DELEGASJONSREGLEMENT FOR ÅSERAL KOMMUNE



Like dokumenter
Vedteke i kommunestyret, sak 16/97 den 15. desember 2016 DELEGASJONSREGLEMENT FOR ÅSERAL KOMMUNE

Delegasjon frå kommunestyret til rådmannen (K-sak 27/16) 9.1 Føremål Dette reglementet skal bidra til:

Delegeringsreglement

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Arkivsak nr. Løpenr. Arkivkode Avd/Sakshandsamar Dato 2014/ ADM/RSJ Vedteke i Volda kommunestyre den , sak PS 108/14

REGLEMENT FOR ADMINISTRASJONS- UTVALET

PRINSIPP FOR DELEGERING I SULA KOMMUNE

REGLEMENT FOR SEKTORUTVAL FOR SKULE- OG KULTUR

Rådmannskontoret N / / Delegeringsreglement for Meland kommune Gjeld delegering frå kommunestyret til rådmannen

HJELMELAND KOMMUNE INSTRUKS FOR RÅDMANNEN DELEGERINGSREGLEMENT

REGLEMENT FOR DELEGERING

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR DELEGASJON TIL RÅDMANN

Politisk. delegasjonsreglement. for VALLE KOMMUNE

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Delegeringsreglement for Skodje kommune

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

ADMINISTRATIVT DELEGERINGSREGLEMENT

Folkevaldopplæring 4.oktober Slik oppfører vi oss Makt og mynde Møte og delegeringsreglementet

MØTEINNKALLING. Utval: VALNEMND Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: Etter val av valnemnd i kommunestyret SAKLISTE

Delegasjonsreglement for rådmannen Vedtatt av Sandnes bystyre 22. oktober 2013 i medhold av kommunelovens 23 nr. 4.

Delegasjonsreglement for rådmannen

MØTEREGLEMENT FOR ADMINISTRASJONSUTVAL

VEDTEKT av februar 2007

Delegasjonsreglement for Midtre Namdal samkommune

REGLAR FOR KOMMUNALE TILSKOT TIL NÆRINGSLIVET I ÅSERAL.

SUND KOMMUNE. Innhald. Dok.dato: Vår Ref: 16/ Arkiv:

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

10/60-14/N-211//AMS

Reglement for administrasjonsutvalet i Selje kommune

Reglar for kommunale tilskot til. næringslivet. i Åseral.

DELEGASJONSREGLEMENT - POLITISK

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Vedtekter for nasjonalparkstyret for Jostedalsbreen nasjonalpark i Sogn og Fjordane fylke

Reglement for administrasjonsutvalet. Vedteke av kommunestyret , sak K-13/110

Saksnr Løpenr Arkivkode Avd/Sek/Saksh Dykkar ref 12/ / &00 LU/LU/KS DELEGERINGSREGLEMENT FOR LOKAL UTVIKLING

5 LOVLEGHEITSKONTROLL Formannskapet skal ikkje handsama saker som er sendt departementet / fylkesmannen etter reglane i Koml. 59.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Torbjørn Hasund Arkiv: 074 &00 Arkivsaksnr.: 09/2713-1

Lovgrunnlag Lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova), 26 Fellesnemnd:

Reglement for formannskapet. Vedteke i kommunestyret , sak K-13/109

Samarbeid, medråderett og medansvar skal sikre målretta styring av ressursane og eit godt arbeidsmiljø.

DELEGASJONSREGLEMENT Vedtatt av Øyer kommunestyre den , K-sak 90/01.

FRAMLEGG TIL DELEGERINGSREGLEMENT FOR BALESTRAND KOMMUNE

Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN

Politisk delegeringsreglement for Fyresdal kommune

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

DELEGASJONSREGLEMENT FOR TOKKE KOMMUNE

Endringar i delegasjonsreglementet for Hordaland fylkeskommune

Folkevalde har mange rollar. Du skal målbera veljarane sine ønskje Du skal leia utviklinga av bygda Du skal leia den største verksemda i bygda

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for: Folkevalde og politiske organ

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Nye kommunar i Møre og Romsdal

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Vedteke i kommunestyret den som sak 98/12

Fellesnemnd ny kommune i indre Sunnfjord

Vedtekter for Mardølafondet

INTERNT DELEGASJONSREGLEMENT FRÅ MARS 2015

DELEGERINGSSREGLEMENT FOR VESTNES KOMMUNE

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 2/13 12/824 DELEGERINGSREGLEMENT FOR BALESTRAND KOMMUNE

FELLES REGLEMENT FOR DEI POLITISKE ORGANA (K-sak 28/16)

Selskapsavtale for Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS Versjon

Delegasjonsreglement for Selje kommune.

