Kort om kva Inn På Tunet er, tips og råd til kjøpar og tilbydar.

Like dokumenter
Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Inn på tunet. Handlingsplan for Inn på tunet, prosjektstilling Kvalitetsikring Nasjonal demenssatsing BU- prosjekt

Sjumilsstegkonferansen 2014 Karoline Bjerkeset

Handlingsplan for Inn på tunet i Sogn og Fjordane

Handlingsplan for Inn på tunet i Sogn og Fjordane

Handlingsplan for Inn på tunet i Sogn og Fjordane

Handlingsplan for Inn på tunet i Sogn og Fjordane

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Frivilligpolitisk plattform

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Vår ref. 2012/

Prosjektplan for Inn på tunet-løftet for Hallingdal

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM, ELLER TILSVARANDE BUSTAD SÆRSKILD TILRETTELAGD FOR HEILDØGNS TENESTER, KRITERIUM OG

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Til deg som er brukarrepresentant ved Lærings- og mestringssenteret i Helse Bergen HF

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Steinsprang frå Lærdal. Kommunemøte om UKM

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Program for. Årdal Venstre

Innovasjonsmetoden vår

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

KSL-STANDARD. Versjon 10, oktober 2014 nynorsk RETTLEIAR. 11 Inn på tunet

SJEKKLISTE FOR EIGENREVISJON

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I BØMLO KOMMUNE

TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Dugnaden tverrfagleg samarbeid på rusområdet i kommunane

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Prosjekteigar: Flora kommune.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Ungdomstrinnsatsinga

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Rapport frå tilsyn med Kasa Ungdomssenter Samandrag

TENESTESTANDARD KORTTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM

BARNEVERNET. Til beste for barnet

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Finnøy og Rennesøy kommunar

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

KSL-STANDARD. Versjon 11, oktober 2015 nynorsk RETTLEIAR. 11 Inn på tunet

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Nytt HFK Intranett

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Økonomidag IPT Rica Sunnfjord Hotell, 12.mars

Fastsatt av kommunalsjef helse og omsorg Retningslinje for tildeling av dagplass

Fagdag for næringsmedarbeidarar

Inn på tunet. Utvikling av dagtilbod for heimebuande personar med demens i Gloppen v/prosjektleiar Merete Knoff

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Trygg og framtidsretta

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /02 TUBO

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Prosjektretta tiltak innan rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Støtteordning

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

Tenesteavtale 5. mellom. Kvinnherad kommune. Helse Fonna HF

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

TENESTESTANDARD BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTANSE

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

på vegne av barn og unge

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Øystese barneskule April - 08

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

Transkript:

Inn På Tunet håndbok, Nåustdål kommune Kort om kva Inn På Tunet er, tips og råd til kjøpar og tilbydar. Desember 2015

1 Inn På Tunet handbok, Naustdal kommune Innhald Innleiing... 2 Definisjonar, omgreps- og rolleavklaringar... 2 Inn På Tunet i ulike sektorar... 3 Kvalitetssikring IPT-godkjenning... 5 Til deg som ynskjer å bli Inn På Tunet tilbydar... 7 Gode kontaktar... 8 Til deg som ynskjer å kjøpe Inn På Tunet-tenester... 10 Nyttige Lenkjer... 11

