Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord * Nr.1 Skuleåret 2013/14



Like dokumenter
Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Dra til sjøs! Nordfjordperler. Ti friluftslivlinjer. Med Statsraaden til Shetland. Bli med på kortreiste eventyr.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Til deg som bur i fosterheim år

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

mmm...med SMAK på timeplanen

OK, seier Hilde og låser.


Nordfjordfolk. Dra til sjøs! Ti friluftslivlinjer. Møt tre tidlegare elevar. Med Statsraaden til Shetland. Velg din favoritt

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Statsraaden Jostedalsbreen Tinderangling Sykkel Ski

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Statsraaden Jostedalsbreen Tinderangling Sykkel Ski


NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9


Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Månadsbrev for Rosa september 2014

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Valdres vidaregåande skule

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Informasjon til elevane

Innhald. Arme riddarar AV grovt brød Sandwich

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

«Ny Giv» med gjetarhund

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

6-åringar på skuleveg

Plassebakken Barnehage

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Info til barn og unge

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

6. trinn. Veke 24 Navn:

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

NORSKE TINDEVEGLEDERE - NORTIND SØKNADSSKJEMA FOR OPPTAK TIL TINDEVEGLEDERKVALIFISERING

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Hallo i nedslagsfeltet!

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Jon Fosse. For seint. Libretto

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Plassebakken Barnehage

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Månadsplan for Hare November

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

Kom skal vi klippe sauen

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Brukarrettleiing E-post lesar

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Fakta Framtidas skulebrød. 5. Framtidas skulebrød

La meg få ein sjanse til...

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Elevundersøkinga 2016

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Transkript:

nordfjord Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord * Nr.1 Skuleåret 2013/14 Kebab på bål Lær å lage mat i det fri Difor friluftslivskulen Møt 12 av dei 135 elevane våre 100 turar * 100 vener Bli med på store opplevingar på bre, til fjells og til havs 80 grader i teltet Badstove på tur Jakt og fiske * Ekspedisjon * Vind og vatn * Norge på langs * Ski og surf Aktivitet * Vertikalt * KRIK Høgt og lavt * Vegleiing * Bu- og arbeidstrening Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord * 1

* Nordfjord Gje dei noko av naturlivet tilbake. Det dei manglar, men som alle bevisst eller ubevisst lengtar mot. Og livssynet skal bli sunnare, og livsgleda lysare. Foto: Matias Myklebust Nordfjord Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord Fridtjof Nansen Ansvarleg redaktør: Tore Humstad Redaksjon: Lars-Ove Eikje,Odd Harald Halse og Jorunn Eikenes. Design: Innoventi Opplag: 8 000 Kontaktinfo Nordfjord folkehøgskule Vereide, 6823 Sandane Tlf 57 86 80 40, kontor@friluftslivskulen.no www.friluftslivskulen.no facebook.com/friluftslivskulen twitter.com/nordfjordfhs #nf1213, #nf1314 Ein himmel å sette spor under Om Skulen Eigd av Normisjon, region Sogn og Fjordane Elevplassar: 135 Gjennomsnittsalder: 20 år Kontonummer for gåver og betaling: Skulen: 3710.05.00117 Bistandsprosjekt: 3705.13.05842 RUNDT OSS har vi på Nordfjord folkehøgskule ein storslått natur med brear, fjordar og fjell som gir oss eit spennande læringsmiljø. I vest slår havet inn mot flotte surfestrender ved Stad. I nord ligg Sunnmørsalpane som ein majestetisk bakgard, og i aust innbyr Jostedalsbreen og Jotunheimen til fleire kortreiste opplevingar. Sør for oss ligg flotte skifjell og den snørike Gjegnalundsbreen. Lenger unna ligg resten av verda. Her engasjerer vi oss gjennom felles segltur til Shetland og linjeturar til Alpane, Middelhavsregionen og Svalbard. I tillegg følgjer vi eit bistandsprosjekt i Nepal. BAK OSS har vi ei 90 år gammal historie som folkehøgskule, og meir enn 7 000 elevar har fått med seg verdifull kompetanse etter eit år på Nordfjord. Skulen har ein kristen ståstad. Samtidig har vi god erfaring med at menneske med ulike livssyn kjem saman og utviklar gjensidig respekt og engasjement for kvarandre. Dei tolv siste åra har skulen hatt ein reindyrka friluftslivsprofil, og dagens friluftslivlinjer har røter heilt tilbake til syttitalet. OVER OSS ønskjer vi å teikne ein open himmel. Gjennom heftige naturopplevingar og gode fellesskapserfaringar, ønskjer vi å formidle både kunnskap og tru, naturglede og tryggleik. Undervisninga skjer tett på naturkreftene og livet. Her får du oppleve sterke og personlege uttrykk som gjer inntrykk og set gode avtrykk som er fine å ta med seg når livet går vidare etter at skuleåret er ferdig. TIL DETTE LANDSKAPET inviterer vi deg som elev eller støttespelar på annan måte. Fridtjof Nansen oppmoda samtida si slik i ein tekst frå i 1900: Gje dei noko av naturlivet tilbake. Det dei manglar, men som alle bevisst eller ubevisst lengtar mot. Og livssynet skal bli sunnare, og livsgleda lysare. Kva kan så Nordfjord tilby? Vel, ein fjord å segle på. Ei fjellside å klatre opp. Eit brefall å boltre seg i. Venner å bli kloke på. Og ein himmel å sette spor under. rektor Søknad og søknadsfrist Vi har ingen søknadsfrist, men startar opptaket 1. februar. Dei siste åra har vi hatt full skule, og enkelte linjer er ekstra populære. Det er lurt å søke tidleg! Sjekk friluftslivskulen.no for søknadsskjema, oppdatert info, bilde, turrapportar, filmar og meir. Les meir om skulen sin profil og visjon på friluftslivskulen.no Framsidefoto: Brekurs på Haugabreen. Matias Myklebust, Ingrid Støyten, Una Tveit Hauan og Per Thomas Byrkjedal. Foto David Zadig 2 * Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord

