FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Arkivsak: 14/709-2 Løpenummer: 14/4868 Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 17.06.2014 Tid: 16:00-20:30 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart gjort tilgjengeleg på heimesida. Møtet vart kunngjort på heimesida. Desse medlemene møtte: Anne Martinsen, Krf Gustav Folkestad, V Hans Ekeberg, Ap Haldor Tuft, Sp Roger Hoel, Frp Aud May Boge, H Steinar Berland, H Forfall og møtande varamedlemar: Stina Kvåle Bergesen, Krf, hadde forfall. For henne møtte Bergfrid Norheim, Ap som vararepresentant. Marianne Borge, Sp, hadde forfall. For henne møtte Roald Samnøy, Krf, som vararepresentant. Inhabilitet: På førehand var det meldt inn inhabilitet frå Haldor Tuft, Sp. Ein lukkast ikkje med å få inn nok varamedlemer grunna forfall frå 2 medlemer og spørsmål om habilitet som vart teke opp i møtet. Haldor Tuft, Sp, var inhabil i deler av sak 41/14; sjå under handsaming. Steinar Berland, H, var inhabil i deler av sak 41/14, sjå under handsaming. Aud May Boge, H, var inhabil i deler av sak 41/14, sjå under handsaming. Gustav Folkestad, V, var inhabil i deler av sak 41/14, sjå under handsaming. Andre som var tilstade på møtet: Einingsleiar Samfunnsutvikling, økonomi og service Terje Raunsgard Arealplanleggjar Helle Holte Bruland Rådgjevar Gunn Sissel Teigen til kl 1630 Ansvarleg sekretær Jan Egil Leirstein Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste.
Orientering: I samsvar med vedtak i sak 038/14 i utval for plan og miljø er utkast til uttale om Blåura kraftverk sendt ut som vedlegg til kommunestyret. Det vart også delt ut i møtet. Anne Martinsen (Krf) leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 24/6-2014 Anne Martinsen Leiar Jan Egil Leirstein Ansvarleg sekretær
Saksliste Sak nr. Sakstittel 040/14 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 05.06.2014 041/14 PROSESSVEDTAK: VIDARE VURDERING AV INNSPEL TIL AREALDELEN AV KOMMUNEPLAN 2015-25
040/14: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 05.06.2014 RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Møtebok frå møtet 05.06.2014 vert godkjent. Saksframstilling: Saksdokument: Ikkje vedlegg : Møteprotokoll frå møtet 05.06.2014 17.06.2014 UTVAL FOR PLAN OG MILJØ Handsaming: Møtebok frå møtet 05.06.2014 vert godkjent. UPM-040/14 VEDTAK: Møtebok frå møtet 05.06.2014 vart samrøystes godkjent.. 041/14: PROSESSVEDTAK: VIDARE VURDERING AV INNSPEL TIL AREALDELEN AV KOMMUNEPLAN 2015-25 RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Utval for plan og miljø gjer vedtak om at innspel som går fram av vedlegget i saka skal takast med vidare til konsekvensutgreiing, ROS-analyse eller til nærmare administrativ vurdering. Alle innspel om senterstruktur, nærings- og industriareal, friluftsliv /friluftsområde, akvakultur og landbruk vert vurdert vidare. 17.06.2014 UTVAL FOR PLAN OG MILJØ Handsaming: Leiar Anne Martinsen orienterte utvalet om kvar i prosessen arealplanen er og kva som var intensjonen med møtet. Det skulle fattast eit prosessvedtak på kva innspel som skal vurderast vidare til KU og ROS.