2 Inn På Tunet handbok, Naustdal kommune Innleiing Gardsbruk som er arena for velferdstenester vert kalla Inn På tunet (IPT) gardar, tidlegare kjent som grøn omsorg. Vi finn IPT-tilbod innan alt frå barnehagar til eldreomsorg. Kvart einskild Inn På Tunet tilbod er noko unikt, utfrå brukarar, type gard og tilbydar sitt opplegg. Felles er trygge rammer, stabilitet og meiningsfyllte aktivitetar gjennom kontakt med både menneske og dyr. Viktigast av alt er gjerne meistringskjensla. På ein gard er det alltid arbeidsoppgåver som kan tilpassast dagsforma til den einskilde brukaren, og leggje til rette for meistring. Denne handboka vart til som ein del av Inn På Tunet prosjektet i Naustdal kommune. Prosjektet har gått frå august -13 til november -15, og skulle sjå på muligheitene for å få til Inn På Tunet i kommunen. Handboka er tenkt å vere ein ressurs og eit verktøy etter prosjektslutt. Her er korte innføringar i einskildtema, med lenkjer vidare til meir informasjon osv. Oddlaug W. Kvame har vore prosjektleiar for IPT-prosjektet og sett saman handboka. Definisjonar, omgreps- og rolleavklaringar Inn På Tunet (IPT): Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gi meistring, utvikling og trivsel. Gardsbruk er ein eigendom som skal brukast til jord-, skog-, eller hagebruk. Aktivitetane i tenestetilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet der. Brukar: Den som mottar og/eller deltek i Inn på tunet-tilbodet, og familien/pårørande. Tilbydar: Gardsbruk/bonde som tilbyr Inn på tunet-tenester. Kjøpar: Den som kjøper tenesta, t.d. kommunen. Godkjenningsordning: For å at ein gard skal bli godkjent som Inn På Tunet gard, og dermed kan nytte IPT-begrepet og logoen, må ein gjennom ei godkjenningsordning. For å bli godkjent som Inn på tunet-tilbydar må bonden ha gjennomgått revisjon og blitt godkjent etter tre KSL-standardar. Dette er KSL nr 1, 2 og 11 sistnemde er «Inn På Tunet-standarden». Godkjennar: Matmerk, som godkjenner garden som Inn på tunet-gard, etter at bonden/kjøpar har gjennomført eigenrevisjon.

3 Inn På Tunet handbok, Naustdal kommune Inn På Tunet i ulike sektorar Barn og unge "Forskning har vist at urolige barn og ungdommer nyter spesielt godt av å være ute i naturen og i kontakt med dyr. For å lære å tåle motgang må man vite hva det vil si å lykkes. Elever trenger mestringsopplevelser, og det å bli sett med positivt fortegn. Gården med sine mangfoldige rammer er en suveren arena for dette.» (Jolly, 2007). Skule og opplæring Barn og unge lærer på forskjellige måtar, og ikkje alle klarer eller har utbyte av å følgje ein vanleg skuledag. Av og til kan det vere naudsynt å nytte seg av andre typar opplæringsarenaer, som gjev tettare vaksenkontakt og læring gjennom praktiske oppgåver. På ein gard finn ein praktiske oppgåver som gir ei erfaringsbasert tilnærming til teorien frå klasserommet. Meistring er viktig. IPT i skulen kan vere både allmennpedagogiske tilbod og spesialpedagogiske tilbod. Gardsbarnehage, skulefritidsordning og fritidsaktivitet er andre måtar å bruke IPT for barn og unge på. I 2015 kom det ein nasjonal rettleiar for korleis ein kan ta i bruk Inn på tunet i skulesamanheng. Retteiaren skal inspirere og motivere og auke kunnskapen om korleis Inn på tunet kan nyttast i skulen. Den finn du her: https://www.regjeringen.no/contentassets/2abce3d634e64d19887ec42aff78a61b/150625--- veileder_gaarden_som_laeringsarena.pdf Barnevern IPT-tilbod innan barnevernstenesta kan vere t.d. avlastningsopphald på helgar, eller kveldar. Det kan vere fritidstilbod som er opne for fleire, eller det kan vere ein-til-ein tilbod. Nav, psykiatri og rusomsorg. Av og til er det nødvendig med ein mjuk start/overgang for å komme seg tilbake i arbeid. Inn på tunet gardar kan vere ei praktisk og variert arbeidstrening, arbeid som gir betre fysisk helse og personlig utvikling gjennom kontakt med dyr og natur. I arbeidstrening handlar det om å ta ansvar og lære oppgåver som ein kan overføre til arbeidslivet. Forskarar meiner t.d. at hestar kan være gode brubyggjarar for kommunikasjon, og at hestar er gode verktøy gjennom å vere flokkdyr, som ser mennesket og gjer folk tryggare på seg sjølv. Tenestene på Inn på tunet-gardane er ofte skreddarsydde lågterskeltilbod retta mot både ungdom og vaksne. Dei gir arbeidstrening og har som målsetning å få deltakarane tilbake i arbeidslivet. Arbeid med dyr gir meistring. Dyr treng omsorg, og dermed får ein øving i å gi omsorg. Brukarar innan psykiatrien som er på eit IPT-tilbod, kan lære å meistre kvardagen gjennom aktivitetar med dyr. Demensomsorg Tanken med IPT i demensomsorga er at kontakt med dyr og fysisk aktivitet skal bidra positivt i kvardagen, og i nokre tilfelle tilby avlastning for pårørande. Det er ynskjeleg at alle kommunar har eit tilbod om dagplassar for heimebuande personar med demens. Ikkje alle ynskjer å bruke eit slikt tilbod om det er i tilknyting til ein sjukeheim. Dette gjeld gjerne dei som er i ein tidleg fase av sin