* Innhald Foto David Zadig 27 Foto: Matias Myklebust 22 HARDE FAKTA Foto David Zadig * Fellestur Til sjøs med Statsraaden Difor Nordfjord Les kvifor 12 elevar bestemte seg for 6å gå på Nordfjord folkehøgskule Meir: 4 Årets bilde 12 Turbadstove 13 Kebab på bål 21 Valfag 23 * Læraren På Nordfjord har vi mange gode lærarar. Ein av dei er Bjørn. Foto: Matias Myklebust Foto: Oddvin Agnalt Østmo 10 Skjulte perler Heile ti Linjer Med friluftsliv å velge Frå Få oversikt, side 16-20 16 Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord * 3

* Årets bilde Det blir tatt mange flotte bilde i løpet av eit skuleår. Kvart år arrangerer vi fotokonkurransar. Vinnaren skuleåret 2011/2012 vart Morten Håvik med dette bildet: På veg mot toppen av Ola-Hans-fjellet 4 *

Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord * 5

* Difor friluftslivskulen Kva får ungdomar frå heile landet til å investere i eit år på Nordfjord folkehøgskule? Ute på tur: Difor Valde eg Nordfjord Tekst: Jorunn Eikenes. Foto: David Zadig 6 *

Oskar Asplin Oslo - Dette året er avslappande og deilig - det er ikkje så mange bekymringar, akkurat! Ingen prøver og ingen innleveringar, akkurat det eg trengde etter mange år på skule. Det ville vere hardt å begynne rett på studiane, det er veldig godt å ha noko kjekt å gjere dette året. Og så skal eg bruke året til å tenke på kva eg skal vidare, og forhåpentlegvis finne ut kva eg skal studere og kva eg skal bli. Det blir nok litt annleis neste år Karine Medhus Hafrsfjord - Eg gledde meg veldig til turen med Statsraad Lehmkuhl. Det er så bra å prøve nye ting! Å vere på eit stort seglskip har eg aldri prøvd, og seglturen var ein viktig grunn for å søkje på akkurat denne skulen. Turen over havet til Shetland var kjempebra! Vi vart så godt kjent, og der lærte vi å leve tett akkurat som vi lærer det resten av dette skuleåret. Matias Myklebust Oslo - Everyday is a Saturday! Sånn er det på Nordfjord. Vi står opp tidleg, men det er jo null stress når vi berre skal gjere bra ting! Matias er erfaren på friluftsliv, for eksempel klatring, ski, topptur, kite og padling. - Eg kunne jo i teorien budd heime og brukt året på friluftsliv, men kva hadde det blitt utan det geniale: Å bli vener med masse folk som det er kjekt å reise på tur med! Sara Margrethe Ommedal Tønsberg - Denne skulen trur eg at eg har visst om heile livet. Sara Margrethe bur i Tønsberg, men vaks opp i Hyen, ei bygd ikkje så langt frå Nordfjord folkehøgskule. Mor hennar har gått her, og ho har alltid høyrt masse om skulen. - I fjor var søskenbarnet mitt elev her, og eg spurde han om alt og pumpa han for opplysningar om korleis det var her. Og då vart eg overbevist om at eg ville gå her. Eg hadde lyst på forandring og nye utfordringar, og dette er plassen for å få prøve masse nye ting. Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord * 7

