Kort elevinformasjon skoleåret 2016-2017 Voss Folkehøgskule ynskjer deg velkommen som elev! Voss Folkehøgskule er ein vakker skule i gamal vestlandsstil. Skulen ligg ovanfor Vangsvatnet, på Seim på Voss, ca 20 min å gå til Vossevangen/sentrum. Vi har eit positivt personale, gode, unge, aktive lærarar og 6 spennande linjer. Fantastiske elvar og fjell omkransar Voss og byr på sterke naturopplevingar heile året. Her kan du finna både fart og spenning og ro i sjela, muligheit til skikøyring i eit av Nord-Europas beste alpinanlegg, kafear og butikkar av alle slag og kulturhus med fleire kinoar og bibliotek. Voss har eit aktivt kultur- og friluftsliv.
Kart over skulen
Kart over Vangen
Ved brann Lat att vindauge og dører, og forlat rommet med ein gong brannklokka ringer. Ikkje ta deg tid til å få med tinga dine ut av rommet. Gå med ein gong til statuen av Lars Eskeland. Hald saman i ganggruppa. Gå ikkje attende til noko hus før det er stadfesta at det ikkje brenn der. Kvart gangråd vel ein brannansvarleg som til ei kvar tid skal vete kven som bur på gangen. Ved brann skal den brannansvarlege finne ut om alle på gangen har kome seg ut. I alle rom er det montert sensitive brannvarslarar. Dei vert aktivert av røyk eller varme. Desse varslar brannvesenet og tilsynstelefonen. Handmeldarane som er plassert ved utgangane varslar brannvesenet direkte. Brannvakt Tilsynslærar går brannrunde i internata alle dagar kl. 23.00, evt etter avslutta arrangement viss dette slutter seinare. Samtidig blir det kontroll-, lukke-, låse- og slukke-runde.
Internat, måltider og fellesrom Internatrom Midtgard Internatrom Jomsborg Internatrom Skulen har to internat med vaskeri og tørkerom: Jomsborg og Midtgard. Vi har 106 sengeplasser fordelt på dobbeltrom og enkeltrom. Ynskjer du enkeltrom må du søke om dette; enkeltrom kostar 5.500 ekstra. Se Økonomi. Vi fordeler rom i august. Å bu på internat er ei forandring for mange og ei stor utfordring. Internata er ein viktig del av folkehøgskulen sitt pedagogiske opplegg. Vi sett difor krav til deg når det gjeld reinhald, orden og omsyn til medelevar og tilsette. Ta omsyn til dei du bur i lag med og til rommet du bur i. Andre skal ha rommet ditt etter deg. Du vert økonomisk ansvarleg om det er skader på rommet som ikkje kan reknast som vanleg slitasje. Bruk korktavla Treng du hjelp til annet oppheng må du snakke med vaktmeister Kjetil. Bruk klebekitt til lettare ting du ynskjer å hengje opp Bruk ikkje tape, teiknestiftar, spikar eller liknande på vegger eller dører Flytt ikkje på fast inventar utan avtale med internatleder (seng, skrivebord, skåp) Nokre rom har sprinklaranlegg. Anlegget har dyser som lett løyser ut ved varme og berøring. Heng aldri noko i sprinklaranlegget! Byte av rom skjer berre i samråd med internatleiar og rektor.
Ganglærarar Lærarane har ansvar for kvar sin internat-gang. Gangråd Kvar gang på internatet har eigen ganglærar og vel ein eigen gangsjef og brannsjef. Gangrådet skal mellom anna få livet på internata til å gli godt, fremja trivsel, organisere reinhald, drøfte av konfliktar i skulemiljøet og gjennomføre elevkveldar etc. Peisestova og TV-rommet Peisestova er fellesrommet vårt. Her finn du elevkiosken som vert driven av elevane. TV-rommet er forma med sofabenker i amfi for TV og film. Måltider Frukost: Kvardager og laurdag 0745-0815 Sundag 0900 1000 Lunsj: Kvardager 1130-1230 Middag: Kvardagar og sundagar 1600 Laurdag 1300 Kveldsmat: Kvardagar og sundagar 2000 2030 Laurdag 1800-1900 Undervisningsrom og salar Undervisningsrom og spesialrom kan du nytte fram til kl. 2300. Internett Alle undervisningsrom og fellesrom har trådlaust internett. Økonomi Kostnader Innmeldingsavgifta 2.000 kroner betaler du når du takkar ja til elevplassen din Opphaldskostnader 92.000 kroner: kost, losji og undervisningsmateriell, klasseturar Tillegg enkeltrom 5.500 kroner Særskilt diett etter avtale med kjøkkenet NB! Dersom du sluttar i skuleåret, uansett årsak må du betale for 10 veker etter sluttdato. Studiereiser / linjeturar USA 22.000 kr: San Francisco og Silicon Valley Storbrittannia 15.000 kr: London, Liverpool og Edinburgh Austerrike, Alpane 13.000 kr: Stubaital v/innsbruch Spania 12.000 kr: La Santa på Lanzarote NB! Du må ha med eigne lommepengar. Turane skal betalast innan 15. august. Andre kostnader Årskort/skikort, ca. 4.000 kroner (hos Voss Resort) for dei som ønskjer kort og for dei som må ha heiskort på linja eller i valfaget
Hovudinstrument 5.000 kroner for instrumentundervisning (gjeld Musikkelevar) Lommepengar i skuleåret og på studieturen Forsikring Skulepengane betalast den 15. i kvar månad frå september til og med mai. Beløpa er tilpassa lånekassens utbetalingar. Planen ser du under. Du er forsikra mot skader/ulykker som skjer i samband med skulen sin undervisning og aktivitetar. Dei private eigedelane dine er ikkje dekka av skulen si forsikring. På studieturen må du ha eigen reise- og helse forsikring. (kanskje foreldra dine har allereie?)
