Frå. Den norske veterinærforening. Til. Landbruksdirektoratet. Referanse 14/ Høyringssvar til:

Like dokumenter
1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Landbruksdirektoratet

Fastsettelse av ny forskrift om reisetilskudd ved veterinærers syke- og inseminasjonsbesøk

Høyring vedkommande forslag til endring av lov 15. juni 2001 nr 75 om veterinærer og annet dyrehelsepersonell

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Melding om vedtak i sak 035/06/HST - Høyringssvar - endring i lov om veterinærer og dyrehelsepersonell.

EIDFJORD KOMMUNE 5783 Eidfjord

HÅ KOMMUNE ETAT FOR TEKNISKE SAKER OG NIERING Landbruks- og matdep.

SAMLA SAKSFRAMST HQIYRING AV FORSLAG TIL ENDRING AV LOV 15. JUNI 2001 NR. 75 OM VETERINÆRER OG ANNET DYREHELSEPERSONELL

Vår saksbehandlar: Direkte telefonnr.: Dykkar dato: Dykkar referanse: Ni ål Gunnar Slettebø

50 lo MELDING OM VEDTAK - HØYRING - LOV AV 15.JUNI 2001 NR 75 OM VETERINÆRAR OG ANNET DYREHELSEPERSONELL

Rundskriv Kommentar til forskrift om tilskudd til veterinærreiser

RMP i fjellbygdene. Bjørg Torsteinsrud, Ål kommune. Utviklingsavdelinga

Godt vèr og dyktige bønder, gav betre økonomi for Haugalandsbonden!!!!

Det er gjort to innholdsmessige endringer som vil kunne ha konsekvenser for fylkesmannens behandling av tilskuddsøknader:

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

A xxx xxxx xxx. Vedtak i klagesak om produksjonstilskot for søknadsomgangen august 2014

KSL-medisinstandard. Bruk av medisinar til produksjonsdyr. KSL-medisinstandard er ein del av KSL-standardene i husdyrproduksjonane

Kommentarerer til forskrift om reisetilskudd ved veterinærers sykeog inseminasjonsbesøk

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Radøy sokneråd har i møte den 24. september 2014 hatt fylgjande sak til drøfting:

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Regional Satsting Psykisk Helse

Foreldreråd utan tilsette - Helland Barnehage 25. september 2012 kl

Kommentarer til forskrift om reisetilskudd ved veterinærers syke- og

Kommentarer til forskrift om reisetilskudd ved veterinærers syke- og inseminasjonsbesøk

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Anne-Jorunn Bjørkum Leigvold Arkiv: A10 Arkivsaksnr.: 18/38-14

FORSLAG TIL INTERVJUMAL. Tilskuddsamling 12.januar 2016

Rådmannen - Samfunnsutvikling Vår ref: 2015/ Dato:

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

NY OPNINGSTID I SERVICETORGET

Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Postboks 8112 Dep., 0032 Oslo. Høyringssvar - framlegg til nytt inntektssystem for kommunane

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

Rapport med mål om læring og forbedring

Samling for regionale styremedlemmar i Innovasjon Norge. Nils T. Bjørke 3. April 2014

Fordelingseffektar av forslaget frå Pensjonskommisjonen

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. mill. ltr. Prognose august ,0 140,0 135,0 130,0 125,0 120,0 115,0 110,0

RAPPORT SPØRJEUNDERSØKING FERJESAMBANDET KVINNHERAD STORD. Undersøkinga er gjennomført i juni-august

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

NY NATURSKADEERSTATNINGS- LOV NY ORGANISERING. Landbrukskonferanse 2017 Ullensvang hotell 14. til 15. februar Gunn Eide, Landbruksdirektoratet

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Merkur programmet. Den multifunksjonelle nærbutikken Bokhandelen i distriktet. programmet.no

bruk av nettsider Gaular kommune

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune

Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

Sakshandsamar 06/ Øyvin Moltumyr

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Høyringsuttale til forslag til ny barnevernslov - Sikring av barnet sin rett til omsorg og beskyttelse