Marthe Bjella Kongsberg - He, he eg er vel ikkje akkurat den tøffaste...kanskje Men dette året skal eg utfordre meg sjølv, og prøve ekstremt mange nye ting aktivitetar som eg aldri har vore i nærleiken av. Og så skal eg oppleve Norge. Eg lurte på om eg skulle gå på ein skule med stor utanlandstur, men så fann eg ut at dette året vil eg heller bli kjent med det norske. Eg vil oppleve norske fjell, og håpar på ei ny oppleving av mitt eige land. Vilde Sines Vegårdshei - Eg kjente ingen då eg kom til Nordfjord, eg tenkte eg ville begynne heilt på nytt. Og det har gått så fint! Romkameraten min det kjennest som eg har kjent ho heile livet. Det fine her er at det ikkje er press på kle og sminke og sånne ting det er godt å få vere som eg er! Eg søkte Nordfjord både på grunn av friluftsliv og fordi det er ein kristen skule. I klassa mi heime var eg åleine kristen, her er det fleire. Det er veldig fint. 8 * Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord

Per Thomas Byrkjedal Sandnes - Kvifor Nordfjord? FRILUFTSLIV. Eg vil bygge vidare. Eg gjekk friluftsliv på vidaregåande, og no er eg klar for endå meir turar og endå meir opplevingar. Per Thomas såg ei oppdatering på Facebook der ein kompis hadde lagt ut eit bilde frå Nordfjord. Og dermed visste han kvar han ville. - I Stavangerområdet er det altfor få toppar og for lite laussnø, eg søkte Nordfjord for å få meir av begge deler. Sigri Sognnes Andresen Trondheim - Det er godt å vere her. Eg er på heilt rett plass! Sigri bestemte seg i løpet av siste året på vidaregåande for at ho ville gå på folkehøgskule. Ho ante ikkje kva skule ho skulle søkje på, og gjekk inn på fellessida for alle folkehøgskulane. - Der kryssa eg av på interessene mine, og så dukka det opp ei liste med skular som kunne vere aktuelle. Av dei var Nordfjord. Eg las på nettsida, vart overbevist, og gledde meg masse. Så her er eg! Helene Hvattum Bærum - Eg vil lære ting. Det er det eg vil dette året. Lære å stå telemark. Lære å surfe. Lære å ha det ekstra bra på tur, lære å nyte friluftslivet fullt ut. Eigentleg er eg skikkeleg lat, altså. Eg burde trene meir, men eg er ikkje så glad i å trene styrke og sånn. Men no har eg allereie blitt i betre form, det er kjekt å gå på tur og trene saman med andre, og her er vi på tur heile tida. Og her går det an å prøve nye ting og lære nye ting saman med andre - utan å bli flau for at eg ikkje kan det frå før. Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord * 9

* Turtips Skjulte perler Foto: Halfdan Bergersen Skåla, Jostedalsbreen, Hoddevika og Stad: I Nordfjord ligg store og kjende naturperler på rad og rekke. Men små, skjulte perler er nesten endå betre, og vi veit vegen Skjerdalen På vestsida av Hyefjorden ligg Skjerdalen. Ei lita, veglaus grend med ein barnefamilie i eit hus, og besteforeldra i nabohuset. Du går på land på kaia, ruslar gjennom tunet, helsar på den lodne hunden, og startar vandringa over den brusande elva og oppover i dalen. Halvvegs inn i dalen, møter du langbeinte og høgreiste arabarhestar som beitar på støylskvia. Dei spør om du har ein sukkerbit, og når du seier nei tiggar dei heilt til dei får ete noko anna frå nista di. Du går vidare i det irrgrøne landskapet og kjem fram til vatnet i botnen av dalen. Det ligg så kaldt og så blankt og så klårt at du ser fisken symje på botnen. Gjegnalundsbreen kvelvar seg over fjellkammen, og om du ikkje er aldeles bortskjemt på opplevingar blir du overvelda. Månelandskap Det er som ei anna verd. Fjellformasjonane er forvridde, landskapet er goldt, og med berre ei lita dose fantasi er du trygt plassert på månen. Men sjekkar du kartet ser du at du framleis er i Nordfjord, i fjellmassivet rundt Ålfotbreen. I dette området, med fjellhyller, sprekker og vanskelege ruter får du utfordringar både fysisk og mentalt. Foto: Jon Olav Husabø Eikenes 10 * Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord

Foto: Oddvin Agnalt Østmo Våtedalen Det er nesten latterleg å kalle det ei skjult perle. Men vi gjer det likevel. For sjølv om trafikken på Europaveg 39 dundrar gjennom Våtedalen, er dette ei skjult naturoppleving for dei fleste. For når du berre sit i bilen kan du ikkje kjenne lukta av gras, vatn og jord i den friske og regnvåte lufta. Du kan ikkje høyre brekinga og mekringa frå dei fleire hundre sauene og geitene som pleiar kulturlandskapet. I bilen får du heller ikkje med deg fargespelet i den grøne elva, og du får slett ikkje kjenne på kreftene i vatnet som strøymer forbi. Gå ut av bilen. Slå opp teltet. Prøv elvekajakken. Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord * 11

* Turtips 80 grader i teltet Foto: Odd Harald Halse 100 elevar har klatra og vandra ulike ruter over fjellet frå Sørstranda til felles leirplass ved Gjengedalsvatnet i Hyen. Etter at gnagsår er pleia og magen er metta, er det tid for prikken over i-en: Ei dampande badstove rett før leggetid. Det dreiar seg ikkje om ei varm og god badstove med solide trebenkar i trappetrinn oppetter veggen. Badstova er eit utrangert telt, men til dette er det godt som gull. Teltet er fylt av fuktig og varm luft, og sjølv om det eigentleg er litt surt ute er det berre å kaste kleda, ta eit bad i det friske fjellvatnet og deretter dykke inn i den varme dampen. Slik gjer du det Bruk eit gammalt yttertelt du ikkje er redd for. Eit stykke frå teltet fyrer du opp eit svært bål. Legg mange passeleg store steinar inn på bålet. Når steinane er sotfrie er dei gjennomvarme. Bruk ein spade og flytt steinane frå bålet og inn i midten av teltet. Tøm vatn over steinane, og vips fyller teltet seg med damp. Foto: Odd Harald Halse * Difor friluftslivskulen Foto: Lars-Ove Eikje Foto: Lars-Ove Eikje Foto: Emilie Kvamme Fjeldstad Thomas Immanuel Weisser Vang i Valdres - Dette er eit friår, eit tenkeår. Thomas Immanuel har gått tre år på musikklinje på vidaregåande, og trur kanskje han hamnar på Musikkhøgskulen i Oslo neste år. Så dette året blir annleis-året. - Det er digg å få eit år med så masse friluftsliv! Eg får prøvd masse som eg ikkje ville gjort på eiga hand. Silje Røsåsen Høivangli Hakadal - Eg drøymer om ekspedisjonar. Berre høyr på ordet! Det er jo fantastisk! Å vere lenge vekke, gå lange, lange skiturar, bestige fjell ah Eg lever berre ein gong, og eg vil bestemme og gjere det eg har lyst til! Etter eit år på Nordfjord trur eg at eg kan nok til å reise på eigne ekspedisjonar. Kjell Einar Erikstein Vinje i Telemark - Eg har fått nok av mykje teori og hard satsing på idrett etter tre år på skigymnas. Dette året skal eg berre ha det morsomt! Eg bestemte meg for Nordfjord fordi her er det både jakt og mykje anna friluftsliv. Vi var på Statsraad Lehmkuhl, rypejakt, og denne veka skal vi på bre. Dette er eit år med stort spenn, ingen dagar er like. 12 * Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord

* Mat i det fri Foto: Ellen Lande Gossner Oppskrifta er henta frå boka Mat i det fri av Øystein Vegge og Per Momrak. Per er lærar på linja Friluftsliv/Jakt og fiske på Nordfjord folkehøgskule. Kebab på bål Du treng 1 løk 1-2 fedd kvitløk 1 kilo kjøtdeig 2 tomatar 1 paprika 1 ts salt ½ ts svart peppar Riv opp løk og kvitløk i små bitar, helst med rivjarn, og bland løk, kvitløk og kjøtdeig. Lag små pølser av blandinga og pakk dei rundt eit grillspyd. Skjær tomatane og paprikaen i skiver og fest dei på grillspyda. Server med pitabrød og dressing. Pitabrød (16 brød) 1/2 liter vatn 50 g tørrgjær 1 ts salt 3 dl sammalt kveite, grov 10 dl kveitemjøl Varm opp vatnet til ca 40 grader. Tilsett det tørre og bland dette godt. La deigen stå og heve i ca 20 minutt. Kjevle ut deigen i små flate brød på ca 20 cm i diameter. Steik i olje på steikepanne, steinhelle eller i ovn. Dressing 1 fedd kvitløk 3 dl rømme 3 dl majones 1/4 sitron 1 ts salt 1 ts peppar Finnhakk kvitløken og bland den saman med rømme og majones. Ha over sitronsafta og smak til med salt og peppar. Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord * 13