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

DELEGERINGSREGLEMENT

KOMMUNESTYRET SITT DELEGASJONSREGLEMENT VEDTEKE MARS

Plan for gjennomføring av selskapskontroll i Balestrand kommune

Plan for forvaltningsrevisjon

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for: Folkevalde og politiske organ. Vedteke KS sak 014/17

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Mål for arbeidet denne kvelden

DELEGERINGS- OG INNSTILLINGSREGLEMENT FOR VIK KOMMUNE

Selskapsavtale for Setesdalsmuseet Eigedom IKS 1 Selskapet sitt namn

Reglement for Naustdal kontrollutval Vedteke av kommunestyret i sak 20/15 den

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

Delegasjonsreglement Oversikt over lover

INTERNKONTROLL I HAREID KOMMUNE - DELEGASJONSREGLEMENT. Saknr Dato. 1. Om intern delegasjon... 3

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE

Reglement for formannskapet

Låneopptak m.m. : Side 1 av 15

RØROS KOMMUNE DELEGERINGSREGLEMENT VEDLEGG 2

Formelle vedtak i kommunestyra 21. juni 2017 i hht. 25 i inndelingslova for etablering av nye Ålesund kommune

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Hyllestad kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteke i kommunestyresak 64/16 den

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL) FOR

Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune.

Folkevalde sine arbeidsvilkår

Låneopptak m.m. : Side 1 av 15

Transkript:

DELEGASJONSREGLEMENT FOR ÅSERAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 06.11.2014, sak 14/57 2014/436 1

INNHALD KAP. 1 OMFANG, GENERELLE REGLAR FOR BRUK AV DELEGERT MYNDE.. 3 1.1 OMFANG... 3 1.2 GENERELLE REGLAR FOR BRUK AV DELEGERT MYNDE... 3 KAP. 2 DELEGASJON TIL DEI ENKELTE UTVALA... 5 2.1 KOMMUNALUTVALET... 5 2.3 OPPVEKST- OG KULTURUTVALET... 7 2.4 OPPTAKSUTVAL FOR BARNEHAGEN... 8 2.5 HELSE- OG SOSIALUTVALET... 8 2.6 KLIENTUTVALET... 9 2.8 TEKNISK UTVAL... 10 2.9 NÆRINGSUTVALET... 11 2.10 KONTROLLUTVALET... 11 KAP. 3 DELEGASJON TIL ADMINISTRASJONEN... 13 3.1 DELEGASJON TIL RÅDMANNEN:... 13 3.2 DELEGASJON TIL RÅDMANNEN I MEDHALD AV SÆRLEGE LOVFØRESEGNER... 14 3.3 DELEGASJON TIL RÅDMANNEN INNAN DEI ULIKE FAGOMRÅDA... 15 3.3.1 DELEGASJON TIL RÅDMANNEN INNAN OMRÅDET SKULE, KULTUR OG OPPVEKST 15 3.3.2 DELEGASJON TIL RÅDMANNEN INNAN OMRÅDET HELSE, SOSIAL OG OMSORG... 15 3.3.3 DELEGASJON TIL RÅDMANNEN INNAN OMRÅDET FOR DRIFT OG UTVIKLING... 17 2

Kap. 1 OMFANG, GENERELLE REGLAR FOR BRUK AV DELEGERT MYNDE 1.1 OMFANG Reglementet inneheld fullmakter som er delegert frå kommunestyret til andre politiske utval og til rådmannen. Fullmakter innan økonomiforvaltninga er samla i økonomireglementet. 1.2 GENERELLE REGLAR FOR BRUK AV DELEGERT MYNDE 1. Kommunestyret har i utgangspunktet alt ansvar og all mynde i Åseral kommune. Dette følgjer av Kl 6: "Kommunestyret og fylkestinget er de øverste kommunale og fylkeskommunale organ. De treffer vedtak på vegne av kommunen eller fylkeskommunen så langt ikke annet følger av lov eller delegasjonsvedtak." 2. All delegert mynde må brukast i samsvar med lover, føresegner og retningsliner gjeve av overordna organ, og innanfor budsjettrammene og - føresetnadene 3. Det delegerande organ kan om ønskeleg fastsette retningsliner for korleis delegert mynde skal utøvast 4. Organ som får oppgåver/ansvar gjennom delegasjon har høve til å delegere vidare til underordna organ, med mindre det utrykkeleg er sagt noko anna På enkelte sentrale, prinsipielt viktige områder er det ikkje høve for kommunestyret å gje vedtaksmynde til andre underliggjande organ. Dette er omtala i loven ved formuleringa "Kommunestyret kan/skal sjølv..." I alle andre høve kan ansvar og oppgåver vidaredelegerast. Det skal i prinsippet vere samsvar mellom delegert ansvar og delegert mynde 5. Eit overordna organ kan, som hovudregel, krevja å få seg forelagt ei sak som eit underordna organ etter delegert mynde har til handsaming 3

