Energiutgreiing Stryn kommune



Like dokumenter
Energiutgreiing Luster kommune

Energiutgreiing Kvam herad

LOKAL ENERGIUTGREIING LUSTER KOMMUNE

Energiutgreiing Fjell kommune

Energiutgreiing Fjell kommune

Energiutgreiing Gulen kommune

LOKAL ENERGIUTGREIING LUSTER KOMMUNE

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311

LOKAL ENERGIUTGREIING LUSTER KOMMUNE

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Energiutgreiing Kvam herad

Energiutgreiing Sund kommune

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Lokal energiutredning

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Lyse LEU 2013 Lokale energiutredninger

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Vestlandet ein stor matprodusent

Lyse LEU 2013 Lokale energiutredninger

HORDALANDD. Utarbeidd av

Fjordvarmeanlegg energiløysing også i distrikta?

Lyse LEU 2013 Lokale energiutredninger

Forenkla energiplan. for. Narvikfjellet

Energiutgreiing Jondal kommune

Lokal energiutredning 2009 Stord kommune. Stord kommune IFER

Energiutgreiing Odda kommune

ENØK-TILTAK BUDSJETTENDRING 1

Energiutgreiing Hyllestad kommune

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

DB

Det er mange andre faktorar som har også kan ha innverknad på utviklinga i avfallsmengde.

Lokal energiutredning for Andøy Kommune

Lokal energiutgreiing 2011 Hjelmeland kommune

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

Lyse LEU 2013 Lokale energiutredninger

Energiutgreiing Fedje kommune

Lokal energiutgreiing Hjelmeland kommune. Foto: Hanne Sundbø

Energiutgreiing Gaular kommune

Utkast 1: Energiutgreiing. for. Vang kommune. Vang Energiverk KF

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Energiutgreiing Stryn kommune

FJORDVARMENYTT. Kjære kundar! Her kjem juleavisa vår! Informasjon om drifta av fjordvarmeanlegget. Statistikk og økonomi:

2014/

Erfaringer fra energi og klimaarbeid i Midt-Norge

Energiutgreiing Eidfjord kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

Energiutgreiing Eid kommune

Lokal energiutgreiing Herøy kommune 2011

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

Energiutgreiing Eid kommune

Saksprotokoll. Saksprotokoll: Høringsuttalelse - avvikling av lokale energiutredninger

Gruppemøter. Stasjonær energibruk

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Lokal energiutredning for Songdalen kommune

Lokal energiutgreiing Stranda kommune 2011

Energiutgreiing Ulvik herad

Energiutgreiing for Vang kommune

Energiutgreiing Kviteseid 2009

Energiutgreiing Førde kommune

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Oversyn over økonomiplanperioden

Energiutgreiing Selje kommune

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

Fremtidsstudie av energibruk i bygninger

Energiutgreiing Vindafjord kommune

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Søknad om auka slukeevne ved Grøvla kraftverk

Fornybar oppvarming og kjøling frå sjøvatn. Magne Hjelle, dagleg leiar Fjordvarme AS

Energiutgreiing Kvam herad. Utarbeidd i samarbeid med SFE Rådgjeving

Lokal energiutredning Listerregionen, 13/11-13

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Energiutgreiing Etne Kommune. Etne Elektrisitetslag

Tilsig av vann og el-produksjon over året

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

Lyse LEU 2013 Lokale energiutredninger

Energiutgreiing 2009

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Klimakur Kan energieffektivisering i bygg bidra til trygg energiforsyning?

VATN OG AVLØP I KOVSTULHEIA-RUSSMARKEN

Energiutgreiing Årdal kommune

Kraftutbygging i relasjon til andre interesser i Luster kommune

Nettariffar gjeldande fra

Konsekvensanalyse Ålvik/ Kvam

Energisparing i industrien med vekt på Midt Noreg

Leverandørskifteundersøkinga 4. kvartal 2008

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Energiutgreiing Etne Kommune Etne Kommune. Etne Elektrisitetslag

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Lokal energiutredning for Vennesla kommune

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

Magne Hjelle dagleg leiar. Fjordvarme. på Nordfjordeid. Fjordvarme AS. Oppvarming og kjøling med fjordvarme

Transkript:

Energiutgreiing Stryn kommune November 2004

INNHALD INNHALD 2 SAMANDRAG 4 BAKGRUNN 6 NOVERANDE ENERGISYSTEM 7 1. Systemutgreiing 7 a. Kraftforsyninga 7 b. Olje/parafin 7 c. Gass 7 d. Biobrensel 7 e. Varmepumper 8 f. Andre energikjelder 8 2. Statistikk 8 a. Brukargrupper 8 b. Energiberarar 8 3. Omfang av vassboren varme 10 4. Lokal elektrisitetsproduksjon 11 5. Fjernvarme 11 UTVIKLING I ENERGIETTERSPURNAD 12 1. Større energibrukarar 12 2. Kommunale planar 13 a. Bustadbygging 13 b. Ny næringsverksemd 13 c. Miljømål 13 3. Framskriving av energibruken 13 a. Folketalsendring 13 b. Næringsstruktur 14 c. Framskriving av ulike energiberarar 14 d. Energibruk 15 4. Miljøkonsekvensar 15 VURDERING AV AKTUELLE ENERGILØYSINGAR 16 1. Elektrisitet 16 2. Energifleksible løysingar 16 3. Fjernvarme 16 4. Energiøkonomiserande tiltak 16 a. Eksisterande byggmasse 16 b. Nybygg og rehabilitering 16 c. Industri 17 d. Samla potensiale 17 5. Andre løysingar 17 a. Energistyringssystem 17 b. Potensiale 17 KOSTNADSELEMENT VED ULIKE ENERGIBERARAR 18 Side 2 av 35