4 Inn På Tunet handbok, Naustdal kommune demenssjukdom, som opplever at dei er for friske for andre tilbod. For desse kan det vere lurt å prøve ut andre, alternative tilbod, der det vert lagt vekt på daglegdagse og tilpassa aktivitetar utanfor eit institusjonsmiljø. Eit godt, tilrettelagt avlastningstilbod for personar med demens, kan vere viktig både for den demenssjuke som får opplevingar, sanseinntrykk og gjerne kjensla av å vere til nytte. Men og for pårørande kan det vere det pusterommet dei treng, for å kunne ha sin nære buande heime lenger. Det vert hevda at tilbod om avlastning på dagtid kan utsetje behovet for sjukeheimsplass med inntil eitt år. Helsedirektoratet deler ut stimuleringsmidlar til oppretting av nye dagplassar for personar med demens. Desse midlane kan kommunen og bruke til å kjøpe IPT-plassar. Midlane har vore utlyst årleg med fortløpande søknadsfrist. Hausten 2015 starta matmerk arbeidet med å utarbeide ein veileder for Inn på tunet-tenester innan fagområdet demens. Planlagd lansering er hausten 2016. Regelverk Kvart einskild IPT-tilbod er unikt og har sitt særpreg, og si målgruppe. Tilbydar må setje seg inn i lovverk og prosedyrer for det området han/ho ynskjer å engasjere seg i. For å sikre god kvalitet i tenestene kan det vere ein fordel å ha eit tett samarbeid med kjøpargruppa i planleggingsprosessen, om det let seg gjere. Ein del av tenestene krev spesiell fagkompetanse. Det bør avklarast tidleg i prosessen. I forbindelse med IPT-prosjektet i Naustdal vart det gjort ei kartlegging der bl.a. krav om fagkompetanse vart avklara innanfor kvar teneste.

