Arthropoda - leddyr av Bjørn Gjerde 2007-2014 Bjørn Gjerde 1
Arthropoda - leddyr Hovudgrupper og aktuelle undergrupper som kan opptre som parasittar Acarina middedyr flått og midd Insecta insekt lus, tovenger og lopper Crustacea krepsdyr 2007-2014 Bjørn Gjerde 2
Acarina middedyr Har inga ytre segmentering (oppdeling) av kroppen i ulike regionar. Manglar hovud, men munnen og munnreiskapane sit i fremre ende. Livssyklus: egg (klekking), 1 larvestadium (hudskifte), 1-3 nymfestadium (hudskifte) og vaksne hannar og hoer (parring og egglegging). Larvene har tre par bein (6 bein); nymfene og dei vaksne har 4 par bein (8 bein). 2007-2014 Bjørn Gjerde 3
Acarina middedyr Skjematisk figur; raud hønsemidd 2007-2014 Bjørn Gjerde 4
Flått Relativt store; frå eit par mm til vel 1 cm lange Alle er blodsugande. Fremst på kroppen har dei ein spesiell festereiskap med mothakar, hypostomen. Forankring til verten under blodsuginga. Flått spelar ei viktig rolle som overførarar (vektorar) av andre mikroorganismar (virus, bakteriar, eincella parasittar). Få arter av betydning i Noreg, men mange viktige arter i varmare land. Livssyklus: egg larve nymfe vaksne. 2007-2014 Bjørn Gjerde 5
Ixodes ricinus (skogflått) Langs kysten og innover i fjordane frå Halden til Lofoten. Treng eit fuktig og mildt klima. Overvintrar og lever på bakken. Kryp opp i vegetasjonen (gras, lyng, mindre buskar) for å koma over på verten. Kvart stadium syg blod éin gong; tre ulike vertsdyr; heile syklusen tar 3 år. Vektor for virus (louping ill, encefalitt), bakteriar (Borrelia, Anaplasma) og protozoar (Babesia). 2007-2014 Bjørn Gjerde 6
Ixodes ricinus (skogflått) Livssyklus; ulike stadium før/etter blodsuging; hoflått på blad; nesten fullsogen hoflått på hund 2007-2014 Bjørn Gjerde 7
Midd Mange arter med ulikt levevis. Utvikling: egg - larve nymfe 1 nymfe 2 - vaksne. Utviklinga frå egg til vaksne tar ca. 3 veker hos mange aktuelle arter. Dei fleste middane er relativt små, rundt 0,5 mm lange, og vanskelege å sjå makroskopisk (utan hjelp av lupe/mikroskop). Dei fleste aktuelle artene er stasjonære ektoparasittar som blir overførte ved direkte kontakt mellom dyr/menneske eller indirekte kontakt (via miljøet). 2007-2014 Bjørn Gjerde 8
Dermanyssus gallinae - raud hønsemidd Viktig blodsugande ektoparasitt hos verpehøns. Finst også hos mange ville fuglar. Temporær; oppsøkjer helst hønene om natta, lever elles i miljøet (i reirkassar, ved vaglefeste mm). Kan overleva i mange veker i miljøet; vanskeleg å bli kvitt. Fører til uro, anemi, redusert eggproduksjon eller død hos hønene. Også plagsom for folk som steller dyra. 2007-2014 Bjørn Gjerde 9
Demodex - hårsekkmidd Ulike vertsspesifikke arter hos ulike dyreslag og hos menneske. Lever i hårfolliklane. Stasjonære. Små midd (0,3 mm); avlang kropp, korte bein. Mange dyr har hårsekkmidd utan å visa teikn til sjukdom. Somme får betennelse i hårfolliklane med håravfall; i tillegg ofte sekundærinfeksjonar med bakteriar. Påvising ved mikroskopi av djupe hudskrap eller rota av utnappa hår. 2007-2014 Bjørn Gjerde 10