OPPSUMMERANDE TABELLAR 22 1. Kraftkrevjande industri 22 2. Private hushaldningar 22 3. Offentleg og privat tenesteyting 4. Annan industri 5. Andre forbrukarar 223 6. Samla energiforbruk pr. innbyggjar 23 VEDLEGG 23 A. Tabell/diagramoversyn 24 B. Referansar 25 C. Berekning av energikostnader 26 D. Årskostnader bustadoppvarming 28 E. Energidata/definisjonar 29 F. Prognosering av energi-etterspurnad 30 G. Kart 33 H. Infrastruktur energi 35 Side 3 av 35

SAMANDRAG Ifølge Forskrift om Energiutredninger utgitt av NVE i januar 2003 skal områdekonsesjonær utarbeide, årleg oppdatere og offentleggjere ei energiutgreiing for kvar kommune i konsesjonsområdet. Intensjonen med forskrifta er at lokale energiutgreiingar skal auke kunnskapen om lokal energiforsyning, stasjonær energibruk og alternativ på dette området. På denne måten skal lokale energiutgreiingar medverke til ei samfunnsmessig rasjonell utvikling av energisystemet. Som områdekonsesjonær har Stryn Energi AS engasjert Vestnorsk Enøk AS til å bistå i utarbeiding av energiutgreiing for Stryn kommune i Sogn og Fjordane. På grunnlag av statistikk og analysar frå SSB, oppgåver frå områdekonsesjonæren og drøftingar med Stryn kommune, er data om energiforbruket i kommunen pr. energiberar og brukargruppe kalkulert for perioden 1992-2002. Forbruket er korrigert for variasjonar i middeltemperatur i fyringssesongen. Trenden for samla energiforbruk i perioden viser ein auke på 18,9 GWh i perioden eller 1,6 % årleg. Utviklinga i energiforbruket er vurdert for dei neste 10 åra, dvs. fram til 2012. Veksten i samla energiforbruk er berekna til vel 17 GWh tilsvarande 1,2 % årleg, dvs. noko redusert vekst. I Stryn kommune har vi ikkje stt på noko spesielt område. Potensialet for alternative energiløysingar synest å vere følgjande: energifleksible løysingar o fjernvarme o ikkje tradisjon for å gjere bruk av Plan- og bygningslova (PBL) i Stryn kommune for å fremje slike løysingar Det bør sjåast nærare på planane om eit fjernvarmeanleg i Stryn sentrum energiøkonomiserande tiltak o energistyringssystem o samla potensiale kring 8 GWh samla potensiale kring 0,1 GWh Det er ikkje gjort nokon samla vurdering av økonomien for ulike løysingar. Den einskilde investor sine vurderingar vil avhenge av så mange ulike forhold. Difor er det i utgreiinga tatt med ei drøfting av kva for kostnadselement som til vanleg vil vere relevante. Vi har laga ein enkel reknemodell til bruk for vurdering av oppvarmingsløysing i bustadhus. Følgjande tabell og diagram syner hovudtal for Stryn kommune: 1992 1997 2002 2007 2012 Energibruk pr. hushald (kwh/år) Elektrisitet 15 703 15 860 16 247 15 456 15 689 Olje/parafin 1 584 589 645 554 532 Gass 40 39 76 86 101 Biobrensel 4 124 4 179 4 152 5 239 5 259 Anna 0 0 0 0 0 Sum 21 450 20 667 21 119 21 336 21 581 Folketal 6 687 6 682 6 734 6 765 6 804 Samla energiforbruk (GWh/år) 120,2 136,4 139,1 147,9 156,4 Energiforbruk pr. innbyggjar (kwh/år) 17 972 20 419 20 656 21 870 22 990 Side 4 av 35

Energibruk 2002 GWh 160,0 140,0 120,0 100,0 80,0 60,0 40,0 20,0 0,0 2002 El hushald Olje/parafin hushald Gass hushald Biobrensel hushald Anna hushald Andre forbrukarar Side 5 av 35

BAKGRUNN Ifølge Forskrift om Energiutredninger utgitt av NVE i januar 2003 skal områdekonsesjonær utarbeide, årleg oppdatere og offentleggjere ei energiutgreiing for kvar kommune i konsesjonsområdet. Energiutgreiinga skal beskrive noverande energisystem og energisamansettinga i kommunen med statistikk for produksjon, overføring og stasjonær bruk av energi. Energiutgreiinga skal vidare innehalde ei vurdering av forventa energietterspurnad i kommunen, fordelt på ulike energiberarar og brukargrupper. Endeleg skal energiutgreiinga beskrive dei mest aktuelle energiløysingane for område i kommunen med forventa vesentleg endring i etterspurnaden etter energi. Inkludert i dette skal områdekonsesjonæren ta omsyn til grunnlaget for bruk av fjernvarme, energifleksible løysingar, varmeattvinning, innanlandsk bruk av gass, tiltak for energiøkonomisering ved nybygg og rehabiliteringar, verknaden av å ta i bruk energistyringssystem på forbrukssida m.v. Intensjonen med forskrifta er at lokale energiutgreiingar skal auke kunnskapen om lokal energiforsyning, stasjonær energibruk og alternativ på dette området. På denne måten skal lokale energiutgreiingar medverke til ei samfunnsmessig rasjonell utvikling av energisystemet. Som områdekonsesjonær har Stryn Energi AS engasjert Vestnorsk Enøk AS til å bistå i utarbeiding av energiutgreiing for Stryn kommune i Sogn og Fjordane. Side 6 av 35

