31.03.04 Info Sagvåg skule nr 1 august 1999 Velkommen til nytt skuleår! Ny Sagvåg skule i Rukjen!? FAU (Foreldrearbeidsutvalet) ved Sagvåg skule inviterte LEV (Levekårskomiteen) til omvising på Sagvåg skule i juni. Etter omvisinga hadde komiteen møte der det vart bestemt at framlegg til Skulebruksplan måtte endrast. Framlegget såg slik ut: 1. Skule i Kårevik 1.byggjesteg 2. Ungdomsskule i Nordbygdo 3. Skule i Rukjen Vedtak i LEV nr 31/98 vart slik: 1. Skule i Rukjen 2. Ungdomsskule i Nordbygdo 1.byggjesteg 3. Skule i Kårevik Spørsmålet er no om politikarane føl opp vedtak i LEV 11.juni, eller om det vert gjort endringar... kanskje kjem saka på nytt opp i LEV sitt møte allereie 1.oktober! Me går ein spanande haust i møte! Reform-97 Reform 97 går inn i sitt andre år. Etter det første året føler me at me er ganske godt i gjenge ved Sagvåg skule, og mykje av det arbeidet som vert gjort dette skuleåret vil byggje på erfaringane me gjorde oss i fjor. I år de det 1,-2,-3,-5, og 6.klasse som skal arbeide etter L 97: 1
Hjelpetenesta Hjelpetenesta er eit formelt oppretta tverrfagleg «team» for dei kommunale tenestene som arbeider med barn og unge. Mål: Styrke og samordne det førebyggjande hjelpearbeidet for einskildbarn og unge ved tidleg tverrfagleg drøfting. Sette i verk tiltak i rett tid. PPT (Pedagogisk-psykologisk-tenestekontor) På PPT-kontoret kan foreldre og skule søkje råd og hjelp i spørsmål som gjeld trivsel, tilpassing og opplæring for born. På kontoret er det tilsett personar med ulik bakgrunn og røynsle; psykolog, sosionom, logoped, førskulepedagog og lekotekleiar. Etter avtale med foreldre tek skulen kontakt med PPT om einskildelevar. Foreldre kan ta kontakt med PPT på tlf.53 49 66 00 (gjennom Kundetorget) Tannhelsetenesta Elevane vert til vanleg innkalla til tannlege ein gong i året. Foreldre eller eleven kan også sjølv ta kontakt med tannlegen direkte. Skulehelsetenesta Dr. Kjersti Follesø er skulelege for Sagvåg skule. Ho har kontortid annakvar onsdag (oddetal) på helsestasjonen ved Nysæter ungdomsskule. Ingebjørg Grønsdal er skulehelsesyster. Ho er å treffe på Sagvåg skule kvar måndag frå kl. 11.00 til 14.00, og heile dagen når det er møte i hjelpetenesta. Begge er å treffe på telefon: 53 49 47 19 Nokre gode råd frå helsesyster: Born treng eit godt sjølvbilete. Ikkje sei at barnet er umuleg. Gi heller beskjed om kva vi ikkje likar. Born treng ros. Dersom barnet klagar over at skulen eller lærarane er dumme, må du ikkje gi barnet medhald. Prøv heller å finne ut kva som er gale. Snakk om problemet med læraren eller rektor. Stå opp i lag med barnet. Et frukost saman. Sørg for at barnet har nokon å gå til etter skuletid. Vis også omtanke for andre barn. Gi beskjed til skulen/helsesyster eller sosialkontor, dersom du har mistanke om vannstell, omsorgssvikt eller incest. Ikkje lat som om du ikkje ser at born lid. Set grenser, alle born treng å vita kva dei har lov til. Grenser gir tryggleik. Born som føler dei er verd noko, får større interesse for å ta vare på eiga helse enn barn som tvilar på sitt eige verd. Helsesøster. 2
