Internasjonal vidaregåande skule



Like dokumenter
Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

Søking til skuleåret

Rådgjevarkonferanse 2009

Rådgjevarkonferanse 2010

Søking til skuleåret

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Minoritetsspråklige søkere til videregående opplæring skoleåret

ROTARY International. USA Canada Mexico Equador Brasil Tyskland Sveits Frankrike Spania Taiwan Japan Australia New Zealand Sør-Afrika * * *

TERTNES VIDEREGÅENDE SKOLE STUDIETILBOD SKULEÅRET FORELDREMØTE 30. JANUAR

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring

Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

IB-tilbod i SFJ, eit samarbeidsprosjekt mellom Red Cross Nordic United World College og Dale vidaregåande skule

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

KRISTNE VIDAREGÅANDE SKULE. Ein av Noregs største internatskular

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Til deg som bur i fosterheim år

TILSYNSRAPPORT Voss kommune, Voss ungdomsskule

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

10. trinn. Foreldremøte

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

IKT-kompetanse for øvingsskular

Bustønad Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

4A-3 VAKSNE SIN RETT TIL VIDAREGÅANDE

Prosedyrar og rettleiar for NSSU

- ein tydeleg medspelar

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Søknad om inntak med behov for spesialundervisning skoleåret 2013/2014

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Brukarrettleiing E-post lesar

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Temakveld - rus. Vel møtt, til skulens første russeminar for føresette (?).

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Minoritetsspråklege søkarar/ elevar

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

TILSYNSRAPPORT Voss kommune, Sundve skule

INNHALD. 1. Innleiing s Søking på internett s. 2

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

SØKJARINFORMASJON LÆREPLASS

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

10/60-14/N-211//AMS

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

HORDALAND FYLKESKOMMUNE

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Bø vidaregåande skule -Vi tek deg til toppen!!

Plan for overgangar. for barn og unge

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Øystese barneskule April - 08

Transkript:

Internasjonal vidaregåande skule Tilbod om eit skuleår i utlandet Elevar som tek Vg1 på Studiespesialiserande utdanningsprogram i år, kan ta Vg2 i Skottland neste år. Møre og Romsdal fylkeskommune

1. Innleiing Skottland Internasjonal vidaregåande skule Internasjonal vidaregåande skule er eitt av undervisningstilboda til Møre og Romsdal fylkeskommune, og kan søkjast av elevar busett i Noreg. Søkjarane må vere elevar i Vg1 på utdanningsprogram for studiespesialisering. Tilbodet blir administrert av Haram vidaregåande skule. Ordninga går ut på at inntil 26 elevar i hovudsak frå Møre og Romsdal fylke går på ein av samarbeidsskulane våre i Skottland i eit heilt skuleår. Dei 3 samarbeidsskulane våre ligg om lag 20-30 minutt med tog frå Edinburgh. Skuleåret tel som Vg2 i utdanningsprogram for studiespesialisering. Etter året i utlandet kjem elevane tilbake til norsk vidaregåande skule, og går inn i Vg3. Elevar som nyttar seg av denne ordninga, kan såleis gjennomføre den vidaregåande utdanninga si på dei vanlege tre åra - samstundes som dei skaffar seg verdifull internasjonal studieerfaring. Studietilbodet i Skottland er ein eineståande sjanse for elevar frå Noreg, sjølv om det er krevjande, og stiller store krav både til elevane sine evner til omstilling og til sjølvstendig, målmedvite arbeid. 2. Samarbeidsskulane i Skottland Elevane frå Noreg vert plasserte ved ein av samarbeidsskulane våre i West- Lothian. West-Lothian er eit distrikt som ligg sentralt til mellom Edinburgh og Glasgow. Armadale Academy har koordinatoransvaret i Skottland, med eit spesielt ansvar med å følgje opp elevane. Det tar ca. 30 minutt med tog frå Edinburgh til Armadale. Dei 2 andre skulane Broxburn Academy og The James Young High School ligg nær Livingston, den største byen i West-Lothian. Med tog tek det ca. 20 minutt frå Edinburgh. Desse skulane vil og ha eigen kontaktlærar som følgjer opp dei norske elevane. Kva skule elevane får plass på, vert i hovudsak avgjort ut frå fagval og kvar vertsfamilien til eleven bur. Eit viktig mål for skuleåret er å vere i eit miljø som fremjar læring av engelsk. All undervisning går sjølvsagt føre seg på engelsk, og ein elev kan vere den einaste norske eleven i eit fag. Heimesida til skulen: Heimesida til skulen: Heimesida til skulen: http://www.westlothian.org.uk/armadaleacademy/ http://www.thejamesyounghs.org.uk/ http://www.broxburnacademy.net/