NOVERANDE ENERGISYSTEM 1. SYSTEMUTGREIING A. KRAFTFORSYNINGA Stryn Energi AS har konsesjon for kraftforsyninga i Stryn Kommune. I kommunen er det 3986 kundar, med eit samla forbruk på 100 GWh. Maksimalt effektuttak er 19 MW. Nettverksemda er regulert av Norges vassdrags - og energidirektorat gjennom energilov og forskrifter. Økonomiske rammer og krav til framferd og samhandling med andre aktørar er fastsett der. Stryn Energi AS sitt distribusjonsnett består i det alt vesentlege av 22 kv luftnett og jordkabel. Innmatinga skjer frå SFE sine stasjonar i Bø, Utvik og Markane. Det er reserveforsyning frå Eid (SFE) på Oskeberg og frå Skjåk Energi AS i Ospelitunellen. Desse kan berre forsyne mindre områder som Nordsida til Robjørgane og Oppstryn til Mindresunde. Mestedelen av forsyningsområdet er forsynt med maska nett. Eit evt. utfall av 60 kv til Bø sek. vil føre til at innmatinga til Stryn sentrum må skje på 22 kv linjene frå Markane og Loen. I periodar med høgt forbruk er dette ei knapp forsyning. Transformatoren i Bø (66/22 kv) er i høglastperiodar fullt belasta. Stryn Energi AS har eigenproduksjon i Dalane kraftstasjon. Årleg produksjon er om lag 3,9 GWh. Det er fleire små private kraftverk i kommunen. Overskotsproduksjonen vert levert inn på Stryn Energi AS sitt nett. Feil og avbrotsstatistikken (FAS) for Stryn kommune 2003 syner følgjande tal for leveringsavbrot med varigheit over 3 minutt, samanlika med landet elles 1 2 : Antal avbrot over 3 min Tid (timar) ILE (i % av levert energi) Planl. Utfall Sum Planl. Utfall Sum Planl. Utfall Sum Stryn 0,6 1,9 2,4 6,7 9,2 16,0 0,007 0,017 0,023 Snitt landet 0,6 3,0 3,6 1,4 3,1 4,5 0,009 0,023 0,032 Tabellen viser at Stryn Energi sin gjennomsnittskunde opplever færre avbrot, men lengre utkoplingstid enn det som er snitt for tilsvarande nett i landet. 99,977 % av den elektriske energien folk ynskjer å kjøpe vert levert. Dette er betre enn landssnittet. Olje/parafin Forbruket av petroleumsprodukt vert i stor grad dekt av lokale forhandlarar som driv utkøyring med tankbil til kundane på bestilling. Det ligg eit depot i Loen. Opplysningar om oljeforbruket er henta frå SSB. B. GASS Det er eit visst forbruk av propan, mest ved institusjonar og storkjøkken. Kjelde: SSB. C. BIOBRENSEL Ved er den viktigaste form for biobrensel som er i bruk i Stryn kommune. Veden vert i stor grad henta av forbrukaren sjølv i eigen skog eller kjøpt på rot. Det er mange mindre leverandørar av ved i Stryn. Fleire verksemder nyttar dessutan flis eller pellets. Spørsmål om biobrenselanlegg er utgreidd og det er regulert tomt for eit slikt anlegg i Stryn sentrum. 1 Avbrot kan vere planlagde eller tilfeldige, dvs. linjefeil, uhell, naturpåførte feil o.l. 2 ILE = Ikkje Levert Energi, dvs. kor mykje energi som ikkje vert levert til kundane på grunn av avbrot Side 7 av 35

D. VARMEPUMPER Det er varmepumpeinstallasjonar ved fleire bygg i Stryn kommune: Loen skule, Industribygga i Vik (VGS), Stryn kulturhus og Alexandra Hotel. Dette siste er omtala i eige punkt på side 12. Industribygga i Vik har felles varmesentral med olje backup. Elles synest komfortvarmepumper å verte installerte i private hus i noko større omfang enn elles i regionen. E. ANDRE ENERGIKJELDER Hushaldsavfallet vert levert til Nomil. Attvinning av energi frå avfall skjer difor ikkje i Stryn kommune. 2. STATISTIKK Denne energiutgreiinga konsentrerer seg om stasjonært energibruk, i samsvar med retningslinjene i forskrifta. Det vil seie alt forbruk av energi i bygningar, anlegg og industri. Energiforbruk til transport fell utanom. Statistikken skal gje eit bilde av situasjonen fram til no og danne eit grunnlag for vurdering av utviklinga framover. Statistikken må difor dekke ei viss periodelengd. Men blir perioden for lang, vil statistikken lett bli omfattande og uoversiktleg. Denne utgreiinga legg til grunn ein periode som strekk seg 10 år bakover i tid. A. BRUKARGRUPPER Norsk energistatistikk opererer med fleire måtar å dele inn energiforbrukarane på. Energiutredningen 2000 opererer med følgjande grupper: kraftkrevjande industri (KKI) private hushaldningar privat og offentleg tenesteyting annan industri andre forbrukarar Ikkje alle desse gruppene vil vere like relevante for ein einskild kommune. Det vil likevel vere nyttig å operere med tilsvarande inndeling, fordi ein då lettare kan aggregere informasjon frå dei einskilde kommuneutgreiingane og samanlikne med nasjonale statistikkar og prognosar. B. ENERGIBERARAR Elektrisitet er den dominerande energiberar i det norske energisystemet. Men også petroleumsprodukt utgjer ein stor del. I nokre geografiske område vert det brukt relativt mykje t.d. ved, koks, fjernvarme, spillvarme o.a., sjølv om desse energiberarane ikkje viser like godt att på den nasjonale statistikken. Energiutredningen 2000 sorterte på elektrisitet, petroleumsprodukt (fyringsoljer), fast brensel (kull, koks, treavfall, ved og anna avfall) og fjernvarme (gass og fjernvarme). For hushaldninger vert det ofte operert med elektrisitet, olje/parafin, propan (LPG), ved og fjernvarme som energiberarar (oppvarmingskjelde). I og med at hushaldssektoren er så vidt dominerande (utanom KKI), vel vi å sortere energiberarane på tilsvarande måte, men med følgjande oppdeling: elektrisitet olje/parafin gass (propan, naturgass) biobrensel (ved, flis, pellets) anna (fjernvarme, avfallsenergi, restvarme frå industri m.v.) For Stryn kommune har vi då følgjande statistikk over energiforbruk pr. energiberar og brukargruppe for tida 1992-2002: Side 8 av 35

