Vedtekter for tilskot til tiltak i verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap. Rettleiingshefte

Like dokumenter
Retningsliner for tilskot til tiltak i verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap - Geirangerfjorden 2018

Retningsliner for tilskot til Utvald kulturlandskap (UKL) Fjellgardane i Øvre Sunndal

Rettleiing for utfylling av søknadsskjema for Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap - Geirangerfjorden 2018

FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL) FOR

Ny forskrift fra Erfaringer med regelverket så langt Spørsmål og diskusjon

DEL 1: Rettleiing til søknad om tilskot til særskilde kulturlandskapstiltak og

Effekten av tiltak i landbruket Fakta om ekstra tiltak og utviklinga av landbruket i verdsarvområdet og randsonene

Spesielle miljøtiltak i jordbruket Tiltaksstrategi

Stranda kommune Næring og teknisk

Tiltaka skal vere utover det ein kan vente av vanleg jordbruksdrift.

Retningsliner for handsaming av søknader om tilskot til. Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) Stranda kommune

LOKALE RETNINGSLINJER FOR BRUK AV MIDLAR TIL SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL)

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

SMIL - STRATEGI FOR SANDE KOMMUNE

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap kva no?

REGLAR FOR INVESTERINGSTILSKOT I LANDBRUKET Godkjent av kommunestyret

Eid kommune Strategiplan for spesielle miljøtiltak i landbruket

SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET (SMIL)

Retningsliner for SMIL og NMSK i 2016 Hjartdal kommune

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Nytt elektronisk søknadssystem for om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid

Retningsliner 2014 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

Retningsliner 2015 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

GLOPPEN KOMMUNE STRATEGIPLAN FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I LANDBRUKET

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Tilskott til jord- og skogbruk, Bykle kommune.

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

STRATEGIPLAN FOR ØKONOMISKE VERKEMIDDEL I JORDBRUKET FOR KOMMUNANE FOR HERØY, ULSTEIN OG HAREID.

Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap

Gode mål for UKL-områda naturmangfald kulturminne - jordbruk

Søknaden sendes kommunen der foretakets driftssenter

LANDBRUKET I SOGN OG FJORDANE - UTFORDRINGAR OG REGELVERK

3 FORVALTNING AV FONDET 3.1 Forvalting Omstillingsstyret er fondsstyre i søknader om midlar frå næringsfondet.

Tiltaksstrategi for bruk av SMIL-midlar for perioden

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

Søknad om tilskot til drenering av jordbruksjord

Søk regionalt miljøtilskot elektronisk

Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Rapport for Hoddevik Liset. Grinde Engjasete

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) STRATEGI FOR KLEPP KOMMUNE Foto: Hilde Kristin Honnemyr

Offentlege tilskotsordningar med vekt på gjerding

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

REGLAR FOR KOMMUNALE TILSKOT TIL NÆRINGSLIVET I ÅSERAL.

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Nytt elektronisk søknadssystem for produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE I N S T R U K S FOR FORVALTNING AV TILSKOT TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK I KOMMUNANE

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

SAKSFRAMLEGG SAK: UTVALGTE KULTURLANDSKAP HØRING FORKRIFT TILSKUDD TIL TILTAK I UTVALGTE KULTURLANDSKAP OG VERDENSARVOMRÅDET

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

Grunngjevingsplikta til forvaltninga

Fylkeskommunen får tildelt midlar til kommunale næringsfond frå Kap 551, post 60 i dei årlege statsbudsjetta.

Strategiplan for bruk av SMIL-midlar i Hægebostad kommune Perioden

Tilskot i Prosjekt Bryggen - Framlegg til presisering av retningsliner

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET I VANYLVEN KOMMUNE

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

STRATEGIPLAN FOR BRUK AV MIDLAR TIL SÆRSKILDE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL) OG NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOGBRUKET (NMSK) I VANYLVEN KOMMUNE

Regionalt miljøprogram

FORSKRIFT OM TILSKOT TIL REGIONALE MILJØTILTAK I HORDALAND

Søknad om erstatning ved avlingssvikt Vekstgruppe grønnsaker

Geiranger-Herdalen landskapvernområde sitt styre gjekk einstemmig inn for å dispensasjon til søkjar, som innstilling:

Søk regionale miljøtilskot elektronisk

Støtte til frukt og bær Vemund Aartun

VERDSARVRÅDET FOR VESTNORSK FJORDLANDSKAP SAMARBEIDSORGAN FOR VERDSARVOMRÅDET VESTNORSK FJORDLANDSKAP RETNINGSLINER FOR ARBEIDET

Retningsliner for SMIL og NMSK i 2018 Hjartdal kommune

Landbrukskontoret i Lillehammer-regionen. Velkomen. Fagkveld om miljøspørsmål i jordbruket. 8. November 2016

LOKALE RETNINGSLINJER FOR BRUK AV MIDLAR TIL SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET (SMIL)

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR EID KOMMUNE

Kulturavdelinga RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KULTURMIDLAR I HERØY KOMMUNE. 1 Desse kan søkje om tilskot:

Vassdrag og ureining frå jordbruket aktuelle tiltak og støtteordningar

Fagsamling tilskotsforvaltning. 4 - jordbruksareal

Tilskotsordningar i landbruket og litt til - ein guida tur gjennom den offentlege papirmølla

Forskrift om miljøtilskudd til jordbruket i Nordland

Retningsliner for tilskot til kulturbygg i Sogn og Fjordane. 1. Vilkår for tilskotsordninga fastsett av Kulturdepartementet:

Nærøyfjorden verneområdestyre - melding om vedtak - tilrettelegging av lagerrom på Salthella

2016 NB! Ny søknadsfrist er 15. november

Regelverk for tilskot til samlivstiltak

Retningsliner for tilskot til lag og organisasjonar i Åmli kommune

VEDTEKTER NÆRINGSFOND VÅGÅ KOMMUNE

SMIL Spesielle miljøtiltak i landbruket

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Retningslinjer for transporttenesta for funksjonshemma i Møre og Romsdal

Vedtekter for nasjonalparkstyret for Jostedalsbreen nasjonalpark i Sogn og Fjordane fylke

HORDALAND FYLKESKOMMUNE

Skjøtsel av arkeologiske kulturminne i jordbrukslandskapet

TOKKE KOMMUNE Definisjonar. BRA, bruksareal er i høve til NS 3940 og teknisk forskrift.

Statsråden. Vår ref 18/144-2

FYLKESMANNEN I ROGALAND Landbruksavdelinga. Forvaltningskontroll med Vindafjord kommune

Lesja kommune Forvaltning og utvikling

SMIL strategi og bruk av midlar. - Erfaringar frå Hjelmeland kommune

INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET 4/17. Landbrukskontoret for Sel og Vågå Tlf Edvard Storms veg VÅGÅ,

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR VESTNES KOMMUNE

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

Møteinnkalling. Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: Tidspunkt: 09:00

RMP i fjellbygdene. Bjørg Torsteinsrud, Ål kommune. Utviklingsavdelinga

Transkript:

Rettleiingshefte Tilskot til tiltak i verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap - Geirangerfjorden 2021 1 Stranda, 27.05.2021.

Innhald 1. Bakgrunn... 3 2. Føremål... 3 3. Verkeområde... 3 4. Kven kan søkje?... 3 5. Kva kan du søkje om tilskot til?... 3 5.1. Arealtilskot og beitedyrtilskot... 4 5.2 Andre kulturlandskapstiltak... 5 6. Korleis søkjer du?... 6 7. Kva må søknaden innehalde?... 6 8. Tildeling av tilskot... 6 9. Arbeidsfrist... 7 10. Utbetaling av tilskot og krav om rapportering... 7 11. Opplysningsplikt og kontroll... 7 12. Omgjering og attendebetaling... 7 13. Klage... 8 14. Rullering av vedtektene... 8 15. For meir informasjon... 8 16. Kontaktpersonar... 8 2