6. Tildelte fullmakter kan på eit kvart tidspunkt trekkast attende. Eit organ som har delegert mynde i enkeltsaker til eit underordna organ, har ikkje fråskrive seg mynde på saksområdet 7. Overordna skal til ei kvar tid vurdere om gjevne vidaredelegasjonar innafor sitt ansvarsområde er forsvarlege. Eit organ som har delegert mynde i enkeltsaker til eit underordna organ har ikkje fråskrive seg ansvaret innafor saksområdet. Overordna organ skal forsikre seg om at underordna organ har kompetanse til å ivareta ansvaret på ein forsvarleg måte 8. Eit overordna organ kan av eige tiltak gjere om eit underordna organ sitt vedtak i samsvar med 35 i Fvl. 9. Den som har fått delegert mynde kan overlate til det overordna organet å ta avgjersle i særskilde saker 10. Delegering frå politisk nivå skal gå til rådmannen. Dette følgjer av Kommuneloven 23 nr.4: "Kommunalt eller fylkeskommunal folkevalt organ kan gi administrasjonssjefen myndighet til å treffe vedtak i enkeltsaker eller typer av saker som ikke er av prinsipiell betydning, hvis ikke kommunestyret eller fylkestinget har bestemt noe annet." 11. Rådmannen er ansvarleg for vurdering og iverksetjing av vidaredelegering i administrasjonen etter prinsippa i delegasjonsreglementet. Med mindre særskilde føresegner er til hinder, kan rådmannen overlate til andre innan sin administrasjon å fatte avgjersler på sine vegne (intern delegasjon) 12. Delegasjonsreglementet skal vere eit virkemiddel til å skilje politikk frå administrasjon og bidra til ein rask saksgang 13. Ein føresetnad for å kunne ha eit godt delegasjonsreglement er at ein utviklar dette i takt med dei endringar som finn stad som følgje av sentrale og lokale prioriteringar, samt lokale tilpassingar av organisasjonen. Rådmannen er ansvarleg for å legge fram ajourført delegasjonsreglement 1 gong i valperioden. Rettingar og korreksjonar vil skje samla etter vedtak i kommunestyret 4

Kap. 2 DELEGASJON TIL DEI ENKELTE UTVALA 2.1 KOMMUNALUTVALET VAL OG SAMANSETTING Kommunalutvalet har 5 faste medlemmar. Desse skal veljast av og blant kommunestyremedlemmane. Ordførar og varaordførar er faste medlemmar. Andre medlemmar vert valt etter reglane i Kl. 8 nr. 2. Når kommunalutvalet handsamar saker som administrasjonsutval, har utvalet to arbeidstakarrepresentantar i tillegg til dei politisk valte representantane. SÆRSKILDE FUNKSJONAR Formannskap, økonomisaker Kommunalutvalet er formannskap etter Kl. 8 nr. 1. Kommunalutvalet skal handsame og gje innstilling i dei saker som framgår av Kl. 8 nr. 3 (økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak). Hovudutvala har vedtaksmynde innafor tildelte budsjettrammer. Saker som går utover budsjettrammene skal handsamast av kommunalutvalet. Kommunalutvalet si vedtaksmynde i økonomisaker framgår av økonomireglementet. Økonomiplan og årsbudsjett blir handsama slik det går fram av Kl. 44 nr. 4 og 45 nr. 3. Rådmannen sitt budsjettforslag er offentleg frå det blir lagt fram for kommunalutvalet. Plansaker Kommunalutvalet handsamar saker etter pbl kap. 11 med mindre anna er fastsett i loven. Utvalet handsamar planprogram for reguleringsplanar som er KU-pliktige (konsekvensutgreiing). Forskrift for motorkjøretøyer i utmark etc. Avgjerd etter 6 er delegert til kommunalutvalet. Klagenemnd Kommunalutvalet er klagenemnd etter Fvl. 28. Utvalet handsamar klager på enkeltvedtak gjort av andre politiske organ, med unnatak for vedtak etter lover med eigne klageordningar. Når kommunalutvalet fattar enkeltvedtak er kommunestyret klageorgan etter Fvl. 28. Ved handsaming av klagesaker i kommunestyret er medlemmane i kommunalutvalet ugilde dersom kommunalutvalet tidlegare har gjort vedtak eller gjeve innstilling i saka (jfr. Kl. 40 nr. 3, pkt. c). 5