ELEKTRISITET Oppgåver frå Stryn Energi AS viser følgjande (temperaturkorrigert 1 for hushald og næring): Tal i GWh/år 1992 1997 2002 Kraftkrevjande industri 0,0 0,0 0,0 Private hushaldningar 37,1 39,2 42,3 Offentleg og privat tenesteyting 34,8 36,8 39,6 Annan industri 9,6 10,1 10,9 Andre forbrukarar 13,3 14,0 15,1 Samla forbruk 94,9 100,2 108,0 OLJE/PARAFIN På grunnlag av oppgåver frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) er følgjande berekna (temp.korrigert som for el): Tal omrekna til GWh/år 1992 1997 2002 Kraftkrevjande industri 0,0 0,0 0,0 Private hushaldningar 3,7 1,5 1,7 Offentleg og privat tenesteyting 4,8 5,2 4,8 Annan industri 6,8 7,7 9,0 Andre forbrukarar 0,0 0,0 0,0 Samla forbruk 15,4 14,4 15,5 GASS På grunnlag av oppgåver frå SSB er følgjande berekna (temperaturkorrigert som for el): Tal omrekna til GWh/år 1992 1997 2002 Kraftkrevjande industri 0,0 0,0 0,0 Private hushaldningar 0,1 0,1 0,2 Offentleg og privat tenesteyting 0,0 0,4 0,5 Annan industri 0,1 0,1 0,1 Andre forbrukarar 0,0 0,0 0,0 Samla forbruk 0,2 0,6 0,8 1 Temperaturkorreksjonen er gjort ved å samanlikne graddagstalet for fyringssesongen det aktuelle år med graddagstallet for eit normalår. Temperaturkorreksjonen er gjort på same måte for alle energiberarar og alle brukargrupper, dvs. det er ikkje lagt inn nokon vurdering av i kva grad temperaturendringar påverkar energibruken ulikt mellom brukargrupper og m.o.t. energiberarar. Side 9 av 35

BIOBRENSEL På grunnlag av statistikk frå SSB er følgjande berekna (temperaturkorrigert som for el): Tal omrekna til GWh/år 1992 1997 2002 Kraftkrevjande industri 0,0 0,0 0,0 Private hushaldningar 9,8 10,3 10,8 Offentleg og privat tenesteyting 0,0 0,0 0,0 Annan industri 0,0 11,0 4,0 Andre forbrukarar 0,0 0,0 0,0 Samla forbruk 9,8 21,3 14,8 ANNA På grunnlag av statistikk frå SSB er følgjande berekna: Tal omrekna til GWh/år 1992 1997 2002 Kraftkrevjande industri 0,0 0,0 0,0 Private hushaldningar 0,0 0,0 0,0 Offentleg og privat tenesteyting 0,0 0,0 0,0 Annan industri 0,0 0,0 0,0 Andre forbrukarar 0,0 0,0 0,0 Samla forbruk 0,0 0,0 0,0 3. OMFANG AV VASSBOREN VARME Alternativ til elektrisitet for byggoppvarming og tappevassoppvarming føreset vassbore (eller luftbore) system. Med vassbore system kan ein i tillegg til elektrisitet utnytte mange ulike energiberarar til oppvarming. Andelen fullførte einebustader med innlagt vassbore oppvarmingssystem har siste året vore kring 35 % på landsbasis. Kommunen kan leggje til rettes for lokal utvikling av fjernvarmesystem ved å gjere aktiv bruk av Plan- og Bygningslov (PBL). Innregulering av varmesentral i samband med nye bustadeller næringsområde gir kommunen rett til å krevje tilknytingsplikt. Stryn kommune har til no ingen tradisjon for å utnytte PBL på denne måten. Kommunen har ikkje etablert enøkfond eller andre aktive verkemiddel som kan bidra til å fremje ei utvikling for energifleksible løysingar. Alle kommunale bygg reist etter 1985 har vassboren varme. I tillegg har relativt mange private bygg denne oppvarmingsforma. Side 10 av 35

4. LOKAL ELEKTRISITETSPRODUKSJON Desse kraftverka er i drift, under bygging og planlagde i Stryn kommune: Bygde kraftverk Installert effekt (MVA 2 ) Årleg produksjon Dalane 0,600 3,9 GWh Glomnes 0,350 1,8 GWh Vasstaket 0,650 3,6 GWh Åning 0,016 << Under bygging Installert effekt (MVA) Årleg produksjon Heggdal 0,100 Om lag 0,4 GWh Under planlegging Installert effekt (MVA) Årleg produksjon Innvik 15,5 Om lag 57 GWh Hjelledalen 1,0 Om lag 7 GWh 5. FJERNVARME Fjernvarme er mest aktuelt dersom det i eit visst omfang eksisterer bygg med vassbore (eller luftbore) oppvarmingssystem. Fjernvarme kan også vere aktuelt dersom det er planlagt bustadeller næringsbygg med eit visst oppvarmingspotensiale der ein varmesentral vert innregulert. I gjeldande kommuneplan er dølgande nedfelt: Kommunen skal otnytte noko av det energipotensialet som ligg i varmekraft og bioenergi basert på lokale ressursar Det har vore arbeidd med planar om etablering av fjernvarmenett i Stryn. Dette er framleis i fokus. Nettselskapet er interessert i å vere med på dette. Det er lagt fjernvarmerør mellom kommunale bygg i sentrum. Planane bør vidareførast. 2 MVA= MegaVolttAmpere = 1000 kilovoltampere. Eining for effekt når straum og spenning ikkje er i fase. Side 11 av 35