1. Bakgrunn Regelverket er utarbeidd på grunnlag av Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap (Landbruks- og matdepartementet, 2019) og Tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområda Vestnorsk Fjordlandskap og Vegaøyan (Møre og Romsdal fylke, Areal- og miljøvernavdelinga, 2008). 2. Føremål Føremålet med tilskot til tiltak i verdsarvområda er å styrke landbruket i desse områda, jf. 1 i Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Ordninga skal òg medverke til å oppretthalde eit aktivt og levande kulturlandskap, ta vare på kultur- og kulturlandskapsverdiar, hindre attgroing og ta vare på og fremje eit ope og opplevingsrikt kulturlandskap, jf. Tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområda Vestnorsk Fjordlandskap og Vegaøyan. 3 3. Verkeområde Vedtektene gjeld innanfor grensene for verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap - Geirangerfjorden, i «slik disse er avgrenset i naturbase», jf. 2 i forskrifta https://lovdata.no/dokument/sf/forskrift/2019-12-18-2024?q=utvalgte%20kulturlandskap%20i%20jordbruket 4. Kven kan søkje? Målgruppa for ordninga er personar eller verksemder som medverkar til å fremje føremålet med ordninga. Dette kan vere: Grunneigarar eller drivarar Landbruksføretak registrerte i Landbruksregisteret Organisasjonar, foreiningar eller lag Andre som medverkar til å fremje føremålet med ordninga Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar og eventuelt andre rettshavarar. 5. Kva kan du søkje om tilskot til? Du kan søkje om tilskot til tiltak som fremjar føremålet med ordninga. Dette kan vere: Restaurering og skjøtsel av areal. Dette er eit prioritert tiltak for å sikre det biologiske mangfaldet, og for å ta vare på kulturlandskapet Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne Tilrettelegging for ferdsel Formidlingstiltak

Fulldyrka og Overflatedyrka jord Naudsynt planlegging av tiltak Kartlegging og dokumentasjon av landskapsverdiar Kartlegging og dokumentasjon av behov for skjøtsel og sikring av natur- og kulturminneverdiar Andre tiltak som fremjar føremålet med ordninga Tiltaka må vere i samsvar med gjeldande planar for området. 5.1. Arealtilskot og beitedyrtilskot Kommunen kan gje tilskot til drift og skjøtsel av areal i tråd med kapittel 6.1.1. i Tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområdet. Drifta må vere slik at arealtilstanden vert halden ved like over tid. 4 For å få tilskot til skjøtsel av areal, må arealet haustast minst éin gong i året ved slått eller beiting. Kantar må vere slått/skjøtta til rett tid saman med resten av areala. Hovudregelen er at all avling skal fjernast frå arealet og nyttast som fôr. Dersom dette kravet ikkje kan oppfyllast, kan avlinga samlast opp og leggast til kompostering. Dette må gjerast på ein slik måte at det ikkje oppstår ureining eller vert til sjenanse for miljøet på annan måte ved t.d. lukt eller avrenning. I dei fleste høve vil det ikkje vere nok å slå graset berre éin gong. Det vil heller ikkje gje tilfredsstillande resultat med berre vår- og haustbeiting utan at hovudavlinga vert hausta i juni/juli/august. Areal med eigen skjøtselsplan, som t.d. artsrike slåttenger, kan ha særskilde reglar om skjøtsel som må følgjast for at arealtilskotet skal kunne betalast ut. Ved styrt beiting på dyrka jord må beitetrykket vere så stort at graset blir beita ned. Slike areal må som regel pussast, slik at ein unngår oppslag av tuegras, høge urter og kratt. Det høyrer elles med til det årlege vedlikehaldet å rydde i kantvegetasjonen slik at den ikkje tek overhand og spreier seg inn over dyrka mark. Brenning av gammalt gras om hausten kan ikkje godkjennast som tilstrekkeleg skjøtsel. Kategoriar arealtilskot Kr/dekar *) Slått av svært tungdriven dyrka jord, brattare enn 1:3 Slått av tungdriven dyrka jord med halling mellom 1:3 og 1:5 Slått av lettdriven dyrka jord med halling mindre enn 1:5 Slått i form av beitepussing Beiting av svært tungdriven dyrka jord, brattare enn 1:3 Beiting av tungdriven dyrka jord med halling mellom 1:3 og 1:5 Beiting av lettdriven dyrka jord med halling mindre enn 1:5 Beitepussing 2 100 840 420 250 1 200 480 240 200