Hasteutval Kommunalutvalet har mynde til å treffe vedtak i saker som skulle vore avgjort av anna organ, når det er naudsynt at vedtak vert fatta så raskt at det ikkje er tid til å innkalle dette. Melding om hastevedtak skal føreleggast aktuelt organ i organet sitt neste møte (jfr. Kl. 13). Interkommunale saker Kommunalutvalet koordinerer og samordnar interkommunale saker. Utvalet handsamar interkommunale saker i den innleiande fasen. Når sakene blir konsise nok blir sakene fordelt til aktuell avdeling/utval. Overordna miljøutval Kommunalutvalet er overordna miljøutval. Utvalet har det overordna og heilskaplege ansvaret for kommunen sin miljøpolitikk. Miljøsaker av sektorovergripande karakter skal handsamast av kommunalutvalet. Elles har kvart hovudutval miljøansvar innafor sitt område. Likestillingsutval Kommunalutvalet er likestillingsutval og handsamar spørsmål som gjeld likestilling. Administrasjonsutval Kommunalutvalet, supplert med arbeidstakarrepresentantar, er administrasjonsutval etter Kl. 25 og Hovudavtalen 4, del B. Utvalet handsamar saker som gjeld forholdet mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette. For utvalet gjeld følgjande: a) Saker der administrasjonsutvalet har avgjerdsmynde Administrasjonsutvalet avgjer alle personalsaker som ikkje er lagt til andre politiske utval eller til administrasjonen. b) Saker der administrasjonsutvalet har uttalerett Administrasjonsutvalet har uttalerett i følgjande saker : 1. Ved tilsetjing av administrasjonssjef og kommunalsjefar 2. Ved oppseiing av administrasjonssjef og kommunalsjefar 3. Framlegg til reglement som vedkjem personale 4. Nye organisasjonsplanar c) Arbeidstakarrepresentantane sin kompetanse og habilitet Dei tilsette sine representantar er medlemmar av utvalet med same rettar og plikter som dei politisk valde. Dei tilsette sine representantar kan likevel ikkje veljast til, eller ta del i forhandlingar kor arbeidstakarorganisasjonane er involvert. 6

Andre delegasjonar og oppgåver: Kommunalutvalet handsamar saker som ikkje naturleg høyrer heime i eit av hovudutvala og som det ikkje er naturleg at blir lagt fram for kommunestyret. Kommunalutvalet tildeler tomter i næringsområdet. Kommunalutvalet har mynde til å ivareta kommunen sine oppgåver etter Serveringsloven av 13. juni 1997. Kommunalutvalet har ansvaret for kommunen sin arbeidsgjevarpolitikk og dei oppgåver som har tilknyting til kommunen sin arbeidsgjevarfunksjon. 2.2 FORHANDLINGSUTVAL, fast eigedom Forhandlingsutvalet forhandlar om kjøp og sal og anna knytt til fast eigedom. Samansetjing: ordførar, varaordførar og rådmann. Forhandlingsutvalet har mynde til å inngå avtalar om kjøp og sal av grunn/rettar når dette er i tråd med «Retningsliner for erverv av grunn/rettar». Det gjeld òg ved investeringsprosjekt når grunnlaget for erverv er vedteke av kommunestyret. 2.3 OPPVEKST- OG KULTURUTVALET Oppvekst- og kulturutvalet har 5 medlemmer oppnemnd av kommunestyret. Hovudutvalet handsamar saker vedkommande skule, kultur og oppvekst. Delegasjon til hovudutvalet i medhald av kommunelova: Oppvekst- og kulturutvalet kan fatte vedtak innafor dei rammer og etter dei retningsliner som er fastsett av kommunestyret, m.a: - Forvalte midlar løyva til skule, barnehage og kulturformål innafor dei rammer og føresetnader som ligg i budsjettet - Andre saker kommunestyret måtte delegere til utvalet - Utpeika kommunen sin representant i samarbeidsutvalet Oppvekst- og kulturtuvalet fattar vedtak på følgjande saksområder: - saker som gjeld grunnskulen og saker etter Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa av 17. juli 1998, herunder saker om: - utsett eller tidleg skulestart - auke eller reduksjon i undervisningstida for ein elev - fritak for opplæringsplikt i 10. skuleår - overføring til annan skule 7

- Saker som gjeld barnehagar og Lov om barnehagar av 6. juni 1975 nr. 30, herunder godkjenne barnehagar etter lovas 3 og gje dispensasjon frå utdanningskrav etter 18 - Saker som gjeld skulefritidsordninga, PP-tenesta og vaksenopplæring - Kulturvern, idrett, ungdomsarbeid, tilhøvet til frivillige foreiningsliv, kulturanlegg, friluftsliv, kino, bibliotek, andre kulturaktivitetar, tilskot til kulturaktivitetar m.v. Utvalet kan elles uttale seg om saker som har innverknad for skule, barnehage og kultursektoren. 2.4 OPPTAKSUTVAL FOR BARNEHAGEN Opptaksutvalet er sett saman av leiinga i barnehagen (kommunalsjef og einingsleiar i barnehage) og helsesyster. Barnehagestyrar har sekretærfunksjon. Opptaksutvalet har mynde til avgjere opptak av born, i samsvar med vedtekter for Åseral barnehage. 2.5 HELSE- OG SOSIALUTVALET Helse- og sosialutvalet har 5 medlemmer oppnemnd av kommunestyret. Hovudutvalet har som arbeidsområde dei helse- og sosialspørsmål som kommunen skal handsame. Herunder: - Lov av 24.06.2011 om kommunale helse- og omsorgtjenester (helse- og omsorgstjenesteloven) - Lov av 18.12.2009 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen (sosialtjenesteloven) - Lov av 05.08.1994 om vern mot smittsomme sykdommer (smittevernloven) - Lov av 23.06.2000 om helsemessig og sosial beredskap (helseberedskapsloven) - Lov av 02.07.1999 om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven) Delegasjon til hovudutvalet i medhald av kommunelova: Helse- og sosialutvalet kan fatte vedtak innafor dei rammer og etter dei retningsliner som er fastsett av kommunestyret, herunder: - Forvalte midlar løyva til helse og sosiale føremål innafor dei rammer og føresetnader som ligg i budsjettet - Andre saker kommunestyret måtte delegere til utvalet 8