Foto David Zadig * fag 100 turar 100 vener Nordfjord folkehøgskule er friluftsliv, og mykje meir. Det er opplevingar og fellesskap, det er 100 turar og 100 vener. Mykje av fellesskapet og opplevingane får du gjennom fagtilbodet: Linjefag, valfag, prosjektveker og fellesturar. 14 *

Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord * 15

* Linjefag Friluftsliv/KRIK Høgt og lavt Kvifor nøye seg med ein liten sjokolade når du kan gå berserk i smågodthylla? På denne linja får du prøve alt som er verdt å prøve. Høge høgder, flotte menneske og sterke inntrykk i Nepal. Store naturopplevingar i Norge. Bølgjer, havblikk, surfing og kiting. Fjell, ski og klatring, bre og kajakk. Bål og telt, god mat, gode vener, rolege kveldar og stille morgonar. KRIK står for Kristen Idrettskontakt. Høgt og lavt har vi alt forklart. Gjer deg klar til eit år med friluftsliv, idrett, Gud og menneske. På KRIK Høgt og lavt får du ikkje berre utsikt. Du får innsikt. Gå difor ut Fakta om KRIK Høgt og lavt: Nepal 16 dagar + Skikøyring i Alpane/Sunnmøre + Vandretur på hausten + Brekurs + Skredkurs + Klatring + Elvekajakk + Toppturar + Havkajakk + Skiveke i Hemsedal + Surfing på Stad + Snøholetur + Segltur med Statsraad Lehmkuhl + Terrengsykling + Kokelagstur + KRIK- linjesamling i Oslo + Isklatring + Pilegrimsvandring + Teambuilding/leiartrening + Åleinenatt + Førstehjelpskurs + Tinderangling Foto: Eirik Tengesdal Foto: Øystein Vegge Friluftsliv/Vertikalt Bratt læringskurve Nokre av oss har ein draum. Ein draum om å vere mest mogleg i fjellet, på reise, i rørsle. Sjå for deg eit raudt telt midt ute på Jostedalsbreen. Sjå for deg interrail gjennom Alpane, hengje ut av togvindauget, peike på toppane, gå på toppane. Sjå for deg ein sekk som alltid er ferdig pakka, ei klatrerute som trufast ventar, ei offpistelinje på Sunnmøre. Kvar gong du har vore langt borte, er det betre å komme heim. Til dei nære fjella. Til bålet i skogkanten. Fakta om vertikalt: Klatretur til Sør-Europa + Sportsklatring + Isklatring + Brekurs + Tinderangling + Toppturar + Elvepadling + Terrengsykling + Skikøyring i Alpane/ Sunnmøre + Skredkurs + Toppturar + Skiveke i Hemsedal + Basistur haust + Statsraad Lehmkuhl + Kokelagstur + Åleinenatt + Førstehjelpskurs + Snøholetur + Vintertur + Pilegrimsvandring + Skileik På denne linja blir du globetrottar og nordfjording på ein gong. 16 * Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord

Friluftsliv/Norge på langs Det beste av alt. Det beste av Norge og det beste av friluftsliv, eit eventyr frå nord til sør. Vi startar på sykkel frå Nordkapp, og seglar i vind og blæst langs trøndelagskysten. På Sunnmøre skal vi svinge oss innover fjordane i kajakk. Sørover gjennom Breheimen og Jotunheimen går vi på ski, og til slutt opplever vi våren på Lindesnes. Med base på skulen, men likevel eit år på reise i eige land. Norge på langs. Friluftsliv på tvers. Frå topp til tå Fakta om Norge på langs: Sykkeltur Nordkapp Lofoten + Kajakkpadling + Segltur + Skitur Breheimen og Jotunheimen + Sykkeltur Jotunheimen - Lindesnes + Skredkurs + Toppturar + Skiveke i Hemsedal + Bre + Klatring + Basistur haust + Statsraad Lehmkuhl + Kokelagstur + Åleinenatt + Førstehjelpskurs + Snøholetur + Vintertur + Pilegrimsvandring + Skileik Foto: Hilde Hoel Stenmark Foto: Lars-Ove Eikje Friluftsliv/Ekspedisjon Ekspedisjon! Eit ord lada med forventningar, med spenning, med Roald Amundsen, med Cecilie Skog, med Mount Everest og Sibir. Eit forlokkande ord, ikkje sant? Ekspedisjonar handlar om å reise frå det kjende og inn i det ukjende saman med folk du stolar på. Saman med folk du vil dele opplevingar med. Saman med gode vener. Hos oss skal du på lengre ekspedisjonar til tre av dei mest alpine fjellområda i landet vårt: Svalbard, Sunnmørsalpane og Jotunheimen. Du kan sjå fram til bre, skredkurs og klatrekurs, padling og ikkje minst; ei lang rekkje overnattingar i telt og under open himmel. Dei lengste turane Fakta om ekspedisjon: Skitur på Svalbard (12-14 dagar) + Hausteventyr (8-10 dagar) + Langtur i vinterfjellet (6-8 dagar) + Brekurs + Klatrekurs + Havkajakk + Skiveke i Hemsedal + Toppturar på ski + Tinderangling + Skredkurs + Kite/surfing + Snøholetur + Vandretur på hausten + Segltur med Statsraad Lehmkuhl + Førstehjelpskurs + Kokelagstur + Åleinenatt + Skileik + Pilegrimsvandring Dette året vil krevje mykje av deg. Er du klar? Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord * 17

