Vedtekter Tysnes Kraftlag SA Utkast januar 2016 VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA Dok 10000271 09.05.2016 1/9
Fylgjande vedtekter for samvirkelaget Tysnes Kraftlag SA er dei vedtektene som medlemene har valt til styringsreiskap for samvirkeføretaket i tillegg til samvirkelova. Vedtektene handsamar i hovudsak fylgjande emne: Føremål 2 Medlemsskap 4 Årsmøte 5 Styre 6 Bruk av årsoverskot og disponeringar 8 og 9 Vedtektsendringar og oppløysing 10 og 11 Det er vist til lov i vedtektene og enkelttema frå lov er beskrive nærare. Dette er ikkje konsekvent gjennomført men ein har lagt vekt på at medlemer skal kunne gjennomføre årsmøte etter vedtektene utan å kjenne lova i detalj. Om det skulle vere tvilstilfelle vil Samvirkelova gjelda over vedtekter og etter vedtekter gjeld instruksar og prosedyrar. Dok 10000271 09.05.2016 2/9
1 Namn og føretaksform Føretaket er eit allmennyttig samvirkeføretak med skiftande medlemstal og kapital, føretaket sitt namn er Tysnes Kraftlag SA. 2 Føremål Føremålet til samvirkeføretaket er å fremja dei økonomiske interessene til medlemene ved anten produksjon, distribusjon, og/eller omsetting av energi, og/eller digital kommunikasjon, samt anna verksemd med naturleg tilknyting til dette, sjølv eller gjennom deltaking i andre selskap. Føremålet er vidare å bidra til og/eller delta i tiltak av samfunnsnyttig karakter i det området som per 1.1.2016 utgjer Tysnes kommune. 3 Forretningskontor Forretningskontoret er i Tysnes kommune. 4 Medlemsskap 4.1 Generelt Medlemskapen skal lyda på namn og fødselsnummer eller føretaksnummer. 4.2 Andelsinnskot Andelsinnskotet er kr. 100,-. 4.3 Krav til medlemsskap Personar og verksemder kan vera medlem når dei er kundar anten av samvirkeføretaket eller av eit selskap som samvirkeføretaket eig aleine eller saman med andre samvirkeføretak, når dei samtidig eig eller leiger fast eigedom i det området som per 1.1.2016 utgjer Tysnes kommune. 4.4 Sams medlemsskap To eller fleire personar kan ha ein medlemskap saman. Når fleire personar har ein medlemskap saman, skal alle førast inn i medlemsregisteret. Det skal gå fram at kvar av dei har medlemskapen saman med andre og kven av dei som opptrer overfor kraftlaget. 4.5 Overføring av medlemskap Medlemsskap i laget er personleg og kan ikkje omsetjast eller på andre måtar overførast til andre. Dette gjeld likevel ikkje dersom ein medlem ønskjer å dela medlemskapen med ein eller fleire personar, jf. 4.4. Det gjeld heller ikkje dersom to eller fleire personar som har felles medlemsskap, ønskjer å overføra denne på ein av dei. Overtaking av medlemskap i uskift bu vert ikkje rekna som overføring. Dok 10000271 09.05.2016 3/9
4.6 Når medlemsskap tar til å gjelda Medlem som tilfredsstiller vilkåra i 4.3, vert medlem frå det tidspunktet andelsinnskotet er registrert innbetalt. 4.7 Tvist om retten til å verta medlem Styret avgjer tvistar om rett til å verta godkjend som medlem i laget. 4.8 Utmelding Utmelding av laget kan berre skje skriftleg. 4.9 Opphøyr av medlemskap Dersom ein medlem ikkje lenger stettar krava i 4.3 avsluttast medlemskapen etter at årsmøtet har funne stad i det påfylgjande kalenderåret, om medlemen ikkje innan dette tidspunktet igjen stettar krava. 4.10 Ved opphøyr av medlemskapen kan medlem ikkje krevja etterbetaling, kjøpsutbytte, del i etterbetalingsfond eller renter på andelsinnskot for seinare år enn opphøyrsåret. Innskoten kapital (andelsinnskot) og inneståande på medlemskapitalkonto vert utbetalt ved opphøyr av medlemsskap. 5 Årsmøte 5.1 Ordinært årsmøte Ordinært årsmøte skal haldast kvart år innan 30. juni. 5.2 Ekstraordinært årsmøte Ekstraordinært årsmøte skal haldast dersom styret finn det nødvendig eller tenleg, revisor eller minst ein tidel av medlemene set fram skriftleg krav om slikt møte. Årsmøte skal då gjennomførast innan 4 veker etter at kravet er sett fram. 5.3 Innkalling til årsmøte Ordinært årsmøte skal innkallast i samsvar med 44-47 i Lov om samvirkeføretak. Utsendingsdato skal vera minst 14 dagar før årsmøtet. Ekstraordinært årsmøte skal innkallast på same måten som ordinære årsmøte. Innkallinga skal klårt syna kva saker årsmøtet skal handsama. Dok 10000271 09.05.2016 4/9
