Søk regionalt miljøtilskot elektronisk I 2016 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Vi håper du søkjer elektronisk! Dette er ei omtale av korleis du søkjer elektronisk med tips og råd til utfylling. Ta vare på den og finn den fram når du skal søkje. Du kan òg få hjelp og støtte frå kommunen din. Du kan søkje elektronisk frå 1. august! Elektronisk søknad har fleire fordelar: Teikningar i kart frå 2015, 2014 eller 2013 kan nyttast om att Du får ferdig fylt ut opplysningar om føretaket Du får løpande beskjed om du har fylt ut skjemaet rett Du får kvittering i Altinn på at søknaden er motteken. «Min meldingsboks Arkivert» På Hovudsida i søknadsskjemaet kan du sjå når det er gjort vedtak på søknaden Lever søknaden elektronisk - trygt og sikkert på www.landbruksdirektoratet.no
Landbruksdirektoratet Side: 2 av 7 Kva må du gjere på førehand? Du treng ein vanleg nettlesar for å søkje. Dersom du ikkje har tilgang til ein datamaskin, kan du kontakte landbruksansvarleg i kommunen. Dei kan hjelpe deg med å få levert søknaden elektronisk. For å få tilgang til søknadsskjemaet, må du logge deg på i Altinn med MinID eller BankID. Det er lurt å ordne MinID/BankID i god tid før du skal fylle ut søknaden. Slik søkjer du elektronisk Gå til www.landbruksdirektoratet.no og klikk på banneret «Søk tilskot elektronisk». Du kjem då til ein direktelenke til søknadsskjemaet i Altinn. Husk å velje å representere føretaket og ikkje deg sjølv som person. Ved å trykke på lenka, kjem du til hovudsida i søknadsskjemaet. Her kan du sjå alle søknader registrert på føretaket ditt i denne søknadsomgangen. For å starte på ein ny søknad, må du trykke på «Søk regionalt miljøtilskot». Du kjem no til sida der du vel kva fylke du skal søkje i.
Landbruksdirektoratet Side: 3 av 7 Grunnopplysningar Når du har valt fylke, trykker du «Opprett søknad». Då kjem du til sida med grunnopplysningar. Her fyller du ut kontaktinformasjon og vel kva kommune som skal handsame søknaden din. Søkte du i fjor, vil kontaktinformasjonen (mobilnummer og e-postadresse) du registrerte, automatisk vere fylt ut i søknadsskjemaet. På sida med grunnopplysningar står kontonummeret tilskotet vil bli utbetalt til. Om dette er feil eller manglar, kan du nytte lenka til skjema i Altinn for å leggje til eller endre kontonummer. NB! Frå og med 2016 er det obligatorisk å fylle ut mobilnummer, e-postadresse og kontonummer for å kunne sende inn søknaden
Landbruksdirektoratet Side: 4 av 7 Eigedomar Når du har valt sakshandsamande kommune, trykkjer du «Neste» og legg inn eigedomane du har gjort miljøtiltak på. Søkte du miljøtilskot i fjor, eller har sendt inn elektronisk søknad for produksjonstilskot i år, vil eigedomane frå desse søknadene automatisk vere fylt ut i søknadsskjemaet. Miljøtiltak på kart Dei fleste tiltaka skal teiknast i kartet. Trykk «Neste» for å kome til sida Miljøtiltak i kart. Her må du trykke på knappen: Søkte du i 2013, 2014 eller 2015 vert du spurt om du vil importere kartteikningane som blei godkjente av kommunen. Vel det året du ynskjer å importere kartteikningane frå. Importeringa kan ta litt tid. Du kan endre/slette dei overførte teikningane, eller teikne nye. Du kan òg velje å importere kartteikningar seinare, men hugs at det vil slette det du allereie har teikna inn i år. Når du opnar kartet, får du sjå den første eigedomen som er lagt inn i søknaden. Du kan berre teikne inn tiltak på ein eigedom av gongen. Har du fleire eigedomar du skal søkje for, kan du bytte mellom desse i nedtrekksmenyen øvst i kartvinduet. Om du ynskjer å leggje til andre eigedomar i søknaden, må du gjere dette i søknadsskjemaet. Importknapp Bytte eigedom