UTVIKLING I ENERGIETTERSPURNAD 1. STØRRE ENERGIBRUKARAR Vi har sett nærare på verksemder i Stryn som nytta over 1 GWh el i 2003. Det er Nordfjord Kjøtt AS, Alexandra Hotel AS, Vest Busscar AS, Hagen Treindustri AS og Dooria AS. Desse er omtala kvar for seg i punkta nedanfor. A. NORDFJORD KJØTT AS Prioritert el: 4,6 GWh Upioritert el: 2,5 GWh Olje: 4,5 GWh Gass: Ingen Gjenvinning: Betydelege energimengder vert gjenvunne med varmepumper. Endringar: Berre prioritert kraft frå 2004 B. ALEXANDRA HOTEL AS 2003 Prioritert el: 2,9 GWh (Totalt med bustader ca 5 GWh) Upioritert el: 0,8 GWh Olje: 147.000 l tilsvarande ca. 1,5 GWh innfyrt energi Gass: Ca. 6000 kg tilsv. om lag 80.000 kwh Gjenvinning: Gjenvinn varme frå ventilasjonsluft. Varmepumper: 3 stk på 600, 400 og 200 kw mot brønn. Endringar: Ny Varmepumpe 2004 vil trenge ca. 0,7 GWh ekstra el årleg 3 C. VEST BUSSCAR AS Prioritert: 1,4 GWh Upioritert: Ingen Olje: 0,8 GWh Gass: Ingen Gjenvinning: Uaktuelt Varmepumper: Ingen Endringar: Ingen konktere dei første åra D. HAGEN TREINDUSTRI AS Prioritert: 1,6 GWh Upioritert: Ingen Olje: Ingen Gass: Ingen Gjenvinning: All oppvarming av lokale og vatn frå eige treavfall (spon). Varmepumper: Ingen Endringar: Nytt lakkanlegg 2004. Stipulert meirforbruk el: 10 % tilsvarande knapt 0,2 GWh E. DOORIA AS (57 87 67 25) TOM SKINLO Prioritert: 1,3 GWh Upioritert: Ingen Olje: Ingen Gass: Ingen Gjenvinning: Flisfyr på eigenprodusert flis til oppvarming av lokale Varmepumper: Nei Endringar: Ingen kjende 3 Kjelde: Eriksen, Normann Energi Side 12 av 35

2. KOMMUNALE PLANAR Kommunen har presentert arealdelen frå gjeldande kommuneplan med underlag, samt gjeldande statistikk for folketalsutviklinga i skulekrinsane. Dette gir eit oversyn over status og utvikling når det gjeld folketalsutvikling, bustadbygging, næringsutvikling og samfunnsutvikling generelt. A. BUSTADBYGGING I tidsbolken 1992 2002 vart det i snitt bygd 44 nye bueiningar i året, av dette 21 einebustader. Ved starten av planperioden (1999) var det stor underdekking på byggeklare, kommunale tomter. Dette gjalt spesielt Stryn sentrum, men også Loen og Olden. Dette har kommunen tatt tak i og i skrivande stund er det ledige tomter i alle krinsar. Det er 10 ledige tomter for einebustader i Loen og eit felt med 21 tomter er under opparbeiding i Olden. I tillegg er det avsett areal begge plassar for meir konsentrert bustadbygging. I Stryn sentrum er Bø-feltet klart for regulering. Pr. dato er det ca. 20 byggeklare tomter for einebustadar i Stryn sentrum. Tendensen er mindre bygging av einebustader, meir bygging innan ulike byggekompleks. Det er og plassert husvære i toppetasje i mange forretningsbygg dei seinare åra. Dei siste par åra ser det ut som om folketalet er i ferd med å vekse på Nordsida. Dette skuldast mest aktivt engasjement lokalt. Elles vert det bygd eindel hytter i Stryn. Det er under planlegging større felt ved Bøanedsetra, på Vangen og på Svarstad. B. NY NÆRINGSVERKSEMD Tilgangen på ledig næringsareal er rekna som god utanom Stryn sentrum. Vi finn areal avsette til føremålet både i Utvik, Innvik, Olden, Loen og Oppstryn. Sentrumsnært er det lite ledig areal. Det kan verte aktuelt å utvide Stryn Miljø- og Næringspark oppover. Infrastrukturen i området er tilrettelagt for dette. Dersom det vert nybygging for Stryn Vidaregåande Skule, vil dette frigjere 3-4 næringsbygg til etablering av annan aktivitet i sentrum. Nybygget vil truleg ha energibehov kring 1 GWh. C. MILJØMÅL Kommunestyret har vedtatt miljømål i byggesakshandsaming. FRAMSKRIVING AV ENERGIBRUKEN Energiforbruket blir påverka av mange faktorar, så som klima, demografiske forhold, teknologisk utvikling, energiprisar, næringsstruktur og bustadstruktur. I tillegg betyr det mykje korleis folk sine forbruksvanar og val utviklar seg. Også lover og forskrifter vil ha effekt, t.d. gjennom krav til isolasjon og byggstandard. A. FOLKETALSENDRING Folketalet i Stryn har sidan 1992 i gjennomsnitt auka med 0,05 % årleg. Kommunen legg sjølv til grunn ein vekst framover tilsvarande prognose frå Statistisk Sentralbyrå. Folketalsutviklinga går fram av følgjande tabell basert på ei rein framsskriving tal frå SSB: 1992 1997 2002 2007 2012 Folketal 6 687 6 682 6 734 6 765 6 804 Årleg vekst (middel %) 0,0 0,1 0,1 0,1 Tal husstandar 2 365 2 473 2 602 2 706 2 821 Midlare husstandsstorleik 2,8 2,7 2,6 2,5 2,4 ditto landet 2,2 2,2 2,2 2,2 2,2 Bustadstrukturen i Stryn sentrum er urban. Elles er kommunen prega av mindre sentra og spreidd busetnad med høg andel einebustader. På bakgrunn av kommuneplanen er det liten Side 13 av 35