5 Inn På Tunet handbok, Naustdal kommune Kvalitetssikring IPT-godkjenning Avtalepartane i landbruket (Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Landbruks- og matdepartementet) har utvikla eit eige kravsett som dei som skal bruke «Inn på tunet» må oppfylle. Matmerk er tildelt ansvaret for godkjenningsordninga. Du må ha denne godkjenning for å kunne bruke logoen og kalle verksemda di «Inn på tunet». I dette kravsettet som er etablert, er det to hovudkrav som IPT-tilbydaren må tilfredsstille: 1. Tilbodet må være innanfor definisjonen på kva eit Inn på tunet-tenestetilbod er: «Inn på tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstilbod på gardsbruk. Tilbodet skal gi meistring, utvikling og trivsel. Gardsbruk er en eigedom som vert nytta til jord-, skog- eller hagebruk. Aktiviteten i tenestetilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet der.» Det er lagt opp til ein brei definisjon av begrepet gardsbruk men tilbodet må være knytt til eit gardsbruk med produsentnummer. 2. Tilbydaren må tilfredsstille krava i KSL-standardane 1 (Generelle krav til garden), 2 (HMS) og 11 (Inn på tunet). Dersom ein ynskjer godkjenning må ein følgje denne prosedyra; Ta kontakt med Matmerk for å bli godkjent som IPT-tilbydar. Dette kan gjerast pr. e-post (post@matmerk.no) eller telefon 24 14 83 00. Registreringsskjema finn ein og på www.matmerk.no. Viss ein ikkje har produsentnummer må det ordnast fyrst. 1. Matmerk informerer om kva krav som vert stilt for å bli godkjent (primært pr. e-post). 2. Før revisorbesøket må du gjennomføre ein eigenrevisjon der aktuelle standardar er gjennomgått. Eigne avvik må lukkast. 3. Matmerk vel ein revisor til å gjennomføre godkjenningsrevisjonen. 4. Revisoren følgjer vanleg revisjonsprosedyre og gjennomfører IPT-revisjonen. Denne revisjonen resulterer i en revisjonsrapport som sendast til tilbydar. Revisjonsrapporten blir behandla av Matmerk. 5. Behandlinga i Matmerk kan ha tre utgangar: a) Er revisjonsrapporten blank (dvs. ingen avvik), og ingen andre manglar er avdekka, godkjenner Matmerk tilbydar som IPT - tilbydar. Dermed er godkjenninga gjennomført og tilbydar kan marknadsføre tenestene sine som IPT-tenester. Ein får no løyve til å bruke IPT-logoen (sjå øvst i høgre hjørnet på denne sida). b) Det vert påvist avvik og garden kan ikkje umiddelbart godkjennast. Den vidare prosessen vil være avhengig av kor alvorlege avvika er, og kva type avvik det er snakk om. Er det eit avvik som det er lett å lukke og dokumentere, kan det gjerast utan ny revisjon og tilbydar vil bli godkjent som IPT - tilbydar så snart avvika er dokumentert lukka. (Dette vil som regel gjelde ved reine dokumentasjonsavvik). c) Det vert påvist avvik som krev ein ny kontroll. Etter at det er meldt at avviket er lukka, vert det gjennomført ein ny revisjon og ein startar igjen på punkt 3 i denne prosedyren. Manglande eigenrevisjon (av minimum standard 1, 2 og 11) fører til ny IPT-revisjon. Hovudregelen er at det vert opna for inntil to godkjenningsrevisjonar pr. tilbydar. Spørsmål om godkjenningsrevisjonar utover dette blir vurdert av Matmerk si faggruppe Inn på tunet.

6 Inn På Tunet handbok, Naustdal kommune Om du er ueinig i eit evt. avslag frå Matmerk om godkjenning, kan du klage på vedtaket. Det vert i første omgang behandla av Matmerk si faggruppe for Inn På Tunet. Om faggruppa er einig med klagar, vert du godkjent IPT-tilbydar. Er faggruppa einig med administrasjonen i Matmerk, kan saka klagast vidare til Matmerk sitt styre, som tek den endelege avgjerda. Fylkesmannen/Matmerk har kurs i KSL-standard med jamne mellomrom, gjerne etter behov. Her får ein mykje nyttig informasjon, samtidig som det er ein god anledning til å komme i gang med revisjon av eigen gard. Informasjon om kurs vert lagt ut på fylkesmannen sin IPT-sider, ta evt. kontakt direkte og meld interesse om kurs.