Landbruksdirektoratet Side: 5 av 7 1. Trykk på «Velg tiltak» øvst i kartet. I lista er alle tiltak som finst i fylket tilgjengelege. Lista er sortert etter aktivitetsområde og tiltak. Tiltaksklasse vel du etter at tiltaket er teikna inn. 2. Før du kan teikne, må du velje mellom «Tegn i kart» eller «Velg område». 3. Vel område: Du kan nå velje ein markslagsfigur innan eigedomen med eit enkeltklikk i kartet. 4. Teikn i kart: Du får beskjed om tiltaket skal teiknast som punkt, linje eller flate. Punkt vert teikna med eitt klikk i kartet. Linjer vert teikna med fleire klikk i kartet. Avslutt med dobbeltklikk. Flater vert teikna med eitt klikk for kvart hjørne av området. Avslutt med dobbeltklikk. Om kartet syner eit merka område i blått, kan tiltaket berre teiknast innafor dette. Teiknar du utanfor, vil dette automatisk bli klippa vekk. Det er då ikkje naudsynt å teikne nøyaktig langs eigedomsgrenser el. 5. Trykk «Lagre» og hald fram med teikningane. Trykk «Angre» om du ikkje vil lagre tiltaket. 6. Når du er ferdig, trykker du «Avslutt» øvst til høgre og du vert sendt attende til søknadsskjema. 7. Alle tiltaka du har teikna vert vist i ei liste under kartet. Her kan du trykke på Endre eller Slett for å rette opp tiltaka. Når du har teikna i kartet, må du trykke på «Hent teikna tiltak» i skjemaet for å få tiltaka med i søknaden. Ta kontakt med landbruksansvarleg i kommunen dersom du treng hjelp med å teikne i kartet. Søkjer du tilskot til «Beite av lokalt verdifulle jordbrukslandskap» eller «Beite av kystlynghei» får du moglegheit til å bruke ein kalkulator for å rekne om tal dyr til dyreeiningar. Etter at du har henta tiltaka frå kartet trykker du på knappen: Du får opp ein boks der du kan leggje inn dei faktiske dyretala. Trykk «Beregne» for å regne om dyretal til dyreeiningar. Trykk «Ferdig» for å lukke kalkulatoren.
Landbruksdirektoratet Side: 6 av 7 Andre miljøtiltak Nokre tiltak skal ikkje teiknast i kart. Dette er: Beite i utmark Drift av enkeltstøl eller fellesstøl med foredling. Dersom du søkjer om tilskot til desse tiltaka, skal det fyllast ut på sida Andre miljøtiltak. Eigenfråsegn Trykk «Neste» for å kome til sida Eigenfråsegn. Du må svare på eigenfråsegna før søknaden kan sendast inn. Dersom eigenfråsegna ikkje er relevant for deg, vel du dette svaret. Vedlegg Trykk «Neste» for å kome til sida der du kan laste opp vedlegg til søknaden. Melding til sakshandsamar Dersom du har ein melding til sakshandsamar i kommunen, kan denne skrivast her. Innsending Siste side på skjemaet er Innsending. Her kan du: 1. Sjå heile søknaden ved å trykke på «Førehandsvis søknaden». Dette er ingen kvittering. 2. Kontroller at alle naudsynte felt i søknadsskjemaet er fylte ut ved å trykke på knappen «Kontroller». Du får då melding om det er noko du må rette på. Etter at søknaden er kontrollert og alle eventuelle feil er retta, får du melding om at søknaden er klar til innsending. Trykk på «Send inn» for å sende inn søknaden. NB! Knappen Send inn blir synleg kun etter at søknaden er kontrollert.
Landbruksdirektoratet Side: 7 av 7 Når søknaden er sendt inn, blir du automatisk sendt til hovudsida for søknadene. Her får du beskjed om at søknaden din er sendt inn og mottatt. Du kan òg sjå kvitteringa for søknaden, eller hente ho frå din meldingsboks i Altinn. På hovudsida kan du også sjå status på søknaden om den er under behandling i kommunen, godkjent eller likande. Du kan gjere endringar i den innsendte søknaden til ein kvar tid før søknadsfrist ved å trykke på knappen Gjenopne frå hovudsida. VIKTIG: Dersom du gjenopnar ein innsendt søknad, må du sende den inn på nytt for å ha ein gyldig innsendt søknad. Ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål om kva tiltak du kan søkje på, eller lurer på noko om søknadsskjemaet. Lykke til med utfylling av søknaden!