FJELL KOMMUNE Dato: Vår ref.: 2013/ /2013



Like dokumenter
Lokale retningsliner for barnehagar i Fjell kommune Gjeld frå Godkjent i kommunestyremøte

LOKALE RETNINGSLINER FOR BARNEHAGESEKTOREN I FJELL KOMMUNE GJELDANDE FRÅ

LOKALE RETNINGSLINER FOR BARNEHAGESEKTOREN I OS KOMMUNE GJELDANDE FRÅ

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune

Retningslinje for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Austevoll kommune. Retningsliner for samordna opptak i barnehagar i. Gjeldande frå Vedteke i tenesteutvalet i sak 008/15.

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

BRUK AV OFFENTLEGE TILSKOT OG FORELDREBETALING

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Nytt rundskriv om forskrift om likeverdig behandling Udir Regelsamling 26. september 2013

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Kvinnherad kommune - Rutinar

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Barnehagebruksplan

ØKONOMISK LIKEVERDIG BEHANDLING ETTERJUSTERING, DOKUMENTASJON OG FORVALTING

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

Foto: Naustvågen barnehage

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

MEØADAR TIL HØYRINGSUTKAST - FRAMLEGG TIL FORSKRIFTER TIL NY BARNEHAGELOV. 1. Framlegg til forskrift om norm for pedagogisk bemanning

Lokale retningslinjer

SAKSFRAMLEGG OS KOMMUNE. Saksbehandler: Jorunn Solberg Arkiv: A10 Arkivsaksnr.: 04/02314 HØYRINGSNOTAT OM NY BARNEHAGELOV. MERKNADER FRÅ OS KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Likeverdig behandling ved tildeling av offentlige tilskudd til ikkekommunale barnehager i Ringerike kommune

Årsmelding for barnehagar per 15. desember 2017

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

LOKALE RETNINGSLINJER PRIVATE BARNEHAGER

Høring - finansiering av private barnehager

Foto: Naustvågen barnehage

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning

Vedtekter for kommunale barnehagar

Fylkesmannen i Vest-Agder Utdanningsavdelingen TILSYN MED ÅSERAL KOMMUNE. Lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehager (barnehageloven) med forskrifter.

Retningsliner for tilskot til lag og organisasjonar i Åmli kommune

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

LOKALE RETNINGSLINJER PRIVATE BARNEHAGER

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

Årsmelding for barnehagar per 15. desember 2014

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Vedlagt ligg saksdokument frå Flora kommune, vedr. høyring av forslag til endring av barnehagelova 12a.

Høring - finansiering av private barnehager

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet /15

PLAN FOR TILSYN MED BARNEHAGANE

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

HERØY KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Geir Berglund Arkiv: 243 A1 Arkivsaksnr.: 11/2276

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning i

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

LOKALE RETNINGSLINJER PRIVATE BARNEHAGER 2017 NES KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

Vedtekter kommunale barnehagar

SAKSFRAMLEGG. Arkivsaksnummer.: Arkivnummer: Saksbehandler: 11/ A10 &00 Grete Oshaug

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

mal Barnehagesektoren v/rådmann Steinar Nesse

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

Tysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Førresdalen, Førresfjorden, Nedstrand, Førland og Tysværvåg.

Det viktigaste i eit nytt finasieringssystem er at me får system som gjev:

10/60-14/N-211//AMS

2. Godkjenning Fusa kommune si rettleiande norm for netto leike- og opphaldsareal : 4 kvm. pr. barn over 3 år og 5,33 kvm pr.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

FINANSIERING IKKJE-KOMMUNALE BARNEHAGAR FRÅ 2011

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Lokale retningslinjer for samarbeid mellom kommunen og ikkekommunale barnehager i Inderøy kommune

Transkript:

FJELL KOMMUNE Dato: 30.09.2013 Vår ref.: 2013/2449-21070/2013 Høyringsutkast I samband med revisjon av retningsliner for barnehagesektoren er det utarbeidd eit endringsframlegg beståande av tre retningsliner basert på ulikt lovgrunnlag. I framlegget er all oppramsing av lovtekst teken ut. Framlegget til nye retningsliner er all tekst i svart. For å kunne samanlikne vert original tekst i gjeldande reglement vist i gult. Det vert ikkje særskilt merka i teksten kor endringane er gjort. Gul tekst = originaltekst som vert fjerna etter at vedtak er gjort i kommunestyret Lokale retningsliner for Fjell kommune til Forskrift om likeverdig behandling ved tildeling av offentlege tilskot til ikkje-kommunale barnehagar (FOR-2010-10-29 nr. 1379) Det vert vist til paragrafer i forskrifta med merknadar. 2 Kommunens ansvar Det følgjer av føresegna at kommunen skal ivareta kravet til likeverdig behandling mellom kommunale barnehagar og godkjende ikkje-kommunale barnehagar ved tildeling av kommunalt tilskot. Treåringar Barn som blir tre år i løpet av året vert rekna som små barn frå 01.01 til 31.07. Barna vert rekna som store barn frå 01.08 til 31.12. Dette er i samsvar med KS/PBL sin rettleiar for berekning av tilskot til ikkje-kommunale barnehagar, som Fjell kommunestyre har vedteke skal leggjast til grunn for utrekning av tilskot. Tilskot ved utviding og nyetablering Ved søknad om utviding av barnehage eller nyetablering av barnehage, må det først søkjast om godkjenning etter barnehagelova 10. Deretter må det søkjast om finansiering etter barnehagelova 14. Alle godkjende ikkje-kommunale barnehagar i Fjell kommune vert tildelt offentleg tilskot til ordinær drift, i samsvar med forskrift om likeverdig behandling. 3 Det kommunale tilskotet til ordiner drift Tilskot til ikkje-kommunale barnehagar i Fjell kommune utgjer 100% av det tilsvarande kommunale barnehagar mottek. Fjell kommune legg til grunn KS/PBL sin rettleiar for berekning av tilskot til ikkje-kommunale barnehagar. I kommunens utrekning av tilskotssatsar til ikkje-kommunale barnehagar skal følgjande kostnader ikkje reknast som kostnader til ordinær drift:

Særskilde formål slik som tiltak for barn med nedsett funksjonsevne, tiltak for å betre språkforståinga hjå minoritetsspråklege barn og tiltak som følgje av busetting av flyktningar Kostnader til lærlingar i kommunale barnehagar Kostnader til ordinær drift i kommunale barnehagar som vert drive i mellombelse lokale Dersom kommunen ønskjer å ha ein kommunal barnehage som alltid skal ha ledig kapasitet til å kunne ta inn barn på dagen, vil drift av denne ikkje bli vurdert som ordinær drift Kostnader til kommunen si rolle som lokal barnehagemynde. Mellom anna vil dette gjelde rettleiing og kompetansetiltak som kjem alle barnehagane til gode 4 Tilskot til driftskostnadar Kommunen kunngjer forslag til tilskotssatsar i samband med kommunestyret si budsjettbehandling i desember kvart år. Kommunen underrettar dei ikkje-kommunale barnehagane om fastsette tilskotssatsar for driftskostnader innan 1. februar kvart år. Avrekning av rekneskapen for året før skal gjerast kjend for ikkje-kommunale barnehagar innan 1. mai. Tilskot til nye godkjente barnehagar der det er fatta vedtak om finansiering etter barnehagelovas 14, vert rekna frå og med opningsmånaden. Kommunen kunngjer forslag til tilskotssatsar i forbindelse med kommunestyrets budsjettbehandling i desember kvart år Kommunen gjev melding til dei ikkje-kommunale barnehagane om fastsette tilskotssatsar for driftskostnader innan 1. februar kvart år. Desse satsane er gjeldande for eit år om gangen. Avrekning ut frå rekneskapen for året før skal gjerast kjend for ikkje-kommunale barnehagar innan 1. april. Ordinære ikkje-kommunale barnehagar mottek offentlege tilskot lik 100% av det kommunale barnehagar i gjennomsnitt mottek Familiebarnehagar og opne barnehagar mottek nasjonale gjennomsnittssatsar då Fjell kommune ikkje har slike barnehagar sjølv Kostnader i nye kommunale barnehagar vert teke med i grunnlaget frå og med det året dei har heilårsdrift Nye godkjente ikkje-kommunale barnehagar får tilskot frå og med den datoen i opningsmånaden dei faktisk har godkjenning frå kommunen til å ta inn barn og under føresetnad av at barn og naudsynt personale er på plass i barnehagen. 5 Tilskot til kapitalkostnader Tilskot til kapitalkostnadar til ikkje-kommunale barnehagar er fastsett i tråd med nasjonale satsar. Familiebarnehagar mottek også nasjonale satsar for kapitalkostnader Kommunen reknar ut kapitaltilskot til ikkje-kommunale barnehagar ut i frå gjennomsnittlege kapitalkostnader per heiltidsplass i tilsvarande kommunale barnehagar Familiebarnehagar mottek nasjonale gjennomsnittlege kapitalkostnader Prosedyrar for melding og vedtak om satsane er likt som for driftstilskotet 6 Reduksjon av kommunalt tilskot