Innmark s-beite Beiting Berre beitepussing 240 200 *): Satsane er førebelse og kan bli justerte dersom omsøkt areal blir vesentleg større eller mindre enn rekna med. Kommunen kan gje tilskot til beitedyr på utmarksbeite i tråd med kapittel 6.1.2 i Tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområdet. Beitinga skal medverke til at kulturlandskapet og arealtilstanden vert halden oppe på lang sikt. Ved utrekning av tilskot vert det nytta same gruppering av dyr og same dyretal som i søknad om produksjonstilskot. Det er ulike satsar for dei som har driftssenter innanfor og utanfor verdsarvområdet. 5 Dyreslag Kr/dyr for driftssenter innanfor*) Kr/dyr for driftssenter utanfor*) Sau/geit 315 105 Storfe/hest 1 900 630 *): Satsane er førebelse og kan bli justerte dersom omsøkt tal husdyr blir vesentleg større eller mindre enn rekna med. 5.2 Andre kulturlandskapstiltak Kommunen vurderer og fastset tilskotsandel i kvar einskild sak. Tilskottsprosenten varierer frå 40-70 % av godkjent kostnadsoverslag for tiltak i denne gruppa. For større fellestiltak kan kommunen vurdere å gje inntil 100 % av godkjent kostnadsoverslag. Tilskotsandel blir oppgitt i vedtaksbrevet om tilskot. Søknad om tilskot til andre tiltak kan også løyvast til søkjarar som ikkje mottek produksjonstilskot. Ved mangel på tilskotsmidlar, vil søkjarar som mottek produksjonstillegg bli prioritert. Søknaden skal innehalde ei skildring av det planlagde tiltaket, og ha budsjett og gjennomføringsplan. Tiltaket skal merkast av på kart vedlagt søknaden, der det er naudsynt. Satsar for andre tiltak: Tiltak Investeringar i driftsapparatet Døme: Driftsbygningar Spesialutstyr, t..d. slåtteutstyr Båt og anna frakteutstyr Sats Inntil 40% av godkjend kostnad Når investeringa er naudsynt for å nå målsetjingane med tilskotsordninga.

Arealtiltak Døme: Drenering av fulldyrka mark Dyrkingsprosjekt Sikringstiltak mot flaum Andre tiltak Tiltak som styrker landbruket i verdsarvområdet Inntil 70% av godkjend kostnad Inntil 40% av godkjend kostnad Rettleiande satsar (kr/time) for eige arbeid er: Eigeninnsats, manuelt arbeid : 350 Eigeninnsats, med maskinar : 800 6 6. Korleis søkjer du? Du søkjer på ordninga via Altinn-portalen: https://www.altinn.no/skjemaoversikt/landbruksdirektoratet/jordbrukets-satsing-iverdensarvomradene/ (Jordbrukets satsing i verdensarvområdene) Søknadsfristane er sette slik for 2021: Areal- og beitetilskott : 15. september. Investeringstilskott : 15. juni. Vi oppmodar likevel dei som søkjer om Andre kulturlandskapstiltak (jf. 5.2) om å sende inn søknad så tidleg som mogleg, sjølv om fristen frå Landbruksdirektoratet si side er 1. oktober. 7. Kva må søknaden innehalde? Søknad om må innehalde følgjande opplysningar: Grunnopplysningar om søkjar Opplysningar om eigedom, eigarskap og tilknyting til eigedommen Om tiltaket er eit einskildtiltak eller eit fellestiltak Skildring av tiltaket og kva område du søkjer for Kva type tiltak du søkjer på (eingongs-/investeringstiltak eller drift/årleg tiltak) Prosjekttittel Forventa resultat Søkjar si vurdering av korleis tiltaket vil styrkje landbruket i verdsarvområdet Planlagt bruk for objektet/arealet etter at tiltaket er gjennomført Kort omtale av tiltaket/tiltaka søkjar ønskjer å gjennomføre Obligatoriske vedlegg 8. Tildeling av tilskot Stranda kommune handsamar søknadane, fattar vedtak og sender tilskota til utbetaling.

