HØYRINGSDOKUMENT GRENSEENDRING LERSTADVATNET, ÅLESUND KOMMUNE Høyringsfrist 01.09.2016
INNLEIING Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil med dette høyre ei mindre grenseendring i Lerstadvatnet naturreservat i Ålesund kommune. Endringa medfører ein reduksjon av arealet på 2,2 daa. I samband med dette vert verneforskrifta for naturreservatet tilpassa til det nye arealet, og eigedomsopplistinga vert oppdatert. BAKGRUNN FOR ENDRINGA Lerstadvatnet naturreservat vart verna 27.05.1988 med følgjande formålsparagraf i verneforskrifta: «Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med tilhøyrande plantesamfunn, fugleliv og anna dyreliv». Naturreservatet dekker eit areal på ca. 135 daa med ein kjerne av eit vatn som er lite, grunt og næringsrikt med store storr- og snellebelte. Området er omringa av industri og E136 i vest, fv 398 i nord, Lerstad skule i vest og eit bustadfelt i sør. Lerstadvatnet er spesielt interessant som hekkeplass for den nasjonalt sjeldsynte dvergdykkaren. Ålesund og Sula er dei viktigaste kommunane for hekkande dvergdykkar i Noreg. Området utgjer også leveområde for fleire raudlista hekkefugleartar som vipe, hettemåke, sivhøne m.fl. I ettertid har ein oppdaga at naturreservatet omfattar delar av ein idrettsplass, fleire bustadtomter samt gangveg. Dette er ein feil som vil bli retta opp no. ENDRINGSFRAMLEGGET Fylkesmannen har utarbeidd eit framlegg til grenseendring der ein tek ut ca. 2 daa fastmark og utvidar våtmarksområdet i naturreservatet med ca. 0,5 daa. Arealet vert etter dette ca. 133 daa. Vi har vist gammal og ny grense på kart. Vi foreslår at det blir gjennomført grensejusteringar slik at areal med barnehage, bustadfelt, del av idrettsbane samt det meste av gangveg blir utelatt frå naturreservatet. I tillegg foreslår vi å ta ut eit område mellom eigedommane gnr 38 bnr 3 og gnr 50 bnr 983 slik at gangvegen ikkje er ein del av naturreservatet. Dette arealet er svært gjengrodd med fleire ulike svartelista artar som heller ikkje egner seg som hekke- og leveområde for raudlista artar. Justeringa blir i hovudsak gjennomført for å rette opp i avvik som skuldast grove, manuelt oppteikna kart i kgl.res. Kart 1 viser ny (grøn) og gammal (blå) grense for naturreservatet. Vi foreslår elles at eit mindre areal på 0,5 daa på nordsida av gangvegen på gnr 50 bnr 983 blir inkludert i naturreservatet. Etter endringa og oppdatering av eigedomsoversiktene, vil naturreservatet omfatte delar av følgjande gards- og bruksnummer, jf. forskrifta pkt. II: 37/163, 241, 403; 38/3, 138, 156; 50/983. Vi har vist både den gamle og den nye eigedomslista under framlegg til ny verneforskrift (s.3). Den gamle er gjennomstreka. Vi har vurdert grenseendringa etter prinsippa i naturmangfaldlova 8-12, jf. også 7.