Høring - finansiering av private barnehager

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

Setesdal regionråd. Kartlegging Offentleg innkjøp. Eli Beate Tveiten

Sogn og Fjordane Bondelag

Grøn transport sykling på korte tenestereiser

Program OSTERØY HØGRE

Endringar i "Reglement om godtgjersle til folkevalde i Hordaland fylkeskommune"

2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/577 Faste saker 002/13 13/524 Leasingbilar i pleie og omso

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT

Notat/ status til prosjekteigar frå administrativ arbeidsgruppe Strategi og styring

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Lesja kommune Forvaltning og utvikling

Muligheter og utfordringer innen hygiene, kvalitet og helse i automatiske melkingssystemer

Høring - finansiering av private barnehager

Kva kompetanse treng bonden i 2017?

Høring - finansiering av private barnehager

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT)

Styremøte 5-6. desember Thon Hotel Opera - Oslo

16/16 Kommunestyret

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des. Leveranse og prognose per år

side 1 Prosjektbeskrivelse Friskere geiter Del 2 Helsetjenesten for geit

DB

Høyring - Framlegg om endring i Forskrift om kommunenes helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

Transkript:

Frå Den norske veterinærforening Til Landbruksdirektoratet Referanse 14/27140 25.11.14 Høyringssvar til: - forslag til ny «forskrift om reisetilskudd ved veterinærers syke- og inseminasjonsbesøk» - forslag til endringar i «forskrift om tilskudd til utjevning av kostnadene ved forsendelse av sæd og inseminering av storfe og svin». Den norske veterinærforening synest det er positivt at forvaltninga går gjennom forskriftene for å finna punkt i systemet som kan forenklast eller forbetrast. Me vil først omtala ordninga generelt før me går inn på konkrete tilbakemeldingar på dei utsendte forslaga. Moderne husdyrproduksjon skjer i tett samarbeid med dyktige produksjonsdyrveterinærar. Norske veterinærbedrifter får lite tilskot frå det offentlege, og må følgjeleg utvikla næringa si i takt med endringane i etterspørselen. I 2011/2012 var forbruket av veterinærtenester til sports- og familiedyr større enn til produksjonsdyr. Denne utviklinga held fram og me ser difor at ein stadig større del av norske veterinærbedrifter reduserer tilbodet av tenester til husdyr og i staden aukar tilbodet til sports- og familiedyr. Dette er ei utfordring for framtidas husdyrprodusentar av 2 grunnar. 1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjonsdyrveterinærar i deler av landet. 2. Det kan verta kostbart å henta veterinær til husdyr i område med stor avstand til næraste tilgjengelige produksjonsdyrveterinær.

