Vedtekter Sagvåg skulekorps. 1. Organisasjon. Sagvåg skulekorps stifta i 1954 er tilslutta Norges Musikkorps Forbund (NMF) og tilslutta NMF i Hordaland. Styremedlem må vere medlem i NMF. Faste dirigentar og faste instruktørar skal registrerast i NMF sin database. 2. Formål. Sagvåg skulekorps skal legga vekt på å utvikla musikalske ferdigheter og skapa eit godt sosialt miljø til beste for medlemmane i korpset. 3. Medlemskap. 3.1. Opptak av medlemmar. a) Ein kan bli aspirant i skulekorpset frå 1.januar/ 1.august det året ein fyller 9 år. b) Dirigent/ instruktør avgjer når ein aspirant kan bli musikant i korpset. c) Etter avslutta aspirantperiode bind musikanten seg til å vere medlem i skulekorpset i 1 år. d) Medlemmane skal prioritera og oppfylla forpliktingane i skulekorpset. e) Musikantar og andre interesserte kan takast opp som medlemmar i skulekorpset av styret i skulekorpset. f) Ein kan vere medlem i skulekorpset til 31.juli det året ein fyllar 19 år. g) Medlemskap for barn under 15 år må vere skriftleg godkjent av føresette. Ved innmelding i skulekorpset blir ein automatisk medlem i NMF. 3.2. Føresetnader for medlemskap. a) Alle medlemmar pliktar å følgje skulekorpset, NMF og regionen sine vedtekter, reglement og lovlege vedtak. b) Alle nye medlemmar skal levera innmeldingsskjema. Ved endring av opplysningane skal det meldast til skulekorpset sitt styre snarast råd. Desse nemnte opplysningane blir så gitt vidare på gjeldande skjema for registrering i NMF sin database. Det blir ikkje gitt anledning til å reservera seg mot registrering. c) Skulekorpset skal kvart år senda årsrapport og opplysningar om medlemmane til NMF på avtalt skjema til ein til kvar tid fastsette fristar. Det er ikkje anledning til å reservera seg mot dette.
3.3. Utmelding. a) Medlem i skulekorpset som ønskjer å melda seg ut, skal senda skriftleg melding om dette til styret i korpset. b) Utmelding kan berre finna stad i juli og desember. c) Medlem blir meldt ut av NMF ved utmelding av skulekorpset. d) Betalt kontingent blir ikkje refundert. 3.4. Utstyr. a) Instrument, uniformer og anna utstyr er eigd av skulekorpset og skal haldast i god stand. Uforsiktig handtering kan medføra økonomisk ansvar for medlem/ føresette. b) Bruk av korpset sine eigedelar i andre samanhengar må godkjennast av styret. Det same gjeld om medlemmar i korpset skal spela med andre skulekorps. 3.5. Kontingent. a) Skulekorpsåret føl skuleåret. b) Kontingent skal betalast innan 15. mars og 15.oktober kvart år. c) Skulekorpset skal betale kontingent til NMF innan 1.februar. Kontingenten reknast ut frå talet på medlemmar per 31.desember. 3.6. Utestenging frå korpset. a) Styret kan setta i verk disiplinære tiltak mot medlem som ikkje rettar seg etter gjeldande regelverk og vedtak, eller er til skade for aktiviteten i skulekorpset. b) Styret kan suspendera medlemmar for eit bestemt tidsrom. I grovare tilfelle kan årsmøtet vedta utestenging frå skulekorpset. c) Vedtaka nemnt i punkt a) og b) kan klagast inn for regionstyret/krinsstyret i NMF. 4. Årsmøte. 4.1. Øvste organ. Årsmøtet er høgste mynde i Sagvåg skulekorps. 4.2. Innkalling. a) Årsmøtet blir halde i februar kvart år. b) Tidspunkt og stad skal gjerast kjent for medlemmane og deira føresette 3 mnd før. c) Innkalling og sakspapir skal sendast ut 2 veker før årsmøtet. d) Saker som ønskjast behandla må meldast styret i skulekorpset seinast 2 veker før årsmøtet. Styret pliktar å leggja fram saker som kjem inn innan fristen på årsmøtet. 4.3. Ekstraordinert årsmøte. a) Ekstraordinert årsmøte må haldast om styret eller 1/3 av medlemmane eller deira føresette krev dette. b) Innkalling til ekstraordinert årsmøte sendast ut 2 veker før årsmøtet.
