Ullensvang herad Formannskapet Møteprotokoll Møtedato: 26.08.2013 Møtetid: Kl. 09:30-12:25 Møtestad: Heradshuset, Kinsarvik Saksnr.: 049/13-055/13 Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnhild Jaastad SP Kåre Ystanes SP Ugilde Sak Følgjande varamedl. møtte Møteleiar: Frå adm. møtte: Utlevert i møtet: Orientering: Ordførar Solfrid Borge Rådmann Hedvig Moe Øren Nestleiar avd. næring- og utvikling John Ove Rørnes Informasjonsbrosjyre om eigedomsskatt og matrikkel, som og vart sendt ut til alle hustandar 26.08.13. Rådmannen, ordførar og fungerande nærings- og utviklingssjef orienterte om fylgjande: : Samferdsel ferje, Kinsarvik Utne Kvanndal dårleg beredskap, manglande informasjon frå Skyss. Kollektiv tilbod på vestsida som følgje av at Haukeliekspressen no går gjennom Jondalstunnelen. Skuleskyssen vert råka av desse endringane. Ekstramidlar til rutetilbod for ungdom: tilbodet var på austsida frå Brimnes til Hordatun, ynskjer slikt tilbod på vestsida. Møte mellom Sparebanken vest og heradet, 05.09.13 på Utne. Rådmann og ordførar har vore på vitjing på forskjellige arbeidsplassar. Har framleis att skulane. Har fått spesiell førespurnad om møte med Vines grannalag. 04.09.13 skal rådmann og ordførar på nordsida(oksenhalvøya) Heradet legg opp til eit kveldsmøte i nær framtid. Ordførar har hatt møte med museet på Utne. Dei vil nytta dei midlane som heradet har avsett i budsjett, kr 170 000, til naudsynt vedlikehald. Det er laga til venelag for Hesthamar skrivargard, Kåre Grønsnes vert heradet sin representant. 27.09.13 skal Laila Buer Storli ha konsert for inntekter til skrivargarden. Radio Folgefonn ynskjer eit nytt vedtak om sending frå heradsstyremøta. Det vert å handsama under budsjettet for 2014. Takk til formannskapet som deltok under opninga av
Hardangerbrua. Sp.mål/interpell.: Synfaring: Diverse: Gard Hjørnevik Risan om TV aksjonen 20.10.2013 som går til Nasjonalforeningen for folkehelsen og arbeidet med sjukdomen demens. Kyrkjeverje Gerd Rosten Bu om høyringa om det livsopne samfunnet, som er sendt ut til alle trusamfunn. Heradet støtter seg til fellesuttale frå dei kyrkjelege fellesråda i regionen. Prosjektleiar Anne Gerd Nysveen om eigedomsskatteprosjektet: Taksteringsarbeidet startar i fjellet 04.09.13. Prosjektet skal vera klar til 01.03.14. Heradstyre fastset promillesats, i dag har me 7 o/oo på verk og bruk. Økonomisjef Magnus Steigedal om den økonomiske stoda i heradet og om budsjettarbeidet som er i gang. Spørsmål frå Petter Sexe Ulriksen: Flyttesjau Sekse skule til Opedal skule. Mykje som vart kasta. Er det oversikt på kva som vart kasta, og har heradet råd til dette? Svar frå rådmannen: Det Opedal skule ikkje skal nytta, skal setjast på lager slik at dei andre einingane kan gjera seg nytte av dette utstyret. Fullstendig svar vert gjeve i heradsstyret. Underskrifter: Solfrid Borge (SP) Gard Hjørnevik Risan (AP) Samson Hamre (SP) Kåre Grønsnes (SV) Valter Osmo (KRF) Eli Johanne Hope (H) Sverre Kleivkås (SV) Petter Sexe Ulriksen (V) Kåre Ystanes (SP)
Sakliste Sak nr. Saktittel 049/13 Godkjenning av møtebok 27.05.2013 050/13 Delegerte saker 051/13 Meldingar og orienteringar frå rådmannen 052/13 Uttale - Sekse Montessori SA sin søknad etter privatskulelova 053/13 Forskrift om freding av statens kulturhistoriske eigedomar - Kap. 9 eigedomar i landsverneplan for kunnskapsdepartementet 054/13 Fv. 550 - Hauso - Ullensvang herad - søknad om særskilt fartsgrense og gangfelt v/hauso skule 055/13 Ymse tilskot 1. halvår 2013
049/13: Godkjenning av møtebok 27.05.2013 Møteboka vert godkjent slik ho ligg føre. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. FSK-049/13 VEDTAK: Møteboka vart godkjent slik ho låg føre. 050/13: Delegerte saker Delegerte saker vert tekne til orientering slik dei ligg føre. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke.. FSK-050/13 VEDTAK: Delegerte saker vart tekne til orientering slik dei låg føre.