grunn til å rekne med nokon vesentleg endring i bustadstrukturen i åra framover. Kommunen legg sjølv til grunn ei noko meir optimistisk utvikling: 6891 innbyggarar i 2007 og 7047 i 2012. Får kommunen rett, vil dette representere 243 fleire bebuarar, om lag 100 fleire husstandar og 2,2 GWh høgre forbruk enn i vår prognose. Gjennomsnittleg husstandsstorleik ligg godt over landsgjennomsnittet. Dette tilseier eit energiforbruk pr. husstand noko over landsgjennomsnittet. Vi legg til grunn ei framskriving av noverande utvikling i energibruk pr. husstand - så lenge vi ikkje reknar nokon effekt av særskilte tiltak for reduksjon av energibruken. B. NÆRINGSSTRUKTUR Vekst i sentrale delar av kommunen tilseier ein vidare vekst i utbygging av varehandel og bygg for offentleg og privat tenesteyting. Samstundes vil eksisterande byggmasse stort sett vere i bruk. Stryn vidaregåande skule vil truleg kome i nytt bygg og eksisterande lokale vil få ny aktivitet. Veksten i samla folketal ikkje blir stor, men vi reknar likevel med at verksemder og institusjonar vil halde fram å etablere seg i Stryn kommune. Derfor reknar vi med at veksten held fram når det gjeld energiforbruket i tenesteytande næringar. Det er ikkje presentert planar som tilseier uvanlege endringar innan industrien i kommunen. Talet på verksemder (einingar) i Stryn kommune som er registrert i Brønnøysund syner følgjande (for 2003): Bransje Jord, skogbruk 367 Post, bank, forsikring 12 Fiske, oppdrett 2 Eigedom 59 Industri og bergverk 64 Utleige materiell og utstyr 5 Kraftforsyning 5 Forsking 1 Vatn, avløp, renovasjon 8 Forr.messig tenesteyting 54 Bygg, anlegg 115 Off.forvaltning 12 Motorvognhandel m.v. 29 Undervisning 19 Engroshandel 24 Helse og sosial 43 Detaljhandel 75 Organisasjonar 13 Overnatting, servering 48 Sport og fritid 24 Transport, transporttenester 30 Anna 17 Verksemder (einingar) i alt 1 026 C. FRAMSKRIVING FOR ULIKE ENERGIBERARAR Energiforbruket er karakterisert både ved energimengd og energiberar (-form). Dersom det ikkje opptrer vesentlege endringsfaktorar, kan ein trendframskrive forbruket pr. energiberar på grunnlag av utviklinga dei siste åra. Som et utgangspunkt blir dette lagt til grunn. I kapitel 5 blir grunnlaget for alternative løysingar og dermed nye endringsfaktorar vurderte. Side 14 av 35

D. ENERGIBRUK Vi får då eit samla bilde av utviklinga av energibruken til stasjonære føremål i Stryn kommune som ser slik ut: Tal omrekna til GWh/år 2007 2012 Elektrisitet Kraftkrevjande industri 0,0 0,0 Private hushaldningar 41,8 44,3 Offentleg og privat tenesteyting 42,6 45,0 Annan industri 11,7 12,4 Andre forbrukarar 16,0 16,9 Sum elektrisitet 112,2 118,6 Olje/parafin Kraftkrevjande industri 0,0 0,0 Private hushaldningar 1,5 1,5 Offentleg og privat tenesteyting 5,0 5,0 Annan industri 10,0 11,0 Andre forbrukarar 0,0 0,0 Sum olje/parafin 16,5 17,6 Gass Kraftkrevjande industri 0,0 0,0 Private hushaldningar 0,2 0,3 Offentleg og privat tenesteyting 0,8 1,0 Annan industri 0,1 0,1 Andre forbrukarar 0,0 0,0 Sum gass 1,1 1,4 Biobrensel Kraftkrevjande industri 0,0 0,0 Private hushaldningar 14,2 14,8 Offentleg og privat tenesteyting 0,0 0,0 Annan industri 4,0 4,0 Andre forbrukarar 0,0 0,0 Sum biobrensel 18,2 18,8 Anna Kraftkrevjande industri 0,0 0,0 Private hushaldningar 0,0 0,0 Offentleg og privat tenesteyting 0,0 0,0 Annan industri 0,0 0,0 Andre forbrukarar 0,0 0,0 Sum anna 0,0 0,0 Sum totalt 147,9 156,4 3. MILJØKONSEKVENSAR Energiforbruk har eller fører til miljøbelastningar av ulike slag. Bruk av elektrisitet er i seg sjølv ikkje miljøbelastande. Framføring av kraftlinjer utgjer mange stader eit miljøproblem (estetikk, inngrepsfrie naturområde og villrein). Produksjon av elektrisitet, spesielt i store utbyggingsprosjekt, er ofte konfliktfylt i høve miljøverninteresser. I Norge må ein rekne tilgangen på ny vasskraftbasert elektrisitet som avgrensa. Auka elektrisitetsforbruk i landet fører difor til trong for energi frå andre produksjonssystem i eige eller andre land, mellom anna kol- og oljebasert produksjon i andre delar av Europa. Brenning av trevirke i moderne omnar reknast å ha marginal miljøverknad. Side 15 av 35