2.6 KLIENTUTVALET Klientutvalet har ansvaret for alle klientsaker etter sosialtjenesteloven, helse- og omsorgstjenesteloven og andre liknande klientsaker der avgjerdsmynde ikkje er lagt til andre. Utvalet er delegert mynde innan følgjande saker: Helse- og omsorgstjenesteloven kap. 3: 1. Omsorgstenester etter 3-2, jfr pasient- og brukerrettighetsloven 2-1 a. a. Praktisk bistand og opplæring ved timeforbruk over 15 t. pr. veke over lengre tid b. Avlasting for personar og familiar ved timeforbruk over 20 t. pr. mnd. over lengre tid c. Støttekontakt for personar og familiar ved timeforbruk over 8 t. pr. veke over lengre tid 2. Omsorgslønn etter 3-6 3. Særtilfelle og prinsipielle saker 4. Klagesaker på administrative enkeltvedtak der Fylkesmannen er klageinstans Helse- og omsorgstjenesteloven kap. 10 (tvangstiltak overfor rusmiddelavhengige): 1. Gje uttale i saker der Fylkesnemnda har vedtakskompetanse Helse- og omsorgstjenesteloven 11-2 (vederlag for helse- og omsorgstjenester): 1. Særtilfelle og prinsipielle saker 2. Klage på administrative enkeltvedtak der Fylkesmannen er klageinstans Sosialtjenesteloven kap. 4 (individuelle tjenester): 1. Økonomisk sosialhjelp etter gjeldande satsar utover 12 mnd, 18 (stønad til livsopphald) 2. Økonomisk sosialhjelp etter 18 og 19 ut over 1/3 G (grunnbeløpet i folketrygda) på årsbasis i tillegg til bidrag etter vedtekne gjeldande satsar for sosialstønad 3. Økonomisk stønad i form av garanti for lån innan den ramma som er vedteken av kommunestyret 4. Friplass i barnehagen 5. Særtilfelle og prinsipielle saker 6. Klage på administrative enkeltvedtak der Fylkesmannen er klageinstans Pasient- og brukerrettighetsloven 2-1 a, andre ledd, (rett til nødvendige helse- og omsorgstjenester) og 2-1 c (pasientrettigheter i fastlegeordningen): 1. Klage på avgjerder der Fylkesmannen er klageinstans 9

Delegasjon på ikkje lovfesta områder 1. Fordeling av Husbanken sitt tilskot til tilpassing av bustad 2. Særtilfelle og prinsipielle saker vedkomande tryggleiksalarmar, middagsombringing, dagtilbod på aktivitetssenteret, verna arbeid/arbeidstreningstiltak 3. Klage på administrative enkeltvedtak når det gjeld helse- og sosialtenester som ikkje er regulert i særlov (jfr. pkt 2) 2.8 TEKNISK UTVAL Utvalet har ansvar og mynde innafor kommunaltekniske saker som t.d. bustadbygging, energi, samferdsle, vatn og avløp, renovasjon, oppmåling, kartverk og vegar med mindre det er delegert til kommunalutvalet, forhandlingsutvalet eller rådmannen. Teknisk utval er planutval etter pbl 12-2 og 12-3. Utvalet har mynde til å vedta planprogram som ikkje er KU-pliktig (konsekvensutgreiing) for reguleringsplanar. Etter 12-3 kan utvalet gjere vedtak i samsvar med lov og føresegner. Utvalet handsamar utbyggingsavtalar (pbl kap. 17) på same måte som reguleringsplanar, jf. 12-2 og 12-3. Delegasjon til hovudutvalet i medhald av kommunelova: Teknisk utval kan fatte vedtak innafor dei rammer og etter dei retningsliner som er fastsett av kommunestyret, herunder: - Forvalte midlar løyva til tekniske føremål innafor dei rammer og føresetnader som ligg i budsjettet - Andre saker kommunestyret måtte delegere til utvalet Delegasjon til hovudutvalet i medhald av særlege lover, føresegner, retningsliner m.v.: - Vera forureiningsmyndigheit og fatta vedtak etter forureiningslova og tilhøyrande føresegner - Avgjera saker om vass- og kloakkavgifter etter føresegnene, herunder fritak for/reduksjon av avgiftene - Avgjera saker om fritak og reduksjon av avgifter for feiing, oppmåling og byggetilsyn. TU avgjer om ei bygning er i ein slik stand at renovasjonsavgift kan krevjast inn - Innanfor Landskapsvernområdet har utvalet mynde til å handsame søknader om løyve etter 6 - Vera vegstyresmakt etter veglova. - Vera myndigheit etter vegtrafikklova, i den grad lova gir tilgang til dette - Handsama søknader om statstilskot til kjøp og opparbeiding av friareal - Vidareføra eksisterande festeforhold for fast eigedom ved nye festekontrakter, der det etter utvalet si meining må sjåast som kurant 10

