Rettleiar til Partistøtteportalen for Kommuneparti Versjon 1.3 Oppdatert mai 2014 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
INNHALD Innhald... 2 Innlogging første gong... 2 Minid... 2 Registrere ny brukar og søkje om rolle... 3 Rolle godkjent... 4 Innlogging... 5 Søkje om partistøtte eller bekrefte kontoopplysningar... 5 Søkje om fleire roller... 8 Endre kontaktinformasjon... 8 Forklaring på statusfilter... 9 Hjelp... 9 INNLOGGING FØRSTE GONG Innlogging i partiportalen: http://prosjekt.fylkesmannen.no/partistotte/ Klikk på knappen «Logg inn på portalen» som ligg oppe til høgre på sida. MINID Her kan du velje kva måte du vil logge inn på. Dersom du ikkje tidlegare har brukt denne tenesta kan du klikke på Hjelp til innlogging. Her kan du bestille kodar for dei ulike tenestene. 2
Første gong du loggar inn på portalen må du akseptere og trykke OK på at du har lese og brukarinstruksen for Partiportalen. Hugs at du etter 30 inaktive minutt må logge inn på nytt. REGISTRERE NY BRUKAR OG SØKJE OM ROLLE For å få tilgang til partiportalen må du registrere deg som brukar. Namn vert automatisk utfylt. Legg inn telefonnummer og e-postadresse. Vel rolle/fylke/parti. Vala kjem opp etter kvart. Trykk Send søknad om rolle. Merk På denne sida vil du seinare kunne endre telefonnummer og e-postadresse og deretter trykke på Oppdater tlf/epost. Du vil får opp denne meldinga når du har sendt Søknad om rolle. 3
Du vil også få ein e-post som syner at du har bedt om ei rolle. ROLLE GODKJENT Når rolla er godkjent vil du få tilbakemelding per e-post: 4
INNLOGGING Du kan no logge inn i partiportalen via denne lenka: https://parti.fylkesmannen.no SØKJE OM PARTISTØTTE ELLER BEKREFTE KONTOOPPLYSNINGAR For at ditt parti skal få utbetalt statstilskot må følgjande kriterium vere oppfylt: Partiet må ha rapportert til SSB innan fristen. Rapportering til SSB skjer ikkje i partiportalen, men via nettstaden partifinansiering.no: (http://www.partifinansiering.no/a/innberetning_2013/innberetning.html ) Eit parti må søkje om statstilskot ein gong i valperioden. Deretter må partiet stadfeste partiopplysningar kvart år for å få årleg utbetaling (Partilova 13 pkt. 5) Partiet må ha delteke i siste kommuneval og fått minst ei stemme For å få opp partiet, må du velje fylke/parti under «Vel dine parti». Dersom partiet ikkje har søkt om støtte for valperioden: Klikk på Søk partistøtte for å legge inn partiopplysningar og levere søknad. Vidare registrering er forklart under «Oppdater partiinformasjon» 5
Dersom partiet har søkt tidlegare i valperioden og rapportert til SSB, klikk på Oppdater partiinformasjon Fyll inn opplysningar og trykk Neste til du kjem til siste skjermbilde. 6
Kontroller at opplysningane er rette og trykk Fullfør Du får ei stadfesting på at søknaden er sendt eller at partiopplysningar er stadfesta. E-post med søknadskvittering blir sendt til søkjar og partileiar. 7
SØKJE OM FLEIRE ROLLER Av og til er det skifte av dei personane som har rolle/ansvar for eit parti, t.d. ved val. Partiet må passe på at ny person søkjer om rolle for partiet og samtidig melde frå til Fylkesmannen (e-post) at førre person si rolle vert avslutta. Har du rolle som fylkesparti, har du automatisk rolle som kommune- og fylkesungdomsparti. Dersom du treng rolle for andre fylke, må du sende inn søknad for kvartfylke. Klikk namnet ditt øvst i portalen Du kjem deretter inn på sida Registrering av ny rolle ENDRE KONTAKTINFORMASJON Du kan endre kontaktinformasjonen (telefonnummer og e-postadresse). Det gjer du på same sida som for søknad om ny rolle (klikk namnet ditt øvst i portalen, sjå førre bilete). Klikk Oppdater tlf/epost når du er ferdig. 8
FORKLARING PÅ STATUSFILTER Fylkesmannen (FM) Godkjent Avslag Ubehandla SSB (Statistisk Sentralbyrå) Rapportert Erklæring Ubesvart Nedlagt Nyoppretta Partilovnemnda (PLN) Varselbrev pga manglande rapportering Varselbrev pga manglande signatur Ingen merknad Henleggelse Tilbakehold Vedtak om formell advarsel Søknaden er godkjent Søknaden er avslegen Søknaden er ikkje behandla Partilaget har sendt inn rapport innan fristen Partilaget har sendt inn erklæring Partilaget har ikkje sendt inn rapport/erklæring Partilaget er nedlagt Partilaget er nyoppretta Partilaget har ikkje rapportert til SSB innan fristen Rapport/erklæring manglar signatur Partilaget har sendt inn rapportering/erklæring innan fristen Partilaget har fått varselbrev pga manglande rapportering mm, men saka er henlagt. Partilaget får utbetalt partistøtte. Partilaget har ikkje sendt inn rapportering/erklæring og får ikkje utbetalt støtte for kommande år. Partilaget har fått advarsel pga manglande signatur ved rapportering til SSB. For å søke på status: Hak av td Statusfilter Fylkesmannen «Godkjent» og «Søk parti». HJELP Tekniske spørsmål kan du sende til: fmsfpolitiskeparti@fylkesmannen.no 9