VURDERING AV AKTUELLE ENERGILØYSINGAR 1. ELEKTRISITET Energiutgreiinga skal beskrive dei mest aktuelle energiløysingane for område i kommunen med forventa vesentleg endring i etterspurnaden etter stasjonær energi. Inkludert i dette skal ein ta omsyn til grunnlaget for bruk av fjernvarme, energifleksible løysingar, varmeattvinning, innanlandsk bruk av gass, tiltak for energiøkonomisering ved nybygg og rehabiliteringar, verknaden av å ta i bruk energistyringssystem på forbrukssida m.v. For Stryn kommune har vi ikkje sett på noko spesielt område. Generelt er det likevel grunnlag for nokre merknader. Det alt vesentlege av stasjonær energibruk vert dekt av elektrisitet. Elektrisitet vil også i framtida vere einerådande bortsett frå til varmeføremål. Elnettet må difor i alle høve utviklast til å forsyne utbyggingsområde i kommunen. Til nokre bruksområde vil det likevel kunne eksistere/utviklast alternativ til elektrisitet, først og fremst til oppvarming. I tillegg kan elektrisitetsforbruket effektiviserast ved fornuftig bruk av teknologi, styringssystem m.v. Utbygging og forsterking av kraftnettet kan utsetjast eller avhjelpast med sluttbrukartiltak som effektstyring, utkopling m.v eller evt. bygging av småkraftverk, vindkraftverk e.a. lokalt. Det er ikkje sett i verk noko særskilt prosjekt for sluttbrukartiltak 2. ENERGIFLEKSIBLE LØYSINGAR 3. FJERNVARME I Stryn finn vi fleire større varmepumpeinstallasjonar. Stryn kommune nyttar varmepumper til oppvarming av fleire av bygga sine. Alexandra Hotel AS eig og driv 3 større varmepumper på til saman 1,2 MW. Med positive erfaringar frå desse anlegga, må vi vente at det kjem fleire varmepumper i Stryn i framtida. Planane med eit fjernvarmenett i Stryn sentrum bør arbeidast vidare med. Dette mellom anna då det er relativt mange bygg med vassboren varme som ligg nær kvarandre. 4. ENERGIØKONOMISERANDE TILTAK Med energiøkonomiserande tiltak meiner vi i denne samanhengen endringar i rutiner eller mindre investeringar som har ein privatøkonomisk tilfredsstillande effekt. A. EKSISTERANDE BYGGMASSE I eksisterande byggmasse er det vanleg å rekne med 5-10 % varig energisparing med gjennomføring av enøktiltak. I snitt vil potensialet for innsparing difor ligge på kring 15 kwh/m 2. På grunnlag av opplysningar frå Enova (Byggoperatøren) og statistikk frå SSB har vi rekna ut at samla byggmasse i Stryn kommune er kring 521.000 m 2, av dette bustader 337.000 m 2. Utfrå dette er sparepotensialet rekna ut til å verte om lag 7,8 GWh. B. REHABILITERING Ved rehabilitering av eksisterande bygg er det mogleg å gjennomføre energieffektiviserande tiltak utover den reine bygningsmessig rehabiliteringa. I tillegg kjem effekten av at ein ofte må ta omsyn til isolasjonskrav m.v. i nyare byggeforskrifter. Potensialet bør ligge på kring det doble av enøktiltak i eksisterande bygg, dvs. 30 kwh/m 2. Årleg tilvekst er på kring 13.000 m 2, av dette bustadbygg omlag 6.500 m 2. Dette tilsvarar 2,5 %. Rehabilitert areal vil normalt ligge på mindre enn halvdelen av tilveksten. Innsparinga er derfor berekna til å ligge kring 0,2 GWh. Side 16 av 35

C. INDUSTRI Under det tidlegare enøk-regimet vart det etablert eit enøk bransjenettverk for industrien, der ein samla informasjon om faktisk energibruk og gav industribedrifter særskilte tilbod knytta til energieffektivisering.i Stryn kommune er Nordfjord Kjøtt med i Bransjenettverket for industrien. D. SAMLA POTENSIALE Samla vil potensialet for energiøkonomiserande tiltak difor ligge på kring 8 GWh. 5. ANDRE LØYSINGAR A. ENERGISTYRINGSSYSTEM Energistyringssystem vil inkludere SD-anlegg (sentral driftskontroll), utstyr for lysregulering, effektstyring og nattsenking. I tillegg er det snakk om system som kan sikre bruksstyrt forbruk til ventilasjon, belysning og oppvarming. B. POTENSIALE Det er vanleg i bygg å rekne eit potensiale for innsparing ved å ta i bruk energistyringssystem på 25 %. Om vi reknar at energistyringssystem blir installert i 1 % av eksisterande byggmasse årleg og at 30 % av nybygg blir tilrettelagt med system for energistyring, tilsvarer dette ein årleg reduksjon i energiforbruket på 0,1 GWh i høve til kva det elles ville ha vore. Side 17 av 35

KOSTNADSELEMENT VED ULIKE ENERGIBERARAR Vurderinga av økonomien ved ulike løysingar er langt på veg avhengig av ståstad. Den einskilde investor legg ulik vekt på dei økonomiske faktorar som inngår. Ved nybygg eller rehabilitering av bustad, næringsbygg, industri eller anna verksemd blir det gjort val som påverkar den framtidige energibruken. Det vert investert i tekniske løysingar som set grenser for kva for energiberarar som vil vere aktuelle og for kva for nivå energiforbruket vil måtte ligge på. Den einskilde investor har eit privatøkonomisk perspektiv for dei val som gjerast. Og det er svært vanleg å gjere val etter kva som krev minst investering. Men det er umogleg å forhalde seg til økonomi og lønsemd utan å ta omsyn til alle kostnadane over heile investeringa si levetid, dvs. kapitalkostnad og alle forvaltnings-, drifts-, vedlikehalds- og utviklingskostnader (FDVU-kostnader) i brukstida, slik som: Kapitalkostnad o Investeringa inkluderer både prosjektering, utstyr, montasje og idriftsetting. Same utstyr kan derfor medføre ulik investering alt etter aktuelle marknadsforhold og lokale forskjeller. Skattar og avgifter o Forsikringar Miljøavgifter kan f.eks. slå ulikt ut og favorisere ulike energiberarar. Drift, vedlikehald o Pass, stell og utskifting av deler er i større eller mindre grad nødvendig for å oppretthalde driftsregularitet og yteevne for alle oppvarmingseiningar. Innkjøpt energi o Alle energiberarar medfører kostnader til innkjøp og eventuell lagring, transport o.a. Det er omrekna kostnad pr. nytta kwh som er relevant. Offentlege krav og pålegg o Lover og forskrifter er under stadig utvikling. Ved ombygging/rehabilitering vil nye krav som regel også gjerast gjeldande for eldre installasjonar. Løpande ombygging o Varmeanlegg må ofte tilpassast ved bygningsmessige endringar, bruksendringar o.a. Opprinneleg varmeløysing kan være meir eller mindre enkel (kostbar) å modifisere. Oppgradering For ein investor vil optimalt val av energibærer avhenge av ei rad forhold. Ei direkte samanlikning mellom billegaste alternativ for vanlege bustadeiningar vil normalt vise at rein elektrisk oppvarming er billegast 4. Avhengig av korleis inneklima og komfort vert vurdert og vektlagt, kan bildet lett bli meir nyansert. 4 Gjeld når ved vert kjøpt til marknadspris. Side 18 av 35