2.9 NÆRINGSUTVALET Næringsutvalet har ansvar og mynde innafor saker som vedkjem næringslivet og naturressursane i primærnæringa, med mindre det er delegert til kommunalutvalet eller rådmannen. Utvalet kan ta opp saker det finn føremålstenleg innafor sitt saksområde. Delegasjon til hovudutvalet i medhald av kommunelova: Næringsutvalet kan fatte vedtak innafor dei rammer og etter dei retningsliner som er fastsett av kommunestyret, herunder: - Forvalte midlar løyvd til næringsføremål (herunder vilt og fisk) innafor budsjettet - Andre saker kommunestyret måtte delegere til utvalet Delegasjon til hovudutvalet i medhald av særlege lover, føresegner, retningsliner m.v.: Der avgjerdsmynde ikkje er lagt til andre organ etter forskrift av 08.12.2003 nr. 1479, har Næringsutvalet mynde i alle saker etter følgjande lover med tilhøyrande forskrifter: - Konsesjonslova - Jordlova - Skogbrukslova - Lov om forpakting - Viltloven - Innlandsfiskeloven Vedtekter for kraftfond, samt utfyllande handsamingsreglar: Midlar avsett til næringsføremål, skal forvaltast i samsvar med utfyllande handsamingsreglar til vedtekta for kraftfond. Kommunale tilskot innan jordbruk og skogbruk: Utvalet er delegert mynde til å forvalte kommunale tilskotsordningar innan landbruk. Midlar løyvde til desse føremåla skal handsamast i samsvar med kommunale tilskotsreglar for landbruket i Åseral. Utvalet er styre for Åseral Fiskefond og forvaltar det etter nærare gjevne retningsliner. Utvalet skal vedta overordna retningsliner for hjorteviltforvaltninga. 2.10 KONTROLLUTVALET Kontrollutvalet har 3 medlemmer. Eit av medlemma skal vere medlem i kommunestyret. Verksemda i utvalet er regulert i forskrift om kontrollutvalg i kommuner/fylke av 15. juni 2004. 11

2.11 ARBEIDSMILJØUTVALET Samansetjing: Arbeidsgjevarsida: Rådmannen og to avdelingssjefar. Arbeidstakarsida: Hovudverneombod og to medlemer valt av organisasjonane. Arbeidsmiljøutvalet skal arbeide for eit forsvarleg arbeidsmiljø i kommunen. Utvalet skal delta i planlegging av verne- og miljøarbeidet, og følgje utviklinga i spørsmål som vedkjem tryggleik, helse og velferd for arbeidstakarane. Utvalet er eit kombinert lovbestemt arbeidsmiljøutval og samarbeidsutval. Oppgåver og mynde er regulert i Hovudavtalen del b, 6 og Arbeidsmiljølova 7-1 og 7-2. Funksjonen som fråversutval er lagt til utvalet. 12

KAP. 3 Delegasjon til administrasjonen 3.1 DELEGASJON TIL RÅDMANNEN: 1. Rådmannen er øvste leiar for den samla kommunale administrasjon og har full instruksjonsmynde over alle tilsette, jfr. Kl. 23 nr. 1. Dei politiske utvala kan, innafor ramma av reglement og retningsliner, delegere ytterlegare avgjerdsmynde til rådmannen. Rådmannen kan, innafor ramma av reglement, retningsliner og vedtak, delegere vidare slik avgjerdsmynde internt til administrasjonen 2. Rådmannen avgjer prioriteringa av både dei tenestlege og administrative ressursane. Rådmannen har fullmakt til å disponere kommunen sine ressursar i samsvar med planar og innafor dei rammer som kommunestyret vedtek. 3. Rådmannen har m.a. mynde til å treffe avgjerd i : - permisjonssøknader regulert i lover/avtaler og lokalt reglement, som ikkje er av prinsipiell karakter - andre personalsaker av ikkje prinsipiell karakter - bruke personalreglement med unntak av personalpolitiske retningsliner og eventuelt andre reglement av overordna karakter - søknad om leige av personalbustad og næringslokalar - tildeling av einskildtomter i bustadfelt - frikjøp av tid for hovudtillitsvalde - avgjere kva innkjøpsavtalar kommunen skal inngå - tidsavgrensa løyve til omferdshandel 4. Rådmannen sine fullmakter i budsjettsaker er regulert i økonomireglementet. 5. Rådmannen har høve til å vidaredelegere tilvisingsretten (framgår i oversyn over tilvisingsretten i Åseral kommune - vedlegg til økonomireglementet). 6. Rådmannen gjennomfører og signerer protokoll i samband med lokale lønsforhandlingar. 7. Rådmannen har mynde til all tilsetjing, med unntak av tilsetjing av kommunalog administrasjonssjef. 8. Rådmannen har mynde til å seie opp arbeidstakarar som er tilsett administrativt. 9. Rådmannen har innstillingsmynde til alle politiske utval, jfr. prinsippet om fullført sakshandsaming. 13