Leiaren tok opp spørsmålet om inhabilitet innleiingsvis og ein fekk avklart kven det var og kva innspel det gjeld. Rådgjevar Gunn Sissel Teigen møtte og avklarte inhabilitetsspørsmåla fortløpande: Haldor Tuft, Sp, har stilt spørsmål han er inhabil i innspel der han er grunneigar: Tema bustad, 33 og 33 B og tema naust, båthamn, molo o.l., innspel 11 og 36. Jf. kommunelova 40 nr 3, jf. forvaltningslova 6 1.ledd og 2. ledd. Han gjekk frå. Det møtte ikkje vararepresentant. Steinar Berland reiste spørsmål om han er inhabil i næring innspel 11, 19 og 20 der svigerfamilien har eigarinteresser/er grunneigar. Jf. kommunelova 40 nr 3, jf. forvaltningslova 6 1.ledd og 2. ledd. Han gjekk frå. Det møtte ikkje vararepresentant. Aud May Boge, H, reiste spørsmål om ho er inhabil i næring innspel 11, 19 og 20 der ho har eigarinteresser Jf. kommunelova 40 nr 3, jf. forvaltningslova 6 1.ledd og 2. ledd. Ho gjekk frå. Det møtte ikkje vararepresentant. Gustav Folkestad reiste spørsmål om han er inhabil i tema næring innspel 3, der han er dagleg leiar. Jf. kommunelova 40 nr 3, jf. forvaltningslova 6 1.ledd og 2. ledd. Han gjekk frå. Det møtte ikkje vararepresentant. Bergfrid Norheim reiste spørsmål om ho var inhabil i innspel som gjaldt slekta til dottera sin sambuar. Ho opplyste at ho ikkje kjende seg inhabil Jf. kommunelova 40 nr 3, jf. forvaltningslova 6 1.ledd og 2. ledd. Ho gjekk frå. Det møtte ikkje vararepresentant. Ho vart samrøystes vedteken habil og tok plass i møtet. Haldor Tuft, Sp, vart samrøystes kjend inhabil i deler av sak 41/14. Steinar Berland, H, vart samrøystes kjend inhabil i deler av sak 41/14. Aud May Boge, H, vart samrøystes kjend inhabil i deler av sak 41/14. Gustav Folkestad, V, vart samrøystes kjend inhabil i deler av sak 41/14. Tema for tema vart gått gjennom og ulike innspel, som vist i oversikten nedafor vart teken opp og drøfta og til slutt røysta over. Tema bustad: Innspel 35 vert todelt der A og B går ut og C vert med vidare med 5 mot 4 stemmer.: For: Haldor Tuft, Sp, Hans Ekeberg Ap, Steinar Berland og Aud M. Boge, H, Roger Hoel, Frp Mot: Anne Martinsen, Krf, Bergfrid Norheim, Ap, Roald Samnøy, Krf, Gustav Folkestad, V Rådmannen endra følgjande i sitt framlegg til vedtak: Innspel 21 i tema fritidsbustad vert vurdert vidare som bustadområde (81).
Innspel som gjeld der rådmann Berit Fløisand er erklært inhabil: Fusa utviklingsselskap har levert innspel om bustadområde på eigedommen til Are Fløisand innspel nr 54-1,2 Helland. Det har også kome inn andre innspel til nye bustadområde i Eikelandsosen. I samsvar med forvaltingslova sine reglar om inhabilitet kap. II 6-10 seier rådmann Berit Fløisand seg difor inhabil når det gjeld handsaming av bustadområde i Eikelandsosen. Rådmannen har i denne saka - ved vurdering av bustadområde i Eikelandsosen - følgd praksis som tidlegare er avklart med formannskapet: Er rådmannen ugild så skal det kun gjerast greie for faktiske forhold og det skal ikkje gjerast vurderingar/framlegg til vedtak. Planutvalet må etter dette gjera eventuelle prioriteringar av kva nye bustadområde som skal konsekvensutgreiast i Eikelandsosen. Det vart i møtet fatta vedtak om at områda i Eikelandsosen skal takast med til vidare vurdering. Tema naust, båthamn, molo, brygger: Innspel 40 og 43 vert samrøystes vurdert vidare. Førebelse retningslinjer for handsaming av innspel på naust, brygger ol. vart endra som fylgjer: "- Private naust med innlagt vatn, type rorbuer ol. må takast igjen i eigen plan" vert endra til: "- Rorbuer ol. må takast igjen i eigen plan." Alle innspel om senterstruktur, nærings- og industriareal, friluftsliv /friluftsområde, akvakultur og landbruk vert samrøystes vurdert vidare. Fylgjande innspel vart røysta over, men ikkje endra: Tema bustad: Innspel 41 vert ikkje vurdert vidare med 5 mot 4 stemmer: For: Anne Martinsen, Krf, Steinar Berland og Aud M. Boge, H, Roald Samnøy, Krf, Gustav Folkestad, V Mot: Haldor Tuft, Sp, Hans Ekeberg Ap, Roger Hoel, Frp, Bergfrid Norheim, Ap.