6 vart oppheva 01.01.13 ved forskrift 30. november 2012 nr. 1108. 7 Opplysningsplikt Fjell kommune har tre teljetidspunkt i året. Eigarar av ikkje-kommunale barnehagar skal rapportere 1. mai, 1. september og 15. desember kvart år om tal barn, barnas alder og opphaldstid i barnehagen. Rapporteringa 1. mai og 1. september skal rapporterast på eige skjema utarbeidd av Fjell kommune innan fastsett frist. Det vert gjort korrigerte vedtak om tilskot, gjeldande frå rapporteringstidspunktet. Opplysningane pr. 15. desember skal barnehageeigar rapportera elektronisk via BASIL. I tillegg skal eigar signere eit papirutskrift av skjemaet, og sende dette til kommunen innan fristen kommunen set. Det vert gjort nye vedtak om tilskot etter kvart rapporteringstidspunkt. Det er eigar av ikkje-kommunale barnehagar sitt ansvar å sjå til at opplysningane i kommunen sitt elektroniske barnehagesystem til ei kvar tid er korrekte. Endringar som kan få innverknad på utmåling av kommunalt tilskot til ikkje-kommunale barnehagar skal meldast til Fjell kommune. Dette gjeld: Nedlegging For barnehagar som vert lagd ned, vert det gjeve tilskot fram til nedleggingsdato. Mellombels stenging i meir enn ein kalendermånad Dersom barnehagen vert stengd med heimel i barnehagelova 16, eller av andre grunner vert halde stengd i meir enn ein kalendermånad utover vanleg ferieavvikling, har ikkje barnehagen rett til tilskot. Barnehageeigar skal umiddelbart melde frå til kommunen dersom heile eller deler av barnehagen er mellombels stengt meir enn ein kalendermånad utover vanleg ferieavvikling. Reduksjon i tal barn. Ved store aktivitetsendringar, som for eksempel nedlegging av avdeling eller gruppe, har eigar plikt til å melde frå til kommunen. Kommunen må då berekne tilskotet til barnehagen på nytt. Auke i tal barn Ved ønskje om utviding av barnehagen, utover det barnehagen er godkjent for, eller nyetablering av barnehagar, må det søkjast om godkjenning etter barnehagelova 10. Det må i tillegg søkjast særskild om kommunalt tilskot etter barnehagelova 14. Store aktivitetsendringar, som for eksempel oppretting av avdeling, gruppe eller ut frå barnetalet i den konkrete barnehage, medfører at kommunen må berekne tilskotet til barnehagen på nytt. Slike store aktivitetsendringar må avklarast med kommunen i forkant og skal mellom anna vurderast i høve Fjell kommune sin strategi for barnehageutbygging (KS-sak xxxxxx). Eigarar av ikkje-kommunale barnehagar skal 15. desember kvart år rapportere om tal barn, barnas alder og opphaldstid i barnehagen på skjema fastsett av departementet. Opplysningane vert rapportert elektronisk via BASIL. I tillegg skal eigar signere ein papirutskrift av skjemaet, og sende dette til kommunen innan fristen kommunen set. Fjell kommune har ei årleg rapportering utover 15. desember. Av omsyn til budsjettprosessen, som startar i september, vil kommunen og ha eit teljetidspunkt 20. september. Det er elles eigar i ikkje-kommunale barnehagar sitt ansvar å sjå til at opplysningane i kommunen sitt barnehagesystem til einkvar tid er korrekt.