5.4 Årsmøtet sitt tilsynsansvar Årsmøtet er kraftlaget sin øvste mynde og skal sjå til at drifta av kraftlaget skjer i samsvar med lov, vedtekter og årsmøtevedtak. 5.5 Opning av årsmøtet Styreleiar eller den person som styret peikar ut, opnar årsmøtet og tek opp oppgåve over møtande medlemer, og leier møtet til møteleiar er valt. 5.6 Oppgåver for årsmøtet Ordinært årsmøte har desse oppgåvene: a. Godkjenna årsmelding og årsrekneskap, her medrekna disponering av årsoverskot eller dekking av eventuelt underskot. b. Velja styre. c. Velja valnemnd. d. Fastsetja godtgjersle til styret. e. Velje revisor og fastsetja godtgjersle for denne. f. Gjera vedtak dersom det skal etablerast medlemskapitalkonto i samsvar med 29 i samvirkelova, eller dersom det skal utbetalast frå etterbetalingsfond. g. Årsmøtet skal fastsetje retningslinjer for arbeidet i valnemnda i eigen instruks. h. Andre saker som føl av lov eller vedtekter. 5.7 Medlemen sine rettar i årsmøte Ein medlem har rett til å få teke opp saker på årsmøtet. Eventuelle saker må meldast skriftleg til styret i så god tid at dei kan takast med i innkallinga. Er innkallinga allereie send, skal det sendast ny innkalling dersom den kan kome fram minst ei veke før årsmøtet skal haldast. 5.8 Sakshandsaminga i årsmøte Vedtak på årsmøte krev fleirtal av dei avgjevne røystene, dersom anna ikkje er fastsett i lov eller vedtekter. Dersom ingen av dei framlegga det vert røysta over oppnår meir enn halvdelen av dei avgjevne røystene, skal det gjennomførast ny avgjerande avrøysting mellom dei to framlegga som har fått flest røyster. Dersom røystetalet då står likt, er framlegget som møteleiaren sluttar seg til vedteke. Kvar medlem/medlemsskap har ei røyst på årsmøtet. Ein medlem kan gje ein annan person som ikkje treng vera medlem fullmakt til å møta for seg. Fullmakter skal leggjast fram i årsmøtet. Ingen kan ha meir enn to røyster på årsmøtet. 5.9 Møtebok Det skal førast møtebok frå årsmøta. På kvart årsmøte skal to av dei frammøtte medlemene veljast til å skriva under møteboka saman med møteleiaren. Dok 10000271 09.05.2016 5/9
6 Styre 6.1 Samansetnad og val av styre Samvirkeføretaket skal ha eit styre med styreleiar, nestleiar, tre medlemer og ein varamedlem. Årsmøtet vel styreleiar først. Styreleiar kan også veljast blant sitjande styremedlemer som ikkje er på val. Styreleiar vert valt for eit år. Funksjonstida for styremedlemer er to år og to/tre styremedlem skal veljast kvart år. Styret vel nestleiar blant styremedlemene for eit år om gongen. Dersom det ved valet ligg føre framlegg om fleire kandidatar vert det skrifteleg val. Dersom ingen får meir enn halvdelen av dei avgjevne røystene ved første valomgang, skal det haldast omval mellom dei to som har fått flest røyster. Dersom dei to kandidatane då får like mange røyster, skal valet avgjerast ved loddtrekking. Kjønnsfordelinga skal vere i samsvar med 69 nr. 2 i Samvirkelova. Tilsette kan stille med observatør med uttalerett på styremøte valt av og mellom dei tilsette for kvar årsmøteperiode. 6.2 Styret sine gjeremål Styret skal utforme og arbeide etter eigen instruks. Styret skal kvart år, seinast 14 dagar før årsmøtet, leggja fram årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding til gjennomsyn for medlemene. Rekneskapen skal følgja kalenderåret og vera i samsvar med god rekneskapsskikk. 