Møteinnkalling Eldrerådet Møtetid: 13.02.2012 kl 14:00 Møtestad: Hagerupshuset Medlemer som ikkje kan møta, må melda frå til Kundetorget tlf 5349 6645 eller e-post: post@stord.kommune.no Varamedlemer møter berre etter nærare avtale. ORIENTERINGAR: Status aktuelle saker, v/rådmann Magnus Mjør RHO-planen og Samahandlingsreformen, v/trygve Dahl Stord,03.02.2012 Marta Belsvik leiar Margaret Bakken møtesekretær
SAKER TIL HANDSAMING GK 2/12 Godkjenning av innkalling, sakliste og møteprotokoll frå 16.01.2012 Politiske saker PS 2/12 Stord Eldreråd - Årsmelding 2011 Referatsaker RS 8/12 Den kulturelle spaserstokken - Møtereferat RS 9/12 Det europeiske året for aktiv aldring 2012 Øvrige saker 1. Plan for vidare arbeid fordeling av oppgåver 2. Kåsør på Eldredagen 2012
GK 2/12 Godkjenning av innkalling, sakliste og møteprotokoll frå 16.01.2012
Arkivref: 2010/136-837/2012 Saksh.: Margaret Bakken Saksframlegg Saksnr Utval Møtedato 2/12 Eldrerådet 13.02.2012 Kommunestyret STORD ELDRERÅD - ÅRSMELDING 2011 Framlegg til vedtak: Stord Eldreråd godkjenner årsmeldinga for 2011.
Rådmannen, 17.01.2012 Vedlegg Årsmelding 2011 Framlegg til vedtak Stord Eldreråd godkjenner årsmeldinga for 2011. 2 av 2
ÅRSMELDING 2011 STORD ELDRERÅD
ELDRERÅDET SI SAMANSETJING Eldrerådet for perioden 2007 2011 vart konstituert i møte 10.03.08. Eldrerådet har i 2011 vore samansett slik: Perioden 01.01.11 15.12.11 Medlemer: Anny Kristoffersen, leiar Marit Grip, nestleiar Arthur Madsen Varamedlemer: Aud Vatne Lunde Johann Belsvik Håkon Grov Politiske medlemmer frå Komite for rehabilitering, helse og omsorg og Kommunestyret: Jorunn Kristine Fylkesnes Grethe Søyland Christian Danmo Anne Sigrid Tunshelle Arthur Madsen var friteken f.o.m. 13.04.11. Perioden 15.12. 31.12.11 Medlemer: Marta Belsvik Jakob Johan Eide Lilly Skaar Varamedlemer: Liv Kari Søyland Eivind Hystad Svein Johnassen Politiske medlemmer frå Komite for rehabilitering, helse og omsorg og Kommunestyret: Fredrik Litleskare Geir Angeltveit Bjørnar Helgesen Jorunn Kristine Fylkesnes Sekretær: Margaret Oline Bakken * * * * * MØTEVERKSEMD Det vart i 2011 halde 6 møter. Møtestad er Hagerupshuset. KURS OG KONFERANSAR * Fellessamling for eldreråda i Sunnhordland, 07.06.10, Fitjar. Deltakarar: Anny Kristoffersen, Marit Grip, Aud Vatne Lunde
* Konferanse for eldreråda i Hordaland, 05.-06.04.11, Bergen. Deltakarar: Anny Kristoffersen og Håkon Grov * Barndom på 50-tallet, 19.10.11. Meddeltakarar med biblioteket og den kulturelle spaserstokken ELDRERÅDET HAR ARBEIDD MED FØLGJANDE SAKER: - Etablering av eldresenter på Leirvik - Seniorprisen delt ut til Arthur Madsen i samband med arrangementet på Eldredagen. - Prosjekt: Transport av brukarar i Stord kommune - Transport av brukarar i Stord kommune Marit Grip deltok i prosjektgruppa - Den Kulturelle Spaserstokken samarbeid med Kulturtenesta om fordeling av midlar. Anny Kristoffersen har delteke. ELDRERÅDET HAR GJENNOMFØRT FØLGJANDE SAKER: - Dataopplæring for seniorar - Eldredagen 2011 ELDREDAGEN 2011 Eldredagen vart markert 1. oktober med ei tilskiping i Kulturhuset. Hovudtalar var Herman Inge Aadland. Medarrangørar var Røde kors pasientvener, Leirvik Mannskor og Øystein Olsen, Lorentz Kannelønning og Svein Losnegård. Stord, 16.01.2012 Anny Kristoffersen leiar (01.01.-15.12.11) Margaret Oline Bakken sekretær
Referatsaker
Referatsaker
DEN KULTURELLE SPASERSTOKKEN. Møte med Åge Vallestad, Bjørnar Withbro, og Guri Andresen Aksnes, fredag 6. januar 2012 kl 10.10 til kl 10.45 på kulturkontoret. Bakgrunn for møtet var å fordele statstilskott for 2011. Tilskotsbrevet var sendt frå Det Kongelige Kulturdepartementet 28.11.2011. Stord kommune fekk kr 60 000,- i tilskot. Midlane må nyttast innan utgongen av 2012. Ansvarsgruppa for Den Kulturelle Spaserstokken hadde i søknad om midlar prioritert Kulturskulen som nr 1 og Biblioteket som nr. 2 og Falturiltu som nr. 3. Då løyvd sum var langt mindre enn det som var søkt om, vert midlane delt på dei 2 fyrst prioriterte søknadene. Grunna sjukdom så hadde ikkje biblioteket brukt tidligare tilskot fult ut frå potten som var tildelt i 2010. Ved årets slutt står det att kr 67 540 i tilskot. Nytte midlane slik: Forfattar Liv Gade skal på turne i veke 5. Arrangementet er eit samarbeidsprosjekt mellom biblioteka i Sunnhordland. Bjørnar undersøker om det er mogleg å få Liv Gade til Stord for å vitje institusjonane. Kostnad ca 7 000,. Bruke oppsparte midlar frå 2011. Stord Kulturskule fortsetter med arrangement for eldre i Kulturhuset. Program for våren er sendt ut. Det vert sett av kr 30 000,-. Biblioteket søkte om kr 15 000,-. Dei nyttar midlane til eit arrangement våren 2011. Hausten 2011 vil det stå att kr 15 000,- Stord Kulturskule førebur program hausten 2011. Manglande midlar tas frå berekna tilskot i 2012. Søknad for midlar 2012 Søknadsfrist for nye midlar er 1. mai 2011. I lag med søknaden skal det følgje rapport for bruk av løyvde midlar. For å oppnå eit høgare tilskott bør me førebu søknaden no. Til samanlikning med Kvinnherad og Askøy kommunar får Stord langt mindre i tilskott sjølv om befolkningsgrunnlaget er det same. Guri undersøker med Håkon Vatle om kostnad på konsert med Storm Weather Shanty Choir. Kulturskulen og Biblioteket sett opp søknader med søknadsfrist 28. mars. Då er det god tid til å legge søknadene fram for Ansvarsgruppa. Stord, 6. januar 2012 Guri Andresen Aksnes (referent)