10. Tidlegare gjevne delegasjonar til administrative ledd blir opprettheldt så langt dei passar, og skal reknast for å vere gjevne til rådmannen og vidaredelegert frå han. 3.2 DELEGASJON TIL RÅDMANNEN I MEDHALD AV SÆRLEGE LOVFØRESEGNER Lov av 22. mai 1902 nr. 10 alminneleg borgarleg straffelov: Kommunestyret si mynde til å gjere vedtak etter 79, 5. ledd om å krevje påtale for straffbare handlingar, vert delegert til rådmannen for alle saker som gjeld innbrot, hærverk og liknande.på kommunal eigedom og elles i saker der omsynet til ettersøkinga krev rask påtale, jfr. 3-3 nr.1. Lov om motorisert ferdsel av 10. juni 1977, nr. 82: Rådmannen har mynde til å avgjere søknader om bruk av motorfartøy etter 6. Nasjonal forskrift om bruk av motorkjøretøy i utmark og på islagde vassdrag av 15. mai 1988: Rådmannen har mynde til å avgjere søknader om bruk av snøscooter etter 5. Alkoholloven: Rådmannen har mynde til å tildele ambulerande skjenkeløyve. Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker, av 10. februar 1967: Ved klage etter Fvl. på vedtak fatta i medhald av mynde delegert til rådmannen har rådmannen mynde til å stå for 2. gongs underinstanshandsaming i høve til Fvl. 33. Rådmannen kan vidaredelegere denne fullmakta. Lov om husbanken av 29. mai 2009 Rådmannen har mynde til vidarefordeling av startlån og etableringstilskot frå Husbanken. Gravferdslova av 07.06.96 9: Rådmannen har mynde til å treffe tiltak i m.h.a. Gravferdslova av 07.06.96 9. 14

3.3 DELEGASJON TIL RÅDMANNEN INNAN DEI ULIKE FAGOMRÅDA 3.3.1 DELEGASJON TIL RÅDMANNEN INNAN OMRÅDET SKULE, KULTUR OG OPPVEKST DELEGASJON TIL RÅDMANNEN I MEDHALD AV SÆRLEGE LOVFØRESEGNER Forskrift om planlegging og godkjenning av vegar for landbruksformål, fastsett av landbruksdepartementet 20. desember 1996: Rådmannen har mynde til å vurdere kva saker som skal leggjast fram for politisk handsaming. Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa av 17.07.98: Rådmannen har mynde til å gjere vedtak i saker om tildeling av spesialundervisning. DELEGASJON TIL RÅDMANNEN PÅ IKKJE LOVFESTA OMRÅDE Reglement for kommunalt stipend: Administrasjonen tildeler utdanningsstipend i kurante saker i samsvar med kommunalt reglement. 3.3.2 DELEGASJON TIL RÅDMANNEN INNAN OMRÅDET HELSE, SOSIAL OG OMSORG DELEGASJON TIL RÅDMANNEN I MEDHALD AV SÆRLEGE LOVFØRESEGNER Lov av 24.06.2011 om folkehelsearbeid (folkehelselova): Rådmannen er delegert avgjerdsmynde i følgjande saker etter kap 3 (miljøretta helsevern): - Handsaming av rutinesaker, sterkt regelbundne saker, herunder uttale til frådelings- og utsleppsaker. Oppfølging/rutinekontrollar av etablerte verksemder Lov av 24.06.2011 om kommunale helse- og omsorgtjenester (helse- og omsorgstjenesteloven) Rådmannen er delegert avgjerdsmynde i enkeltsaker som ikkje er lagt til klientutvalet innan følgjande område: - Heimesjukepleie og sjukeheimsplass etter 3-2, nr 6 bokstav a og c - Personleg assistanse, støttekontakt, praktisk bistand og opplæring etter 3-2, nr 6 bokstav b - Avlastingstiltak etter 3-2, nr 6 bokstav d - Bustader til vanskelegstilte etter 3-7 15