Funksjonar Hovudlærar Kvar linje har ein hovudlærar som planlegger, koordinerer linjeaktivitetane og held orden på fråværet ditt. Internatleiar/husmor Internatleiar har ansvaret for drifta av internatet og hjelper til når elevar vert sjuke. Tilsynslærar Tilsynslærar har ansvar frå middag til morgonsamling kvar dag. Det er tilsynslærar du skal vende deg til om du har praktiske problem eller spørsmål på ettermiddagstid og i helgene. Tilsynslærar har telefon: 916 62 569 fra kl 1600-0830 Skulen sitt nummer er: 5652 9040 Vaktmester/brannvernleiar: 905 66 395 Vaktmeister er driftsleder og brannvernleiar Kontoret Elevråd Vaktmester følger opp stort og smått på internatet og er skolens brannmester. Kontoret er ope for elevane 0900-1600. Kontorleiar svarer på spørsmål om lån og stipend mm, leverer ut post og følger opp betaling av skulepengar. Elevrådet er fellesorgan for alle elevane, og skal saman med andre råd arbeide for å skape trivnad og gode samarbeidstilhøve på skulen, ta seg av elevane sine interesser, og fremje desse for rektor, personalråd, lærarråd og styre.
Ordensreglar Skulen har nokre enkle levereglar som sikrar eit godt liv for alle: 1. vis respekt og omsyn 2. møt presis og forberedt 3. ver ærleg, høfleg og snill 4. hald orden 5. overhald ro-/stilletid 6. ver totalt rusfri 7. ver opplagd og munter Vi vil ha ein open og inkluderande skule, ein skule for alle, kor alle har ein plass. For vi veit at folkehøgskulen verkar men berre om du deltek. Då får du oppleva mykje, læra mykje og få gode vener. I folkehøgskulene er det oppmøteplikt; du må møta til alle timar, alle arrangement og turar. Ein skule for alle er ein rusfri skule, heilt utan alkohol og andre rusmidlar. Dette omfattar både bruk og oppbevaring, og sjølvsagt påverknad. På kveldar utan skule dagen etter kan du gå på Vangen (sentrum) og nyta eit glas, om du går rett å legger deg på eige rom når du kjem heim utan å sjenera andre. Vi reagerar på brudd på ordensreglementet. Brukar du alkohol vil du bli bortvist ein periode, og utvist hvis det gjentek seg. Brukar du narkotika vert du utvist og mistar skuleplassen. Grensa vår for fråver går ved 5% av dei timane som er avhalde, og får du for høgt fråver kan skuleplassen vera i fare. Brudd på reglementet blir tatt opp i Disiplinærutvalet. Blir du utvist for resten av skuleåret, eller du sluttar frivillig, må du betale skulepengar i 10 veker frå sluttdato/heimreisedato. Då mister du dei to konkurransepoenga og stipendet frå Lånekassen. Vedtak i Disiplinærutvalet kan ankes til styret innan tre veker. Du må sette deg inni skulen sitt ordensreglement; det er viktig. Hovudsaken er at du er med, og deltek, at du er rusfri, og at du betalar skulepengene i rett tid. Og at du snakkar med oss viss det er noko. Det meste kan løysast gjennom samarbeid og god kommunikasjon. Vi vil at du skal få eit topp år på Voss! Du må skriva under på at du kjenner desse reglane, og vil samarbeida på desse premissane. Du må kjenne heile ordensreglementet! Du finn heile Ordensreglementet her: Nynorsk: http://voss.fhs.no/images/ordensreglar%20voss%20fhs%202016%20nynorsk.pdf Bokmål: http://voss.fhs.no/images/ordensregler%20voss%20fhs%208%20juni%202016%20versjon% 206%20LS.pdf Ro på skulen etter kl. 23.00 Dei som vil sova skal få sova; vi viser hensyn og er stille etter kl 2300. Dersom du ikkje skal overnatte på skulen må du gje beskjed til skulen (brannvern).