Endringar som kan få innverknad på utmåling av kommunalt tilskot til ikkje-kommunale barnehagar skal meldast til Fjell kommune. Dette gjeld: Nedlegging: Dersom barnehageeiger vel å avvikle drift av barnehagen, kan ikkje eigar lenger motta tilskot. For barnehagar som vert nedlagd, vert det gjeve tilskot ut den siste driftsmånaden Mellombels stenging i meir enn ein kalendermånad: Dersom barnehagen vert stengd med heimel i barnehageloven 16, eller av andre grunner vert halde stengd i meir enn ein kalendermånad utover vanleg ferieavvikling, har ikkje barnehagen rett til å motta tilskot. Barnehageeigar skal umiddelbart melde frå til kommunen dersom heile eller deler av barnehagen er mellombels stengt meir enn ein kalendermånad utover vanleg ferieavvikling. Tilskot vert gjeve til og med den dato barnehagen vert stengd Reduksjon i tal barn: Barnehagen skal drive med det same omfang i barnetal som er rapportert per 15. desember. Dersom omfanget vert redusert, skal barnehageeigar melde frå til kommunen. For mykje mottatt tilskot kan bli kravd tilbakebetalt. Auke i tal barn: Ny utmåling av tilskot skal vurderast ved store aktivitetsendringar, som til dømes oppretting av ny avdeling eller gruppe. Slike store aktivitetsendringar må avklarast med kommunen på førehand, og skal inngå i Fjell kommune sin plan og behov for fleire barnehageplassar. 8 Endringar i grunnlaget for de kommunale tilskotssatsane Kvar ikkje-kommunal barnehage vil få enkeltvedtak med dokumentert grunnlag for budsjettsatsane til drift og kapital i februar etter at tilskotssatsane for året er vedtekne av kommunestyret. Dersom det kommunale årsbudsjettet seinare i året vert endra vil ikkjekommunale barnehagar få nytt vedtak med nye satsar. Det same gjeld dersom vedteke årsrekneskap fører til endring av satsane. Kommunen betalar ut kommunalt tilskot forskotsvis for to månader om gongen. Første utbetaling i slutten av desember for januar og februar neste år, og deretter forskotsvis annakvar månad. Kvar ikkje-kommunal barnehage vil få enkeltvedtak med dokumentert grunnlag for satsane til drift og kapital i februar etter at tilskotssatsane for året er klåre. Dersom det kommunale årsbudsjettet seinare i året vert endra vil ikkje-kommunale barnehagar få nytt vedtak med nye satsar. Det same gjeld dersom vedteke årsrekneskap fører til endring av satsane. Kommunen betalar forskotsvis ut kommunalt tilskot slik: I byrjinga av januar for 3 månadar og deretter annakvar månad. 9 Vilkår for kommunalt tilskot Vilkår som er relevante for vedtak om tilskot frå kommunen. Den einskilde barnehageeigar har ansvar for at alle opplysningar i det elektroniske systemet VO barnehage skal til einkvar tid vere korrekte. Delta i samordna opptak i kommunen Sjå til at tal barn til ein kvar tid står i forhold til godkjend leike- og opphaldsareal, pedagogdekning og bemanning elles. Fremje søknad om dispensasjon til kommunen dersom det ikkje er mogleg å skaffe godkjende pedagogar. Tilsvarande løns- og arbeidstilhøve som i kommunale barnehagar. Auke i barnetalet (utover gjeldande godkjenning) må, etter søknad godkjennast av kommunen i forkant. Finansiering av nye barnehageplassar må søkjast om og godkjennast særskild. Vilkår nemnt under andre paragrafar i desse lokale retningslinene. Vilkår som er relevante for vedtak om tilskot frå kommunen.