6.3 Møtebok Det skal førast møtebok over styresakene. 6.4 Underskrifter og prokura To styremedlemmer saman bind selskapet med underskriftene sine. Styret kan gje prokura. 6.5 Sal av verksemd Sal av føretaket si energidistribusjonsverksemd til utanforståande tredjeperson, skal godkjennast av årsmøtet før styret fattar endelig vedtak i saka. Årsmøtet sitt vedtak vert fatta med 2/3 fleirtal. Styret avgjer korleis eit avtaleutkast skal presenterast for årsmøtet. Dok 10000271 09.05.2016 6/9
7 Valnemnd Dei 3 medlemene i valnemnda vert valde for tre år om gongen. Eit medlem står på val kvart år. Valnemnda skal leggja fram framlegg til styremedlemer, varamedlem og styreleiar for årsmøtet. Valnemnda si innstilling skal vera skriftleg, og skal kunngjerast saman med innkalling til årsmøte. Dok 10000271 09.05.2016 7/9
8 Bruk av årsoverskot Styret legg fram forslag om bruk av årsoverskotet, i samsvar med 9, utbetaling frå etterbetalingsfond og fra medlemskapitalkonti. Det er ein føresetnad for vedtak om bruk av årsoverskot, utbetaling frå etterbetalingsfond og fra medlemskapitalkonti at Samvirkelova sine krav om eigenkapital er oppfylte, jfr. Samvirkelova 31. Årsmøtet kan ikkje vedta å dele ut meir av årsoverskotet og/eller av etterbetalingsfondet eller medlemskapitalkonti enn styret sitt forslag. 9 Utbetaling til medlemmer og gåver 9.1 Utbetalingar til medlemmer Årsoverskotet kan brukast på fylgjande måte: (i) (ii) (iii) Etterbetaling, Fond Avsetting til etterbetalingsfond og/eller overføring til medlemskapitalkonti. Renter av andelsinnskot og av innskoten kapital. Utbetalingar og overføringar til medlemmer i form av etterbetaling (kjøpsutbytte), overføringar til medlemskapitalkonti og utbetaling frå etterbetalingsfond vert fordelt på grunnlag av medlemene si omsetting med samvirkeføretaket og/eller omsetting med selskap som samvirkeføretaket eig aleine eller saman med andre samvirkeføretak. 9.2 Allmennyttige føremål Årsmøtet vedtar gåver til allmennyttige føremål etter framlegg frå medlem i samsvar med 5.7 eller etter framlegg frå styret. Styret gjev innstilling utifrå samvirkeføretaket si stilling og framtidsutsikter. Det kan berre gjerast vedtak om gåver til allmennyttige formål som er i samsvar med styrets innstilling eller som styret sluttar seg til. Dok 10000271 09.05.2016 8/9
10 Vedtektsendringar 10.1 Vedtektsendringar Årsmøtet kan med to tredelars fleirtal av dei avgjevne røystene gjera vedtak om å endra vedtektene. 10.2 Vesentlege vedtektsendringar Vesentlege vedtektsendringar er endringar som inneber endringar av føremålsparagrafen, meir tyngjande heftereglar for medlemane, skjerping av plikta til å gjera innskot i føretaket, innføring av omsetnadsplikt med føretaket eller vesentleg skjerping av slik plikt, eller avgrensing av retten til å gå ut av føretaket. Slik endring krev tilslutnad frå minst fire femdelar av dei avgjevne røystene på to etterfølgjande årsmøte. 11 Oppløysing Laget kan oppløysast gjennom vedtak med fire femdelars fleirtal på årsmøte. Dersom det vert gjort vedtak om å oppløysa laget, vert all overskytande kapital etter at medlemskapitalkonti er oppgjorde overført til ein allmennyttig stiftelse. Stiftelsen skal opprettast i samsvar med Stiftelseslova, og ha som føremål å fremja allmennyttige tiltak i det området som per 1.1.2016 utgjer Tysnes kommune. Vedtekter for stiftinga skal fastsetjast av det siste årsmøte i samvirkeføretaket. 12 Samvirkelova Utover dette gjeld Lov om samvirkeføretak (Samvirkelova) www.tysnes-kraftlag.no firmapost@tysnes-kraftlag.no tlf: 53430050 Adr: Teiglandsvegen 7 5680 Tysnes Dok 10000271 09.05.2016 9/9