Kvile-leggetid Born må ha nok kvile og søvn om dei skal fungere godt i skulen. Ei rettesnor kan vera at: Born som er 8 år legg seg seinast kl.20.00. Sidan kan me leggja til eitt kvarter for kvart år. Ein 12-åring bør då væra i seng kl.21.00 Attgløymde klede Skulen tek vare på klede som vert liggjande att på skulen. Mot slutten av året vert desse lagt fram for henting før dei vert kasta eller gitt til Fretex. Merk kleda med fullt namn, særleg klede som mange har like t.d. regnklede. Skade på materiell Etter vedteke reglar er skulen ikkje ansvarleg for bortkomne klede eller skade på klede, eller andre gjenstandar. Einaste unnataket er briller, der ein viss del av utgiftene vert dekka av kommunen si forsikring. Om eleven må ha pengar med seg, må desse aldri liggje i klede elevane heng frå seg på gangen. Teieplikt Teiepliktreglane i grunnskulen lyder: Alle som gjer teneste, eller arbeider, etter denne lova her teieplikt etter reglane i forvaltningslova, 13 I rundskriv F-139/86 understrekar KUF at desse reglane gjeld for alle som arbeider i skulen, også frivillige hjelparar ved turar, festar e.l. Fri frå skulen Klassestyrar kan gje fri inntil ein dag. Rektor, i samråd med klassestyrar, kan gje fri for ein lengre periode. Bruk meldeboka når de ynskjer å be om fri. Skriv og i meldeboka når de ynskjer at eleven skal sleppa t.d. gymnastikk eller bading ein time. Fritak over lengre tid krev legeattest Stord`98 Sagvåg skule vart frå og med 1.august 1998 ein av over 50 "driftseiningar" i Stord kommune. Borte er både Oppvekstetaten og skulekontoret, dette føret til at nye arbeidsoppgåver og større ansvar vert overført til kvar enkelt eining. Målet med omorganiseringa er å skape ein flatare struktur i den kommunale organisasjonen, og med det forsvinn "mellomnivået" som t.d. Oppvekstetaten. Under administrasjonssjefen er det tre kommunalrådar, desse har hovudsakleg delt kommunen mellom seg etter geografi. For Sagvåg-området er det Knut Gram som er kommunalråd og min nærmaste overordna. Ein del vanskar i innkøyringa vil det nok bli med ei såpass stor omlegging, men eg vonar at de knytt til Sagvåg skule ikkje vil merke så mykje til desse vanskane. Som de forstår er det endring som pregar Sagvåg skule, anten det er ny organisasjonsstruktur i kommunen, Reform 97 eller arbeidet for ny skule! Velkommen til eit nytt og spanande skuleår! Lars Bakka -rektor- Sykling Elevane har lov til å sykle til skulen frå og med 5.klasse. Alle skal bruke hjelm. Du finn meir informasjon om skulen på Internett: http:// home.sol.no/~sagvaag/ PS! Alle teikningane i heftet er laga av elevane i 2.klasse 1998/99 3
SAGVÅG SKULE 1999/2000 Administrasjon 53 40 97 10 Fitjarvegen 25, 5410 Sagvåg Faks: 53 40 97 11 Rektor Lars Bakka 53 40 97 12 Undervisningsinspektør Kari 53 40 97 13 Amås Personalrom 53 40 97 14 SFO 53 40 97 15 E-post adm.: sagvaag online.no Sagvåg skule på Internett http:// home.sol.no/~sagvaag/ Priv.tlf.nr e-post postadresse Administrasjon Bakka, Lars 53 41 72 08 larbakka@online.no Sjonarvegen 45, 5414 Stord Almås, Kari Tangedal 53 49 46 61 karialma@online.no Almåsvegen 86, 5410 Sagvåg Imsland, Olaug Struen 53 41 29 59 theodori@online.no Hjortåsen 45, 5412 Stord Lærarar Bruket, Toril Sandvik 53 41 60 40 rbruket@online.no Byrknes, Kjell Ove 53 49 40 13 kbyrknes@online.no Flatøy, Brita 53 49 30 43 britafla@online.no Framnes, Kirsten Kyte 53 41 41 06 fframnes@online.no Halvorsen, Gro Akselsen 53 41 46 65 grohalvo@online.no Luggenes, Annbjørg 53 49 43 79 annblugg@online.no Myhre, Kari 53 49 49 38 karimy@online.no Myhre, Marta 53 41 28 34 martamyh@online.no