Oppretthalde omfang i barnetal som er rapportert 15.12, gjennom heile året Alle opplysningar i VO barnehage skal til einkvar tid vere korrekt Delta i samordna opptak i kommunen Sjå til at tal barn til ein kvar tid står i forhold til godkjend leike- og opphaldsareal, pedagogdekning og bemanning elles. Fremje søknad om dispensasjon til kommunen dersom det ikkje er mogleg å skaffe godkjende pedagogar. Tilsvarande løns- og arbeidstilhøve som i kommunale barnehagar. 10 Tilbakebetaling Barnehagar som har fått utbetalt forskot på det kommunale driftstilskotet for eit lengre tidsrom enn barnehagen har vore i drift, plikter å betale tilbake det overskytande. Kommunen kan, på bakgrunn av opplysningar framkome ved tilsyn, eller ved brot på vilkåra til vedtak om kommunalt tilskot, krevje at barnehageeigar betaler tilbake for mykje motteke tilskot. 11 Refusjon av kostnader knytt til barn frå andre kommunar Det er ønskjeleg at barnehageeigarar i ikkje-kommunale barnehagar bidreg til først og fremst å tilby plass til barn med rett til barnehageplass, busett i Fjell kommune. Fjell kommune vil to gonger i året sende refusjonskrav til nabokommunar som har barn i barnehagane i Fjell. Det er ønskjeleg at barnehageeigarar i ikkje-kommunale barnehagar bidreg til først og fremst å tilby barnehageplass til barn busett i Fjell kommune. Det vil vere kostbart for kommunen å utbetale refusjonar til nabokommunar etter nasjonale satsar (kr 180 200 / 91 800 i 2011 per barn under/over tre år) for barn busett i Fjell med barnehageplass i andre kommunar. Dette må dekkjast innan barnehagebudsjettet. Fjell kommune vil sende kvartalsvis refusjonskrav til nabokommunar som har barn i barnehagane i Fjell. 12 Klage til Fylkesmannen Utfyllande opplysningar er gitt i Forskrift om likeverdig behandling (FOR-2010-10-29 nr. 1379) og rundskriv nr. F-05/2011 og. Trer i kraft Lokale retningsliner for tildeling av tilskot til ikkje-kommunale barnehagar i Fjell kommune vert vedtekne av kommunestyret. Retningslinene gjelder frå 01.01.14 etter i kommunestyret KS-sak xxxxxxxx. Revidering Dei lokale retningslinene vert revidert etter behov.

Forskrift om rekneskapsplikt for ikkje-kommunale barnehagar: Rekneskapen må sendast kommunen innan fristen som vert fastsett av Fjell kommune kvart år.

Lokale retningsliner ved utviding/endring av barnehagetilbodet i Fjell kommune Gul tekst = originaltekst som vert fjerna etter at vedtak er gjort i kommunestyret Etablering av nye barnehagar Strategi for framtidig barnehageutbygging i Fjell kommune, vedteke i kommunestyret xxxxxxx sak xxxx, ligg til grunn for vurdering av prinsipp og behov for nye barnehagar. Prosedyre ved etablering av nye barnehageplassar Frå og med 1. januar 2011 har kommunane gjennom endringar i barnehagelova fått ei sterkare styring med etablering av nye barnehageplassar. Sidan all offentleg finansiering til barnehagesektoren no er kommunane sitt ansvar er det viktig å sikre gode rutinar for utviding/endring av sektoren. Det er særleg viktig å sikre mangfald, god geografisk plassering, rett omfang og lik moglegheit for barnehagesjefen, lokale ikkje-kommunale aktørar og dei store ikkje-kommunale kjedene til å etablere nye plassar ut frå den årlege behovsvurderinga. Ved behov for nye plassar må ei sak til komite for drift innehelde: Vurdering om utviding av ei eller fleire eksisterande barnehagar Dersom behovet tilseier etablering av ein ny barnehage må saka innehelde moment om storleik, plassering og fag for å sikre mangfald og rett geografisk dekning i kommunen Kostnadsmessige konsekvensar Når vedtak om nye plassar er gjort får rådmannen følgjande oppgåver: Dersom det skal etablerast ein ny barnehage må eit tomteområde som høver godt for barnehagedrift kjøpast av kommunen Lage og lyse ut anbodsinnbyding Leggje fram ny sak for komite for drift med innstilling om kven som får bygge Når vedtak om anbodsvinner er gjort i komite for drift vert tomta seld vidare til anbodsvinnar, når andre aktørar enn kommunen sjølv vinn anbodet Lokalisering / krav til nye barnehagar Formålsparagrafen i bygningslova om generelle reglar, viser til at ein må ivareta barn og unge sine oppvekstvilkår. Retningsliner for krav til lokalisering >80 meter frå høgspentline, gjeld både inne- og utearealet Godt lokalklima Tilgang på friområde/ naturområde i gangavstand frå barnehagen (kan fråvikast i bynært strøk) Trygg gangveg til turområde Nær vegnettet, men likevel skjerma for trafikk Trygt i høve naturgjevne tilhøve (skrentar, vatn m.m.) Ikkje i tilknyting til anna verksemd som kan generere tungtrafikk, støy, støv/ forureining og anna som vil få ein uheldig faktor for drift av barnehage (ei eventuell evakuering av barn i ein barnehage tek tid) Unngå område med høge verdiar av radon Retningsliner for vurdering av kvalitet på lokalisering Gode soltilhøve Le for vind Trygge trafikktilhøve