9. Arbeidsfrist Fristen for gjennomføring av tiltak er 3 år frå det blir løyvd, med mindre Stranda kommune har sett ein kortare frist ved løyving til søknaden. Kommunen kan etter søknad lengje arbeidsfristen, men ikkje ut over 5 år frå tilskotet vart løyvd. 10. Utbetaling av tilskot og krav om rapportering For utbetaling av løyvde tilskot, må søkjar sende inn rapport for omsøkt tiltak og krav om utbetaling. Slik rapportering skal gjerast via Altinn. Som naudløysing kan ein sende rapporten til kommunen på fastsett skjema (Obligatorisk vedlegg til digital utbetalingsanmodning. Rapportering for drift/årlig tiltak for ordningene). Dette skjemaet er lagt ut på kommunen sine heimesider. Kommunen skal godkjenne rapportering før tilskot vert betalt ut, og synfare tiltaket ved behov. 7 Det kan betalast ut tilskot etter kvart som deler av tiltaket vert utført. Det må då sendast inn delrapport med dokumentasjon. Men minst 25 % av tilskotet skal haldast attende til tiltaket/ prosjektet er sluttført. Søkjar får påminning når arbeidsfristen nærmar seg. 11. Opplysningsplikt og kontroll Kommunen kan føre kontroll med at vilkår for utbetaling av tilskot er oppfylt. Kommunen kan utføre kontroll på staden. Søkjar av tilskot pliktar å gi alle opplysningar som kommunen finn naudsynt for å kunne kontrollere at bruken av tilskotsmidlene er i tråd med føresetnadene, under dette bokføring og korrespondanse som vedkjem tilskotet. Når Statsforvaltaren gjer vedtak etter 7 første ledd, har dei same mynde som kommunen etter 8 første og andre ledd. Når Statsforvaltaren eller Landbruksdirektoratet handsamar klage over vedtak om tilskot, har dei same mynde som kommunen til å innhente opplysningar og utføre kontroll på staden 8 første og andre ledd. 12. Omgjering og attendebetaling Tilskot som ikkje er nytta i samsvar med tildelingsvedtaket kan krevjast betalt attende. Statsforvaltaren kan gjere om vedtak om løyvde tilskot, og utbetalt tilskot kan krevjast betalt attende dersom det blir avdekt forhold som er i strid med det som er føresetnadene ved løyvinga av tilskotet. For krav om attendebetaling av tilskot kan det krevjast renter etter Lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m.

13. Klage Vedtak som er fatta av Stranda kommune kan klagast inn til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal etter reglane i Lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) kap. VI. 14. Rullering av vedtektene Denne rettleiinga vil bli rullert ein gong i året på bakgrunn av m.a. innspel frå faglaga i området og andre relevante høyringsorgan. 8 15. For meir informasjon Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap (FOR-2019-12-18-2024), sjå: https://lovdata.no/dokument/sf/forskrift/2019-12-18-2024?q=utvalgte%20kulturlandskap%20i%20jordbruket Landbruksdirektoratet si side om verdsarvområda, sjå: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-ogokologisk/kulturlandskap/verdensarvomr%c3%a5dene Møre og Romsdal fylke, Areal- og miljøvernavdelinga. (2008, 6 15). Forvaltningsplan VESTNORSK FJORDLANDSKAP DELOMRÅDE GEIRANGERFJORDEN. Geiranger-Herdalen landskapsvernområde. Kallskaret naturreservat. Hyskjet naturreservat. Kommunedelplanområde Geiarnger Tafjord. Møre og Romsdal fylke, Areal- og miljøvern. Molde: Møre og Romsdal fylke. Hentet 4 4, 2020 fra https://www.statsforvalteren.no/siteassets/fm-more-og-romsdal/dokument-fmmr/miljo-ogklima/forvaltingsplanar-verneomrade/webkvalitet---forvaltningsplan-for-vestnorskfjordlandskap.pdf 16. Kontaktpersonar Inge Bjørdal, Stranda kommune. M: 464 11 023. E-post: inge.bjordal@stranda.kommune.no Sentralbordet i Stranda kommune. T: 70 26 80 00. E-post: post@stranda.kommune.no