Ottesen, Maren 53 41 17 31 hottese@online.no Trevland, Anne Elisabeth 53 49 41 27 etrevlan@online.no Vikanes, Aasne 53 49 48 19 aasnevh@online.no Studalsmyro 31, 5400 Stord Nysæterneset 27, 5415 Litlabø Almåsvegen 102, 5410 Sagvåg Villavegen 12A, 5400 Stord Åsvegen 9, 5400 Stord Bodgehaugen 8, 5410 Sagvåg Nysæterneset 64, 5410 Sagvåg Sveene 38, 5400 Stord Eldøyvegen 100,5400 Stord Hillarhaugen 52, 5415 Litlabø Nysætervegen 20, 5410 Sagvåg Tlf. e-post postadresse SFO Magnussen, Laila 53 49 43 17 magrin@online.no Rindane 8, 5410 Sagvåg Røssland,Randi 53 49 40 19 Hamrane 17, 4510 Sagvåg Assistent Leth, Jorunn 53 49 43 13 Almåsvegen 4, 5410 Sagvåg Lærling Risnes, Torhild 53 49 46 37 Fitjarvegen 176, 5410 Sagvåg Morsmålslærarar: Pietruszenko, Liv Bente 53 49 30 19 Vikaneskleivo 22, 5410 Sagvåg Reinhald Dagsland, Theresa 53 49 45 79 Fjellsmogehaugen 12, 5415 Litlabø Skaar, Astrid 53 49 70 32 5419 Fitjar Vaktmeister Spissøy, Olav 53 49 45 24 Jensanesvegen 18, 5410 Sagvåg 4
Visjon for Sagvåg skule 1997-2000 Visjon Alle ved Sagvåg skule er trygge og trivest. Me viser omsorg for-, og tek vare på kvarandre. Miljøet er kreativt og inkluderande og gjev rom for sjølvstende. Satsingsområda Sagvåg skule 1997-2000 SAMARBEID MED BARNEHAGANE OG UNGDOMSSKULEN 1. Kommunikasjon og 2. Læringsmiljø for leik, praktisk og sosialt samspel skapande aktivitet A. Arbeide med planen "Trivsel og Tryggleik" 1. Lokale planar for trivselstiltak 2. Program for barn og unge med samhandlingsvanskar B. Aktuelle fagområde 1. Kunst og kommunikasjonsfag som musikk m/dans, kunst og handverk og IT. 2. Natur og miljølære C. Samanheng fysisk miljø, arbeidsmåtar og organisering (inkluderer inne- og uteområde) 1. Leik og læring (1.-4.klasse) 2. Prosjektarbeid (5.-7.klasse) 3. Temaorganisering (Heile skulen) Skuledagen for dei ulike klassane SFO Kvar dag : kl. 07.15-09.25 og 13.05-16.00 1.-4.klasse Kvar dag : kl.09.25-13.05 5.-7.klasse måndag / onsdag: kl. 08.30-14.00 tysdag / torsdag / fredag: kl 08.30-13.05 Elevane bør ikkje møte på skulen stort meir enn 15 minutt før dei har eit tilbod å gå til. Grunnen til dette er at elevar som vert «gåande på laust» ikkje har tilsyn om noko skulle skje. Endring av grunnskulelova 132 nr 2 - Tidspunkt for skulestart Stortinget har 4.juni 1998 gjort dette vedtaket: "Barnet skal til vanleg starte opplæringa i det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet er komme tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starte skulen, har barnet rett til å utsetje skulestarten eitt år dersom foreldra krev det. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra, kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetje skolestarten eitt år. Dersom foreldra søkjer om det eller samtykker, kan kommunen etter sakkunnig vurdering la eit barn ta til på skulen eitt år før når det innan 1.april har fylt 5 år." (Rundskriv F-56/9 5