Cheyletiella pelsmidd Midd og egg i tapepreparat; vaksen midd Tre ulike arter hos hund, katt og kanin. Stasjonære. Fører til auka flassing, kløe. Kan gå over på menneske og gje hissig hudbetennelse. Dyreeigaren viser ofte symptom før dyret. Oftast smitte frå katt. Påvising vha. tapemetoden eller ved støvsuging. 2007-2014 Bjørn Gjerde 11
Sarcoptes, Notoedres, Chorioptes, Psoroptes - skabbmidd Opptrer hos ulike dyr; Sarcoptes også hos menneske. Stasjonære. Grev gangar i overhuda (epidermis) eller lever på hudoverflata. Er ca. 0,5 mm store. Fører til intens kløe, dels pga. av at verten utviklar hypersensitivitet. Fører til skorpebelegg og fortjukka hud, såkalla skabb. Påvising ved mikroskopi av hudskrap. 2007-2014 Bjørn Gjerde 12
Sarcoptes scabiei og Chorioptes bovis skabbmidd Sarcoptes scabiei, homidd; rev og gris med Sarcoptes-skabb Chorioptes bovis, homidd; ku med haleskabb; hest med fotskabb 2007-2014 Bjørn Gjerde 13
Otodectes cynotis - øyremidd Hannmidd; øyresvaber frå rev, middane er synlege som kvite punkt i øyrevoksen Hos rovdyr (hund, katt, rev, ilder). Lever i ytre øyregang og fører til irritasjon og betennelse (otitis externa), med kløe, utsiving av væske og auka sekresjon av øyrevoks (fuktige øyre). Sekundære skadar på/rundt øyrene når dyra klør seg (m.a. blodøyre hos hund). 2007-2014 Bjørn Gjerde 14
Pneumonyssoides caninum - hundens nasemidd Mikroskopisk preparat av homidd; nasemidd på slimhinna i biholene Lever i nasa og biholene hos hund. Irritasjon, betennelse, auka naseflod, nysing, kløe, redusert luktesans. Vanskelege å påvisa på levande dyr. Endoparasitt! 2007-2014 Bjørn Gjerde 15
Insecta - insekt Kroppen er inndelt i tre avsnitt: caput (hovud), thorax (bryst) og abdomen (bakkropp). Har munndelar, antenner og eventuelle auge på hovudet. Har tre par bein og 1-2 vengepar på brystet. Hos parasittiske insekt (lus, lopper) er vengene heilt borte, eller det er berre 1 par venger (tovenger). Kjønnsorgan i bakkroppen. 2007-2014 Bjørn Gjerde 16
Insecta - insekt Det er to hovudtypar av utvikling: Hemimetabol (ufullstendig metamorfose): egg - varierande tal nymfestadium vaksne Nymfestadia liknar dei vaksne og lever ofte i same miljø som foreldra. Lus er hemimetabole. Holometabol (fullstendig metamorfose): egg - varierande tal larvestadium - puppe vaksne Larvestadia er primitive og svært ulike dei vaksne; omdanninga (metamorfosen) skjer på puppestadiet. Larvene lever ofte i eit anna miljø enn dei vaksne. Tovenger og lopper er holometabole. 2007-2014 Bjørn Gjerde 17
Lus Parasittiske grupper av insekt Blodsugande grupper (ikkje alle parasittiske fluger syg blod; somme lever av sekret) Blodsugande lus Pelslus og fjørlus Tovenger Mygg, knott, sviknott Klegg Fluger, spyfluger, bremsefluger, lusfluger Lopper 2007-2014 Bjørn Gjerde 18
Lus - Phtiraptera To hovudtypar av lus; pels- og fjørlus (Mallophaga) og blodsugande lus (Anoplura). Lus er 1-6 mm lange, vengelause, stasjonære parasittar. Dei fleste manglar auge. Pelslus/fjørlus lever av hud, hår og fjører; dei blodsugande lusa lever av blod. Blodlusa har eit lite og smalt hovud og kraftige bein; pels- /fjørlus har eit stort og breitt hovud og spinkle bein. 2007-2014 Bjørn Gjerde 19