4.4. Dagsorden. Årsmøtet skal behandle følgjande saker: a) Konstituering. a. Opning b. Godkjenning av innkalling c. Val av møteleiar d. Val av referent e. Val av 2 til å skrive under møteprotokollen. f. Godkjenning av dagsorden/saksliste g. Behandla og godkjenna årsmelding og revidert rekneskap h. Legga fram plan og budsjett, medlemskontingent og langtidsbudsjett i. Behandla evt innkomne saker j. Val i. Styreleiar for 1 år ii. 2 styremedlem for 2 år iii. 3 varamedlem for 1 år. Særskilt val, der talet på stemmer avgjer om ein blir 1., 2., eller 3.varamedlem. iv. 2 medlem til valkomite v. 1 revisor for 1 år Dei som blir valt må vere minimun 12 år når dei tiltrer, ha gyldig medlemskap i NMF og ha sagt seg villige til å ha verva. Medlem under 14 år skal takast med på råd der det er naturleg i alle deler av organisasjonen. 5. Styret. 5.1. Samansetning. Styret består av leiar, 4 styremedlem og 3 varamedlem. Styret vel innan sin midte nestleiar og referent. Kasserar kan veljast utanom styret. Styret er vedtaksdyktig når 2/3 av medlemmane er tilstade. Ved lik stemmetal er leiars stemme avgjerande. 5.2. Styrets oppgåver. Styret i skulekorpset har ansvar for arbeidet i skulekorpset og mynde til å treffa avgjersler i alle sakar som omhandlar skulekorpset si verksemd, så fremt det ikkje skal avgjerast på årsmøtet. 5.3. Vedtak. a) Styret leiar arbeidet i skulekorpset mellom kvart årsmøte i samsvar med skulekorpset og NMF sine vedtekter. b) Styret kan ved behov nedsetta utval og/eller komitear. c) Styret kan revidera og utforma dei reglar og instruksar det er behov for å presisera, og regulera skulekorpset sitt ansvar og aktivitetar. d) Styrevedtak skal protokollførast.
e) Kasserar og leiar skal ha disposisjonsrett til konto og kort. Fullmaktar utover dette skal avklarast i styret. 5.4. Årsavslutning. a) Styret skal utarbeida årsmelding og avslutta rekneskapen for kvar årsmøteperiode. b) Rekneskapen skal reviderast av revisorar valt på årsmøtet. Det skal leggast fram revisorerklæring på årsmøtet. 5.5. Personalansvar. Styret har mynde til å foreta tilsettingar, engasjement og oppseiingar. Styret har fullmakt til å inngå avtalar om løn og arbeidsavtalar. Styret har ansvar for å innhenta politiattest frå dei som har tillits- eller ansvarsforhold i korpset. Styreleiar har det daglege personalansvar. 5.6. Signatur. Sagvåg skulekorps forpliktar seg ved underskrifter i fellesskap av styreleiar og eit styremedlem eller styreleiar og ein tilsett. 5.7. Beredskapsplan. Styret pliktar å halda seg til beredskapsplan for korps når korpset er på turar eller deltar på arrangement. 6. Komitèar. 6.1. Valkomitè Valkomiteen si oppgåve er å innstilla valbare kandidatar til tillitsverv etter 4.4. punkt j) 6.2. Basarkomitè Styret utnemner basarkomitè som har ansvar for den årlige basaren i korpset. Dette inneber: planlegging, delegering av oppgåver til korpset sine medlemmer og føresette, praktisk gjennomføring av basaren. 6.3. Dugnadskomitè. Styret utnemner dugnadskomitè som har ansvar for å skaffa korpset dugnadar. 7. Usemje og tvistar. Usemje og tvistar om forståing av vedtektene skal føreleggjast region/ krinsstyret med forbundsstyret som ankeinstans. 8. Oppløysing og utmelding av Norges Musikkorps Forbund. a) Oppløysing av Sagvåg Skulekorps må foretas på to påfølgjande ordinære årsmøte. Vedtaket krev 2/3 fleirtal. b) Om korpset blir oppløyst skal evt midlar plasserast på sperra, renteberande konto i bank. Til eit nytt skulekorps er oppretta skal denne kontoen disponerast av NMF Hordaland. Denne avgjersla gjeld ikkje om korpset blir slått saman med andre korps.
c) Det siste ordinære årsmøtet, jmf 8 punkt a) kan vedta at midlar og eigedom tilhøyrande korpset skal overførast til NMF Hordaland om ikkje nytt skulekorps er skipa etter 5 år. d) Musikkorps som ønskjer å melda seg ut av NMF, må gje skriftleg melding om dette til NMF seinast 15.november for at utmeldinga skal vere gyldig frå 1.januar det påfølgjande året. Ved utmelding tapar korpset alle rettar til NMF sine verdiar. 9. Endring av vedtekter. Årsmøtet kan vedta disse endringane med 2/3 fleirtal. Disse vedtekter trer i kraft frå og med årsmøtet i Sagvåg skulekorps 18. februar 2013.