Fag- og timefordeling Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering (KrL) 1.kl 2.kl 3.kl 4.kl Sum 5.kl 6.kl 7.kl Sum 38 76 76 76 266 95 95 76 266 Norsk 228 228 228 228 912 209 190 190 589 Matematikk 113 140 142 137 532 152 133 152 437 Samfunnsfag 38 38 57 57 190 95 76 114 285 Kunst og handverk 57 57 57 57 228 152 114 114 380 Natur- og miljøfag 38 38 38 38 152 95 76 76 247 Engelsk 19 19 19 38 95 76 76 114 266 Musikk 38 38 38 38 152 76 76 76 228 Heimkunnskap 9 9 10 10 38 114 114 Kroppsøving 57 57 57 57 228 76 76 114 266 Frie aktivitetar 125 60 38 24 247 Klasse- og elevrådsarbeid L-97 s 82 L-97 s 82 Brutto årstimar 760 760 760 760 1026 1026 1026 Sum hovudtrinn 3040 3078 Skulen og eleven sitt val 152 (vert teke frå alle fag) 114 (vert teke frå alle fag) Gjennomsnitt pr. veke (38 veker) 20 20 20 20 27 27 27 Tidsbruk på hovudstega Klassesteg Skulefaga 7 6 5 (Ungdomssteget: minst 20%tema) 4 3 2 1 (frå L-97 s 83) Fagorganisering av innhaldet Temaorganisering av innhaldet og prosjektarbeid Gjennomsnitt tidsbruk i småskulesteget og mellomsteget Småskulen Mellomsteget 1.kl./førskule 2.klasse 3.klasse 4.klasse 5.klasse 6.klasse 7.klasse Minst 60% temaundervisning Minst 30% temaundervisning 80% 70% 50% 40% 35% 30% 25% (Oppgitt som minimumskrav til bruk av temaundrvisning på årsbasis.) 6
Klassekontaktar og arbeidsutval i foreldreråd 1998/99 1.klasse Ole Mikal Vedøy 1998/2000 Helga Alsaker 1998/2000 Magne Sørlie 1998/2000 Ruth Nilsen 1998/2000 2. klasse Hilde Ottesen 1997/99 Jarle Jæger 1997/99 Wenche Tolås 1997/99 Birger Nordfonn 1997/99 3. klasse Kjell Arne 1997/99 Almås Kristine Vikanes 1997/99 Olaf Skram 1997/99 Nina Klokkeide 1997/99 4.klasse Ståle Dybvik 1998/2000 Sigfrid Sætrevik 1998/2000 Christian Tolås 1998/2000 Berit Hatlevik 1998/2000 5.klasse Anne Grethe P. 1997/99 Hovland Stig E. Koppang 1997/99 Elin B. Macsik 1997/99 Sigbjørn Troos 1997/99 6.klasse Rune Skutle 1998/2000 Eva Vervik 1998/2000 Bjørn Furre 1998/2000 Irene Selsvik 1998/2000 7.klasse Terje Dahle 1997/99 Marit Ludvigsen 1997/99 Odd Myhre 1997/99 Hilde Mari 1997/99 Laukhamar Nr. 1-klassekontakt og representant i arbeidsutvalet Nr. 2-klassekontakt og vararepresentant i arbeidsutvalet Nr. 3-vararep. nr 1 for klassekontaktane / vararepresentant nr. 3 for arbeidsutvalet. Nr. 4.-vararep. nr 2 for klassekontaktane / og 4 for arbeidsutvalet Trivselsreglane for Sagvåg skule. Skulen bør vera ein stad der alle trivest og er trygge. Først då vert det godt læringsmiljø og rike fellesopplevingar. 1. Me er greie med kvarandre. 2. Me hjelper til med å halda skulen rein og fin. 3. Me er rolege i midttimen. 4. Me tek vare på det som veks, og på utstyr både inne og ute. 5. Alle får vera med å leika, og me seier fine ting til kvarandre. 6. Me held oss på skuleområdet i skuletida. Turar, ekskursjonar o.l. er unnateke. 7. Snøball kastar me på blink der me har lov. 8. Er nokon borte frå skulen, må dei ha melding i meldeboka så snart råd er. Treng nokon fri, spør dei om det på førehand. Bruk meldeboka. 9. Brot på ordensreglane og uhøvisk framferd kan føra til bortvising frå klassen, d.v.s. til rektor. I slike høver vert ofte også foreldra kopla inn. 10.Dersom me får lov heime, kan me sykla til skulen frå den hausten me tek til i 5.klasse. Me fylgjer sjølvsagt trafikkreglane, og alle skal bruke hjelm. Råd og utval Sagvåg skule Lars Bakka -rektor- Samarbeidsutvalet (SU) Skulen sitt øvste styringsorgan. Foreldrerådet Alle foreldre og føresette som har born på skulen er medlem i foreldrerådet. Arbeidsutvalet i foreldrerådet (FAU) Arbeidsutvalet er sett saman av klassekontaktane til dei ulike klassane. (Sjå neste side) Råd for andre tilsette Ikkje-pedagogisk personale har ein representant i Samarbeidsutvalet. Elevråd Kvar klasse vel ein representant til elevrådet. 7