Utfordrande utemiljø Ikkje plassering inne i bustadfelt, men ved innkøyring til bustadfelt/ bustadområde Gjerne plassering slik at sambruk av lokale med til dømes ein skule vil vere mogleg. Detaljplanlegging All utbygging av barnehagar skal skje i medhald av regulerings- eller utbyggingsplan etter plan- og bygningslova, slik at ein sikrar lokal medverknad og kvalitet i planlegginga. Det skal leggjast særleg vekt på universell utforming. Ein barnehagetomt skal mellom anna gje plass til: Minimum ein 5-avdelings barnehage Uteareal - minimum 6 x inneleikeareal til faktisk uteopphaldsareal/leik Sjølve bygget Parkering for personale Parkering med plass til sikker av-/påstiging ved henting/levering av barn Barnehagar som vert bygd i to høgder bør tilretteleggast med direkte inngang frå terreng i begge høgder når tomta ligg til rette for det. Vegar til/frå barnehagen skal ha ein standard som gjev trygg trafikkavvikling. vere av god kvalitet slik at trafikken ved henting og levering kan avviklast på forsvarleg vis. For ein 4 avdelingsbarnehage, definert som ein barnehage for inntil 80 barn, skal tomten vere omlag 4000m2. Nedlegging av barnehagar Barnehageeigar skal så snart det er vedteke, og seinast 3 veker før nedlegging, melde frå til kommunen at barnehagen vert lagt ned. Manglande foreldrebetaling Dersom barnehageeigarar i ikkje-kommunale barnehagar opplever at foreldre ikkje betalar for barnehageplassen, kan barnehageeigar ta kontakt med kommunen for å drøfte økonomiske løysingar. Det enkelte barn sitt behov må vektleggast i slike saker. Andre tilskot- og moderasjonsordningar I samsvar med barnehagelova 15 og forskrift om foreldrebetaling i barnehagar utbetalar kommunen refusjon for redusert foreldrebetaling og søskenmoderasjon til ikkje-kommunale barnehagar etter søknad. Trer i kraft Lokale retningsliner for tildeling av tilskot til ikkje-kommunale barnehagar i Fjell kommune vert vedtekne av kommunestyret. Reviderte retningsliner gjeld frå 01.01.14 etter vedtak i kommunestyret KS-sak xxxxxxxx. Revidering Dei lokale retningslinene vert revidert ved behov.

D. Lokale retningsliner for opptak av barn hovudopptak Etter barnehageloven 12 Fjell kommune har eitt samordna hovudopptak av barn i året, med søknadsfrist 1. mars. Alle barnehagar skal nytte kommunalt elektronisk system (VO-barnehage), der søknader og opptak vert registrert. Ansvarleg for opptaket i den enkelte barnehage har plikt til å delta på dei møta som kommunen arrangerer i samband med hovudopptaket.