051/13: Meldingar og orienteringar frå rådmannen Meldingane vert tekne til orientering slik dei ligg føre. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. FSK-051/13 VEDTAK: Meldingane vart tekne til orientering slik dei låg føre. 052/13: Uttale - Sekse Montessori SA sin søknad etter privatskulelova Ullensvang heradsstyre vil ikkje tilrå godkjenning av Sekse Montessoriskule SA. 22.08.2013 ELDRERÅDET Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. ER-029/13 TILRÅDING: Ullensvang heradsstyre vil ikkje tilrå godkjenning av Sekse Montessoriskule SA. 22.08.2013 RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA Framlegg frå Geir Midtun: Ullensvang heradsstyre vil tilrå godkjenning av Sekse Montessoriskule SA
Rådmannen sitt framlegg vart tilrådd med 3 mot 1 røyst, mindretalet røysta for framlegget frå Geir Midtun. RFU-026/13 TILRÅDING: Ullensvang heradsstyre vil ikkje tilrå godkjenning av Sekse Montessoriskule SA. Framlegg frå Petter Sexe Ulriksen (V): Ullensvang heradsstyre vil tilrå godkjenning av Sekse Montessoriskule SA Rådmannen sitt framlegg vart tilrådd med 6 mot 3 røyster, mindretalet røysta for framlegget frå Petter Sexe Ulriksen (V) FSK-052/13 TILRÅDING: Ullensvang heradsstyre vil ikkje tilrå godkjenning av Sekse Montessoriskule SA. 053/13: Forskrift om freding av statens kulturhistoriske eigedomar - Kap. 9 eigedomar i landsverneplan for kunnskapsdepartementet Formannskapet i Ullensvang herad har ingen merknadar til forslaget om freding av statens kulturhistoriske eigedomar kap 9 Eigedomar i Landsverneplan for Kunnskapsdepartementet, jamfør Kulturminnelova 22A og Forvaltningslova kap VII. 22.08.2013 ELDRERÅDET Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd. ER-030/13 TILRÅDING: Formannskapet i Ullensvang herad har ingen merknadar til forslaget om freding av statens kulturhistoriske eigedomar kap 9 Eigedomar i Landsverneplan for Kunnskapsdepartementet, jamfør Kulturminnelova 22A og Forvaltningslova kap VII.
Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. FSK-053/13 VEDTAK: Formannskapet i Ullensvang herad har ingen merknadar til forslaget om freding av statens kulturhistoriske eigedomar kap 9 Eigedomar i Landsverneplan for Kunnskapsdepartementet, jamfør Kulturminnelova 22A og Forvaltningslova kap VII. 054/13: Fv. 550 - Hauso - Ullensvang herad - søknad om særskilt fartsgrense og gangfelt v/hauso skule Formannskapet i Ullensvang herad støttar opp om forslaget til særskilt fartsgrense på Fv. 550 forbi kryss kommunal veg til Hauso skule. 22.08.2013 ELDRERÅDET Tilleggsframlegg frå Eldrerådet: Formannskapet ber om at det vert iverksett strakstiltak av omsyn til skuleborna, og at arbeidet med reguleringsplan for Hauso - Grimo sentrum vert teke opp att så snart som mogleg. Rådmannen sitt framlegg med tilleggsframlegg frå eldrerådet vart samrøystes tilrådd. ER-031/13 TILRÅDING: Formannskapet i Ullensvang herad støttar opp om forslaget til særskilt fartsgrense på Fv. 550 forbi kryss kommunal veg til Hauso skule. Formannskapet ber om at det vert iverksett strakstiltak av omsyn til skuleborna, og at arbeidet med reguleringsplan for Hauso- Grimo sentrum vert teke opp att så snart som mogleg. 22.08.2013 RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes tilrådd.
RFU-027/13 TILRÅDING: Formannskapet i Ullensvang herad støttar opp om forslaget til særskilt fartsgrense på Fv. 550 forbi kryss kommunal veg til Hauso skule. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. FSK-054/13 VEDTAK: Formannskapet i Ullensvang herad støttar opp om forslaget til særskilt fartsgrense på Fv. 550 forbi kryss kommunal veg til Hauso skule. 055/13: Ymse tilskot 1. halvår 2013. 22.08.2013 RÅD FOR FUNKSJONSHEMMA Framlegg frå Råd for funksjonshemma: Tv- aksjonen 2013 vert tildelt kr 25 000 og Diabetesforbundet indre Hardanger vert tildelt kr 5000-. Framlegg frå Råd for funksjonshemma vart samrøystes tilrådd. RFU-028/13 TILRÅDING: Tv- aksjonen 2013 vert tildelt kr 25 000 og Diabetesforbundet indre Hardanger vert tildelt kr 5000-. Framlegg frå formannskapet: Formannskapet løyver kr 15000 til TV aksjonen 2013, kr 5000 til venelaget for skrivargarden på Hesthamar og kr 5000 til Hordaland husflidslag.
Framlegget frå formannskapet vart samrøystes vedteke. FSK-055/13 VEDTAK: Formannskapet løyver kr 15000 til TV aksjonen 2013, kr 5000 til venelaget for skrivargarden på Hesthamar og kr 5000 til Hordaland husflidslag.
10