Etter 8 Kunnskapsgrunnlaget: Ut i frå registreringar gjort i naturbase er det ingen truga eller raudlista artar eller naturtypar i områda som vert teke ut av naturreservatet. Områda som blir tatt ut egner seg ikkje som leve og hekke-områder for raudlisteartane. Føre-var-prinsippet ( 9), økosystemtilnærming og samla belastning ( 10), kostnader ved miljøforringing ( 11) og miljøforsvarlege teknikkar/driftsmetodar ( 12) kjem ikkje til bruk i denne saka. HØYRING OG MERKNADSFRIST Framlegget ligg ute til offentleg ettersyn på Ålesund Rådhus, i tida 22.06 31.08.2016. Eventuelle merknader skal sendast innan 1. sept 2016 til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde eventuelt på e-post til fmmrpostmottak@fylkesmannen.no. Kart 1 viser ny og gammal grense for Lerstadvatnet naturreservat
Framlegg til ny forskrift om vern av Lerstadvatet naturreservat, Ålesund kommune, Møre og Romsdal. Fastsett ved kgl.res. av 27. mai 1988. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift xx.xx 2016 nr. yyy, heile forskrifta kunngjort. I I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, 8, jf 10 og 21, 22 og 23 er eit våtmarksområde i Lerstadvatnet i Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylke, freda som naturreservat ved kgl.res. av 27. mai 1988 under nemninga Lerstadvatnet naturreservat. II Det freda området berører følgjande gnr/bnr: 37/163, 241, 403; 38/3, 138, 156; 50/983. 37/31, 58; 38/47, 69, 132; 50/99, 95. Reservatet dekkjer eit areal på ca. 135 133 dekar. Grensene for reservatet går fram av kart i målestokk 1:2 500. Kartet og fredingsføresegnene blir oppbevarte i Ålesund kommune, hos fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Miljødirektoratet og i Klimaog miljødepartementet. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast. III Føremålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med tilhøyrande plantesamfunn, fugleliv og anna dyreliv. IV For reservatet gjeld følgjande føresegner, jf. likevel punkta V VI: 1. All vegetasjon i vatn og på land er freda mot all form for skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast. 2. Alt vilt, medrekna hi, reir og egg er freda mot all form for skade, øydelegging og unødvendig uroing. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode. Hundar må ikkje sleppast lause i reservatet. Utsetjing av vilt er ikkje tillate. 3. Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre dei naturgjevne tilhøva, under dette oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, plassering av campingvogner, framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, dumping av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske plantevernmiddel. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4. Motorisert ferdsel til lands, samt lågtflyging under 300 m er forbode. Bruk av modellbåtar og modellfly er forbode. Bruk av seglbrett er forbode. Camping, teltslaging og oppsetjing av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode. Så lenge det er ope vatn, er all ferdsel utanom oppmerka stiar og utkikkspunkt, forbode i reservatet. V Føresegnene i punkt IV er ikkje til hinder for: 1. Gjennomføring av militær, operativ verksemd og sikrings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltingstiltak. 2. Vedlikehald av grøfteutlaup som er tekne tidlegare og som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal, etter at forvaltingsstyremakta er varsla. 3. Vedlikehald av eksisterande vegar og kraftliner. 4. Vedlikehald av eksisterande teleliner/kablar. VI Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gje løyve til: 1. Kontrollert felling av vilt når dette blir sett på som naudsynt for å hindre bestandsmessige mistilhøve mellom ulike artar eller i tilhøvet art/miljø på grunn av menneskeskapte faktorar. 2. Etablering av nye grøfteutlaup for drenering av tilgrensande areal. 3. Bygging av pumpehus, legging av leidningar for vassanlegg m.m. VII Forvaltingsstyresmakta eller den forvaltingsstyresmakta fastset, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med fredingsføremålet. Det kan utarbeidast skjøtselsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka. VIII Forvaltingsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredingsføresegnene når føremålet med fredinga krev det, samt for vitskaplege undersøkingar og arbeid av vesentleg, samfunnsmessig verdi, og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga. IX Forvaltinga av fredingsføresegnene er lagt til fylkesmannen i Møre og Romsdal. X Desse fredingsføresegnene trer i kraft straks.
Gnr Bnr Fnamn Enamn Adresse Postnr Poststad 37 163 Ålesund Kommune Pb 1521 6025 ÅLESUND 37 241 Ålesund Kommune Pb 1521 6025 ÅLESUND 37 403 Ålesund Kommune Pb 1521 6025 ÅLESUND 38 3 Ålesund Kommune Pb 1521 6025 ÅLESUND 38 138 Ålesund Kommune Pb 1521 6025 ÅLESUND 38 156 Ålesund Kommune Pb 1521 6025 ÅLESUND 50 983 Ålesund Kommune Pb 1521 6025 ÅLESUND