3. Fagvalet til elevane Samarbeidsskulen vår tilbyr fag som elevane kan byggje vidare på i Vg3 når dei kjem tilbake til Noreg. Dei vil få hjelp til å velje fag og fagkombinasjonar som gjer at dei oppfyller krava innanfor eitt av programområda i studiespesialiserande utdanningsprogram. Når det gjeld nokre av fellesfaga, blir elevar som tek eitt år av den vidaregåande opplæringa i utlandet, fritekne for desse etter visse reglar. I både norsk og historie vil elevane få konsentrert undervisning, organisert i nokre samlingar medan dei går på skule i Skottland. Desse faga har eksamen etter Vg3, og elevane må vere budde på ein god del sjølvstudium. Elevane får og undervisning i sitt andre framandspråk (4 veketimar). 4. Vertsfamiliar Samarbeidsskulane våre skaffar vertsfamiliar for elevane frå Noreg. Elevane bur i private heimar som betalande gjestar, dvs. at dei betalar ein pris som dekkjer husrom, mat (frukost og middag), lys, oppvarming og ei rimeleg mengd klesvask. Pris for hus og mat: 120 pund pr. veke. Elevane får bortebuarstipend frå Statens Lånekasse. 5. Norsk kursleiar Studietilbodet i Skottland har ein norsk kursleiar som har ansvaret for kontakt med skulane i Skottland avvikling av samlingane (sjå punkt 6) oppfølging av elevane administrasjon Kursleiar kjem til Armadale fleire gonger i løpet av skuleåret. Elles står kontaktlærarane i Skottland til disposisjon for dei norske elevane dersom dei treng hjelp. Kursleiar held dessutan kontinuerleg kontakt med elevane pr. e-post og telefon. Skulle det vere særleg trong for det, vil kursleiaren kunne reise til Skottland på kort varsel.

6. Samlingar Det vert skipa til ulike samlingar for elevane som vert tekne ut til studietilbodet i Skottland. Eit møte for elevane og deira føresette i mai/juni, kort tid etter at elevane er valde ut. På dette møtet blir det gjennomgang av alle dei praktiske sidene ved opplegget. Ei oppstartsamling i starten på skuleåret i Skottland. Denne har som føremål å bli kjent, og inneheld ulike praktiske aktivitetar. Elevane må rekne med ei utgift på kr 1.500 for denne samlinga. Eigne samlingar med hovudvekt på undervisning i norsk og historie for Vg2, samt samtale med kontaktlærar. Desse samlingane vert gjennomførte i Skottland. 7. Reisa til Skottland Omkring 12. august reiser elevar og kursleiar saman til Skottland. Reisa går med fly til Edinburgh. Haram vidaregåande skule ordnar det praktiske med denne reisa og med heimreisa til jul, men elevane må sjølve betale billettane. Til reiser elles i skuleåret, må elevane ordne med billettar sjølve. Alle elevane får eit reisestipend frå Statens lånekasse. 8. Skuleåret i Skottland Skuleåret i Skottland fell i tre terminar. Start- og sluttdatoane er om lag slik: Termin 1: 19. august - 18. desember Termin 2: 06. januar - 24. mars Termin 3: 11. april - 12. juni Mellom terminane er det ferie (omlag 2 veker ved jul/nyttår og påske). Det vil vere eit krav om at alle reiser heim til jul og påske. Elevane har også andre fridagar i løpet av skuleåret.

I Skottland vil elevane vere med på ulike helgeturar. Elevane må rekne med ein eigenandel på ca. kr 1000 for desse turane, som delbetaling for overnatting, mat og reiseutgifter. 9. Økonomi Møre og Romsdal fylkeskommune v/fylkesutdanningssjefen dekkjer utgiftene til skulepengar, transport til og frå skulen og reiseforsikring for elevane frå Møre og Romsdal. Elevar frå skular utanom Møre og Romsdal, må søkje om finansiering gjennom sin skule/fylkeskommune, som igjen gjer avtale med Møre og Romsdal fylkeskommune. Den einskilde eleven må sjølv dekkje buutgiftene på 120 pund pr. veke. I tillegg kjem utgifter til oppstartssamling, reiser og lommepengar. Det kan verte ein del mindre utgifter å betale t.d. for kopiering og skuleuniform. Desse utgiftene må elevane betale sjølve. 10. Statens lånekasse Elevane ved studietilbodet i Skottland får bortebuarstipend, reisestipend og utstyrsstipend, samla ca. kr 44.000. I tillegg yter Lånekassa lån etter behovsprøving. 11. Helsetenester for elevane i Skottland Alle bør ha såkalla europeisk helsetrygdkort. Det sikrar at ein får helsetenester i utlandet på lik linje med dei som bur fast i landet. Kortet er gratis, og kan bestillast på www.nav.no. 12. Møre og Romsdal fylke sitt ansvar for elevane - Forsikring Møre og Romsdal fylkeskommune teiknar eigen reise-/heilårsforsikring for elevar ved studietilbodet i Skottland.

13. Søknad Elevar som søkjer plass på dette studietilbodet skal søkje på vanleg måte gjennom fellesinntaket i VIGO. Søknadsfristen er 1. mars. Møre og Romsdal fylke har eigne kodar for dette tilbodet. I tillegg skal elevane fylle ut eit eige søknadsskjema og sende det til Haram vidaregåande skule. Inntaket vert gjort av Inntakskontoret i samarbeid med Haram vidaregåande skule. I samband med inntaket vil aktuelle elevar bli kalla inn til eit intervju som går føre seg på engelsk. 14. Vitnemål Etter skuleåret i Skottland vil kvar elev få dokumentasjon frå sin skule i Skottland. Dei vil dessutan få ei stadfesting av skulegangen i utlandet frå Haram vidaregåande skule. Etter fullført Vg3 vil elevane få vitnemål for fullført vidaregåande opplæring i samsvar med dei reglane som gjeld for godkjenning av eit skuleår i utlandet. 15. Administrasjon Tilbodet vert administrert av Haram vidaregåande skule. Meir informasjon om dette opplæringstilbodet får du ved å kontakte: Haram vidaregåande skule Skuleråsa 10 6270 BRATTVÅG Telefon 70 20 96 00 Telefaks 70 20 96 01 E-post haram.vgs@mrfylke.no