7 Inn På Tunet handbok, Naustdal kommune Til deg som ynskjer å bli Inn På Tunet tilbydar Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruke interessene dine og kompetansen din på nye måtar, på garden. Men det er mykje du må tenkje gjennom før du «hoppar i det», og gjer alvor av draumen: Kva type tiltak passar for meg? Vi er alle ulike både i måten vi handterer oppgåver på, og korleis vi samhandlar med andre. Det er viktig å bruke tid på å vurdere ulike målgrupper, tidleg i proessen. Målgruppa kan veljast frå kjøpar sine behov, men like viktig er det at målgruppa passar med dine interesser og din kunnskap. For at du skal yte eit god tilbod, og føle at det er verdt den tida du legg i det, er det viktig at det er noko som også gir deg noko. Kva er du brenn for? Familiesituasjonen: Det er viktig at familien er involvert i planleggingsarbeidet og at drifta passar med familiesituasjonen din. Inn på tunet-tilbod involverer ofte heile familien. Alt etter kva tilbod ein etablerer, og korleis ein organiserer det, vil dette involvere resten av familien/andre som bur på garden. Det er viktig at dei òg er med i diskusjonen frå starten av. Manglar du motivasjon frå dei nærmaste, kan det bli anstrengt når brukarane kjem til garden. Om familien/dei som bur på garden er positive kan dei bli ein ressurs for tilbodet. Fagkompetanse kan vera ønskeleg eller nødvendig i arbeidet. Ein del kjøpargrupper stiller krav om kompetanse innanfor eit fagfelt, men mange tilbod har ikkje dette i kravspesifikasjonen. Det viktigaste for mange kjøparar er at bonden er personeleg eigna. Når det gjeld kva kjøpargruppa i Naustdal seier om dette, kan du lese meir om det i statusrapporten etter kartlegging, som er vedlagt. Personleg eigna: Ein bonde som vil satse på IPT må trivast med å ha menneskje rundt seg. Din måte å kommunisere på, med ulike typar menneske, i ulike aldrar og med ulike utfordringar, bør vere med i betraktninga når du vurderer å starta eit tilbod. Det å vere personleg eigna er ein viktig føresetnad for å lukkast med eit tilbod. Tenk gjennom kva eigenskapar du har når det gjeld kommunikasjon, uthald, respekt for ulike menneskje, og når det gjeld å vere kvalitetsbevisst og strukturert. Som ein sentral person i tilbodet bør du vere trygg på seg sjølv, takle stress og uføresette hendingar, og kunne forhalde deg rasjonelt til konflikter. Det er og viktig å kunne vere fleksibel ovanfor samarbeidspartar, og kunne lytte til kva behov dei har. Interesser innanfor mange felt kan vere med å skape det unike Inn på tunet-tilbodet. Dette kan vere musikk, handverk, dans, skruing og mekking, friluftsliv eller noko helt anna. Bruk interessene dine i utforming av tilbodet, du er best når du gjer ting du likar! Kvar gard må tilby sitt spesielle tilbod ut frå eigenskaper, garden sitt potensiale og behov for tenestene. Bygg opp ditt tilbod, ikkje kopier andre sitt. Kva passar for min gard? Garden si fysiske utforming og grunnlag for aktivitet er også viktig når du skal finna eigna målgruppe(r) for etableringa di. Korleis ligg garden til kva muligheiter er det i nærområdet? Kva driftsform og innhald er det på garden i dag? Kva potensiale ser du?