- Mellombels vedtak om tilbakehald i institusjon for rusmiddelavhengige etter 10-2 og 10-3 - Eigenbetaling for praktisk bistand og sjukeheimsplass etter 11-2 med forskrifter Lov om vern ved tobakkskader av 9 mars 1973 nr 14: Rådmannen er delegert mynde til å føre tilsyn etter 13 (jfr. delegasjon etter folkehelselova kap 3) Lov av 8. aug. 1994 om vern mot smittsame sjukdommar: Rådmannen er delegert mynde til å peike ut kommunen sin ansvarlege lege, og denne sin stedfortredar, samt andre naudsynte delegasjonar i samband med denne lova. Lov av 18.12.2009 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen: Rådmannen har delegert avgjerdsmynde i enkeltsaker som ikkje er lagt til klientutvalet, innan følgjande område: - Økonomisk sosialhjelp etter 18 og 19 - Kvalifiseringsprogram etter 29 og 30 Forskrift av 15. mai 1994, i medhald av Vegtrafikklovens 5 og 8: Rådmannen har delegert mynde i enkeltsaker vedkomande parkeringsløyve for rørslehemma. Forskrift om fosterhjem av 18. desember 2003, i medhald av barnevernloven 4-22: Ansvar for tilsyn med barn i fosterheim er delegert til rådmannen og vidaredelegert til rådmannen i vertskommunen for Barnevern Sør. Ansvaret er lagt til familiesenteret i Mandal. DELEGASJON TIL RÅDMANNEN PÅ IKKJE LOVFESTA OMRÅDE: Rådmannen er delegert avgjerdsmynde i enkeltsaker som ikkje er lagt til klientutvalet, vedkomande tildeling og eventuelt eigenbetaling for følgjande tenester: - Tryggleiksalarm - Middagsombringing - Dagtilbod på aktivitetssenteret - Verna arbeid/arbeidstreningstiltak 16

3.3.3 DELEGASJON TIL RÅDMANNEN INNAN OMRÅDET FOR DRIFT OG UTVIKLING Med mindre eit saksområde er delegert til eit anna utval er rådmannen delegert ansvar og mynde, så langt det er lov, innafor følgjande område: - Kommunaltekniske saker - Saker som vedkjem næringslivet og naturressursane i primærnæringa. - Saker som vedkjem kommunen som eigedomsforvaltar. Det gjeld òg grensejustering etter matrikkellova. DELEGASJON GJEVEN I MEDHALD AV KOMMUNELOVA Rådmannen har fullmakt til å avgjere søknader om tilskott på inntil kr. 50 000. Føresetnaden for dette er at løyvinga er i tråd med vedteken næringspolitikk. DELEGASJON TIL RÅDMANNEN I MEDHALD AV SÆRLEGE LOVFØRESEGNER Vegloven: Med heimel i veglovens 9, 4. ledd vert mynde som vegstyresmakt for kommunale vegar delegert til rådmannen i alle saker av ikkje prinsippiell karakter, med unntak av 50, 2. ledd. Vegtrafikkloven: Med heimel i vegtrafikkloven 5 og 21 og 22 i skiltføresegnene vert skiltmynde delegert til rådmannen. Mynde etter 6, 5. ledd og 7 vert delegert til rådmannen. Naboloven: Rådmannen får fullmakt til å opptre på kommunen sine vegne i nabotilhøve. Forureiningslova: I alle saker av kurant karakter etter 22 2. ledd og 26 siste ledd, er delegerte til rådmannen. Mynde etter forureiningsforskrifta kap. 12 er delegert til rådmannen. Der kommunen har mynde etter naturmangfoldloven er rådmannen delegert mynde. Plan- og bygningsloven: Avgjerdslemynde i saker av ikkje-prinsipiell karakter er delegert rådmannen, så langt lova tillet det jf. 23 nr. 4 i kommunelova. Avgjerdsmynde som gjeld dispensasjon frå reguleringsplanar (disposisjonsplanar, bebyggelsesplanar, reguleringsplanar, detaljreguleringar og områdereguleringar) er delegert til rådmannen. 17

I saker der kommunalutvalet har gitt dispensasjon frå kommuneplan og kommunedelplanar, er rådmannen delegert vidare byggesakshandsaming. Avgjere tilskot til vatn og avløp og bustader i samsvar med gjeldande reglement. Jordloven: Gjeld heile lova med unntak av negativ innstilling etter 9 og 12. Skogbrukslove: Rådmannen er gjeve mynde til å ta avgjerd i saker etter skogbrukslova. Vedtak i alle saker om bruk av skogfond, herunder attendebetaling, etter skogbruksloven 15. Konsesjonslova: Rådmannen er gjeve mynde til å ta avgjerd i saker etter konsesjonslova. Forskrift om nydyrking: Rådmannen er gjeve mynde til å ta avgjerd i saker etter forskrift om nydyrking. Forskrift om gjødselplanlegging: Rådmannen er gjeve mynde til å ta avgjerd i saker etter forskrift om gjødselplanlegging Forskrift om planlegging og godkjenning av vegar for landbruksformål, fastsett av Landbruksdepartementet 20. desember 1996: Mynde til å gje byggeløyve i kurante saker. 18