Lus Phtiraptera Livssyklus; egg av hunden si blodlus; ulike stadium av storfepelslus Utviklinga er hemimetabol: egg (a) - 3 nymfestadium (b, c, d) vaksne (e). Egga er kvitglinsande og blir limt fast til hår/fjører. Ulike arter hos ulike dyreslag (vertsspesifikke); vanlegvis berre smitte mellom husdyr av same art. Begge typar lus fører til kløe/irritasjon, som kan resultera i sekundære skadar i huda (avskrapingar) og redusert fôropptak og tilvekst. Blodlus kan føra til anemi, særleg hos ungdyr. 2007-2014 Bjørn Gjerde 20
Lus hos hund og katt Blodlus, Linognathus setosus (t.v.) og pelslus,trichodectes canis (midten) hos hund; og pelslus, Felicola subrostratus (t.h.) hos katt 2007-2014 Bjørn Gjerde 21
Tovengja insekt - Diptera Dei fleste har eitt vengepar (tovenger); enkelte er heilt vengelause. Mygg, knott, sviknott, klegg, ulike fluger, brems(efluger), spyfluger og lusfluger. Dei fleste er lite vertsspesifikke; kan gå på mange ulike dyr. Dei fleste er temporære. Hovudsakleg dei vaksne (hoa) som er parasittar; lever av blod (stikkande insekt) eller sekret. Hos brems og spyfluger er larvene parasittiske. 2007-2014 Bjørn Gjerde 22
Tovengja insekt - utvikling Utvikling (holometabol): egg - varierande tal larvestadium i ulike miljø - puppe vaksne (adulte). Hos fluger, spyfluger, brems og lusfluger er det 3 larvestadium. Lusflugene føder det tredje larvestadiet, som straks forpuppar seg. 2007-2014 Bjørn Gjerde 23
Tovenger næringsopptak (blod, sekret) Til venstre: blodsugande mygg, sviknott og klegg; til høgre: sekretfødande fluger 2007-2014 Bjørn Gjerde 24
Tovenger med parasittiske larver myiasis Øvst: vaksen bremsefluge; siste larvestadium av reinens hudbrems; siste larvestadium av hestens magebrems. Nedst: vaksen spyfluge (Lucilia); spyflugelarver 2007-2014 Bjørn Gjerde 25
Lopper - Siphonaptera Manglar venger, er samantrykte frå sidene, har kraftige hoppebein (3. beinpar). Utvikling (holometabol): egg (a) - 3 larvestadium (b) - puppe (c; d: kokong med puppe inni) vaksne (e). Dei vaksne er blodsugande parasittar; larvene er frittlevande. Blodtap, allergiske reaksjonar mot stikka. Ein viss vertspreferanse. Vanlege hos fugl, rovdyr, gnagarar (hos dyr med reir, hi, bol; dvs. fast opphaldsplass, slik at vaksne lopper kan gå av og på dyra for blodsuging). 2007-2014 Bjørn Gjerde 26
Ctenocephalides felis katteloppa Dei vaksne lever stasjonært i pelsen på katt, hund eller andre dyr; dei syg blod og hoene legg talrike egg som ramlar ut av pelsen. Foto viser mikroskopisk preparat av holoppe; loppe i pelsen til katt dei svarte partiklane er blod som har gått gjennom loppene; og eit egg 2007-2014 Bjørn Gjerde 27
Crustacea: Lepeophtheirus salmonis - lakselus Hos laksefisk i saltvatn, særleg hos laks og sjøaure. Utvikling: egg - nauplius 1 og 2, copepoditt (infektiv) - chalimus 1, 2, [3 og 4] - preadult 1 og 2 - adulte. Smitte med frittsømjande copepodittar. Smitte via copepodittar mellom anlegg, eller frå villaks. Den viktigaste parasitten hos norsk oppdretts-laks. Dei vaksne stadia kan føra til store sårskadar og problem med osmoreguleringa. Store tap pga. av skadar på fisken og utgifter til kontrolltiltak. 2007-2014 Bjørn Gjerde 28
Crustacea: Lepeophtheirus salmonis lakselus Livssyklus; vaksen hann og ho 2007-2014 Bjørn Gjerde 29