8 Inn På Tunet handbok, Naustdal kommune Gode kontaktar Innovasjon Norge Dersom ein ynskjer å starte opp tilleggsnæring på garden, kan ein få tilskot og lån til idèavklaring og etablering. Innovasjon Norge kan gi tilskot på inntil 75% av kostnadsoverslag, til å førebu den planlagde verksemda. - Idèavklaringsfasen: o Denne fasen omfattar avklaring og utvikling av sjølve forretningsidéen. Det kan være marknadsundersøkingar, utarbeiding av ein forretningsplan og planlegging av sjølve etableringa. Du kan få støtte til eksterne kostnader i forbindelse med bl.a. kurs og reiser, enkel marknadsutgreiing og produktutvikling. - Etableringsfasen o Denne fasen omfattar utvikling av teneste/produkt fram til marknadsintroduksjon. Dette kan vere konsept- og produktutvikling, mindre fysiske investeringar, kompetansebygging, osv. Det er ikkje mulig å søkje om tilskot til begge fasane samtidig. Viss det er gitt tilskot til idéavklaringsfasen, må denne være avslutta før ein kan søke om nytt tilskot. Dersom ein har fått tilskot til idéavklaringsfasen, betyr ikkje det at du automatisk har krav på finansiering i etableringsfasen. Tilskotet kan utgjere inntil 75 prosent av kapitalbehovet, og det kan normalt finansierast inntil kr. 300.000 pr fase. Det vert ikkje gjeve tilskot til tiltak som er starta før søknaden er avgjort, støtta frå Innovasjon Norge skal vere utløysande for at prosjektet vert sett i gang. Innovasjon Norge gjev nye Inn på tunet-etablerarar tilbod om å inngå ei fadderavtale med ein etablert tilbydar. Tilbodet gjeld dei som får etablerartilskot. Erfaringar og gode råd frå ein etablert Inn på tunet-tilbydar, kan gjere at den viktige startfasen vert lettare på veg mot eiga Inn på tunetbedrift Kontaktperson Innovasjon Norge: Vemund Aartun, seniorrådgjevar E-post: vemund.aartun@innovasjonnorge.no Telefon: 57 65 19 56/99 29 36 96 Fylkesmannen Fylkesmannen si landbruksavdeling har ansvar for å koordinere og utvikle arbeidet med Inn på tunet i Sogn og Fjordane. Dei arbeider med å gjere Inn på tunet betre kjent i kommunal og statleg sektor. Fokuset er på fagleg utviklingsarbeid, og å støtte tilbydarane og kjøparane av Inn på tunet-tenester med kurs og aktivitetar. Prosjektleiaren for Inn på tunet-satsinga i Sogn og Fjordane har som oppgåve å realisere handlingsplanen for Inn på tunet 2013-2016. Handlingsplanen er utarbeidd av eit breitt partnarskap i fylket. Hovudmålsettinga for satsinga er å utvikle kvalitetssikra og samfunnsnyttige velferdstenester med garden som arena.

9 Inn På Tunet handbok, Naustdal kommune Kontaktpersonar fylkesmannen: Karoline Bjerkeset, prosjektleiar: e-post: fmsfkab@fylkesmannnen.no Tlf.nr.: 57 64 30 93 Randi Erdal, rådgjevar e-post: fmsfrer@fylkesmannen.no Tlf.nr.: 57 64 30 73 Tilbydarnettverket Sogn og Fjordane har eit IPT-tilbydarnettverk. Nettverket sender ut nyheitsbrev eit par gonger i året, og har eigne rådgjevarar; tilbydarar som deler sine erfaringar med andre som ønskjer å jobbe med Inn på Tunet. På fylkesmannen sine nettsider finn du meir informasjon om nettverket og rådgjevarane. Her blir og nyheitsbreva blir og publisert. Leiar i tilbydarnettverket: Leiar: Linda Rognø E-post: linda@hestegarden.no Tlf.nr.: 95 23 19 71

10 Inn På Tunet handbok, Naustdal kommune Til deg som ynskjer å kjøpe Inn På Tunet-tenester Eit kvalitetssikra tilbod Som kjøpar av tenester er det svært viktig at du vel tenesteleverandørar som har god kvalitet på tenestene og gode rutinar for dokumentasjon av dette. Godkjende IPT - tilbod er kvalitetssikra gjennom godkjenningsprosedyrar. Du bør difor velje ein Inn på tunet-gard som samarbeidspartnar, om du har muligheit til det. Då tilfredsstiller garden krav til helse, miljø og tryggleik. Ein del av desse krava er knytt til garden, andre er knytt til aktivitetane og kvaliteten i tilbodet. For å sikre kvalitet på tilbodet bør du undersøkje om garden har ordinær drift, og kva garden i hovudsak har som produksjon. Mange kjøparar ynskjer at garden skal ha dyr, sidan kontakt med dyr viser seg gje stor helsegevinst, både psykisk og fysisk. Garden må kunne vise til sunn økonomi, og ha alle formalitetar omkring føretaket i orden. Dersom garden har tilsette bør ein undersøkje om løns- og arbeidsvilkår er i tråd med lovverket. Samarbeidsrutinar, avtalar og anbod Det er viktig å etablere gode samarbeidsrutinar tidleg, og å formalisere samarbeidet. Dette sikrar kvalitet og skaper tryggleik både for kjøpar og tilbydar. Forpliktande avtalar mellom partane bør konkret synleggjere samarbeidsrutinar i tiltaket. Det er ulike måtar å organisere tilbod og samarbeid på: - Kjøp av komplett tilbod. Tilbydar stiller med fagkompetanse, fysisk tilrettelegging og lokalitetar. - Tilbydar tilbyr tilrettelegging og lokalitetar, og fungerer som ein «arbeidsleiar», men kjøpar stiller med kompetansen, t.d. lærar som er fagleg ansvarleg, eller helsepersonell i følgje med brukar. - Tilbydar er tilsett i organisasjonen som kjøper tenesta, og leiger ut lokalitetane som skal nyttast (garden) Det finst mange måtar å formulere avtalar mellom kjøpar og tilbydar på. Matmerk har ein standardavtale som kan brukast og vidareutviklast. Denne finn ein på matmerk sine nettsider, under «nyttige dokument». Dersom omfanget av tilbodet er stort nok vert det aktuelt med anbod. Her gjeld vanlege anbodsreglar. Ved å velje ei organisering der tilbydar er tilsett i kjøparorganisasjonen, med garden som arbeidsplass, gjeld ikkje vanlege anbodsreglar. Gjennom denne organiseringa leiger kjøpar garden, og har tydelegare styring med drifta av tiltaket. Rolle- og ansvarsfordelinga mellom gardbrukaren og den ansvarlege fagseksjonen kan ofte bli avgjort på grunnlag av bakgrunnen og erfaringar til tilbydaren. Mangel på relevant formell kompetanse treng ikkje bety at det blir eit dårleg tilbod, men det blir gjerne viktigare at kjøpar og tilbydar er saman om utviklingsprosessen.

