 år gnr. 81 bnr. 20 og 35 til «Interesselaget for galeas Gurine» på mellom anna desse vilkåra: Rett til sletting av festeavtalen dersom aktiviteten vert nedlagt over meir enn 5 år Rettar knytt til utbygging av spillvatn Tilkomst for ålmenta der det ikkje er til hinder for eigar Vegrett for kommunen ned til sjøen, og gangvegrett fram til tilgrensande friområde i aust 2. Årleg festeavgift vert sett til kr. 0,-. 3. Rådmannen får fullmakt til fastsetja endelege vilkår og utferda festeavtale. PS 2015/71 Søknad om tilskot til TV-aksjonen 2015 - Regnskogsfondet Formannskapet løyver kr. 2,- pr. innbyggjar til TV-aksjonen 2015 til inntekt for Regnskogfondet, ein norsk organisasjon som arbeidar for å redda regnskogen. Pengane skal nyttast til utgifter den lokale nemnda har i samband med førebuing av aksjonen og resten av tilskotet går til sjølve aksjonsføremålet. Dekning: 3100 13 729 1000. PS 2015/72 Kommunal lånegaranti - Kvinnherad kyrkjelege fellesråd Kvinnherad kommune side 5
1. Investeringsbudsjettet for 2015 vert endra slik at det vert løyvd kr.3 mill til nybygg «Felles kyrkjekontor». 2. Opptak av lån vert auka med kr.3 mill. PS 2015/73 Tolking av Kommunestyrevedtak om nytt anbodsgrunnlag for middagsproduksjon NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ MARIT E TOTLAND (KRF): Kvinnherad kommune ynskjer å forlenga leveringa av mat frå Helse Bergen med eitt år for å få ein god prosess. RØYSTING: Nytt framsett forslag frå Marit E Totland vart samrøystes vedteken. Kvinnherad kommune ynskjer å forlenga leveringa av mat frå Helse Bergen med eitt år for å få ein god prosess. PS 2015/74 Invitasjon til å teikne aksjar i Hordalandsdiagonalen AS Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken Kvinnherad kommune takkar nei til tilbodet om å teikne aksjar i Hordalandsdiagonalen AS. PS 2015/75 Ledige stillinga august 2015 1. Formannskapet godkjenner utlysing av 100% fast stilling som økonomikonsulent ved Fellestenester. 2. Formannskapet godkjenner utlysing av 100% fast stilling som prosjekt/byggeleiar ved Verksemd for kommunalteknikk. 3. Formannskapet godkjenner utlysing av 100% fast stilling som sakshandsamar byggesak ved Verksemd for samfunnsutvikling. 4. a) Formannskapet godkjenner utlysing av 100% fast stilling som rådgjevar ved Tiltak og tenester for barn og unge (TTBU). b) I tilfelle intern rekruttering i stilling som konsulent vert det å lysa ut 100% fast stilling som psykolog ved PPT. Kvinnherad kommune side 6
5. a) Formannskapet godkjenner utlysing av 100% fast stilling som psykolog i Husnessona, Rus- og psykiatritenesta. b) Formannskapet godkjenner utlysing av 100% fast stilling som psykiatrisk helsearbeidar i Husnessona, Rus- og psykiatritenesta. PS 2015/76 Legevaktsamarbeid med Tysnes kommune NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ PEDER SJO SLETTEBØ (H): Saka vert utsett. Røysting: Nytt framsett forslag vart samrøystes vedteken. Saka vert utsett. PS 2015/77 Kommunal lånegaranti - Uskedalen idrettslag 1. Kvinnherad kommune garanterer med sjølvskuldnergaranti for lån kr. 1.546.846,- som Uskedalen Idrettslag tar opp i SpareBank 1 SR-Bank til mellomfinansiering av kunstgrasbane i aktivitetsparken, Uskedalen sentrum. 2. Garantien gjeld for lånets hovudstol på kr. 1.546.846,- med tillegg av 10 % av til ein kvar tid gjeldande hovudstol til dekning av eventuelle renter og kostnader. Kommunen sitt garantiansvar kan ikkje overstige kr. 1.701.531,-. 3. Garantiansvaret skal reduserast i takt med nedbetalinga på lånet og opphøyrer etter 24 mnd. med tillegg av inntil 2 år, jf. garantiforskriftenes 3. 4. SpareBank 1 SR-Bank skal ha sikra renter til lånet med sikkerhet i rentekonto nr. 3460.07.51370 med kr. 131.147,- for 24 mnd. Fråvik skal ikkje skje utan godkjenning frå Kvinnherad kommune. 5. Rådmannen får fullmakt til og underteikna på garanti kr. 1.701.531,- PS 2015/78 Uttale til privat skule på Halsnøy. Rådmannen si innstilling vart vedteken med 7 mot 2 røyster( Knut Prestnes og Arve Opsanger). Rådmannen har ingen merknad til at Halsnøy Friskule AS får oppretta eit nytt skuletilbod, fundamentert på religiøst grunnlag, for 150 elevar på ungdomstrinnet. Kvinnherad kommune side 7