Velkommen til mestringskurs på Innvik Fjordhotell 8.-10. november 2013! I år er det Dysleksi Nordfjord sin tur og arrangere mestringskurs for medlemane i Sogn og Fjordane. Vi gjentek suksessen frå 2009 og ønskjer velkommen til Innvik Fjordhotell, som ligg vakkert til ved Nordfjorden i Stryn Kommune. Hotellet har 34 rom med wc og dusj, og fin utsikt. Der er koselege salongar, trimrom, solarium og badstu. Dei har også badestrand, badestampar og sandvolleyballbane. Hotellet har god, heimelaga mat. Innvik er: 110 km frå Måløy 87 km frå Førde 44 km frå Skei 106 km frå Sogndal 34 km frå Stryn Vi inviterer familiar, til ei helg med fagleg påfyll og sosiale aktivitetar. Mange familiar har gode erfaringar med at begge foreldra har vore med på kurset. Det gjev felles forståelse for hjelpemidler og arbeidsmetoder. Vaksne dyslektikarar kan og ha nytte av å delta. Det er både kjekt og nyttig å dele erfaringar med kvarandre. Tema i år vert språkvanskar og mattevanskar, i tillegg til mestring og data. Vårt mål er at alle som melder seg på, får vere med på kurset! Ver likevel tidleg ute med påmelding! 1
Instruktørar/forelesarar på kurset: Grete Nakken Grønset, Torskangerpoll, er lærar ved Vågsøy Ungdomsskule. På Kjellervolla Skole, Lillestrøm, var ho spes.ped-ansvarleg og var med på å utarbeide eit opplegg for dyslektikarar slik at desse skulle bli ivaretatt også etter at dyslektikarane mista rettigheiter i.f.t 5.1. Dette blei seinere innført for alle skular i Skedsmo kommune! Ho har lang erfaring med dysleksi og matematikk, -og har to barn med dysleksi. Synnøve Vinje, Aure, er leiar for Dysleksi Nordmøre. Ho har vore aktiv angåande dysleksi i mange år, der ho har både vore på kurs og arrangert kurs. Synnøve er dyslektikar og er foresatt til 2 med dysleksi. Ho arbeider som hjelpepleiar, og er leiar i ungdomsklubb. John Magne Moe, Florø, jobbar som barne og ungdomsarbeidar ved Florø Barneskule, der han til dagleg jobbar med barn og datahjelpemiddel. Han har dysleksi sjølv. Vi er også heldige og ha med to personar frå United World College! Frå styret i Dysleksi Nordfjord vert desse med: Arvid Sølvberg, Astrid Gausemel, Jaime Concha, Ingunn Nytun og Svanhild Valvik. Vi har også med to frå styret i Dysleksi Sunnfjord: Elisabeth Offerdal og Stig Moltumyr. Aktivitetar. I år vert det aktivitetar for barn/ungdom både lørdag og søndag. Nokre av desse har begrensning på antal. Det er derfor lurt å velge aktivitet ved utfylling av påmeldingsskjemaet. Barn/ungdom kan velge mellom: skyting (innandørs), leik i gymsal, eller forming. Søndag er det Stig og to frå United World College som skal organisere ein felles aktivitet. Her skulle det vere noko for ein kvar smak, håpar vi! Vi har desverre ikkje noko tilbod til barn under 8 år. 2
Ta med: Prisar: Sidan vi er på hotell, treng de berre ta med toalettsaker til overnattinga. Lurt med varme kle og eventuelt regnkle til nokre av aktivitetane, og gode sko/fjellsko. PC med LingDys, LingRight og/eller textpilot. Har de ikkje desse to programma, kan de gå inn på www.lingit.no og laste ned demo-versjon av textpilot, LingDys og LingRight. Viktig at dette vert gjordt berre nokre dagar før kurset, sidan dei går ut etter eit visst antall dagar. PC en må ha Office 2003 eller 2007. Husk ladekabel. Head-sett om du har. Kr. 900,- pr vaksen og ungdom over 14. år og kr. 700.- pr barn 5år - 13 år. Barn 0 til og med 4 år gratis. Då får de 2 overnattingar på hotellet, alle måltid, gode intruktørar på kursa, alle aktivitetar og evetuellt materiell til desse. Betaling: Fint om de kan betale innan 25.okt til konto-nummer: 3705 10 85419. Husk å skriv navnet ditt istadenfor KID-nr! Ta med kvittering! De kan også betale kontant ved frammøte. Vi håpar de synest dette ser interessant ut, og at de har anledning å vere med denne helga! Vi gleder oss til å møte dåkke! Med helsing oss i Dysleksi Nordfjord. 3
Fredag 8. nov: PROGRAM FOR MESTRINGSKURSET: 1700-1800 Registrering. 1800-1830 Velkommen og praktiske opplysningar. 1830-1930 Middag 1900-2030 Familiequiz Lørdag 9. nov: 0830-0945 Frukost 1000-1130 Barn: Datahjelpemiddel v/ John Magne Moe Vaksne: Matematikk og dysleksi v/grethe Nakken Grønseth 1130-1200 Barn: Pause med frukt. 1130-1230 Vaksne: Pause. Tid til evt shopping på lagerutsalet til Skogstad Sport. 1200-1430 Barn: Skyting/aktivitet i gymsal/formingsaktivitet 1230-1430 Vaksne: Dysleksi og tilleggsvanskar. V/ Synnøve Vinje 1430-1530 Lunsj 1530- Alle: Natursti. Husk gode kle og sko. Ca kl 2000 Middag Søndag 10. nov: 0830-0945 Frukost 1000-1100 Barna: Dysleksi og matematikk v/grethe Nakken Grønseth 1100-1200 Barna: Spennande aktiveter v/ Stig og to frå Unitet World College 1000-1200 Vaksne: Språkvanskar. Gruppearbeid. 1200-1300 Oppsummering av mestringskurset. Evaluering. 1300- Middag / Lunsj Takk for no og god tur heim! Obs! Det kan bli endringar i programmet! Oppdatert program deler vi ut når de kjem. Obs! Ungdomar kan velge om dei vil vere med på forelesning for vaksne, eller aktivitetar for barn. 4
Bindande påmelding innan 25. oktober: Skjemaet kan du fylle ut og sende til: Ingunn Nytun, Nytun, 6799 Oppstryn Treng du hjelp til å fylle ut påmeldinga, kan du ringe Ingunn etter kl 17. : 952 49 563 Husk å få med alle opplysningane nedanfor. Har de spørsmål om mestringskurset, er det berre å ta kontakt med Svanhild tlf. 915 71 331 eller svanval@online.no. NAVN ALDER på både vaksne og barn: på barna: 1. 2. 3. 4. 5. 6. Adresse: Tlf, Heime: Mobil: E-post: Pris vaksen: kr. 900.- Pris barn: kr. 700.- (5 til og med 13 år) Påmelding aktiviteter for barn: (skriv navn på barnet/barna og talet 1 for førstevalg og 2 for andrevalg.) OBS: Det kan bli endringar! Skyting Aktivitet i gymsal Forming 5