* Linjefag Friluftsliv/Jakt og fiske Det er vilt i vest. Difor kan vi ønskje deg velkomen til eit år med jakt. Du skal jakte på rype, hare, rev, villsvin og hjort. Du skal jakte på den gode kjensla. Du skal leve som Lars Monsen, med teltet og rifla og heile villmarka som din nye heim. Du skal sette ut feller, fiske med fluge og garn, slakte og tilberede. Men ikkje berre det. Du skal få prøve deg på anna friluftsliv: spennande skiturar, vakre fjelltoppar og bratt klatring. Kort sagt: velkomen til eit vilt år. Licence to kill Fakta om jakt og fiske: Hjortejakt + Rype-, hare- og skogsfugljakt + Revejakt + Gåsejakt + Seljakt + Villsvinog beverjakt + Innlandsfiske + Havfiske / segling + Kano/ kajakk + Klatring + Toppturar + Skredkurs + Skiveke i Hemsedal + Basistur haust + Segltur med Statsraad Lehmkuhl + Kokelagstur + Åleinenatt + Førstehjelpskurs + Snøholetur + Vintertur + Pilegrimsvandring + Skileik Foto: Torger Eimhjellen Foto: Hanna Lønning Gjerdi Friluftsliv/Vind og vatn Ein heilt annan fartskontroll Vind og vatn er dei mest fartsfylte elementa. Dei gir dei sterkaste opplevingane. Fordi naturen er på sitt aller sterkaste. Vindfulle dagar heng du i riggen om bord i ein seglbåt. Eller etter ein kite på Hardangervidda. Regnvérsdagane fyller opp padleelvane på Voss. Varme solskinsdagar lokkar med bølgjesurfing. Og under vassflata ventar ei annleis verd. Tenk deg ein kvardag med ferskvatn, saltvatn og tørre snøkrystallar. Eit år med rein natur og rein moro. Eit år med wetlook og bakoversveis. Fakta om vind og vatn: Surfe- og kitetur til varmare strøk + Elvepadling på Voss + Surfing på Stad + Segling/kystveke + Havkajakk + Kiting på snø + Skredkurs + Toppturar + Skiveke i Hemsedal + Bre + Klatring + Basistur haust + Statsraad Lehmkuhl + Kokelagstur + Åleinenatt + Førstehjelpskurs + Snøholetur + Vintertur + Pilegrimsvandring + Skileik 18 * Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord

Foto: Johannes Kristianslund Friluftsliv/Ski og surf Eit år med fri flyt Det handlar om å flyte. Om å vere på toppen av elementa. Om å finne den rette kjensla i laussnøen ned frå kvasse vestlandsfjell. Eller blant bølgjene ute i Hoddevika ved Stad. Du skal ut og leite etter den rette balansen. Ut og leite etter dei største opplevingane. Om det no er i dei beste laussnø-anlegga på Vestlandet. Eller på ein draumestad i dei ekte Alpane. Du kan ikkje surfe gjennom heile livet. Men du kan surfe gjennom eit heilt skuleår i Nordfjord. Fakta om Ski og surf: Surfing på Stad + Toppturar + Basistur haust + Bretur + Hav- /elvekajakk + Klatring + Åleinenatt + Kokelagstur + Skredkurs + Skikøyring i anlegg på Vestlandet + Skikøyring i Alpane + Toppturveke i Hurrungane + Segltur med Statsraad Lehmkuhl + Førstehjelpskurs + Skileik + Skiveke i Hemsedal + Snøholetur + Pilegrimsvandring Foto: Arne Erdal Friluftsliv/Aktivitet Mykje vil ha meir Nokre gongar treng du ikkje velje. Her er turmiksen for deg som vil høgt og lågt. Som vil ha det meste av det beste innan friluftslivet. Gutar og jenter: vi har gleda av å presentere ei linje med mykje innhald, mange turar, tett program. Som klatring i fjell, vandring på bre, padling i elv, surfing på Stad, skiturar i vinterfjellet, kryssing av Josten og heiskort til offpistekøyring på Sunnmøre. Denne linja reindyrkar variasjonen. Du får skredkurs den eine dagen, isklatring den andre og kiting den tredje. Fakta om aktivitet: Toppturar + Skiveke i Hemsedal + Bre + Klatring + Skredkurs + Havkajakk + Tinderangling + Bølgesurfing på Stadt + Elvekajakk + Kiting + Isklatring + Jostedalsbreen på langs + Kystfriluftsliv + Basistur haust + Snøholetur + Vintertur + Skileik + Kokelagstur + Statsraad Lehmkuhl + Pilegrimsvandring + Åleinenatt + Førstehjelpskurs Her treng du ikkje velje bort noko. Her vel du alt på ein gong. Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord * 19

* Linjefag Bu- og arbeidstrening Nye vener. Nye aktivitetar. Og nye erfaringar. Som elev på Bu- og arbeidstrening vil du ta del i eit inkluderande fellesskap og lære deg å bli meir sjølvstendig. Hos oss kan du øve på å halde ditt eige rom ryddig, halde orden på kleda dine, måltida dine og fritida di. Sjølvsagt skal vi hjelpe deg. Dei tilsette vil sørgje for at du får den hjelpa du treng. Både når du er på skulen og når du er ute på tur har du 100 ungdomar å dele opplevinga med. Det første året heimanfrå Dette året vil bety mykje for deg. Og for alle oss andre som blir kjende med deg. Fakta om Bu- og arbeidstrening: Matlaging + Personleg økonomi + Arbeidstrening + Fysisk aktivitet + Friluftsliv + Sosial trening + Romvask + Klevask + Personleg hygiene + Norsk/data + Musikk + Teikning/maling Foto: Lisbeth Momrak Foto: Oddvin Agnalt Østmo Friluftsliv/Vegleiing For nokre blir ti månader i Nordfjord for lite. Dei vil ha meir friluftsliv, og fleire utfordringar. Går du på Friluftsliv/Vegleiing er du stipendiat på skulen. For å få plass på denne linja må du ha eit år med friluftslivutdanning frå folkehøgskule eller tilsvarande bakgrunn. Som stipendiat får du praksis som vegleiar for andre elevar på tur, du er med i det sosiale miljøet på skulen på ettermiddags- og kveldstid, og du er assistent og støttekontakt for elevane på Bu- og arbeidstrening. Du får undervisning og rettleiing, og personalet gir deg tett oppfølging. Når eit år ikkje er nok Eit år der du gir mykje av deg sjølv. Og får uendeleg mykje tilbake. Fakta om vegleiing: Vegleiarpraksis + Miljøarbeid + Assistent/støttekontakt + Pedagogikk + Spesialpedagogikk + Leiarutvikling + Personleg utvikling + Gruppeprosessar + Leiingsteori + Skredkurs + Brekurs + Klatrekurs 20 * Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord

* Valfag og prosjektveker Ditt år frå ende til annan Foto: Ragnhild Tronvoll Det er du som vel kva linje du vil gå. Og ikkje nok med det, i løpet av året får du velje mellom 50 valfag du vil fordjupe deg i. Og så kjem prosjektvekene på toppen: Fire veker med eksklusive opplevingar i løpet av året. Valfag Tenk deg for ein unik sjanse du har til å komponere akkurat det året du vil ha. Bunken med valfag på Nordfjord folkehøgskule er stor og tjukk, vi nemner allidrett, ballspel, barmarkstrening, bibelfag, buldring, dans, filosofi, flugebinding, fotball, foto, gitar, havkajakk, hybelkokk, idrett, jegerprøve, kajakkbygging, keramikk, klatring, knivmaking, kor, kristendom, longboard, musikk, smiing, terrengsykkel, topptur, toving, trearbeid, utstyrslaging, volleyball og web. For eit år det kan bli! Prosjektveker I prosjektvekene er timeplan eit framandord. Då er det store enkeltprosjekt i ei heil veke, og du kan for eksempel delta i revy, dykking, tradisjonsmatlaging, toppturar, jakt, praktiske byggeprosjekt, klatretur til Frankrike eller Spania, bibelskule, treningsleir, kystveke, vinter-telttur eller musikk. To prosjektveker i november, velg mellom: Revy Praktisk uteprosjekt Klatring i Sør-Europa Din tur Kajakkbygging Prosjektveke i desember, velg mellom: Smiing Treningsleir Kystveke Dykkarkurs Jaktveke Tradisjonsmat og julegodt Utstyrslaging Bibelskule Kite/topptur Film Musikk Prosjektveke i mars, velg mellom: Toppturar Vintertur med telt Kystveke Skianlegg i Østerrike Skianlegg i Norge * Dette fekk vi med oss. Fire tidlegare elevar om kva dei sit att med etter sitt år på Nordfjord. Foto: Markus Johannessen Foto: Cecilie Bjelke Foto: Ingeborg Lund Mathisen Narve Honningsvåg Ragnhild Tronvoll Johannes Asheim Thea Holth Hovemoen Av og til kjem Narve på besøk til Nordfjord folkehøgskule. Eller, eigentleg kjem han heim. - Her vil eg vere, seier Narve. Ikkje med ord, nødvendigvis, men med heile seg. Narve var elev på Buog arbeidstreningslinja i to år, og kan ikkje gløyme alle venene han fekk. Og ingen kan vel gløyme Narve, heller. - Eg fekk med meg livsviktig lærdom: Ta alltid med tørre sokkar, og skaff deg vener med sjokolade i sekken. Og så er det sånn at uansett kvar eg er i landet, kan eg besøke ein ven frå Nordfjord. Og om fem eller femti år kan eg framleis besøke dei same venene. - På Nordfjord har eg utfordra meg sjølv og trua mi. Johannes har blitt meir bevisst på både kva han trur på, og kvifor. - Det er inspirerande å høyre elevar og lærarar prate om sitt forhold til Jesus. Og så er det spennande å diskutere tru og tvil. Eg har ikkje nødvendigvis fått så mange fleire svar, men eg har blitt meir nysgjerrig og interessert i det som har med tru å gjere. - Nordfjord ga meg eventyr, utfordringar, turar, erfaringar og opplevingar i massevis! Det beste er alle dei bra folka å dele det med. Nordfjord er ei investering i livet, eit eventyr i seg sjølv. I ettertid har det gitt inspirasjon til endå fleire turar og opplevingar, og grunnlag for mange gode minne og vennskap. Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord * 21

* Fellestur Edeltre. Blankpussa messing. Knirkande tauverk. Hengekøyer. Tenk deg sjølv til rors på ein 258 fots bark anno 1914. Eller i utkikken speidande Som medseglar om bord på Statsraad Lehmkuhl får du delta i vakter og arbeidsrutiner på skipet. Du får lære havet å kjenne - på godt og vondt slik norske sjømenn har gjort i generasjonar. Statsraad Lehmkuhl osar av nostalgi, tjære og ramsalt sjø. Ho har ikkje forandra seg stort sidan 1914. Nydeleg restaurert. Ein tanke modernisert. Ho er ein draum under kvite segl mot nye hamner, nye eventyr Den vakraste Ho er størst, eldst, full av minner frå den gong Foto: Wenche Christine Olsen Foto: Kristian Aurlien Måndag 16. september 2013 går elevar og personale om bord, og blir med på tokt til Shetland. Gled deg til ei veke med hav på alle kantar! Les meir om skipet på www.lehmkuhl.no 22 * Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord

* Læraren Foto: David Zadig Bjørn Torleif Lia lærar på Ski og surf-linja - Dette er jo Norges beste folkehøgskule, hehe, klart eg vil jobbe her! Det er best natur, heilt rå faktisk, og best folk! Bjørn gliser. Han er ikkje redd for å seie kva han meiner. Han er i grunnen ikkje redd for så mykje. Han er 28 år, glad i høge toppar og endå meir glad i liene ned frå dei høge toppane. - Eg er ein skimann. Sånn er det berre. Og det er fantastisk å kunne dyrke interessa mi i jobben her på skulen. Denne hausten gjekk Ski og surf deler av Tinderekka i indre Nordfjord. Frå Skåla til Bødalssetra. - For ein tur! Vi gjekk langt, kryssa to brear, og var så fornøgde då vi kom ned til Bødalssetra. Alle klarte turen, og det var enormt god stemning. Og det er det artigaste med denne jobben: Når eg ser elevar som meistrar ting dei ikkje trudde var mogleg. Magasin for Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord * 23