11 Inn På Tunet handbok, Naustdal kommune Kva er viktig for ein kommune for å lukkast med Inn på tunet (Henta frå Rapport nr 33; Inn På tunet i Kommunal Tenesteproduksjon, Dvergsdal m.fl.) Erfaringar frå kommunar som har brukt Inn På Tunet tidlegare, tyder på at det er ulike kriterium som har vore vektlagt, og som har vore avgjerande for bruken av Inn på tunet. Nokre felles faktorar ser ein: - Politisk og administrativ forankring er eit avgjerande utgangspunkt for at Inn På Tunet skal finne sin plass i det kommunale systemet. - Eldsjeler er ofte avgjerande, slik også for å ta i bruk Inn På Tunet. Eldsjeler er viktige, både for å setje konseptet på dagsorden og for å få det forankra og integrert. - At kommunen tek ei aktiv utviklingsrolle og er bevisst på kva som er behovet, og kva dei ynskjer av tilrettelagde tilbod. Noko av suksessen for dei som får det til, ligg i ei felles forståing for kva Inn På Tunet er, at det er etablert ei felles oppfatning av kva rolle partane skal ha, at pris og kvalitet er avklart osv. - Totalkompetansen hos tilbydar er ein avgjerande suksessfaktor. I dette ligg både fagkompetanse knytt til det aktuelle tilbodet, men også realkompetanse i form av å vere eigna som omsorgsperson, medmenneske og mentor. Det kan sjå ut som det er ein viktig suksessfaktor at tilbydar har fagkompetanse og at vedkomande er tilsett i kommunen. Dette gjev kommunen meir «kontroll» over tenesteproduksjonen og sikrar kontinuitet i tilbodet. At tilbydar har fagkompetanse på det området ho/han leverer tenester på, gjer også at kommunen slepp å bruke eigne fagpersonar i tillegg. Dermed vert tilbodet mindre sårbart økonomisk. I tillegg bidreg dette til fleire hender i tenesteproduksjonen. Nyttige Lenkjer Fagstoff: http://www.matmerk.no/no/inn-pa-tunet Standard avtale: http://www.matmerk.no/no/inn-pa-tunet/nyttige-dokumenter Nasjonale planar finn ein på regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/tema/mat-fiske-og-landbruk/landbruk/innsikt/inn-pa-tunet--gronomsorg/id2405663/ Fylkesmannen har si eiga Inn På Tunet side: https://www.fylkesmannen.no/sogn-og-fjordane/landbruk-og-mat/inn-pa-tunet/