Nedanfor er lista opp nokre av dei val som påverkar totaløkonomien for ei investering: Energiforbruk Klimafaktorar (plassering og utforming av bygg i høve til sol, vind og vær) Byggestandard (isolasjonsgrad, materialval o.l). Teknisk utrustning (teknisk utstyr, grad av automatikk) Åtferd/vaner (personbelastning, innetemperatur) Oppvarmingskjelde Lokal oppvarming (el.oppvarming evt. kombinert med luft/luft varmepumpe) Sentralvarme med ulike oppvarmingskjelder t.d. Pris energiberar Tariff el.oppvarming (f.eks. med dobbeltmantla bereder) fjernvarme Håndteringskostnader Oppvarmingsform Veggoppvarming Golvoppvarming Annen oppvarming Styringsmetode Lokal regulering Sentral regulering kombinasjon oljekjel/el kombinasjon biokjel/el kombinasjon varmepumpe/el (vann/vann eller luft/vann varmepumpe) Investor sine val vert gjort ut ifrå dei forhold som er viktige for investor. Dersom investor ser alle dei samfunnsmessige kostnader som investeringa fører med seg, tilseier økonomisk teori at vi får ei samfunnsøkonomisk optimal utnytting av ressursane. I praksis vil det gjerne ikkje være slik, mange av føresetnadane for ein fullkomen marknad vil ikkje vere oppfylt. Dette fører til eit samfunnsøkonomisk effektivitetstap, dvs. ein forskjell mellom privatøkonomisk og samfunnsøkonomisk lønsemd. På nasjonalt nivå vert samfunnsmessige kostnader (et stykke på vei) omgjort til privatøkonomiske kostnader gjennom skattar/avgifter og offentlege krav/pålegg. I praksis blir dette bildet ofte forstyrra av at skattar, avgifter, krav og pålegg like gjerne vert brukte til å få gjennomført politiske målsettingar som å oppnå samfunnsøkonomiske løysingar. Også tilskot og subsidiar kan ha ei politisk like mykje som ei samfunnsøkonomisk grunngjeving. Lokalt kan det kome tildels vesentlege samfunnskostnader i tillegg til dette, spesielt ved store endringar som følgje av etablering av næringsliv, bustadområde o.l. Kommunen vil da få kostnader til arealutvikling, utbygging av offentlige tenestetilbod, lokale miljøbelastningar m.v. som ikkje vert dekt inn gjennom det overordna samfunnsøkonomiske regnskapet. På den andre sida kan det for kommunen vere utsikter til utvikling av næringsliv og nye arbeidsplassar og såleis ønskjeleg med slike kostnader. Det finnst ei rad modellar for berekning av økonomi ved investering i oppvarmingsløysingar. Felles for dei fleste er at dei gjer forenklingar i føresetnadane, ofte prioritert i forhold til modellutviklar sin eigen ståstad. Det er ei generell erfaring at kostnadsnivå varierer tildels mykje med t.d. lokale tilhøve. Dette gjeld først og fremst investeringsnivået. Men også utforming av nettariffar, reglar for Side 19 av 35

tilknytingsplikt og andre forhold vil kunne variere mykje. I et aktuelt tilfelle bør utbyggjar difor alltid innhente relevante anbod for å få eit realistisk vurderingsgrunnlag. I Vedlegg B er det ført opp referansar til modellar for berekning av totalkostander for ulike oppvarmingsløysingar, utarbeidd med utgangspunkt i ulike interessegrupperingar (Energigården, Varmeinfo, NELFO m.fl.). Vedlegg C presenterer eit skjema for berekning av totalkostnadar for ulike oppvarmingsløysingar i nybygg. Berekningsskjemaet er tilrettelagt for ei mest mogleg nøytral berekning. Berekningsskjemaet er også brukt for å kalkulere korleis dei ulike kostnadselement ville kome ut for oppvarminga av nye bustader (rom- og vassoppvarming). Kalkulasjonen tek utgangspunkt i normtal, normprisar, tariffar m.v. for energiberarar og syner følgjande resultat (sjå Vedlegg D 5 ): Kalkulasjon av årskostnader for oppvarming av ny einebustad Areal Standard Byggeforskriftene 1997 Oppvarmingsløysingar: el. panelomnar + el. v.v.beredar ditto + vedomn ditto + l/l varmepumpe sentralvarme el.oppvarma ditto + l/v varmepumpe sentralvarme oljefyrt + panelomnar topplast (10%) sentralvarme gassfyrt + panelomnar topplast (10%) sentralvarme pelletsfyrt + panelomnar topplast (10%) sentralvarme vedfyrt + panelomnar topplast (10%) fjernvarme + panelomnar topplast (10%) 5 Ein må vere merksam på at endring i forbruk kan påverke berekna energipris pr. kwh. T.d. vil både nett- og kraft-tariffar vere oppbygt av fastledd som er uavhengige av forbruk. Auka forbruk vil såleis gje redusert gjennomsnittspris. Det same gjeld for kapitalkostnader generelt, der årleg kostnad vil vere uavhengig av utnyttingsgraden for utstyret. Side 20 av 35