"Tilskot til veterinære reiser" er ei ordning med formål å utjamna kostnadene husdyrprodusentane har til veterinære reiser. Tilskot til veterinære reiser er eit effektivt og presist virkemiddel for å bidra til inntektsutjamning mellom produsentar med kort og lang avstand til næraste produksjonsdyrveterinær. Tilskotet gir direkte inntektseffekt for bønder med lang avstand til næraste produksjonsdyrveterinær. Tilskot til veterinære reiser er difor viktig for å oppretthalda husdyrbruk og jorbruksareal i drift i heile landet. I samband med gjennomgangen av ordninga vil me og få peika på kostnaden ved administrering av ordninga frå norske veterinærar si side. Det dreier seg anslagsvis om minst 4 millionar kroner i året. I høyringsnotatet har Landbruksdirektoratet gjort ei vurdering av dei administrative og økonomiske følgene av endringsforslaget. Dette er gjort med tanke på at endringane vil spara ressursar i forvaltninga av ordninga. Me ønsker ei tilsvarande vurdering for husdyrprodusentane, veterinærane, forbrukarane og samfunnet. Eit slikt heilhetleg bilete må leggast til grunn for endringsforslag, og ikkje ei einsidig vurdering som kun tar inn over seg følgene for forvaltninga. Veterinærforeninga har i fleire år peika på at ordninga har ei betydelig underdekning, og at denne vert verre for kvart år som går, då ordninga ikkje har kompensert for kostnadsveksten. I tillegg til manglande kostnadskompensasjon slår effekten av strukturendringane i husdyrproduksjonane inn med stor tyngde. Kostnadane ved veterinære reiser har auka og det er færre husdyrprodusentar igjen å fordela kostnadene på. Ved uendra satsar vil dette i løpet av få år undergrava tilskotsordninga og muligheten for reell kostnadsutjamning mellom produsentar med ulik avstand til næraste produksjonsdyrveterinær. I følge tal frå NILF er dette alt i ferd med å skje. NILF fann i ei nyare undersøking at i 2011 var veterinærkostnadane per årsku 608,- kr høgare i Nord-Norge enn på Jæren. Korrigert for besetningsstørrelse og landsdelsvariasjon er forskjellen framleis 456,- per årsku. Det er naturleg å tru at skilnaden i hovudsak skuldast større avstandar og færre produsentar å dela transportkostnadane på. Veterinærforeninga har starta eit arbeid med å kartlegga kostnad til veterinære reiser i ulike deler av landet. Foreløpige tal viser at kostnaden for eit veterinærforetak ved å senda ein veterinær til ein gardbrukar med bil i snitt låg på 17,- kr per km i 2013. Vidare finn me at dekningsgraden frå dagens tilskotsordning varierer frå ned mot 10% i områder med korte avstandar til opp mot 70% i områder med lange avstandar. Dette viser at ordninga slik den er i dag bidrar vesentleg meir i områder med lange avstandar. Ordninga er med andre ord målretta og fungerer i dag etter formålet, men likevel ikkje i stor nok grad til å jamna ut kostnadane for husdyrprodusentar med stor avstand til næraste produksjonsdyrveterinær. Dette skuldast etter veterinærforeninga si meining i hovudsak for låge satser og ikkje ordninga i seg sjølv. Satsene er for låge fordi dei ikkje har vorte oppjustert i jordbruksforhandlingane i stor nok grad. Me trur at ordninga ville vore tent med å bli sett på i saman med den veterinære vaktordninga. Veterinærforeninga ville difor hatt ordninga ut av jordbruksoppgjeret og inn i eigne forhandlingar mellom stat og Veterinærforeninga.

Den norske veterinærforening meiner at tilskot til veterinære reiser er heilt avgjerande for eit levande husdyrbruk i heile landet. Tilskot til veterinære reiser har ein direkte inntektseffekt for husdyrprodusentar, og dagens modell for tilskot er i stor grad målretta og effektiv for å redusera avstandsulempene for husdyrprodusentar med stor avstand til næraste produksjonsdyrveterinær. For å komma opp til eit nivå der ordninga jamnar ut avstandane i større grad enn i dag må ramma for tilskot til veterinære reiser aukast slik at satsen per km vert minst 17,- kr per km. Kommentarar til tabellen «viktige endringer i forslag til ny forskrift om tilskudd til veterinærreiser og begrunnelse» 1. Innføre ett tilskudd i stedet for dagens to Veterinærforeninga er positiv til forenkling, men ikkje når det vil gå ut over husdyrhald i grisgrendte strøk, som er heilt avhengig av ordninga. Den eksisterande delinga er enklare enn den foreslåtte endringa. Ved å bruka statens satser for reiser innland (under 10 000 km) sparer ein tid på diskusjon rundt sats per km for bil, båt og andre transportmiddel. Dette vert gitt ut frå statens satser. Det vil ikkje vera mogleg å setja ein fast sats for alle transportmiddel, då det vil slå feil ut avhengig av kva transportmiddel ein nyttar. Utfordringa slik Veterinærforeninga ser det er ikkje at tilskotet er delt i køyretøydel og reisetillegg, men at reisetillegget og slik den samla satsen til no har vore alt for låg. 2. Forenkle beregningen av km-tilskudd, Teksten i forskrifta må skrivast slik at det er mogleg å forstå kva som er meint. Ved gjennomgang av forskriftsutkastet vart det tydelig at det er fleire måtar å tolka teksten i 5, tredje ledd på. Ein tekst som er open for tolking kan vanskelig kallast ei forenkling. Viss teksten vert ståande som no må det lagast ei rettleiing med skjematiske døme på utrekning av reise. Dette for å unngå feil i søknadar og slik feil i utbetaling. Me vil gjerne bidra til utarbeiding av rettleiing og spreiing av denne til medlemmene våre. Veterinærforeninga samlar for tida inn dokumentasjon på kostnaden ved veterinære reiser. Der har me og relevante måltal for denne ordninga. Me vert gjerne med på det vidare arbeidet med å få ordninga så rettferdig og effektiv som mogleg. Bruk av Dyrehelseportalen (DHP) til å rekna ut og rapportera besøk omfatta av ordninga ville vore ei kraftig forenkling av søknadsprosessen. Dette då praktiserande veterinærar rapporterer semin og sjukebesøk til denne allereie. I forskrifta er det foreslått å nytta Mattilsynet til å kontrollera veterinære reiser. Det vil vera fåfengt då Mattilsynet kun registrerer medisinbruk. Ved å basera seg på den informasjonen vil ein miste seminbesøk og besøk utan medisinering. 3. Fjerne eksisterende grunnvilkår om at det ikke skal gis tilskudd til reiser hvor reiseutgiftene står i et urimelig forhold til dyrets antatte verdi, Den norske veterinærforening ser Bondelaget som den viktigaste høyringsparten til dette punktet, men me har likevel nokre kommentarar. Me har forståing for at storsamfunnet må foreta økonomiske vurderingar på kost/nytte ved dyrehald i heile landet. God dyrevelferd er avgjerande for lønnsom drift i moderne husdyrproduksjon. Utan tilgang på veterinære tenester heile døgnet vil det vera svært vanskelig å driva ein forsvarlig produksjon. Til