Innspel 63: Haldor Tuft, Sp, stilte spørsmål han er inhabil i innspel der han er i slekt med grunneigar: Jf. kommunelova 40 nr 3, jf. forvaltningslova 6 1.ledd og 2. ledd. Det vart samrøystes vedteke. Han gjekk frå. Det møtte ikkje vararepresentant. Innspel 63 vert ikkje vurdert vidare med 5 røyster (leiar nytta si dobbeltstemme) mot 4 røyster. For: Anne Martinsen, Krf, Aud M. Boge, H, Roald Samnøy, Krf, Gustav Folkestad, V Mot: Hans Ekeberg Ap, Roger Hoel, Frp, Bergfrid Norheim, Ap, Steinar Berland, H Tema fritidsbustad: Innspel 30 vert ikkje vurdert vidare med 6 mot 3 stemmer: For: Anne Martinsen og Roald Samnøy, Krf, Gustav Folkestad, V, Steinar Berland og Aud M. Boge, H, Bergfrid Norheim, Ap Mot: Roger Hoel, Frp, Hans Ekeberg, Ap, Haldor Tuft, Sp Tema naust, båthamn, molo, brygger: Innspel 1 og 4 vert ikkje vurdert vidare med 5 mot 4 stemmer: For: Anne Martinsen og Roald Samnøy, Krf, Gustav Folkestad, V, Steinar Berland og Aud M. Boge, H Mot: Hans Ekeberg Ap, Roger Hoel, Frp, Bergfrid Norheim, Ap, Haldor Tuft, Sp Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke med dei endringar som går fram av røystinga over. UPM-041/14 VEDTAK: Utval for plan og miljø gjer vedtak om at innspel som går fram av vedlegget i saka skal takast med vidare til konsekvensutgreiing, ROS-analyse eller til nærmare administrativ vurdering med fylgjande endring: Tema bustad: Innspel 35 vert todelt der A og B går ut og C vert med vidare. Innspel 21 i tema fritidsbustad vert vurdert vidare som bustadområde (81). Innspel som gjeld der rådmann Berit Fløysand er erklært inhabil: Det vart i møtet fatta vedtak om at områda i Eikelandsosen skal takast med til vidare vurdering.
Tema naust, båthamn, molo, brygger: Innspel 40 og 43 vert vurdert vidare. Førebelse retningslinjer for handsaming av innspel på naust, brygger ol. vart endra som fylgjer: "- Private naust med innlagt vatn, type rorbuer ol. må takast igjen i eigen plan" vert endra til: "- Rorbuer ol. må takast igjen i eigen plan." Alle innspel om senterstruktur, nærings- og industriareal, friluftsliv /friluftsområde, akvakultur og landbruk vert vurdert vidare. Fylgjande innspel vart røysta over, men ikkje endra: Tema bustad: Innspel 41 og 63 vert ikkje vurdert vidare. Tema fritidsbustad: Innspel 30 vert ikkje vurdert vidare. Tema naust, båthamn, molo, brygger: Innspel 1 og 4 vert ikkje vurdert vidare..