Litt av kvart Besøksordning Gjester kan overnatte på ditt internatrom. Bur du på dobbeltrom, gjer du avtale med den du bur saman med. Gjester fylgjer skulen sine reglar. Billige prisar du betalar til kontorleiar. Vask og reinhald Alle elevar vaskar romma sine sjølve og held dei i orden, og deler ansvaret for å halde korridor, trapper, dusj og toalett reine og ryddige. Klesvask og tørking Det er to vaskeri på skulen. Bruk av vaskemaskin er inkludert i skulepengane. Arbeidsgrupper/ kjøkkenteneste Gul Garde Avfall Alle elevane er med i kjøkkenarbeid og anna reinhald på skulen i ei arbeidsgruppe to til tre veker i løpet av skuleåret: «Gul Garde». Vi har avfallssortering: bio-boss (matavfall), papp/papir, metall og restavfall/anna avfall. Oppbevaring Syklar Ski og brett Emballasje Skytevåpen oppbevarast i sykkelskur setjas i to skistaller / prepperom / tørkerom f or utstyr oppbevarast i kott på rommet eller eigne rom og ammunisjon oppbevarast i eigne låste våpenskåp Skulerute hausten 2016 August 21 sundag skulestart Oktober 8 laurdag haustfest for elever og foreldre/familie 9-17 sundag-måndag haustferie skulen opnar 17 okt kl 17 November 5-6 laurdag-sundag elevstemne for alle noverande og tidlegare elevar 12-27 uke 46-47 reiseveker Desember 20 tirsdag juleavslutning heimreise, skulen stengjer kl 12. våren 2017 Januar 4 onsdag skulestart skulen opnar 3 jan kl 17 Februar 18-26 laurdag-sundag vinterferie skulen opnar 26 febr kl 17 Mars April 8-19 laurdag-onsdag påskeferie skulen opnar 19 april kl 17 Mai 13 laurdag avslutningsfest for elever og foreldre/familie 14 sundag avreise skulen stengjer kl 12 NB! atterhald om endringar, datoane viser fridagar frå og med til og med. Skulen er stengt i alle feriar (haust- jul- vinter- og påskeferie)
Økonomi Skulepengar dekker kost, losji og felleskostnader. Noko kostnader kan komme i tillegg avh. av linje. Kostnader og betaling 1. innmeldingspengar: kr 2 000 2. studietur: 13 000 22 000 (avhengig av reisemålet du vel): betaling seinast 15. august. 3. skulepangar: 92 000 i dobbeltrom / 97 500 i enkeltrom: betaling kvar månad, sjå under. 4. tillegg: heiskort/instrumentundervisning/anna, avhengig av linje, ca 5 000. Skulen brukar AvtaleGiro. Vårt betalingsforfall er den 12. i kvar månad. Dei fylgjer utbetalingane frå Lånekassen 12-15. i kvar månad og er mindre enn du får utbetalt frå Lånekassen. Beløpsgrense er sett likt for alle. Maksbeløp for enkeltrom(*) er 30 500. Enkeltrom betalast i september. Trekket frå din konto er sjølvsagt berre på det du skal betala. Send tilbake vedlagt AvtaleGiro-skjema til oss snarast! Søk om lån med ein gong! Gå til nettsida http://www.lanekassen.no/ for søknad og info. Her finn du oversikt over Lånekassen sine utbetalingar for maks lån 2016; du ser dei også her: Betaling dobbeltrom Betaling enkeltrom* Du får frå Lånekassen 1 Betaling 15 august studietur studietur * 20 790 2 Betaling 15 25 000 * 30 500 7 796 september 3 Betaling 15 oktober 7 000 7 000 7 796 4 Betaling 15 7 000 7 000 7 796 november 5 Betaling 15 desember 7 000 7 000 7 796 6 Betaling 15 januar 18 000 18 000 20 790 7 Betaling 15 februar 7 000 7 000 7 796 8 Betaling 15 mars 7 000 7 000 7 796 9 Betaling 15 april 7 000 7 000 7 796 10 Betaling 15 mai 7 000 7 000 7 796 Totalt 92 000 97 500 103 950 NB! *Viss du vel enkeltrom vil ikkje Lånekassen dekke heile beløpet som skal innbetalast i september. NB! Utbetaling frå lånekassen skjer først etter at skulen har bekrefta at du har møtt. Eleven er sjølv ansvarleg for betalinga til Voss Folkehøgskule om ikkje anna er avtala. Ved for sein betaling, vert det rekna rente med 0,8 % pr mnd. Du innbetalar alt til skulens bankkonto: 9581 05 00639, både skulepengar og reise/tur. Studieturen skal betalast seinast 15. august. Når du har valt tur betalar du inn reisekostnaden til: 9581 05 00639. Hugs å merke innbetalinga med reise, stad og namnet ditt! NB! Dersom du sluttar i skuleåret, uansett årsak, må du betala skulepengar 10 veker frå sluttdato.