no har ordninga hatt fokus på det enkelte dyrs verdi. I ei besetning er det ikkje slik at alle dyr treng akutt hjelp utanom vanleg arbeidstid i løpet av livet. Det er likevel avgjerande at bonden får akutthjelp til dei få dyra som treng det. Veterinærforeninga meiner det hadde vore meir hensiktsmessig om grunnlag for rekvirering av tenester vart kopla til systemet for produksjonstilskot. Viss staten støttar at rekvirenten driv med dyr må rekvirenten og få akutthjelp når det er behov for det. Den aktuelle bondens leveranse av god norsk mat per år bør vera grunnlag for vurdering av om staten skal dekka reisa, og ikkje ein fast sats på dyrenivå uavhengig av produksjon og leveranse. Veterinærforeninga er skeptisk til å setja eit kronebeløp på liding og død. Ein konsekvens av distriktslandbruket er behov for beredskap med kompetent dyrehelsepersonell heile døgnet kvar dag. Det må vera mogleg å få hjelp til akutt sjuke dyr utanom arbeidstid. Mattilsynet har avvikla sin lokale beredskap og dei lokale veterinærane som deltar i veterinærvakta er no dei einaste som er tilgjengelig utanom kontortid. Ordninga med skyssrefusjon er indirekte ein viktig del av denne lokale beredskapen. Viss den blir dårlegare vil det gi dårlegare dyrevelferd utanom kontortid. 4. Innføre et nytt grunnvilkår om at det ikkje skal gis tilskudd til reise med leid skyss fakturert av rekvirent Veterinærforeninga ser det forvaltningsmessige poenget med denne endringa. Likevel er det slik at rekvirent i nokre tilfeller kan levera skyssen tryggare og billigare enn andre. Veterinærforeninga meiner at val av transport må basera seg på kva som er praktisk gjennomførbart, trygt og rimeligast, og ikkje kven som gjer det. Kommentarar til tabellen «Viktige endringer i forslag til endret forskrift om insemineringstilskudd og begrunnelse» 1. Innføre en ny beregningsmåte for fordeling av tilskudd mellom tilskuddsøkerne Veterinærforeninga ser Geno og Norsvin som dei viktigaste høyringspartane her. Sidan ordninga vart innført har det skjedd endringar i seminmønsteret. Det er svært få, om nokon, veterinærar og seminteknikarar som inseminerer svin på oppdrag i dag. For oss er det viktig at Geno får tilstrekkelig med midler, slik at dei kan dekka den faktiske kostnaden ved å køyra til inseminasjonsbesøk. 2. Innføre et vilkår om at Geno og Norsvin ikkje kan godtgjøre veterinærer mer enn 40 km av reiselengden per inseminasjonsbesøk med statlige midler Denne regelen er urimelig viss tilskuddet blir ståande så lågt som i dag. Det er ei grov underdekning og ein slik regel vil føra til at veterinærbedrifta taper meir penger jo lenger det er å køyra. Per i dag er lange seminreiser mogleg då Geno betaler ekstra i forhold til statens sats. Viss denne muligheten forsvinn kan det bli vanskelig å tilby semin i heile landet med dagens satser. Då må tilskotet over 40 km regulerast etter faktiske kostnadar, noko som for 2013 var 17,- kr per km. Kommentarar til «forskrift om tilskudd til veterinærreiser» som ikkje er nemnt i endringstabellen: 5: Veterinærforeninga meiner at teksten i 5, andre ledd må endrast til:

Så framt reisen ikke er foretatt som ledd i den veterinære vakttjenesten, skal avstanden fra nærmeste tilgjengelige veterinærforetak som kan foreta reisen, legges til grunn ved beregning av tilskudd. Grunnen til at me ynskjer denne endringa er at det ikkje er relevant kven som i beste fall kunne foretatt reisa. Spørsmålet er kven som faktisk hadde mulighet til å foreta reisa på det aktuelle tidspunktet. 6, fjerde ledd: Søknadsfristen er satt til 30 dagar etter utløpet av kvart kvartal. Det kjem ikkje fram av teksten om tilskotet går tapt eller kva andre konsekvensar ei oversitjing av fristen har. Om tilskotet går tapt vil dette ramma husdyrprodusentane. Veterinærverksemda vil ikkje verta erstatningspliktig, jamfør kommentarar til 9. 8: I forskrifta er det foreslått å innhenta opplysningar frå Mattilsynet om behandling og inseminasjon. Mattilsynet har kun informasjon om medisinbruk. Dei har ikkje oversikt over semin eller besøk utan medisinering. Det vil difor vera til liten nytte å etablera rutinar for kontroll opp mot Mattilsynets skjematenester. Veterinærforeninga meiner det hadde vore mykje betre å legga denne kontrollen opp mot Dyrehelseportalen (DHP). Dette då DHP tar inn alle besøk med og utan medisinering og semin. 9: Det framstår som urimeleg at husdyrprodusentane skal tapa sin rett til tilskot i tilfeller der veterinærverksemda uaktsomt eller forsettlig gir feil opplysningar i samband med søknad. Dei vil ikkje kunna søka regress frå veterinærverksemda då denne ikkje vert erstatningsansvarleg. Dette då ordninga er basert på ein frivillig rett til å søka om tilskot. Husdyrprodusentane mister med andre ord eit tilskot, som er meint å komma verksemda deira til gode, i tilfeller der ei veterinærverksemd ikkje oppgir korrekt informasjon. Den norske veterinærforening vil gjerne vera med på å optimalisera ordninga med skyssrefusjon for veterinære reiser. Ordninga er avgjerande for distriktslandbruket og alle involverte partar er tent med at den er effektiv og rettferdig. Veterinærforeninga samlar no inn tal på kva ordninga betyr for veterinærtilgang i ulike deler av landet. Me ber om at ein går gjennom konsekvensane av tiltak med konkrete reknestykke før ein endrar på ordninga. Dette då tilskotet per i dag er med på å sikra husdyrprodusentane tilgang til veterinære tenester i distriktslandbruket. Ein utilsikta skeivdeling kan føra til at tilbodet av veterinærtenester vert dårlegare, eller i verste fall forsvinn i enkelte distrikt. -- Mvh DNV Dan Åge Øyen Gunnar Dalen