Læreplankode: XXXX-XX valfritt programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur Fastsett som forskrift av <instans og dato skal fyllast ut når planen er fastsett>. Gjeld frå <dd.mm.åååå fyllast ut når planen er fastsett> 2. utkast fra læreplangruppen
Føremål et skal leggje grunnlag for kunnskap om kva rolle design spelar i samfunnsutviklinga. Behovet for kunnskap om berekraftige designløysingar som ser samanhengen mellom samfunnsog brukarbehov, etiske designval, kultur- og marknadsforståing er naudsynt for å løyse framtidige utfordringar. Problemstillingar knytt til globale og lokale utfordringar rundt forbruk, avfall og aldrande befolkning vil legge grunnlaget for nye næringar som også setter krav til betra ressursutnytting og innovative designstrategiar. Opplæringa skal leggje grunnlag for eleven si forståing for design si rolle i møte med ulike samfunnsutfordringar. Kompetanse innanfor ulike design- og kommunikasjonsprosessar og designverktøy skal førebu elevane for samarbeidsprosessar med ulike interessentar. Gjennom arbeid med å vidareutvikle eksisterande produkt, eller gjennom å utvikle sine eigne individuelle designløysingar skal programfaget fremje elevane sine evner til problemløysing. Opplæringa skal også føre til auka medvit om eigen livsstil og forbruk. et skal leggje grunnlag for vidare utdanning innanfor designområdet. Opplæringa i programfaget skal legge til rette for utprøving, eksperimentering og nyskaping, både i materiale og designløysingar i og utanfor verkstaden. Både gjennom samarbeid, entreprenørskap og sjølvstendig arbeid skal det leggast til rette for kjennskap til ulike designprosesser. Faget skal også fremje idéutvikling, kritisk tenking og refleksjon i forhold til val i designprosess frå byrjing til slutt. Struktur et er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng Oversikt over hovudområda: Design og samfunn Hovudområde Designarrolla og berekraftig utvikling Designprosessar og produktutvikling Kommunikasjon og presentasjon Hovudområder Designarrolla og berekraftig utvikling Hovudområdet Designarrolla og berekraftig utvikling omfattar problemløysing både i to- og tredimensjonalt praktisk arbeid. Studie av problemstillingar rundt berekraftig utvikling og etiske konsekvensar er ein del av emnet. Det handlar òg om rammefaktorar for designarrolla og entreprenørskap. Samanhengen mellom studie av samfunnsbehov, universell utforming og ulike marknads- og funksjonsanalyser og seinare utforming av løysingar og produkt høyrer også med. Hovudområdet vil romme fagterminologi for å skildre, analysere og vurdere kvaliteten på og konsekvensane av ulike designløysingar i eige og andre sitt arbeid. Side 2 av 5
Designprosessar og produktutvikling Hovudområdet Designprosessar og produktutvikling omfattar både to- og tredimensjonalt praktisk arbeid, der utvikling av produkt står sentralt. Kunnskap om ulike komposisjonsprinsipp, materiale og arbeidsformar, utvikling av prototypar i forskjellig skala og ferdigstilling av produkt hører også med. Samanhengen mellom materiale, ergonomi og omsyn til brukargrupper står sentralt i området. Kjennskap til ny teknologi, industrielle prosessar og HMS, er også en del av hovudområdet. Kommunikasjon og presentasjon Hovudområdet Kommunikasjon og presentasjon rommar kommunikasjonsdelen av faget. Arbeid med å kommunisere designløysningar og det å kunne presentere eigne prosjekt ved hjelp av to- og tredimensjonal visualisering stå sentralt. Å kunne skildre og argumentere for egne designløysningar skriftleg og munnleg er en del av emnet. Området tar også føre seg kunnskap om designprodukt si symbolfunksjon og design som identitetsmarkør hjå forbrukar. Korleis digitale verktøy kan marknadsføre løysingar i ulike fasar av ein designprosess inngår i området. Timetal Timetal oppgjeve i einingar på 60 minutt: <Tekst> Grunnleggjande ferdigheiter Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla, der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I faget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik: Munnlege ferdigheitar i inneber å bruke fagterminologi i samband med arbeid i verkstad og bruke fagomgrep i presentasjonar, analyse, samtalar og diskusjon om eige og andre sitt designarbeid. Å kunne skrive i inneber å utvikle, presentere, beskrive og systematisere designidear gjennom tekst, teikn og symbol i to- og tredimensjonale teikningar og modellar, både analogt, digitalt og i ulike materiale. Å kunne lese i inneber å undersøkje, analysere, samanlikne og bruke informasjon frå både arkiv, bibliotek, faglege tekstar, brukar- og marknadsundersøkingar, arbeidsteikningar og produkt i prosessar og løysingar. Å kunne rekne i inneber å berekne form, målestokk, proporsjonar, aksonometri, perspektiv, volum og dimensjonar. Det inneber også å kunne lese ut statistikk og tal frå ulike marknadsdata frå undersøkingar og økonomiske berekningar. Digitale ferdigheitar i inneber å kunne ta i bruk to- og tredimensjonal programvare i designprosessar, visuell kommunikasjon, presentasjonar, produksjon, datainnsamling og dokumentasjon. Side 3 av 5
Kompetansemål Designarrolla og berekraftig utvikling Mål for opplæringa er at eleven skal kunne drøfte designaren si rolle i skjeringspunktet mellom marknad, berekraftig utvikling, og etiske problemstillingar bruke fagterminologi i utføring, tolking, vurdering og formidling av bruks-, funksjons- og marknadsanalyser identifisere eksisterande og fremtidige samfunnsutfordringar og skissere og utvikle mulige berekraftige designløysingar i arbeid med entreprenørskap fremje og grunngje eigne og andre sine synspunkt knytt til design si rolle i samfunn og samfunnsutvikling Designprosessar og produktutvikling Mål for opplæringa er at eleven skal kunne bruke ulike metodar for idéutvikling samarbeide med lokale aktørar om å utarbeide innovative designløysingar utforme ergonomiske løysingar og gjenstandar basert på brukarbehov og universell utforming gje døme på nye teknologiar, materiale og produksjonsmetodar i industrielle prosesser gjennomføre en designprosess og materialisere designløysingar i form av prototypar i ulik målestokk og diskutere kvalitet og utføring Kommunikasjon og presentasjon Mål for opplæringa er at eleven skal kunne: drøfte korleis marknads- og kulturforståing dannar grunnlag for design bruke teikning og modell som reiskap til å kommunisere og presentere designløysingar, både analogt og digitalt analysere bruksfunksjon, symbolverdi og produktidentitet i ulike designprodukt og drøfte merkevarebygging som designstrategi utarbeide en visuell profil for promotering av eige designprodukt bruke ulike digitale verktøy som reiskap for å marknadsføre designløysingar på ulike stadie i designprosessen Side 4 av 5
Vurdering Føresegner for sluttvurdering: Standpunktvurdering Eleven skal ha standpunktkarakter Eksamen for elevar Praktisk eksamen Eksamen for privatistar Praktisk eksamen Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova. Side 5 av 5